tove bull artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 nordnorsk språk i...

7
3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over utviklinga av nordnorsk språk så langt attende i tida som vi har kjelder å byggje på, og fram til i dag. Tove Bull V i veit svært lite om nordnorsk språk i eldre tid. Den aller eldste kjelda er forteljinga om Ottar frå Hålogaland sitt besøk hos kong Alfred i England. Den historia er skriven ned på gammalengelsk, så ho seier oss ikkje noko om Ottars språk. Men truleg forstod kong Alfred kva Ottar sa på gammalnorsk og Ottar kva kong Alfred sa på gammalengelsk. «Ein var þá tunga í Englandi sem í Noregi ok í Danmörku» ‘Den gongen hadde dei same tungemålet i England som i Noreg og Danmark’, heiter det i Soga om Gunnlaug Ormstunge (Finnbogason (1957: 18), omsetjing Magerøy og Eskeland (1969). Vi veit heller ikkje om Ottar kunne samisk, men det er ikkje usannsynleg. For den tidlegaste tida er det stadnamna som peiker seg ut som det viktigaste språkhistoriske kjeldematerialet, både fordi namn ofte er bevarte i ei eldre form og fordi gamle skriftelege kjelder, som brev og diplom, jordebøker og skøyte på gardar og andre eigedommar inneheld mange namn. Nordnorske ordsamlingar I 1697 tok det danske kanselliet initiativ til å samle tilfang til ei ordbok der også «provinsialismar» skulle med. Året etter sende kapellanen i Bø i Vesterålen, Jacob Laugesen Borch, inn ei samling ord. Dette er ei av dei eldste norske ordsam- lingane. Dessverre er ho ikkje språkleg påliteleg. Borch var sjølv inntrønder, og han har med fleire trøndske jamnings- former, som Skiuru og Turu, former som umuleg kan ha vore nordnorske. Dei tradisjonelle Bø-formene var truleg skjur og tvore ‘kjøkenreiskap til å røre med’. Eit innsamlingsinitiativ i 1740-åra hadde med ei rad spørsmål om språk («de rareste Ord og Talemaader»). Knud Leem (1696–1774) svarte på dette initiativet med Een liden Glose-Bog, med nesten 4000 ord. Orda er samla i fleire ulike delar av Norge; somme er heimfesta til Nordland og Finnmark. Leem var prest i Porsanger/ Laksefjord og Alta/Talvik i ni år. Også i Lexicon Lapponicum (1768–1781) har han med mange norske ord. Jamført med Borch er Leem historisk truverdig. Fordi han samla ord frå mange ulike norske dialektar, er det mogleg å jamføre, også med notidsmåla. Såleis kan vi ut frå oppføringane frå Finnmark ikkje berre vete noko om ord som var i bruk, men òg formulere hypotesar om visse grammatiske trekk i det norske målet i Finnmark på 1600-talet. Til dømes gjev Leem oss grunn til å tru at e-/a-målet (dvs. former som (å) synge/ sønge, ei visa, altså verb med -e-ending i infinitiv og svake hokjønnsord med -a-ending i ubunden form, (sjå også artikkelen til Aud-Kirsti Pedersen) som er karakteristisk for dialektane i Sør- og Midt-Troms, har breidd seg gradvis frå kysten og innover i fjordane i Finnmark. Leem fører opp alle svake hokjønnsord frå Finnmark med -e, mens dei i dag i Alta (delvis) og Talvik (i større grad) har -a (en/ei jenta, kista, visa). Ei viktig seinare ordsamling er E. G. Schyttes (1729–1808) samling frå Lofoten. Ho blei trykt i 1807, men må vere kommen til mykje tidlegare. Schytte har med to svake hokjønnsord -o, Keilo ’ho-rev’ og Kjætto ‘ho-katt’. Også Borch har Kjætto. Hallfrid Christiansen (1932 og 1965) har påvist at Nesna, Borge og Sortland ein gong har hatt svake hokjønnsord på -o eller . Ho har jamført med stadnamn som Ottar 303 – 2014 (5): 3–9 Ottar nr.5/2014.indd 3 05.11.14 08:29

Upload: dangque

Post on 31-Jul-2019

218 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

3

Nordnorsk språk i historisk perspektiv

Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over utviklinga av nordnorsk språk så langt attende i tida som

vi har kjelder å byggje på, og fram til i dag.

