luster turlag - program 2016

24
1 Luster Turlag sine turar luster.dnt.no PROGRAM 2016

Upload: skrivargarden-as

Post on 25-Jul-2016

235 views

Category:

Documents


10 download

DESCRIPTION

luster.dnt.no

TRANSCRIPT

Page 1: Luster Turlag - Program 2016

1

Luster Turlag sine turar

luster.dnt.no

PROGRAM2016

Page 2: Luster Turlag - Program 2016

2

Turlagsprogram 2016Turvener!Kalendaren for 2016 er komen på veggen og me har starta på eit nytt år. For Luster Turlag sin del har arbeidet med turprogrammet vore i gang lenge. Det er ikkje vanskeleg å finna spanande og varierte turar i vår fjellrike og vidstrakte kommune.

Som du vil sjå av dette programmet, er det stor variasjon i turar og aktivitetar for alle aldrar. Barnas Turlag og DNT- Ung er kreative og har laga flotte program med aktivitetar som strekkjer seg utover heile året. Me håpar at du likar tur-programmet vårt, og at du finn turar eller aktivitetar du har lyst til å vere med på. Me har prøvd å variere turane både i vanskegrad og type turar, og kan by på toppturar på ski, bre-kryssing, klatring ute/inne, tematurar, generasjonsturar og rolege stølsturar. På Kom deg ut-dagane i februar og septem-ber er det planlagt spanande aktivitetar. Det vert sannsynleg-vis også arrangement i Fuglesteg i løpet av sommaren, sjølv om det ikkje er fastlagt noko endå.

Auka aktivitet krev sjølvsagt endå meir dugnadsinnsats, og me er svært takksame for at så mange er villige til å bruka fritida si til dette arbeidet. Det er kjekt når folk seier ja til å vere kjentfolk og turleiarar, hyttevakter i Fuglesteg eller som berarar når noko skal på plass på hyttene våre. Det krev ein del dugnadsinnsats for å halda hyttene attraktive slik at endå fleire får lyst til å bruka dei til dagsbesøk eller overnatting. Det er stadig behov for dugnadshjelp både her og der, så det er berre å melda seg til teneste for alle som har litt tid til overs og har lyst til å hjelpa turlaget.

Foto på framsida:DNT Ung på skitur til Vorfjellet. Foto: Knut Kalhagen

Page 3: Luster Turlag - Program 2016

3

Medlemsstatistikk Luster Turlag 2015 2015 2014 Hovudmedlem 262 264Student (19-26 år) 37 38 Honnør 44 38Livsvarig 12 14Barn 113 127Skule 58 56Husstand 135 120Sum 661 657

Laget veks sjølv om det ikkje har vore den store medlem-sauken i 2015, men medlemstalet har gått opp med fire. Framleis er over 13 % av Luster sine innbyggjarar DNT- medlemar, og Luster Turlag er i landstoppen når det gjeld antal medlemmar i høve til folketal i kommunen.

Turlagsarbeid er tidkrevjande og det er ikkje alltid like lett å ha oversikt over alle grupper, men samstundes er det utruleg kjekt og inspirerande å vera ein del av turlagsmiljøet. Mange eldsjeler legg ned eit enormt arbeid for å få alle hjula til å gå rundt. Me har flotte og aktive ungdomar som tek ansvar for aktivitetane i ung-gruppa, og engasjerte og flinke turleiarar og foreldre i Barnas Turlag.

Eigne hyttestyre passar på husa på Fivla og i Fuglesteg. I Fuglesteg er det Stein Bugge Næss (leiar), Ole-Hermann Meløy, Anders Johnsen og Kari Ødegård som styrer. I perio-dar er nok desse fire meir i Fuglesteg enn dei er heime!

På Fivla er det Nils Oma (leiar), Jorunn Sofie Haugen, Linda Øvregard Røhme og Ingeborg Flaten som har ansvaret.

Året som gjekk og planar for framtidaAlle gruppene i laget har hatt flotte arrangement med god deltaking i Friluftslivets år 2015. Av 47 arr. vart 43

Page 4: Luster Turlag - Program 2016

4

gjennomført. Naturleg nok betyr veret mykje når det er snakk om friluftsaktivitetar, men sjølv med svært sein vår i fjellet og mykje snø til langt ut på somma-ren, har meir enn 1200 vore med på fellesaktivitetar/turar i 2015. Av desse er nesten 650 barn og unge. Turlaget prøvde å arrangere onsdagsturar for fyrste gong. Seks turar vart det med tilsaman 58 deltakarar. Topptrimmen 2014-16 har også engasjert mange.

