sitering henvisning kjeldeliste

14
Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 1 SITERING – HENVISNING – KJELDELISTE RETTLEIING Sogndal vgs brukar siteringsstilen MLA (Modern Language Association) SITAT OG HENVISNINGAR “Å kopiere og lime inn” påstandar og liknande frå kjelder er det same som “å sitere direkte”. Siterer du direkte er det eit krav at du brukar henvisningar! Omformulerar du dette sitatet med eigne ord, brukar du “indirekte sitat”. NB! Hugs, som nemnt ovanfor at det berre er i dei tilfella der ei meining eller ein teori blir uttrykt eller når du skal vise til ein definisjon av eit viktig ord eller til eit skjønnlitterær tekst at det er aktuelt å bruke sitat og henvisning! Passar å bruke ved: Meiningar Påstandar Argument Forklaringar Definisjonar av viktige begrep -som ein forfattar av ei kjelde uttrykkjer, og som kan danne utgangspunkt for diskusjon. Det egnar seg ikkje å skrive sitat/henvisningar ved faktaopplysningar som er meir eller mindre opplagt eller såkalla “allment kjend” informasjon!

Upload: else-ness

Post on 10-Mar-2016

219 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 1

SITERING – HENVISNING – KJELDELISTE

RETTLEIING

Sogndal vgs brukar siteringsstilen MLA (Modern Language Association)

SITAT OG HENVISNINGAR

“Å kopiere og lime inn” påstandar og liknande frå kjelder er det same som “å sitere direkte”. Siterer du direkte er det eit krav at du brukar henvisningar! Omformulerar du dette sitatet med eigne ord, brukar du “indirekte sitat”.

NB!

Hugs, som nemnt ovanfor at det berre er i dei tilfella der ei meining eller ein teori blir uttrykt eller når du skal vise til ein definisjon av eit viktig ord eller til eit skjønnlitterær tekst at det er aktuelt å bruke sitat og henvisning!

Passar å bruke ved:

Meiningar

Påstandar

Argument

Forklaringar

Definisjonar av viktige begrep

-som ein forfattar av ei kjelde uttrykkjer, og som kan danne utgangspunkt

for diskusjon.

Det egnar seg ikkje å skrive sitat/henvisningar ved faktaopplysningar som

er meir eller mindre opplagt eller såkalla “allment kjend” informasjon!

Sitat kan òg brukast viss du vil trekkje fram skildringar ol. frå

romanar, noveller eller dikt.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 2

DIREKTE SITAT

NB! Eit direkte sitat må skrivast nøyaktig slik det står i kjelda, med same ord sjølv om det er feilskrive, på same språk og med same teiknsetjing.

Korte sitat på 3 liner eller mindre:

Dine eigne ord og setningar: “Oppgåva til trenaren er å opne dei rette dørene hos utøvaren, slik at han eller ho kan sjå, høyre og kjenne, det vil seie å oppdage, den gode løysinga på teknikken” (Gjerset m.fl. 243). Eventuelt forset dine eigne ord og setningar.

Marker i teksten at du skriv eit sitat ved å skrive kolon og hermeteikn før og etter sitatet. Henvisninga blir som regel ført opp rett etter sitatet, men du kan òg setje det inn rett før sitatet.

Lengre sitat på over 3 liner:

Dine eigne ord og setningar:

Den store variasjonen i spelet og alle dei alternativa du har å velje mellom, gjer lagspel til ein open dugleik. Det stiller krav til dei skapande evnene stadig å måtte finne eigne løysingar, og det stiller store krav til dei koordinative eigenskapane. Vel du å gjere ei finte, er god balanse nødvendig for eit godt resultat (Gjerset m.fl. 243).

Ev. fortset dine eigne ord og setningar.

Marker i teksten ved å bruke kolon og mellomrom før og etter sitatet. Du kan òg bruke større marg (innrykk) til venstre for sitatet. Hugs henvisninga!