Tove Bull

V i veit svært lite om nordnorsk språk i eldre tid. Den aller eldste kjelda er forteljinga om Ottar

frå Hålogaland sitt besøk hos kong Alfred i England. Den historia er skriven ned på gammalengelsk, så ho seier oss ikkje noko om Ottars språk. Men truleg forstod kong Alfred kva Ottar sa på gammalnorsk og Ottar kva kong Alfred sa på gammalengelsk. «Ein var þá tunga í Englandi sem í Noregi ok í Danmörku» ‘Den gongen hadde dei same tungemålet i England som i Noreg og Danmark’, heiter det i Soga om Gunnlaug Ormstunge (Finnbogason (1957: 18), omsetjing Magerøy og Eskeland (1969). Vi veit heller ikkje om Ottar kunne samisk, men det er ikkje usannsynleg.

For den tidlegaste tida er det stadnamna som peiker seg ut som det viktigaste språkhistoriske kjeldematerialet, både fordi namn ofte er bevarte i ei eldre form og fordi gamle skriftelege kjelder, som brev og diplom, jordebøker og skøyte på gardar og andre eigedommar inneheld mange namn.

Nordnorske ordsamlingarI 1697 tok det danske kanselliet initiativ til å samle tilfang til ei ordbok der også «provinsialismar» skulle med. Året etter sende kapellanen i Bø i Vesterålen, Jacob Laugesen Borch, inn ei samling ord. Dette er ei av dei eldste norske ordsam-lingane. Dessverre er ho ikkje språkleg påliteleg. Borch var sjølv inntrønder, og han har med fleire trøndske jamnings-former, som Skiuru og Turu, former som umuleg kan ha vore nordnorske. Dei tradisjonelle Bø-formene var truleg skjur og tvore ‘kjøkenreiskap til å røre med’.

Eit innsamlingsinitiativ i 1740-åra hadde med ei rad spørsmål om språk («de rareste Ord og Talemaader»). Knud Leem (1696–1774) svarte på dette initiativet med Een liden Glose-Bog, med nesten 4000 ord. Orda er samla i fleire ulike delar av Norge; somme er heimfesta til Nordland og Finnmark. Leem var prest i Porsanger/ Laksefjord og Alta/Talvik i ni år. Også i Lexicon Lapponicum (1768–1781) har han med mange norske ord. Jamført med Borch er Leem historisk truverdig. Fordi han samla ord frå mange ulike norske dialektar, er det mogleg å jamføre,

også med notidsmåla. Såleis kan vi ut frå oppføringane frå Finnmark ikkje berre vete noko om ord som var i bruk, men òg formulere hypotesar om visse grammatiske trekk i det norske målet i Finnmark på 1600-talet. Til dømes gjev Leem oss grunn til å tru at e-/a-målet (dvs. former som (å) synge/sønge, ei visa, altså verb med -e-ending i infinitiv og svake hokjønnsord med -a-ending i ubunden form, (sjå også artikkelen til Aud-Kirsti Pedersen) som er karakteristisk for dialektane i Sør- og Midt-Troms, har breidd seg gradvis frå kysten og innover i fjordane i Finnmark. Leem fører opp alle svake hokjønnsord frå Finnmark med -e, mens dei i dag i Alta (delvis) og Talvik (i større grad) har -a (en/ei jenta, kista, visa).

