ea torsdag 4. november 0 dialektavisa · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du...

17
DIALEKTAVISA 14. november 2019 | Eit samarbeid mellom lokalavisa Bø blad og Bø mållag Digital bøhering Gunnar Amundsen (t.v.) og Hans Christian Deilhaug lagar digital ordliste med bøhering. side 6-7 Rimar best Bø-bandet Ugras synest det er best å rime på bømål. Det blir liksom ikkje det same på bokmål. side 22-23 Samlar på ord Elin Mæland Skogen har gjennom fleire år samla inn over 3000 gamle ord og uttrykk på bømålet. side 28-29 Språket ut av skåpet Marianne Sanden hadde lenge bømålet sitt i skåpet, og bare heime snakka ho dialekt. Det endra seg da ho flytte frå heimbygda. side 8-9 Håkken? hått? hårr? – lokalavis for Midt-Telemark Foto: Ingebjørg Bø Foto: Else Børte Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Upload: others

Post on 11-Aug-2020

0 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

1DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

DIALEKTAVISA14. november 2019 | Eit samarbeid mellom lokalavisa Bø blad og Bø mållag

Digital bøheringGunnar Amundsen (t.v.) og Hans Christian Deilhaug lagar digital ordliste med bøhering.

side 6-7

Rimar bestBø-bandet Ugras synest det er best å rime på bømål. Det blir liksom ikkje det same på bokmål.

side 22-23

Samlar på ordElin Mæland Skogen har gjennom fleire år samla inn over 3000 gamle ord og uttrykk på bømålet.

side 28-29

Språket ut av skåpet

Marianne Sanden hadde lenge bømålet sitt i skåpet, og bare heime snakka ho dialekt. Det endra seg da ho flytte frå heimbygda.

side 8-9

Håkken? hått? hårr?

– lokalavis for Midt-Telemark

Foto: Ingebjørg Bø

Foto: Else Børte

Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Page 2: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

2 3TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Kjære lesarMe lever i ei tid der norske dialektar er utsette for press. Stadig færre skuleungar tek i bruk lokalmålet. Eit meir standardisert austnorsk, men også engelske ord, vinn stadig større terreng. Skal ein tru forsking.no vil mel-lom 50 til 90 prosent av verdas 7000 språk og dialektar vere borte innan 2100. Ein kan ikkje stagge naturkref-tene, men ein kan kanskje bremse noko på farten ved å gle seg over, ha litt ekstra fokus på, synleggjere og løfte fram lokale dialektar og alle dei som gjer ein innsats for å halde desse i hevd. Det kan i alle fall ikkje gjere ting verre. Både blant musikarar, privatpersonar, i lagsarbeid og næringsliv skjer det mykje positivt i så måte. Ei vik-tig målsetjing med denne dialektavisa er å synleggjere nokre av desse.

Avisa er meint for å glede og inspirere - både dei som brukar dialekt, så vel som dei som ikkje gjer det. Det er vidare mange måtar å lage ei dialektavis på, og ein er audmjuk i forhold til kva nokon meiner burde ha vore

med i avisa, og som ikkje er det. Dialektavisa «Håkken? Hått? Hårr?» er eit resultat av eit lite utval av mange moglegheiter. Yngre lesarar har elles også vore i tankane i utarbeiding og forming av dei 32 avissidene. Me håpar å ha lukkast med det i realiteten også. Og om det syner seg at skulane i bygda også kan bruke noko av materia-let her i undervisningssamanheng, er ei viktig målsetjing nådd. Eigne klassesett vil nemleg også bli trykte opp.

Bø mållag har vore oppdragsgjevar for avisprosjektet. Ei redaksjonsgruppe på fem, beståande av Margit Ims, Gunn Kristin Aasen Leikvoll, Else Børte, Åsne Mæland og Ingebjørg Bø har saman stått for utforming av inn-haldet. I tillegg har fleire gode skribentar medverka til å gjere avisa variert, spennande og lærerik. Ein stor takk til Evy Beate Stykket, Merete Loftsgarden Borgersen, Torgeir Straand, Halvor Gåra, Odd Nordstoga og Jens Kihl for prima innsats her. Også kryssordmakar Einar Søreide og kunstnarisk bidrag frå Ann Cathrin Haugland

Andersen, som har teikna speleplata på midtsidene, for-tener kyt for innsatsen her. Det same gjeld Dag Einar Hvitsand, som har hatt handa bak den grafiske tilnær-minga av spelet. Og utan god velvilje frå Bø blad, ville heller ikkje prosjektet vore lett å få til i det heile.

I von om at de finn noko som fengjer: les, leik, le og lær!Kos dykk!

Dialektgruppav/ Ingebjørg Bø

Denne avisa er del av Dialektprosjektet, ei satsing frå Bø mållag, i samarbeid med Bø kulturnettverk. Mållaget har fått økonomisk støtte til dette, og takkar her Spa-rebankstiftinga Bø (Sparebanken DIN), Noregs Mållag, Telemark Mållag, Bø kommune og Bø Venstre.

Skulane i Bø har fokus på dialekt. Kvart år den sis-te tida er det sett i gang ulike pro-sjektperiodar. Ele-vane sjølve synest det er spennande og lærerikt, og øn-skjer seg oftare sli-ke skuletimar.

Ingebjørg Bø

– Ja, me blir meir bevisste. Me brukar dei meir vanlege orda i uli-ke samanhengar, og me lærer ein del ord og uttrykk som ikkje er så vanlege lenger, fortel 7. klassinga-ne Gunnar Svendsen Boye, Anne Britt Seljord Amundsen og Guro Kleppe Høibo.

Dei syner til ekstra interes-sante og gjevande norsktimar eit par veker kvar vinter dei siste åra. Dikt, rollespel og ordlister er blant aktuelle arbeidsformer.

– «Å bågå skjorte seg» (å brøy-te seg fram) og «sonlug» (høgde-redd) var blant mine nye i år, smi-ler Anne Britt.

Ho er usikker på om ho tar dei med i daglegtalen sin, men meiner dei er skildrande og gode ord. For henne - litt ekstra krydder i ein godt innarbeidd bøheringsdialekt.

Stas på skulen– Dei fleste andre orda me ramsa opp kunne eg, vedgår 13-åringen.

Saman med Gunnar var ho i ut-gangspunktet blant få som snakka bøhering på trinnet. Og dei færras-te snakkar nok like breitt som dei to også i dag, men stadig fleire til-eignar seg meir dialekt i talemålet sitt, kanskje spesielt blant gutane.

– Det har blitt litt meir tøft å snakke bøhering på trinnet, meiner Gunn-ar, og syner til mange av kompisa-ne han har rundt seg. Sjølv hugsar han å snakke bøhering i barneha-gen, blande ein del dei første åra i småskulen, men frå femteklasse var det bare bøhering for han.

– Det er ein del av meg som eg vil ta med vidare. Og så har det liksom blitt litt status å snakke bøhering på skulen. Det er flei-re på trinnet som gjer det nå enn før. Mange blandar litt, men dei prøvar og dei blir betre, og det sy-nest eg er bra. Det funkar viss ein vil, smiler han, og meiner det må litt vilje til for å gjennomføre.

Prega av dei rundt segGuro har eit meir bokmålsnært

talemål. – Eg har ganske lite folk rundt

meg som nyttar bøheringsmål, så det har ikkje klart å påverka meg nok. Ennå, smiler ho lurt.

– Men eg synest bøheringsmå-let er fint, og hadde det vore meir naturleg for meg, ville eg ha bruka det. Eg får det liksom ikkje heilt til, hevdar ho.

– Eg har venninner som tar det som ein «challenge» og prøvar å snakke bøhering innimellom. Det blir ein del blanding, og da rettar eg på dei, men det er litt bevisst-gjering i det også, hevdar Anne Britt, og får god støtte frå Gunnar:

– Eg får faktisk ofte kommen-tarar på at eg har fin dialekt, og det betyr litt.

– Me skulle hatt slike dialekt-

dagar på skulen oftare. Gjerne fas-te dagar innimellom, avsluttar ein

samstemt trio, som ønskjer meir fokus på dialekt i det daglege.

MEIR DIALEKT: På trinnet til Gunnar Boye (t.v.), Anne Britt Seljord Amundsen og Guro Kleppe Høibo er det nå fleire som snakkar bøhering enn før. Foto: Ingebjørg Bø

– Litt status å snakke bøhering på skulen

Om å styrke seg sjølv ved å symje mot straumen…Den amerikanske psykologen Jor-dan B. Peterson skriv at du skal rette ryggen din. For å markere deg sjølv, dine grenser og din in-tegritet som menneske skal du rett å slett – rette ryggen. I tillegg til å rette ryggen kunne ein, i alle fall i vårt land, sagt at du skal halde

på målet ditt. No er det ikkje all-tid så lett å halde på målet – språk endrar seg med tida, og me er vid-reiste og blandar oss som aldri før. Likevel vil eg påstå, i alle fall for eigen del, at dialekten er eit forun-derleg godt middel for nettopp det å gå rakrygga rundt i livet og vise

ei form for styrke. Ikkje ei slik ein slår seg på brystet eller tvingar gjennom viljen sin med, men nett-opp den styrka som andre treng; din integritet. No er det sjølvsagt ikkje slik at integritet berre kviler på dialekten. Kva er det som gjev integritet i grunnen? Motstand

gjev integritet. Og korleis finn ein motstand? Det finn ein vel alle stad, men snakkar du dialekt og skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men, tenke seg litt om, ta seg litt

ekstra bry for hegne om din kultur og din identitet. Det er ein rikdom for alle. Då har du motstandskraft òg. Du har integritet. Så er du litt lut i ryggen – hald på dialekten din. Det gjer same nytta.

Odd Nordstoga, musikar

RAMSA OPP: Elevane brukar ikkje mykje tid på å ramse opp typiske ord for bømålet. Fleire av orda blir flittig nytta av elevane til dagleg. Foto Ingebjørg Bø

ILLUSTRASJON: Skisse henta frå ei samling talemålsprøver frå Bø, nytta ved norsk grunnfag, Universitetet i Sør-aust-Noreg, avd. Bø.

Page 3: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

4 5TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Kosedyr-elg vil vere brubyggjar Hølje Torsveit meiner dei fleste usemjer kan løysast over ein betre jordeplemeddag

Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Da kosedyr-elgen Hølje Tor-stveit flytta til Bø saman med Inkiri Abrahamsson, eller «ho eg bur med», som Hølje sjølv seier, såg han avstanden mel-lom bøheringane og studentane og tenkte:

– Her har eg ein jobb å gjere! Her må eg bygge bru.

Og slik vart kosedyraktivis-men fødd.

Dialektavisa har tatt ein prat med Hølje over ein betre jorde-plemeddag på Bøsenteret, og vel av omsyn til intervjuobjektet å referere intervjusamtala på Hølje si Bø-dialekt.

– Eg syns det har vore veldig lite aktivisme og aksjonær her i Bø. Eg har jo budd med ein ak-tivist i fleire år, på fleire område, så eg tenkte:

– Kosedyraktivisme, det e noko å kjempe for! Det e viktig å kjempe for kosedyras ve og vel.

– Hått ligg i det? – Det ligg mykji i det. Du

veit, me kosedyr tek imot my-kje snørr og tårur frå menne-skja. Men så kjem dom i ein vanskeleg elder, og da bli me stua ned i svarte søplesekkær, på loft og i kjellær. Det syns ikkje eg e rektig. Nå har me vore så mottakelege færr snørr og tårur og alskels følelsær, og så bli me bare stua vekk. Ein slik bruk-og-kast-mentalitet kan me ikkje ha.

– Så du har rett og slett starta ein eigen blogg?

– Ja, eg måtte det færr å nå ut. Så tenkte eg at, jaja, me fær starte på den digitale front, for å nå ut te flest muleg. Det har vore heilt strøkjent. Eg har følgjarar på utsida a huet nå. Nå har dom endeleg kommi seg ut. Det e eg veldig glad færr, og det e man-ge som lengtær te kosebamsen sin au, som har blitt vaksne. For vaksenlivet e utruleg grått og kje-deleg, mykji reglær, og da e det kanskje på tide å ta ned bamsen sin frå loftet slik at den kan hjøl-pe med å ta imot litt følelsær. For

det e ikkje lett å væra vaksen, elt-så. Det ser noko stygt ut, spør du meg. Men det fær væra møllom kånn, da.