Sogn og Fjordane Turlag hadde sin fjerde BaseCamp for ungdom på Fivla, og har planar for ny i 2016. Skulane er også flinke til å nytta Fivla som overnat-tingsplass for hausttur over fjellet frå Vigdalen til Gaupne, og mange fotturistar frå inn- og utland har funne fram til desse hyttene under Fivlenosi. Det har vore ein liten auke i registrerte overnattingar, men det er plass til fleire.

I Fuglesteg har me framleis høge besøkstal, både på dagsbesøk og overnatting. Statistikken viser at rundt 650 har overnatta der oppe i 2015, og godt over 5300 var oppom på dagstur.

I sommar deltok 120 på flott konsert i fjøsen med Åshild Mundal. Jakob Meløy og Einar Fossøy Gulbrandsen har i mange år hatt sommarjobben sin der oppe med servering av hellekaker til nøgde gjester. Me håpar dei kjem att i sommar også. Med kake markerte me på haustmøtet 10 års jubileum for steinstova.

I juni arrangerte turlaget OPPTUR med 8-klassane, og ordføraren vår, Ivar Kvalen, var med på turen.Kajakknaustet er populært som aldri før med ca 650 registrerte utlån i løpet av tre månader. Flott at så mange nyttar seg av dette tilbodet vårt!

Me har fokusert ein del på tryggleik i 2015, og arran-gerte difor Førstehjelpskurs på våren. I tillegg risikovur-

Page 5: Luster Turlag - Program 2016

5

derte me mange av turane. Turlaget betalte utgiftene for 18 deltakarar på ulike kurs, 23 ungdomar på BaseCamp(vinter,sommar,kyst), 10 deltakarar på Ung-tur til Skogadalsbøen og 1 deltakar Landsmøte DNT-ung i Flekkefjord.

Me gjekk inn ny sponsoravtale med Luster Sparebank som er vår hovudsponsor. Dette har generert midlar til å driva meir aktivitet, særleg retta mot born og unge. Luster Kommune har også vore ein viktig støttespelar for oss med tilskot til aktivitet og drift. DNT oppretta ny nettside i 2015 og som 2. lokallag i Sogn og Fjordane publiserte Luster Turlag ny nettside 20. juli. Tore Sønnesyn gjorde ein kjempejobb med å bygge opp sida, og legge inn stoff og bilete! Tusen takk til han for god hjelp! I tillegg har Luster Turlag eiga Facebook side som etter kvart har fått mange «likes». Begge desse nettsidene er viktige informasjonskanalar før og etter arrangement/turar.

I 2015 har turlaget fått eige lager og eit lite kontor i Grandmo lagshus. Det skal bli godt å ha ein fast plass og få oversikt over utstyr m.m. Barn og unge må følgjast opp vidare i 2016, og me får ta eit tak for å verve fleire medlemar. Kanskje 675 med-lemar kan verta eit realistisk mål i 2016? Luster Turlag har som føremål å arbeida for eit enkelt, aktivt, sikkert og naturvennleg friluftsliv, og det er viktig å tenkje på i planlegginga av aktivitetar/turar.

Nye Tungestølen har vore i fokus i haust etter at Snøhetta vann arkitektkonkurransen, og Luster Turlag signerte i slutten av desember avtale med Snøhetta om utarbeiding av eit skisseprosjekt som skal bli grunnlag for å gå ut å skaffa finansiering til Nye Tungestølen.

Ja, det blir på så mange måtar ei spanande tid framover i 2016.

Page 6: Luster Turlag - Program 2016

6

Topptrimmen 2014-2016No er det berre ein sesong att for denne topptrimmen. Likevel er ikkje dette meir krevjande enn at dei spreke som enno ikkje har kjøpt seg deltakarkort, kan få tak i dette og ta ti flotte fjellturar i løpet av sommaren og hausten. Postane står ute til siste helga i september.

Deltakarkort kan kjøpast på SPORTSBUI i Gaupne, SPAR Hafslo, Stein Bugge Næss og av styremedlemar i turlaget.