Ei viktig seinare ordsamling er E. G. Schyttes (1729–1808) samling frå Lofoten. Ho blei trykt i 1807, men må vere kommen til mykje tidlegare. Schytte har med to svake hokjønnsord på -o, Keilo ’ho-rev’ og Kjætto ‘ho-katt’. Også Borch har Kjætto. Hallfrid Christiansen (1932 og 1965) har påvist at Nesna, Borge og Sortland ein gong har hatt svake hokjønnsord på -o eller -å. Ho har jamført med stadnamn som

Ottar303–2014(5):3–9

Ottar nr.5/2014.indd 3 05.11.14 08:29

Page 2: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

4

ein veit tidlegare har enda på -o eller -å, men som har gått over til -a, som Steiro > Steira og Lakså > Laksa. Namna må ha blitt oppfatta som svake hokjønnsord og har fått endingsvokalen skifta ut på same måten som dei svake hokjønnsorda. Christiansen meiner at det har vore delt hokjønn (dvs. ulik bøying av sterke og svake hokjønnsord, t.d. den solæ ‘den sola’, den gryto ‘den gryta’), så langt nord som til Ofoten. Sidan Sortland har hatt slik bøying, har det nok vore delt femininum i Bø også. Delt hokjønnsbøying finst framleis på Helgeland og i Salten, men er på retur begge stader.

Eit par samlingar som kom til i samband med eit intiativ i 1807 om å samle ord frå norske og danske dialektar til eit ordboksverk, må òg nemnast. Den eine er E. A. Colbans samling frå Vågan

i Lofoten og O.B. Gotaas’ samling frå Lyngen.

I samlinga etter Ivar Aasen på Nasjonalbiblioteket i Oslo er det to ordsamlingar frå Nord-Norge. Den største er frå Nordland av Elias Thesen; den andre er Marcus Fredrik Steens samling frå Karlsøy, som Aasen omtaler som ei samling frå «Senjen». I 1993, da Universitetet i Tromsø feira 25-års-jubileum, gav det daverande Institutt for språk og litteratur ut samlinga til Steen. Thesens samling er utrykt.

Gotaas’ og Steens samlingar er spesielt interessante. Dei representerer begge Nord-Troms-mål, som skil seg frå anna Troms-mål ved å vere e-mål (å synge/sønge, ei/en vise). Det har begge opp-skrivarane fått med seg. Derimot gjekk det hus forbi hos dei som gjennom store delar av 1900-talet skreiv lærebøker om norske dialektar. Til langt inn på 1970-talet var det gjengs oppfatning at dialektane i Troms (inkludert Nord-Troms) og Finnmark var e-/a-mål. Hallfrid Christiansen «oppdaga» at Nord-Troms har e-mål i 1963 eller 1964. Men lenge før var det altså dokumentert både av Gotaas og Steen.

Interessa for samling av ord tar aldri slutt. I 1930 blei Johan Hvedings Håløygsk Ordsamling trykt i tidsskriftet Håløygminne som i åra etter trykte fleire supplement. Samlinga på godt over 3000 ord kom ut som eiga bok i 1968 og er såleis større enn tidlegare ordsamlingar, og også meir systematisk.

Det er mange som er interesserte i språk; for dei fleste betyr nok det interesse for ord og namn. Så det blir stadig gitt ut dialektordbøker. Den siste som er kommen meg i hende, heiter Ikkje så gálle? – ei etymologisk ordsamling frå 2013 «frå senjamålet og der omkring» av Steinar Nymo. Boka er på 426 sider med 1776 oppslagsord og har 438 kommen-tarar i form av sluttnotar. Forfattaren grunngjev utvalet av ord med at dei er blitt sjeldhøyrde og er truga med å gå ut av bruk.

Oppfatningar om nordnorske dialektarDet er i ordsamlingar vi finn grunnlaget for norsk dialektologi. Fleire av samla-rane, kanskje særleg dei som ikkje var frå Nord-Norge, gjev dessutan uttrykk for holdningar til eller oppfatningar av det språket som dei samla tilfang frå. Colban som samla inn ord i Vågan i Lofoten, skriv dette i følgjeskrivet han sende med ordlista si til København:

[...] dog maa anmærkes, at da Nordland er sammenblandet af folk fra alle Districter i Norge, saa gives meget faa provinci-al-Udtryk, og Mundarten er temmelig ren og mandig, undtagen at i daglig Tale nogle Ord kan fordreies i Udtalen, hvis Ortographie dog enhver saavel forstaar, at Almuen med Ferdighed leser Skriftsproget og veed dets Betydning, om end Udtalen er, især i Endelsen, forskjellig (Kolsrud 1957: 22).