– Eg har registrert at du bru-kær dialekt aktivt i formidlinga di, e det viktig færr deg?

– Eg syns det e utruleg rek-tig å prate dialekt, det e med på å fargelegge språket kånns. Me treng dialektær, færr det e på ein måte ulike fargur, akkurat som blant fuglane. Bokfinken Knut, han har ein heilt anna melodi enn linerla. Så det syns eg e viktig som kosedyraktivist au, å få fram Bø-dialekta i litt andre vatn. Eg e i mange miljø som ikkje bøhe-ringær har tegang te. Så da tenkte eg at det kan væra med og åpne ei dynn færr bøheringær au. Du må forresten au skrive at eg e vel-dig opptatt a jordeple. Det e det finaste som finns, det e jordeple-meddag.

– Hått e det som e så bra med jordeple?

– Det ska eg fortelja deg. Ein kan væra ueinige som katt og bikkje og krangle så busta fyk, men så lenge ein kan ha ein jor-deplemeddag sammen, så e det ein veg møllom menneskja. Så ein kan byggje bru. Særleg viss det e ein god saus innat jordepla. Da kan det bli dialog, på tvers og trass.

– Når du e utafærr Bø, og treff andre følk og kosedyr, skjønar dom hått du sie?

– Ja, eg må oversette litt innimøllom. Men dom skjønar, eg trur det. Viss ikkje så over-sett ho eg bur med. Det e godt å ha med seg ein egen tolk.

– Du bur jo på Langkåshau-gen, Hølje. Håssen e ein vanleg dag i livet ditt?

– Du, dagane te ein kosedy-raktivist e ganske ulike. Men det startær me ein kopp kaffi, det e veldig viktig. At me tek det litt som det kjem. Og så snakkær eg litt med katta i huset om hått ho trur om dagen. Og så e det å gjere ting eg likær som kosedyr. Eg e veldig glad i å kjøre bil, det blir ein del bilturær. Og så må eg blogge veit du, må ta litt bil-dur og reflektere og blogge, på morgonen. Når eg har drekki ein kopp kaffi, e eg litt slik digital i geviret og sleng ut noko på Fa-cebook.

– Og du har fått mykji respons på bloggen, au?

– Ja, eg har fått veldig mykji. Mange følgjarar nå. Eg har au kontakt med fleire kosedyr, nå snakkær me faktisk om å lage ein forening sammen. Hadde kontakt med Bamsefar i Liheia her, og ei forsoffen skilpadde i Breskelia hadde au noko å fortelja. Så vare ei stakkars utslitt kanin på Hørte au som hadde noko ho hadde lyst te å snakke om. Så nå bli det kan-skje ei sjølhjølpsgruppe færr ut-slitte kosedyr. Det e jo forskning som sie det at sjølhjølpsgruppur, det e veldig effektivt.

– Hått ventær videre i livet ditt nå?

– Snart ska eg reise te Syden færr å skrive bok. Lurær litt på det, lurær litt på kalender au. Fær sjå om det e stemning.

Kort og brått om Bø mållagMargit Ims

• 2. mars 1902 er skipingsdagen til Bø mållag. Tretten menn og to kvinner var til stades • Halvor Eikjarud var føre si tid, han skreiv tidleg på 1800-talet ned ønske om å uttrykke seg på eige språk. Det er før Ivar Aasen var fødd og hundre år før den or-ganiserte målrørsla i bygda tok form. Han er å rekne som den fyrste viktige målmannen i Bø • I dei fyrste tiåra var mållaget i Bø veldig opptatt av å få skule til bygda. Tanken om å få høgare utdanning tufta på nynorsk språk var viktig del av målarbeidet. Saman med Ungdomslaget var mållag i Telemark pådrivarar som fekk statsrealskule og sei-nare landsgymnas lagt til Bø • Bø mållag deler ut målblome for å gjere heider på personar, bedrifter, føretak som nyttar lo-kal dialekt og nynorsk. Blant mottakarane av målblomen finn vi banda Ni Liv og Byting, lo-kalavisa Bø blad, Almankås og Sparebanken Din • Bø mållag har om lag 80 med-lemmar • Norsk Barneblad er blant dei eldste barneblada i verda! Bladet tar opp aktuelle saker for barn og kjem ut èin gong i månaden. Bø mållag vil at ungar i Bø skal få lese meir nynorsk og dekkjer abonnement på barnebladet til barneskulane i Bø • For nokre år tilbake arrangerte

Bø mållag lugarkveldar. Det var ikkje snakk om å sove i mariti-me omgivnader – snarare var det lokale lugarar som er flinke til å fortelje gamle skrøner som stod fram og underheldt • Bautaen over falne frå Bø ved Bø kyrkje er reist av Bø mållag. Minnesmerket er over falne bø-heringar som fall i krigen 1807-1814 og andre verdskrig. Her blir det lagt ned krans kvar 17. mai• Bø mållag har handa bak «Lifjellkoppen» og tempera-turmålaren «Bøtempen» - som synleggjer og nyttar lokale ord og uttrykk i praksis • Kjært barn har mange namn. Du kan kalle det bøhering, bømål eller bødialekt. Bø mållag har fleire pågåande dialektpro-sjekt i desse dagar.

MÅLBLOM: Bø mållag deler med jamne mellomrom ut mål-blom til privatpersonar, bedrifter og lokale tiltak som er flinke til å nytte dialekt eller nynorsk. I 2018 fekk NRK-journalist Gjermund Midtbø prisen. Foto: Gro Birgitte Røiland

FAVORITT: Samtale over ein betre «jordeplemeddag» kan løyse mangt, meiner Hølje. Senterkroa på Bøsenteret er blant favorittane for slikt. Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

BRUBYGGJAR: Kosedyr-elgen Hølje Torstveit vil byggje bru mel-lom menneske, og har fått mange følgjarar om dette på bloggen sin.Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

UTSLÅTT: Hølje er utslått etter «jordeplemed-dagen», og unnar seg ein liten strekk. Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

TOPP: Topp med kopp! Bø mållag har handa bak Lifjellkoppen og andre dia-lektbaserte effektar. Ta med koppen neste gong du skal på tur! Foto: Margit Ims

Berhane Beyene, Bø: – Kånn og dekkan, og kånses.

Mathias Ladiszlaidesz, Bø: – Ikønn.

Bolton Osazee, Bø: – Femogtjuge kronur

Milovan Visekruna, Bø: – Pil røten.

Zoe Eskes, Bø: – Fubellføre! Artig ord! Ein mann sa ein gong til meg: «I dag e det skik-keleg fubellføre, eltså!»

Isak Rorgemoen, Tokke: – Lurvetufse.

Ambros Grane Leikvoll, Bø: – Båsste. Akkurat som meg.

Vetle Falk, Bø:– Dundre.

Rikke Ødegaard Aas,Bø:– Beite er litt morosamt, men om eg må velje, blir det bråtå stiv.

Maricel Morejon, Bø: – Dynna.

PÅ GATA:

Kva er favorittordet ditt på bømål?

PÅ GATA:

Kva er favorittordet ditt på bømål?

5 5

Page 4: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

6 7TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Øyvind Jørgensen, Vrådal: – Kelt» (kaldt).

Tor Hynne, Bø: – Ikønn (ekorn).

Kjersti Berge, Bø: – Varastyret (ha på lager/ha på lur).

Nelida Sanchez, Bø: – Kose kånn (kose oss).

Margrethe Seljord, Bø: – Omframs (tillegg/attåt)

Arnhild Gjessing, Bø: – Kråsleg (ekkel) og kjassen (ugrei).

Torbjørn Reinsborg, Bø: – Kåns (vår).

Eiliei Hjelmbrekke Ims, Bø: – Gvanndags (kvardags)

Maylèn Mæland, Bø: – Lagleg (kjekt)

Mariann Roe, Bø: – Jåså (hare).

Via www.ordliste.bohering.no vil ein om kort tid få tilgang til ei omfattande ordliste, språkprøver, artiklar, lokal-historie og kunnskap om bøherings-målet frå A til Å. Ein digital kunn-skapsbank er i emning.

Ingebjørg Bø

– For det første er det lite materiale om bøheringsmålet som har vore tilgjengeleg. For det andre har det vore veldig spreidd og vanskeleg å få fatt i, hevdar initiativtakarane bak www.ordliste.bohering.no, Hans Christian Deilhaug (31) og Gunnar Amundsen (28). Sidan februar i fjor har dei to samla ord og uttrykk, systematisert, bøygd og forklart, og freista å lage eit praktisk og brukarvenleg digitalt system om målforma. Både myn-ta på dei litt interesserte og dei veldig interesserte.

– Det skal vere låg terskel for å finne informasjon, og det skal vere greitt å bruke, forsikrar dei to, som håpar det heile er oppe og går i god tid før jul.

Levande språksiderTil nå har dei to kring 400 ord på plass i bøheringsordlista. Or-ganiserte og kategoriserte etter ordklasse, bøyingsform og som-me også med eksempel, ønskjer duoen at det skal vere litt moro å leite og leike seg rundt på vevsida. Mykje av ordtilfanget har kome til gjennom ei aktiv dialektgruppe, og dei har elles hatt mykje hjelp i private ordlistearkiv.

– Bøhering og dialektinter-esserte Elin Mæland Skogen har samla mykje ord og uttrykk gjennom fleire år, og det har gitt uvurderlege innspel i dette. Me har vidare kopla produksjonen til nynorskordlista og bokmåls-ordlista, slik at ein kan søkje på einskildord, både på bøhering, nynorsk og bokmål, og få opp tydinga på dei andre målforme-ne. Om ein har eit ord og er usik-ker på kva det betyr på bokmål eller nynorsk, skal ein i prinsip-pet få opp ordet på bøhering, og omvendt, fortel dei, som syner til ein produksjon som al-dri skal vere ferdigskriven.

– Det skal vere ein levande språk-bank, som stadig blir oppdatert og får påfyll av ymse slag. Nye ord og uttrykk vil komme til, saman med andre publikasjonar, fortel dei to, som seier dei har henta mykje inspirasjon til prosjektet frå Hallingdal og Setesdal.

Hentar inspirasjon– I Setesdal kom www.vallemal.no til for om lag 15 år sidan. Det har vore ein stor suksess og skapt mykje interesse. Målet er jo at bøheringsversjonen skal ha ein nokolunde tilsvarande ef-fekt, konstaterer dei.

– Det er også noko med å ha det tilgjengeleg og ha det rundt seg. Då er det lettare å ta i bruk, hevdar to som meiner at bøhe-ringsmålet stadig lir under press frå ei meir bokmålsnær taleform.

Prekær situasjon– Situasjonen for bøheringsmå-let er prekær, seier dei to.

– Ein står ovanfor naturkref-ter ein ikkje rår over. Og bevisst-gjering er eit ledd i freistnad på å stagge utviklinga. Ein tenkjer at alt som kan medverke til å skape interesse er bra, så dette er ein innsats for det, fortel Gunnar og Hans Christian om eiga drivkraft bak prosjektet.

– Om ti år kan mykje ha endra seg. Me trur det var viktig å gjere ein innsats nå, og me har litt tru på at å digitalisere kan gje målet vårt litt betre kår for å overleve, under-strekar to optimististar.

DIGITALT BØMÅL: I næraste framtid vil det ein veit om bøheringsmålet bli presentert samla digitalt. Hans Christian Deilhaug (t.v.) og Gunnar Amundsen står bak prosjektet.

Foto: Ingebjørg Bø

Gjer bømålet digitalt

UVURDERLEG: Elin Mæland Skogen har gjennom fleire år samla mange ord og uttrykk. Desse har gitt uvurderlege innspel til den digitale ordlista, og slik ser ein del av dei ut i systematisert form.

DIALEKTPROSJEKT: Slik vil ein finne orda i den digitale ordlista. Digitaliseringspro-sjektet skjer på oppdrag av

Bø mållag, og er eitt av fleire pågåande og komande dia-lektprosjekt i regi av desse.

SPRÅK ER VIKTIG: Ordførar i Midt-Telemark kommune, Siri Blichfeldt Dyrland (Sp), meiner dialektar er viktige og vil vidareføre språkmangfaldet. Foto: Privat

GODT TILBOD: Det er tilgjengelegheit og pris Nina Kaasa (t.v.), Tine Schia og Aase Ragnhild Brokka er opptekne av når det gjeld SFO-tilbodet i Bø.