Følgjande ti toppar er med denne gongen:Dugurdskulen (1330 moh over Bakken/Hesjevoll i Jostedalen),Eggjene (1520 moh over Sørheim/Skjolden),Fivlenosi (1466 moh over Fivla/Dalsdalen),Nordre Dyrhaugstind (2100 moh i Hurrungane/overTurta-grø), Skoganipa (1255 moh over Skogo/Hafslo),Solsetnosi (1278 moh over Leirdalen),Spefjell (1103 moh over Hafslovatnet/Sogndalsdalen)Steindalsnosi (2025 moh over Sognefjellsvegen),Tundradalskyrkja (1970 moh i Breheimen/Fivlemyrane),Tussen (1232 moh over Yttri/Fortun),

Luster Turlag sitt nye kart i målestokk 1:50000 dekker heile kommunen, og du treng berre denne kartmappa for å ha fullt oversyn over alle 15 postane. Om du ikkje allereie har denne er den å få kjøpt hos Stein Bugge Næss, Høyheimsvik og Luster bok i Gaupne.

Alle som har delteke på topptrimmen får diplom anten dei har vore på ein eller ti toppar! Dei som har teke alle ti, og har sendt inn ein stein i lag med deltakarkortet, får stei-nen montert på ein flott sokkel med namnet på toppane. Deltakarkort og stein kan leverast inn hjå Stein Bugge Næss, Høyheimsvik, innan 31.10.2016.

Page 7: Luster Turlag - Program 2016

7

Turbotrimmen 2014-2016Fem av dei lettaste toppane frå topptrimmen blir med, i tillegg til desse fem postane:Molden (1118 moh over Marifjøra/Mollandsmarki), Austerdalen (450 moh frå Tungestølen/Veitastrond), Fuglesteg (630 moh over Fortun), Heggdalen (800 moh over Gaupne/Engjadalen), Handspiki (1390 moh Breheimen/Styggevatnet)

Alle, uansett alder, som har vore på 10 av desse 15 toppane/postane, har fullført Turbotrimmen. Premien er ein fin T-skjorte. Hugs å oppgje str. på T-skjorta når du leverer kor-tet.

KajakknaustetLaget eig no ein heil flåte av kajakkar, både enkle og doble. Dei ligg med fullt padle- og tryggingsutstyr i leigenaust i Vedviki - så langt ein kan køyra med bil utover langs fjordenfrå Marifjøra. Medlemar disponerer kajakkane gratis, og andre betaler ei lita leige. Naustet er låst med standard DNT-nøkkel som medlemar har rett til å låna/eiga.Kontaktperson kajakknaustet: Einvald Erichsen, tlf. 915 16 819, e-post. [email protected]

FuglestegI Fuglesteg er det fire soverom på loftet i steinstova med 23 sengeplassar og eit stort rom i fjøsen med 8 sengeplassar. Det er dessutan godt kjøkken med gassapparat både i steinstova og fjøsen. Steinstova er låst med standard DNT-nøkkel, men det er vanlegvis opne dørar i helgane frå slutten av mai til midten av september, og i ein seks vekers periode midt på sommaren er husa opne heile tida. Då er det stort sett kvar dag høve til å få kjøpt nysteikte hellekaker m/tilbehør og kaffi/saft. Me leiger gjerne ut husa til ulike arrangement!Kontaktperson Fuglesteg: Stein Bugge Næss, tlf. 958 74 596, e-post: [email protected]

Page 8: Luster Turlag - Program 2016

8

FivlaPå Fivla, i knappe 1000 meters høgde, har turlaget to fine hytter som er ulåste heile året. Berre ein liten time frå Vårstølen i Vigdalen ligg dei, og kan nyttast endå meir enn no. Fivla er eit flott utgangspunkt for turar både sommar og vinter. Skitur til utsiktstoppen Fivlenosi kan anbefalast! Det er sengeplass til 12 i kvar hytte + nokre madrasser til bruk på golvet. Hugs å ta med mat/drikke og lakenpose/sovepose! Alt du elles treng finn du på hyttene. Kontaktperson: Nils Oma, tlf. 952 26 727, e-post: [email protected]

Både i Fuglesteg og på Fivla heng det pengekassar på veggen, og opplysningar om prisar for dagsbesøk og overnatting. Legg pengar i konvolutt med namnet ditt på, og skriv kva beløpet gjeld, eller skriv namn, adresse og kontonummer på konvolutten og legg i kassen. Ta med deg giro og betal i nettbank. Luster Turlag sitt kontonr. i Luster Sparebank: 3785.20.06162Betalinga dekker bruk av gass, brensel, lys, reinhald og gene-rell slitasje. NB! Pass på å vaska og rydda fint etter deg og hugs å stengja av gassen før du går! Sjekk at dører og vindau-ge er stengde som når du kom! Grupper og skuleklassar kan ta kontakt med turlaget for spesialpris.

