arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...hege fjeld side 4 av 12 arbeid med...

57
Hege Fjeld Side 1 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette undervisningsopplegget er innanfor norsk, samfunnsfag og RLE, sjå vedlegg 1. Hovudmål: Å lese og forstå ein argumenterande tekst ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar Å finne argument og grunngivingar i ein argumenterande tekst Å grunngi argumenta dine i eigne tekstar Å vite forskjellen på ulike typar argumentasjon og kunne bruke det i eigne tekstar Å gi kameratvurdering og eigenvurdering av tekst ut frå gitte kriterium Å respondere på eit diskusjonsinnlegg ved å bruke grunngitt argumentasjon Delmål: . . . . I dette undervisningsopplegget blir følgjande lese- og læringsstrategiar brukte: Førleseaktivitetar: Refleksjonsspørsmål, Les og sei, Sant eller usant Leseaktivitetar: Les og leit med gule lappar, Tokolonne-omgrepsnotat og Lese med fokus: Spørjeord Etterleseaktivitetar: Oppsummerande spørsmål Skriveaktivitetar: Å skrive med fokus, Tankeskriving og eit argumenterande innlegg Hovudtekst: ”Krig og avsky i USA”, Faktafyk s. 20–21 Andre tekstar og kjelder: ”En tøff dag”, Faktafyk s. 14–17 ”Support our Troops”, Faktafyk s. 18–19 http://www.pluto.no/kulturspeilet/faste/bok/Owen_JaktenBinLaden.html, 7.12.2013 Bokmelding En tøff dag, publisert i Kulturspeilet, som seier boka manglar truverde http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10113507, 7.12.2013 Bokmelding En tøff dag, publisert i VG, som gir boka terningkast 5 A) FØRLESEAKTIVITETAR Refleksjonsspørsmål: Kva trur du ein artikkel som heiter ”Krig og avsky i USA”, handlar om? Denne artikkelen handlar om: Les bokutdraga frå En tøff dag s. 14–17 og/eller Support our Troops s. 18–19. Les og sei – samarbeid to og to eller i grupper. Ein elev les høgt i to minutt, eleven til høgre seier noko om det som nettopp er lese. Bruk gjerne startorda under. Eleven til høgre les så i to minutt, osv. til utdraget er ferdiglese. Eg meiner utdraget handlar om … Eg har lært/høyrt … Eg tenkjer/trur at … Eg lurer på kvifor … Det var rart at … Det var spennande at …

Upload: others

Post on 28-Dec-2019

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette undervisningsopplegget er innanfor norsk, samfunnsfag og

RLE, sjå vedlegg 1.

Hovudmål:

Å lese og forstå ein argumenterande tekst ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar

Å finne argument og grunngivingar i ein argumenterande tekst

Å grunngi argumenta dine i eigne tekstar

Å vite forskjellen på ulike typar argumentasjon og kunne bruke det i eigne tekstar

Å gi kameratvurdering og eigenvurdering av tekst ut frå gitte kriterium

Å respondere på eit diskusjonsinnlegg ved å bruke grunngitt argumentasjon

Delmål:

.

.

.

.

I dette undervisningsopplegget blir følgjande lese- og læringsstrategiar brukte:

Førleseaktivitetar: Refleksjonsspørsmål, Les og sei, Sant eller usant

Leseaktivitetar: Les og leit med gule lappar, Tokolonne-omgrepsnotat og Lese med fokus: Spørjeord

Etterleseaktivitetar: Oppsummerande spørsmål

Skriveaktivitetar: Å skrive med fokus, Tankeskriving og eit argumenterande innlegg

Hovudtekst: ”Krig og avsky i USA”, Faktafyk s. 20–21

Andre tekstar og kjelder: ”En tøff dag”, Faktafyk s. 14–17 ”Support our Troops”, Faktafyk s. 18–19 http://www.pluto.no/kulturspeilet/faste/bok/Owen_JaktenBinLaden.html, 7.12.2013 Bokmelding En tøff dag, publisert i Kulturspeilet, som seier boka manglar truverde http://www.vg.no/rampelys/artikkel.php?artid=10113507, 7.12.2013 Bokmelding En tøff dag, publisert i VG, som gir boka terningkast 5

A) FØRLESEAKTIVITETAR

Refleksjonsspørsmål: Kva trur du ein artikkel som heiter ”Krig og avsky i USA”, handlar om? Denne artikkelen handlar om:

Les bokutdraga frå En tøff dag s. 14–17 og/eller Support our Troops s. 18–19. Les og sei – samarbeid to og to eller i grupper. Ein elev les høgt i to minutt, eleven til høgre seier noko om det som nettopp er lese. Bruk gjerne startorda under. Eleven til høgre les så i to minutt, osv. til utdraget er ferdiglese.

• Eg meiner utdraget handlar om … • Eg har lært/høyrt … • Eg tenkjer/trur at …

• Eg lurer på kvifor … • Det var rart at … • Det var spennande at …

Page 2: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Bilete: Sjå på bileta på side 16–17 i Faktafyk. Kva ser du på desse bileta? Beskriv kva du ser. Eg ser:

Ingress: Les ingressen på s. 20. Kva trur du er tema i artikkelen ut frå ingressen? Eg trur tema i artikkelen er:

Refleksjonsspørsmål: Kva trur du no artikkelen ”Krig og avsky i USA” handlar om? Grunngi svaret. Eg trur artikkelen ”Krig og avsky i USA” handlar om … Eg trur artikkelen handlar om dette, fordi …

Sant eller usant Læraren les opp nokre påstandar, som anten er sant eller usant. Dersom du trur det læraren les, er fakta, reiser du deg opp og står ved sida av pulten. Dersom du trur det læraren seier, ikkje er sant, blir du sitjande roleg. Kryss av i skjemaet nedanfor etter kvart.

Spørsmål Usant Sant

1

2

3

4

5

6

7

8

9

10

11

12

13

14

15

Page 3: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 3 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

B) LESEAKTIVITETAR

Les og leit med gule lappar etter vanskelege ord i artikkelen ”Krig og avsky i USA”, s. 20–21 i Faktafyk. Set gule lappar under dei orda, omgrepa eller frasane som er vanskelege å forstå. Orda du markerer, set du inn i tokolonnenotatet under. Finn ordforklaringar i ordbøker eller fagbøker eller på nettet. Når du er sikker på kva eit ord betyr, skriv du ei setning der du bruker ordet.

Ord Ordforklaring Ordet brukt i ei setning

Motivasjon Drivkraft, noko som får deg til å gjere ting

Eg er motivert for å lære meg korleis eg skal skrive betre argumenterande tekstar.

Politisk leiing

Masseøydeleggings-våpen

Terrorisme

Økonomiske interesser

Oljeressursar

Stabilt

Page 4: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 4 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Finn ordet – samarbeidsoppgåve i mindre grupper

Ta utgangspunkt i orda de skreiv inn i tabellen over, eventuelt fleire ord frå læraren. Alle må ha

dei same orda. Pugg orda og forklaringane godt.

Når de kan forklare orda, skriv de dei på gule lappar.

To og to elevar speler mot kvarandre. Laget med den deltakaren som har bursdag nærmast i

dag, er Lag 1 og får begynne.

Lag 2 set stoppeklokka på 1 minutt. Spelar A på Lag 1 trekkjer ein lapp og forklarer ordet på

lappen, utan å seie ordet. Spelar B på Lag 1 gjettar, og dersom svaret er rett, trekkjer spelar A

ein ny lapp. Det er om å gjere å klare så mange ord som mogleg i løpet av 1 minutt.

Lag 1 set stoppeklokka på 1 minutt, og lag 2 får sin tur.

I neste runde skal spelar B trekkje lapp og spelar A gjette.

HUGS: Forklaringane skal vere faglege og relevante.

Lag 1 Lag 2

Tal på ord runde 1: Tal på ord runde 2:

Å lese med fokus: Spørjeord – samarbeid i grupper Ta med teksten ”Krig og avsky i USA” og set deg i ei gruppe. De får no delt ut spørjeord som skal fordelast slik at alle får kvar sitt. No skal alle lese ut frå sitt spørjeord. Noter ned stikkord og/eller setningar som svar på ditt spørjeord.

Mitt fokus:

Når alle har lese tekstane med sitt fokus og gjort ferdig notata sine, skal de fortelje kva de har funne. Kvar elev fortel med utgangspunkt i sitt spørjeord, og dei andre skriv ned stikkord eller oppsummering etter kvart.

Fokus _________: Fokus _________:

Fokus _________: Fokus _________:

Page 5: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 5 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

C) ETTERLESEAKTIVITETAR

Oppsummerande spørsmål til artikkelen ”Krig og avsky i USA”: Svar med fullstendige setningar og i samanhengande tekst. Ha gjerne artikkelen framfor deg mens du arbeider. Etter å ha svart på spørsmåla kan du fylle ut den siste kolonnen i VØL-skjemaet.

Kven er forfattaren av denne artikkelen, og kven er det forfattaren snakkar med?

Kvifor passa det å lese bokutdraga frå En tøff dag og Support our Troops før de las sjølve artikkelen?

I artikkelen står det mykje om ulike former for motivasjon. Forklar motivasjonen det er snakk om

når det gjeld Irak og Afghanistan – berre éi setning som forklaring til kvart punkt.