Ønskjer å verne om dialektar og språk Nye Midt-Telemark kommune har vedtatt eit «målbruksdokument» for Midt-Telemark kom-mune. Her er det framheva at kommunen som storbrukar av språk har eit særleg ansvar for å ta vare på og bruke den lokale språklege kulturen.

Ingebjørg Bø

– Midt-Telemark skal vere ein kommune der språk, målform og dialekt blir framheva som ein viktig del av kommunen sin kul-tur og identitet, som ein nøkkel til oppleving av kultur, tryggleik og samhald og forståing, seier nyvald ordførar for nye Midt-Te-lemark kommune, Siri Blichfelt Dyrland (Sp), og held fram:

– Kommunen ser dialekta som ein viktig del av den lokale kulturarven, ein arv som er un-der press på lik line med nynor-sken. Kommunen ønsker derfor å verne om dialektar gjennom levande bruk og medviten utvik-

ling. Mykje av grunnlaget for ta-lemålet til ungane blir i dag lagt i barnehagane og skulane. Eit til-tak er derfor å sjå til at det i kom-munedelplanen for oppvekst blir laga ein strategi for å sikre aktiv bruk av, og tidleg introduksjon til, begge målformene og dialekt i barnehage og skule. Strategien skal omfatte både skule- og kul-turfeltet. Til dømes er det viktig at kommunen har språkmedvitne medarbeidarar på desse stadene, påpeikar ordføraren.

Glad i dialektBlichfeldt Dyrland er frå Vardø

i Finnmark. Og sjølv om ho har budd i Bø i 17 år, har ho halde godt på den nordnorske dialekta si.

– Det er ein viktig del av identiteten min. Dialekta minner meg på kor eg har vakse opp, og korleis det har forma meg. Di-alektar skapar samhald mellom folk, og er samtidig ein viktig del av den norske kulturen, pre-siserer ho og har fleire konkrete planar for korleis oppretthalde dialektmangfaldet:

– Eg tenkjer barn og unge er ein viktig nøkkel. Derfor er eg einig i Midt-Telemark kommu-nes fokus på språk i barnehage og skule. Eg trur musikk på di-alekt kan bidra til å sjå det posi-tive i særeigne språk. Dersom vi på fleire hald syner at samfunnet er rikare med dialektar, så kan det vere med på å oppretthalde dialektmangfaldet i Noreg, av-sluttar ho.

PÅ GATA:

Kva er favorittordet ditt på bømål?

PÅ GATA:

Kva er favorittordet ditt på bømål?

55

Page 5: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

8 9TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Marianne Sanden har i alle år veksla mellom å bruke dialekt og bokmål. Nå som ho har flytta vekk har ho lagt heilt om til bømål. Åsne Mæland

Marianne Sanden (19) er fødd og oppvaksen i Bø. I august flyt-ta ho til Lofoten for å gå eit år på folkehøgskule, på linje for ski og surf. Frå først stund ho begynte å prate, nytta Marianne dialekt.

– Men då eg starta i barne-hagen og på skulen heime i Bø, begynte eg på eit tidspunkt å leg-gje over til bokmål når eg ikkje var heime. Eg trur grunnen til at eg gjorde det, var fordi nesten ingen av venene mine prata di-alekt, seier ho.

Dialekt heime Sidan den gongen har ho fortsatt

med å prate dialekt heime og bokmål på skulen.

– Eg har òg prata dialekt an-dre stader enn heime. På jobb pratar eg alltid dialekt, og når eg er fotballtrenar. Når eg pratar med eldre bøheringar legg eg også om. Då har dialekta berre kome fram igjen, seier Marian-ne, og legg til at ho veit om an-dre som også pratar dialekt hei-me, men ikkje på skulen. Ho trur ikkje dette er unikt.

– Eg trur dette er ganske van-leg andre stader i Noreg også. Eg har lagt merke til at mange på folkehøgskulen her legg om

til dialekt når dei ringer heim til familien.

Ta vare på dialekta – Eg synest det er litt trist at det er så få yngre som pratar dialekt, og skulle ønskje fleire gjorde det. Det er nok ulike verkemid-del som skal til for å få folk til å halde på dialekta si, men det er jo veldig individuelt korleis ein ønskjer å prate, så eg synest folk må få gjere som dei vil sjølve. I tillegg er det mange som flyttar til Bø som ikkje tek i bruk di-alekta si når dei ikkje er vande med det heimefrå.

Berre bømål Nå som Marianne har flytta frå Bø har ho slått om, og pratar di-alekt heile tida.

– Eg trur det er fordi eg vil vise kvar eg kjem frå. Her er det folk frå heile landet, med mange

ulike dialektar! Eg har eigentleg ønskt å prate dialekt heile tida då eg budde heime, men det har vore unaturleg å plutseleg prate dialekt med vener eg vanlegvis

har prata bokmål med. Frå nå av skal eg halde på dialekta resten av livet. Eg er stolt av dialekta mi, og stolt av å vere frå Bø, av-sluttar ho.

VEKSLA PÅ MÅLET: Marianne Sanden (19) frå Bø har gjennom mange år snakka bøhering heime og hatt eit bokmålsnært talemål på skulen og saman med vener På folkehøgskule i Lofoten snakkar ho dialekt heile tida.

Foto: Privat

BARE BØMÅL: Etter at Marianne Sanden flytta til Lofoten i haust, har ho slått heilt over til bømål. Foto: Privat

SET PREG PÅ: På folkehøgskulen til Marianne Sanden i Lofoten, kjem elevar frå heile landet og nyttar ulike dialektar. Bøheringsjenta nyttar også si. Foto: Privat

Bømålet i «skåpet» Snakka dialekt heime, og bokmål ute

KJEND: Webjørn Svendsen Espeland (40) er ei kjend stemme i Reiseradioen sommartid. I tillegg til mykje latter og humør, smett det stadig gjennom karakteristiske bøheringsord i programma hans. Foto: Privat

Blei litt slitsamt med så mykje «hæ?» på direktenHan er ikkje av dei som snakkar det breiaste bøheringsmålet, men nokon markørar som «gu dag», «ha`re» og «snakkas» bryt stadig gjennom i Reiseradioen og P3-sendingane med Webjørn Svendsen Espeland (40) på eteren.

Ingebjørg Bø

– Brei bøhering har dessverre ikkje funka så bra i mitt virke, så eg har etter kvart lagt meg på eit litt meir skriftnær nynorsk i praten. Det blei dessverre litt slitsamt med så mykje «hæ?» på direkten, seier reportaren som har vore i NRK-systemet sidan 2004.

Den vitale reportaren er sær-leg synleg sommartid i Reise-radioen. Elles om året å finne i redaksjonen til P3 Dokumentar. Om ikkje Bø-uttrykka florerer, smett det stadig gjennom eitt og anna ord som plasserer utsprin-get hans.

– Eg hugsar eg intervjua musi-karen Marion Ravn då eg snakka på det breiaste – då eg verkeleg blomstra til med både hått, håk-ken, hårr, høggorm og full pakke. Ho skjøna verkeleg ingen ting,

og vart enda lengre i maska enn vanleg, minnest Webjørn, som veit det trengst å eksponere bøhe-ringsmålet meir.

Fantastisk ressurs– Det er jo fantastisk med ihu-ga ressursar som Jon Solberg og slike som skriv og syng på bø-hering. Det gjer bømålet både synleg og populært, understre-kar han og diggar at musikarar satsar slik.

– Eg snakka nok ikkje så brei bøhering sjølv heller da eg budde i Bø, så det har nok ikkje vore så na-turleg for meg å ta`n heilt ut heller, seier Webjørn.

– Først og fremst har eg nok moderert meg for å gjere meg for-stått av byfolk, vedgår den humør-fylte 40-åringen, som sjeldan byr på kjedelege innslag i radio.

Spreiar mykje gledeWebjørn ler faktisk så hjarteleg at nokon meiner han ler på bø-hering.

– He, he, ja kanskje det? Eg får i alle fall mange positive kom-mentarar på latteren min i pro-gramma mine, humrar Webjørn og synest det er litt artig.

– Det er fint å kunne medverke til å spreie litt glede og humør i radioen, så det kan eg leve med, slår reportaren fast. Etter mange år i osloområdet er han nå busett i Molde. Kanskje det opnar for fleire innslag av bøheringsmål på lufta?

– Tja, kanskje det? Det er ikkje heilt uaktuelt i alle fall. Det er uansett veldig fascinerande å kunne sitte på flyplassen og høy-re at eg har ein moldensar på det eine sidebordet og ein frå Kristi-ansund på det andre. Eller ein frå Lunde her og ein frå Drangedal der. Me har særs finkalibrerte di-alektforskjellar, og det trur eg er ganske unikt i verdssamanheng. Eg håpar verkeleg dette kan vare i ein del hundreår til, konkluderer Webjørn.

Page 6: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

10 11TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Med bømål i NRK Nært og personlegGjermund Midtbø frå Bø brukar bømål og nynorsk som arbeidsspråk i NRK. For det fekk han mediemålprisen i 2019.

Gunn Kristin Aasen Leikvoll

– Å få mediemålprisen var vel-dig stas, og det betydde eigent-leg ganske mykje for meg. Spe-sielt fordi eg har eit så bevisst forhold til nynorsk og dialekta mi og verkeleg har jobba for å få bruke dialekta, fortel Gjermund.

Da han starta i NRK Sporten, tok han seg ein prat med språksje-fen om kor mykje av Bø-dialekta han kunne bruke på TV og i radio.

– For meg var det viktig at det skulle skine igjennom kor eg er frå. Eg ville ikkje snakke normert nynorsk som er mykje

meir naturleg for vestlendingar. Det fekk eg gjennomslag for, og da er det jo også veldig stas at ein har blitt lagt merke til og kanskje har skild seg litt ut. Me er jo i mindretal, me som brukar nynorsk og ikkje er vestlendin-gar, seier Gjermund vidare.

Nynorsk og dialekt Gjermund jobbar no i NRK Bus-kerud med nett, radio og tv. For han er nynorsk og dialekt det na-turlege arbeidsspråket, skriftleg og munnleg.

– Da eg jobba i NTB nokre

månader måtte eg skrive bok-mål som journalist for fyrste gong. Det kjendest veldig rart. Eg følte det ikkje var meg som hadde skrive sakene. Eg skjønte etter det at eg måtte halde meg til arbeidsplassar der ein kan velje skriftspråk sjølv. Det er eg veldig glad for at eg kan i NRK. Sjølv om eg jobbar i Drammen, seier Gjermund.

– Er det samanheng mellom dialekt og nynorsk for deg?

– Absolutt. Nynorsk er jo det skriftsspråket som ligg nærast talemålet mitt. Og eg prøvar også så langt eg kan å skrive den nynorsken som er tettast opp til dialekta mi. Me treng jo verke-leg ikkje å skrive «vi», me som er frå Bø. Eg synest det er vik-tig at nynorsk ikkje berre blir eit

vestlandsspråk. For meg er dia-lekta ein stor del av identiteten min, spesielt etter at eg flytta heimefrå. Eg har fått så mange fine tilbakemeldingar på dialek-ta mi, og det er ekstra artig når folk høyrer kvar eg kjem frå. Det å konsekvent skrive nynorsk trur eg gjer det enda enklare å halde på dialekta. Men eg må jo innrømme at eg stort sett skriv dialekt når eg skriv meldingar. Det heiar eg også på at folk skal, seier Gjermund.

Utanfrå-blikk på Bø I Bø blad er Gjermund fast spal-tist, med blikk på Bø som opp-vaksen i bygda, men utflytta til Oslo. Han skildrar seg sjølv som ein stor Bø-patriot, som er veldig glad i bygda, og spesielt

Lifjell. – Det er ikkje umogleg at me

kjem til å busette oss i Bø om nokre år, seier han.

– Om du skulle sjå litt inn i krystallkula, kva er Bø om ti år?

– Da håpar eg Bø har klart å halde på bygdesjarmen, sjølv om me blir større. Samtidig som kulturtilboda og møteplassane blir fleire. Eg håpar Bø har blitt ei skikkeleg sykkelbygd, der ein ikkje alltid må bruke bilen. Og eg kryssar fingrane for at snøen framleis ligg i bygda om vinte-ren og at ungane kan gå på ski rundt Forbergåsen. Og så har eg eit stort håp om at dialekta og nynorsken ikkje blir heilt borte, sjølv om det ser stygt ut, avslut-tar Gjermund.