Page 9: Luster Turlag - Program 2016

9

MedlemskapEr du medlem i DNT og har postadresse i Luster, er du auto-matisk medlem i Luster Turlag. Om du bur andre plassar i landet eller i utlandet, men vil knyta medlemsskapet ditt til Luster, må du gje beskjed til DNT sentralt på [email protected] eller tlf. 400 01 870. Luster Turlag oppmodar alle som er interesserte i friluftsliv om å kosta på seg eit medlemskap og bli meir aktive når det gjeld å nytta dei 12 flotte DNT-hyttene me har i vår kommune. Dessutan får du det inter-essante medlemsbladet Fjell og Vidde 6 gonger i året og ei alltid spanande årbok til jul! Nytt i 2016 er DNT sitt Familiemedlemsskap som er svært gunstig. Les meir om dei gode rabattane på www.dnt.no.

SalsartiklarTurlaget har selt mykje av jubileumsboka UT i Luster, men har framleis eit godt lager. Det ligg enno att ein del av den andre bestseljaren vår – LUSTRAFJELL- om fjell og fjell-folk i Luster. Prisen er 400 kr. for den fyrste og 250 kr. for den andre, men kjøper du begge i lag, får du dei for 500 kr. OPPTUR – Sogn og Fjordane sel me for 400 kr.

Me har to fine filmar om Fuglesteg-prosjektet på DVD til kr. 100 pr. stk.

OPPTUR ilag med ordførar Ivar Kvalen. Foto: Elisabeth Dahle

Page 10: Luster Turlag - Program 2016

10

I Fuglesteg er det å få kjøpt flotte T-skjorter – svarte og kvite - med husa der oppe som motiv og kort i akvarell med motiv frå Fuglesteg. Den nye kartmappa for Luster får du kjøpt for 290 kr. Vil du ha kartmappa tilsendt i posten, tek du kontakt med Stein Bugge Næss på tlf. 958 74 596 eller e-post: [email protected] får òg kjøpt kartet og bøkene hjå Luster Bok i Gaupne.

Støtt Luster Turlag med GRASROTANDELENI 2015 har tilbakebetaling frå Norsk Tipping gitt turlaget flei-re tusen kroner ekstra i kassen.Om du vil støtta turlaget med 5% av speleinnsatsen din, er det berre å gje beskjed hos kommisjonæren eller på www.norsk-tipping.no. Luster Turlag sitt organisasjonsnr. er 886 022 492 og koden vår til Norsk Tipping er 3277 4886 022 492.

Nyttig informasjonHugs at turane du går med Luster Turlag er på eige ansvar. Reiseforsikring kan vere fornuftig å ha. Ein del av turane blir annonserte i Sogn Avis, men viktigaste informasjonskanala-ne er Facebook og nettsida vår luster.dnt.no Der kjem fyldig info. i forkant av turar/arr. og biletreportasjar i etterkant. Me tek gjerne imot klarerte bilete frå turar for publisering. På nettsida skal du finne det meste du treng av opplysningar om husa og hyttene til turlaget.Det blir teke ein del bilete på fellesturane. Dersom du ikkje vil «komme på nettet» må du gje beskjed til turleiar før turen startar. Påmelding på turar kan gjerast til Ingeborg Flaten, 917 73 771, e-post: [email protected] dersom ikkje anna er opplyst.Luster Turlag har også eiga e-postadresse: [email protected]

Page 11: Luster Turlag - Program 2016

11

Styret i Luster TurlagI 2015 har desse hatt ansvaret for drifta av Luster Turlag:Ingeborg Flaten (leiar), Ole-Hermann Meløy (nestleiar), Arne Fossøy (kasserar), Linda Øvregard Røhme (skri-var), Anders Leirdal, Kari Ingeborg Bukve, Inga Reidun Sjøthun. Varamedlemar: Elisabeth Dahle, Håvard Ruud og Even Loe.

Leiar Barnas Turlag: Kari Ingeborg BukveLeiar DNT-Ung Luster: Håvard Ruud

Ta vare på programmet! Heng det gjerne på veggen.

Kanskje har andre i familien interesse av det.Kanskje får du fjellinteresserte på besøk.

Luster Turlag har tilbod til alle.

Bli med på tur, og bli gjerne medlem!

