nr 1. vÅrutgÅve 2013 31. årgang livsstilsmagasin frÅ …€¦ · mobilbruk vil bli viktigare....

16
Vinn ein iPad Mini! Konkurranse 14 Premiekryss 15 Lokal- samfunnets kraft 03 Kva straum- avtale skal eg velje? 06 Puss opp i sommar – spar pengar i vinter 11 NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ DITT NETTSELSKAP Lanserer «magisk» boks 16 Lyspære spesial Dette må du vite om dei nye lyspærene Vår Energi fortel deg kva du bør vite om dei nye lyspærene. 08

Upload: others

Post on 15-Aug-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Vinn ein iPad Mini!Konkurranse 14 Premiekryss 15

Lokal-samfunnets kraft 03

Kva straum-avtale skal eg velje? 06

Puss opp i sommar – spar pengar i vinter 11

NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 ● 31. årgang ● LIVSSTILSMAGASIN FRÅ DITT NETTSELSKAP

Lanserer «magisk» boks 16

Lyspære spesial

Dette må du vite omdei nye lyspæreneVår Energi fortel deg kva du bør vite om dei nye lyspærene. 08

Page 2: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Mot felles straum- og nettrekning?Mange strauMkundar får i dag to fakturaer, éin for straum og éin for nettleige. Andre får éin samlefaktura.

Snart kan det bli slutt på rekningar både frå nett- og straumselskapet.

Det har tidlegare vore usikkert om energilovgivinga står i vegen for felles fakturering av straum-rekninga og nettleiga. Det gjer lovgivinga ikkje, meiner juristane i Noregs vassdrags- og energi-direktorat (NVE).

I framtida kan det bli mogleg å betale éin samla faktura til det straumselskapet du har valt.

Dermed kan betaling for straum og nett kunne bli enklare.

For nettleiga vil du ikkje kunne velje mellom ulike tilbydarar. Av praktiske årsaker er det monopol på kraftnettet, og staten fastset nivået på nettleiga.

slik vil fellesfaktureringa fungere. Du vil bli fakturert av straum-selskapet både for straum og nett-leige. Straumselskapet som du har valt fritt, vil deretter betale nettleiga di til nettselskapet der du bur.TeksT: sigurd oland nedrelid

illusTrasjonsfoTo: hafslund

aukar beredskapentrusselbiletet Mot kraft-forsyninga har endra seg. Faren for større miljø- og naturkatastrofar, storulykker og terror krev auka beredskap. Dessutan er forsyninga meir anhengig av og sårbar for brott i tenester som blir drivne av informasjons teknologi. Frå nyttår vart det vedteke ny lovgiving for å auke beredskapen i kraftforsyninga.

Som du ser øvst på denne sida vil det i framtida kunne bli mogleg

for alle å betale éin samla faktura til det straumselskapet du har valt. Dermed blir betaling for straum og nett enklare for mange. Du kan også lese om at regjeringa har gitt ny og seinare frist til 2019 for innføring av smarte elmålarar (AMS). Men nokre selskap er godt i gang med AMS-utrulling og vil nok komme i mål tidlegare.

Også denne utgåva av Vår Energi inneheld gode råd knytta

til bruk av el. Vår Energi fore-slår at du alt no set i gang med oppussing og etterisolering. Det er berre våren og sommaren igjen før kulda set inn på nytt. Jusspalten minner elles om at nettselskapet som oftast ikkje har erstatningsansvar når eit varsel kjem for seint, og det alt har vorte skade.

Kraft- og energiselskapa har ei viktig rolle i mange lokal-samfunn – blant anna som pådrivarar for å få gjennom

viktige prosjekt som utbygging av fiber. Mange selskap gir også støtte og sponsar alt frå idrett til musikk. Dei gjer innkjøp lokalt; totalt går nesten 50 mil liardar av inntekta til selskapa tilbake til samfunnet.

God lesing!

Fredrik kveenAnsvarlig redaktør

Vår Energi har som formål å gi deg informasjon om kraftmarknaden og kva du kan gjere for å påverke straumrekninga. Magasinet inneheld blant anna råd og tips om straumsparing og branntryggleik, og vi håper at innhaldet kan gi betre forståing for korleis kraftmarknaden fungerer.

energi Forlag as

Postboks 1182 Sentrum

NO-0107 OSLO

Tlf: 22 00 11 50

Faks: 22 00 10 83

ISSN 1502–7848

ansvarleg redaktør

Fredrik Kveen

[email protected]

Tlf: 22 00 11 50

abonnement

Bård Knutsen

[email protected]

Tlf: 24 10 16 55

Mobil: 92 22 20 33

Produksjon

Artko Grafisk Produksjon

[email protected]

Tlf: 22 09 89 00

design

Therese B. Hansen

[email protected]

utgiver

Energi Forlag AS

www.energi-nett.no

Energi Forlag AS

eies av Europower AS,

som igjen eies av

NHST Media Group AS

•straumprisen blir bestemt av marknaden, og varierer mellom ulike tilbydarar . du kan spare pengar på å velje den straum avtalen som passar best til behovet ditt.

•nettleiga blir fastsett av nVe ettersom kraftnettet er eit naturleg monopol. det lokale nettselskapet ditt kan du ikkje velje bort.

2

Page 3: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Lokalsamfunnets kraft

slik yter kraft- og energiselskapa hjelp til lokalsamfunna sine.

kraFtnæringa har erfaring i å gjennomføre store og kompliserte investeringar som krev brei kompe-tanse. Kunnskapen til kraft- og energi selskapa er viktig når det skal byggjast lokal infrastruktur. Somme stader har selskapa sjølve teke initiativet.

– Kraftlaga tok ei leiarrolle i fiberutbygging i innlandet i Finnmark. Utbygginga ville ikkje ha skjedd utan oss, seier Oddbjørn Samuelsen, elverksjef i Repvåg Kraftlag AS.