Direkte sitat egnar seg best til å sitere frå kjelder som forklarar viktige

ord/omgrep, skjønnlitterære verk eller frå uttrykk som misser noko av særpreget viss ein skriv det om.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 3

INDIREKTE SITAT

I dømet her er det direkte sitatet ovanfor omskrive med eigne ord:

Lagspel kan seiast å opne opp for kreativitet, men er òg med på å gi utøvarane god trening i koordinering ( Gjerset m.fl. 243)

Når ein skriv indirekte sitat, blir dette ein del av din eigen tekst, difor markerar du ikkje sitatet med hermeteikn eller mellomrom slik som du gjer med direkte sitat.

Her kan ein som vist bruke same form for henvisning som ved direkte sitering, men ein kan òg nemne forfattar i teksten som dømet nedanfor:

Gjerset m. fl. meiner at lagspel er ein god måte å trene opp både kreativitet og koordinering (243).

Hugs å ta med sidetalet i parentes!

Indirekte sitat egnar seg best når du skriv fagtekstar, oppgåver som inneheld

ein drøftingsdel eller oppgåver som går ut på å finne ulike synspunkt på ei sak.

Når du brukar indirekte sitat får du bearbeidd stoffet på ein ofte betre måte enn ved direkte sitering.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 4

HENVISNINGAR – NÅR DU HAR OPPLYSNINGAR OM FORFATTAR

(Viss èin forfattar har to etternamn, tek du berre med det som står sist.)

Har ei kjelde 2 forfattarar, skal begge forfattarane sine namn førast opp:

Døme: Mediakommunikasjon 2 av Siri Ødegård og Inger Hobæk

Henvisning: (Ødegård og Hobæk 125)

Har ei kjelde 3 forfattarar, skal alle 3 sine etternamn førast opp:

Døme: Rendez-vous 2 av Hilda Hønsi, Claire Kjetland og Sèbastien Liautaud

Henvisning: (Hønsi, Kjetland og Liautaud 105)

Har ei kjelde meir enn 3 forfattarar, fører du opp den førstnemnde forf. og “m.fl.”

Døme: Treningslære av Asbjørn Gjerset og fire andre forfattarar.

Henvisning: (Gjerset m.fl. 119)

NB! Hugs å ta med forkortinga “m.fl.” for kvar henvisning!

Standard oppsett:

(Etternamn sidetal)

Eksempel:

Du vil sitere frå side 20 i boka Snømannen av

Jo Nesbø.

Henvisninga ser slik ut: (Nesbø 20)

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 5

Henvisningar når du har brukt fleire bøker av same forfattar:

Døme: Du har brukt bøkene Flaggermusmannen og Kakerlakkene av Jo Nesbø.

“Og nå smilte ikke damen bak skranken lenger heller. Hun hadde lest passet hans med påfallende interesse. Om det var bildet eller skrivemåten av navnet hans som til å begynne med hadde fått henne i så godt humør var vanskelig å si” (Nesbø, Flaggermusmannen 9).

Du kan altså i tillegg til å opplyse om forfattar og sidetal ta med tittelen på kjelda, understreka eller i kursiv. Dette gjer at ein ser skilnaden mellom henvisningane til dei ulike kjeldene.

Ein variant er å nemne tittelen på kjelda i teksten din før sitatet kjem :

…Dette kjem tydeleg fram i Kakerlakkene: “Harry hadde løftet ansiktet mot himmelen og lukket øynene, som om han ventet på regn. “Sa jeg noe galt, Harry?” Harry kjente varm luft strømme gjennom neseborene” (Nesbø 334).

Bruk av sekundær kjelde, altså ei kjelde som er nemnd i ei anna kjelde:

Andersen meiner at denne utviklinga kjem av at folk fekk mindre fritid (sitert i Klaussen m.fl. 78).

Når du skriv “Sitert i” i henvisninga, viser du at dette er henta frå ei sekundær kjelde.

Det er berre den primære kjelda, altså den kjelda du har framfor deg, som skal førast i kjeldelista. I dette tilfelle kjelda til Klaussen m.fl.

