Årsmelding 2009 - sognekraft€¦ · vi er stolte av å presentere eit årsresultat på 39...
TRANSCRIPT
1
Årsmelding 2009
2
Året som har gått er prega av god drift og rekordhøgt resultat. Vi er stolte av å presentere eit årsresultat på 39 millionar kroner og investeringar på til saman 49 millionar kroner. Samstundes har det vore eit hektisk år der Sognekraft førebur vekst. Mellom anna er det gjennom heile året arbeidd med å utvike eit nytt kvalitetssystem som eit verkty for enno betre drift i framtida.
Regjeringa si målsetjing for å møte klimautfordringar er å etablere ny fornybar kraftproduksjon på 12,5 TWh innan 2020. Ny vasskraftproduksjon og vindkraft er avgjerande for å nå dette målet. Vestlandet og Sogn og Fjordane har eit stort potensiale.
Sognekraft har planar for investering av 1,6 milliardar kroner i ny kraftproduksjon. Eksisterande planar for utbygging i fylket representerer investeringar for 3-4 milliardar kroner. Store delar av verdiskapinga frå ny kraftproduksjonen vil gå til lokalt eigarskap, som igjen vil
føre til ny verdiskaping. Vidare vil utbygging bety stor vekst i anleggsbransjen. Samla vil nyttiggjering av dei fornybare ressursane, vere den største mogelegheita for auka verdiskaping til Sogn og Fjordane.
Sognekraft planlegg investeringar i kraftlinjer på 400 millionar kroner. For å oppnå ein god nok leveringskvalitet er det naudsynt å modernisere linjenettet som vart bygd for over 50 år sidan. Samtidig byggjer vi nye kraftlinjer for både å kunne gjennomføre planlagde kraftutbyggingsprosjekt i eigen regi og gjere det mogleg for andre utbyggarar å realisere sine prosjekt. Utbyggingsplanane vil ikkje få samfunnsnytte med mindre linjekapasiteten mellom Sogn og Fjordane og andre deler av landet vert auka.
I påvente av at regjeringa gjev løyve til 420 kV linja mellom Sogn og Møre (Sogndal – Ørskog) har NVE stansa handsaminga av ny planlagt vasskraftproduksjon i fylket. Kraftlinja er avgjerande for å få tilstrekkeleg kapasitet til å overføre produksjonen i fylket ut til marknaden og få rett pris for produksjonen.
No må Statnett få løyve av regjeringa til å byggje kraftlinja mellom Sogn og Møre.
Adm. direktør har ordet
Bygging av kraftlinjer er naudsynt for at samfunnet skal få nytte av ny fornybar energi.
3
Om Sognekraft 4
Året 2009 5
Hovudtal 2005-2009 6
Selskapsstruktur 8
Verdiskaping 9
Produksjon 12
Nett 15
Kraftsal sluttbrukar 18
Andre forretningsområde 19
Årsmelding frå styret 20
Resultatrekneskap 25
Balanse 26
Kontantstraumanalyse 28
Notar 29
Revisjonsmelding 35
Lokal medspelar 10
Innhald
4
H ISTORIE Sognekraft vart skipa 14. mars 1947 av kommunar og kraftlag i midtre og indre Sogn, for å betre kraftforsyninga til innbyggjarar og næringsliv i bygdene i Sogn.
DRIVKRAFT I SOGN Selskapet sin forretningsidé er å produsere, handle og distribuere miljøvenneleg energi i Sogn.
Sognekraft har definert Tryggleik – Trivsel – Påliteleg - Nyskapande som kjerneverdiar. Verdigrunnlaget er ei rettesnor for å driva selskapet fram mot visjonen og fungerer som spelereglar for korleis tilsette og selskapet skal opptre.
Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet, det er viktig å minne om i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar. Sognekraft ynskjer at trivsel skal kjenneteikne arbeidsmiljøet i selskapet. Vidare er Sognekraft påliteleg, vi skal halde det vi lovar, levere til rett tid og med rett kvalitet. Med visjonen drivkraft i Sogn er selskapet nyskapande. Sognekraft er utviklingsorientert, har rom for kreativitet og torer å satse.
STRAUMNETTET Sognekraft har i dag konsesjon for straumnettet i kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal, Vik og Frønningen i Lærdal kommune. Staumnettet består av 586 km høgspentnett, 1 107 km lågspentnett, 6 sekundær-stasjonar og 544 nettstasjonar. Forbruket i straumnettet utgjorde 242 GWh i 2009.
PRODUKSJON Sognekraft eig og driftar Årøy kraftstasjon i Sogndal og er 12 % medeigar i Vikfalli. Middel årsproduksjon er 446 GWh. I 2009 var produksjonen på 455 GWh.
HOVUDTAL I 2009 hadde selskapet ei omsetning på 221 mill. kroner og eit årsresultat på 39 mill. kroner. Ved utgangen av året hadde Sognekraft 62 tilsette.
Kort om Sognekraft
5
KJØP AV ELKEM ENERGI BREMANGER I september 2009 var Sognekraft med å stifte selskapet Svelgen Kraft Holding AS, og det vart inngått ein samarbeidsavtale mellom SFE Produksjon AS (56 %), Tafjord Kraftproduksjon AS (34 %) og Sognekraft AS (10 %) vedrørande mogleg felles kjøp av 100 % av aksjane i Elkem Energi Bremanger AS. Den 30. september 2009 vart det inngått aksjekjøpsavtale mellom Elkem Energi Kraft AS og Svelgen Kraft Holding AS som omfattar kjøp av alle aksjane i Elkem Energi Bremanger AS. NVE har i brev til OED i desember 2009 tilrådd at Svelgen Kraft Holding AS får konsesjon etter industrikonsesjonslova.
NY VASSKRAFTPRODUKSJON NVE har, i brev til OED 23. november 2009, gitt ei positiv tilråding for utbygging av Feios kraftverk (95 GWh). Vilkåra er tilfredsstillande, men med noko høgare minstevassføring om sommaren enn det som er føreslått i konsesjons-søknaden.
Konsesjonssøknaden for Leikanger kraftverk (184 GWh) har vore på høyring med høyringsfrist juni 2009. I tillegg til folkemøte i regi av NVE har Sognekraft delteke på 4 informasjonsmøter i regi av ei lokal interessegruppe. Det er inngått utbyggingsavtale med Leikanger kommune på bakgrunn av positivt vedtak i Leikanger kommunestyre den 9. juni 2009. Sognekraft har, i brev av 18.12.2009 til NVE, gitt svar på høyringsfråsegnene til konsesjonssøknaden og konsekvensutgreiinga for Leikanger kraftverk.
Melding og forslag til utgreiingsprogram for Offerdal kraftverk (111 GWh) har vore på høyring med høyringsfrist mai 2009. Det er frå fleire hald sett fram ynskje om at sjøkabel vert utgreia som alternativ til fjordspenn. Sognekraft har, i brev av 21.12.2009 til NVE, gitt kommentarar til alle høyringsfråsegnene.
KONSESJON FOR FJERNVARMEANLEGG I SOGNDAL På grunnlag av søknad om konsesjon for bygging av fjernvarmeanlegg basert på fjordvarme i november 2009, fekk Sognekraft tildelt fjernvarmekonsesjon i Sogndal i mars 2010. Anlegget vil gi 20,5 GWh i energileveranse og er kostnadsrekna til 77, 5 mill. kr. Det er søkt om støtte på 20 mill. kr. frå Enova.
NYTT ADMINISTRASJONSBYGG I V IK I 2009 vart det arbeidd med forprosjektering og detalj-planlegging av nytt hovudkontor i Vik. Samtidig med at bygget skal innehalde framtidsretta fasilitetar for selskapet, er det lagt vekt på at bygget skal tilføre kommunesenteret eit positivt element. Byggearbeida starta i slutten av november månad.
GARANTERER 100 % FORNYBAR ENERGI Sognekraft tek miljøutfordringane på alvor, og gjennom varedeklarasjonar og opphavsgarantiar kunne Sognekraft for første gong i 2009 garantere alle sine kundar 100 % fornybar energi. Kundar som ikkje kjøper opphavsgarantert kraft vert omfatta av den nasjonale varedeklarasjonen, som synte at dei berre fekk 47,3 % fornybar energi i 2009.
SIKKER STRAUMFORSYNING Reinvestering av 11 km luftleidning mellom Brattland og Kvamsøy starta opp i 2009. Linja er oppdimensjonert for å ta imot innmating frå lokal kraftproduksjon. 11 nettstasjonar vert på same strekning ombygt i medhald til krav om betjening frå bakkenivå.
Sognekraft fekk i 2009 anleggskonsesjon for bygging av 132 KV-delen av linja Fjærland - Grindsdalen inklusivt trafostasjonar. Anleggskonsesjonen er anka til OED.
STRATEGI FOR LØNSAM VEKST Arbeidet med å sikre selskapet tilgang til ny miljøvennleg energi som kan gje ny lønsam vekst held fram.
Sognekraft har investeringsplanar på nær 2 mrd. kroner den komande tiårsperioden. Kvart prosjekt vil bli grundig vurdert før ein gjer vedtak om investering. I tillegg ser vi at prosessane for godkjenning av planar hjå sentrale myndigheiter tek noko lengre tid enn planlagt. Det kan føre til forskyvingar i investeringsplanane.
Året 2009
6
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008 2007 2006 2005
Sum driftsinntekter 220 727 209 836 167 650 195 268 185 509
Driftsresultat 96 303 84 340 58 446 78 892 75 857
Netto finanskostnad 8 621 5 784 6 597 6 803 8 632
Resultat før skattekostnad 87 682 78 556 51 849 72 089 67 225
Skattekostnad 48 680 45 502 23 678 40 408 31 888
Årsresultat 39 002 33 054 28 171 31 681 35 337
Investeringar 48 292 24 932 33 664 31 456 27 468
Eigenkapital 253 733 240 283 249 816 246 645 252 265
Totalkapital i balansen 511 357 505 595 481 936 509 691 489 479
Forbruk i eige område (GWh) 242 241 242 229 237
Marknadsdel i eige område 83 % 84 % 85 % 86 % 89 %
Kraftproduksjon (GWh) 455 478 523 433 536
Tal årsverk 57 55 52 51 48
Økonomiske nøkkeltal
Eigenkapitalrentabilitet 15,8 % 13,5 % 11,3 % 12,7 % 14,9 %
Totalrentabilitet 9,7% 8,9 % 7,3 % 8,1 % 9,4 %
Netto driftsmargin 43,6% 40,4 % 34,9 % 40,4 % 40,9 %
Eigenkapitalandel 49,6% 47,5 % 51,8 % 48,4 % 51,5 %
Likviditetsgrad 1 0,6 0,7 0,6 0,8 0,8
Rentedekningsgrad 9,5 8,2 7,4 9,3 8,1
Definisjonar:
Eigenkapitalrentabilitet: Resultat før ekstraord. postar – Skattekostnad / Gjennomsnittleg eigenkapital Totalkapitalrentabilitet: Resultat før ekstraord. postar - Skattekostnad + Finanskostnader / Gjennomsnittleg totalkapital Netto driftsmargin: Driftsresultat / Driftsinntekter Eigenkapitalandel: Eigenkapital/ Totalkapital Likviditetsgrad 1: Omløpsmidlar/ Kortsiktig gjeld Rentedekningsgrad: Resultat før ekstraordinære postar + finanskostnader / finanskostnader
Hovudtal 2005-2009
7
8
AKSJONÆRFORHOLD Sognekraft AS vart skipa av kommunar og lokale kraftverk i Sogn. Etterkvart har eigarforholda i selskapet endra seg noko. Selskapet har også i dag ein sterk lokal og regional forankring.
ADMINISTRATIV ORGANISERING Sognekraft er eit vertikalt integrert energiselskap og organisert i tre forretningsområde: produksjon, nett og marknad.
Adm. direktør er Terje Bakke Nævdal.
Det var 62 tilsette ved utgangen av 2009, inkludert 2 lærlingar. Det vart utført 57 årsverk, som er ein auke på 2 frå 2008.
STYRET Styret har sju medlemmer. Fem blir valde av general-forsamlinga og to av dei tilsette.
Styret bestod pr 31.12.2009 av følgjande:
• ERLING STADHEIM, STYRELEIAR
Tidlegare ordførar i Vik kommune og tidlegare lensmann i Vik
• ATLE NETELAND, NESTLEIAR
Konsernsjef i BKK AS
• AGNES LANDSTAD
Direktør i Vestlandsforsking
• GEIR ARVE SANDVIK
Bedriftseigar
• KAREN MARIE HJELMESETER
Sjølvstendig næringsdrivande, formannsskapsmedlem i Sogndal kommune. Tidlegare ordførar i Sogndal kommune.