Countryrock-bandet Ni Liv har gitt ut heile seks album, og alle songane er skrivne på bømål og sunge på bømål.

Åsne Mæland

Jon Solberg er vokalist og låt-skrivar i bandet. Han har alltid lika å lage låtar, og da han som ung starta å skrive songar gjorde han det på lokalmålet sitt. Etter nokre år freista han å skrive på engelsk.

– Det var jo engelsk som var kult, og det var språket alle arti-stane bruka. Men etter ei stund gjekk eg tilbake til å skrive på bømål att. Det er vanskeleg å vere frå Noreg og skrive bra på engelsk. Eg fekk ikkje sagt det eg ville seie gjennom song-tekstane når eg brukte eit anna språk, forklarer han.

Fokus på tekst – Eg er veldig opptatt av tek-stane i songar, og bruker derfor mykje tid på det. Eg likar mu-sikk der teksten har fokus. Ved å skrive og synge på dialekta mi får eg fram ein slags identitet gjennom songane, og det som blir sagt kjem verkeleg frå meg. Det blir nærare og meir person-leg, og eg får uttrykt meg slik eg ønskjer. Dialekta gjer at teksten blir meir ekte, ærleg og naken, seier Solberg.

Meir personlegSolberg meiner at musikken når lengst om den er personleg. Der-for trur han at folk kan kjenne seg like mykje att i musikken sjølv om dei ikkje pratar bømål.

– Om eg skulle synge på bok-mål hadde det blitt meir falskt, og eg hadde ikkje fått uttrykt meg på same måten. Og da vil ikkje publikum føle ei like sterk tilknyting til musikken. Eg ten-kjer sjølv at det viktigaste når eg høyrer på musikk, er at det kjen-nest verkeleg og personleg, slik at det blir eit band mellom den som fortel og eg som tek imot. Me i bandet ønskjer i alle fall å nå ut til alle med musikken vår, uansett kva for dialekt dei har, seier han.

Låtskrivaren håpar at musikk på dialekt kan inspirere andre til å bruke dialekta si og vere stolte over den, sjølv om dei ikkje nød-vendigvis er frå Bø.

Bygdekultur Målet til Solberg er å skrive om universale tema som lengsel, kjærleik og livet, samstundes som dei er forankra i eit miljø. Derfor handlar mange av songa-

ne til Ni Liv om desse tema, men blir dratt med inn bygdekulturar.

– Eg prøvar å bruke historier eller opplevingar som skjer lo-kalt, for å beskrive universelle kjensler som gjeld for absolutt alle. Når mange av songane handlar om bygdekultur er det ekstra fint å bruke dialekt, mei-ner Solberg.

Tri poeng For rundt tolv år sidan blei Sol-berg spurt om han kunne lage ein song om Skarphedin Fotball. Da sette han seg ned og skreiv songen «Tri poeng». Den blir fortsatt spela på Sandvoll den dag i dag. Teksten har med seg litt historisk om fotball i Bø, samt at den handlar om samhald og fotballglede.

SPRÅKJOBB: Gjermund Midtbø har jobba aktivt for å få kunne bruke bømål i radio og fjernsyn. Det får han nå, og det har blitt lagt merke til. Foto: PrivatBODSKAP: Bodskapen kjem tydelegare fram i musikken min når eg skriv og syng på dialekta mi, meiner Jon Solberg (t.h.) i Ni Liv. Foto: Promo

Visste du at...

Ved Lifjells fot ligg stolte Bøherad, og har du fysst komme hit vil du aller dra! Følk stenn sterke sammen i elt slags vær - og elle elskar den magiske kula av lær. Me bygger stein på stein, og får spreke fotballbein!

Refreng:Skarphedin, nå skal me ut å vinne! Skarphedin, bære enn nokken sinne! Sammen e me stål! Skyt ballen rett i mål! Det e kåns refreng! Bygda e Bø. Kursen e stø. Og me skal ha tri poeng!

Banen låg klar i nitten åtte-og-førr. Og Sandvoll kan fortælja viss du spør. Om jubel og gråt, det som e og det som var. Og frå vipen mang ein halvfrekk kommentar. Men det e nå det gjeld! Trø te i hver duell!

(Refreng)

Skarphedin hei, Skarphedin hei, Skarphedin hei hei hei! Skarphedin hei, Skarphedin hei, Skarphedin hei hei hei!

Det har vore mange harde slag. Me deler seierar og nederlag. Men dom blå og gvite vil og vågar mest! Og nå kan bøheringar gjera klar te fest! Skarphedin hei, Skarphedin hei,Skarphedin hei hei hei!

(Refreng x2)

Tri poeng. Tri poeng til Skarphedin!

NRK har vedteke retningsliner for di-alekbruk og -røkt i NRK. Desse skal gjere det enklare å vere dialektbrukar i NRK, og det skal gjere det enklare å gje dialektbrukarane i NRK språkleg rettleiing.

Retningslinene gjeld alle som brukar dialekt i NRK. Desse er eit tillegg til språkreglane, som gjeld alle i NRK.

I innleiinga for retningslinjene for språkbruk i NRK, underteikna kring-kastingssjef Thor Gjermund Eriksen, heiter det følgjande:

«NRK har eit særskilt ansvar for å styrkje norsk språk. Det gjeld både skriftleg og munnleg, dialektar og dei offisielle målformene.

NRK har heilt sidan starten vore ein av dei viktigaste talespråklege

norm-setjarane i landet. Det er vi framleis, og det ønskjer vi å vera. Men det forpliktar: Når vi snakkar normert nynorsk eller bokmål, skal språket vere rett og godt. Og dei same krava gjeld når vi snakkar dialekt. Språket i NRK skal alltid vere tyde-leg, forståeleg og konsekvent.

NRK har vore med på å gje norske dialektar høgare status. Det er ikkje lenge sidan mange opplevde at dei

måtte leggje vekk dialekten sin om dei flytta til ein annan stad i landet eller skulle snakke i formelle saman-hengar. Slik er det framleis i mange andre land med dialektar.

I dag er toleransen for dialektbruk svært høg i Noreg, og vi veit at NRK har spela ei viktig rolle når det gjeld å gjere dialektbruk til noko positivt. Det er vi stolte av!»

Skarphedin-songen ”Tri poeng”

”Dialekta gjer at teksten blir meir ekte, ærleg og naken.

- Jon Solberg -

Page 7: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

12 13TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Bø-bandet Byting har gjort suksess og turnerer landet rundt med låtar som «Håndjønna på» og «Einaste færr meg».

Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Byting vart i haust klare med sitt tredje album, også denne gon-gen på klingande Bø-dialekt og med vokalist og låtskrivar Tho-mas Hellekås sine tekstar.

Bandet har turnert heile No-reg, og har ifølgje Hellekås vore i omtrent alle fylka i landet. Mottakinga blant publikum er god, og folk legg merke til tek

stane på Bø-mål. – Det at me syng på dialekt,

synest folk er svært. Dei skjønn-ar mesteparten, sjølv om eg av og til må forklare, seier Helle-kås.

Mange lurar mellom anna på kva ordet «Byting» eigentleg ty-der.

– Her i området tyder jo «by-

ting» gærning eller liknande. Det er ikkje eigentleg nega-tivt lada, du er ikkje stygg med andre om du seier det. Det er meir slik «Sjå på han bytingen/gærningen der, som køyrer på bakhjulet». Men andre stader i landet kan det verte bruka meir som skjellsord, i ei meir negativ tyding som ein ikkje ville sagt om andre, forklarer Hellekås.

Byting i endring Bandet Byting såg dagens lys i 2012, då Hellekås skreiv låta «Høvdingen» etter at kameraten hans, Jon Elling Buen Garnås, gjekk bort. Låta vart framført saman med mellom anna bror

til Jon Elling, Per Anders Buen Garnås på hardingfele, og slik vart bandet til.

I 2013 spela Thomas Helle-kås og «Teipen», Svein Eivind Mo Haugan, inn serien Norske rednecks. Dei laga tittellåta og deltok i sjølve serien, som gjekk på TV i 2015 og gjorde bandet verkeleg kjend rundt om i lan-det.

Det har vorte to album og ein EP, og Byting har allereie oppnådd to gullplater. Bandsa-mansetninga har endra seg litt oppigjennom, og no er Helle-kås einaste bøhering i bussen. Med seg har han ein gjeng med fire musikkstudentar som går på

Universitetet i Kristiansand. – Det er ein bra miks av folk

i bussen. Me har ein frå Vinstra, ein frå Drammen, ein frå As-ker og ein frå Svelgen. Dei an-dre pratar stort sett bokmål, og det er klart ein blir litt påverka av korleis andre pratar. Det går i båe retningar. Av og til kan det glippe, noko som irriterer meg veldig, spesielt viss det er i eit intervju eller liknande. Da har eg stadig bestefar i tankane. Han pratar breiare enn meg, og eg snappar opp nye ord frå tid til annan, fortel musikaren, som seier han ikkje er sein om å kap-past litt med andre bøheringar om å snakke breiast.

SIGNATUR: Å synge på dialekt er signaturen til vokalist Thomas Hellekås og bandet «Byting». Foto: Pressefoto

Byting sprer Bø-målet til heile Noreg

Visste du at... Visste du at...Definisjonen «norske dialektar» sy-ner til nokon, men ikkje alle, skan-dinaviske talemål som blir bruka i Noreg.

I hovudsak kan dei norske dialek-tane delast i to språklege hovudgrup-

per, austnorsk og vestnorsk. Desse hovudgruppene blir vidare oftast del-te inn i fire undergrupper: nordnorsk, trøndersk, vestlandsk og austlandsk. Av og til blir også innlandsmål rekna som ei femte gruppe. Dialektane er

stort sett innbyrdes forståelege, men har likevel vesentlege forskjellar seg imellom når det gjeld uttale, gramma-tikk, syntaks og ordforråd.

I tillegg til dei norske dialektane finn ein talemåter i Noreg som er so-

siolektar og standardspråk, og fremst blant desse er standard austnorsk som ikkje er en norsk dialekt i lingvistisk forstand.

Kjelde: Wikipedia

I Noreg blir det snakka kring 150 språk og dialektar.

Sosiolektar, dialektar og språk er viktige delar av identiteten vår, for korleis ein uttrykker seg og korleis ein forstår verda rundt seg. Måten å

snakke på gir verda og opplevingane våre meining og innhald.

– Kvart språk er unikt og utvikla og tilpassa samfunna og omgangs-krinsen som omgir personane som snakkar det, seier lingvist Signe Rix

Berthelin ved Institutt for språk og litteratur.

Det finst om lag 7000 språk og di-alektar i verda.

Ifølgje Cambridge Handbook of Endangered Languages kan mellom

halvparten og 90 prosent av språka og dialektane i dag forsvinne innan 2100.

Kjelde: Forskning.no

Foto: Bø blad

Thomas Hellekås har dikta songtekstar på bømål sidan han var liten. Her er ein av dei nyaste, frå den siste plata «Din stasjon», som kom ut i oktober i år.

Tidleg ein morgo’ eg vakna, gutEg såg i spigjelen at eg såg ikkje ut Eg ventar på at sola rennte’ hi sida a’ gryningenJentur dei kjem og gjengi mitt hjerteforma badebasseng Kjenner på den tyngste børDet har aller stoppa meg før

Og eg flyge’ mot ein vindDet e’ like før eg kastar meg inn Men takk færr at du spørDet har vore ein vinterdag før Denna sjela e’ langt i frå skjør

Følk dei sie te’ meg: Jau,om eg fortset slik eg vaknar dau’ «Det som rir deg e’ ikkje i travDet e’ full galopp te’ di mørke grav» Men eg har kompisar når det gjeld Dei støar meg te’ seint på kveld Flaska døyver med sitt grepog gøymer det eg har på slep

Og eg flyge’ mot ein vindOg det e’ like før eg kastar meg inn Så finn ei flaske te’Eg e’kje akkurat vanskeleg å be Hell i et glas og slå deg ned

Å! Du jordiske hylster; takk færr meg Eg som va’ uoverstigelegSegg te’ jentun: Ikkje skrikAt eg e’ dau’ e’ over mitt lik

Men eg flyge’ mot ein vindOg det e’ like før eg kastar meg inn Tek gitaren og gjengNå syng eg mitt siste refrengDitt gode selskap e’ elt eg treng

Tekst og melodi:Thomas Hellekås

Flyg mot ein vind

Å bruke Bø-dialekta i tekstane er ikkje nødvendigvis bevisst.