1. motivasjon

2. motivasjon 3. motivasjon 4. motivasjon

Forklar kva former for motivasjon unge amerikanarar som vervar seg, og som dreg ut i krig, har – berre éi setning som forklaring til kvart punkt. 1. motivasjon

2. motivasjon 3. motivasjon

Forklar kva for motiv USA hadde for å ta Osama bin Laden – berre éi setning som forklaring til kvart punkt. 1. motiv

2. motiv 3. motiv

Page 6: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 6 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

D) SKRIVEAKTIVITET

Å skrive med fokus Ta utgangspunkt i notata dine og skriv eit samandrag av teksten ”Krig og avsky i USA” basert på spørjeorda under.

Kven … Kvar … Kva … Når … Kvifor … Korleis …

Tankeskriving Kva vil du diskutere? No har du fått eit lite innblikk i kva som gjer at unge amerikanarar vervar seg til krig, og kva forhold det er mellom USA, Irak og Afghanistan. Du har kanskje også høyrt noko om dette før. Du skal no bruke 2 minutt på å skrive ned noko du kan tenkje deg å diskutere ut frå dette, anten i stikkordsform eller som samanhengande tekst. Bruk startorda dersom du står fast.

Eg kunne tenkje meg å diskutere …

Eg meiner det er viktig å få fram meiningane om …

Eg blir så frustrert når eg høyrer om …

Det er viktig å sjå på begge sidene ved …

Page 7: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 7 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Skriveramme til argumenterande tekstar

1. Lag ein skriveplan, skriv nøkkelord i rutene under eller skriv av tabellen i boka di:

Overskrift

Kva handlar teksten

om?

Innleiing

Meininga di, formålet

med teksten.

Argument

Kvifor meiner du dette?

Skriv minst to argument

– vel ulike typar frå lista

bakarst.

Avslutning

Sei ein gong til kva du

meiner, som ei

oppsummering.

2. Følg skriveplanen og skriv første utkast:

Skriv eit avsnitt til kvar av rutene i skriveplanen.

Hald deg til saka – kvart argument må handle om det som står i innleiinga.

Skriv kvart argument for seg og grunngi – begynn med det viktigaste.

3. Set dykk to og to eller i små grupper. Les og snakk om første utkast, og ta for dykk alle spørsmåla

etter kvar tekst:

Kjem meininga med teksten klart fram i innleiinga?

Kva for eit av argumenta er best? Kvifor?

Blei du einig med forfattaren? Kvifor / kvifor ikkje?

Kva for andre argument kunne forfattaren brukt?

Gjer endringar i teksten dersom du fekk gode tips.

4. Førebu deg på innlevering ved å gå gjennom sjekklista for deg sjølv:

Er overskrifta fengande, og hintar ho om kva innlegget skal handle om?

Forklarer innleiinga kva innlegget skal handle om?

Har du skrive argument som passar til påstanden din?

Kva for typar argument har du brukt?

Har du hugsa å grunngi alle argumenta dine på ein god måte?

Sjekk at alle setningane begynner med stor bokstav og sluttar med punktum.

Sjekk at alle ord har riktig enkel eller dobbel konsonant.

Sjekk at du har skrive inn og/å på rett plass.

5. Publiser og responder:

Du skal no publisere teksten på www.Faktafyk.no for diskusjon.

Du skal deretter gi ei sakleg tilbakemelding til diskusjonsinnlegget til ein annan elev. Start

innlegget slik: Eg er heilt ueinig med deg fordi eg meiner at …

Eller: Eg er heilt einig med deg fordi eg meiner at …

Page 8: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 8 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Ulike typar argument

Faktaargument: Viser til fakta

Fleirtalsargument: Viser til kva «alle» meiner, generaliserer

Parallellargument: Viser til liknande tilfelle

Fornuftsargument: Viser til kva sunn fornuft seier

Kjensleargument: Viser til eigne eller andre sine kjensler

Ekspertargument: Viser til nokon som har høgt truverde når det gjeld temaet

Page 9: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 9 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Vedlegg 1

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette opplegget: Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Munnleg kommunikasjon

Delta i diskusjonar med grunngitte meiningar og sakleg argumentasjon

Presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålstenleg

bruk av digitale verktøy og medium

Skriftleg kommunikasjon

Orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere

relevant informasjon i arbeid med faget

Lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk og

formidle moglege tolkingar

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Planleggje, utforme og arbeide med eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei

undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og

sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte der det er

formålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Kjenne att retoriske appellformer og måtar å argumentere på

Drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande

Kompetansemål etter 10. årstrinn, samfunnsfag

Utforskaren

• Vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis ulike interesser og ideologiar

kan prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning

• Reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og

papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene

• Identifisere samfunnsfaglege argument, fakta og påstandar i samfunnsdebattar og

diskusjonar på Internett, vurdere dei kritisk og vurdere rettar og konsekvensar når ein

offentleggjer noko på Internett

• Skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngitte konklusjonar og

kjeldetilvisingar

Historie

• Drøfte årsaker til og etterverknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-

talet

Samfunnskunnskap

• Gjere greie for hovudprinsippa i FN-pakta, FNs menneskerettserklæring og sentrale FN-

konvensjonar, blant anna ILO-konvensjonen om urfolks rettar, vise korleis dei kjem til syne i

lovgiving, og drøfte konsekvensar av brot på menneskerettar

Page 10: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 10 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Kompetansemål etter 10. årstrinn, RLE

Filosofi og etikk

• Reflektere over filosofiske tema knytte til identitet og livstolking, natur og kultur, liv og død,

rett og gale

• Drøfte etiske spørsmål knytte til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling,

blant anna ved å ta utgangspunkt i kjende førebilete

• Drøfte verdival og aktuelle tema i samfunnet lokalt og globalt: sosialt og økologisk ansvar,

teknologiske utfordringar, fredsarbeid og demokrati

Page 11: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 11 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Vedlegg 2

Sant eller usant Påstand Usant Sant

1. Hovudpersonen i utdraget frå En tøff dag var med på å ta livet av Osama bin Laden.

*

2. Hovudpersonen i utdraget frå En tøff dag fall ut av helikopteret på veg mot oppdraget.

*

3. Saddam Hussein stod bak terrorangrepa på World Trade Center i 2001.

*

4. Det har vore knytt større terrorangrep til al-Qaida sidan 1993.

*

5. I utdraget frå Support Our Troops dreg hovudpersonen til Irak for å finne ut kvifor amerikanske ungdommar melder seg til militærteneste.

*

6. Sidan 2001 har det amerikanske forsvaret sendt over 2,4 millionar soldatar til Afghanistan og Irak.

*

7. Organisasjonane for amerikanske militærfamiliar ønskte ikkje å snakke med hovudpersonen i Support our Troops.

*

8. Hovudpersonen i Support our Troops angra på at ho ikkje hadde drege til Chicago i staden.

*

9. Amerikanarane sender troppar til Irak og Afghanistan fordi dei ønskjer å forsvare seg mot angrep og hemne seg etter 11.09.2001.

*

10. Amerikanarane sender troppar til Irak og Afghanistan fordi dei ønskjer å bevise at dei har makt.

*

11. Oljeressursane i Midtausten betyr ingenting i denne konflikten.

*

12. Osama bin Laden og al-Qaida såg på Saddam Hussein og Irak som like store fiendar som USA.

*

13. Amerikanske ungdommar vervar seg berre for å utføre si plikt, for å verje landet og sine medsoldatar.

*

14. Mange amerikanske ungdommar vervar seg fordi dei søkjer spenning.

*

15. Alle syntest det var fint då Osama bin Laden blei drepen.

*

Page 12: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 12 av 12

Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA”

Vedlegg 3

Spørjeord

KVEN KVA

KVAR KVIFOR

Page 13: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 2

Vurderingsskjema for fagtekstar

Fagtekstar 6 5 4 3 2 Innhald og

refleksjon

Innfallsvinklar:

Informere

Gjere greie for

Reflektere

Argumentere/drøfte

Grunngi

Alle innhaldsmoment er

sentrale.

Teksten har vore innom dei

fleste av innfallsvinklane,

med fagleg grunngitt

drøfting.

Meininga med teksten er

klar, tydeleg og

overbevisande.

Dei fleste innhaldsmomenta

er sentrale.

Teksten har fleire ulike

innfallsvinklar, med fagleg

grunngitt drøfting.

Meininga med teksten er

klar og tydeleg.

Innhaldsmomenta er stort

sett sentrale.

Teksten har nokre ulike

innfallsvinklar, men

manglar fagleg grunngitt

argumentasjon.

Meininga med teksten er

tydeleg.

Innhaldsmomenta er stort

sett sentrale.

Teksten har enkle

innfallsvinklar, som

informasjon og utgreiing.

Meininga med teksten er

stort sett tydeleg.

Innhaldsmomenta er delvis

sentrale.

Teksten har ein enkel

innfallsvinkel, som å

informere eller å gjere greie

for.

Meininga med teksten er

delvis tydeleg.

Struktur Innleiinga er klar og

tydeleg og fenger interessa.

Avslutninga er klar og

tydeleg, oppsummerande ut

frå innleiinga og

konkluderande.

Hovuddelen er klart inndelt

i avsnitt, og det er særs god

samanheng både i og

mellom avsnitta.

Kvart avsnitt har eit poeng

som blir klart og tydeleg

underbygd fagleg.

Innleiinga er klar og

tydeleg og fenger interessa

til ein viss grad.

Avslutninga er klar og

tydeleg, oppsummerande og

til ein viss grad

konkluderande.

Hovuddelen er klart inndelt

i avsnitt, og det er god

samanheng både i og

mellom avsnitta.

Stort sett kvart avsnitt har

eit poeng som blir

underbygd fagleg.