• RUNE ØEN
Prosjektingeniør i Sognekraft
• JARAN SÆBØ
Energioperatør i Sognekraft
Eigarstruktur pr. 31.12.2009
Tal aksjar %
BKK AS 2 100 44,4
Vik kommune 935 19,8
Luster Energiverk A/S 610 12,9
Sogndal kommune 519 11,0
Luster kommune 325 6,9
Balestrand kommune 118 2,5
Leikanger kommune 118 2,5
Totalt 4 725 100,0
Plan
Produksjon
Årøy kraftverk Drift
Marknad
Stab
Adm. direktør
Nett
Selskapsstruktur
9
( tal i 1 000 kroner) 2009 2008
Totale driftsinntekter 220 727 209 836
- forbruk varer og tenester 60 846 66 811
Brutto verdiskaping 159 881 143 025
- ordinære avskrivingar 22 665 22 429
Netto verdiskaping 137 217 120 596
+ finansinntekter 1 754 5 119
Totale verdiar til fordeling 138 971 125 715
Fordeling av verdiskaping
Tilsette
Brutto lønn og sosiale ytingar 27 957 25 673
Kapitalinnskytarar
Renter til långivarar 5 148 5 000
Utbetaling til eigarane 34 000 31 000
Stat, fylke og kommune
Skatt 48 680 45 502
Eigedomsskatt 9 137 8 625
Arbeidsgjevaravgift 4 308 3 228
Andre offentlege avgifter 738 633
Selskapet
Tilbakehalde overskot 9 002 6 054
Fordelte verdiar 138 971 125 715
Samfunnsrekneskapet viser kva verdiar som er skapt gjennom innsats av arbeidskraft, kapital, kunnskap og teknologi, og korleis desse vert fordelt på dei ulike interessegruppene som har bidrege.
• Dei tilsette får sin del av verdiskapinga gjennom løn og sosiale ytingar.
• Eigarane får sin del gjennom utbytte og renter på ansvarleg lånekapital samt tilbakehalde overskot.
• Långivarane har krav på verdiskaping gjennom renter på lån.
• Stat og kommune får sin del gjennom skattar og avgifter som selskapet betalar inn.
Stat og kommune45 %
Eigarar31 %
Tilsette20 %
Finansinstitusjonar4 %
Verdiskaping 2009
10
SAMARBEID
INFRASTRUKTUR FOR STRAUM OG BREIBAND Sognekraft satsar på eit godt samarbeid med lokale og regionale energiverk og byggjer ut infrastruktur for straum og breiband i regionen.
LOKALE KRAFTUTBYGGINGSPROSJEKT Selskapet er initiativtakar eller støttespelar i lokale kraftutbyggingsprosjekt, der grunneigarar kan vere med å realisere utbygging.
FORSKING OG UTVIKLING Gjennom ein avtale mellom energiselskapa i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Sogn og Fjordane i samarbeid med Vestlandsforsking, medverkar Sognekraft til finansiering av eit professorat i fornybar energi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Forskingsprogrammet ”Fornybar Energi” skaper eit kompetansemiljø for fornybar energi i Sogn og Fjordane og byggjer på kunnskap om samfunnsmessige vilkår for auke av produksjon og bruk av fornybar energi.
UTDANNING OG REKRUTTERING Det er viktig for Sognekraft si rekruttering at ungdom i regionen kan ta utdanning innan selskapet sine fagområde. Vi samarbeider godt med Sogndal vidaregåande skule om undervisningsmateriell, undervisning og tilbyr lærlingplassar. I tillegg tilbyr vi sommarjobbar, praksisplassar og informerer ungdom som skal ta utdanningsval om kva moglegheiter for jobb dei finn i Sognekraft.
UNGT ENTREPRENØRSKAP Sognekraft har starta samarbeid med Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane om fornybar energi retta mot elevar i vidaregåande skule, ungdomsskule og barneskule. I prosjektet er og andre energiselskap i fylket med.
REKRUTTERING TIL SOGN OG FJORDANE — FRAMTIDSFYLKET AS Saman med Framtidsfylket AS arbeidar vi aktivt med å rekruttere ungdom tilbake til fylket. Gjennom deltaking i Framtidsfylket sine rekrutteringsmesser i Trondheim og Bergen har vi etablert kontakt med ungdom i utdanning, som er interessert i arbeidsmarknaden i fylket.
KLIMA- OG MILJØUTFORDRINGAR Sognekraft og bransjen har sett klima- og miljø på dagsorden. Grønn Boks er namnet på energibransjen si satsing for å finne løysingar på dei store klima- og miljøutfordringane. Bransjen inviterer samfunnet til ein klimadugnad, der fornybar energi og energieffektivisering er dei viktigaste tiltaka og energibedriftene dei viktigaste aktørane. Eit verkemiddel er varedeklarasjonar og opphavsgarantiar på kjøp av straum. Sognekraft sikrar alle sine kundar 100 % fornybar energi gjennom dette systemet.
SPONSOR
BORN OG UNGDOM Sognekraft støtter opp om frivillige organisasjonar og lag innan kultur og idrett i konsesjonsområdet. Selskapet støtter i første rekke born og unge, og for å nå flest mogleg støtter ein mest bredda. Idrettslag er døme på stader der ein treff mange unge, som og gjenspeglar seg i fordelinga av sponsormidlar. Også andre aktivitetar og arrangement vert tilgodesett med støtte.
SOGNDAL FOTBALL OG FOSSHAUGANE CAMPUS Sogndal Fotball har gått i bresjen for ei utbygging som samlar idrett, forsking og utdanning på Fosshaugane Campus. Dette arbeidet skal fungere som ei drivkraft i utvikling av lokalsamfunn, skule og næringsliv i Sogn.
Sognekraft støttar dette arbeidet. Sogndal Fotball er Sognekraft si største enkeltsponsoravtale. Vi er ein av fire hovudsponsorar og vert godt profilert gjennom mellom anna ”Sognekraft-tribuna”, skilting og draktreklame.
Lokal medspelar
11
12
Målt etter produksjon er Sognekraft det nest største energi-selskapet tilhøyrande i Sogn og Fjordane. Selskapet eig Årøy kraftverk og er medeigar i Statkraft Vikfalli med 12 %. Middel årsproduksjon er 446 GWh. I 2009 vart produk-sjonen 455 GWh.
Produksjonsseksjonen si oppgåve er å optimalisere produksjonen i Årøy kraftverk og omsetje den saman med produksjonen i Vikfalli med høgast mogleg inntening. Innan krafthandel skal seksjonen i tillegg sikre inntening på eksterne kontraktar og tradingportefølja. Seksjonen har og ansvaret for å starte og drive nye kraftutbyggingsprosjekt og delta i vindkraftutbygging på Vestlandet.
DRIFT OG VEDLIKEHALD Kjerneaktiviteten i Årøy kraftverk er å sikre kraftproduk-sjonen gjennom førebyggande vedlikehald for å halde det elektromekaniske utstyret i god stand og redusere risikoen for uønska driftstans. Løpande oppdatering av støtte-verktøyet JobTech er særs viktig. Større vedlikehald som krev driftsstans over lengre tidsrom vert utført i periodar med lite tilsig og aggregatet ikkje treng vera tilgjengeleg. Det er sett eit høgt krav til standard for helse, miljø, tryggleik, rydding og reinhald. Det vert sett sterk fokus på å halde på posisjonen som eitt av dei mest effektive kraftverka samanlikna med andre.
KRAFTANLEGGA Middel produksjon GWh
Installert effekt MW
Produksjon 2008 GWh
Produksjon 2009 GWh
Byggjeår
ÅRØY KRAFTVERK
Årøy 1
Årøy 2
Gamle Årøy
Totalt i Årøy 349
70
20
4
241
107
6
266
92
8
1983
1983
1943
Statkraft, Vikfalli 97 Tot. Vikfalli 175, 124 89 1963
Sum 446 115 478 455
Produksjon
PRODUKSJON Produksjonen i Sognekraft sine anlegg i Årøy og Vikfalli var i 2009 på 455 GWh. Normal årsproduksjon vart i 2007 oppjustert frå 436 til 446 GWh basert på nyare historiske data som syner større tilsig dei siste 10 åra. Produksjonen i 2009 utgjer 9 GWh meir enn eit normalår og er 23 GWh lågare enn i 2008. Produksjonen var 22 GWh lågare enn normalt i 1. halvår og 31 GWh høgare enn normalt i 2. halvår.
Nyttbart tilsig i 2009 for Sognekraft var samla på 466 GWh mot 463 GWh i 2008 og 503 GWh i 2007. Magasinbehaldninga ved utgangen av 2009 var på 38,5 GWh som representerer ein fyllingsgrad på 56 %.
536
433
523
478 455
-
100
200
300
400
500
600
2005 2006 2007 2008 2009
GW
h
Produksjon
13
KRAFTOMSETNAD Kraftprisane er den viktigaste faktoren for ei tilfredsstillande verdiutvikling for Sognekraft. Tilsiget påverkar elles resultatet år for år.
Gjennomsnittleg pris for fysisk levering (områdepris) var i 2009 på 29,5 øre/kWh mot 32,5 øre/kWh i 2008 og 20,6 øre/kWh i 2007. Som i 2008 fekk ein fallande prisar gjennom vinteren fram til og med mai månad. Prisane steig noko i juni, men fall frå juli til september. Resten av året fekk ein stigande prisar på grunn av aukande forbruk og ein strammare hydrologisk balanse. Høgaste månadspris var i januar med 37,9 øre/kWh og lågaste i september med 19,7 øre/kWh. Dei totale vasskraftreservane i Noreg, Sverige og Finland, inklusive grunnvatn og snøakkumulering, ved utgangen av året var på 139 TWh, om lag 14 TWh under normalen.
Gjennomsnittleg pris for fysisk levering (områdepris) i 2009 var 9 % lågare enn 2008. Totale driftsinntekter utgjorde 158 mill. kr. som er 14 mill. kr. meir enn 2008. Driftsresultatet vart på 90,9 mill. kr. som er 17,0 mill. kr. meir enn 2008.
NY VASSKRAFT Det vart i 2005 inngått avtalar mellom Veidekke og Sognekraft som sikrar vidare utvikling av Feiosvassdraget fram mot konsesjonshandsaming og utbygging. Sognekraft kjøpte 90 % av aksjane i Feios Kraftverk AS. BKK Produksjon AS har kjøpt 20 % av aksjane i Feios Kraftverk AS frå Sognekraft. Konsesjonssøknad vart sendt i 2006. Feios Kraftverk AS har oversendt sine kommentarar til høyringsuttalane til NVE i januar 2008, og det er gjennomført sluttsynfaring saman med NVE i juni 2008. NVE la fram si innstilling til OED 23.11.2009 med ei positiv tilråding om utbygging av Feios kraftverk. Basert på rettskraftig konsesjon i 2010, er det realistisk med anleggsstart våren 2011. Byggetida vil vera 32 månader. Årsproduksjonen vil bli i underkant av 100 GWh.
Det vart i oktober 2006 inngått samarbeidsavtale mellom grunneigarar, som representerar 86 % av fallrettane i Henjadalen og Grindsdalen, og Sognekraft om utbygging
og drift av Leikanger kraftverk. Melding med forslag til utgreiingsprogram vart sendt til NVE i 2007. Svar på høyringsfråsegner til meldinga vart oversendt NVE i februar 2008. Konsesjonssøknad og konsekvensutgreiing vart sendt i januar 2009. Årsproduksjonen vil bli om lag 184 GWh.
Det vart i oktober 2008 inngått avtalar mellom Veidekke Entreprenør AS og Sognekraft som sikrar vidare utvikling av vassdraga i Indre og Ytre Offerdal i Årdal kommune fram mot konsesjonshandsaming og utbygging. Sognekraft kjøpte 90 % av aksjane i Offerdal Kraftverk AS frå Veidekke Entreprenør AS og vidareselde 10 % av aksjane til Årdal Energi KF. Melding med forslag til utgreiingsprogram vart sendt til NVE i desember 2008. Endeleg utgreiingsprogram er venta frå NVE i april 2010 og konsesjonssøknaden er planlagt innsendt i juni 2010. Årsproduksjonen er estimert til om lag 111 GWh.
