nysgjerrigper 2016 · hypotese 1: fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på...

19
Nysgjerrigper 2016 Prosjekt kvitveis. «kvifor lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje raud og grøn?» 4. klasse Tokke Skule (Tokke, Vest -Telemark)

Upload: others

Post on 04-Jul-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Nysgjerrigper 2016

Prosjekt kvitveis.

«kvifor lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje raud og grøn?»

4. klasse

Tokke Skule (Tokke, Vest -Telemark)

Page 2: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Dette lurer eg på

3. klasse ved Tokke skule hadde om blomar våren 2015 (nå 4. klasse). Me snakka om kva

forhold blomane treng for å leve, og ville sjå nærmare på behovet for vatn. Me fant ut at me

ville legge konditorfarge i vatn, og sjå om blomane blei farga.

Resultatet skapte stor nysgjerrighet. Kvitveisen som var blomen me valte ut, ville nemlig bare

farge seg blå og ikkje raud og grøn. Elevane kom fort med ulike forklaringar på kvifor dei

trudde det var slik. Plutselig var me i gang med eit eige og nytt nysgjerrigpersprosjekt, med

problemstillinga

– kvifor lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje grøn og raud?

Me jobba med prosjektet ut våren, og fortsette arbeidet i 4. klasse med telefonar, mail, og på

blomsterbesøk.

Kvifor er det slik

Sivert har teikna frå forsøket.

Dei fyrste nysgjerrigper-timane, snakka me om problemstillinga me hadde kome fram til.

Elevane hadde mange ulike forklaringar på kvifor kvitveisen lar seg farge blå, og ikkje grøn og

raud. Til saman hadde me 6 ulike hypotesar me ville sjå nærmare på.

Me snakka mykje om kva blomane treng for å leve, og samanlikna det med menneske. Ei hand

kom opp i veret og kom til å tenkje på at søvn er viktig. Kanskje det er viktig for blomane

også? Kanskje dei er mest opplagte til å suge til seg væska på morgon? Slik vart den fyrste

hypotesa til.

Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte.

Kor langt ned i jorda blomen går, var også eit tema me kom inn på. Ofte når ein riv opp noko frå jorda, kan ein få med seg både røter og anna jord. Det kunne kanskje tette det røret som vatnet gjeng gjennom. Den andre hypotesa vart difor:

Page 3: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Hypotese 2: Stengelen kan fort bli øydelagt av å bli riven opp å jorda, og me må derfor klippe i staden.

Når me er ute og spring, bruke me lenger tid visst me skal springe langt. Kanskje blomane som vart farga blå hadde ein kort stengel? Då blei ikkje vegen så lang for blåfargen. Kanskje me må prøve ulike lengder på stengelen for å sjå om me hjelper raud- og grønfargen opp. Ja, slik kom med fram til den hypotese nummer tre:

Hypotese 3: Lengda på stengelen er viktig for om fargen vil bli trekt opp.

Me er forskjellige, og kanskje fargane er forskjellige og treng ulike tid på å kome fram. Slik kom me fram til den fjerde hypotesa, som måtte testas ut.

Hypotese 4: Grønfargen og raudfargen treng lenger tid enn blåfargen.

Alt er laga av forskjellige ting, og bygd opp på ulike måtar. Kanskje dei ulike konditorfargane

he heilt forskjellig innhald. Her kom dei fram til ein kjemisk forklaring på problemstillinga, som

gav oss den femte hypotesa:

Hypotese 5: Det er forskjellige innhald i konditorfargane, som gjer at blomen bare vil ta til seg

den blå fargen.

Tilslutt var det fleire elevar som var opptatt av at me menneske tåler forskjellig, og kanskje er

blomane også slik. Kanskje kvitveisen er bygd opp slik at det bare gjeng an å hente opp den

eine fargen. Den sjette hypotesa vart difor:

Hypotese 6: Blomane klarer bare å hente opp den blå fargen, fordi den tåler ikkje den raude og

grøne fargen.

Legg ein plan for undersøkelsen

Korleis skal me finne svar på spørsmålet vårt?

Neste gong me hadde nysgjerrigper-time saman, såg vi på nytt på dei 6 hypotesane våre.

Korleis skal me finne ut om hypotesane stemmer? Kven kan me snakke med for å finne svar?

Nokre meinte me måtte ta for oss ein og ein hypotese, og finne ut om dei stemte. Det blei me

fort einige om at kunne vere lurt.