Innleiinga er tydeleg.

Avslutninga er tydeleg, og

delvis oppsummerande

Hovuddelen er stort sett

inndelt i avsnitt, og med

samanheng både i og

mellom avsnitta.

Mange avsnitt har eit

poeng som blir underbygd

fagleg.

Innleiinga og avslutninga er

stort sett klare og tydelege.

Hovuddelen er til ein viss

grad inndelt i avsnitt og har

delvis samanheng i og

mellom avsnitta.

Nokre avsnitt har eit poeng

som blir underbygd fagleg.

Innleiinga og avslutninga er

til ein viss grad forståelege.

Hovuddelen har utydelege

avsnitt og manglar

samanheng i og mellom

avsnitta.

Det er få avsnitt og få

poeng som blir underbygde

fagleg.

Fagtekstar 6 5 4 3 2

Page 14: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 2

Vurderingsskjema for fagtekstar

Språk Bruken av framandord og

omgrep er fagrelatert,

avklart og presis.

Ordforrådet er særskilt godt

og variert.

Setningsbygningen er svært

god og variert.

Språkstilen passar spesielt

godt til sjangeren.

Rettskrivinga og

teiknsetjinga er så å seie

feilfri.

Samanhengen i og mellom

resonnementa er heilt klar,

tydeleg og overbevisande.

Bruken av framandord og

omgrep er i stor grad

fagrelatert, avklart og

presis.

Ordforrådet er godt og

variert.

Setningsbygningen er god

og variert.

Språkstilen passar godt til

sjangeren.

Rettskrivinga og

teiknsetjinga er god.

Samanhengen i og mellom

resonnementa er klar og

tydeleg.

Bruken av framandord og

omgrep er stort sett

fagrelatert.

Ordforrådet er godt.

Setningsbygningen er god.

Språkstilen passar til

sjangeren.

Rettskrivinga og

teiknsetjinga er god.

Samanhengen i og mellom

resonnementa er stort sett

tydeleg.

Det er liten bruk av

fagrelaterte framandord og

omgrep.

Ordforrådet er enkelt, men

forståeleg.

Setningsbygningen er enkel,

men stort sett

samanhengande.

Språkstilen passar stort sett

til sjangeren.

Rettskrivinga og

teiknsetjinga er stort sett

god, men har enkelte feil

som går att.

Det er til ein viss grad brot i

samanhengen i og mellom

resonnementa.

Det er ingen bruk av

fagrelaterte framandord og

omgrep.

Ordforrådet er enkelt, og

ikkje alltid forståeleg.

Setningsbygningen er

enkel, med brot på

samanheng.

Språkstilen passar stort sett

til sjangeren.

Rettskrivinga og

teiknsetjinga har fleire feil

som går att.

Det er klare brot i

samanhengen i og mellom

resonnementa.

Bruk av kjelder Kjeldene er særs relevante i

forhold til oppgåva.

Dei oppgitte kjeldene er

utnytta særdeles godt.

Kjeldene er omskrivne på

ein særs god måte, og

direkte sitat er skråstilte og

refererte til på ein korrekt

måte.

Kjeldelista er alfabetisert,

og alle kjeldene er refererte

til på ein korrekt måte.

Kjeldene er relevante i

forhold til oppgåva.

Dei oppgitte kjeldene er

utnytta godt.

Kjeldene er omskrivne på

ein god måte, og direkte

sitat er skråstilte og

refererte til på ein korrekt

måte.

Kjeldelista er alfabetisert,

og alle kjeldene er refererte

til på ein korrekt måte.

Kjeldene er stort sett

relevante i forhold til

oppgåva.

Dei oppgitte kjeldene er

brukte på ein grei måte.

Kjeldene er til ein viss

grad omskrivne, og direkte

sitat er skråstilte eller

refererte til på ein korrekt

måte.

Kjeldelista er alfabetisert.

Kjeldene er stort sett

relevante i forhold til

oppgåva.

Dei oppgitte kjeldene er

brukte på ein grei måte.

Kjeldene er i liten grad

omskrivne, og teksten

inneheld mange direkte sitat

som ikkje er refererte til på

ein korrekt måte.

Kjeldelista er til ein viss grad

korrekt.

Kjeldene er lite relevante i

forhold til oppgåva.

Dei oppgitte kjeldene er

brukte på ein lite

formålstenleg måte.

Kjeldene er ikkje

omskrivne, og teksten

inneheld mange direkte sitat

som ikkje er refererte til på

ein korrekt måte.

Kjeldelista er ufullstendig

og lite korrekt.

Heilskap Teksten verkar særdeles

godt gjennomarbeidd.

Teksten er særs innhaldsrik,

systematisk og oversiktleg.

Teksten er interessant

vinkla og har eit originalt

preg.

Teksten verkar godt

gjennomarbeidd.

Teksten er innhaldsrik,

systematisk og oversiktleg.

Teksten er interessant

vinkla.

Teksten verkar

gjennomarbeidd.

Teksten har godt innhald

og er oversiktleg.

Teksten verkar stort sett

gjennomarbeidd.

Teksten har stort sett

forståeleg innhald, men er

ikkje så oversiktleg.

Teksten verkar ufullstendig

og uferdig.

Teksten kan til ein viss grad

forståast, men har klare brot

på samanheng og er ikkje

oversiktleg.

Page 15: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 1

Kameratvurderingsskjema for fagtekstar

Skal brukast saman med heilskapsvurderingsskjema for fagtekstar

1. Les gjennom teksten ein gong utan blyant i handa. Skriv ned ein

kommentar med ein gong du er ferdig med å lese. Sei noko om

kva du synest var bra skrive.

2. Les gjennom teksten og sjå på struktur. Strek under utsegnene du

meiner passar til teksten i vurderingsskjemaet.

3. Les gjennom teksten og sjå på språk. Strek under utsegnene du

meiner passar til teksten i vurderingsskjemaet.

4. Les gjennom teksten og sjå på innhald. Strek under utsegnene du

meiner passar til teksten i vurderingsskjemaet.

5. Les gjennom teksten og sjå på kjeldebruk. Strek under utsegnene

du meiner passar til teksten i vurderingsskjemaet.

6. Les gjennom teksten og sjå på heilskap. Strek under utsegnene du

meiner passar til teksten i vurderingsskjemaet.

7. Les gjennom teksten ein gong til og sjå over kva du har markert i

vurderingsskjemaet. Peik på det du meiner kameraten din bør

endre på for å få ein betre karakter.

8. Avslutt med å peike på to ting du meiner kameraten din gjorde

bra.

Page 16: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 5

Layout og biletbruk i Faktafyk

Korleis er din estetiske kompetanse? Dette er ei øving i å vurdere oppsett og utsjånad på nett og papir, å

vurdere ulike element i samansette tekstar, med utgangspunkt i Faktafyk. Det er ingen fasit til desse

oppgåvene, for alle har sin eigen smak, men du må grunngi meiningane dine fagleg. Førebu deg ved å lese

artikkelen ”Betre bilete med smarttelefonen” s. 54–55 i Faktafyk, og sjå kva læreboka di seier om layout og

bruk av bilete i samansette tekstar. Skriv svara på eige ark eller på data, og hugs å bruke sidetal når du

refererer til ulike sider og bilete.

Stikkord layout: skålvektsprinsippet, luft, leseretning, skrift, fargar, estetisk kompetanse

Stikkord biletbruk: motiv, format, biletutsnitt, former, flater og linjer, layout, komposisjon, synsvinkel, lys

og farge, rytme og kontrast, symbol, assosiasjonar, biletmanipulasjon

MAGASINET FAKTAFYK

1. Sjå på framsida og baksida av magasinet. Liker du dei? Layout? Motiv? Fargar? Logo? Kva fenger

interessa di mest? Kva verkar minst interessant? Er det tydeleg kva som er byrjinga av magasinet, og kva

som er slutten? Grunngi svara dine.

2. Kva meiner du om layouten i magasinet? Bla gjennom magasinet og noter undervegs.

3. Finn den artikkelen du meiner har den beste layouten. Forklar kva du meiner gjer at denne skil seg

positivt ut.

4. Finn den artikkelen du meiner har den dårlegaste layouten. Forklar kva du meiner gjer at denne skil seg

negativt ut.

5. Kva slags bilete er det i magasinet? Bla gjennom magasinet og noter undervegs.

6. Nokre av artiklane har fleire bilete, og bilete som er sette saman. Finn eksempel på dette. Kvifor trur du

akkurat desse bileta er sette saman? Synest du den som har sett bileta saman, har gjort gode val?

Grunngi svara.

7. Somme stader ligg teksten oppå bileta. Kva synest du om det?

8. Vel fem bilete og skildre dei grundig ut frå stikkorda til biletbruk.

Page 17: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 5

Layout og biletbruk i Faktafyk

9. Vel ut det biletet du liker best, og det du liker minst. Kva er det som gjer at du liker eller ikkje liker

desse? Kva slags funksjon har bileta? Er bileta knytte til teksten, eller stikk dei seg fram i seg sjølve?

E-magasinet FAKTAFYK

1. Klikk deg inn på e-magasinet www.faktafyk.no. Er det lett å finne fram til sida, er ho søkbar på for

eksempel google eller bing? Korleis liker du sida ved første augekast? Layout? Motiv? Fargar? Logo? Kva

fenger interessa di mest? Kva verkar minst interessant? Korleis ser det ut som om sida er bygd opp, og

korleis finn ein fram til det ein leiter etter? Har sida ein eigen søkjefunksjon? Grunngi svara dine.