Repvåg Kraftlag har bygd fibernett til meir enn to tusen av kundane sine. Samuelsen meiner det lønner seg for selskapa å gi noko tilbake til samfunnet.

– I nokre samfunn kan ei slik støtte ha svært mykje å seie. Fiberutbygginga er viktig både for privatpersonar og for å sikre eit konkurranse-dyktig næringsliv.

innkjøpsordning og arbeidsplassar. Mange kraft- og energiselskap bruker det lokale næringslivet til kjøp av tenester og produkt. På denne måten gjer kraft- og energiselskapa sitt for å skape lokale arbeidsplassar utanom

kraftnæringa . Næringa samarbeider med lokale skolar og høgskolar på fleire måtar. Blant anna ved å tilby lærlingplassar eller vere med og skaffe utstyr og kompetanse til skolane.

samfunnsviktig sponsing. Kraftnæringa har tradisjonar for også å gi direkte støtte til samfunnsnyttige formål og lokal kultur. Alt frå idrettslag og musikkfestivalar til pensjonistklubbar har fått økonomisk støtte frå næringa.

skatteinntekter. I 2011 kunne verts kommunene der anlegga er lokalisert, innkassere 6,5 milliardar kroner i skattar og avgifter frå kraft- og energiselskapa.

Kommunane som eig kraft- og energi selskapa, fekk 4,2 milliardar kroner i utbytte i 2011.

Heile 47,8 milliardar kroner av inntektene til kraftnæringa gjekk tilbake til samfunnet i 2011.

TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: luca kleve-ruud

Kva er nettleiga?Som straumkunde betaler du for to produkt: straumrekning og nettleige. Straumrekninga baserer seg på straum-mengda du kjøper frå kraftleverandøren du har valt. Nettleiga er prisen du betaler til ditt lokale energiselskap for å få over-ført straum til bustaden din.

Nettleiga skal gi nettselskapa inntekter til å dekkje kostnadene ved å halde ved like og utvikle kraftnettet. Det er nettsel-skapet sjølv som fastset nettleiga, men styresmaktene ved Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) set grenser for kor mykje nettselskapa kan tene.

Nettselskapa har monopol på over-føring av straum i sine lokale ompåde. Det er derfor nivået på nettleiga blir fastsett av selskapa og styres maktene. Monopolet kjem av at det vil vere samfunns økonomisk umogleg å byggje konkurrerande kraftnett.

AMS-utsetjingDet kan ta seks år før norske husstandar er utstyrte med smarte straummålarar (AMS).Olje- og energidirektoratet har nyleg avgjort at fristen for utrulling av AMS skal utsetjast til årsskiftet 2019. Enkelte nettselskap er godt i gang med innkjøps-prosessane sine knytte til AMS, og somme vil vere ute i god tid før fristen. Tidspunktet for innføringa av smarte straummålarar varierer derfor frå stad til stad.

AMS er samansett av ein tradisjonell straummålar og eit dataprogram. Informasjon om straumforbruket ditt blir med jamne mellomrom send til kraft-selskapet. Du slepp å rapportere til selskapet. Automatiseringa gjer innhenting av måleverdiane raskare og meir presis.

Du vil kontinuerlig kunne følgje straum-prisane og ditt eige forbruk. Målarane blir installerte med eige display. Vidare er det sannsynleg at informasjonen kan bli tilgjengeleg på eit sjølvvalt medium, til dømes telefonen din eller datamaskinen din.

Lokale grupper nyt godt av sponsing frå kraftnæringa. Her er speidarar samla rundt leirbålet.

3

Page 4: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

trusselbiletet mot kraftforsyninga har endra seg. Frå nyttår vart det vedteke ny lovgiving for å auke beredskapen i kraftforsyninga.

FenoMen soM større miljø- og naturkatastrofar, store ulykker og terroranslag krev auka beredskap . Dessutan er forsyninga meir avhengig av, og sårbar for, brott i tenester som blir drivne av informasjons teknologi. Beredskapen i kraftforsyninga skal no vere betre rusta til å møte dei nye truslane.

Den seinaste beredskaps-forskrifta stiller nye krav for å

førebyggje havari og skade på kraftforsyningsanlegg.

– Forsyningstryggleiken skal aukast gjennom betre forebygging og handtering av episodar som kan true leveransen av straum til for brukarane, seier Arthur Gjengstø, som leiar beredskaps-seksjonen i Noregs vassdrags-og energi direktorat (NVE).

Gjengstø trur forskrifta vil betre beredskapen i i energi-forsninga trass i at dei fleste av dei nye reglane er ei presisering og vidareføring av tidlegare krav.

– Jamvel om norsk kraft-forsyning er god innan beredskap, kan den framleis bli betre. Vi trur at dei nye krava vil bidra til det.

Og legg til: – Det har vore eit stort løft i bransjen. Mange selskap arbeider no målmedvite og aktivt med beredskap.TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: tusssa

Ny lov aukar beredskapen

Forskrifta medfører•Nye krav til årlege oppdateringar av risikoanalysar og analysar av

kor sårbare vi er.•Tydeliggjering av varslingsplikta til selskapa ved truslar mot

kraftforsyninga.•Nye krav til sikring av driftskontrollsystem og informasjons-

teknologi og bemanning av driftssentralane.

Kraft- og energiselskapa må•Utarbeide systematiske og samanhengande risikovurderingar om

beredskapen.•Etablere krav og avtalar med leverandørar av kritiske tenester for å

sikre kontroll og tilgang på viktige ressursar i krisesituasjonar.•Sikring av rutinar for informasjonstryggleik og gjennomgang av

driftskontrollsystemet.