I tillegg vert det arbeida med å få i stand samarbeidsavtalar med grunneigarane for utnytting av fallet i aktuelle elvar innafor konsesjonsområdet. Det vart i 2007 inngått samarbeidsavtale med grunneigarane for utbygging og drift av Nyasetdalen kraftverk i Feios i Vik kommune. Årsproduksjonen utgjer om lag 5 GWh. I 2008 vart det inngått avtale med Sogndal fotball om utnytting av fallet i Ingafossen i Sogndalselvi. Årsproduksjonen utgjer om lag 5 GWh. I januar 2008 vart det inngått samarbeidsavtale med grunneigarane for utbygging og drift av Kråkeelvi kraftverk i Lånefjorden i Balestrand kommune. Årsproduksjonen utgjer om lag 16 GWh. I september 2008 vart det inngått samarbeidsavtale med grunneigarane for utbygging og drift av Brekka kraftverk i Lånefjorden i Balestrand kommune. Årsproduksjonen utgjer om lag 12 GWh.
KJØP AV ELKEM ENERGI BREMANGER Saman med SFE Produksjon AS og Tafjord Kraftproduksjon AS var Sognekraft i september 2009 med i prosessen om oppkjøp av Elkem Energi sine kraftverk i Svelgen. Gjennom det nystifta selskapet Svelgen Kraft Holding vart det inngått aksjekjøpsavtale med Elkem Energi Kraft AS som omfattar kjøp av alle aksjane i Elkem Energi Bremanger AS. Dette selskapet eig kraftverka Svelgen III og Svelgen IV samt Straumane kraftverk, som representerer ein middelproduksjon på 435 GWh. I tillegg har selskapet ein leigeavtale med Statkraft, med utløp 31.12.2030, for Svelgen I og Svelgen II som til saman representerer ein middelproduksjon på 240 GWh. Aksjekjøpet er godkjent av Konkurransetilsynet, NVE har gitt anleggskonsesjon i medhald av energilova og har tilrådd overfor OED at Svelgen Kraft Holding AS får konsesjon etter industrikonsesjonslova.
V INDKRAFT Saman med Haugaland Kraft, Sunnhordland Kraftlag, BKK Produksjon, Sunnfjord Energi, SFE Produksjon og Tafjord Kraftproduksjon har Sognekraft stifta selskapet Vestavind
23,3
39,6
20,6
32,5 29,7
-
10,0
20,0
30,0
40,0
50,0
2005 2006 2007 2008 2009
Øre
/ kW
h
Gjennomsnittleg områdepris
14
Kraft AS. Selskapet er stifta med ein eigenkapital på 21 mill. kr. der eigarane deltek med 1/7 kvar. Vestavind Kraft sitt forretningsområde er å utvikle, byggje, eige og drive vindkraftanlegg, konsulentverksemd og tenesteleveransar knytt til dette og delta i selskap med liknande føremål.
Dei desidert største prosjekta Vestavind Kraft har engasjert seg i er Havsul I og Havsul II. Dette er to offshore vindkraftprosjekt med ein planlagt installasjon på inntil 350 MW for Havsul I og inntil 800 MW for Havsul II. OED stadfesta i september 2009 NVE sine vedtak vedrørande konsesjon for Havsul I og Havsul II. Dette inneber ein rettskraftig konsesjon for utbygging av Havsul I, medan ein ikkje ville gje konsesjon til Havsul II før ein hadde fått erfaringar om konsekvensar for fugl frå Havsul I.
Med bakgrunn i at vindkraftprosjekta offshore skil seg frå landbaserte prosjekt ved at utviklings- og investeringskostnader, kompleksitet og risiko er langt større, bestemte eigarane i Vestavind Kraft seg i 2009 for å etablere eit eige selskap for satsinga til havs, Vestavind Offshore AS. Selskapet vart stifta med ein aksjekapital på 210 mill. kr., og Sognekraft deltek med ein eigarpost på 1 %. Vestavind Kraft sine aksjar i Havsul I AS og Havsul II AS vart selde til Vestavind Offshore. Vestavind Kraft eig framleis offshoreprosjekta Stadtvind, Testområde Stadt og FOU-aktivitetar knytt til desse prosjekta.
Vestavind Kraft har sendt melding til NVE om planar for utbygging og drift av Stadtvind, eit flytande vindkraftanlegg utanfor kysten av Selje og Vågsøy i Sogn og Fjordane. Planlagt installert effekt er inntil 1.080 MW. Ein har i 2009 fått konsesjon for Testområde Stadt, som omfattar bygging og drift av inntil 3 flytande vindturbinar med ein samla installert effekt på mellom 12 og 25 MW.
Saman med Statoil New Energy AS, har Vestavind Kraft stifta selskapet Lutelandet Energipark AS. Dette selskapet skal utvikle, bygge og drifte ein vindpark i Fjaler kommune med ein planlagt installert effekt på inntil 50 MW.
I tillegg arbeidar Vestavind Kraft AS med utvikling av fleire nye vindkraftprosjekt i nært samarbeid med grunneigarar og lokalsamfunn.
STAMFISKE OG SMOLTUTSETTING I ÅRØYELVA Kvar haust vert det gjennomført stamfiske etter laks i Årøyelva. Ein del av rogna vert brukt for å kultivera fram smolt og resten vert sendt til genbanken i Eidfjord. For å sikre god genetisk variasjon for den kultiverte fisken, får ein kvart år ein god del rogn tilbake frå genbanken.
Under gode tilhøve, med ei vassføring på 44 m3/s, vart det sett ut 15.000 smolt den 19. mai 2009. Det vart sett ut 8.250 smolt i Prawn-hølen på vestsida av elva og 6.750 smolt fordelt på fleire hølar på strekninga Såta til Solskinnshølen på austsida av elva. Dagen etter at smolten var sett ut, vart vassføringa auka med 8 m3/s for å stimulere den naturlege utvandringa.
Fisken var merka med feitfinneklypping og hadde gått på antilusefôr 9 dagar før utsetjinga.
FISK I REGULERTE VASSDRAG I FYLKET Saman med andre kraftselskap som har produksjon i fylket vårt og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, er Sognekraft med i samarbeidet om prosjektet ”Fisk i regulerte vassdrag i Sogn og Fjordane”. Prosjektet samordnar fiskeribiologiske granskingar i regulerte vassdrag og er eit alternativ til at det vert gjeve enkeltpålegg om granskingar for kvar enkelt lokalitet. På bakgrunn av granskingane skal ein evaluere utsetjingspålegg og vurdere om det er nødvendig med tiltak for å styrke fiskebestandane.
Direktoratet for naturforvaltning (DN), Energibedriftenes landsforening (EBL) og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er nære samarbeidspartnarar og har observatørstatus for prosjektet.
FRAMTIDSUTSIKTER I internasjonale klimaforlik er utbygging av fornybar energi viktige tiltak, og avgiftspolitikken legg opp til høge avgifter på ureinande produksjon. Ein forventar at fornybar energi vil auke i verdi og selskapet prioriterer høgt å auka vass-kraftproduksjonen i eigen regi. Utbyggingar i Feios, Leikanger, Offerdal og småkraftprosjekta vil til saman medføre ein auke i produksjonen på om lag 430 GWh i løpet av 5-10 år. Selskapet er engasjert i utvikling av vindkraft gjennom eigarskap i Vestavind Kraft AS og Vestavind Offshore AS. Etter innsending av konsesjonssøknad for fjernvarmeanlegg i 2009, har ein fått fjernvarmekonsesjon i Sogndal i mars 2010.
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Inntekter 158 032 143 874
Energikjøp 32 533 35 441
Sentralnettsavgifter 5 496 5 004
Løns- og personalkostnader 4 988 5 088
Avskrivingar 7 870 9 331
Øvrige driftskostnader 16 275 15 153
Driftsresultat 90 870 73 857
RESULTAT
15
Sognekraft sin områdekonsesjon omfattar drift av distribusjonsnettet i kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik samt Frønningen i Lærdal kommune. I tillegg har Sognekraft anleggskonsesjonar for regionalnettet i dei same kommunane og i Luster kommune.
Sognekraft eig og driv eit omfattande lokal- og regionalnett. I hovudsak 22 kV (342 km) , 66 kV (100 km), 647 km lågspentnett, 144 km kabelnett 22 KV og 460 km kabelnett lågspenning. Sognekraft driv 6 sekundærstasjonar og 544 nettstasjonar. Ein stor del av høgspentnettet er av eldre dato og krev meir vedlikehald enn nyare anlegg. Planar om utbygging av småkraft medfører at store deler av det gamle straumnettet vert erstatta med nytt nett med auka overføringskapasitet og betre driftsstabilitet. Det største prosjektet som vert arbeidd med er bygging/ forsterking av nettet for å ta imot kraftproduksjon i Fjærland. Her er det planar om investeringar i nettanlegg på om lag 80 mill. kroner for å ta imot produksjonspotensialet. Forbruket i området utgjorde 242 GWh i 2009, ein auke på om lag 0,5 GWh i forhold til 2008.
OM NETT Straumnettet er monopolverksemd med tildelt inntektsramme styrt av Noregs Vassdrag og Energidirektorat (NVE). Driftsresultatet før skatt var 4,4 mill. kroner i 2009, som er 0,9 mill. kroner betre enn i 2008.
Staten regulerer nettselskapa si verksemd, for å sikre at kraft vert overført med rett leveringskvalitet og pris, og at nettet vert utnytta og utbygd på ein sikker og samfunnsmessig rasjonell måte.
DRIFT OG VEDLIKEHALD For utan ordinær drift og vedlikehald av nettanlegga, har det i 2009 mellom anna vore jobba ekstra med:
Auka omfang av skogrydding er viktig for å redusere utkoplingar. Linjer som kryssar gjennom plantefelt med barskog, er spesielt utsett for trefall ved sterk vind. Nødvendig breidde på ryddebelte har vore undervurdert og behovet for å fella tre i randsona er nødvendig. Dermed opnar vi opp plantefeltet, og trea som står i utkanten tåler ikkje påkjenninga dei vert utsett for i uvær. Selskapet har derfor oppretthalde ein stor post på driftsbudsjettet i 2009 for å utføre skogrydding. Det vart rydda ca 7 km regionalnett og 42 km av distribusjonsnettet høgspenning. Samla vart det brukt 2,4 mill. kroner til skogrydding i 2009.
Den årlege inspeksjonen av høgspenningsluftnettet vart utført ved bruk av helikopter. Det vart også gjennomført termofotografering under same flyginga.
Nettselskap er pålagt å bygge om alle nettstasjonar innan 2015, der det ikkje kan utføre sikringsskift frå bakkenivå. I 2009 vart det bygt om 10 nettstasjonar. Det vert ei stor utfordring å innfri kravet innan tidsfristen. I samband med kontroll av nettstasjonane har vi også gjennomført termofotografering av 10 nettstasjonar i Balestrand sentrum. Dette for å avdekke varmgang og hinda brann i anlegga.
I sekundærstasjonane er det skifta kontrollanlegg i Hustavenes koplingskiosk og på ein 22 KV avgang i Njøs. Det vart også starte opp arbeid med utskifting av kontrollanlegget for alle 22 KV avgangane i Årøy. Som førebyggjande vedlikehald er det gjennomført termofotografering i alle sekundærstasjonane.
Nett
237 229 242 241 242
-
50
100
150
200
250
300
350
2005 2006 2007 2008 2009
GW
h
Forbruk i nettet
16
17
DRIFTSFORSTYRRINGAR Elektrisitet vert produsert, transportert og nytta samstundes. Alle som er knytt til det norske kraftsystemet påverkar i større eller mindre grad kvaliteten på den elektrisiteten som vert levert. Leveringskvalitet er eit samleomgrep som femnar om påliteleg levering, spenningskvalitet, og ikkje-tekniske element som kundeservice og informasjon.
NVE regulerer leveringspålitelegheit i kraftsystemet gjennom ordninga med kvalitetsjusterte inntektsrammer ved ikkje levert energi (KILE).
Det vil sei at Sognekraft som nettselskap kan ta inn mindre på nettleige om det er dårleg leveringskvalitet. I Sognekraft utgjorde KILE for 2009 1,4 mill NOK, mot 2,0 mill NOK i 2008. Avbrota i 2009 skuldast i hovudsak uver med lynoverspenning som øydela tre fordelingstransformatorar og sterk vind som fekk tre til å rotvelta og påførde luftnettet skade.
INVESTERINGAR OG REINVESTERINGAR I 2009 er det investert for 19,1 mill. kroner. Med slik fordeling mellom kommunane:
Vik kommune 2,9 mill kr Balestrand kommune 2,6 mill kr Leikanger kommune 0,8 mill kr Sogndal kommune 9,0 mill kr Utstyr/verktøy/bil 3,7 mill kr
Det er investert i naudstraumsaggregat på 500 KVA og i ny lastebil for montørbasen i Vik. I Sogndal er innmatingsberedskapen mot Sogndal sentrum auka, ved at ein eldre kabelseksjon på 22 KV nettet er erstatta. I Balestrand er arbeidet med reinvestering i ny 22 KV luftlinje starta opp og anlegget vart ferdig prosjektert med oppstart byggearbeidet i 2010.