Også Gotaas har ein generell karakteri- stikk av «Mundarten» i Lyngen:

Frå O. B. Gotaas’ samling frå Lyngen 1807:Her siger man ikke: at sige noget til En, men med En. Meget almindelige ere følgende Talemaader: «siig da det» og «Du skal ikke snakke». Begge disse Talemaader bruges, naar En har sagt noget, hvorom det ikke kan være mindste Tvivl; f:Ex: En siger: «det er godt Veier i dag» saa svares: «Ja, sig da det» eller «ja Du skal ikke snakke». «Sjøl veit (selv veed) Du (han hun, I, de). «Sjøl raaer (selv raader) Du» (han etc.) ere ogsaa meget brugte Talemaader, hvoraf den første vil sige: «det maa Du (han etc.) selv vide», og den sidste: «Du (han etc.) gjør som Dig (han etc.) bedst synes.

Ottar nr.5/2014.indd 4 05.11.14 08:29

Page 3: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

5

Da de fleste Indbyggere i dette Sogn ere Qvæner og Finner saa tales det for det meste Qvænsk og Finsk. De faa egentlige Nordmænd, som her gives, tale Sproget rigtigere og med færre Fordreielser, end den norske Bonde i Almindelighed pleier. Itje for ikke, mytje for meget, sjøl for selv, kva for hvad, seie for siger, ere , saavidt jeg veed, de betydeligste Ord-Fordreielser (Kolsrud 1957: 28).

«[R]en og mandig Mundart», «tale Sproget rigtigere og med færre Fordreielser» o.l. er karakteristisk for utsegner om nordnorsk språk i ulike delar av landsdelen gjennom tidene.

Nord-Norge på 1800-taletKorleis er dette å forstå? Kan vi feste lit til slike karakteristikkar? La meg prøve å gje eit slags tidsbilde av landsdelen frå om lag midt på 1800-talet. Vi er i den delen av landet som ligg lengst frå det såkalla sentrum. Landsdelen er spreidd bebygd og tynt folkesett. Byar å snakke om er det knapt. Vi er dessutan i den einaste delen av landet som med rette kan kallast fleirspråkleg. Di lengre nord vi kjem, di meir fleirspråklegheit. Landsdelen er òg prega av relativ stor mobilitet. Delar av nordområda har i mange tidsperiodar utgjort ein slags frontier-region, ein grenseregion, der all slags folk hamna, dels pga. av fiskeria; i tider med godt fiske kom det mykje folk, og nokre slo seg ned; dels var ymse former for gruvedrift under utvikling, dels var det nordlege Nord-Norge eit forvisingsområde, og området trekte generelt til seg eventyrarar av ymse slag. Å flytte til Nord-Norge var også for

Kopi av tekstside i Håløygsk ordsamling (1968)avJohanHveding.

Oppe: Håløygsk ordsamling(1968)avJohanHveding med ca. 3000 oppslagsord er ei av dei største nordnorske ordsamlingane. Ordsamlinga blei opphavleg publisert i tidsskriftet Håløygminnei1930medseinaresupplement.

mange eit alternativ til utvandring til USA. Men dette gjeld delar av regionen og er ikkje nødvendigvis representativt for heile landsdelen. Dei fleste som reiste til og i Nord-Norge, reiste langs kysten. Reiser i innlandet var mykje meir

besværlege. Ingen reiste der for å samle dialektar!

Eit tentativt kart over datidas nordnor-ske dialektlandskap ville truleg sjå om lag slik ut: I dei sørlegaste delane, dvs.