– Det er berre naturleg, ikkje noko meir hokus pokus enn det. Måten me pratar på er signaturen vår, seier Hellekås.

Dystre tekstar er enklast Tekstar har Hellekås skrive si-dan han var liten, og den fyrste songteksten han laga var etter at familiebikkja måtte avlivast.

– Det å skrive er ein måte å få utløp for kjenslene på. Det vanskelegaste er å skrive gode positive tekstar, å finne på noko nytt der. Det er lettare å skrive om dystre ting, seier Hellekås.

Tekstane er ofte sjølvopp-

levde og personlege. – Ein får med seg ulike si-

tuasjonar som ein skriv på i etterkant. Eg likar å ha ei dju-pare meining, sjølv om det kan framstå veldig enkelt. Likar å legge inn litt finter her og der.

Det nye albumet til Byting blir lansert i haust, med påføl-gjande turne i vinter og utover våren. Framover ønskjer ban-det å spele meir familiekonser-tar og rusfrie arrangement.

– Dobbelkonserten me had-de med Ni Liv i storsalen i Gullbring var veldig bra. Da kunne ein setje seg ned og ver-keleg høyre etter, både på tekst og melodi, seier Hellekås.

Page 8: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

14 15TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Bømålets ABC – ei kjapp teoretisk innføring

SpråkprøverEvy Beate Stykket

Når det er snakk om dialekter, fokuserer folk ofte på ord og uttrykk. ”I Bø seier me ikønn, dekkan og fivrel – det er typisk Bø-dialekta.” Det stemmer sjølv-sagt, men når språkvitarar skal snakke om dialekter, er det ofte meir systematiske forskjellar i lydar og bøyingsendingar dei ser etter. Eit døme kan vere at me i Bø brukar både -a og -e som endevokal i infinitiv, til dømes ”å vera” med -a, men ”å kaste” med -e. Kløyvd infinitiv kallar ein det. Og så har me tjukk l, slik som i ordet ”blå”. Om du seier ordet ”blå” på bøheringsdialekt, vil du kjenne at du krøllar tunga bakover og slår ho framover for å lage l-lyden. Det er ein ganske sjeldan lyd i verdssamanheng, men det er mange norske dia-lekter som har han. Noko som er meir spesielt, er at me har fått ut-tala ”gvit” for ”kvit”, det er ikkje så stort område i Noreg som har den uttala, men heilt aleine er me ikkje. Basert på ei lang rekke slike dialektmerke blir dialekta i Midt-Telemark plassert i den ka-tegorien som heiter austnorsk og midlandsk.

Språk og dialekter endrar seg heile tida, og alle dei tinga som er typiske for dialekta vår, har ei språkhistorisk forklaring. Ulike dialekter har tatt vare på

ulike ting i det gamle språket. Eit døme kan vere at me i Midt-Te-lemark seier ”hanom” i staden for han/ham som objektsform. På norrønt var hǫnum (o med hale er ein slags å-lyd) ei mogleg ob-jektsform, så her har me bevart ei form som går langt tilbake i tid.

På den andre sida seier bøhe-ringane ”me” og ikkje ”vi”, men her er det ”vi” som er den eldste forma. Det er altså ikkje nødven-digvis så enkelt som at ei dialekt er eldre eller yngre enn ei anna, men heller slik at ulike dialekter har tatt vare på ulike ting.

Ein artig ting i dialekta i Midt-Telemark er eit fenomen som heiter noko så eksotisk som ”sandhi”. Me er ikkje aleine om dette, men me brukar det på litt andre stader enn mange andre dialekter. Sandhi er ein type på-verknad mellom lydar, men der lydane høyrer til kvart sitt ord. Eit døme kan vere når me seier ”Hått e’re?”. Viss det hadde komme eit ord som starta på noko anna enn ”d” etter ”er”, så hadde ikkje r-en dukka opp. ”Hått e forklaringa?” ”Hått e eigentleg meininga?” Men når det kjem eit ord som startar på d- etter det verbet som me bare uttalar ”e” (er) på dialek-ta vår, så dukkar det brått opp ein r-lyd: ”E’ru med?”

Sjølv om det finst mange sli-

ke systematiske trekk i dialekta, er det som nemnt ordforrådet me ofte legg merke til. Å ta vare på lokale ord og uttrykk er viktig for å ta vare på identiteten vår. Men

ordforrådet vårt er også prega av alle endringane i lydsystemet og grammatikken, så desse tinga heng saman.

Når språkvitarane skriv om

måten dei snakkar i Midt-Te-lemark om 100 år, vil dei nok framleis vere på jakt etter lydar og bøyingsendingar.

1. Ola Sjåbærg, hånom e de mange he-mur etter. Hann va sikkert ein kLok kar, men han va orginal, å og te å sea de han mennte, jønne på ein morosam måte. Han budde på pLassen Sjåbærg, å hadde denn på levetia te seg å Marte. Så va`n på Bårrja å selde sæLar, han va sæLmakar Ola, så spurde Bårrjann: «På hå måte ha du Sjåbærg, e de pLass elle eigedom?» «Å, eg ha Sjåbærg eg akkurat på samre måten såmm du ha Bårrja. Eg har det på levetia. Å når me ikkje ha bruk for detta meir, så ha me eit sameige boLe på Bø-haugen, og dit ha me vell tenkt kånn ein gång både du og eg.»

2. Så va OLa på Askilt å selde sæLar. Gamle Augonn Askilt hadde to gaLar, å så va det så mange pLassar, Husmanns-pLassar, te Askilt. De skulle væra førrtu-ge stykker i ellt. KLeine pLassar å dårleg levemåte, så det va mykje fattigdom. Så hadde tia bynna å snudd, å gamLe Askilt førde ikkje så me. De bLei ikkje sLik spørsmåL etter pLassar lengre. Ung-domen strauk ut, somme te Amerika å andre fekk seg arbei boLe på anlegg og forskjellig. Så bLei mange a pLassæ-nn ståans tome. Så sa´n te Sjåbærg:«Eg skjønar ikkje håss du e laga nå, eg ha sett husa i go stann på pLassænne, men det e så mange a pLassæne mine som bLir stå-ans tome.» «Å ja, du greier nåkk å sette opp fellur, de e verre å få nokkonn te å gå i domm nå», sa Sjåbærg.

3. Så var’e ein skatteakksjon, eg trur de va nee på Tjyrubærja heller de var på

Kultann, de liggè straks nedafe. Domm va skulli skatt såmm ikkje bLei betaLa. Så bLei de panta i nokko sauir. Panten bLei ikkje betaLa, så bLei det de lyst te skatteakksjon. Lensmannen kåmm der te fastsett ti omm fyrremeddagen, å da’n kåmm der så va de ingen heime, å stugo va lest. Han jekk der å rusLa. De va ikkje såmm ein frivilleg akksjon. De møtte al-ler føLk opp på dessa tvangsakksjonænn. Herredskasserarn måtte møte, lensman-nen ropa opp, å herredskasserarn sLo te seg panten. Så skatten va dekt.

Nå hadde ikkje herredskasserarn kåm-me, å lensmannen jekk å rusLa på tone. Han va boLe i fjose å såg omm’n såg sauinn. Nei, der va ikkje nokke saiur. Så rusLa’n likegått opp te OLa Sjåbærg, såmm liggè straks åvafe. De va kosjlegar å få ein og prat me OLa. Åsså kåmm’n te å spørja: «Veit du hårr føLke i Tjyrubærje e i dag? «Nei», sa OLa, de hadd’n ikkje greie på. «Veit du hårr domm ha sauinne sine da?», sa lensmannen . «Ja, det veit eg. Vi du, ska eg jønne vise deg sauinn, eg», sa OLa. De ville lensmannen. Så rus-La desse to karænn neåver. OLa fyrre å lensmannen etter inn på låven, å der hekk skinne a sauinn på ei råte etter låven. «Sjå her, lensmann, her ha du sauinne, men kjøtte de ha domm ete otorr. Men domm ha så lite kjøtt på beina før hær i Tjy-rubærja. Sku de finnas att ein sauebog el-ler ett kjøttstykke som ikkje ha fôre tvært ijønnom domm ennå, så vi eg rå deg te att domm fær ha de i fre, eg». Å sLik bLei de. Så herredskasserarn måtte nåkk sette ein strek åver de skattekrave.

Dæ va ein gång ein prest som va så gjer-rug, at dæ va grove ting. Så egde’n ein gaL uttafe byen, å så va dæ ein gång han sende tenestegutten sin dærut, fær’n sku hjøLpe folkja dær te bynja mæ onna. Da domm vill opp om morgoen, så sa gutten: «Å, nei», sa’n «la kånn ligge. Me har kje nokko oppe å gjæra!» «Å huttetu gutt», sa dei andre, neigu om me toL, så gjer-rug som presten æ». «Å skitt», sa gutten, «dæ ska eg greie. Eg ska fri dekkan». Å så fekk ‘n domm te ligge te dugul å te meddag å æll dagen ijønnom.

Så om kvel’n strauk gutten te byen att. Så hadd’n ein ny pengpong, å så fant’n seg eit gvefsebøLe, og dæmmæ stap-pa’n pongen full a gvefs. Så kåmm’n te presten: «Ja, nå har me jort ein dugeleg slått», sa’n, «me har meste jort arbeid fær to dagar». «Dæ va bra», sa presten. «Men da eg jekk åver brua fant eg ein ny peng-pong full av søllpengar», sa’n. «Dæ va min», sa presten. Ja, gutten lura på detta, men så sa’n: «Ja, men æ dæ ikkje prest-ens mæ rett og rettighet, så Gu je, at vær den sjilling i pongen æ, må bLi te gefs, vært dæ strå me har slije i dag, må reise seg att i morgo». Å dæmmæ la’n pongen på boLe å strauk ut. Presten tok pongen, men ikkje førr hadde’n fått åpna’n så sur-ra gvefsen ronnt ikring’n. «Dæ va fælt te kar», tenkte presten å tok te lure på detta.

Hin morgoen toL’n ikkje vekkje gutten, men sende ei tenestegjente av gaLe fær å sjå om sjlåtten hadde resst seg att. Å så kåmm jenta så tidleg ut te gaLn, at dæ va

mæ dæ samma soLa spratt, å dæmme tok den tykke engja på å reise seg etter dog-ga. Gjenta fLaug attende. «Då eg kåmm like attafe lugo, bynja sjlåtten å reise seg, å nå stenn engja, såmm dæ aller hadde vore bruka ljå på’o» sa ho.

KUNNSKAP: Det finst ikkje allverdas litteratur om bømålet, men om ein er interessert og vil utvide kunnskapen, kan desse kjeldene vere gode alternativ. Foto: Privat

Som mållagsmedlem er du med på å sikre nynorsken som levande bruksspråk, og vi arbeider for at bømålet skal leve vidare.

Send NYNORSK i ei tekstmelding til 2490,og du blir medlem ut 2020 for berre 200 kroner.

Bli medlem i Bø mållag

Å vekse opp med farangen NoLavinn og soLa (1985)

1. Dialektene i Midt-Telemark høyrer til aust-norske og midlandske dialekter fordi me har · Jamvekt · Tjukk l · Lågtone · Bevart tre ulike vokalar i fleirtalsending (jentur, bygdir, hestær) · Pronomen som eg, me, dekkan, kånn osb…

2. Midlandsmåla som bødialekta høyrer til, låg til grunn for ei eiga rettskriving som blei kalla for ”midlandsnormalen”. Den blei utforma av Rasmus Flo og Arne Garborg i 1898. I 1901 var det kamp om det var denne eller ei anna rettskriving som skulle bli den offisielle landmåls-/nynorsknorma-len. Midlandsnormalen tapte den kampen, men den blei likevel tillat som sideform i skulen.

3. Sandhi er vanleg på den måten at det ofte er på-verknad mellom lydar i ord som kjem etter kvaran-dre. Når du snakkar fort, kan det til dømes fort vekk vere at du seier ”kam bli” i staden for ”kan bli”. Det er fordi b-en påverkar n til å bli m. Men når det sys-tematisk dukkar opp ein «r» etter ein «e» i mange setningar her i Midt-Telemark, da er det ikkje len-ger tilfeldig påverknad, men eit dialekttrekk.