DET LOKALE EL-TILSYN I det lokale elektrisitetstilsyn DLE er det gjennomført kontrollar på 346 anlegg. I tillegg har tilsynsingeniørane teke seg av deteksjon og fråkopling av jordfeil i anlegg tilkopla 230 volt-nettet. Det er og gitt informasjon om el-tryggleik til 7-ande klassane i alle ungdomsskulane i
konsesjonsområdet. Kravet i rammebrevet frå DSB er innfridd.
Selskapet har også levert DLE teneste til Årdal Energiverk og utført deira plikter i forhold til krav frå DSB.
FRAMTIDSUTSIKTER Sognekraft har om lag 100 km 66 KV nett med ein alder på dei ymse seksjonar som spenner frå 25 til 50 år. På 22 kV nettet har vi 342 km luftleidning der størsteparten av nettet er bygd på 1950-tallet. Sognekraft planlegg at delar av reinvesteringane kan gjennomførast i samband med endringar av nettstrukturen ved utbygging av kraftverk og fornying av delar av sentralnettet.
Den største prosjektaktiviteten reknar vi med kjem på bygging av nett for å ta mot innmating frå dei mange potensielle kraftverka i konsesjonsområdet.
Sognekraft har fått anleggskonsesjon på 132 KV-delen av anlegget Fjærland – Grindsdalen, men denne er anka inn til Olje- og energidepartementet.
Det moderne samfunn gjer seg stadig meir avhengig av sikker og stabil tilgang på elektrisk energi. Selskapet planlegg derfor forsyningsnettet slik at vi i kan gjenoppretta forsyninga etter første feil ved omkopling i nettet. Det er også ei langsiktig målsetjing at innmatinga til dei tyngste forbruksområda kan sikrast ved innmating frå to uavhengige matepunkt.
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Inntekter 57 700 53 398
Energikjøp 6 380 6 251
Sentralnettsavgifter 996 1 533
Løns- og personal- 12 965 9 588
Avskrivingar 11 204 10 592
Øvrige driftskostna- 21 721 21 894
Driftsresultat 4 434 3 540
RESULTAT
0,9 0,9
1,7
2,0
1,4
-
0,5
1,0
1,5
2,0
2,5
2005 2006 2007 2008 2009
mill
. kro
ner
KILE
18
Kraftsal til sluttbrukar er det største produktområdet i Sognekraft og inngår i marknadsseksjonen si portefølje. Selskapet leverer kraft hovudsakleg i konsesjonsområdet. Marknadsdelen målt i tal kundar var ved utgangen av 2009 på 83 %.
STRAUMPRODUKT Sognekraft har i overkant av 6.700 sluttbrukarkundar i eige område. Vi tilbyr kundane desse straumprodukta:
• Sognekraft Standardpris • Sognekraft Marknadspris • Sognekraft Innkjøpspris • Sognekraft Fastpris
Gjennom varedeklarasjon og opphavsgarantiar er kundane garantert 100 % fornybar energi.
MARKNADSUTVIKLING Sluttbrukarmarknaden er prega av sterk konkurranse og mange tilbydarar. Forskjellane mellom dei ulike leverandørane sine prisar er over tid relativt små, men kan variere mykje gjennom året.
Gjennomsnittleg områdepris (spotpris på kraftbørsen Nord Pool) var 29,56 øre/kWh i 2009 mot 32,45 øre/ kWh i 2008. Høgste månadspris var i januar med 37,88 øre/kWh og lågaste i september med 19,72 øre/kWh. Prisane i sluttbrukarmarknaden vert påverka av prisane på kraftbørsen Nord Pool og konkurransesituasjonen elles. Ved val av produkt ser ein at stadig fleire kundar vel ulike spotprisprodukt framfor standard variable kraftpris-kontraktar. På landsbasis aukar talet på spotpriskontraktar stadig, og 52 % av hushaldskundane har ved utgangen av 2009 valt dette produktet. Talet på standard variabel kontraktar vert samstundes redusert og delen hushald-skundar på landsbasis som har dette produktet er nede i 42 %. Den same trenden er i Sognekraft. Selskapet har og ein lågare del av hushaldskundane på fastpriskontraktar enn landsgjennomsnittet.
FRAMTIDSUTSIKTER Sognekraft skal halde fram med å vere det trygge og lokale valet for privatkundar og næringslivet i Sogn. Selskapet skal utviklast på grunnlag av kundane sine ynskjer og behov. Det vert jobba kontinuerleg med å finne kunde-vennlege løysingar. Det set store krav til fleksibilitet, kompetanse og vilje til omstilling. Det vert satsa på å tilby fleire produkt som er ein del av eit integrert tilbod.
RESULTAT Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Inntekter 46 453 53 214
Energikjøp 42 142 44 950
Løns- og personalkostnader 384 337
Øvrige driftskostnader 2 498 2 555
Driftsresultat 1 429 5 372
Kraftsal til sluttbrukar
19
VARMEPUMPER Varmepumper er eit populært og anerkjend produkt for oppvarming av bustader, kontor og offentlege bygningar. Sognekraft starta opp sal og montering av varmepumper i september 2006. Produktspekteret vart i 2008 utvida med luft-vatn varmepumper i tillegg til luft-luft pumpene.
Marknaden for varmepumper er i nokre geografiske område i ferd med å flate ut då dekningsgraden er stor. Service- og ettermarknaden for utskifting til nyare modeller er derimot i vekst.
ENTREPRENØRAKTIVITET Entreprenøraktivitet innan område i tilknyting til Sognekraft sin kjerneaktivitet er eit viktig satsingsområde for selskapet. I tillegg til å bidra til eit auka driftsresultat, gir dette rom for å auke montasjekapasiteten slik at sårbarheita ved til dømes sjukdom vert redusert.
Eksempel på slike entreprenørtenester er sal av materiell og montasjetenester til småkraftverk og bygging og drift av nettanlegg for andre netteigarar.
Sognekraft legg til rette for straumforsyning til større entreprenøranlegg.
BRANN- OG INNBROTSALARM Marknaden for alarmtenester er framleis i vekst på landsbasis. Sognekraft starta sal av bustadalarmar i 2006, og har seinare utvida produktspekteret med landbruksalarmar. Alarmmarknaden treng modning i selskapet sitt område, men vi meiner at veksten vil kome.
Brann rammar i alle fylker, kommunar, i tettbygd og i meir grisgrendte strok. I Sogn og Fjordane er det i snitt 45 brannar i året, 25 av desse er brannar i bustadhus. Det er enno ein stor del gardsbruk som ikkje er sikra i samsvar med krava.
UTLEIGE AV LOKALE To etasjar i Sognekraft sitt bygg i Sogndal vert leigd ut til eksterne leigetakarar.
OPPMÅLING Sognekraft utfører oppmåling med GPS både på land og i vatn der oppmålingsdata vert levert til kunden sine digitale kart. Oppmålinga vert utført med tilsvarande utstyr som selskapet nyttar til oppmåling av eigne linje– og kabeltrasear.
Oppmåling av sjøbotn vert utført med ekkolodd montert på liten motorbåt. Dette er ei nisje som har gjeve mange oppdrag.
DET LOKALE ELTILSYN (DLE) Tilsynsaktiviteten er regulert av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Det vert laga ein plan for tilsynsaktiviteten som vert følgt opp av DSB.
I 2009 utførte Sognekraft DLE kontrollen for Årdal Energiverk.
VEGLYS Bygging, drift og vedlikehald av veglys er den tradisjonelle entreprenøraktiviteten til Sognekraft. Dei siste åra er det også skrifta ut armaturar som inneheld PCB.
Kundane er private og offentlege veglyseigarar, der kommunane i forsyningsområdet har dei største og mest omfattande anlegga.
Beløp i 1000 kroner 2009 2008
Inntekter 7 350 11 062
Varekjøp 2 424 2 574
Løns- og personalkostnader 2 704 3 660
Avskrivingar 1 191 943
Øvrige driftskostnader 1 581 2 314
Driftsresultat (550) 1 571
RESULTAT
Andre forretningsområde
20
HOVUDPUNKT Selskapet sitt årsresultat vart på 39,0 mill. kroner. Dette er 5,9 mill. kroner betre enn året før, i hovudsak som fylgje av utløp av ein stor langsiktig kraftkontrakt med avtalepris lågare enn spotpris. Kraftproduksjonen vart på 455 GWh, som er 9 GWh høgare enn middelproduksjonen, men likevel 23 GWh lågare enn i 2008. Gjennomsnittleg spotpris i vårt område var 9 % lågare enn i 2008.
Hovudpunkt i resultatet for 2009 samanlikna med 2008 (beløp i mill. kroner):
VERKSEMDA Sognekraft er eigd av kommunane Vik, Sogndal, Luster, Balestrand og Leikanger samt energiselskapa BKK og Luster Energiverk. Selskapet sine kjerneområde er produksjon, distribusjon og sal av elektrisk kraft. I tilknyting til kjerneområda tilbyr selskapet utleige av fiberkablar for breibandskommunikasjon, entreprenørtenester, varmepumper og alarm. Selskapet har hovudkontor i Vik i Sogn og anlegg i kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster og Lærdal.
Selskapet vert drive med basis i kjerneverdiane: Tryggleik, Trivsel, Påliteleg og Nyskapande. Sognekraft sin visjon er å vere ei drivkraft i Sogn. Forretningsidéen er å produsere, distribuere og handle miljøvennleg energi i Sogn, samt å utvikle og tilby andre tenester knytt til eksisterande kjerneområde. For å oppnå stordriftsfordelar, få tilgang til utfyllande teknologi og kompetanse og ha nødvendig slagkraft, samarbeider Sognekraft med andre selskap i eigen og andre bransjar.
ØKONOMISKE RESULTAT FORTSATT DRIFT
I samsvar med Rekneskapslova § 3-3 stadfestar styret at rekneskapet er avlagt under føresetnad om fortsatt drift og at selskapet har ei sunn økonomisk og finansiell stilling.
ÅRSRESULTATET
Resultat før skatt vart 87,7 mill. kroner, ein auke på 9,1 mill. kroner i forhold til 2008. Auken kjem i hovudsak som fylgje av høgare kraftprisar på grunn av utløp av ein langsiktig kontrakt. Skattekostnaden auka med 3,2 mill. kroner, medan årsresultatet auka med 5,9 mill. kroner.
AVKASTNING
Avkastning på totalkapitalen etter skatt var 9,7 % mot 8,9 % i 2008. Avkastning på eigenkapitalen var 15,8 % i 2009 mot 13,5 % året før.
DRIFTSINNTEKTER
Sognekraft hadde ei omsetning på 220,7 mill. kroner i 2009, ein auke på 10,9 mill. kroner samanlikna med 2008. Auken kjem i hovudsak som fylgje av utløp av ein langsiktig kontrakt.
Inntektene frå kraftsal i engrosmarknaden vart på 108,1 mill. kroner, ein auke på 15,4 mill. kroner frå 2008. Produksjonen vart på 455 GWh i 2009 mot 478 GWh i
167,7
209,8 220,7
-
50,0
100,0
150,0
200,0
250,0
2007 2008 2009
mill
. kro
ner
Driftsinntekter i mill. kroner
28,2
33,1
39,0
-
10,0
20,0
30,0
40,0
50,0
2007 2008 2009
mill
. kro
ner
Årsresultat
HOVUDPUNKT 2009 ENDRING FRÅ 2008
Sal av energi 154,6 + 8,6
Inntekter frå kraftoverføring 56,5 + 3,4
Andre inntekter 9,6 - 1,2
Driftsresultat 96,3 + 12,0
Årsresultat 39,0 + 5,9
Årsmelding frå styret
21
2008. Sal til sluttbrukarar utgjorde 46,5 mill. kroner i 2009, ein reduksjon på 6,7 mill. kroner frå året før. Inntekter frå kraftoverføring vart på 56,5 mill. kroner mot 53,1 mill. kroner i 2008. Andre driftsinntekter vart 9,6 mill. kroner, mot 10,8 mill. kroner i 2008. Aktiviteten innan entreprenørområdet og sal av varmepumper vart noko mindre enn året før.