Viss du endar opp med å vise mange gonger til ei sekundær kjelde, bør du skaffe denne kjelda og bruke den som ei vanleg, primær kjelde i staden for.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 6

HENVISNINGAR NÅR DU IKKJE HAR OPPLYSNINGAR OM FORFATTAR

Døme: Artikkelen “Kina” frå Wikipedia (som er kjelda)

“”Det egentlige Kina” kunne sies å være området mellom den kinesiske mur og det tibetanske fjellplatå” (“Kina”).

Offentlege utgreiingar/rapportar

Døme: NOU 2009:1 Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet.

Indirekte sitat: Media kjem nokre gonger i konflikt med personvernet i tilfelle der dei finn og publiserer opplysningar om integriteten, privatlivet eller andre personlege ting om eit menneske (Individ og integritet).

Det er titlane på dei offentlege dokumenta som er nøkkelordet du brukar i henvisningar til det aktuelle dokumentet. Viss titlane er lange, kan du forkorte dei i henvisningane.

Døme: Næringslivets samfunnsansvar i en global økonomi.

Kan forkortast til: (Næringslivets samfunnsansvar)

Standard oppsett:

(“Artikkeltittel” eller Kjeldetittel sidetal)

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 7

KJELDELISTE

Den aller første opplysninga du skriv om ei kjelde her, skal vere identisk med den første opplysninga i henvisninga, som gjeld den aktuelle kjelda!

Standard oppsett for bøker:

Etternamn, Førenamn, Førenamn Etternamn og Førenamn Etternamn. Tittel på kjelde. Eventuelt undertittel. 2.utg. Stad: Forlag, År.

Merk at den første forfattaren blir skrive med forma etternamn, førenamn. Medan dei andre forfattarane skrivast med forma førenamn etternamn. Det er ikkje naudsynt å ta med at ei bok er ei 1. utg., men 2. og nyare utg. førast opp.

Året du fører opp er det året den siste utgåva av boka kom ut.

Ved fleire enn 3 forfattarar kan du nøye deg med å føre opp førstnemnte forfattar og i tillegg forkortinga «m.fl.»

Døme:

Boka Treningslære av Asbjørn Gjerset, Per Holmstad, Truls Raastad, Kjell Haugen og Rune Giske

Døme: Standpunkt

Westersjø, Martin, Åse Lauritzen og Jorunn Berg.

Standpunkt. Oslo: Damm, 2006.

Gjerset, Asbjørn m.fl. Treningslære. 4. utg. Oslo: Gyldendal, 2012

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 8

Skriv opp den nettadressa som fører direkte til den aktuelle artikkelen du har lest, og ikkje berre den generelle nettside-adressa.

Døme:

Økland, Tom Erik. ”Motstandsdyktig gammelskog”. Forskning.no. 2010. Lasta ned 16.02. 2010. http://www.forskning.no/artikler/2010/februar/242262

Oppsett når forfattar manglar - nettkjelde:

«Tittel på artikkel». Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato URL (nettadressa).

eller

Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato. URL.

Sidan artiklar ofte kan bli endra på nettet, må ein ta med både dato dokumentet sist vart oppdatert og den datoen du leste artikkelen.

Døme:

”Kina”. Wikipedia. 04.02.2010. Lasta ned 07.02. 2010. http://no.wikipedia.org /w/index.php?title=Kina& oldid=6640068.

Standard oppsett for nettkjelder:

Etternamn, Førenamn. «Tittel på artikkel» Tittel på kjelde. Sist oppdatert eller publiseringsdato. Lesedato. URL.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 9

Andre kjeldeoppføringar: Avisartikkel:

Papiravis:

Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten. 05.03.(2010), s.4.

Nettavis:

Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten. 05.03. (2010). Lest 14. april 2010 på http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/article 3550013.ece

Forskjellen mellom desse to eksempla er at det er sidetal i det første eksemplet, medan det er lesedato og ei nettadresse (URL) i det andre eksemplet!