Me må nok snakke med nokon skikkelige ekspertar sa elevane i 3. trinn. Det kan nok vere lurt

å ringe nokon som kan mykje om blomar. Kanskje dei på blomsterbutikken kan gje oss ei

forklaring? Kanskje ville dei som lagar konditorfargane hjelpe oss?

Me måtte skrive ned kva alle sa, og ta bilete av alt me gjorde.

Page 4: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Ut for å hente opplysningar

Det fyrste elevane ville var å plukke fleire blomar – og gjere ulike forsøk opp mot hypotesane

dei nå hadde laga. Dei ville teste ut om tida ein plukka blomane hadde noko å seie for om

blomane tok fargen til seg eller ikkje. Dei ville klippe blomane, og la de vere i forskjellige

lengder. Dei kom fram til at dei ville ha ein stengel på 2, 4 og 6 cm. Hadde tida noko å seie? Ja,

då lot dei blomane ligge over lenger tid.

Elevane fant ein eng med kvitveis. Her plukkar dei med seg mange blomar for å ha med seg

tilbake til skulen.

Har det noko å seie om me riv eller klipper blomane? Det var ei av hypotesane. Her tar Rosa i

bruk saks, for å sjå om det kan ha ei betyding.

Page 5: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Aleksander, Olav og Even målar opp blomane i riktig lengde. Dette for å teste ut hypotesa om

at lengda på stengelen har noko å seie.

Stengel på 2 cm.

Page 6: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Stengel på 4 cm.

Stengel på 6 cm.

Konditorfargane me tok i bruk på alle blomane.

Page 7: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Sebastian og Linus fyller opp glas med vatn og konditorfarge. Me er i gang!

Me hadde alltid rund 20-25 dråpar med konditorfarge i vatnet. Kanskje me må sjekke kor

mange dråpar som skal ti for å lage farge? Me prøvde med 5 dråpar, og denne kvitveisen vart

også farga blå. Den blei litt ljosare, men blå blei den. Det har dermed noko å sei kor

konsentrert veska er. Dei andre lot seg ikkje farge om me dobla antall dråpar til 40.

Her er dei godt i gang med å hente ut opplysingar for å teste ut om hypotesane deira

stemmer. Me snakka mykje om forskerar undervegs, og kor viktig det er at me testar ut

hypotesane fleire enn ei gong.

Page 8: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Desse kvitveisane hadde dei klypt med saks.

…. Og desse, blei riven av for hand.

Blå i 6 cm, grøn i 4 cm og raud i 2 cm. Dette prøvde dei ut med ulike lengde i dei forskjellige

fargane.

Page 9: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Dei følgde heile tida med på klokka, for å ha ein oversikten over kor lang tid det tok å kome

farge.

Etter ca. 8-10 min, viser blåfargen seg allereie på kvitveisen.

Ingen teikn til noko raudt på kvitveisen i den raude væska.

Page 10: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Heller ikkje i den grøne væska var det teikn til noko grønt blomen. Me lot dei ligge lenge, for å

sjå om fargen kom smygande etterkvart. Det var ingen teikn til verken raudt eller grønt på

blomane.

I tillegg var dei ivrige elevane ut på ulike tider av døgnet, for å sjå om tidspunktet kvitveisen

blei plukka hadde noko å seie. Dei var ute klokka 09.00, 12.00, 15.00 og på kveldstid heime

klokka 18.00.

Det kom eit innspel frå ein elev om at både grønfargen og raudfargen kanskje kunne vere

vanskeligare å sjå. Dette måtte me sjekke ut. Derfor tok me i bruk mikroskop. Her er Håkon

godt i gang med å studere ein kvitveis som har ligge i grøn blanding.

Page 11: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Forskarane Olav, Aina og Heidi på blomsterbua. Ikkje langt frå Tokke skule ligg den lokale

blomsterbua på Dalen. Kanskje dei ansatte her har nokon gode forslag til kva grunnen kan

vere?

Dei ansatte hadde ikkje nokon forklaring på kvifor dei trudde detta skjedde. Dei visste at andre blomar blei farga på denne måten, men at dei kunne ikkje forstå kvifor kvitveisen ikkje let seg farge grøn og raud. Dei sendte med tre nellik, slik at me skulle få sjå at det gjekk. Me kom i kontakt med ei dame som har feriehus i Tokke, som kom med eit innspel til

prosjektet. Ho sa det fantes gulveis, og sa kanskje kvitveisen ville trekke opp gul, likt som blått

sidan det også fantes blåveis. Me plukka nye kvitveis, men opplevde at heller ikkje gul lot seg

trekke gjennom. Kva er det som er så spesielt med denne blåfargen då?