4

Page 5: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

snart kan mobilen bli sikrare ved langvarig straumbrott.Ved langVarige regionale straum-brott blir mobil dekninga borte etter nokre få timar. Men no kan oppe-tida aukast til heile tre døgn etter straumstans. Direktoratet for naudkommunikasjon har i ein rapport sett på korleis kommunikasjonskanalane blir lamma ved langvarige straum-brott. Det mest radikale forslaget til direktoratet er å auke oppetida til mobiltelefonen din til tre døgn etter straumbrott på prioriterte stader.

I dag skal det såkalla naudnettet vare i minimum åtte timar. For mobilnettet er tidskravet vesentleg kortare. Det mest radikale forslaget vil dermed medføre ei mangedobling

av krava som gjeld no. Forslaget nemner investeringar for om lag 650 millionar kroner. Dei årlege driftskostnadene vil vere 55 mil lionar kroner høgare enn nivået i dag.

gjekk frå dør til dør. Under jule stormen Dagmar i 2011 opplevde Stryn-området at straumen vart borte i fleire døgn. Kommunikasjonen til innbyggjarane via mobil vart broten og gamle metodar tekne i bruk.

– Det gjorde sterkt inntrykk å høyre at folk i beredskaps-tenesta i Stryn-området gjekk frå hus til hus og samla innbyggjarane i forsamlings lokale

for å gi informasjon , seier Per Øistein Pedersen, senior-rådgivar i Direktoratet for naud-kommunikasjon, som har leia arbeidet med rapporten.

Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma av stormen Dagmar. Hovdenakk meiner mobilbruk er viktig ved langvarige straumbrott.

– Fastnettet blir lagt ned, og mobiltelefonen vil bli viktigare for å kommunisere med privatpersonar. Vi har i dag rutinar for varsling av kundar med tekstmelding. Fell mobilbruken ut ved straumbrott, får vi ei stor utfordring.

TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: tussa

Når ekstrem - vêret rammar

Mobil- og naudnettet•Mobilnettet står for

dekninga til privat bruk av mobiltelefonar. Mobilnettet er viktig i situasjonar som ekstremvêr. Det er avgje-rande at naud etatane oppnår kontakt med innbyggjarane, og kraft-selskapa er avhengig av informasjonsinnhenting for å rette opp ein langvarig straumstans. •Naudnettet er

kommunikasjons middelet til naud-og beredskaps-etatane. Naudnettet blir brukt til å samordne rednings arbeid ved kritiske situasjonar som ekstremvêr. Direktoratet for naudkommunikasjon er ansvarleg for drifta av naud nettet. •Mobil- og naudnettet er til

ei viss grad sam lokalisert ved bruk av like base-stasjonar. Langvarig straum stans som råkar basestasjonane, fører til at mobil- og naudnettet fell ut. Då blir reserve-straumen kopla inn. •Naudnettet har betydeleg

sterkare reserve-straumkapasitet enn mobilnettet.

Naudnettet er ikkje tilgjengeleg for netteigarane– Eit problem er at eigarane av straumnettet ikkje er definerte som naudetat. Naudnettet er derfor ikkje tilgjen-geleg for netteigarane, til dømes ved straumbrott. Dessutan har det planlagde naudnettet ei svært avgrensa dekning ute i distrikta, seier Andres Sætre, dagleg leiar i Tinn Energi AS.

Han seier vidare at netteigarane er nøydde til å bruke sitt eige nett både til dagleg drift og i beredskapssituasjonar.

– Min konklusjon er at det blir bygd og utbetra ei rekkje nett som ikkje kan samkøyrast. Dei tiltaka som det er komme forslag om, er berre små steg i riktig retning, og det trengst i tillegg mange milliardar dersom samfunnets toleevne skal styrkjast vesentleg gjennom bruk av elektronisk kommunikasjon.

5

Page 6: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

som straumkunde står du fritt til å velje straum-avtale og leverandør sjølv. her er nokre tips på kva du bør sjå etter.

strauMleVerandørane har mange ulike typar avtalar å velje mellom. Her skal vi gi deg ei oversikt over dei mest vanlege avtale-formene og kva dei medfører. Pristilboda på desse avtalane finn du på nettsidene til Konkurransetilsynet; der er det oversikt over kvar enkelt kommune.

Marknadspris med påslagDette er den mest vanlege avtaleforma i dag. Prisen baserer seg på marknadsprisen i det prisområdet du bur, basert på snittpris for kvar enkelt månad. I tillegg kjem eit fast påslag per kilowattime frå straumleverandøren din. Noreg er delt inn i fem ulike prisområde. Som oftast er det lik pris i desse områda, men i somme periodar kan prisskilnadene vere høgare. Marknadsprisen før påslaget er den same for alle leverandørane.

Standard variabel prisDenne avtaleforma var den mest vanlege tidlegare , og framleis er det mange som har denne avtaleforma. Her reknar straum-leverandørane ut kva straumpris dei må ta for å dekkje opp den framtidige utgifta dei har med å handle inn straumen som skal leverast. Prisen vil derfor variere, men ny pris må kundane få varsel om minst to veker i forvegen.

FastprisavtaleDette er den avtalen som færrast bruker. Prisen på straum blir sett for eitt eller fleire år om gongen og vil som regel vil vere noko høgare enn

kva prisen er for dei andre avtaleformene. I den perioden avtalen gjeld kan du som straumkunde ikkje byte leverandør.

Viktig å hugseMange av leverandørane har eit fastledd knytt til prisen, noko som gjer at det blir billegare per kilowattime desto større forbruket er. Desto større fastledd, desto lågare pris med høgt forbruk.

Når du vel straumavtale, er det aller viktigast for deg som forbrukar at du sikrar deg at du får den avtalen du ber om frå leverandøren. Mange har avtalar som liknar kvarandre, men som har heilt ulik pris. Ofte er dette knytt til betalings-vilkår som avtalegiro og efaktura.