Ungdomsturar

Barneturar (Barnas Turlag)

Skiturar Fotturar

Lett Middels Tung

Symbolforklaringar:

Page 12: Luster Turlag - Program 2016

12

24. januar: Måneskinstur til Dueskardvarden (986 moh)Dette er ein fin og heller lett skitur i samarbeid med Sogndal Turlag. Om fullmånen viser seg kan dette bli ein heilt spesiell opplevelse. Frå Dueskard er utsynet vidt over fjordarmar og fjell heilt magisk om veret er klart.Me går i lett stigning til stølen Lingesete og vidare utover til varden på Dueskardhøgdi. Om for lite snø, vert alternativ tur frå Hodlekve med start frå skihytta. Hugs hovudlykt! Start frå Haukåsen (Hodlekve) kl.20.00Avreise frå Almmenningen kl.19.30, Galden v/YX kl.19.10 og Gaupne v/Prix kl.18.50 for oppsamling i bila-ne. Nærare informasjon kjem på luster.dnt.no /facebookTurleiar: Marte Kviberg mob. 907 88 354Kjentkvinne: Elisabeth Dahle

25. januar: Lommelykttur på Hafslo Meir informasjon kjem på luster.dnt.no /facebookAnsvarlege: Katrin Lægreid Nes 957 91 517 og Mette Johansen

Barnas Turlag vårtur på Nes med skattejakt og grilling i strandkanten. Foto: Tore Sønnesyn

PROGRAM 2016

Page 13: Luster Turlag - Program 2016

13

5. februar: ÅRSMØTE I LUSTER TURLAGi aulaen på Gaupne skule i Gaupne kl. 19.30.Vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap og val.Bilete frå turar/arrangement i 2015. Konkurransen Fjellkjennaren 2016. Enkel servering og god underhald-ning. Alle er velkomne!

7. februar: Kom deg ut- dag på Sogn Skisenter, HeggmyraneDette er ein dag der me ønskjer å få flest mogeleg ut på ski. Start frå kl. 11.00. Barnas Turlag byr på natursti, ski-leik, overraskingar og moro i bakken. Naturstien startar ved brua (nedre parkering) og ender opp ved grillhytta. Skileik ca. kl. 13:00.Ansvarlege: Magne Kvalsøren 412 97 643, Bjørn Winge og Gøril Urdahl. Skileik: Michael Schmidt 482 92 532UNG- gruppa lokkar med Pudderkøyring. Bli med uansett utstyr og form og opplev VinterNorge. Etterpå blir det grillmat på Heggmyrane. Turleiar: Knut Kalhagen. Andre som vil ha seg ein fin skitur møter ved skiheisen kl. 10.30. Me tek heisen til topps og går fellestur innover i høgfjellet til Skoganipa. Om ver og føre er bra går turen vidare om Krokberg til stølen Dale og attende i lang-rennsløypa til Heggmyrane. Turleiar: Arne Fossøy Kjentmann: Ole-Hermann Meløy

20. – 21. februar: FIVLEHELGDenne helga inviterer turlaget til skihelg med oppvarma hytte på Fivla. Vanlegvis er det fine snøforhold i fjellet på denne tida, og med Fivla som utgangspunkt er det fint å ta toppturar til Fivlenosi og Jagershaug som er flotte utsiktstoppar, eller berre vera ved hyttene og slappa av. Dei som vil overnatta må ta med seg mat og lakenpose/sovepose. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg.Ansvarleg: Stein B. Næss

Page 14: Luster Turlag - Program 2016

14

6. mars: Brunen mot SeljeseteOppmøte på Brunestegen kl. 11.00 (Hugs bompengar!) Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook.Ansvarleg: Einvald Erichsen 915 16 819

6. mars: Flatningane – Eggi – Grånosene Oppmøte v/Prix i Gaupne kl. 09.30Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebookTurleiar: Nils OmaKjentkvinne: Elisabeth Dahle

19. - 22. mars: BASECAMP FIVLADette er eit arrangement i regi av Sogn og Fjordane tur-lag. Følg med på https://www.sftur.no/ for påmelding.Passar for all ungdom 15-18 år som trivst på ski!