Ottar nr.5/2014.indd 5 05.11.14 08:29

Page 4: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

6

frå det sørlegaste Nordland til langt opp i Troms snakka folk flest nordnorske bygdemål. Desse bygdemåla var neppe særleg «rigtigere og med færre fordre-jelser» enn anna norsk bygdemål. Det er da også i dette området, nærmare be-stemt sør på Helgeland, spesielt i Vefsn, at vi finn dei mest arkaiske dialektane. Symptomatisk nok er det også skrive tre hovudfagsavhandlingar om målet i Vefsn (Riksheim 1918, Svartvasmo 1952, Øksendal 1970). Det kan setje oss på tanken om at tradisjonell nordnorsk dialektologi har følgt i fotspora til den generelle norske dialektologien, metodisk og teoretisk.

Beveger vi oss lengre nordover i Troms og tar med Finnmark, er vi komne til det fleirspråkelge Nord-Norge. Her har språklandskapet vore annleis enn i resten av landsdelen og er det framleis, nettopp på grunn av fleirspråklegheita. Samstundes må vi ha i minnet at også sørlege delar av Nord-Norge har sterke fleirspråkstradisjonar.

På dette tentative nordnorske språkkartet frå 1800-talet må vi òg få med dei språkøyene med avvikande dialektar som har eksistert, og framleis eksisterer. Det er dei såkalla innflyt-tarmåla, i Susendalen i Hattfjelldal på Helgeland, i Målselv og Bardu i indre Troms, Signaldalen i Nord-Troms, Tverrelvdalen i Alta, Kiby og Ekkerøya i Varanger, Pasvik og andre delar av Varanger. På 1800- og 1900-talet var dialektane her sterkt avvikande frå dei nordnorske bygdemåla omkring. No tilpassar talarane av innflyttarmåla

seg meir og meir dei nordnorske måla i nabolaga.

SamtidsnordnorskDet er først på 1900-talet av vi får større beskrivelsar av nordnorske dialektar. Mange av dei er hovudfags- eller mastergradsavhandlingar. Ragnvald Iversen skreiv ei hovudfagsavhandling om senjamålet i 1907 (trykt i 1912). Ved sida av ei avhandling om målføret på Hadeland er dette den aller første avhandlinga om ein norsk dialekt.

Tradisjonell norsk dialektologi er sterkt ideologisk forankra. Føremålet med å kartleggje dei norske dialektane var først og fremst å vise samanhengen attende til gammalnorsk. Ein meinte nemleg at det er ein sterk samanheng mellom språk og nasjon. Norsk språkvitskap og særleg norsk dialektologi skulle tene nasjons-bygginga. I eit slikt perspektiv blir den nordnorske fleirspråklegheita forstyrrande. Det er med på å forklare kvifor det er gjort mindre talespråks-forsking i Nord-Norge enn i andre landsdelar. Di lengre nord ein kom, di mindre kunne ein vente å finne norske dialektar som kunne tolkast inn i ei eintydig samanhengande utviklingslinje attende til gammalnorsk. Det ein fann her, var samisk og kvensk, fornorskings- og assimilasjonspolitikk og nyutvikla norske dialektar sterkt prega av samlivet med samisk og kvensk, dialektar som vi like gjerne kunne kalle etnolektar. Samstundes er tendensen den at det meste som blei skrive om nordnorsk heilt fram til

1980-talet, reflekterer den allmenne dialektideologien, nasjonsbygging, norskdom, målreising og kontakt med gammalnorsk. Så det blei skrive relativt lite om dei nordlegaste dialektane i Nord-Norge. Unntaka er Kjell Arthur Paulsens analyse av den norske dia-lekten i Sør-Varanger (1971) og Hildur Hatlebrekkes arbeid om språket i Vadsø (1976). Om ikkje fleirspråkshistoria er heilt fråverande i desse arbeida, handlar ikkje arbeida først og fremst om dette temaet.