Då eg flytta til Bø som fersk små-barnsmor, blei eg kjent med både Fan-torangen, det oransje snabeldyret på Barne-TV, og udyret farangen. Ordet farangen for omgangssjuka var nytt for meg, men eg lærte fort.

Ein dag ringte dei frå barnehagen. Ungen hadde spydd. Me var så vidt komne innanfor døra heime, og gutun-

gen sprang til badet. Han rakk nesten målet. Nesten. På badegolvet stod han oppi gørra og spurte:

– Mamma, kva heiter det våte, ekle? At ungar er interesserte i å lære språk

og ikkje har dei same fordommane som vaksne, visste eg, men også i den stunda?

– Oppkast, spy, svara eg med saman-bitne tenner for å prøve å halde lukta ute.

– To ting! Ungen er begeistra. – To ting, og eg kan seia jeg og eg!

Både òg, det går an. Farangen og språkleg mangfald er ein del av røyndom-men til ungar som veks opp i Midt-Tele-mark. Mykje er i endring språkleg i dag, men ungar som veks opp her – går i bar-nehage og på skule, snakkar med folk dei møter på butikken, les om eit arrangement

dei har vore med på i Bø blad – dei mø-ter ulike dialektar, bokmål og nynorsk, og også andre språk. Faktisk er dette mang-faldet eit tverrpolitisk mål og den språk-politikken som gjeld i dag. Språkmangfal-det i Midt-Telemark er ei spesiell erfaring for dei som veks opp her og kan gi fordel-ar. Det er noko å vera stolt av!

Margit Ims

NoLavinn og soLa krangla omm håk-ken a rom som va dn stærkaste.

Da kåmm de æin mann gåans me æn varm frakk på segg. Dom blei enie omm at denn såmm fysst konne få

mann te å ta a se frakken sku jelle fær den stærkaste a rom.

Så bLes noLavinn a all si makt. Menn te mæir an bLes, te tettare drog mann frakken ronnt seg. Å te sist ga

noLavinn opp. Da sjæin sola framm så gått å varnt.

Å mann drog me æin gong a se frakken. Så måtte noLavinn meje at soLa va dn stærkaste a rom.

NoLavinn og soLa (1985) «Opptak og transkripsjoner av norske dialekter», Institutt for språk og kommunikasjonsstu-dier, NTNU, Trondheim,

Tri hermur etter Ola Sjåberg Fortald av Olav E. Skogen – årstal ukjent

”Den gjeruge presten”

Frå Leiv Heggstad: «Eventyr og segner på målføre» (1950)

Nokre kjenneteikn på bømålet

Illustrasjon

Page 9: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

16 17TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 20192 3

BØSPELET

Illustrasjon: Ann Cathrin Haugland AndersenGra�sk arbeid: Dag Einar Hvitsand

Bø stasjon

Almankås

Rond-kjøringa

Sommar-land

Høllæn

Svart-tjønn

Høgt& lågt

Oterholt-fossen

Gamle-kyrkja

Bøtorg

Evju-dalen

TMF

Henge-brua

Gygre-stolen

Ralle-banen

OttarKåsa

Almankås - du har ete deg stinn på burger frå Stasjonsbua og må rett til Almankås for

å få sydd ut stakken - stå over 1 kast

for god bok i parkbiblio-teket i Evjudalen og les

deg vekk. Få 2 eller 3 på terningen for å gå vidare.

Bø Sommarland - du testar Magasuget og får så fart at du susar 10 plassar fram

Høgt og Lågt - du blir sonlug i klatreløypa ”Elgfaret” og må ta deg ein gvil. Stå over 1 kast

Oterholtfossen - du blir bergtatt av den

meir for å komme vidareBø gamle kyrkje - du vil lære meir om middel-alderkyrkjene og legg vegen om Bøhaugen.

Her studerer du runeinnskripsjonane i muren, og du freister å løyse gåta. Stå over 1 kast.

Telemarkfestivalen - du er på konsert og synest det er meir enn ”heilt grett”. Slåttespelet vil du lære meir om og

dreg tvert til felemakarverkstaden til Ottar Kåsa i Øvrebø.

Rallebanen - du får stor fart i siste sving på crossba-

nen og fyk direkte i mål.

Bø torg - Det er sykkel-mekkedag på Bø torg. Du får endeleg smurt

sykkelkjedet og og susar direkte til mål - Universi-

tetet i Søraust Noreg - USN

Gygrestolen -Du trur ikkje på segna du har høyrt, men likevel møter du Gygra.

Ho meiner å lukte kristenblod og hiv deg tilbake til Rondkjøringa.

Hengebrua - du har fått deg ein dukkert ved Hengebrua, men kjem ikkje over på grunn

av stengt veg. Du må vente på reparasjon - stå over 2 kast.

Rondkjøringa - du blir plukka opp av ein bron Laurel og kjørt til Bø Sommarland

MÅLUSN

START

2

3

5

7

8

9

10

11

12

1314

16

17

18

19

2021

2223

24

2527

28

29 30

31

32

33

35

363738

3940

4143

45

46

47

48

49

50

51

52

53

54

55

56

57

5960

61

62

6364

6566

676869

7172

7374

7576

7778

79

81

8284

85868788

89

91

92

93

94

95

96

97

98

99

100

101103

104

105106

107

108109

110

111

112

113

115

116

117

118

120 121 123 124125

SPELEREGLARFinn nokre eigna spelebrikker og ein terning, så er du i gang.Spelet fungerer litt som eit ”stigespel” der ein følgjer løypa frå ”start” til ”mål”.På vegen mot mål kjem ein kanskje innom dei rosa felta, som inneber at ein må flytte litt ekstra fram eller tilbake.Målet med spelet er å komme først i mål.

Lykke til!

Page 10: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

18 19TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

– Bøhering eller engelskJenta med det rosa håret og den rosa bilen har dempa fargane litt dei sis-te åra. Men bare litt. Åse Brekke Roe (25) er nå billakkerar på heiltid, og drøymer om rosa bil nummer to.

Ingebjørg Bø

– Eg er fortsatt veldig glad i rosa. Det er favorittfargen min. Eg brukar mykje rosa – både i

vanlege klede og arbeidsklede. Eg må nok ha meg ein rosa bil att. Ein blir aldri for gamal for

det, ler 25-åringen. Vel fem år har gått sidan billakkeraren vart noregsmeister i billakkering for nyutdanna under 23 år, med på-følgjande VM-deltaking og ei rekkje merittar innafor faget. Nå er Åse Brekke Roe i full gang med å få sitt eige billakkerings-selskap på beina. Og det skjer sjølvsagt i heimbygda.

– Eg likar dette pirkearbeidet. Til vanleg er eg veldig utolmo-dig, men med billakkering er det annleis. Eg likar å jobbe på fram

til det blir skikkeleg bra, erkjen-ner 25-åringen på eit rungande bøheringsmål. Det har ho tenkt å fortsette med.

Snakkar breiare enn før– Eg snakkar nok enda breiare nå enn eg gjorde før. Eg har blitt meir bevisst på å snakke enda meir bøhering i det seinare. Eg gjekk eit år på vidaregåande i Skien, og da blei det litt mindre dialektpreg i målet mitt. Ein vil jo gjere seg forstått, og folk gjer

seg litt dumme og liksom ikkje skjønar, seier Åse som seier ho føler seg falsk og rar når ho må «normalisere» språkbruken sin.

– Nå er eg blitt litt meir tras-sig. Viss dei ikkje skjønar bø-hering, så slår eg heller om til engelsk. Det er meir naturleg for meg enn å snakke bokmål, slår billakkeraren fast og meiner alle har litt ansvar for å bruke dialekt og gjere han kjent og synleg.

– Alle skjønar jo veldig godt bergens- og trønderdialektane.

VIKTIG: Køyrekomforten er ikkje så viktig for den bilinteresserte Åse Brekke Roe (25) i Bø. Når det gjeld dialekt er det annleis.

Foto: Ingebjørg Bø

PIRK: Åse Brekke Roe likar pirkearbeidet som billakkerar-jobben inneber. Foto: Privat

ROSA: Åse Brekke Roe har gjort stor suksess som billak-kerar i tevlingar over heile verda. Ho var lenge godt synleg med rosa hår og rosa bil. Foto: Privat

Det er jo fordi dei er bruka så mykje i radio og fjernsyn, påpeikar Åse, som særleg dei siste åra stadig har kjent på kva bøheringsmålet betyr for henne.

Identitet og særpreg– Det er særpreget mitt. Eg synest dia-lekten er fin og det er ein viktig del av meg som eg vil ta med meg vidare.

– Samstundes som eg opplever at di-alekten i området blir meir utvatna, er mange unge også veldig bevisste på å bruke, vidareføre og ta vare på. Eg opp-lever spesielt at her i bygda står motor-

sport og bilinteresse sterkt saman med dialekt. I bilmiljøet mitt brukar alle di-alekt, erkjenner Åse og synest det er litt stas.

– Drømmebilen?– Eg har fleire. Både realistiske og ure-

alistiske. Ein Mercedes Gelenderwagen er vel av dei meir realistiske. Eg elskar den utsjånaden, og spesielt er han tøff i rosa. Bilen har køyrekomfort som ein traktor, men køyrekomforten har ikkje noko før-steprioritet for meg, ler 25-åringen.

– Da er det annleis med dialekt – der er komforten det viktigaste, slår ho fast.

N O M I N E R T T I L B O K H A N D L A R P R I S E N 2 0 1 9

D E I S J U D Ø R E N E E R E I N U R O V E K K A N D E R O M A N O M M Ø R K E L Ø Y N D O M M A R O G F A R L E G N Y S G J E R R I G H E I T

«Denne romanen har alt! [...]humor, intelligens og spaning»Gerd Elin Sandve, Dagsavisen

Bergens TidendeBok365FædrelandsvennenAdresseavisen

Den smartastegåva er densom kjemheile året!

Bestill her: framtidajunior.no/juletilbod

Verdasførstenynorskeavis forbarn

Wikipedia seier om bøhering at bøhering eller bømål er den tradisjonelle dialekten i Bø i Telemark.

Bøhering er ei av dei norske dialektane som har bevart flest trekk frå gammalnorsk, om enn ikkje i like stor grad som dialektane i dei øvste delane av Øvre Telemark, og ligg nær opp til den mest konser-vative forma for nynorsk (i-målet); Johan A. Schulze skriv at «målføret i Bø er god nynorsk, og det har

røter langt attende i tidi, heilt til gamalnorsken. Bø-heringene har teki godt vare på denne arven».

Det er skrive ein god del både på og om bømålet. Bøhering blei tradisjonelt stort sett snakka av alle sosiale lag blant innfødte i Bø, eit herad der så godt som heile befolkninga høyrte til bondestanden og der bondestanden omfatta både småbrukarar, mel-lomstore bønder og eit ganske betydeleg antal

storbønder. Utover på 1900-talet, særleg frå andre halvdel av århundret, har bøhering etter kvart blitt ei utrydningstruga dialekt, ettersom standard austnorsk brer om seg i Bø og andre delar av Midt-Telemark og Øvre Telemark, særleg blant yngre.

Bøhering kan ein også kalle ein person frå Bø.

Eg kjenner ein som bytte frå nynorsk til bokmål da han begynte på vidare-gåande. I dag er han einsam, ugift, arbeidslaus, alkoholisert og ute av stand til å gjere greie for seg. Dess-utan ser han ikkje ut. Luktar gjer han også. Alle eg kjenner som heldt på nynorsken sin då dei begynte på

vidaregåande, har i dag interessante og godt betalte jobbar, mange gode vennar og ekstremt stimulerande kjærleiksliv. Dessutan ser dei veldig bra ut, alle som ein. Fine tenner har dei også. Eg bare nemner det.