26. mars: Buskrednosi (1505 moh)Årets Topptur påskeafta er Buskrednosi. Turen opp går via Vigdalsstølen. Om føret er godt, kan alle gleda seg til nedturen! Oppmøte ved Pyramiden kl 09.30 eller Vigdalen kl 10.00 Turleiar: Håvard Ruud Kjentmann: Kjell Arne Stegegjerdet

KDU dag på Heggmyrane februar 2015. Foto: Tore Sønnesyn

Page 15: Luster Turlag - Program 2016

15

3. april: Heggmyrane (Sogn skisenter) – Asbjørnnosi(1610 moh) – Leirdalen Me tek skitrekket til toppen. Vidare går turen via stølen Skogo og Hongi, før det blir ein lang motbakke til top-pen av Asbjørnnosi. Flott nedtur til Leirdalen om føret er bra! Felles transport attende til Heggmyrane.Frammøte kl. 09.30 v/skiheisen. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg.Turleiar: Ole-Johnny Sie Kjentmann: Anders Leirdal

17. april: Vårtur på NesPå Nes er det fint i april. Me satsar på at veret blir like bra som i 2015. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg.Ansvarlege: Bjørn Kalstad 410 04 664 og Berit Skjerdal

17. april: Myri – Vanndalen – Spørteggbreen - Geisdalen Det er mykje flott skiterreng på austsida av Jostedalen. Me køyrer opp til Myri som er eit flott utgangspunkt for turar både i Vanndalen og Geisdalen. Me vel den flotte rundturen opp til trekanthytta over Vanndalen, innover Spørteggbreen og nedatt i Geisdalen. Dette er ein mid-dels tung tur med mykje flott utsikt. Hugs bompengar! Start frå Myri kl. 10.00.Turleiar: Even Loe Kjentmann: Arne Tuften

30. april: Store Soleitind(2083 moh)Oppmøte Gaupne ved Pyramiden kl 10:00 eller Turtagrø kl 11:00. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og face-book når det nærmar seg.Turleiar: Andrea Fiskaa HaugenKjentmann: Jan Sølve Haugen

Page 16: Luster Turlag - Program 2016

16

8. mai: Loftet (2170 moh)Flott og relativt enkel topptur på austsida av Sognefjellet i samarbeid med Sogndal Turlag. Me går frå Jotun-heimen fjellstue 1006 moh og opp langs Langranden og vidare rundt og forbi Vesleloftet og opp til Loftet 2170 moh. Turen gjev jamn, god stigning og har ingen van-skelege parti. Gode lange feller og fjellski må til. Me går roleg og jamnt oppover dei 1200 høgdemetrane. Total lengde vert 15,5 km og turen tek totalt mellom 5-7 timar. Frå toppen kan ein få flott utsikt mot bl.a Galdhøpiggen og toppane innover Leirdalen. Avreise frå Sogndal v/ Lægreidsplassen kl.08.00. Frå Gaupne v/ avkøyringa til Jostedalen kl.08.30. Frå Skjolden v/ Fjordstova kl.09.00 for oppsamling i bilane.Turleiar: Elisabeth Dahle mob: 928 19 516Kjentmann: Louis Anda

10. mai: Orientering i Gaupne Hafslo IL arrangerer O-løp og Barnas Turlag blir med.Små og store kan prøve seg i O-løyper med ulike nivå.Sjå detaljar på luster.dnt.no /Facebook i dagane før arrangementet.Ansvarleg: Trond Sekse 454 04 560

Stuaflåten. Foto: Stein Bugge Næss

Page 17: Luster Turlag - Program 2016

17

22. mai: Feigefossen Me går stien opp til Feigefossen, og avsluttar med gril-ling og ev. fisking på elvebredden. Oppmøte på parke-ringsplassen ved Feiga kl. 11.00.Ansvarleg: Anne Merethe Kvalsøren 905 88 369

22. mai: Klatredag på StegegjerdetBli med på klatring utomhus. Turlaget stiller med utstyr og ingen krav til ferdigheit. Ta med drikke og noko mat. Møt ved Stegegjerdet kl 13:00. Ansvarleg: John Olaf Røhme

28. mai: Generasjonstur Oklevik – KongevegenFrå Oklevik går me gjennom skogen og eit slakt høgde-drag før vegen svingar seg nedover forbi Olavskjelda og ned til Årøy. Langs vegen er det informasjonstavler som fortel om vegen og kulturhistoriske hendingar.   Dette er ein flott tur som me oppmodar folk i alle aldrar om å vera med på. Turleiar: Inga Reidun Sjøthun 415 15 287