Kva skal du velje?Vil du unngå svingingar og vite kva du har i utgifter, så vel du fastpris. Dette er nok den dyraste avtalen totalt, men gir best oversikt og hindrar pristoppar.

Dersom du vil ta risiko og følgje marknads-utviklinga, bør du velje marknadspris. Tal frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) viser også at i snitt var marknadspris billigare

enn standard variabel pris i 2012. Med denne avtaleforma er det likevel du som kunde som tek all prisrisiko.

Dersom du er risikovillig, men framleis vil ha ein viss tryggleik for å unngå dei ekstreme pristoppane, så er truleg standard variabel pris det riktige. Her kan det tenkjast at du i periodar betaler litt meir enn marknadspris, men samtidig er leverandørane ofte trege med å setje opp prisen når marknadsprisen stig, og kundane betaler dermed mindre enn marknadspris.

Er du villig til å leggje ned litt tid i arbeidet med å skaffe deg straum så billig som mogleg, kan du også skifte mellom marknadspris og variabel pris, avhengig av kva som er billigast. Dersom du byter leverandør, kan likevel dette ta tre veker.

Dei fleste leverandørane har i tillegg fleire avtaletypar som ikkje er registrerte hos Konkurransetilsynet.

Du kan spare pengar på å velje riktig leverandør og avtale. Kva som er rett for deg, er avhengig av forbruksprofilen og økonomien din og kvar du geografisk høyrer til.

foTo: hafslund

Kva straumavtaleskal eg velje?

6

Page 7: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

To nordnorske kraftverk får internasjonalt skryt for design og arkitektur.

VasskraFtVerka øVre Forsland og Bjørnstokk i Leirfjord og Brønnøy kommune i Helgeland får internasjonal merksemd i det kjende tidsskriftet Arcdaily og det leiande svenske arkitektur-magasinet Arkitektur. Også fleire andre arkitektnettstader omtaler vasskraftverka som er bygde ut av HelgelandsKraft.

– Det har vore ein medviten strategi å ta kontakt med eit arkitektfirma før bygginga av kraftverka. Øvre Forsland og Bjørnstokk viser at kraftverk kan byggjast inn i naturen, utan at resultatet må bli ein grå og monoton betong-konstruksjon, seier Ove Brattbakk, administre-rande direktør i HelgelandsKraft.

Tre grunnidear ligg bak utforminga av Øvre Forsland og Bjørnstokk: Kraftverka skal vere vere spektakulære, samtidig som dei tilpassar seg omgjevnadene. Kraftverka skal også formidle kraftproduksjonens historie.

Øvre Forsland og Bjørnstokk er teikna av Stein Hamre arkitektkontor. Kvart kraftverk skal produsere opp mot 30 gigawattimar i året. Dette tilsvarer straumforbruket til om lag 1600 hushald. Første spadetak for bygginga av Øvre Forsland er planlagt denne våren, Bjørnstokk neste år.

TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: stein haMre arkitektkontor/helgelandskraft

Vakker vasskraft

Energikampen vann Noregs første Emmy-pris.tV-serien energikaMPen gjekk i februar til topps i konkurransen for underhaldnings program retta mot barn.

Emmy-prisen blir rekna som den høgste utmerkinga i tv-bransjen. Dette er første gong ein norsk produksjon vinn ein slik konkurrane.

Saman med tv-produsenten Fabelaktiv er Enova medeigar i det populære barne-programmet. Audhild Kvam, marknads-direktør i Enova, var til stades ved pris-utdelinga i New York.

– Vi er utruleg stolte over at vi har vunne. Vi konkurrerte mot dei mest kjende produsentane av barne-tv i verda, og vi såg at dei andre nominerte programma var av ypparleg kvalitet. Dette var både overraskande og ei ære.

Kvam meiner at sigeren viser at energi og energieffektivisering er eit engasjerande tema for barn, på tvers av kultur og grenser.

– Ideen bak Energikampen er å auke barns kunnskap om energi og klima på ein nyskapande og underhaldande måte. Barna er morgondagens beslutnings-takarar. Å få barna engasjert i klima- og energispørsmål er ei viktig oppgåve.

Programmet er sendt på NRK sidan 2000, og programkonseptet er selt til fleire land.

Øvre Forsland er idyllisk plassert mellom elv og granskog. Inspirasjonen til kraft-verket er den vertikale og irregulære forma på grantrea i bakgrunnen.

Ved Bjørnstokk ligg steinformasjonar frå siste istid. Kraftverket er tenkt som ein ny mystisk steinformasjon i landskapet.

7

Page 8: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Dette må du vite om dei nye lyspæreneEtter at den gode gamle glødepæra la glødetrådane på hylla, har nye ukjende lyspærer komme på bana – til glede og bry. Vår Energi fortel kva du bør vite om dei nye lyspærene.

slik er lyspærene merkte. I starten vil lyspærene vere merkte med ein verdi som samanliknar wattstyrken med dei gamle gløde-pærene. Denne gamle wattmerkinga vil etter kvart falle ut – og du må venje deg til ei ny merking.

Watt måler effekten lyspæra gir, kor mykje energi den bruker. I ein glødelampe blir om lag ti prosent av den brukte energien til lys, resten blir til varme. Dei nye pærene bruker vesentleg mindre energi for lik lysmengd.

Lumen (lm) er den viktigaste erstatninga for wattverdien. Lumen måler det som vi kallar lysmengda, kor mykje av lyset frå pæra som

auget greier å oppfatte. Lyset frå gamle 60 watts glødepærer tilsvarer om lag 750 lumen.

Kelvin (k) måler fargetemperaturen til lyset. Fargetemperaturen fortel om lyset blir oppfatta som kaldt eller varmt. Gamle glødepærer hadde ein fargetemperatur på om lag 2000 kelvin, dagslys meir enn 6000 kelvin.