Merk at artiklar i aviser, tidsskrift, nettkjelder mm. setjast i hermeteikn.

Offentlege dokument (nettdokument):

Individ og integritet. Personvern i det digitale samfunnet. NOU 2009:1. Fornyings, administrasjons- og kirkedepartementet. Lest 29.04.2011. http://www.regjeringen.no/nb/dep/fad/dok/nouer/2009/nou-2009-1/14.html?id=542154

Næringslivets samfunnsansvar i en global økonomi. St.meld. nr.10 (2008-2009). Utenriksdepartementet. Lest 02.05.2011. http://www.regjeringen.no/nb/dep/ud/dok/regpubl/stmeld/2008-2009/stmeld-nr-10-2008-2009-.html?id=542966 Viss publiseringsår står i parentes under tittelen på dokumentet, så skriv du det på same måte i kjeldeliste-oppføringa, slik som eks. 2 viser. (viss du henviser til ei kjelde med ein lang tittel, kan du forkorte den)

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 10

Artikkel eller kapittel i bok og tekstar frå tekstsamlingar:

Her er det forfattar av den enkelte artikkelen eller kapittelet som blir

hovedopplysning brukt i henvisningar. Og ein bør nemne tittelen på artikkelen

og ikkje kjelda, viss ein vil ha det med i teksten.

Slike bøker har nokre gonger ein redaktør (red.) som ein opplyser om rett etter kjeldetittel.

Døme:

Nyrnes, Aslaug. “Erasmus Montanus”. Norsk litterær kanon. Red. Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen. Oslo: Cappelen Damm, 2008. s. 56-65.

Film og fjernsynsprogram:

Slumdog millionaire. Han som hadde svar på alt. Regissør Danny Boyle. Pathe Celador films and Film 4, 2008.

For TV-program kan ein i staden for regissør skrive namnet på produksjonsselskap.

Film og TV-program skil seg litt ut frå andre kjelder ved at ein brukar tittelen (og ikkje regissør) når ein skal henvise til filmen.

Døme:

Den spennande historia om Ram, handlar om ein fattig, indisk gut som vinn førstepremien i «Vil du bli millionær», men som blir arrestert i eit forsøk av TV-leiaren på å skjule at han ikkje har råd til å betale ut premien (Slumdog millionaire).

Etternamn, Førenamn. ”Tittel på artikkel, dikt eller stykkje”. Tittel på

hovudkjelde. Red. Namn på redaktør. 2. utg. Stad: Forlag, År. Sidetal.

Døme henta frå Tekstsamlinga til Signatur 3:

Hagerup, Inger. ”Aust-Vågøy. Mars 1941”. Signatur 3. Tekstsamling. 2.utg. Oslo: Det Norske Samlaget, 2008. s.223.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 11

Bilde

Viss du har funne eit bilde i ei bok/anna kjelde, må du i kjeldelista føre opp dette. Tittelen på verket/fotoet setjast i hermeteikn.

Ver obs på at bilde kan ha copyright. Det er OK å kopiere eit bilde av eit kunstverk frå ei bok, og så bruke det i ei oppgåveinnlevering. Men legg du dette ut på nettet kan det kome i konflikt med opphavsrett.

På wikiMedia.org eller http://search.creativecommons.org/, kan du finne bilde som er merka som OK å kopiere mot at ein oppgjev opphavspersonen, slik som i eksempla nedanfor. (Du må sjekke om det er ok sidan kopiering og vidare bruk kan vere avgrensa!)

Bilde av kunstverk, kopiert frå ei bok:

Picasso, Pablo: «Les Demoiselles d’Avignon». 1907.

Foto:

Ianni, Al: «Tour Eiffel». 21.06.2007. CC BY

Skriv opplysningar om bildet under bildet.

Der bør det stå kven som har laga bildet/fotografert og tittel på bildet.

I kjeldelista:

Picasso, Pablo: «Les Demoiselles d’Avignon». 1907. Museum of modern art, New York. I Billedkunsten. Epoker og ismer gjennom tidene. Sandro Sproccati. Oslo: Gyldendal. 1991, s. 154.