1. juni: OPPTUR for 8.-klasseDette er eit nasjonalt opplegg for å inspirera til friluftsliv, og alle 8.klassingar er inviterte. Vår tur går frå Gaupne, opp Sandvikberget til Engjadalen, og ned att om Råum. Målet er å skapa ein triveleg dag for alle, og få fleire ung-domar til å oppleva gleda ved friluftsliv og fysisk aktivi-tet, fri for konkurranse. Orientering blir gitt på førehand i klassane.Ansvarlege: Arne Fossøy og Elisabeth Dahle

18. juni: Molden Opp - natursti Barnas Turlag vil i år som tidlegare setje opp natursti langs ruta oppover til Molden. Masse flotte premiar blir trekt ut i Marifjøra etter løpet. Detaljar om løpet blir lagt ut på heimesida vår luster.dnt.no, samt på

Page 18: Luster Turlag - Program 2016

18

www.moldenopp.no og facebook i forkant.Ansvarlege: Christin og Tore Sønnesyn 950 67 300

25. og 26. juni: Grunnleggjande kajakkursmed base Eikjastrondi/Vedviki. Me har hatt fleire slike kurs tidlegare, og padling på fjorden ser ut til å bli meir og meir populært. Då kan det vera greitt å få litt opplæ-ring for å ferdast tryggare. Les meir på luster.dnt.no omdetaljar seinare. Kurshaldar: Stig Øystein Schmidt

2. juli: JOSTEDALSBREENBergset – Steinmannen – Kvamme i OldedalenTuren startar frå Bergset i Krundalen. Bratt stigning opp på ryggen. På ca.1400 meters høgde flatar det litt ut opp til hyttene på Steinmannen(1633 moh). Derifrå går me i tau til Høgste Breakulen(1952 moh), og vidare over breen og Flatefjellet til Flatsteinbu som ligg på ca. 1200 moh. Vidare er det grei sti ned til Kvamme i Oldedalen. Må rekna med at turen tek 12 – 13 timar. Buss frå parke-ringsplassen v/Prix, Gaupne kl. 06.00Turleiar: Anne Kari Herlofsen Nes Kjentmann: Anders Leirdal

23. juli: Rafting i JostedølaRafting med Elvepurka. Møt opp ved Jostedal Hotell på Gjerde kl 14:00 eller v/Prix i Gaupne kl. 13.30 for sam-køyring.Ansvarleg: Icetroll og Gunnar Elgersma

24. juli: VIGDALSDILTEN Dei som ikkje har gått denne turen før, vert overras-ka over kor flott fjellterrenget er mellom Vigdalen og Engjadalen. For dei fleste vil turen ta 5 – 6 timar. Det er buss til Vigdalen og på Fivla får alle servert kaffi og saft før turen går over fjellet til Engjadalen. Deltakarplakett vert produsert i etterkant og utdelt på årsmøtet.

Page 19: Luster Turlag - Program 2016

19

Møt opp v/Prix i Gaupne kl. 08.30, så kan me køyra nokre bilar opp i Engjadalen før start. Hugs å registrere deg og få tak i deltakarkort. Bussen køyrer kl 09.00 frå Prix til Vigdalen. Pris kr 150 for vaksne, og kr 50 for born og ungdom opp til 15 år.Ansvarlege: Kari Ødegård og Ingeborg Flaten

31. juli: Tussen (1232 moh)Dette er ein av topptrimtoppane denne perioden. Turlaget legg opp til ein rundtur der me set frå oss nokre bilar ved Skagen i Fortun, køyrer til Skjolden og inn til Heltne i Mørkridsdalen. Turen går på bratt veg oppover til Rebni. Vidare på sti forbi stølane Rebnisli, Skåri og Myrasete. Etter kvart kjem me opp på fjellryggen mellom Mørkridsdalen og Fortunsdalen og det opnar seg eit flott utsyn rett bort i Hurrungane. Nedatt går turen på sti forbi stølen Lønningane og ned til Yttri og Skagen der bilane står. Oppmøte på Skagen kl. 09.30.Start frå Heltne kl. 10.00 Turleiar: Inga Reidun Sjøthun Kjentmann: Wilfred Pedersen

Konsert i Fuglesteg i august 2015 med Åshild Mundal. Foto: Stein Bugge Næss

Page 20: Luster Turlag - Program 2016

20

14. august: Leik og klatring ved Trollsteinen i Fortun Barnas Turlag legg opp til å nytte den flotte naturmøte-plassen i Krukla m/gapahuk, bålplass og klatrefelt. Det blir klatring, leik og aktivitet. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og Facebook etter kvart. Ansvarlege: John Olaf Røhme, Michael Schmidt 482 92 532 og Magne Kvalsøren 412 97 643