2. Klikk deg inn og sjå over ekstramaterialet i e-magasinet. Finn den artikkelen som fenger mest, og som du

får mest lyst til å lese. Korleis er bruken av bilete og layout i denne artikkelen? Forklar kva du meiner gjer

at denne skil seg positivt ut.

3. Finn den artikkelen som ikkje ser interessant ut i det heile, og som du verkeleg ikkje har lyst til å lese.

Korleis er bruken av bilete og layout i denne artikkelen? Forklar kva du meiner gjer at denne skil seg

negativt ut.

4. Kor brukarvennleg synest du e-magasinet verkar så langt? Er sida oversiktleg og lett å finne fram på?

Treng ein mange klikk for å navigere på sida? Kor brukarvennleg er sida jamført med andre sider du

bruker?

5. Klikk deg inn på artiklane. Kva slags bilete er det i artiklane på nett? Sjå gjennom artiklane og noter

undervegs.

6. Vel ut det biletet du liker best, og det du liker minst. Kva er det som gjer at du liker eller ikkje liker desse?

Kva slags funksjon har bileta? Er bileta knytte til teksten, eller stikk dei seg fram i seg sjølve?

7. Synest du det er forskjell på biletbruken i magasinet og på nett? Grunngi svaret.

8. Kva er dei største forskjellane på layouten i magasinet og på nett? Kva likte du best, magasinet eller

nettstaden? Grunngi svaret.

9. Du skal no gi ei tilbakemelding til dei som har laga Faktafyk. Du kan velje om du vil kommentere

magasinet, e-magasinet eller begge delar – og du får sjølv velje om du vil gi ein positiv kommentar,

Page 18: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 3 av 5

Layout og biletbruk i Faktafyk

konstruktiv kritikk eller begge delar. Sjå forslag til korleis du kan gjere det, nedanfor. Dersom du skriv

tilbakemeldingane dine på www.Faktafyk.no, er du med i trekninga av ein Imac Pro.

KVA MEINER EG OM LAYOUT OG BILETBRUK I FAKTAFYK?

Skrivetrekanten

Kva meiner du om magasinet og/eller e-magasinet www.Faktafyk.no? Ta utgangspunkt i oppgåvene du har

gjort, og skriv ein kort argumenterande tekst:

a) KVIFOR: Formålet er å få fram meininga di, positiv eller negativ, om layout og biletbruk i

magasinet og/eller e-magasinet www.Faktafyk.no.

b) KVA: Teksten skal skrivast som eit debattinnlegg til e-magasinet www.Faktafyk.no.

c) KVEN: Tenk at teksten skal kunne lesast av andre ungdommar og av dei som har laga Faktafyk.

d) KORLEIS: Det viktigaste er at du grunngir alle argumenta dine fagleg, at du ikkje berre skriv

«Biletet er fint» eller «Layouten er stygg». Eksempel: «Eg synest layouten i artikkelen ”Leken

teknologi” på s. 36–38 var kjedeleg. Spel er noko som mange er opptekne av og synest er

morosamt, og derfor synest eg det var dumt at det var så få bilete til artikkelen. Han kunne ha

fått fleire bilete og meir spennande skrift.» Eller: «Det var lurt å bruke fugleperspektivet på

biletet av den vesle jenta på s. 59, for det får jenta til å sjå endå mindre ut.»

Struktur Skrivetips Disposisjon

Ei fengande

overskrift

Kva handlar teksten om?

Ei kort

innleiing

Meininga di, formålet med

teksten

Eg skriv dette for å …

Eg synest det er viktig å …

Hovuddel Argument 1

Grunngiving

Eg liker / liker ikkje …

Ein av fordelane/ulempene med…

Argument 2

Grunngiving

For det andre synest eg at …

Grunnen til dette er …

Argument 3

Grunngiving

Eg meiner også at …

Det positive/negative med dette er …

Page 19: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 4 av 5

Layout og biletbruk i Faktafyk

Ei kort

avslutning

Sei ein gong til kva du

meiner, som ei

oppsummering

Til slutt vil eg seie …

Eg meiner no at eg har …

Vedlegg 1

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette opplegget:

Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Munnleg kommunikasjon

Delta i diskusjonar med grunngitte meiningar og sakleg argumentasjon

Presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålstenleg bruk av

digitale verktøy og medium

Skriftleg kommunikasjon

Orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant

informasjon i arbeid med faget

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Planleggje, utforme og arbeide med eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei undervegs i

prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med

grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte der det er formålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Beskrive samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektere over korleis vi

blir påverka av lyd, språk og bilete

Forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett ved publisering og bruk av

tekstar

Kompetansemål etter 10. årstrinn, kunst og handverk

Visuell kommunikasjon

Bruke ulike funksjonar i biletbehandlingsprogram

Vurdere ulike bodskapar, etiske problemstillingar og visuell kvalitet i reklame, film, nettstader og

dataspel

Kunst

Page 20: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 5 av 5

Layout og biletbruk i Faktafyk

Samtale om oppleving av korleis kunstnarar til forskjellige tider og i ulike kulturar har uttrykt seg

gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eige arbeid

Page 21: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 1

Leselogg for fagtekstar

Tekst:

Forfattar:

Utgitt når:

Publisert kvar:

1. Kva trur du forfattaren ville seie med denne teksten? Kva er hovudformålet?

2. Kven trur du forfattaren skreiv denne teksten til? Forklar kvifor du trur dette er målgruppa, og

vis korleis det er synleg i teksten.

3. Kvifor trur du forfattaren skreiv denne teksten? Dersom du meiner teksten har ei spesiell

målgruppe, kvifor trur du teksten blei retta mot desse menneska?

4. Korleis er teksten bygd opp, og kva for sjangertrekk finn du? Forklar.

5. Korleis får forfattaren fram formålet med teksten, kva for verkemiddel og kva slags

argumentasjon blir brukt? (Bruk baksida av arket dersom du får dårleg plass.)

6. Synest du at teksten fungerer etter hovudformålet? Fungerer sjangeren og verkemidla

forfattaren bruker? Grunngi svaret.

7. Synest du at forfattaren treffer målgruppa? Grunngi svaret.

Page 22: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette undervisningsopplegget er innanfor norsk og kunst og

handverk, sjå vedlegg 1.

Hovudmål:

Å lese og forstå tekst ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar

Å resirkulere og transponere ein tekst

Delmål: Delmåla avheng av kva for teksttype de vel å transponere

.

.

.

I dette undervisningsopplegget blir følgjande lese- og læringsstrategiar brukte:

Førleseaktivitetar: Sorter

Leseaktivitetar: Fleirkolonnenotat, Strukturert tankekart og Å lese ut frå spørsmål

Skriveaktivitetar: Å resirkulere og transponere tekst

Tekst: ”Teikneseriar”, Faktafyk s. 31–35 ”Kid Astray”, Faktafyk s. 11–13 ”Mattis’ mat”, Faktafyk s. 25–27 ”Kleskoden”, Faktafyk s. 50–51

Andre kjelder: ”Betre bilete med smarttelefon”, Faktafyk s. 54–55 http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/lag_seriar.html, 7.12.2013 Nynorsksenteret, Lær å lage teikneseriar http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/123nynorsk.html, 7.12.2013 Nynorsksenteret, Nynorskkurs på 1-2-3, Spør ho Rakel

A) FØRLESEAKTIVITETAR

Sortere – to og to eller i små grupper: Lær å lage teikneseriar: http://www.nynorsksenteret.no/teikneseriar/lag_seriar.html Bruk lenka og gå gjennom Tommelfingerreglar og Kva du kan gjere med ein teikneserie som du ikkje må fortelje mor di. Desse teikneseriane gir ei god innføring i ulike verkemiddel ein kan bruke i ein teikneserie. Sorter dei ulike verkemidla i desse gruppene:

Biletutsnitt, synsvinkel Figurane, streken Teksten

Eks. nærbilete

Eks. realistisk Eks. ruter

Page 23: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

B) LESEAKTIVITETAR

Fleirkolonnenotat Les ”Teikneseriar” s. 31–35 i Faktafyk. Bruk fleirkolonnenotatet under og skriv ned dei ulike verkemidla som blir brukte i dei forskjellige teikneseriane i Faktafyk.

Teikneserie Biletutsnitt, synsvinkel Figur, strek Tekst

Donald Duck

Watchmen

Sin City

Lone Wolf and Cub

Moskva

Page 24: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 3 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Strukturert tankekart – to og to eller i mindre grupper Les artikkelen ”Kid Astray” s. 11–13 og lag eit strukturert tankekart. Forslag til stikkord som kan brukast: Kven er Kid Astray?, Ruud vidaregåande, management, Urørt på P3.

Page 25: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 4 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Å lese med fokus – to og to eller i mindre grupper Les artikkelen ”Mattis’ Mat” s. 25–27 og noter stikkord ut frå spørjeorda etter kvart. Når du har lese og notert ferdig, deler du notata dine med ein annan eller med gruppa. Dersom du synest andre har sagt eller skrive noko bra, skriv du det ned slik at du hugsar det.

Kven … Kva … Kvar … Korleis … Kvifor …

Kloke ord frå andre:

Page 26: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 5 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Å lese ut frå spørsmål Les spørsmåla under først, og deretter les du bokutdraget ”Kleskoden” s. 50–51 og finn svar på spørsmåla. Når du er ferdig, deler du svara med ein eller fleire i klassen.

Kva er eit bokutdrag?

Kven handlar dette utdraget om?

