den beste verste fødselsdagen

13

Upload: det-norske-samlaget

Post on 25-Jul-2016

222 views

Category:

Documents


2 download

DESCRIPTION

Leseland. Nivå tre. Påfunn i Paradis. Av Moni Nilsson og Elin Lindell (ill.).

TRANSCRIPT

Samlaget OSLO 2016

Påfunn i Paradis

Den BESTEverste

fødselsdagen

Av MONI NILSSON

Illustrert av ELIN LINDELL

Frå svensk ved ØYSTEIN ROSSE

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 3 04.12.2015 15.39

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 4 04.12.2015 15.39

Nei, no kan ikkje Kaka vente eit sekund til. Det gjer vondt i heile kroppen av å berre liggje stille. Viss ikkje pappa kjem snart, kjem ho til å fylle åtte år i staden for sju.

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 5 04.12.2015 15.39

Kaka har allereie lege og venta og lytta og venta og lytta i meir enn ei æve. Kanskje to æver? Ho høyrer at pappa tiskar og kviskrar og fniser og raslar.

7

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 6 04.12.2015 15.39

I dag får ho nok ein sykkel i fødselsdagspresang.Ho er den einaste i heile burettslaget som ikkje har det. Ho ønskjer seg ein raud.

7

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 7 04.12.2015 15.39

Endeleg høyrer ho Gratulerer med dagen bak den lukka døra. Kaka kastar seg ned på puta og knip auga att. Ho lèt som ho søv så djupt at dei må syngje tre gonger før ho vaknar.

8 9

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 8 04.12.2015 15.39

«Oi, er det i dag eg har bursdag?» seier ho og gnir seg i auga. «Det hadde eg heilt gløymt!»

8 9

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 9 04.12.2015 15.39

Mamma ber ei blautkake med sju lys. Blautkaka har ho laga av yndlingskakene til Kaka. Mormor har blomar i handa, og morfar tek bilete. Pappa ber pakkene.

10 11

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 10 04.12.2015 15.39

Pakkene er veldig små. Ikkje eingong ein småbarnssykkel får plass i dei. Kaka blæs ut lysa.

10 11

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 11 04.12.2015 15.39

Kaka gir mamma og mormor og morfar ein klem. «Gratulerer, godjenta mi», seier mamma.

13

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 12 04.12.2015 15.39

Kaka gir mamma og mormor og morfar ein klem. «Gratulerer, godjenta mi», seier mamma.

Pappa har tårer i auga. «Tenk at den vesle jenta vår har blitt så stor», seier han. Pappa græt berre ein gong i året. På fødselsdagen til Kaka. «Sju år», seier Kaka og riv opp pakkene.

13

Den-beste-verste-fodselsdagen-INNMAT-9788252189582.indd 13 04.12.2015 15.39