For å hente fleire opplysningar treng me snakke med nokon skikkelige ekspertar. Kanskje me

må ringe til dei som lagar flaskene med konditorfarge?

Her er dei i gang med å finne ut kva kvar flaske konditorfarge inneheld. Etter det må me ta ein

telefon å høyre kva dei trur i forhold til innhaldet i flaskene.

Page 12: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Etter at elevane fant ut kva flaskene inneheldt. Dei fant ut at fargestoffa var forskjellig, og nå

ville dei på internett for å finne ut meir om dei ulike fargestoffa.

Heidi i telefonen med Hilde Myhre, produktutviklar for konditorfargane me har tatt i bruk i

forskinga. Her lærte me meir om dei forskjellige fargestoffa.

Forskjellige ekspertar med kontakta var:

Ei nettside kor ein kunne spørje ein biolog om spørsmål.

Me forklarte kva me hadde prøvd ut, og korleis opplevingar me hadde. Til svar fekk me:

«Hei! Så morsomt forsøk dere har gjort =)

Page 13: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Jeg vet at både rød, blå og grønn konditorfarge fungerer på nellik og tulipan, og ser ingen god grunn til at det ikke virker på hvitveis. Er det forskjellige barn som har plukket de tre bukettene? Kan stengelen være brutt av på ulik måte - kanskje noen kan ha vært knepet av slik at ledningsstrengene har blitt presset sammen og ikke klarer å trekke opp vann? Eller at noen har tørket litt inn og dermed ikke klarer å trekke vann? (Men da ville de vel visnet, og du hadde vel ikke sendt inn spørsmålet...) Jeg har spurt to plantefysiologer som heller ikke hadde svar. Vi tenkte litt på om fargestoffene (de kjemiske stoffene) i grønn og rød konditorfarge var større enn i blå, og derfor diffunderte saktere opp i blomsten, men forskjellene er ikke store nok til at det skulle ha noen virkning. Jeg har altså dessverre ikke noe svar på hvorfor dere ikke får røde og grønne hvitveis. Ble nysgjerrig og undersøkte selv (hadde bare rød og grønn konditorfarge) men jeg fikk heller ikke farge. Hvis du skulle finne svar på noen annen måte, eller gjenta forsøket og få annet resultat, er jeg veldig interessert i høre om det. Mvh Marit Grønbech»

Mail til ein bloggar – www.moseplassen.no

Følgjande mail sendte elevane:

«Hei!

Me er 14 elevar i 3. klasse som har ei prosjekt om kvitveis. Me har i nokre veker prøvd å farge

kvitveis. Resultatet har vore at kvitveisen lar seg farge blå, men ikkje raud og grøn. Me har

meldt oss på nysgjerrigper konkurransen (sjå nysgjerrigper.no), med problemstillinga; kvifor

lar kvitveisen seg farge blå, men ikkje grøn og raud?

Me har valt å forholde oss til ein type konditorfarge, og det er "mors hjemmebakte

konditorfarge".

Tidligare i dag har 3 stk frå klasse vore å fått tak i ein anna type kvit blom, for å teste det ut på

desse. Me fekk 3 nellik.

Har du nokre forslag til kva som kan vere grunnen til dette?

Håper på tilbakemelding frå deg.

Helsing 3. klasse på Tokke skule».

Her fekk me aldri noko svar.

Me prøvde å ringe ein biolog frå Høgskulen i Sørøst-Norge:

Me kom aldri i kontakt med nokon her.

Page 14: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

I tillegg ringte me til NTNU for å høyre om det var nokon Planteekspertar som kanskje kunne gi

oss ei forklaring:

Me kom i kontant med forskjellige personar, som var usikre på dette. Til slutt blei me satt

over til ei dame som heiter Vibekke Vange. Ho arbeider ved botanisk hage i Trondheim og

hadde følgjande uttale:

«Dette høres veldig spennende ut. Jeg kommer ikke på noen logisk forklaring på problemet

deres i farten. Jeg vet det gjøres forsøk ved å splitte stengelen, og at det går an å farge den

halve blomsten for eksempel blå. Enten må det være en kjemisk forklaring i forhold til

konditorfargene, eller noe med blomsten. Er det blomsten ser jeg to mulige forklaringer. Enten

vil ikke blomsten ta opp de to fargene, eller så tar blomsten opp fargen – men bryter den ned

igjen visst fargene ikke er like holdbare.