Kor mange ulike eller like menneskegrupper blei presenterte i dette prosjektet? Beskriv nokre av dei.

Kva er det forfattaren meiner moten blir driven fram av?

Kva meiner du om det som står i artikkelen? Er du einig med forfattaren? Grunngi svaret.

Kor mange forskjellige menneskegrupper synest du det ser ut som om det er i din klasse eller på din skule? Beskriv korleis nokre av dei ulike gruppene ser ut.

Page 27: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 6 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

C) ETTERLESEAKTIVITETAR

Resirkulering og transponering – to og to eller i grupper

De har lese tre ulike tekstar, og no skal de velje ein av dei. I tillegg får de velje korleis de ønskjer å

resirkulere og transponere teksten, som teikneserie eller biletforteljing eller ved å blande sjangrane.

Fullfør arbeidet ved hjelp av punktlista under.

1. Vel ein av tekstane de har lese

Tenk over kva for ein av tekstane de likte best, den som fengde interessa, eller rett og slett den de

forstod mest av.

2. Vel kva for sjanger de vil transponere teksten til, teikneserie eller biletforteljing

Les gjennom teksten de har valt. Kva for sjanger meiner de vil passe til teksten? Kanskje passar det å

lage ei biletforteljing om ”Kleskoden” og ein teikneserie av oppskriftene? Eller skal de kanskje

kombinere dei? Finn den løysinga de meiner passar best, og ikkje minst: Finn ei løysing de klarer å

gjennomføre!

3. Sjå over arbeidsoppgåvene de gjorde knytt til teksten de har valt

Plukk ut kva de vil ha med i prosjektet, og lag eit strukturert tankekart eller eit tokolonnenotat med

stikkord. Pass på at de får med hovudpoenga.

4. Bestem dykk for kor mange ruter eller bilete de skal ha

Skriv ei punktliste der kvart punkt representerer ei rute eller eit bilete. Hugs å skrive ned teksten de

vil ha med.

5. Lag ei skisse – storyboard

Før de går i gang med teikninga eller fotograferinga for alvor, skisserer de eit storyboard ut frå

punktlista. På den måten unngår de å måtte gjere alt om att dersom de har berekna feil.

6. Fullfør prosjektet

Lag teikningane, ta bileta, skriv inn tekst. Pass på å bruke dei visuelle verkemidla de kan, f.eks.

utsnitt, strek, motiv og perspektiv, for å byggje opp under teksten og for å gi variasjon.

7. Presenter resultatet for dei andre gruppene

Presenter resultatet. Hugs å forklare bruken av verkemiddel undervegs, både kva for verkemiddel de

har brukt, og kvifor de valde å bruke nettopp desse.

Page 28: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 7 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Vedlegg 1

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette opplegget:

Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Munnleg kommunikasjon

Samtale om form, innhald og formål i litteratur

Presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålstenleg

bruk av digitale verktøy og medium

Skriftleg kommunikasjon

Lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk, og

formidle moglege tolkingar

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Planleggje, utforme og arbeide med eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei

undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og

sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på en etterprøvbar måte der det er

formålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Presentere tema og uttrykksmåtar i eit utval sentrale samtidstekstar og nokre klassiske

tekstar i norsk litteratur

Beskrive samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektere over

korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete

Forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett ved publisering og

bruk av tekstar

Page 29: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 8 av 8

Resirkulering av tekstar – sjangertransponering

Kompetansemål etter 10. årstrinn, kunst og handverk

Visuell kommunikasjon

Bruke ulike materiale og reiskapar i arbeid med bilete ut frå eigne interesser

Bruke ulike funksjonar i biletbehandlingsprogram

Teikne biletmanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak og vurdere bruk av eigne

verkemiddel

Dokumentere eige arbeid i multimediepresentasjonar

Kunst

Samtale om oppleving av korleis kunstnarar til forskjellige tider og i ulike kulturar har uttrykt

seg gjennom foto, film og video, og bruke dette som utgangspunkt for eige arbeid

Arkitektur

Teikne hus og rom ved hjelp av topunktsperspektiv

Page 30: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Å lese og skrive portrettartiklar med utgangspunkt i ”Yrke: Fotballtrener”

Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Skriftleg kommunikasjon

Orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere relevant informasjon i arbeid med faget

Lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk og formidle moglege tolkingar

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre formverk, ortografi og tekstbinding

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte der det er formålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Beskrive samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete

Presentere resultatet av fordjuping i to sjølvvalde emne: ein forfattarskap, eit litterært emne eller eit språkleg emne, og grunngi val av tekstar og emne

Hovudmål:

Å lese og forstå ein portrettartikkel ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar

Å skrive eit oppsummerande samandrag ved hjelp av passande skriverammer

Delmål:

Å bruke tenkjeskriving og skriv til eit bilete for å aktivisere og sortere eigen kunnskap

Å bruke tokolonnenotat for å forstå vanskelege ord og omgrep

Å bruke tidslinjer, signalord, personkart og personpyramide for å finne fram til hovudinnhald i ein tekst

Å bruke ulike læringsstrategiar som utgangspunkt for å skrive eit samandrag av ein tekst

Tekst: ”Yrke: Fotballtrener”, Faktafyk s. 46–49.

Page 31: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

A) FØRLESEAKTIVITETAR

Tenkjeskriving ut frå tema No får de fem minutt til å skrive ned alt de kjem på om følgjande tema – læraren tek tida.

Skriv alt de veit, trur, kan eller kjem på om temaet FOTBALL.

Skrive til eit bilete I artikkelen ”Yrke: Fotballtrener” er det fire bilete, eitt på kvar side frå s. 45 til og med s. 48. Beskriv kva du ser på bileta. Tips: Kva skjer? Kva har skjedd? Kva slags stemning er det på biletet? Kva for assosiasjonar får du når du ser på biletet?

Skriv til biletet på s. 46

Skriv til biletet på s. 47

Skriv til biletet på s. 48

Skriv til biletet på s. 49

Page 32: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Ingress og rammetekstar Svar i fullstendige setningar.

Les ingressen på s. 46 og forklar kven Toro er. Toro er:

Les teksten på s. 47. Kva for faktaopplysningar får vi i teksten?

Les rammeteksten på s. 49. Skriv ned fem positive eigenskapar Toro har.

Page 33: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

B) LESEAKTIVITETAR

Les og leit etter vanskelege ord i artikkelen ”Yrke: Fotballtrener” s. 46–49 i Faktafyk. Strek under dei orda, omgrepa eller frasane som er vanskelege å forstå. Orda du strekar under, set du inn i tokolonnenotatet nedanfor. Finn ordforklaringar i ordbøker eller fagbøker eller på nettet. Når du er sikker på kva orda betyr, skriv du setningar der du bruker dei på rett måte.

Ord Ordforklaring Ordet brukt i ei setning

U21-landslaget Norsk landslag for ungdom under 21

U21-landslaget vinn fleire kampar enn herrelandslaget

Individ

Inkludere

Involvere

Pedagogikk

Rabiat

Page 34: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Tidslinje – samarbeid to og to eller i grupper No får de nokre utsegner om Tor Ole Skullerud. Desse utsegnene er knytte til årstal, og de skal no leggje dei i rett rekkjefølgje på tidslinja. Bruk artikkelen for å finne ut kva for utsegner som skal leggjast kvar.

1970 1975 1980 1985 1990 1995 2000 2005 2010 2013

Signalord i teksten – samarbeid to og to eller i mindre grupper Denne teksten handlar om ein fotballtrenar og har derfor ein del ord og omgrep knytte til fotball. Les gjennom teksten ein gong til, og skriv ned alle orda og omgrepa som er signalord om fotball.

Eks. fotballtrenar, fotballkommentator, assistenttrenar, U21-landslaget, Rosenborg …

Page 35: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Personkart, tankekart for ytre og indre personskildringar – samarbeidsoppgåve to og to eller i mindre grupper Ta for dykk avsnitt for avsnitt, bilete og rammetekstar og noter ned indre og ytre personskildringar av Tor Ole «Toro» Skullerud i kolonnenotatet nedanfor. Deretter lagar de ein liten sirkel med namnet Toro i og ein større sirkel rundt den vesle der de skildrar dei indre eigenskapane hans. Avslutt med ein enda større sirkel rundt denne igjen, der de skildrar dei ytre eigenskapane hans.

Indre eigenskapar

Ytre eigenskapar

Page 36: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

C) ETTERLESEAKTIVITETAR

Personpyramide – samarbeidsoppgåve to og to eller i mindre grupper Fullfør personpyramiden under og del pyramiden din med ei anna gruppe.

Namn på personen

___________

To ord for å skildre utsjånaden til personen

___________ ___________

Tre ord som seier noko om eigenskapane og karakteren til personen

___________ ___________ ___________

Fire ord som seier noko meir om eigenskapane eller talentet til personen

___________ ___________ ___________ ___________

Fem ord som seier noko om dei hovudpersonen omgir seg med

___________ ___________ ___________ ___________ ___________

Seks ord som gjenfortel noko personen gjer eller seier eller tenkjer på

___________ ___________ ___________ ___________ ___________ ___________

Sju ord som andre har sagt om personen

___________ ___________ ___________ ___________ ___________ ___________ __________

Oppsummerande spørsmål til artikkelen ”Yrke: Fotballtrener” Svar med fullstendige setningar, og bruk artikkelen når du svarer på spørsmåla.

Kven er forfattaren av denne artikkelen?