DRIFTSKOSTNADER
Selskapet sine driftskostnader vart på 124,4 mill. kroner i 2009, ein reduksjon på 1,1 mill. kroner frå året før. Energi-kjøp har gått ned med 3,2 mill. kroner som fylgje av lågare prisar. Lønskostnadene auka med 3,4 mill. kroner på grunn av generell lønsvekst og fleire utførte årsverk. Avskrivingar vart redusert med 1,0 mill. kroner på grunna av at enkelte større anleggsmidlar vart fullt avskrevne i 2008.
DRIFTSRESULTAT
Selskapet sitt driftsresultat vart på 96,3 mill. kroner i 2009, ein auke på 12,0 mill. kroner i forhold til 2008. Produksjon sitt driftsresultat vart auka med 17,0 mill. kroner. Nett sitt driftsresultat auka med 0,9 mill. kroner, medan sluttbruk sitt resultat vart redusert med 3,9 mill. kroner og andre forretningsområde vart redusert med 2,1 mill. kroner.
FINANSPOSTAR
Sognekraft er utsett for valutarisiko fordi kraftprisen på Nord Pool vert fastsett i euro. Finansiell handel vert gjort opp i euro og midlar er bundne i euro. Euroen styrka seg mot krona gjennom 4. kvartal 2008. Bundne midlar og netto fordringar i valuta genererte ei valutainntekt på 1,2 mill. kroner i 2008. I 2009 har krona igjen styrka seg mot euro. Den urealiserte positive verdiendringa ved utgangen av 2008, vart såleis reversert og inngår som finanskostnad i 2009.
Finanskostnader er også belasta med 1,2 mill. kroner som gjeld nedskriving av akjseposten i Sognenett til verkeleg verdi.
Rentekostnader vart redusert med 2,1 mill. kroner frå 2008 til 2009 som fylgje av lågare rentenivå i 2009 ettersom dei sterkaste verknadene etter finanskrisa avtok.
SKATTAR
Skattekostnaden i 2009 vart på 48,7 mill. kroner mot 45,5 mill. kroner i 2008. Høgare resultat før skatt medfører auka overskotsskatt på 2,7 mill. kroner og auka inntekter frå kraftproduksjon medfører auka grunnrenteskatt på 1,1 mill. kroner.
Avsetning for skatt knytt til vedtak om endra likning for perioden 2004-2007 inngår i skattekostnaden for 2009, med 0,5 mill. kroner mot 1,2 mill. kroner i 2008. Vedtaket vart påklaga til skatteklagenemnda i juli 2008.
Skatteprosenten er redusert frå 58 % i 2008 til 56 % i 2009.
KONTANTSTRAUM OG BALANSE
Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar i selskapet vart på 55,2 mill. kroner som er 25,0 mill. kroner mindre enn i 2008. Kontantstraum frå investeringar var -48,3 mill. kroner og finansieringsaktivitetar utgjorde -19,4 mill. kroner. Netto endring i likvidbehaldning vart såleis -12,5 mill. kroner. Selskapet tok i 2008 opp ei låneramme på 100 mill. kroner. Ved utgangen av 2009 var 20,9 mill. kroner utnytta til finansiering av investeringane i 2009.
Sognekraft sin totalkapital var 511,4 mill. kroner ved utgangen av året. Eigenkapitalen utgjorde 253,7 mill. kroner. Dette gir ein eigenkapitalandel på 49,6 %, mot 47,5 % ved utgangen av 2008. Som fylgje av endra føresetnadar ved berekning av pensjonsforpliktelsar, er det tilført 3,8 mill. kroner i estimatavvik direkte mot eigenkapitalen. Marknadsverdien av produksjonsanlegga er vesentleg høgare enn den bokførte verdien.
Renteberande gjeld utgjer 115,4 mill. kroner ved utgangen av 2009 mot 107,8 mill. kroner året før. Kortsiktig ikkje renteberande gjeld utgjer 105,0 mill. kroner, mot 108,5 mill. kroner ved inngangen av året. Av dette utgjer betalbar skatt 41,2 mill. kroner mot 42,4 mill. kroner ved utgangen av 2008.
DISPONERING AV ÅRETS RESULTAT
Sognekraft sitt rekneskap for 2009 viser eit resultat til disposisjon på 39,0 mill. kroner som styret føresler disponert slik:
Avsett utbytte til eigarane 30,0 mill. kroner
Overført til annan eigenkapital 9,0 mill. kroner
Styret meiner årsrekneskapen gir eit rettvisande bilete av Sognekraft AS og selskapet sitt resultat, eigendelar, gjeld og finansielle stilling.
ANDRE FORHOLD STYRET SITT ARBEID
Styret har i 2009 hatt 9 møte, av dette var to telefonmøte. Selskapet sin strategi for auka verdiskaping på sikt vert
58,4
84,3
96,3
-
25,0
50,0
75,0
100,0
2007 2008 2009
mill
. kro
ner
Driftsresultat
22
arbeidd med fortløpande. Lønsam ekspansjon gjennom auka kraftproduksjon har prioritet.
Som følgje av at Sognekraft aukar aktiviteten på fleire område, aukar talet på tilsette. Dette gir større fleksibilitet, tilfører nødvendig kompetanse og gjer fagleg spesialisering mogleg. Alt dette posisjonerer Sognekraft for framtidige utfordringar.
Etter innspel frå eigarane har styret vurdert omfanget av selskapet sitt engasjement innan vindkraft. I august og september vart det arbeidd mykje med kjøp av Elkem Energi Bremanger i Svelgen, saman med SFE og Tafjord Kraft-produksjon. I september vart det også gjort vedtak om bygging av nytt hovudkontor i Vik.
Det var to endringar i styret si samansetning i 2009. Med-lemmane Svein Halveg og Kai-Vidar Myrhol vart erstatta med Geir Arve Sandvik og Rune Øen.
STYRING AV FINANSIELL RISIKO
Sognekraft har etablert ei heilskapleg risikostyring, der det er fastsett ei samla risikoramme for selskapet som dannar grunnlag for rammene knytt til styring av dei viktigaste risikofaktorane.
Sognekraft sin finansielle risiko er først og fremst knytt til endringar i kraftpris og volumrisiko knytt til kraftproduksjon og kraftomsetning. Det er gjennomført risikoanalyser som syner at kraftpris er den faktoren som er mest avgjerande for selskapet sitt resultat. Kraftprisane vert påverka av brenselprisar og prisar på CO2-kvotar. Nedbørsforhold og temperatur betyr mykje og medfører store endringar i prisar og produksjonsvolum. Manglande transportkapasitet som fylgje av flaskehalsar i overføringsnettet, kan og føre til store prisutslag og forskjellar mellom kraftprisområda. Sognekraft styrer marknadsrisikoen gjennom terminsikring av delar av framtidig produksjon. Det er etablert fullmakter, rammer og rapportering for all handel.
Sognekraft er eksponert mot valutasvingingar i samband med at euro er notasjonsvaluta på Nord Pool. Alle oppgjer for fysisk kjøp og sal av kraft er utført i norske kroner.
Selskapet sine lån er i norske kroner. Verknaden av endringar i rentenivået er moderat og styret vurderer renterisikoen som akseptabel ut frå selskapet sin finansielle stilling. Selskapet sin tilgang på likviditet er god.
Sognekraft sin kredittrisiko innan sal til sluttbrukarar og nett er liten. Risikoen innan engrossal er moderat, men er redusert gjennom clearing og etablerte grenser for motpartrisiko.
Operasjonell risiko vert styrt gjennom prosedyrer og beredskapsplanar. Deler av risikoen er avlasta gjennom forsikring. I arbeidet med helse, miljø og tryggleik vert det arbeidd målretta med instruksar samt rapportering og analyse av uønska hendingar for å redusere risikoen for skader. Selskapet er i ferd med å ferdigstille og setje i drift eit kvalitetssystem der hovudprosessar vert fortløpande
dokumentert og evaluert.
Det er knytt risiko til selskapet og bransjen sine rammevilkår. Dette omfattar i hovudsak spesielle skattar og avgifter for energibransjen, regulering av nettverksemda og sakshand-samingstid i konsesjonsprosessen for bygging av nye kraftverk og nettanlegg.
Styret sitt tilsynsansvar vert ivareteke gjennom månadleg rapportering av selskapet sin økonomiske status og prognosar samt rapportering av drift, økonomi og framdrift i større prosjekt til kvart styremøte.
MILJØ
Sognekraft bidreg til det globale miljøet gjennom ein kraftproduksjon der 100 % kjem frå fornybare kjelder. Selskapet sitt kraftsal til sluttbrukarar vert levert med opphavsgaranti.
Etablering av kraftproduksjon og bygging av kraftlinjer påverkar elles naturen og miljøet. Selskapet søkjer difor å ta omsyn til natur og lokalmiljø ved gjennomføring av prosjekt.
Vasskrafta er ein rein og fornybar ressurs utan utslepp som ureinar det ytre miljø. Gjennom kjerneverdiar og regulerings-føresegner syter Sognekraft for å ta omsyn til naturen i regulerte vassdrag.
Det har ikkje vore uhell som har påført miljømessige skader. Selskapet er i dialog med grunneigarar og andre aktørar om avbøtande tiltak i samband med planlegging av vasskraft-prosjekt.
FOU
Sognekraft medverkar til finansiering av forskings-programmet ”Fornybar energi” ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Forskingsprogrammet byggjer på kunnskap om samfunnsmessige vilkår for auke av produksjon og bruk av fornybar energi og skaper eit kompetansemiljø for fornybar energi i Sogn og Fjordane.
ORGANISASJON
Sognekraft sin aktivitet er organisert som aksjeselskap. Forretningsområda er organisert i tre seksjonar Produksjon, Nett og Marknad. I tillegg kjem fellesfunksjonar som er inkludert i Stab. Til saman hadde selskapet 62 tilsette ved utgangen av 2009, inkludert 2 lærlingar. Det vart utført 57 årsverk, som er ein auke på 2 frå 2008.
Auken i talet på årsverk kjem som fylgje av auka aktivitet innan planlagde investeringar. Som fylgje av naturleg avgang dei næraste åra, i tillegg til store investeringsplanar, er det nødvendig å lukkast med rekruttering av fagkompetanse. Det vert arbeidd målretta med rekruttering gjennom fleire kanalar.
Styret meiner at arbeidsmiljøet i selskapet er godt, men vurderer heile tida nødvendige forbetringstiltak.
Styret vil takke dei tilsette i selskapet for den gode innsatsen som er vist gjennom 2009.
23
HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK
Sjukefråværet var på 5,0 %, ein auke på 1,2 % frå 2008. Fråværet gjekk ned siste halvår og var 1,9 % i desember. Sognekraft har vore IA-bedrift sidan 2003 og jobbar aktivt med tilrettelegging for sjukmelde. Det var ingen person-skader i 2009, men skade på slutten av 2008 medførde skadefråværsdagar i 2009 og ein F-verdi på 201. Det er ikkje registrert arbeidsrelaterte sjukdommar.
Det er registret 58 uønska hendingar, som er ei auke på over 30 % frå 2008. Styret legg stor vekt på rapportering og oppfølging for å førebygge uhell og skader.
LIKESTILLING OG DISKRIMINERING
Kvinneandelen ved utgangen av året var 15 %, ein auke frå 14% året før. Alle kvinneårsverk er knytt til stab og marknadsseksjonen. Utanom administrasjon/service/økonomi er Sognekraft si verksemd knytt til område der menn generelt i arbeidslivet er i sterk overvekt. Det vert arbeidd aktivt med å auke kvinnerepresentasjon innanfor dei tekniske faga.
Leiargruppa var samansett av to kvinner og tre menn. Styret har sju medlemmer, fordelt på fem aksjonærvalde og to valde av og mellom dei tilsette. To styremedlemmer er kvinner.
I selskapet sin rekrutteringsprosess vert omsynet til mangfald og inkludering av personar uavhengig av kjønn, etnisk bakgrunn og funksjonsevne, ivareteke. Moglegheit for arbeidstreningsplassar vert vurdert løpande, blant anna i dialog med NAV.
OMDØMME
Tidlegare måling av kundetilfredsheit og omdømme syner at Sognekraft har eit godt omdømme, og er oppfatta som ein påliteleg og trygg energileverandør som er godt synleg i lokalmarknaden. Undersøkingar viser at service og kundehandsaming, tillit til at straumrekningane er rette samt relevant informasjon er viktig for kunden. I tillegg meinar kundane det er viktig at selskapet er moderne og framtidsretta. Ein ny omdømmeundersøking, gjennomført hausten 2009, syner at mediaomtale over tid, av til dømes større utbyggingssaker, kan redusera omdømmescoren lokalt, og at informasjon og handtering av media er særs viktig i slike saker.