Det er rimelegvis først og fremst nord- istar eller norskfilologar som har arbeidd med nordnorske dialektar. Perspektivet deira er i det norske språket. Såleis er det kanskje ikkje så rart at det vesle som finst av eldre artiklar e.l. der språk- kontakten med samisk eller kvensk står i fokus, er skrive av personar med ein annan fagleg bakgrunn. Eitt døme på at det fanst alternative syn, er ein liten artikkel i Håløygminne i 1931 av lærar Anders Larsen frå Kvænangen der han talar dei etablerte «sanningane» midt imot og peiker på at det faktisk finst samiske lånord i norsk. «Sanninga» gjekk ut på at låneretninga var einvegs: frå norsk til samisk, og aldri motsett. På same vis publiserte lappologen Asbjørn Nesheim ein artikkel i 1952 om «Samisk og norsk i Lyngen».

Med etableringa av Universitetet i Tromsø kom det eit gradvis skifte. Fleirspråklegheita blir no tematisert i fleire større arbeid, dei to første av Junttila (1988) og Pedersen (1988). Etter kvart blir situasjonen den heilt motsette av den som er beskriven

Ottar nr.5/2014.indd 6 05.11.14 08:29

Page 5: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

7

Ordsamling frå Carlsøe 1835, bokstaven AAabor ein En Steenrøse som opsættes tæt ved Stranden for deromkring at fastbinde Jægters eller Fartøiers Landtouge.

Aabør ein Alt for stærk Bør eller Medvind, som man ei tør vove sig ud i.

Aafall eit Al Fløde eller Rømme paa Melken i et Fad eller i en Bunke, kaldes eit Aafall. Om andre Gjenstande bruges ikke Ordet.

Aaklæ eit Et Dækken eller Teppe over en Seng.

Aaleis Adv. Afsted – «Komme de aaleis» – kome afsted der med – eller overtage, udføre Arbeidet. «Han kom de aaleis» – afstedkom det. Sædvanlig om det ønskes uskeet eller ugjort.

ovanfor; mange av dei som no arbeider med nordnorsk språk og nordnorske språkforhold, har utgangspunkt i den tradisjonelle fleirspråklegheita, i møtet mellom samisk, kvensk/finsk og norsk.

Gjennom dei siste tiåra har vi i tillegg fått innvandring frå store delar av verda, noko som har ført til at ei nyare fleirspråklegheit no lever ved sida av og parallelt med den tradisjonelle.

Som resten av landet er Nord-Norge prega av sentralisering og urbanisering. Byar og tettstader trekkjer til seg folk frå meir grissgrendte strok, i tillegg til at landsdelen har hatt ganske

MarcusFrederikSteen(1787–1866),sokneprestiKarlsøyprestegjeld1813–1835,skreiv ned ord frå Karlsøy-området i «OrdsamlingfraCarlsøe1835».Samlingahar669 oppslagsord. Manuskriptet blei funne i dokumenta etter Ivar Aasen og publisert av Institutt for språk og litteratur, Universitetet iTromsøisambandmed25-årsjubileettiluniversiteteti1993.

Avskrift av første side i Ordsamling fra Carlsøe 1835avMarcusFrederikSteen.

Ottar nr.5/2014.indd 7 05.11.14 08:29

Page 6: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

8

stor fråflytting. Dette har språklege konsekvensar. Men det er dessverre lite å finne i faglitteraturen om desse konsekvensane. Hittil har heller ingen skrive noko om språkkontakt mellom nordnorsk og «innvandrarspråk».