Les over kva du skreiv til bileta tidlegare, og tenk over kva artikkelen handlar om. Kva for eit bilete synest du passar best til artikkelen? Grunngi svaret.

Kvifor trur du forfattaren valde å bruke rammeteksten på s. 49?

Korleis avrundar forfattaren artikkelen? Les spesielt nøye dei tre siste setningane.

Kvifor trur du forfattaren avrundar artikkelen på denne måten?

Page 37: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

D) SKRIVEAKTIVITET

Å skrive samandrag Ta utgangspunkt i tidslinja, personkartet og personpyramiden og skriv eit kort samandrag av artikkelen, ei oppsummering av kva du meiner artikkelen handlar om, og meininga di om artikkelen. Bruk startsetningane dersom du treng hjelp til å begynne.

Denne artikkelen handlar om …

Eg har lese at …

Kort oppsummert trur eg denne artikkelen handlar om …

Eg trur hovudideen bak denne artikkelen er …

I denne artikkelen har eg lært at …

Eg meiner at denne artikkelen er eit forsøk på å …

Eg trur også at artikkelen ønskjer å fortelje …

Eg synest denne artikkelen var …

Page 38: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Vedlegg 1. Tidslinja til Tor Ole Skullerud, klipp bort årstala

1971 5 Blei fødd

1972 15 Flytta frå Sarpsborg til Kongsvinger

1985 7 Drøymde om å bli fotballproff

1986 2 Kutta ut skigåinga, satsa for fullt på fotball

1987 8 Flytta til Kongsvinger for å gå på Wang Toppidrettsgymnas

1988 9 Tilbod om lærlingkontrakt i den nederlandske fotballklubben Den Haag

1997 3 Lærarjobb på Wang Idrettsgymnas

1999 13 Trenar for Ullern i 2. divisjon

2005 6 G19-landslaget til sluttspelet

2010 10 Assistenttrenar for U21-landslaget

2013, 1 4 Hovudtrenar for U21-landslaget

2013, 2 12 U21-landslaget bronsemedalje i EM i Israel

2013, 3 1 Assistenttrenar for det norske herrelandslaget

Page 39: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette undervisningsopplegget er innanfor norsk og naturfag, sjå

vedlegg 1.

Hovudmål:

Å lese og forstå ein fagartikkel ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar

Å skrive ein eigen fagartikkel ved hjelp av ein modelltekst og relevante skriverammer

Delmål:

Å finne tema og kommentarsetningar i ein fagartikkel

Å lage gode temasetningar

Å skrive kommentarsetningar til temasetningar

Å skrive ei tydeleg innleiing og avslutning på ein fagartikkel – sirkelkomposisjon

Å sjekke at alle setningar begynner med stor bokstav og sluttar med punktum

Å sjekke at alle ord har riktig enkel eller dobbel konsonant

Å sjekke at du har skrive og/å på rett plass

I dette undervisningsopplegget blir følgjande lese- og læringsstrategiar brukte:

Førleseaktivitetar: VØL-skjema

Leseaktivitetar: Les og leit, Tokolonne-omgrepsnotat, Les og sei og Friformkart

Etterleseaktivitetar: Tema og kommentarsetningar og Spørsmål

Skriveaktivitetar: Å skrive fagartikkel og Kameratvurdering

Tekst: ”Du er ikke alene”, Faktafyk s. 28–30

A) FØRLESEAKTIVITETAR

Refleksjonsspørsmål: Kva trur du ein naturfagleg fagartikkel som heiter ”Du er ikke alene”, handlar om? Denne fagartikkelen handlar om:

Bilete Sjå på bileta på s. 28, 29 og 30 i Faktafyk. Beskriv kva du ser på bileta. Eg ser: No trur eg denne fagartikkelen handlar om:

Page 40: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Ingress og rammetekst Les ingressen på s. 28. Kva trur du er hovudtema i denne artikkelen etter å ha lese ingressen? Les rammeteksten på s. 30. Skriv eit kort samandrag av rammeteksten.

VØL-skjema – når alle har blitt einige om kva som er hovudtema. Fyll ut kva du VEIT, og kva du ØNSKJER å lære, i VØL-skjemaet. Den siste kolonnen (LÆRT) fyller du ut når du er ferdig med å arbeide med denne artikkelen.

Kva VEIT eg om temaet Kva ØNSKJER eg å lære om temaet

Kva har eg LÆRT om temaet

Page 41: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 3 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

B) LESEAKTIVITETAR

Les og leit etter vanskelege ord i artikkelen ”Du er ikke alene” s. 28–30 i Faktafyk. Strek under dei orda, omgrepa eller frasane som er vanskelege å forstå. Orda du strekar under, set du inn i tokolonnenotatet nedanfor. Finn ordforklaringar i ordbøker eller fagbøker eller på nettet. Når du er sikker på kva eit ord betyr, skriv du ei setning der du bruker det.

Ord Ordforklaring Ordet brukt i ei setning

Romme Å romme betyr å ha plass til Kroppen rommar fleire milliardar bakteriar

Bakteriar

Celle

Rekrutterings-arbeid

Ressurs

Gunstig

Symbiose

Normalflora

Page 42: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 4 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Les og sei – samarbeidsoppgåve to og to eller i mindre grupper

Ein elev les første avsnitt av teksten høgt, eleven til høgre seier noko om avsnittet som nettopp er

lese, bruk gjerne startorda under. Eleven til høgre les så neste avsnitt, osv. til heile artikkelen er

ferdiglesen.

Eg meiner dette avsnittet handlar om …

Eg har lært/høyrt …

Eg meiner det står i artikkelen …

Eg tenkjer/trur at …

Eg lurer på kvifor …

Eg trur at hovudideen er …

Det var rart at …

Det var spennande at …

Friformkart – samarbeidsoppgåve to og to eller i mindre grupper. Kvar gruppe treng eit blankt A3-

ark og fargeblyantar.

Ta for dykk avsnitt for avsnitt og teikn symbol, strekmenn eller liknande for å forklare innhaldet i

artikkelen. De kan teikne så mange teikningar de vil. Når de er ferdige, skal de kunne gjenfortelje

hovudinnhaldet i artikkelen berre ut frå teikningane.

Forslag:

Teikn ei skålvekt med to skåler, ei skål ganske lågt og ei skål høgt. Så teiknar du bakterieceller i

den skåla som er lengst nede. I den skåla som er på toppen, teiknar du menneskeceller. Dette

for å illustrere at du har fleire bakterieceller enn menneskeceller i kroppen.

Teikn ein strekbaby som får ei sprøyte med K-vitamin for å fordøye maten og for at blodet skal

levre seg (og kanskje ein strekbaby som ikkje får K-vitamin, og som får diaré og blør, for å vise

forskjellen).

Page 43: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 5 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

C) ETTERLESEAKTIVITETAR

Tema og kommentarsetningar – samarbeidsoppgåve to og to eller i mindre grupper I rutene nedanfor står avsnittsoverskriftene og dei første temasetningane frå artikkelen. De skal fylle inn minst to kommentarsetningar til kvar temasetning. Bruk friformkartet dersom de treng tips.

DIN VENN TARMBAKTERIEN Hvis tanken på så mange leieboere er ubehagelig, skyldes det gjerne at vi ser på bakterier som skadelige. Det tar ikke mange minuttene fra du blir født, til bakteriene finner veien til fordøyelsessystemet ditt.

PARASITTER De bakteriene som pleier å være til stede i og på kroppen vår, kalles normalfloraen. Nå kan det høres ut som om samlivet vårt med bakteriene er en ren idyll, men så enkelt er det dessverre ikke. Du har sikkert opplevd å få ubedt besøk av bakterieparasitter som gjør deg syk.

FRISK OG SMITTSOM Av og til oppnår kroppen en slags våpenhvile.

FORSKNING De siste årene har forskere virkelig fått øynene opp for hva bakteriefloraen betyr for helsen vår.

Page 44: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 6 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Oppsummerande spørsmål til artikkelen ”Du er ikke alene” Svar med fullstendige setningar, ha gjerne artikkelen framfor deg mens du arbeider. Etter å ha svart på spørsmåla kan du fylle ut den siste kolonnen i VØL-skjemaet.

Kven er forfattaren av denne artikkelen?

Kva trur du forfattaren ville få fram med å bruke tittelen ”Du er ikke alene”?

Kva trur du forfattaren av artikkelen ønskjer å oppnå med ingressen?

Kvifor trur du forfattaren valde å bruke rammeteksten på s. 30?

Korleis avrundar forfattaren artikkelen?

Page 45: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 7 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

D) SKRIVEAKTIVITET

Skriv ein fagartikkel Du skal no skrive ein fagartikkel sjølv. Kva du skal skrive om, må du og læraren din bli einige om. Her er ei skriveramme som du kan fylle ut og bruke som disposisjon til artikkelen din.

Fokus Hovudtema i teksten min skal vere: Hovudbodskapen eg ønskjer å få fram, er:

Overskrift Overskrifta skal lokke til seg lesarar, som ”Du er ikke alene”. Du kan godt vente med å finne overskrift til du er ferdig med å skrive artikkelen.

Innleiing Innleiinga skal vekkje interesse, som ingressen til ”Du er ikke alene”. Bruk gjerne eit spenstig sitat, finn interessante faktaopplysningar eller still retoriske spørsmål.

Hovuddel Stikkord til temasetningar eller temasetningar til artikkelen.

Avslutning Du kan runde av, oppsummere eller konkludere. Les siste avsnitt av ”Du er ikke alene” om att for tips. Hent også inspirasjon frå innleiinga di. Dersom du for eksempel har stilt spørsmål i innleiinga, kan du svare på desse i avslutninga, eller du kan komme med eit nytt retorisk spørsmål.