Ra fortel om kor godt lyspæra greier å gi att fargar. Alle lyspærer som blir selde i Noreg i dag, skal ha minst 80 Ra. Til saman-likning kan det gule gatelyset ha heilt ned til 25 Ra. Halogenpærer skårar gjerne høgast på Ra-verdiar.

dei nye pærene. Sparepærer kan ha noko dårlegare fargeattgiving enn glødepærene. Sparepærene bruker fi re gonger mindre energi enn glødepærer og har opp mot femten gonger så lang levetid. Men det er store variasjonar.

Sparepærer gir noko redusert lysyting i kalde omgjevnader og bruker opp mot eitt minutt

Slik kjøper du ei god lyspære• Energieffektivitet klasse a• Energiattgiving 80 ra• Fargetemperatur minst 2600 kelvin• Sjå etter lumen, ikkje watt• Generelt bør du tenkje på kvar og korleis du har tenkt å bruke lyspæra.

Kjellarbu og dimma stovelys krev ulike pærer

Fra watt til lumenGlødepære i watt. Spare-, halogen- og LED-pærer i lumen

15 W 120–135 lm

25 W 220–250 lm

40 W 410–470 lm

60 W 700–805 lm

75 W 920–1055 lm

100 W 1330–1520 lm

150 W 2140–2450 lm

200 W 3010–3450 lm

Miljøvennlege nye pærer?eu fjerna glødepærene for å spare energi og miljø. er dei nye lyspærene eigentleg meir miljøvennlege?

tore ledaal, laboratoriesjeF i Nemko, svarer:

– Det er avhengig av kva du ser etter. Dei nye pærene er meir energi vennlege enn dei gamle glødepærene. Samtidig er dei

samansette av fleire elektro-niske komponentar og potensielle miljøgifter.

Ledaal seier EU arbeider med å setje strengare miljøkrav til dei nye lyspærene, men han legg til:

– Dei nye krava kan gå utover kvaliteten på lyset. Det er vanskeleg å kombinere dei tre krava: energi effektivitet, miljø kvalitet og lys kvalitet.

Vi skal alltid levere brukte lyspærer til spesialdeponi. Alle butikkar som sel lyspærer, pliktar å ta imot brukte pærer.

Særleg er kvikksølvinnhaldet i enkelte sparepærer kritisert, og

det er riktig at kvikksølv kan leke ut dersom sparepæra blir knust. Kvikksølvinnhaldet er likevel lavt, og dampen er lite skadeleg for menneske. Tørk opp med ein våt klut og få restane ut av huset for å vere sikker. No har det dessutan komme sparepærer utan kvikksølv på marknaden.

8

Page 9: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Sparer du pengar på lavenergipærer? Vår energi har samanlikna kostnader ved bruk av den gamle glødepæra med nykomlingane.

den gamle: • Glødepære på 60 watt med 2500 timar levetid til 5 kroner.de nye:• Sparepære på 11 watt med 10 000 timar levetid til 50 kroner.• Halogenpære på 42 watt med 2000 timar levetid til 20 kroner.• LED-pære på 7 watt med 45 000 timar levetid til 350 kroner.

sparepæreInnkjøp: 50 kronerBruk: 11 W x 10 000 timar x 0,90 kr/kWh = 99 kronerTotalt: 149 kronerVanleg lyspære Innkjøp: 5 kroner x 4 lyspærer = 20 kronerBruk: 60 W x 10 000 timar x 0,90 kr/kWh = 540 kronerTotalt: 560 kroner

Du sparer 411 kroner per sparepære

halogenpæreInnkjøp: 25 kroner (levetida til glødepæra krev 1,25 halogenpærer)Bruk: 42 W x 2500 timar x 0,90 kr/kWh = 94,50 kroner Totalt: 119,50 kronerVanleg lyspære Innkjøp: 5 kronerBruk: 60 W x 2500 timar x 0,90 kr/kWh = 135 kronerTotalt: 140 kroner

Du sparer 20,50 kroner per halogenpære

led-pæreInnkjøp: 350 kronerBruk: 7 W x 45 000 timar x 0,90 kr/kWh = 284 kronerTotalt: 634 kronerVanleg lyspæreInnkjøp: 5 kroner x 18 lyspærer = 90 kronerBruk: 40 W x 45 000 timar x 0,90 kr/kWh = 1620 kronerTotalt: 1710 kroner

Du sparer 1076 kroner per led-pære.

kilDe: lYskultur

foTo: presseBilder fra leverandØrene

Dette må du vite om dei nye lyspærene

på å gi effektivt lys. Dei passar derfor best til bruk innandørs. Enkelte sparepærer kan du dimme.

Halogenpærer bruker du på stader der fargeattgiving er viktig, som kjøkken, bad og arbeidsrom. Halogenpærer til lavvolt (12 V) må ha ein transformator i tillegg. Ein slik transformator kan du kjøpe saman med lyspæra. Ei lavvolt halogenpære er mykje meir energieffektiv enn ei glødepære. Alle halogen-pærer kan dimmast. Men ver merksam på at halogenpærer kan bli svært varme. Det er viktig å halde avstand frå pære til brennbart materiale og velje riktig lampe.

LED-pærer fungerer like godt utandørs som innandørs. Mange LED-pærer kan dimmast, men her er det store variasjonar. Spør før du kjøper. Også fargen på lyset kan variere. Det kan vere formålstenleg å bruke same fabrikat dersom fl eire pærer skal lyse opp same fl ate. LED-pærer kjem i mange fargevariantar i tillegg til klassisk kvitt lys.

TeksT: sigurd oland nedrelid

illusTrasjonsfoTo: therese hansen

9

Page 10: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

Kraftsektoren har behov for fleire kloke hovud – og frir til dei unge.