FORRETNINGSOMRÅDA PRODUKSJON OG ENGROSOMSETNING
Produksjonen i Sognekraft omfattar eigen produksjon i Årøy kraftverk i Sogndal og ein eigardel på 12 % i Vikfalli. Gjennomsnittleg årsproduksjon er 446 GWh/år fordelt på 349 GWh i Årøy kraftverk og 97 GWh i Vikfalli. I 2009 vart produksjonen totalt på 455 GWh. Magasinbehaldninga ved utgangen av 2009 var på 38,5 GWh, ein fyllingsgrad på 56 %. Dette er om lag 5 GWh lågare enn i eit normalår, ettersom det er produsert meir i 2009 som fylgje av stopp i Vikfalli på grunn av revisjonar i 1. halvår 2010.
Selskapet har investeringsplanar innan ny energiproduksjon på 1,5 mrd kroner. Dei tre største prosjekta er Feios kraftverk (95 GWh), Leikanger kraftverk (184 GWh) og Offerdal kraftverk (111 GWh). Bygging er planlagt i perioden 2011-2017.
Ei stor hending i 2009 var avtalen om kjøp av Elkem Energi Bremanger AS (no Svelgen Kraft AS). I eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi AS, Tafjord Kraftproduksjon AS og Sognekraft AS vart det 30. september inngått avtale om å kjøpa selskapet for 1.709 mill. kroner. Sognekraft sin del utgjer 10%. Transaksjonen vil verta gjennomført i 2010, etter at endeleg avgjerd om konsesjons frå Olje- og energi-departementet ligg føre.
Sognekraft si satsing på vindkraft er representert gjennom Vestavind Kraft AS og Vestavind Offshore AS, selskap som vert eigd av dei 7 kraftselskapa i Vestlandsalliansen.
Det er investert for 15,9 mill. kroner i produksjon i 2009.
NETT
Resultatet for nett er avhengig av det til ei kvar tid gjeldande reguleringsregime for nettinntektene, aktivitet på forretningsområde utanfor monopolverksemda og utvikling i selskapet sine kostnader. Det vart transportert ei energimengde på 242 GWh i nettet i 2009 mot 241 GWh året før.
Samla kostnad for ikkje levert energi (KILE) for 2009 vart på 1,4 mill. kroner, mot 2,0 mill. kroner i 2008. Kostnadene for ikkje levert energi kan variere mykje frå år til år og selskapet arbeider målretta med tiltak for å redusere risikoen og omfanget av utkoplingar. Med bakgrunn i auka skogvekst og forventningar om meir utfordrande vertilhøve, har selskapet auka innsatsen i skogrydding.
Det er til saman investert for 19,1 mill. kroner innafor nettaktiviteten i 2009.
SLUTTBRUK
Selskapet er ein regional aktør innan kraftsal til sluttbrukarar og selde i 2009 134 GWh, til om lag 6.700 kundar, hovud-sakleg innafor eige konsesjonsområde.
Marknadsdelen målt i tal kundar var på 83 % ved utgangen av 2009. Marknadsdelen målt i volum var på 59 %.
HMT-nøkkeltal 2007 2008 2009 Sjukefråvær 3,3 3,8 5,0 H1 (skadefråværsfrekvens) 0 28 0 H2 (skadefrekvens) 20 37 0 F-verdi (skadefråvær) 0 454 201
24
Marknadsdelen er lågare innafor storkundesegmentet enn for privatkundemarknaden og mindre næringskundar. Større nasjonale kjedekjøp medfører at Sognekraft si moglegheit til å konkurrere vert redusert.
ANDRE FORRETNINGSOMRÅDE
Dette omfattar tradisjonell entreprenøraktivitet som utbygging og drift av veglys på oppdrag frå kommunane, drift og vedlikehald av andre sine nettanlegg, oppmålingstenest-er, utleige av fiber til breiband, landbruks– og bustadalarm samt sal og montering av varmepumper.
FRAMTIDSUTSIKTER Vass- og snømagasina i Norden var mindre enn normalt ved utgangen av 2009. Gjennom 1. kvartal 2010 har den hydrologiske balansen svekka seg ytterlegare, og det hydrologiske underskotet er anslått til 40 TWh i Norden ved utgangen av mars månad. Svikten er i første rekke i form av mindre snømagasin enn normalt, og dette har ført til auka terminprisar i 2010. Prisutviklinga vil i stor grad styrast av veret framover, men driftssituasjonen for dei svenske kjernekraftverka vil også bety mykje. Full produksjon av svensk kjernekraft og normalisering av veret vil gje lågare prisar.
Sognekraft har i 2009 sikra deler av produksjonen for 2010 til noko lågare prisar, og har tidlegare inngått langsiktige
avtalar på eit lågare nivå enn det dagens kraftprisar tilseier. Selskapet sitt resultat er svært avhengig av kraftprisane i den viktigaste produksjonsperioden, som er månadene juni til august. Tilgjengeleg overføringskapasitet mellom prisområda i Noreg, kabelforbindelsar mot utlandet samt nedbør gjennom sommaren, er kritiske faktorar for at områdeprisane skal halde seg nær systemprisen på Nord Pool. Sognekraft planlegg store investeringar og er avhengig av ein fungerande finansmarknad. Styret forventar at selskapet skal kunne få tilgang til nødvendig kapital.
På grunn av vesentleg mindre snømagasin enn normalt, også i nedbørsfelta for Sognekraft sine produksjonsanlegg, forventar styret at resultat etter skatt for 2010 vert lågare enn det som vart oppnådd året før.
Styret forventar at fornybar energi vil auke i verdi og nye utbyggingsprosjekt saman med eksisterande produksjon legg til rette for ei god økonomisk utvikling framover. Styret peikar likevel på risikoen for svingingar i resultatet som fylgje av at selskapet si hovudinntening er basert på vasskraft-produksjon. Progresjon i utbygging av ny overførings-kapasitet er nødvendig for å få optimal samfunnsnytte av selskapet sine utbyggingsprosjekt.
25
(Beløp i 1 000 kroner) Note 2009 2008
Energisal (2,3,19,20) 154 553 145 914
Inntekter frå kraftoverføring (2) 56 527 53 124
Andre driftsinntekter (2) 9 647 10 798
Sum driftsinntekter (2) 220 727 209 836
Energikjøp (2,3) 32 704 35 875
Materiell for vidaresal (2) 2 472 2 036
Sentralnettsavgifter (2) 5 921 6 537
Løn og andre personalkostnader (2,4,14) 32 265 28 901
Andre driftskostnader (2,4,5) 20 195 20 370
Eigedomsskattar og avgifter (2,6) 9 876 9 163
Ordinære avskrivingar (2,8) 21 438 22 429
Tap på krav (2) (446) 185
Sum driftskostnader 124 424 125 496
Driftsresultat (2) 96 303 84 340
Finansinntekter 950 4 624
Finanskostnader (7) 9 148 10 850
Netto finanskostnader 8 621 5 784
Resultat før skattekostnad 87 682 78 556
Skattekostnad (17) 48 680 45 502
Årsresultat (1,2) 39 002 33 054
Føreslege utbytte til utbetaling 30 000 27 000
Overføring annan eigenkapital 9 002 6 054
Inntekt på investering i tilknytta selskap (9) 804 442
Nedskriving av finansielle eigendelar 1 227 0
Resultatrekneskap
26
EIGENDELAR
(Beløp i 1 000 kroner) Note 31.12.2009 31.12.2008
Anleggsmidlar
Immaterielle eigendelar
Utsett skattefordel (17) 46 286 56 288
Sum immaterielle eigendeler 46 286 56 288
Varige driftsmidlar
Tomter, bygningar og annan fast eigendom (8,18) 9 426 9 894
Reguleringsanlegg og kraftstasjonar (8,18) 159 557 167 348
Nettanlegg produksjon (8,18) 2 929 3 294
Regionalnett (8,18) 20 833 22 729
Distribusjonsnett (8) 133 462 131 330
Driftslausøyre, inventar, verkty, kontormaskiner m.v. (8) 13 713 11 778
Anlegg under arbeid (8) 31 216 13 241
Reservedelslager (8) 1 220 1 920
Sum varige driftsmidlar (8) 372 356 361 534
Finansielle anleggsmidlar
Investeringar i dotterselskap og tilknytta selskap (9) 925 2 163
Investeringar i aksjar og andelar (9) 11 117 5 521
Langsiktig lån til dotterselskap (10) 17 350 7 000
Andre langsiktige fordringar (10) 1 287 1 381
Sum finansielle anleggsmidlar 30 679 16 065
Sum anleggsmidlar 449 321 433 887
Omløpsmidlar
Varelager 360 525
Fordringar
Straumfordringar 30 951 35 801
Andre kundefordringar 6 736 2 297
Kundefordringar konsern 269 0
Forskotsbetalte kostnader 9 050 5 960
Sum fordringar 47 005 44 058
Bankinnskot, kontantar og liknande (11) 14 670 27 125
Sum omløpsmidlar 62 035 71 708
SUM EIGENDELAR 511 357 505 595
Balanse
27
EIGENKAPITAL OG GJELD
(Beløp i 1 000 kroner) Note 31.12.2009 31.12.2008
Eigenkapital
Innskoten eigenkapital
Aksjekapital (12,13) 94 500 94 500
Overkursfond (13) 43 170 43 170
Sum innskoten eigenkapital (13) 137 670 137 670
Opptent eigenkapital
Annan eigenkapital (13) 116 063 102 613
Sum opptent eigenkapital 116 063 102 613
SUM EIGENKAPITAL (13,19,20) 253 733 240 283
Gjeld
Avsette forpliktingar
Pensjonsforpliktingar (14) 37 175 48 968
Sum avsette forpliktingar 37 175 48 968
Langsiktig gjeld
Gjeld til kredittinstitusjonar (15,18) 65 436 57 790
Øvrig langsiktig gjeld (15) 50 010 50 010
Sum langsiktig gjeld (15) 115 446 107 800
Kortsiktig gjeld
Leverandørgjeld 9 689 14 203
Skattetrekk, feriepengar, offentlege avgifter 17 676 21 077
Avsett til påløpne skattar (17) 41 154 42 357
Påløpne kostnader 5 184 1 740
Netto meirinntekt (16) 1 299 2 167
Utbyte (13) 30 000 27 000
Sum kortsiktig gjeld 105 003 108 544
Sum gjeld 257 624 265 312
SUM EIGENKAPITAL OG GJELD 511 357 505 595
Balanse
28
( Beløp i 1 000 kroner) 2009 2008
Kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar
Ordinært resultat før skattekostnad 87 682 78 556
Betalt skatt i perioden (40 986) (25 799)
Avskrivingar 22 665 22 429
Endring i varelager 165 (80)
Endring i straumfordringar 4 850 (2 569)
Endring i andre kundefordringar (4 708) 4 726
Endring i leverandørgjeld (4 514) (272)
Effekt av pensjonskostnad/ utbetaling (6 239) 1 304
Andre tidsavgrensingspostar (3 118) 2 259
Netto kontantstraum frå operasjonell aktivitet 55 777 80 203
Kontantstraum frå investeringsaktivitetar
Utbetalingar ved kjøp og tilvirking av varige driftsmidlar (32 962) (23 838)
Utbetalingar frå andre investeringsaktivitetar (15 946) (1 094)
Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (48 878) (23 861)
Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar
Innbetalingar frå opptak av ny langsiktig gjeld og bruk av trekkfasilitet 20 896 10 000
Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld (13 250) (24 155)
Utbetaling av utbytte (27 000) (25 000)
Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar (19 354) (39 155)
Netto endring i kontantar og bankinnskot (12 455) 17 187
Behaldning av kontantar og bankinnskot pr. 01.01. 27 125 9 938
Behaldning av kontantar og bankinnskot pr. 31.12. 14 670 27 125
Innbetalt frå sal av anleggsmiddel 30 1 071
Gevinst ved sal av anleggsmiddel (20) (351)
Kontantstraumanalyse
29
NOTE 1 REKNESKAPSPRINSIPP Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova frå 1998 og er utarbeidd etter norske rekneskapsstandardar.
PRINSIPP FOR INNTEKTS- OG KOSTNADSFØRING OG KLASSIFISERING AV POSTAR Inntektsføring i rekneskapen skjer ved levering av varer eller tenester til kunde. Kostnader vert medteke i rekneskapen i den perioden dei på kjem. Eignelutar som er bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert som anleggsmiddel. Andre eignelutar er klassifisert som omløps-midlar. Anleggsmiddel er vurdert til anskaffelseskost. Dersom anleggsmiddelet har avgrensa økonomisk levetid vert det avskrive planmessig over levetida. Ved vurdering av omløpsmidlar er lågaste verdis prinsipp nytta, slik at omløpsmidlane er vurdert til lågaste verdi av anskaffelseskost og marknadsverdi. Langsiktig gjeld vert balanseført til pari kurs. Kortsiktig gjeld vert balanseført til motteke beløp på lånetidspunktet, og vert ikkje skrive opp til verkeleg verdi som fylgje av renteendring. Enkelte postar er vurdert etter andre reglar og desse er det gjort greie for nedanfor. Postar som er av uvanleg karakter og av ein slik art at dei ikkje inntrer ofte eller regelmessig, vert klassifiserte som ekstra-ordinære dersom beløpa er vesentlege for selskapet.