14. august: Steindalsnosi (2025 moh)Steindalsnosi er ein av topptrimtoppane som har ein fantastisk utsikt mot den kjende nabotoppen Fanaråken, Hurrungane og Jotunheimen. Det er grei stigning frå start og ein ser heile tida opp mot toppen. Frå ca 1600 moh blir det brattare og opp mot toppen må me gå i grov ur. Parkering langs Fylkesveg 55 på høgda forbi Galgeberg. Start kl 10.00.Turleiar: Arne FossøyKjentmann: Anders Johnsen

21. august: Generasjonstur til BergsetdalenHer ønskjer vi å få heile familien med ut på tur. Då får me med oss nokon som kan fortelja om dalen og breen m.m. Turleiar: Even Loe 920 29 962Kjentmann: Olav Grov

Ved Lønningane over Yttri på veg til Tussen. Foto: Stein Bugge Næss

Page 21: Luster Turlag - Program 2016

21

28. august: Fottur til Skyttarpiggen (1411 moh)Tur til denne flotte toppen som stikk seg opp bak Tungestølen vart sett opp i fjor og, men veret hindra gjennomføring. No prøver me på nytt og vonar på sol og turre svaberg, for her er det delvis bratt. Me går midt mellom Langedalen og Austerdalen med utsyn til begge dalføre, først gjennom skog og deretter stein og sva.  Dersom ver og tid tillet det, er det naturleg å prøva å ta seg heilt opp til platået Skyttarnovi på 1593 moh. Ein krevjande tur, kor utsikta er belønninga.Start frå Tungestølen kl. 10.00Turleiar: Anne Kari Herlofsen Nes Kjentmann: Lars Solnes

4. september: KOM DEG UT- dag ved Hafslovatnet Aktivitetsdag. Kano, leik og aktivitetar. Dette er DNT sin andre nasjonale aktivitetsdag dette året. Turlaget ynskjer å få folk i alle aldrar med ut i naturen. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg. Ansvarlege: Ole-Hermann Meløy og Inga Reidun Sjøthun

17. september:Fisketur til Bølifossen/Mørkridsdalen evt. med overnattingMeir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg.Ansvarlege: Trond Helge Eide 900 92 405 og Michael Schmidt 482 92 532

18. september: Mørkridsdalen Haustfargane skulle no vera komne og dei kan vera ekstra fargerike mellom dei bratte fjellsidene. Dei som ikkje har gått her før kan gleda seg til eit imponerande og variert landskap. Det trolske Tjødnaholet er heiltspesielt og må opplevast. Likeeins Bølifossen på andre sida av dalen. Me går fram på eine sida av dalen, kryssar elva på bru og går heimatt til parkering

Page 22: Luster Turlag - Program 2016

22

23. oktober: Klatring inne på Fjordstova i SkjoldenSjå luster.dnt.no og Facebook for tidspunkt. Ansvarlege: Magne Kvalsøren 412 97 643 og Trond Helge Eide 900 92 405

4. november: Lommelykttur i Gaupne Finn fram lommelykt og refleksvest og bli med på lom-melykttur. Meir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg. Ansvarlege: Gry Anita Sviggum 917 47 465 og Anne Merethe Kvalsøren 905 88 369

20. november:Klatring inne på Fjordstova i Skjolden Sjå luster.dnt.no og Facebook for tidspunkt. Anvarlege: Trond Helge Eide 900 92 405 og Solveig Seim Lysne

på Hødnevollen. Start kl. 10.00 Turleiar: Stein Bugge NæssKjentmann: Anders Johnsen

24. september:Stølstur på Hafslo - Simosete-TurrliMeir informasjon kjem på luster.dnt.no og facebook når det nærmar seg.Ansvarlege: Rine og Adrianne Kvam 913 87 573

DNT Ung på terrengsykling. Foto: Melchior Kalhagen

Page 23: Luster Turlag - Program 2016

23

DNT Ung på Nordlege Dyrhaugstind

DNT Ung på overnattingstur til Skogadalsbøen i august 2015

Haust på Fivla. Foto: Ingeborg Flaten

Page 24: Luster Turlag - Program 2016

INFORMASJONSkrivargarden AS - w

ww.printfarm

.no

57 68 27 00 [email protected]

-stolt sponsor av Luster Turlag

BLI KUNDE DU ÓG!