– kraFtsektoren jobbar for å svare på klima-utfordringa og mette energibehovet i verda, seier Christine Meling, gruppeleiar for forsking og utdanning i Energi Norge.

Meling meiner at kraftbransjen har sikre arbeidsplassar med gode utsikter.

– I kraftsektoren har vi eit stort mangfald av jobbar over heile landet. Næringa er i vekst, og vi har behov for fleire tusen nye medarbeidarar i åra framover.

Dette er yrka kraft-bransjen siklar etterenergimontøren byggjer, driftar og held ved like straumnettet heile vegen frå kraftstasjonen til forbrukarane. Dette er førstelinjeforsvaret til kraftforsyninga – ein viktig jobb for for enkelt-menneske, industri og samfunn elles.

energioperatøren driftar og held ved like kraftverk og transformatorstasjonar. Energioperatøren jobbar tradisjonelt med vass-kraftverk, men også med produksjonsanlegg for bioenergi og vindkraft.

elkraftingeniøren jobbar med generatorar, kraft elektronikk og høgspenningsteknikk. Dette er kjerne teknologien i energiproduksjon. I åra framover skal den elektriske infrastrukturen byggast ut. Dette krev framtidig auka kompetanse i informasjons teknologi for elkraftingeniørane.

byggingeniøren med spesialisering innan vasskraft planlegg vasskraftprosjekt, reknar ut energi potensial og prosjekterer demningar og vasskraftverk. Dei seinare åra har det blitt viktigare å ta miljøomsyn når større utbyggingar skal gjennomførast.

Maskiningeniøren moderniserer, driftar og held ved like kraftanlegg, og utviklar nye anlegg. Arbeidsoppgåver kan vere ansvar for det maskintekniske utstyret i kraftstasjonar og vass-vegar, rehabilitere kraftstasjonar og planleggje, byggje og drifte nye kraftverk.

TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: varanger kraft

Vil ha deg!

10

Page 11: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

etter våren og sommaren kjem vinteren raskt. Puss opp no, og møt den kalde årstida i ein energi effektiv heim.

oM lag 65 prosent av energibruken i heimen går til oppvarming. Vurder energisparande tiltak samtidig med anna oppussingsarbeid.

Har du mistanke om at bustaden din lek varme? Då kan termo-fotografering vere noko for deg. Termofotografering gir over-sikt over luft lekkasjar og dårleg isolering i bustaden din.

– Særleg i vintermånadene, når temperaturskilnaden inne og ute er størst, kan det vere store energi tap i bustader. Vi trur mange vil bli overraska når dei ser kor mykje varme bustaden deira lek, og kvar lekkasjane er, seier seniorrådgivar Roar Hugnes i Enova.

Termofotografering kostar frå om lag 5000 kroner til opp mot 20 000 kroner, avhengig av kor detaljert rapporten skal vere, og blir utført av fagfolk.

tettelister. Det finst rimelegare framgangs måtar når du vil fi nne ut om bustaden har luftlekka-sjar, særleg langs lister. Du kan føre eit tent lys langs listene rundt vindauge, vegger og tak. Rørslene i fl ammen vil indikere om det er trekk.

Du kan enkelt tette luft-lekkasjar langs listene. Demonter listene og fyll mineralull i fuga mellom veggkonstruksjon og kar. Lekkasjar mellom vindaugskarm

og rammer og i dører kan du stoppe ved å setje inn tette lister av silikon.

Pengane har du spart inn etter eitt år. Nye tettelister til vindauget vil typisk gi ei årleg innsparing på 100 kilowattimar, opplyser Roar Hugnes. Bruker du 70 kroner på tettelister til vindauge i vår eller i sommar, har du spart inn pengane på lågare energibruk allereie etter eitt år når straumprisen er 70 øre per kilowattime. Har du ti vindauge i bustaden din, sparer du 700 kroner i året.

etterisolering. Etterisolering av tak med kaldloft er eit effektivt tiltak som du kan utføre sjølv. Bruker du 10 000 kroner på isolasjon av loft, har du innan tre år spart inn investeringa gjennom lågare straum utgifter, viser utrekningar frå Enova.

– Etterisolering av vegger og loft får bustaden til å halde på varmen. Du aukar bukomforten, reduserer straumrekninga og sparer miljøet. God isolering aukar samtidig verdien på bustaden, seier seniorrådgivar Roar Hugnes i Enova.

Det største varmetapet har du likevel gjennom vindauga. Etterisolering av yttervegger med bytte av vindauge til helst 3-lags lågenergi vindauge er kostbart, og du bør derfor sjå slike tiltak i samanheng med nødvendig oppgradering av bustaden.

Effekten av etterisolering er truleg sterkast dersom bustaden din er eldre enn 20 år. Så seint som på 1980-talet var kravet 10 centi meter isolasjon. I dag er kravet 25 centi-meter tjukk isolasjon i veggene.

TeksT: sigurd oland nedrelid

foTo: therese hansen

slik kuttar du i straumrekninga

Puss opp i sommar – spar pengar i vinter

Biletet viser eit oppussingsprosjekt der du bør bruke tettelister for å spare straum. Før eit tent lys langs lister, rundt vindauge, vegger og tak. Ei fl amme som blafrar vil indikerer at det er trekk.

11

Page 12: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

kontakt Enova Svarer for gratis råd som kan redusere energibruken i bustaden din.800 49 003 eller epost: [email protected]

Få pengar til energisparingMed Enovas støtteordningar kan det bli endå meir lønnsamt enn før å installere energisparande oppvarmingskjelder i heimen din.

Tilskottsordninga dekkjer inntil tjue prosent av kostnaden inntil ein maksimalsum. hugs å søkje før du kjøper.