Dialektar endrar seg, og somme av dei same språkendringane som er registrerte sørpå, er kartlagde i nord. Det gjeld t.d avpalatalisering (avpalatalisering vil seie at palatal uttale blir mindre vanleg, sjå artikkelen til Aud-Kirsti Pedersen om palatal uttale) og samanfall av sj- og kj-lydane. Det er likevel ikkje gitt at det som på overflata kan sjå ut som same utvikling, har same årsak og implikasjonar. Eg nemner to eksempel på det. Monica Simonsen Sætermo (2011) viser i masteravhandlinga si om nokre lydlege trekk i Alta-dialekten at det rett nok går føre seg avpalatalisering (at t.d. l i alle og n i mann blir uttalt med tunga

mot tannryggen eller fortennene og ikkje løfta opp mot ganen, t.d. alle mann mot aille mainn). Men framleis er det spor i dialekten som viser at palatal uttale har hatt heilt andre språksosiale implika-sjonar enn i andre delar av landet. I Alta har palatal uttale vore brukt av dei ein ventar prestisjeformer frå, mens dental (tunga mot tennene) eller alveolar (tunga mot tannryggen) uttale må ha blitt assosiert med «kvensking» eller ei form for samisk-norsk. Dei som lærte norsk som andrespråk, lærte å snakke meir i samsvar med boka. Denne «rette» uttalen blei likevel av dei som hadde ein nordnorsk dialekt som førstespråk, assosiert til noko «etnolektisk», og dermed sett på som feil. Det andre dømet har eg frå Storelv 2012 som viser nett det same når det gjeld fordeling av pronomenformene [jei] og [æ] i Billefjord; [jei] kan knytast til samisk identitet,

mens [æ] kan oppfattast som den «rette» norske forma.

KonklusjonDei nordnorske dialektane synest vere relativt stabile. Vi kan på ingen måte sjå slike endringstendensar som dei som er påviste i sentrale austlandsdialektar, og som, alt etter auga som ser, er blitt kalla anten standardisering eller regionalise-ring. Det er den eine konklusjonen eg vil trekkje. Ein annan konklusjon er at det fleire har kalla nordnorske etnolektar, no synest gå gjennom ein dialekt- ifiseringsprosess, altså at dei typiske «etniske» trekka (språkkontakttrekk) blir erstatta av tradisjonelle nordnorske dialektformer. Den tredje konklusjonen er at der vi kan observere endringar eller innovasjonar, må vi vere varsamme med å konkludere om årsaksforhold. Nokon historisk linearitet frå dialekt til regionmål eller til standard kan på ingen måte forklare språkendringar i nord. Den etniske dimensjonen som ikkje fekk plass i tradisjonell norsk dialektologi, har openbert vore til stades som ein aktiv faktor i språkutviklinga i landsde-len og har gjeve som resultat at omgrep som prestisje, status og standard har vore tolka annleis enn i resten av landet. Tradisjonell nordnorsk dialekt har tydelegvis vore berar av større prestisje mange stader enn former som generelt i landet har vore sett på som standard- eller prestisjeformer, rett og slett fordi desse formene i delar av Nord-Norge har vore assosiert med norsken til samar og kvenar. Så ein siste konklusjon blir dermed at å studere nordnorsk gjennom dei same metodologiske og

Frå Knud Leems Lexicon Lapponicum (1768–1781):’ei Gamme’ – «Saa kalder de norske Folk i Finmarchen baade det Huus som de selv boer udi, og det, som Søe- Lapperne have sit Tilhold udi.» ’klumpa’ – Saakalder de Norske folk i finmarchen et slags Tøfler, som de der bruger, hvis Overdeel alleene er af Leder. Men alt det øvrige af Træe. «’ein Titing’ – «Saa kalder de norske Folk i Finmarchen alle smaae Fugle, der ere saa smaae, som en Tag-spurre, og mindre, eller lidt større.»

Ottar nr.5/2014.indd 8 05.11.14 08:29

Page 7: Tove Bull Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk … · 3 Nordnorsk språk i historisk perspektiv Artikkelen nedanfor gjev eit svært kort faghistorisk oversyn over

9

Tove Bull, Professor i nordisk språkvitskap, Institutt forspråkvit-skap, UiT, Norges arktiske universitet. Sosiolingvist, har skrive bøker og

artiklar om nordnorsk språk og nordnorske språkforhold, språkkontakt i nord, språkhistorie, språk og kjønn, språkpolitikk og språkplanlegging.E-post: [email protected]

teoretiske brillene som ein har brukt overfor sørnorske dialektar, i mange tilfelle har tilslørt heller enn avslørt dei språksosiologiske og språkpsykologiske mekanismane som har styrt utviklinga av nordnorsk språk.