Page 46: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 8 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Følg disposisjonen din og skriv første utkast.

1. Skriv eit avsnitt som innleiing.

2. Skriv eit avsnitt til kvar temasetning – hugs å halde deg til temasetningane!

3. Forklarer du framandorda du bruker i teksten?

4. HAR DU HUGSA Å OPPGI KJELDENE DU BRUKER?

5. Skriv eit avsnitt som avslutning.

6. Skriv ei overskrift som passar til teksten.

Kameratvurdering – to stjerner og to ønske

No skal to og to lese tekstane til kvarandre ut frå oppskrifta nedanfor.

1. Vekkjer innleiinga interessa di?

2. Er det tydelege temasetningar til kvart avsnitt?

3. Passar alle kommentarsetningane til kvart avsnitt?

4. Blir framandord og omgrep forklarte på ein god måte?

5. Er avslutninga oppsummerande eller konkluderande, og passar ho til teksten?

6. Er kjeldene tydeleg oppgitte – og er det direkte avskrift?

7. Passar overskrifta til resten av teksten?

8. Kva likte du ved teksten, og kva var bra? Skriv ned to ting.

9. Dersom du fekk bestemme, kva ville du ha endra på? Skriv ned to ting.

Siste finpuss:

No kan du endre artikkelen din ut ifrå tilbakemeldingane du fekk i kameratvurderinga. Gå gjennom

sjekklistene ovanfor ein gong til og sjå over teksten ut ifrå tipsa nedanfor.

Lykke til med innleveringa!

Sjekk at alle setningane begynner med stor bokstav og sluttar med punktum.

Sjekk at alle ord har riktig enkel eller dobbel konsonant.

Sjekk at du har skrive inn og/å på rett plass.

Page 47: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 9 av 9

Å lese og skrive fagartiklar med utgangspunkt i artikkelen ”Du er ikke alene”

Vedlegg 1

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette opplegget:

Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Munnleg kommunikasjon

Samtale om form, innhald og formål i litteratur

Skriftleg kommunikasjon

Lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk og

formidle moglege tolkingar

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Planleggje, utforme og arbeide med eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei

undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

Uttrykkje seg med eit variert ordforråd og meistre formverk, ortografi og tekstbinding

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og

sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte der det er

formålstenleg

Kompetansemål etter 10. årstrinn, naturfag

Forskarspira

Skrive forklarande tekstar med referansar til relevante kjelder, vurdere kvaliteten ved eigne

og andre sine tekstar og revidere tekstane

Forklare kor viktig det er å sjå etter samanhengar mellom årsak og verknad, og forklare kvifor

argumentering, usemje og publisering er viktig i naturvitskapen

Identifisere naturfaglege argument, fakta og påstandar i tekstar og grafikk frå aviser,

brosjyrar og andre medium, og vurdere innhaldet kritisk

Page 48: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 1 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette undervisningsopplegget er innanfor norsk, samfunnsfag og

RLE, sjå vedlegg 1.

Hovudmål:

Å lese og forstå forskjellige typar tekst ved hjelp av ulike lese- og læringsstrategiar

Å skrive eit debattinnlegg ved hjelp av ein modelltekst og passande skriverammer

Å grunngi argument og motargument i eigne tekstar

I dette undervisningsopplegget blir følgjande lese- og læringsstrategiar brukte:

Førleseaktivitetar: Refleksjonsspørsmål, Venndiagram og Les og strek ut

Leseaktivitetar: Les og leit med gule lappar, Tokolonne-omgrepsnotat, Leselogg og Spørsmål

Etterleseaktivitetar: Biodikt og Venndiagram

Skriveaktivitetar: Tankeskriving og samarbeid om å skrive eit debattinnlegg

Tekstar: ”Intro til Jesus”, Faktafyk s. 39 ”Jesus”, Faktafyk s. 40–43 ”Muhammed. Kriger og profet”, Faktafyk s. 44–45 Andre kjelder: http://www.spartacus.no/index.php?ID=Bok&ID2=700, 7.12.2013 Bokmelding, Jesus http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=964, 7.12.2013 Bokmelding, Muhammed – kriger og profet http://www.nettavisen.no/nyheter/article3476551.ece, 7.12.2013 Artikkel i nettavisa om prosessen med å få gitt ut Muhammed – kriger og profet.

A) FØRLESEAKTIVITETAR

Refleksjonsspørsmål: Kva trur du artiklar med namna Jesus og Muhammed handlar om? Desse artiklane handlar om:

Venndiagram: Fyll ut venndiagrammet ut frå stikkorda Jesus og Muhammed. I høgre ytterkant skal de skrive dei særeigne eigenskapane til Jesus, i venstre til Muhammed, og i midtfeltet skal de skrive likskapane.

Page 49: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 2 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Les ”Intro til Jesus”, Faktafyk s. 39. Les og strek ut – samarbeid to og to. Les avsnitta høgt. Når de har lese eit avsnitt, markerer de det som er viktig, heile setningar, delar av setningar eller enkeltord. Dersom det er ord eller omgrep de ikkje forstår i teksten de har markert, set de ein ekstra strek under dei. Sjå eksemplet nedanfor.

Dei to første avsnitta av teksten ”Myter og fakta” s. 39 Det historiske korrekte har ikke vært utgangspunktet for Tor Åge Bringsværds bok. Bringsværd har bevisst unngått å lete etter troverdige eller historiske kilder. Snarere har han lett etter historiene. Jesus er et menneske som har inspirert til historiefortelling og historielaging i mange hundre år. I boka finner vi mange ulike fortellinger, fra mange steder i verden og fra mange forskjellige tider. De handler om Jesus som barn (myter forteller oss at han kunne være en nådeløs lekekamerat), om Jesus som reisende til steder langt unna Palestina og om Jesus sitt forhold til menneskene rundt ham.

Skriv eit kort samandrag

Skriv eit kort samandrag ut frå den teksten de markerte, og hugs å skrive samanhengande setningar.

Sjå eksemplet nedanfor.

Tor Åge Bringsværds bok er ikkje historisk korrekt. Boka inneheld mange ulike forteljingar om Jesus.

Refleksjonsspørsmål: Kva trur du no utdraga du skal lese, handlar om? Eg trur utdraga eg skal lese, handlar om … Eg trur utdraga eg skal lese, handlar om dette fordi …

Page 50: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 3 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

B) LESEAKTIVITETAR

Les og leit med gule lappar etter vanskelege ord i utdraget ”Jesus” s. 40–43 i Faktafyk. Set gule lappar under dei orda, omgrepa eller frasane som er vanskelege å forstå. Orda du markerer, set du inn i tokolonnenotatet under. Finn ordforklaringar i ordbøker eller fagbøker eller på nettet, og når du er sikker på kva ordet betyr, skriv du ei setning der du bruker det.

Ord Ordforklaring Ordet brukt i ei setning

Å gjøre rede for Å forklare noko Jeg skal gjøre rede for hvordan man arbeider med vanskelige ord

Oppstandne

Disippel

Apokryfe

Følgesvenn

Betraktning

Page 51: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 4 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Leselogg – individuelt arbeid og gruppearbeid Les utdraga ”Jesus. En mytisk biografi” s. 40–43 og ”Muhammed. Kriger og profet” s. 44–45. Bruk leseloggen for saktekstar undervegs. Ta med leseloggane til gruppearbeidet, og del svara de har funne. Dersom du synest nokon andre har sagt noko klokt, er det lov å skrive det over på sin eigen leselogg.

Oppsummerande spørsmål til utdraga om Jesus og Muhammed Svar med fullstendige setningar, og ha gjerne artikkelen framfor deg når du arbeider.

Teksten på s. 40–43 heiter ”Jesus. En mytisk biografi”, men kven handlar utdraget eigentleg om?

Kva for kvinnesyn blir formidla i utdraget?

Kva slags forhold trur du Jesus og Maria Magdalena hadde? Grunngi svaret.

Kva for litterære verkemiddel bruker forfattaren for å få fram meiningane sine? Kom med eksempel frå teksten.

Teksten på s. 44–45 heiter ”Muhammed. Kriger og profet”, men kven handlar utdraget eigentleg om?

Det blir sagt i teksten at Allah hadde forlangt eit offer til si ære. Kva for eit offer bad Allah om?

Korleis utfører hovudpersonen i utdraget befalinga frå Allah?

Kva meiner du om måten hovudpersonen løyste situasjonen på? Grunngi svaret.

Kva for litterære verkemiddel bruker forfattaren for å få fram meiningane sine? Kom med eksempel frå teksten.

Page 52: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 5 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

C) ETTERLESEAKTIVITETAR

Biodikt Ta utgangspunkt i personane du no har lese om, Maria Magdalena og Abdul-Muttalib, og lag biodikt. Bruk gjerne oppskrifta nedanfor dersom du vil. Overskrift

Namn

Kjønn og alder

Tre karaktertrekk ved personen

Personen set pris på …

Personen pleier å …

Personen saknar …

Personen ønskjer …

Personen er glad for …

Personen er redd for …

Personen treng …

Personen vil gjerne …

Biodikt ut frå utdraget ”Lykkefinneren”, Faktafyk s. 60–61

Lykkefinnaren Hamayun Ung gut, ikkje over tjue Redd, modig, einsam i mengda Luft Tenkje på armane som gjer vondt. Og på pusten min Madar, Padar, Roya, Navid Fridom Å kunne puste Hulken, kulde, å døy, å døy, å døy Hjelp Fridommen lokkar

Venndiagram:

Fyll ut venndiagrammet ut frå stikkorda kristendom og islam. I høgre ytterkant skal de skrive det

særeigne ved kristendom, i venstre ved islam, og i midtfeltet skal de skrive likskapane.