Gøy at du sendte med noen bilder. Veldig overbevisende og artig! Kult at dere tester ut ulike

hypoteser på skikkelig vis. En annen hypotese som ble diskutert her, men som jeg ikke tror er

riktig, er at alle fargene er tatt opp i blomstene, men at blomstens hvitfarge kamuflerer den

røde og den grønne fargen - og ikke den blå.

Jeg har en bekjent som skriver lærebøker i biologi, som jeg skal kontakte. I tillegg skal jeg

sende en mail til en plantefysiolog på NTNU, som heter Richard Strimbech.

Mvh.

Vibekke Vange, ved botanisk hage»

Derfor fekk me enda ein kontaktperson i prosjektet, som ga oss følgjande svar:

«Richard Strimbech sendte oss ein mail, med følgjande innhald;

Litt usikker på det her, men det kan være et membrankryssing-problem. Blå «får lov» til å gå

inn i cellene, men ikke de andre fargene. De bør være mer eller mindre like mobile i xylemet, og

både nedbryting og kamuflasje virker usannsynlig for meg.

Mvh.

Rich».

Bak på konditorflaskene sto telefonnummer til Idun, som sel konditorfargene:

Me blei informert om at Idun ikkje hadde ansvar for produksjon og innhald, men salg. Me blei

derfor sendt videre til Hilde Myrhe som er produktutvikler for «mors hjemmebakte

konditorfarge». Ho gav oss følgjande informasjon:

Konditorfargane består av vann, propylenglykol og fargestoff. Det er fargestoffa som skil

desse tre flaske frå kvarandre, og dei ulike fargestoffa har ulike eigenskaper. Dei er bygd opp

forskjellig, som kanskje kan gje utslag.

Page 15: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Den blå består av E131, som er patent blå V. Denne er kunstig framstilt.

Den grøne består av E141, som er klorofyll og noko kobbar. Denne er naturlig framstilt.

Den raude består av E100, som er kurkumin. Denne kjem frå krydderet gurkemeie. I tillegg

består den av karmin, som er framstilt av ein type lus. Denne er også naturlig framstilt.

Den grøne og raude er altså naturlige framstilt, og den blå er ein rein kjemisk samansetting.

Heidi som ringte til Myhre, kom med to oppfølgingsspørsmål;

- Er det meir fargestoff i den blå enn i raud og grøn?

- Er den blå, som er kunstig framstilt sterkare?

Her svarer ho at det er større mengder i den blå, enn i raud og grøn. I tillegg er den blå

sterkare enn dei to andre fargane, da naturlige stoff som oftast ikkje er like sterke som

kunstige.

Etter telefonsamtala informerte Heidi resten av klassa om kva Myhre hadde sagt i telefonen.

Dette fant me ut

Her er Elin og Ingrid Karine med hendene fulle av kvitveis. I arbeidet rundt hypotese 1 plukka

me blomar til forskjellig tid. For å sjekke ut hypotesa om tid på døgnet var avgjerande, plukka

dei både i skuletida og heime. Dette ga ingen resultat.

Page 16: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Bilde sendt frå ei mor. Even og Håkon forskar heime for å finne ut om hypotese nummer 1

stemmer.

I arbeidet rundt hypotese 2 var det ekstra spenning, sidan Marit Grønbech hadde nevnt noko

likande i sin forklaring. Ho skreiv at ledningsstrengene kanskje kunna blitt pressa saman, og

ikkje ville kunne trekke opp vatn. Dei klipte og dei reiv og gjentok prosessen fleire gonger,

men blåfargen viste seg på kvitveisen både på riven og klipt blom.

I den tredje hypotesa ville dei sjekke ut om lengda på stengelen hadde noko å seie. Det blei

dermed litt matematikk i forskinga, og dei målte flittig opp med linjal for å få nøyaktig den

lengda dei hadde blitt einige om. Uansett om stengelen var 2, 4 eller 6 cm, kom kun blåfargen

til syne.

I tillegg testa me ut om kvitveisen treng lenger tid med raud- og grønfargen. Me lot det stå frå

morgon til skuleslutt, og det ga ingen antydning til farge. Me lot blomane ligge over natta, og

til og med då kom det ingen farge.

Page 17: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Slik såg blomane ut neste morgon. Det ser ut til at kvitveisen i den raude og grøne blandinga

har dødd, men kvitveisen i den blå blanding er friske og opplagte – og med mykje farge fordelt

på blomen.