VARIGE DRIFTSMIDLAR Varige driftsmidlar vert avskrive over forventa økonomisk levetid. Avskrivingane er som hovudregel fordelt lineært over antatt økonomisk levetid.
MEDEIGARSKAP I ANDRE KRAFTVERK Sognekraft eig 12 % av stasjonsgruppa Vikfalli. Vikfalli inngår i Sognekraft sin rekneskap etter bruttometoden. Sal av kraft frå Vikfalli er inkludert i posten sal av kraft, driftskostnader for Sognekraft sin del er inkludert i posten energikjøp og avskriv-ingane inngår i posten avskrivingar i rekneskapen. Eigedoms-skatt, grunnrente- og naturressursskatt for Vikfalli vert utlikna på Sognekraft si hand og er inkludert i desse postane i rekneskapen.
MAGASINFYLLING I samsvar med tilråding frå Energibedriftenes landsforening (EBL) vert ikkje vassmagasin balanseført. Vassmagasin har likevel betydning for vurdering av det rekneskapsmessige resultatet for selskapet.
KRAFTKONTRAKTAR Alle kjøps- og salskontrakter blir periodiserte, dvs. inntekter og kostnader blir tilordna leverings- og mottakstidspunkt. Kontraktsportefølja vert vurdert samla til faktiske prisar på sals-
og kjøpskontrakter med tilsvarande volum og samanfallande leveringsperiodar. Urealiserte netto tap i portefølja vert kostnads-ført medan urealiserte gevinstar ikkje vert inntektsført.
FORDRINGAR Kundefordringar og andre fordringar er oppført til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av dei enkelte fordringane. For dei øvrige kundefordringane vert det i tillegg gjort ei uspesifisert avsetning for å dekkje sannsynlege tap.
SKATTAR Sognekraft betalar fire ulike skatteartar. Dette er alminneleg overskotsskatt, naturressursskatt, grunnrenteskatt og eigedomsskatt. Overskotsskatt Overskotsskatten vert berekna etter dei ordinære skattereglane. Skattekostnaden i resultatrekneskapen er samansett av betalbar skatt og endring i utsett skatt. Betalbar skatt vert berekna på grunnlag av årets skattemessige resultat. Utsett skatt vert berekna på grunnlag av midlertidige skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar. Naturressursskatt Naturressursskatten er overskotsuavhengig og vert berekna basert på det enkelte kraftverk sin gjennomsnittlege produksjon dei siste 7 åra. Naturressursskatten kan utliknast mot overskotsskatten, og ikkje utlikna naturressursskatt kan framførast med renter. Grunnrenteskatt Grunnrenteskatten er ein kraftverksspesifikk skatt som vert berekna separat for kvart kraftverk. Grunnrenteskatten har som formål å skattlegge den avkastinga ein vasskraftprodusent har utover normalavkasting som fylgje av at produsenten utnyttar ein naturressurs. Denne skatten er delvis overskotsavhengig og kjem i tillegg til overskotsskatten. Skattekostnaden knytt til grunnrente i Sognekraft sin resultatrekneskap består av betalbar skatt og endring i utsatt skatt. I utsatt skatt vert det teke omsyn til tre forhold; midlertidige forskjellar mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar for kraftverk, akkumulerte negative grunnrenteinntekter og midlertidige forskjellar vedrørande netto pensjonsforpliktelsar knytt til kraftverka. Ved aktivering av utsatt skatt vert nominell skattesats på 30 % brukt. Eigedomsskatt Eigedomsskatten er ei overskotsuavhengig avgift som vert berekna basert på ein eigedomsskattetakst. Eigedomsskatten utgjer inntil 0,7% av taksten. I rekneskapen er eigedomsskatten inkludert i driftskostnader. Eigedomsskatt for kraftverk vert fastsett på grunnlag av skattemessig formuesverdi i likningsåret før eigedomsskatten vert skriven ut.
Notar
30
NOTE 2 DRIFTSRESULTAT FORDELT PÅ FORRETNINGSOMRÅDE
Beløp i 1 000 kroner Produksjon og
omsetning Nett Sluttbruk
Anna verk-semd
Stab og støtte
Interne tran-saksjonar
Sum sel-skap
Driftsinntekter 158 032 57 700 46 453 7 350 19 305 68 114 356 954
Materiell for vidaresal 0 39 0 2 424 53 0 2 516
Energikjøp 32 533 6 341 42 142 0 0 48 296 129 311
Sentralnettsavgifter 5 496 996 0 0 0 632 7 124
Løns- og personalkostnader 4 988 12 965 384 2 704 11 224 0 32 265
Ordinære avskrivingar 7 780 11 204 6 1 191 1 172 0 21 443
Øvrige driftskostnader 16 275 21 721 2 492 1 581 6 737 19 186 67 992
Driftsresultat 90 870 4 434 1 429 (550) 119 0 96 303
NOTE 3 KRAFTPRODUKSJON, KRAFTSAL OG KRAFTKJØP KRAFTPRODUKSJON 2009:
Kraftsal og kraftkjøp: Sognekraft handlar aktivt i kraftmarknaden. Portefølja inneheld eigenproduksjon, kjøp av konsesjonskraft frå kommunane i konsesjonsom-rådet og kjøps- og salskontraktar for framtidig levering. Kraftsals- og kraftkjøpskontrakter med levering i same periode vert samanstilt etter porteføljeprinsippet og urealiserte tap som måtte vere i portefølja vert kostnadsført. Urealiserte gevinstar vert ikkje inntektsført. Eigenproduksjonen vert i denne vurderinga lagt inn som ei kjøps-kontrakt med kjøpspris lik sjølvkost.
Årets produksjon : 455 GWh Gjennomsnittleg årsproduksjon: 446 GWh (349 GWh i eigne verk)
Magasinbehaldning: 31.12.09 31.12.08 31.12.07 31.12.06 31.12.05
Magasinbehaldning (GWh) 38,5 27,3 42,7 62,2 62,2
Andel av magasinkapasitet 56 % 40 % 62 % 91 % 91 %
NOTE 4 LØNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERINGAR, LÅN TIL TILSETTE M.M
LØNSKOSTNADER, TILSETTE YTINGAR TIL STYRET
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Brutto løn 30 421 26 559
Arbeidsgjevaravgift 3 232 3 228
Pensjonskostnader 4 954 4 018
Andre personalkostnader 541 764
Aktiverte løns- og personalkostna-der
(6 884) (5 668)
Sum 32 265 28 901
Gjennomsnittleg tal årsverk 57 55
Beløp i 1 000 kroner Honorar
Erling Stadheim, styreleiar 83
Atle Neteland, nestleiar -
Agnes Landstad 37
Geir Arve Sandvik (1.6.-31.12.) 23
Kai-Vidar Myrhol (1.1.-31.5.) 13
Karen Marie Hjelmeseter 37
Svein Halveg (1.1.-31.5.) 13
Jaran Sæbø 37
Rune Øen (1.6.-31.12.) 23
Sum 266 KOSTNADER TIL REVISOR
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Revisjonshonorar 214 219
Andre tenester - -
Sum 214 219
Styremedlemmer som sit i konsernleiargruppa i BKK mottek ikkje styrehonorar, men honoraret vert betalt til BKK AS. Det føreligg ingen forpliktingar utover ordinært styrehonorar overfor styreleiar.
31
YTINGAR TIL LEIANDE TILSETTE
Adm. direktør har avtale om etterlønn ved spesielle høve. Ingen andre tilsette har avtale om etterlønn eller avtale om pensjon ut-over vilkåra i den kollektive pensjonsordninga, sjå note 14.
Beløp i 1 000 kroner Løn
Anna godtgj., bilordn.
mv.
Sum lønn og
anna godtgj.
Pen-sjons-kostn.
Adm. direktør Terje Bakke Nævdal
1 162 120 1 282 203
Økonomisjef Berit Larsen
750 16 766 121
Omsetnings- og produksjonssjef Jacob Hornnes
810 16 826 121
Nettsjef Harald Stad-heim
718 16 733 116
Marknadssjef Trude Unde-bakke
701 16 717 114
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Verkty, materiell og utstyr 3 818 3 057
Kjøpte tenester 4 553 6 896
Forsikringar 777 1 013
Leigekostnader 1 024 1 275
Øvrige driftskostnader 8 033 5 854
Telefon /porto 1 080 1 125
Reisekostnader 909 1 150
Sum andre driftskostnader 20 195 20 370
NOTE 5 ANDRE DRIFTSKOSTNADER
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Konsesjonsavgifter 481 481
Tilsynsavgifter 223 173
Avgift til KBO 34 27
Eigedomsskatt 9 137 8 482
Sum eigedomsskatt, avgifter og godtgjersler 9 876 9 163
NOTE 6 EIGEDOMSSKATT OG AVGIFTER
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Rentekostnader pantsikra lånegjeld 2 799 4 858
Rentekostnader ansvarleg lån frå eigarane 4 000 4 000
Andre finanskostnader 2 349 1 992
Sum finanskostnader 10 375 10 850
NOTE 7 FINANSKOSTNADER
Nedskriving av finansielle anleggsmiddel 1 227 0
Spesifikasjon av anleggsmidlar
Anskaff.-kostnad
Tilgang Avgang Anskaff.-kostnad
Akk. av- og ned-skriving
Bokført verdi
Årets ordinære
avskr.
Øk. leve-tid (snitt)
Beløp i 1 000 kroner 01.01.09 2009 2009 31.12.09 31.12.09 år
Tomter, bygningar og 18 564 0 0 18 564 9 138 9 426 467 661 30
Reguleringsanlegg og kraftstasjonar
550 411 0 0 550 411 390 854 159 557 7 790 66
Nettanlegg produk-sjon
13 895 0 0 13 895 10 966 2 929 366 131 35
Regionalnett 73 645 37 0 73 682 52 849 20 833 1 931 31
Distribusjonsnett 239 349 9 367 0 248 715 122 333 126 384 7 086 30
Driftslausøyre, inven-tar, verkty, kontorma-skiner m.v.
45 369 5 315 159 50 525 36 812 13 713 3 379 8
Fiber 10 716 268 0 10 984 3 906 7 078 418 20
Anlegg under arbeid 13 241 17 975 0 31 216 0 31 216 0 0
Lager av materiell 1 920 0 700 1 220 0 1 220 0 0
Sum 967 110 32 962 859 999 213 626 857 372 356 21 438
NOTE 8 ANLEGGSMIDLAR
Alle anleggsmidlar har lineær avskrivingsplan.
32
NOTE 9 AKSJEPOSTAR
INVESTERING I DOTTERSELSKAP Sognekraft eig 70 % av aksjane i Feios Kraftverk AS og 80 % av aksjane i Offerdal Kraftverk AS. Selskapa har forretningsadresse 6893 Vik i Sogn. Konsesjon for utbygging av Feios-vassdraget vart tilrådd av NVE hausten 2009 og saka ligg til endeleg avgjerd hjå OED. Melding for utbygging av Offerdal-vassdraget vart sendt i mars 2009. Det er elles inga drift i selskapa, og det er difor ikkje utarbeidd konsernrekneskap.
INVESTERING I TILKNYTTE SELSKAP Sognekraft AS eig 225 aksjar tilsvarande 45 % i SEIS AS. Selska-pet har forretningsadresse 6856 Sogndal. Årsresultat i 2009 kr (6 084) Eigenkapital 31.12.2009 kr 519 650 Sognekraft AS eig 1 766 980 aksjar tilsvarande 22 % i Sognenett AS. Selskapet har forretningsadresse 6856 Sogndal. Årsresultat i 2009 kr (2 710 583) Eigenkapital 31.12.2009 kr 4 504 157
NOTE 10 LANGSIKTIGE FORDRINGAR
NOTE 11 BANK, POST
NOTE 12 AKSJEKAPITAL OG AKSJONÆRINFORMASJON
B-aksjane kan berre eigast av stat, fylkeskommunar, kommunar eller selskap som stettar krava i konsesjonslova §4 (lov av 14.12.1977) utan heimfall slik desse reglane gjeld til ei kvar tid. I andre høve er B-aksjane fullt ut jamstilte med A-aksjane.