Litteratur:Christiansen, Hallfrid 1932: Gimsøy- målet. Fonologi og orddannelse. Oslo: NVAS nr. 3.

Christiansen, Hallfrid 1965: Ranværings-dialekten. Rana bygdebok. Hemnes og Mo prestegjeld til 1850, 466–494.

Finnbogason, Magnús (red.) 1957: Gunnlaugs saga Ormstungu. Reykjavík: Bókverdslun Sigurðar Kristjánssonar.

Hatlebrekke, Hildur 1976: Språkforhold i Vadsø by med særlig vekt på sterke verb.

Utrykt hovudfagsavhandling i nordisk. Universitetet i Trondheim.

Junttila, Jorid Hjulstad 1988: Språkval og språkbruk på Skibotn. Kven blir forstått av kven? Utrykt hovudfagsavhandling i nordisk. Universitetet i Tromsø.

Kolsrud, Sigurd (utg.) 1957: Norske ordsamlingar 1810–1812 til Viden- skabernes selskabs danske ordbog. Oslo.

Larsen, Anders 1931: Noen samiske låneord i norsk. Håløygminne 2, 277–279.

Magerøy, Hallvard og Ivar Eskeland 1969: Soga om Gunnlaug Ormstunge. Oslo: Det Norske Samlaget.

Nesheim, Asbjørn 1952. Samisk og norsk i Lyngen. Sameliv 1951–1952, 123–129.

Nymo, Steinar 2013: Ikkje så gálle? Oslo: Kolofon forlag.

Paulsen, Kjell Arthur 1971: Litt om det norske språket i Øst-Finnmark tidligere og i dag. Kort oversikt over lydverk og formverk i Sør-Varanger-Dialekten. Utrykt hovudfagsavhandling i nordisk. Universitetet i Oslo.

Pedersen, Aud-Kirsti 1988: Stadnamn-lån. Fonologi og ortografi i lydlig lånte stadnamn med eit oversyn over fonologi-en i norsk på Skibotn og i Kvenangsbotn. Utrykt hovudfagsavhandling i nordisk. Universitetet i Tromsø.

Riksheim, Vilhjelm 1921: Ljodvoksteren i Vefsn-målet. Kra.

Storelv, Christina 2012: «Jei brujker jo æ, jei». En studie av bruken av det personlige pronomenet 1. person entall i talemålet i Indre Billefjord og omegn. Mastergradsavhandling i nordisk – integrert 10 sp PPU, Universitetet i Tromsø.

Svartvasmo, Gunvor 1952: Verbalbøyg-ninga i vefsnmålet. Hovudfagsavhand-ling i nordisk, Universitetet i Oslo.

Sætermo, Monica Simonsen 2011: n, l, t og d En komparativ studie av palataler versus postalveolarer i Alta-dialekten. Mastergradsavhandling i nordisk, Universitetet i Tromsø.

Øksendal, Kjell M 1970: Fonemikken i vefsnmålet. Undersøking av uttrykkssystemet i ein helgelandsdialekt. Utrykt hovudfagsavhandling i nordisk, Universitetet i Trondheim.

Frå Joseph Acerbi 1802: Travels through Sweden, Finland and Lapland to the North Cape, in the years 1798 and 1799:On the subject of proverbs and adages, in which the language is by no means rich, I must not omit to mention one common among the Norwegian rustics in Finmark. When they would give the sinceres testimony of commiseration and grief at any misfortune or calamity, be the condition of the sufferer ever so distinguished or exalted, they exclaim: BEISTE STAKKAR, that is, POOR BEAST, an expression which conveys to them the liveliest sense of compassion or sorrow. (s. 150).

Ottar nr.5/2014.indd 9 05.11.14 08:29