Din bustad:

Skreddarsydde straumsparetipsEnovas energimerkekalkulator gir deg råd om tiltak som sparer energi-bruken i bustaden din.

Det er ikkje krav om innlogging eller forkunnskapar for å bruke kalkulatoren på www.enova.no

Kalkulatoren skal ikkje erstatte energimerkeordninga. Energi-merkeordninga krev at alle bustader som blir selde eller leigde ut, skal ha energiattest.

Slik isolerer du loftet – seks enkle stegFør du set i gang:1 Rekn ut kor stort loftet ditt er. Kjøp

inn nok isolasjonsmateriale og vindpapp.

2 Kjøp dette utstyret: Klede som dekkjer det meste av kroppen. Tynne hanskar. Maske som kan dekkje munnen. Ein kniv som er konstruert for å skjere i isolasjonen.

Slik går du fram:3 Start alltid i eit hjørne. Ver nøyaktig med måling og skjering.4 Mål opp kor store isolasjonsmattene skal vere, skjer til og pass på at

mattene dekkjer godt.5 Skjer ein stor nok bit av vindpappen. Legg vindpappen rundt

isolasjonsmatta.6 Hald fram slik med lagvis legging av isolasjon og vindpapp. Fleire lag vil

gi betre isolasjon.

Vær merksam på at også loftet må ha sirkulasjon av luft. Lag lufteluker. Stapp ikkje isolasjonen heilt ut i rafta. Pass på at det blir minimum fem centimeter klaring. kilDe: enova

foTo: enova, glava

Desse elinstallasjonane kan du utføre sjølv• Skifte deksel for koplings-

boksar, brytarar og stikkontaktar. Alt utanom den veggfaste delen.

• Montere og skifte varme-omnar dersom dei har rørleg leidning og støypsel.

• Kople opp eller skifte topola skøyte kontaktar i rørleg leidning til og med 25 ampere med og utan jording.

• Kople opp eller skifte topola skøytekontaktar og apparat-kontaktar til og med 16 ampere med og utan jording.

• Kople til og reparere lampettar, bordlampar og liknande med rørleg leidning. Dette inkluderer også brytarar på leidningen.

• Kople til og skifte lampar som heng i takkrok eller liknande, som er tilkopla med støypsel, stikkontakt, kronklemme eller sukkerbit. Dette er likevel ikkje lovleg dersom ein kan sjå på lampane som ein del av den faste installasjonen. Dessutan må det vere strekkavlasting på sjølve leidningen, slik at kontaktane ikkje blir fysisk belasta.

• Skifte andre lysarmaturar i tørre rom med isolerande golvdekke.• Alt anna må utførast av ein registrert elinstallatør.kjelDe: nelfo

foTo: thoralf olsen/dn

Unngå elektriske brannarNesten halvparten av alle brannar med kjend årsak oppstår i samband med elektrisk utstyr.

Det er viktig at det elektriske anlegget blir kontrollert av ein fagperson med jamne mellomrom – om lag kvart femte år.

Du må alltid følgje brukar rettleiinga når du har å gjere med eit elektrisk apparat.

La elektrikaren gjere jobben sinMange ønskjer å spare tid og pengar på å gjere jobben som hobbyelektrikar. Færre tenkjer på at det både er ulovleg og livsfarleg.

Som huseigar er du ansvarleg for å bruke registrert elinstallatør ved utføring av elektriske installasjonar. Det er svært lite du har lov til å gjere sjølv.

foTo: elMer laahne/norsk Brannvernforening

12

Page 13: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

TeksT: advokat inge a. fredriksen, partner i advokatfirMaet nordia da foTo: geir olsen

Jussråd frå advokat Inge A. Fredriksen

Er alt i orden?i verdas rikaste land har svært mange av oss fritidsbustader. standarden er minst like høg som heime, og vi har all komfort vi kan ønskje oss. bad og badstove er det sjølvsagt at vi har, og mange har også utandørs jacuzzi.

strauM På hyttene fekk de fleste for lenge sidan, men det nye er at no må straumen alltid stå på fordi fryseboksen er full av godsaker. Temperaturen inne må vere minst 10–12 grader for at ein del av kombiskapa skal fungere. Vatnet må jo heller ikkje fryse inne – eller ute i jacuzzien.

Det er sølvsagt eit teikn på høg tillit når alle reknar med at nettselskapet legg alt til rette slik at hytta alltid har straum, også i dei vekene og månadene vi ikkje er der sjølve, og dermed ikkje kan følge med. Vi lever farleg dersom vi også reknar med at nettselskapet «tek rekninga» dersom jacuzzien botnfrys og må reparerast for høge summar. Like ille er det dersom fryse-boksen med illeluktande innhald må kasserast fordi det har vore eit straumbrott som ikkje er

reparert fordi nettselskapet rett og slett ikkje visste om det.

Lavspenningsnett overvaker vi ikkje (endå på nokre år) automatisk. Nettselskapet veit derfor oftast ikkje om at det er straumlaust i fritids-bustaden din før nokon (du sjølv eller den som «ser etter» for deg) varslar nettselskapet om dette. Då er det ofte for seint. Vasskadane har skjedd, maten i fryseboksen er øydelagd, og jacuzzien må ha totaloverhaling.

Nettavtalen § 4-2, siste ledd har derfor ein regel som pålegg kunden, utan unødvendig opphald, å melde frå til nettselskapet dersom det skjer noko i eige anlegg og utstyr. Til dømes at det er straumlaust. Nettselskapet må få varsel for å vite at noko er gale og må rettast.

Konsekvensen er som oftast at nettselskapet ikkje er erstatningsansvarlig for tap som er ei følgje av at varselet kjem for seint, og skaden alt har skjedd.