I kjeldelista:

Ianni, Al. «Tour Eiffel». 21.06. 2007. Flickr.com. Lasta ned 11.11. 2010 frå http://www.flickr.com/photos /ainet/869942883/in/set-72157607341036337

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 12

Intervju

I dette tilfelle har eg intervjua Kristian Jenssen om krigen i Sogn. Intervjuet vart utført 2/2 2011. I kjeldelista: Jenssen, Kristian. "Krigen i Sogn." Intervju. 02.02. 2011. I henvisningar: (Jenssen)

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 13

KJELDELISTE GENERELT

-SKAL STILLAST OPP ALFABETISK UAVHENGIG OM DET ER NETTKJELDER, FILM, BILDE ELLER BØKER. FØRSTE ORDET I EI OPPSETTING AVGJER PLASSERINGA. -SKAL INNEHALDE ALLE KJELDER DU HAR BRUKT, ÒG DEI DU IKKJE HAR HENVIST TIL. (PRØV LIKEVEL Å INKLUDERE ALLE KJELDER DU HAR BRUKT VED Å SITERE FRÅ OG HENVISE TIL DESSE I OPPGÅVESVARET DITT!) -OPPLYSNINGAR SOM ARBEIDSMETODE OG AT DU BRUKTE T. D. GOOGLE HAR INGENTING I KJELDELISTA Å GJERE! -KJELDETITLAR UNDERSTREKAST ELLER SETJAST I KURSIV. ARTIKLAR OG BILDETITTEL SET DU I “HERMETEIKN”. -LAG LITT MELLOMROM MELLOM DEI ULIKE KJELDEOPPFØRINGANE SLIK AT EIN LETT SER SKILNADEN PÅ DEI.

Sogndal vgs. Else Ness. Oppdatert mars 2014. Side 14

Eksempel på fullstendig kjeldeliste:

501 filmregissører. Oslo: Orion forlag. 2008.

Andresen, Øyvind m.fl. Signatur 3. Studiebok. 2. utg. Oslo: Samlaget,

2008.

«EUs vikarbyrådirektiv» (Uttalelse fra SPs sentralstyre 5/11 2011). Senterpartiet.no. 07.11.2011. Lest 24.05.2012.

http://www.senterpartiet.no/fra-2011/eus-vikarbyraadirektiv- article75071-13930.html

Gjerset, Asbjørn m.fl. Treningslære. 4. utg. Oslo: Gyldendal, 2012

Ianni, Al. «Tour Eiffel». 21.06. 2007. Flickr.com. Lasta ned 11.11. 2010 frå http://www.flickr.com/photos/ainet/ 869942883/

Jansson, Benthe Kolberg m.fl. Tema vg 2. Norsk språk og litteratur.

Lærebok og tekstsamling. 2. utg. Oslo: Samlaget, 2007.

”Kina”. Wikipedia. 4. februar 2010. Lasta ned 07.02. 2010 frå

http://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Kina&oldid=6640068.

Nesbø, Jo. Flaggermusmannen. Oslo: Aschehoug, 1997.

Nesbø, Jo. Kakerklakkene. Oslo: Aschehoug, 1998.

Nyrnes, Aslaug. “Erasmus Montanus”. Norsk litterær kanon. Red. Stig Sæterbakken og Janike Kampevold Larsen. Oslo: Cappelen Damm,

2008. s. 56-65.

Slumdog millonaire. Han som hadde svar på alt. Regissør Danny Boyle. Pathe Celador films and Film 4, 2008.

Strand, Eva Marie. ”En tikkende bombe i regjeringen”. Aftenposten 05.03 (2010). Lest 14.04. 2010 på

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/ politikk/article3550013.ece

Vinje, Aasmund Olavsson. «Ferdaminni fraa Sumaren 1860». Signatur 3. Tekstsamling. 2. utg. Oslo: Samlaget. 2008. 146-147.