NOTE 13 EIGENKAPITAL
Beløp i 1 000 kroner Tal aksjar Eigardel Ansk.aff-kostnad
Balanse-ført verdi
Feios Kraftverk AS 70 000 70 % 72 72
Offerdal Kraftverk AS 80 000 80 % 83 83
Sognenett AS 1 766 980 22,1 % 1 767 540
SEIS AS 225 45 % 230 230
Sum aksjar i dotter-selskap og tilknytta selskap
2152 925
Vestavind Kraft AS 665 14,3 % 9 150 9 150
Balestrand Rådhus AS
10 10,0 % 10 10
REN AS 1 0,23 % 1 1
Svelgen Kraft Holding AS
100 10,0% 556 556
Sum aksjar i andre selskap
11 117 11 117
Vestavind Offshore AS
500 1,00 % 1 390 1 390
Leikanger Næringshage AS
100 10,0 % 10 10
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2009 31.12.2008
Lån til Feios Kraftverk AS 7 000 7 000
Lån til Offerdal Kraftverk AS 10 350 0
Sum lån til dotterselskap 17 350 7 000 Kundefordringar finansiering 1 271 1 366
Ansvarleg lån REN AS 16 16
Sum andre langsiktige fordringar 1 287 1 383
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2009 31.12.2008
Foliokonto 1 551 0
Forskotstrekk tilsette 1 929 1 698
Bankinnskot depotkonti 11 190 25 437
Sum 14 670 27 125
Aksjonær pr. 31.12.2009
A-aksjar
B-aksjar
Sum Eigardel
BKK AS 420 1680 2100 44,44 %
Vik kommune 187 748 935 19,79 %
Luster Energiverk A/S
610 0 610 12,91 %
Sogndal kommune
151 368 519 10,98 %
Luster kommune
65 260 325 6,88 %
Balestrand kom-mune
0 118 118 2,50 %
Leikanger kommune
0 118 118 2,50 %
Totalt 1 433 3 292 4 725 100,00 %
Beløp i 1 000 kroner
Aksje-kapital
Over-kurs-fond
Anna eigenka-
pital Sum
Eigenkapital pr. 31.12.2008
94 500 43 170 102 613 240 283
Estimatavvik ved-rørande pensjonar
4 448 4 448
Årsresultat 39 002 39 002
Avsett til utbytte (30 000) (30 000)
Eigenkapital pr. 31.12.2009
94 500 43 170 116 063 253 733
Aksjekapital Beløp i 1 000 kroner
Antal Pålydande Balanseført
A-aksjar 1 433 20 000 28 660
B-aksjar 3 292 20 000 65 840
Sum 4 725 20 000 94 500
Av dette er 1,9 mill. kroner bundne skattetrekksmidlar og 5,8 mill. kroner er bunde på depotkonti til fordel for Nord Pool og Statnett. Limit på kassekreditt er 20 mill. kroner, og er ikkje benytta pr. 31.12.09.
33
NOTE 14 PENSJONSKOSTNADER OG FORPLIKTINGAR Selskapet er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon, og har pensjonsordning som oppfyller krava etter denne lova. Selskapet nyttar NRS 6A for rekneskapsføring av pensjonskostna-der og –forpliktelsar. Det vert ikkje nytta korridorløysing, alle esti-matavvik vert amortifisert umiddelbart og ført direkte mot eigenka-pitalen. Sognekraft si pensjonsordning omfattar i alt 54 tilsette og 25 pensjonistar. I tillegg har 22 tilsette som har slutta rett til utbe-taling frå pensjonsordninga. Ordninga gir rett til definerte framtidi-ge ytelsar som i hovudsak er knytt til tal oppteningsår og lønsnivå ved oppnådd pensjonsalder. Forpliktingane inkluderer avtalefesta pensjon (AFP) og er pr. 31.12.2009 dekka gjennom pensjonsfor-sikringsavtale i BKK Pensjonskasse. Årets pensjonskostnad kjem fram slik:
Balanseførte forpliktingar kjem fram slik:
Demografiske faktorar og avgang er basert på vanlege føresetna-der innan forsikring.
NOTE 15 LANGSIKTIG GJELD
AVDRAGSPROFIL
Ansvarleg lån frå eigarane vart inngått med verknad frå 30.12.98. Lånet var uoppseieleg i 5 år, men kan no seiast opp med 6 måna-ders varsel dersom långjevarar som representerer minst 2/3 av det samla lån er samde om slik tilbakebetaling.
NOTE 16 BOKFØRT MEIR-/MINDREINNTEKT I samband med NVE sin kontroll av energiverka si prissetjing og effektivitet innanfor transport av energi, har Sognekraft AS for 2009 rapportert ei netto meirinntekt i denne verksemda på 1,0 mill. kroner, og for 2008 netto mindreinntekt 2,1 mill. kroner. Mindreinntekter vert kravd inn frå overføringskundane i form av auka overføringstariffar og er difor bokført som ei kortsiktig ford-ring. Meirinntekt vert tilsvarande utbetalt gjennom reduserte tarif-far og bokført som kortsiktig gjeld ved årsskiftet.
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Nåverdi av årets pensjonsopptening 4 524 3 173
Rentekostnad av påløpt pensjonsfor- 3 232 2 794
Forventa avkastning på pensjonsmidlar (2 738) (2 203)
Resultatført effekt av estimeringsavvik 484
Administrasjonskostnader
Netto pensjonskostnad før arbeidsgjevar-avgift
5 019 4 248
Periodisert arbeidsgjevaravgift (65) (230)
Netto pensjonskostnad (etter arbeidsgjevaravgift)
4 954 4 018
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2009 31.12.2008
Påløpte pensjonsforpliktingar 93 677 85 715
Verdi av pensjonsmidlar 60 065 41 440
Faktisk netto påløpt pensjonsfor- 33 612 44 275
Periodisert arbeidsgjevaravgift 3 563 4 693
Netto pensjonsforpliktingar (etter arbeidsgjevaravgift)
37 175 48 968
Økonomiske føresetnader:
Diskonteringsrente 4,4% 3,8 %
Forventa avkastning på fondsmid-lar
5,2% 5,2 %
Forventa framtidig lønsvekst 4,25% 4,0 %
Forventa pensjonsregulering og auke i folketrygda sitt grunnbeløp
4,0% 3,75 %
Beløp i 1.000 kroner Aktuell
rente 31.12.2009 31.12.2008
Gjeld til kreditt-institusjonar
3,2% 65 436 57 790
Ansvarleg lån frå eigarane
8,0% 50 000 50 000
Øvrig langsiktig gjeld 6,0% 10 10
Sum 115 446 107 800
Beløp i 1 000 kroner
2010 2011 2012 2013 2014 Der-etter
Sum
Gjeld til kreditt-institusjo-nar
33 936 4 000 4 000 4 000 4 000 15 500 65 436
Ansvarleg lån frå eigarane
50 000 50 000
Øvrig langsiktig gjeld
10 10
Sum 33 936 4 000 4 000 4 000 4 000 65 510 115 446
Beløp i 1 000 kroner 2009 2008
Opprinneleg initiell inntektsramme justert for tapsprisar
56 124 50 808
Årets kostnader for overliggjande nett 955 1 533
Eigedomsskatt 1 718 1 131
Tilbakeføring av akkumulert meir-/mindreinntekt førre år
(2 167) (63)
Årets mindreinntekt KILE-ordninga (1 391) (2 047)
Justert inntektsramme 55 239 51 362
Fakturerte inntekter i året 56 435 53 508
Meir-/mindreinntekt pr. 31.12. (1 196) (2 147)
Inntektsførte/ utgiftsførte renter (104) (20)
Netto meirinntekt pr. 31.12. inkl. renter (1 299) (2 167)
34
NOTE 17 SKATTAR
NOTE 18 PANTSETJINGAR OG GARANTIAR
Bokført verdi av eigendelar som er stilt som tryggleik for bokført gjeld:
NOTE 19 IKKJE BALANSEFØRTE FORPLIKTINGAR Sognekraft AS har leveringsforpliktingar på energi til kundar i eige konsesjonsområde. I tillegg er det inngått salskontraktar med kundar i andre konsesjonsområde til standardtariffar, fast pris eller marknadsprisar.
NOTE 20 FINANSIELL MARKNADSRISIKO Som kraftprodusent er Sognekraft utsett for store svingingar i marknadsprisane på kraft. For å handtere og redusere denne risikoen har styret vedteke retningslinjer for risikostyring som tilseier at ein relativt stor del av krafta skal vere seld for dei første åra. På denne måten vert Sognekraft sitt årsresultat mindre utsett for svingingane i kraftprisane enn det som elles ville vore tilfelle. Det er etablert rutinar som sørgjer for at dei fastsette posisjonane vert overhaldne. Produkt Sognekraft handlar for å redusere risiko-en er futures og forwards på Nord Pool og forwards i den bilaterale marknaden. I tillegg kjøper Sognekraft sals- og kjøpsopsjonar for sikringsformål. Sognekraft har ikkje utstedte opsjonar i si portefølje. Selskapet er utsett for valutarisiko gjennom finansiell handel av kraftkontraktar. Desse er notert i euro. Kortsiktig overskotslikvidi-tet vert plassert i bank.
Beløp i 1 000 kroner Årets skattekostnad
2009 2008
Betalbar skatt tidlegare års resultat (171) 226
Betalbar skatt på årets resultat 18 889 21 814
- avrekna naturressursskatt (5 987) (5 943)
Brutto endring utsatt skatt alm inntekt 7 711 6 123
Naturressursskatt 5 987 5 943
Betalbar grunnrenteskatt 20 565 19 141
Brutto endring utsatt skatt grunnrente 2 741 3 020
Året totale skattekostnad 48 680 45 502
Av dette henført til ekstraordinært resul-tat
-
Skattekostnad ordinært resultat 48 680 45 502
Estimatendring pensjonsforliktelsar (1 555) (6 062)
Avsatt skatt knytt til endra likning * 500 1 200
Betalbar skatt på årets resultat 2009 2008
Ordinært resultat før skattekostnad 87 682 78 556
Permanente forskjellar 6 390 (22 659)
Endring midlertidige forskjellar (26 610) 22 011
Grunnlag betalbar skatt 67 462 77 907
Skatt 28% 18 889 21 814
Grunnlag for utsett skatt: 31.12.2009 31.12.2008
Forskjellar som vert utligna:
Anleggsmidlar – negative forskjellar 65 676 69 066
Anleggsmidlar – positive forskjellar
Omløpsmidlar (2 800) 7 592
Gjeld 36 316 50 073
Sum 99 193 126 731
Utsett skattefordel (28%) 27 774 35 485
Utsett skattefordel grunnrente (30%)
18 512 20 803
Utsett skattefordel i balansen 46 286 56 288
Skuldig betalbar skatt i balansen: 31.12.2009 31.12.2008
Betalbar naturressursskatt/ skatt på alminneleg inntekt
20 589 23 216
Betalbar grunnrenteskatt 20 565 19 141
Sum 41 154 42 357
Betalbar grunnren-teskatt
Årøy Mål-
set Refsdal Hove
Brutto grunnrenteinn-tekt
95 500 2 408 12
945 9 398
Friinntekt 2 953 129 594 575
Skattemessige av-skrivingar
7 223 235 1 294 1 455
Øvrige driftskostnader 26 464 917 5 084 3 652
Årets netto grunnrente-inntekt
58 861 1 128 5 974 3 715
Negativ grunnrenteinn-tekt pr. 01.01.2009
9 373
Grunnlag betalbar grunnrenteskatt
58 861 (8 246) 5 974 3 715
Betalbar grunnren-teskatt 30 %
17 658 1 792 1 115
Bokført gjeld som er sikra med pant: Beløp i 1 000 kroner
31.12.2009 31.12.2008
Gjeld til kredittinstitusjonar 65 436 57 790
Sum 65 436 58 227
Kassekreditt 0 437
Beløp i 1 000 kroner 31.12.2009 31.12.2008
Kraftstasjonar 162 486 170 642
Faste eigedommar 30 259 32 623
Sum 192 745 203 265
* Selskapet har fått vedtak og varsel om endra likning for perioden 2004-2007 knytt til frådrag for rentekostnad ansvarleg lån. Vedta-ket som galdt perioden 2004-2005 vart påklaga i juli 2008. Ende-leg vedtak er venta i 2010.
35
Revisjonsmelding 2009
36
Sognekraft AS • Postboks 3 • 6891 Vik i Sogn • Telefon: 57 69 86 00 • E-post : [email protected]