D) SKRIVEAKTIVITET

Tankeskriving Jesus og Muhammed. Kristendom og islam. Kva kan ein skrive eit debattinnlegg om med utgangspunkt i desse stikkorda? Du får to minutt til å skrive ned så mange forslag som mogleg.

Eg kunne tenkje meg å diskutere …

Eg meiner det er viktig å få fram meiningane om …

Eg blir så frustrert når eg høyrer om …

Det er viktig å sjå på begge sidene ved …

Page 53: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 6 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Skriveramme til argumenterande tekstar – to og to eller i små grupper

1. Lag ein skriveplan, skriv nøkkelord i rutene under og disponer innlegget dykkar.

Skriv nøkkelord i rutene under og disponer innlegget før de begynner å skrive teksten. I den tredje

rada står nokre startord, som kan brukast når de står fast.

Overskrift Innleiing Argument Motargument Avslutning

Kva handlar

teksten om?

Kva ønskjer de å

ta opp til

debatt?

Argument for Argument mot Summer opp argumenta for og

mot, sei dykkar meining om

saka. Hugs å grunngi svara.

Det er i dag

mykje diskusjon

om …

Dette heng

saman med at …

På den eine sida …

Dei som er einige i

dette, meiner at …

Eit anna argument

dei bruker, er at …

Dei meiner at

fordi …

Dei hevdar også at

På den andre sida …

I motsetning til

dette meiner andre

at …

Motargumentet dei

bruker, er at …

I tillegg seier dei at

Dei synest derimot

det verkar som om

Etter å ha sett oss inn i begge

sider av saka er vår meining at

Grunnen til dette er at …

Vi synest det verkar som om …

På grunn av … oppfattar vi det

som om …

Derfor må det vere slik at …

2. Viktige punkt for å skrive eit sakleg debattinnlegg:

Hald dykk til emnet.

Ver saklege og nøytrale dersom de refererer til andre.

Ikkje kom med falske opplysningar om saka, og forsøk å ikkje gi eit skeivt bilete av fakta.

Pass på at de ikkje gir ein av partane særlege fordelar.

2. Følg skriveplanen og skriv første utkast:

Skriv eit avsnitt til kvar av rutene i skriveplanen.

Hald dykk til saka – kvart argument og motargument må handle om det som står i innleiinga.

Start med dei viktigaste argumenta og motargumenta, og hugs å grunngi alle undervegs.

Hugs å avslutte med å seie dykkar meining, og grunngi meininga ut frå argumentasjonen for og

Page 54: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 7 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

mot.

3. Set dykk saman to og to og les og snakk om første utkast. Diskuter alle spørsmåla under etter

kvar tekst:

Kjem meininga med teksten klart fram i innleiinga?

Kva for eit av argumenta er best? Kvifor?

Har alle argumenta eit motargument? Viss ikkje, kva for argument får stå utan svar?

Blei du einig med forfattarane? Kvifor / kvifor ikkje?

Kva for andre argument eller motargument kunne forfattarane brukt?

Gjer endringar i teksten dersom de fekk gode tips.

4. Førebu dykk på innlevering ved å gå gjennom sjekklista.

Er overskrifta fengande, og hintar ho om kva innlegget skal handle om?

Forklarer innleiinga kva innlegget skal handle om?

Har de skrive argument og motargument som passar til kvarandre?

Har de hugsa å grunngi alle argumenta dykkar på ein god måte?

Sjekk at alle setningane begynner med stor bokstav og sluttar med punktum.

Sjekk at alle ord har riktig enkel eller dobbel konsonant.

Sjekk at de har skrive inn og/å på rett plass.

5. Publiser og responder.

De skal no publisere teksten på ein eigna stad, f.eks. Faktafyks debattside.

De skal deretter gi ei sakleg tilbakemelding til debattinnlegget til ei anna gruppe. Start innlegget

slik: Vi er heilt ueinige med dykk fordi vi meiner at … Eller: Vi er heilt einige med dykk fordi vi

meiner at …

Page 55: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 8 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Vedlegg 1

Aktuelle kompetansemål i arbeidet med dette opplegget: Kompetansemål etter 10. årstrinn, norsk

Munnleg kommunikasjon

Delta i diskusjonar med grunngitte meiningar og sakleg argumentasjon

Presentere norskfaglege og tverrfaglege emne med relevant terminologi og formålstenleg

bruk av digitale verktøy og medium

Skriftleg kommunikasjon

Orientere seg i store tekstmengder på skjerm og papir for å finne, kombinere og vurdere

relevant informasjon i arbeid med faget

Lese og analysere eit breitt utval tekstar i ulike sjangrar og medium på bokmål og nynorsk og

formidle moglege tolkingar

Skrive ulike typar tekstar etter mønster av eksempeltekstar og andre kjelder

Planleggje, utforme og arbeide med eigne tekstar manuelt og digitalt, og vurdere dei

undervegs i prosessen ved hjelp av kunnskap om språk og tekst

Skrive kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovudmål og

sidemål med grunngitte synspunkt og tilpassa mottakar, formål og medium

Integrere, referere og sitere relevante kjelder på ein etterprøvbar måte der det er

formålstenleg

Språk, litteratur og kultur

Gjenkjenne retoriske appellformer og måtar å argumentere på

Drøfte korleis språkbruk kan verke diskriminerande og trakasserande

Forklare og bruke grunnleggjande prinsipp for personvern og opphavsrett ved publisering og

bruk av tekstar

Kompetansemål etter 10. årstrinn, samfunnsfag

Utforskaren

• Formulere spørsmål om forhold i samfunnet, planleggje og gjennomføre ei undersøking og

drøfte funn og resultat munnleg og skriftleg

• Vise korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfte korleis interesser og ideologiar kan

prege synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning

• Reflektere over samfunnsfaglege spørsmål ved hjelp av informasjon frå ulike digitale og

papirbaserte kjelder og diskutere formål og relevans til kjeldene

• Skrive samfunnsfaglege tekstar med presis bruk av fagomgrep, grunngi konklusjonar og

kjeldetilvisingar

Historie

• Drøfte årsaker til og etterverknader av sentrale internasjonale konfliktar på 1900- og 2000-

talet

• Drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn

opnar for nye omveltingar

Samfunnskunnskap

Page 56: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 9 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

• Gjere greie for omgrepa haldningar, fordommar og rasisme og vurdere korleis haldningar kan

bli påverka, og korleis den enkelte og samfunnet kan motarbeide fordommar og rasisme

• Gi eksempel på og diskutere kulturelle variasjonar og drøfte moglegheiter og utfordringar i

fleirkulturelle samfunn

Kompetansemål etter 10. årstrinn, RLE

Kristendom

• Forklare særpreget ved kristendom og kristen tru som livstolking i forhold til andre

tradisjonar: likskapstrekk og grunnleggjande forskjellar

• Drøfte ulike syn på Bibelen

• Drøfte kva kristendommen betyr for kultur og samfunnsliv

Islam

Forklare særpreget ved islam og islamsk tru som livstolking i forhold til andre tradisjonar:

likskapstrekk og grunnleggjande forskjellar

• drøfte utvalde tekstar frå islamsk skrifttradisjon

Religiøst mangfald

• Samtale om og forklare kva religion er, og vise korleis religion kjem til uttrykk på ulike måtar

• Vise evne til dialog om religions- og livssynsspørsmål og vise respekt for ulike religionar og

livssyn

• Diskutere aktuelle spørsmål som oppstår i møte mellom religion, kultur og samfunn

Filosofi og etikk

• Føre dialog med andre om samanhengar mellom etikk, religionar og livssyn

• Drøfte etiske spørsmål knytte til menneskeverd og menneskerettar, likeverd og likestilling,

blant anna ved å ta utgangspunkt i kjende førebilete

• Vise respekt for menneskes trus- og livssynsoppfatningar, ritual, heilage gjenstandar og

stader

Page 57: Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen …...Hege Fjeld Side 4 av 12 Arbeid med argumenterande tekst ut frå artikkelen ”Krig og avsky i USA” Finn ordet – samarbeidsoppgåve

Hege Fjeld Side 10 av 10

Å lese sakprosa og skrive debattinnlegg med argument og motargument

Vedlegg 2

Leselogg for fagtekstar

Tekst:

Forfattar:

Utgitt når:

Publisert kvar:

1. Kva trur du forfattaren vil seie med denne teksten? Kva er hovudformålet?

2. Kven trur du forfattaren skreiv denne teksten til? Forklar kvifor du trur dette er målgruppa, og

vis korleis det er synleg i teksten.

3. Kvifor trur du forfattaren skreiv denne teksten? Dersom du meiner teksten har ei spesiell

målgruppe, kvifor trur du teksten blei retta mot desse menneska?

4. Korleis er teksten bygd opp, og kva for sjangertrekk finn du? Forklar.

5. Korleis får forfattaren fram formålet med teksten, kva for verkemiddel og kva slags

argumentasjon blir brukt? (Bruk baksida av arket dersom du får dårleg plass.)

6. Synest du at teksten fungerer etter hovudformålet? Fungerer sjangeren og verkemidla

forfattaren bruker? Grunngi svaret.

7. Synest du at forfattaren treffer målgruppa? Grunngi svaret.