Dermed kunne me konkludere med at verken hypotese 1,2,3 eller 4 stemte – og me kunne

utelukke dei fire fyrste hypotesane i prosjektet.

Det er nå 2 hypotesar igjen. Hypotese 5 og 6.

Vibekke Vange kom med litt forskjellige tankar. Det kunne vere innhaldet i flaskene, eller noko

med blomen som gjer at fargen ikkje kjem til syne. Elevane kom fort inn på innhaldet i

flaskene, og det var på tide å sjå nærmare på det. Etter samtala med Myhre, blei dei enda

meir overbevist om at det er forskjellen i konditorfargane som er grunnen til at me kun klarer

å få den blå fargen opp i kvitveisen. Derfor konkluderte dei med at det var ein kombinasjon av

både hypotese 5 og 6 som muligens stemte. Kvitveisen vil kun ta til seg den blå fargen, fordi

den he egenskaper og bygd opp slik at blomen lar deg trekke til seg fargen. Kvitveisen vil ikkje

sleppe gjennom den grøne eller raude fargen, då den er laga av materiale frå naturen.

Fortel til andre

Elevane er stolte av prosjektet dei har arbeidt med i slutten av 3. klasse og i 4. klasse, og det

er viktig å la dei få vise fram produktet sitt. Me har nokon ynskje om korleis me skal få delt

erfaring og kunnskap.

Me har kontakta VTB, som er den lokale avisa i Vest-Telemark. Dei var positive til å

lage ein artikkel som viser innhaldet i prosjektet, og kva me har arbeidt med.

Det nærmar seg vår og avslutningar. Avslutninga me skal ha med klassa og foreldra, vil

i år inkluderer ein PowerPoint presentasjon om prosjekt kvitveis.

Page 18: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også

Presentasjonen om «prosjekt kvitveis» vil me også få vist til dei andre elevane på

småskulesteget 1.-3. klasse). I tillegg har med uteskule saman med dei, og det gjer ein

gyllen anledning til å bruke våren til å la dei andre klassene også erfare noko av det me

har gjort.

Me har tatt mykje bilete som me vil lage ein MovieMaker med musikk til. Denne kan

me vise til foreldre og andre på skulen.

Alle var nøgde med resultatet av forskinga. Me har lært mykje og veit meir om det å forske. I

tillegg har me fått tilbakemeldingar frå dyktige fagfolk, som har kome med gode svar og

mange vanskelige ord og uttrykk til å gruble vidare på. Den indre nysgjerrigheten, skapte

motivasjon til å lære seg kva desse orda tyda. Elevane hadde det veldig moro med

nysgjerrigper-prosjektet, og kunne gjerne tenkt seg å forske meir. Samtidig ser dei seg ikkje

heilt ferdig med prosjektet, og gler seg til kvitveisen kjem for å prøve ut enda meir. Kanskje

kan me bli Norges neste kvitveis-ekspertar, var det elev som sa etter at ingen kunne gje oss

ein endelig forklaring når prosjektet nærma seg slutten.

Forskarane, Heidi, Sivert, Aina, Olav, Ingrid Karine, Håkon, Elin, Linus, Rosa, Robin, Joyra, Aleksander, Sebastian, Even, Lorenc – vil takke alle dei har kontakta i forbindelse med prosjektet. Alle har vist engasjement og entusiasme. Denne ga oss enda meir motivasjon.

Etterord:

Alt i alt har det vore eit veldig flott prosjekt. Store og Små har hatt det moro med forskinga,

og elevane er stolte av sluttproduktet. Likevel er det noko som kunne vorte betre:

Hadde me hatt tid ville me brukt meir tid på kvitveisen i våren som kjem.

Me kunne sjekka ut med fleire konditorfargar. Kanskje me kunna finne ein blå

konditorfarge som er naturlig framstilt, eller raud og grøn som er kunstig framstilt.

Gått enda meir inn på prosessen som skjer i stengelen.

På den andre sida har det vore ein fin prosess. Elevane rakk aldri å bli lei av prosjektet, sjølv

om dei starta i slutten av 3. klasse. Det er heller motsatt, for eit av dei fyrste spørsmåla etter

skulestart var om me skulle sete i gang med prosjektet att snart.

Vi har lært mykje saman, og kjem til å forske meir.

Page 19: Nysgjerrigper 2016 · Hypotese 1: Fargen ville trekt lettare inn om ein hadde plukka blomane på morgon, for då er dei mest opplagte. Kor langt ned i jorda blomen går, var også