Are Kalvø, forfattar og humorist

Fakta om bømålet Språkbyte

Page 11: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

20 21TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Margit Ims

Svanhild Amdal Telnes voks opp i Seljord og er til-bake på heimlege trakter etter å ha deltatt på littera-turfestival i Vinje og snakka om «Litteratur i livskri-ser». Korleis litteratur kan verke lindrande er noko ho er opptatt av både som lesar og som fagperson. Svanhild Amdal Telnes har fått tittelen forfattar et-ter at ho gav ut diktboka «Om nettene brukar mor dråpeteljar» i 2018, men held òg på å fullføre psy-kologistudier i Trondheim. Ho blei lagt merke til då debutboka kom; ein meldar sette ord på at ho rett og slett skriv så godt at det er til å bli misunneleg av! For boka blei seljordskvinna nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris 24 år gamal. Men sjølv om det var fyrste bokutgiving, var det ikkje nytt for Svan-hild å dikte.

– Eg har likt å skrive og har delt av det eg har skrive frå eg var lita. Eg likar å få respons på det eg har skrive og har brukt Internett før til å dele. Det er fint at det eg skriv kommuniserer med nokon. Men det er noko nytt for meg no at det er mange eg ikkje kjenner som har lese det eg har skrive. Det er rart, men òg gøy, seier ho og fortel at det er ikkje alltid er like sjølvsagt å skrive nynorsk.

Avbrekk i ungdomsåra– Ja. Og nei. Eg hadde eit avbrekk i tidleg ungdom då eg ville snakke og skrive bokmål, men familien min er glad i nynorsk og henta meg inn med nokre dytt, mellom anna med klistremerke med påskrifta «Slepp nynorsken til» på ein lysbrytar, fortel Svan-

– Nynorsk er fint i dikt, bokmål er best på Tinder

FORFATTAR: Seljordkvinna Svanhild Amdal Telnes (25) fekk tittel som forfattar 24 år gamal, og bol-trar seg i språkleg rikdom. Foto: Promo

TELEMARKFEST IVALEN .NO

6 . -9 . august 2020HELD AV DATOEN

Nervetrådane vårevev seg inn i kvarandre.Me flettar ei korgog kallar ho framtid.

Du seier du høyrer raslinga i lauvet.At treet nok ikkje har døydd,og eg trur på deg.

Eg ser soli på skulen,på film,og les om ho i bøkene.

For meger kjærleik strålen som streifar panna mi

Fire dikt henta frå samlinga: «Om nettene brukar mor dråpeteljar» 2018

Svanhild Amdal Telnes er fødd i 1994 og voks opp i Seljord. Ho har studert ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og går no på profe-sjonsstudiet i psykologi ved NTNU i Trondheim. Om nettene brukar mor dråpeteljar er hennar første bok.

Om nettene brukar mor dråpeteljar er ei samling dikt om å leve med traume, om snudde omsorgsroller, om svik og sinne, sakn og sorg. Men òg om styrke trass alt, om støtte, om å erfare at sjølv om korger brest, er det verdt å flette nye, å leite etter ei som held ei framtid. Nominert til Tarjei Vesaas’ debutantpris 2018

hild. – Så eg fann meg sjølv igjen i sel-

jordsdialekt og nynorsk. I dag skriv eg for det meste nynorsk, men skriv òg på dialekt og bokmål. SMS, chat og meir uformell e-post er på dialekt, men når eg er meir formell, skriv eg nynorsk. Og det hender faktisk at eg diktar på bok-mål òg.

– Det er gjerne kva eg skriv som av-gjer. Og eg merkar at eg er prega av for-dommar til nynorsk, om at nynorsken ikkje alltid passar inn og er «kul nok». Eg burde kanskje motverke det, men merkar at det slår inn, så når eg skreiv om nettsjekking på Tinder blei det bok-mål. Samstundes er det ein avstand i å skrive bokmål for meg som nokon gon-ger gjer at eg kan senke terskelen for å bry meg om språket og slik sett vere litt meir fri. Men når eg skriv dikt vinn ny-norsken. Det har med klangar å gjere, det blir meir poetisk og høgverdig.

Rikt språkrepertoar– Det må vel vere bra som forfattar å ha eit slikt repertoar?

– Ja, det er bra å kunne byte om. Ny-norsk er språket eg identifiserer meg med, men eg har fått lære begge, bok-

mål kjem inn overalt, så då har eg meir å gå på og kan veksle ettersom det passar.

– Møter du reaksjonar på språket? – Det har jo kome etter at eg har flyt-

ta, språket blir lagt merke til når det skil seg ut. Men det er for det meste positivt, og eg får mest kommentarar på dialekta mi. Som forfattar kan det å skrive på eit mindre språk ha ein dobbel effekt. For nokon er det jo ein avstand, samstundes er det ein måte ein blir lagt merke til på òg. Og det vil ein jo som forfattar. Men på studiet mitt er det nokon gonger uheldig å vere i mindretal, det blir ikkje alltid like anonyme innleveringar når vi er tre av seksti som skriv nynorsk.

Og fleire oppgåver ventar. Etter det-te opphaldet i heimfylket skal Svanhild tilbake til Trondheim og fullføre ei mas-teroppgåve om syriske ungdommar i flyktningeleir og kva som pregar deira liv og helse.

– Oppgåveskrivinga tar mykje tid no, og det blir mindre ro til anna skriving, seier Svanhild.

Men ho avslører at nokre dikt og no-veller blir til ved sidan av studia. Kan-skje nokre av dei vil bli bok nummer to?

Margit Ims

Tidleg i 2020 sender NRK ungdoms-serien Rådebank med handling frå Bø. Linn-Jeanette Kyed er manusforfattar og seier ho er glad for å ha fått med seg ein produksjon til Telemark. Det kostar meir å flytte produksjonen frå dei mest sentrale stroka, men Kyed meiner det er verdt det for å vise fram bygda og miljø som er underrepresen-terte på film og TV.

Spesielt og universelt– Rånekultur og bilmiljø er i fokus i serien. Det er noko ungdom på bygda kan relatere seg til, men for andre er dette kanskje ein meir eksotisk subkul-tur. Likevel er det noko universelt ved serien som vil treffe breiare. Rådebank følgjer Glenn Tore og hans kvardag i rånarmiljøet, men òg Glenn Tores kamp i eit livsdrama om å få drau-medama tilbake. Kanskje vil ein takle sånne utfordringar noko annleis i eit bestemt miljø, men i utgangspunktet er slike erfaringar felles, meiner Kyed, som har brukt av eigne erfaringar frå

rånekultur i ungdomstida på Ulefoss.

Nytt språk– I staden for dialekt har serien brukt viktige markørord frå miljøet for å få fram identiteten og kulturen. Det har nærmast blitt eit eige språk som eit møte mellom bygd og by, det spesiel-le og det universelle – litt som serien, seier Kyed.

Ho meiner språk er veldig viktig for å vise gruppetilhøyrsle og define-rer kven som er innanfor og utanfor, slik som også klede og haldningar kan gjere.

I arbeid med serien og i møte med rånekulturen i Bø, har ho tileigna seg eit nytt ordforråd som har blitt ei råne-ordbok. I den ordsamlinga finn me ord som moped (kjedeleg person), å vere stiv (å vere full), gårånar (ein som er i miljøet, men som ikkje har lappen), smårips (jenter som er for unge til å vere ute etter kl. 22), modell (bygdeo-riginal), stam (dust).

Rånekultur i fjernsynet

INNSPELING: Bilete frå innspeling av serien ”Rådebank”. Pressefoto

Litt om forfattarenNervetrådane vårevev seg inn i kvarandre.Me flettar ei korgog kallar ho framtid.

Du seier du høyrerraslinga i lauvet.At treet nok ikkje har døydd,og eg trur på deg.

Framtida er som ei fruktkorg på basar,der trekninga bare varer og varer.Åh, herregud, så mange lodd det er, seier du.

Nokre vinn korger medcellofan og raudt band,med karriere og konfekt,med to friske barn og sveitservilla.

Men du og eg vinn denmed eittroms og linoleumsgolv. Den eine korgasom ser litt tommare ut enn resten, og somikkje er dekt av eit glinsande cellofanskal. Menkorga har solid botn, ho ser ut til å halde.

Page 12: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

22 23TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Karane i Bø-bandet Ugras er samstemde: – Me kunne ikkje brukt bokmål, då hadde ingen av tekstane våre rima.

Else Børte

Ugras, som består av Torstein Askildt, Stian Dalen, Jon Solberg, Jørgen Tell-nes, Knut Eirik Hult, Audun Rørmark og Jon Solberg, lagar tekstar på nynorsk og bømål. Bandet er kjent for å skape stor stemning når dei opptrer. Dei trur ikkje bandet hadde hatt suksess i Bø om dei ikkje laga tekstane på bømål.

– Folk trur på tekstane våre fordi me brukar dialekta, seier Stian.

Bømål – eit naturleg val Ugras er eit band, som med ei utvida

bluegrassinstrumentering, lagar og fram-fører låtar inspirert av mellom anna tra-disjonell amerikansk folkemusikk, co-untry og americana, samt norsk og irsk folkemusikk og bluegrass. Musikken er fortrinnsvis frisk, livleg og humørfylt, men ikkje utan innslag av sørgmodig-heit og melankoli. Ugras gjer låtane sine ekte, ærlege og jordnære. «Heim til Bø», «Anne Fagerli», «Lortebekk», «Ugras» og «Hikkefull mann» er dei mest spela låtene deira på straumetenesta Spotify.

– Det er eit naturleg val at me skriv på bømål. Eg brukar det stadig vekk når eg

pratar, ler Torstein. Han fortel at det skal noko til før han

pratar bokmål, sjølv om han helst skriv på bokmål og ikkje nynorsk.

– Eg kjem heilt oppate inst inni Ei-kabygda, så eg blei seint introdusert for bokmål, flirar Stian.

Han har fått eit meir bevisst forhold til dialekta gjennom skriving av tekstar. Då får han moglegheita til å lage metafor-ar knytta til Bø. Handlingane i låtene er lokalt forankra, men i nøytral tid. Det er Stian og Jon som skriv tekstane. Torstein syng dei så nær dialekta si som mogleg.

Ønsker seg bømål til jul – Kva er alternativet til å skrive og synge på bømål, undrast Jørgen.

Likevel er det to i bandet som ikkje pratar bømål til vanleg, nemleg Jørgen og

Knut Eirik. – Om eg skulle ønske meg noko til jul,

så er det å kunne prate ordentleg bømål, seier Knut Eirik heilt seriøst på frolandsdi-alekt, og legg til at dialekt skapar rein nær-leik og intimitet til tekstane.

Jørgen pratar mest bokmål. Han har alltid snakka det heime, men han snakkar bømål med andre bøheringar.

– Eg er nok tospråkleg, men skulle ønske eg brukte dialekt heile tida, seier Jørgen.

Pratar dialekt, men skriv bokmål – Er nynorsk i skulen viktig for å halde på dialekta?

Knut Eirik meiner me må ha kunn-skapen, men at sidemål ikkje har så my-kje å seie. Torstein synest han pratar bra dialekt sjølv om han skriv bokmål.

– I ung alder har du lyst til å passe inn

BETRE RIM: Bøbandet Ugras brukar bømål i låtane sine, og musikarane meiner dei får til betre rim når dei nyttar dialekta si. F.v. Jon Solberg, Jørgen Tell-nes, Audun Rørmark, Torstein Askildt, Stian Dalen og Knut Eirik Hult.

Foto: Promo

og legg kanskje dialekta på hylla, men så blir du eldre og tek ho opp att, seier Stian.

Han fortel at han brukar di-

alekt når han kommuniserer på meldingar og skriv tekstar, men at han brukar bokmål når han skal skrive formelt.

BRUKAR DIALEKT: Torstein Askildt, Knut Eirik Hult og Jørgen Tellnes undrar seg over «håffer» Stian Dalen er den einaste i bandet som ikkje brukar «brillur». Foto: Else Børte

PÅ BØMÅL: Rune Soterud prøvar å møte kundane sine med bømål. Det får han gode tilba-kemeldingar på. Foto: Else Børte

«Mårgokaffi» slår an på butikken På Spar i Bø tilbyr Rune Soterud og resten av dei tilsette ein god start på dagen med kaffi og bømål.

Else Børte

«Mårgokaffin fær eg på Spar Bø» har slått an hos kundane til kjøp-mann Rune Soterud. Tilbodet med gratis kopp og gratis kaffi har vore så populært at nå er alle ter-mokoppane med mantraet til Spar Bø rivne vekk. Nå skal nye koppar snart kome på plass, så fleire kan nytte seg av tilbodet.