Sjølv om nettselskapet i nokre tilfelle skulle vere erstatningsansvarleg, har kunden taps-avgrensingsplikt. Etter nettavtalen § 13-5, første ledd pliktar kunden å avgrense tapet sitt med rimelege middel. Forsømer kunden dette, kan erstatninga setjast ned med den summen ein kunne unngått dersom kunden hadde hatt ei rimeleg skadeavgrensing.

Skadeavgrensing vil i denne samanhengen seie tilsyn så ofte at det er i samsvar med kor sårbart det er som ein må ha straum til. Godt nok tilsyn i hus der det ikkje er nokon dagleg, og der det er behov for ubroten straumlevering, vil normalt innebere at kunden må installere varsling sjølv. Varslinga må då gi melding om at det er for lav temperatur i hytta og/eller at heile eller delar av anlegget er utan straum. Berre då kan det reagerast raskt nok til å unngå uheldige skadar og tap som nettselskapa ikkje svarer for.

Nettselskapet er som oftast ikkje erstatnings -ansvarleg for tap på grunn av at varselet kjem for seint, og skaden alt er skjedd.

13

Page 14: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

foTo: applekliPP Her

Konkurranse test kunnskapane dine etter du har lese Vår energi:

1 Kvifor blir nettleiga fastsett av styresmaktene?

Svar: A: Det er ein kommunal skatt B: Fordi kraftnettet er eit naturleg monopol C: EU-direktivet om energibruk krev det

2 Kva er AMS?

Svar: A: Smarte straummålarar B: Avvikla metriske stigar C: Moderne lyspærer

3 Kva heiter stormen som råka Noreg i 2011?

Svar: A: Ragnar B: Dagmar C: Hegnar

4 Kor stort utbytte tok kommunane som eig kraft- og energiselskapa i 2011?

Svar: A: 2,1 milliardar kroner B: 3,4 milliardar kroner C: 4,2 milliardar kroner

5 Kva avtaleform mellom straumkunde og straumleverandør er den mest vanlege?

Svar: A: Standard variabel pris B: Fastprisavtale C: Marknadspris med påslag

6 Kor mykje vil det om lag koste for tettelister til vindauget?

Svar: A: 70 kroner B: 450 kroner C: 700 kroner

Send løysing på konkurransen innan 16. august 2013 til:Vår EnergiPostboks 1182 Sentrum, 0107 OSLO Merk konvolutten «konkurranse 1-13»

Vi trekkjer ein vinnar som får ein iPad!

Namn:

Adresse:

Postnr/-stad:

Vi gratulerer vinnaren av ein iPad i Vår Energi nr 2 i 2012:

Stine Frilund, 6350 EIDSBYGDA

14

Page 15: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

energi-kryss

Send løysing på premiekryssordet innan 16. august 2013 til:Vår Energi Postboks 1182 Sentrum, 0107 OSLO Merk konvolutten «kryssord 1-13»

Vi trekkjer ein vinnar som får ei elektronisk kjøkkenvekt i rustfritt stål

Namn:

Adresse:

Postnr/-stad:

Riktig løysing frå nr 2-2012:Lav strømpris og mye vann i magasinene

Vi gratulerer vinnaren av ei elektronisk kjøkkenvekt i Vår Energi nr 2 i 2012:

Vanja Katrine Ring Jensen, 9151 STORSLETT

15

Page 16: NR 1. VÅRUTGÅVE 2013 31. årgang LIVSSTILSMAGASIN FRÅ …€¦ · Mobilbruk vil bli viktigare. Arve Hovdenakk er nettsjef for Tussa Nett, eit av selskapa som vart hardast ramma

returadresse:Energi Forlag ASChristian Krohgs gate 16Postboks 1182 SentrumNO-0107 OSLO

Lanserer magisk bokssamlar alt innhald frå familien på ein stad.

ei aV dei viktigaste nyhenda frå Samsung i år er Homesync, eit mediesenter som på «magisk» vis skal samle all digital informasjon som ein har liggjande på ulike einingar i familien. Dei fleste norske familiar har minst fem pc-ar, nettbrett og telefonar der det blir lagra dokument, bilete og video.

Homesync inkluderer ein harddisk på 1000 gigabyte, eller 1 terabyte, som ein kan lagre alt dette på. Overføringa skjer

automatisk og trådlaust etter at boksen er sett opp.

Privatliv. For å sikre privat-livet til kvar einskild brukar kan ein registrere fleire brukarar på boksen, og alle får tildelt private lagringsmapper som berre dei sjølve kan bruke.

Homesync koplar du til tv- apparatet eller forsterkaren i stova slik at du enkelt får lyd og bilete ut på ein stor skjerm og ut av eit skikkeleg anlegg. Dermed kan

du vise film eller spele musikk frå den dingsen du sjølv ønskjer, og utan å måtte styre med kablar.

Saman med lagringa tilbyr Samsung eit nettlager som er like stort som det interne lageret i boksen. Dermed får du ein kopi utanfor heimen og ein måte å få tilgang til innhaldet på når du ikkje er heime.

eigentleg eit nettbrett. Den siste nøkkelfunksjonen til Homesync er at den i praksis er ein Android-basert smarttelefon utan skjerm og knappar. Du kan bruke nettlesar og laste ned alle appar som også kan brukast på telefonar og nettbrett.

For dei som allereie kjenner Apple TV, er det heilt riktig å gå ut frå at dette er Samsungs svar. Storleiken er også den same, om lag så stor som tre cd-ar stabla oppå kvarandre.

Ein fordel Samsung har framfor Apple, er at den støttar langt fleire typar produkt enn berre Samsung sine eigne.

Samsung Homesync blir tilgjengeleg i norske butikkar i april til ein rettleiande pris på 2500 kroner.

TeksT: Magnus eideM

foTo: saMsung

Samsung Homesync er om lag så stor som tre cd-ar stabla oppå kvarandre.

16