– Me har fått tilbakemelding på at folk synest det er koseleg, sei-er butikksjef ved Spar Bø, Georg Waldenstrøm.

Kaffi med bømål attåt Soterud fortel at kaffitilbodet har ført til at fleire kjem innom butik-ken om morgonen. Han brukar dia-lekt på fleire av plakatane dei sjølve skriv i butikken. Dei plakatane som kjem frå sentralt hald er på bokmål. Han veg også opp for dette ved å ha eigenproduserte annonsar på bømål i Bø blad. Det heile starta då firmabilen blei foliert for tre år sidan. Der står det «Elltid tilbod på noko godt».

– Det er altfor mange som vat-

nar ut dialekta. Me får gode tilba-kemeldingar på at me brukar ho, seier Soterud.

Den harde kjerna av dialektbru-karane finn ein blant dei tilsette ute i butikken. Der blir ein møtt med smil og gode samtalar på bømål.

Utfordring Ved lunsjtider er det flust av ung-domsskuleelevar innom butikken.

– Me vil gjerne prøve å gjera ungdomsskuleelevane dialektbe-visste også, seier Soterud.

På Facebook-sida har det også til tider vore god bruk av dialekt. Nå er det Waldenstrøm som styrer det som blir lagt ut på sida og då fører han seg på bokmål.

– Eg skulle gjerne hatt bømål på Facebook-sida, men det byr på ut-fordringar for ein lundehering. Det er lett å trø feil, ler han.

BRUKAR DIALEKT: Eilei Moen pratar på dialekt også når ho er på jobb. Her ekspederer ho Thord Kleppen (t.v.) og Mattis Kolstad Nordskog.

Får betre rim på dialekt

Page 13: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

24 25TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

Felix Moen, Ulefoss: – Påsan (tiltale, 3. per-son eintal)

Andres Skarprud, Bø: – Hått (kva)

Frank Erik Johansen, Sauherad: – Byting (slubbert)

Kjærsti Skjeldal, Bø: – Hugheil (trygt på plass i deg sjølv)

Jannic og Celine Roe Kåsin, Hørte: – Dekkan (de/dykk)

– Meir rett frå levra å synge på dialekt Cecilie Ajer Verpe er akkurat blitt tret-ti år, men kjenner seg ikkje heilt klar for å kalle seg vaksen. Ho er frå Bø og lagar songar på dialekt fordi ho er stolt av å vera bøhering, og synest det er moro å bruke dialekt som verktøy.

Margit Ims

– For meg er det sjølvsagt å syn-ge på dialekt, fordi det er meg. Og eg er stolt av kvar eg kjem frå. Tekstane er også fulle av kjensler og er personlege, då er det meir rett frå levra og ekte å synge på dialekt. Det blir knø-lete for meg å synge på bokmål, seier Cecilie Ajer Verpe.

Har prøvd bokmål – Ja, eg har prøvd å synge på bokmål og eg har òg sunge litt på engelsk, og då må ein gå litt

omvegar og finne andre ord. Det blir meir direkte når eg skriv på dialekt, då får eg sagt meir akku-rat sånn eg kjenner det.

Tekstane kom fyrst– For meg var det tekstane fyrst. Eg har skrive dikt, og så blei det songar etter kvart, fordi eg blei kontakta av eit band. Eg har vore heldig, og vegen har blitt til un-dervegs. For meg er det teksta-ne som er det viktigaste, og det er framleis arbeidet med å lage

musikken eg likar best, tekstar-beid og å spele inn i studio. Eg er meir utafor komfortsona mi når eg står på ei scene.

– Eg er opptatt av gode tekstar og legg merke til dei som syng på dialekt, det blir meir personleg, synest eg. Men å synge på dialekt kan også vere til hinder.

Kult og nært– Det kan jo vere ei ulempe å synge på norsk om du vil satse på å nå utover. Bøhering er jo ikkje eit verdsspråk. Ein kan nå vidare med engelsk, men det har aldri vore eit mål for meg. Så det kjem vel an på kven du vil synge til.

– Eg får utelukkande positive tilbakemeldingar på musikken og tekstane mine. Mange synest dialekt er kult og nært. Og man-ge seier dei kjenner seg att. Og det er jo det eg vil, at andre kan

relatere til det eg kjenner på. For meg er det å skrive litt terapi, ei utløpsform for historier frå livet, og kanskje kan andre òg finne in-spirasjon og trøyst i songane, seier Cecilie, som hentar inspirasjon frå fleire hald.

Smerte gir resultat– Eg likar godt å vere ute, og songar kan gjerne bli til på tur i skogen eller på fjellet, det dukkar opp noko, og så kan det bli ei låt i hovudet. Eg set meg ikkje ned for å skrive, så tekstar blir til i periodar. Og eg skriv nok aller best når eg har det litt vondt. Men det kan òg vere at eg ser tilbake og ryddar litt i tankar, det er ikkje alltid ein ser heilt klart når ein står oppi ting.

Sjølv om Cecilie får positive tilbakemeldingar på å bruke bø-dialekt, har ho lagt merke til at yngre har bytt ut bøhering med

bokmål og snakkar engasjert om denne utviklinga.

– Eg synest det er trist når di-alekt forsvinn. Mykje kultur og historie går tapt når dialektar forsvinn. Eg synest det er ein lei trend i samfunnet, at alt går i same lei og at vi skal bli så like. Eg vil med heile meg at det ikkje skal vere sånn. Ein må vere seg sjølv. Og kor du er frå er ein del av det. Det er positivt å vere frå bygda, ikkje noko ein bør vere flau over, seier ho.

Ei strofe frå songen «Eg veit» seier noko om det same:

Elle kan kje vera like, ikkje elle e som de,

det bør jo vera bra nok og bare vera se,

utan å måtte prøve å passe inn i no måleri,

me har´kje elle starta likt på livets lange sti.

BEST PÅ DIALEKT: For Cecilie Ajer Verpe (30) er tekstane det viktigaste, og dei blir best på dialekt, hevdar ho. Foto: Steinar Dahl

Noe for alle Nokko færr elle

Direktøren svararKva skal til for å oppretthalde og styrke dialektmangfaldet i Noreg?– For dei aller fleste som bur i Noreg er dialekt ein viktig del av identiteten vår, og det er ein viktig demokratisk verdi i at alle kan bruka dialekt i det offentlege rommet. Då treng me ein aktiv og offen-siv språkpolitikk som faktisk legg til rette for bruk av dialekt, og som gjev trygge språkbrukarar. Kva bør ein gjere med truga dialektar for å betre levekåra deira?– Alle levande språk endrar seg med tida, og det er naturleg at dialektane endrar seg litt frå den eine generasjonen til den nes-te. Eg trur det viktigaste me kan gjera for å oppretthalda det rike dialektmangfaldet vårt er å gje nye generasjonar språkbruka-rar den språklege sjølvtillita som trengst for at dei skal bruka dialekten sin. Kva er Språkrådets viktigaste oppgåve med omsyn til norsk språk og dialekt?– Ei av Språkrådets oppgåver er å styrkja det språklege mangfaldet og sikra inter-essene til den einskilde språkbrukaren. For norsk språk og for norske dialektar er noko av det viktigaste me gjer om dagen å leggja til rette for og stilla krav om at moderne språkteknologi skal finnast på norsk, og at norske dialektbrukarar kan nytta eige språk også i møte med ulike digitale språktenester. Kva kan politikarane gjere for å betre levekåra til norske dialektar?– Den norske språkpolitikken skal styr-

kja og sikra det språklege mangfaldet i Noreg. Då må politikken leggja til rette for at dette mangfaldet også blir synleg og levande både på analoge og digitale plattformer. Kan skulen gjere noko?– Skulen må leggja til rette for språkleg mangfald både gjennom at elevane får kjennskap til den viktige demokratiske verdien i at alle får bruka sitt eige språk, og ikkje minst gjennom at elevane får kunnskap om det norske talemålsmang-faldet og fleirspråklegheita i landet vårt. I dagens klasserom tek digitale lærings-ressursar stadig meir plass, og då må også desse ressursane visa fram det språklege mangfaldet vårt. Om læringsressursane berre finst på bokmål eller engelsk, og om lydfilene i ressursane berre bruker oslodi-alekt, vil det gje heilt feil signal til barna om verdien av deira eige talemål og eige skriftspråk. Kva kan lokalbefolkinga gjere? – Vaksne må vera gode språklege føre-bilete for barn. Ungane må få møta det lokale talemålet i nærmiljøet sitt, og dei må få sjå i praksis at alle dialektar er like verdifulle. Korleis er stoda for dialektane i Noreg om 100 år?– Dialektane vil nå som før vera i endring. Somme studiar viser at det skjer ei dialek-tutjamning, slik at skilnadene mellom di-alektane blir mindre enn dei var tidlegare. Det er ein naturleg konsekvens av at folk

flyttar meir på seg enn dei gjorde før, og me veit at det til alle tider har vore slik at møte mellom språk fører til at språka våre endrar seg. Samstundes ser me at dialekt-bruken i til dømes sosiale medium gjer det norske dialektmangfaldet meir syn-leg. Det trur eg er ei utvikling som faktisk vil bidra til å styrkja dialektane våre.Kva for ansvar bør staten ha med omsyn til norsk språk og dialekt?– Kulturdepartementet sende i august ut på høyring eit utkast til ei ny allmenn språklov for Noreg. Denne lova har som eit viktig mål å styrkja det språklege mangfaldet i Noreg. Sjølv om lova pri-mært gjeld skriftspråk, gjev ho eit gene-relt signal om at fleirspråklegheit og man-gespråklegheit er ein viktig kulturverdi i Noreg. Staten har i det heile eit omfattan-de ansvar for at både norsk språk, samis-ke språk, norsk teiknspråk og dei nasjo-nale minoritetsspråka også i framtida kan vera gode og funksjonelle bruksspråk. Difor treng me å løfta fram og synleggje-ra språkpolitikken som eit viktig politikk-område for alle som bur i Noreg. Korleis få barn og unge til å interessere seg for/bruke lokal dialekt?– Interessa for språk og dialektar i Noreg er stor. Det styrkjer arbeidet med å opp-retthalda det språklege mangfaldet vårt. Eg trur ungane vil finna stor glede i skule-prosjekt der dei kan kartleggja og forska i eigen dialekt før og nå. Det vil gje dei høve til å bli kjende med dialektane og

måten dei gjennom dei seinaste 150 åra har prega utviklinga av dei to skriftspråka våre. Kva er fordelane og ulempene ved å bru-ke ein dialekt?– Eg kan ikkje sjå ei einaste ulempe ved å bruka dialekt. Fordelane er derimot mange. Det viktigaste, slik eg ser det, er at det norske dialektmangfaldet gjer oss til stolte og trygge språkbrukarar som kan stola på at vårt eige språk er bra nok i alle samanhengar!

SJØLVTILLIT: Direktør i Norsk Språkråd, Åse Wetås, meiner det er viktig å gi unge språkbrukarar sjølv-tillit til å bruke dialekten sin. Foto: Moment Studio

PÅ GATA:

Kva er favorittordet ditt på bømål?

5

Page 14: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

26 27TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

– Du finn det i lokalavisa for Midt-Telemark

Håkken?Hått?Hårre?

– lokalavis for Midt-Telemark

Det var ikkje sjølvsagt at eg skulle bli journalist. Eller: eg drøymde så innmari om det at eg ikkje trudde det faktisk kun-ne skje. Då eg var liten gav eg ut den eine avisa etter den an-dre. Eg var redaktør for årboka på ungdomsskulen og skreiv der eg kunne.

Etter vidaregåande blei eg si-vilarbeidar i Norsk Målungdom, og så balla det på seg. Eg hadde vore litt innom organisasjonen før òg, utan å meine så mykje med det, men no blei det alvor.

Plutseleg fann eg eit språk som var sånn som eg ville ha det: Nynorsk byggjer på alle dialektane. Alle måtar å snakke på er like bra og fortener å vere ein del av skriftspråket. Det skil ikkje mellom høg og låg, over-klasse og underklasse.

Åra gjekk. Eg studerte og jobba, men utan å søkje meg til noka avis. Men plutseleg hadde eg ein sjef som likevel mein-te eg kunne høve til ein jobb i Klassekampen. Så ti minutt på

søknadsfristen hamra eg inn ein søknad. Der lista eg opp ei rek-kje grunnar til at Klassekampen og eg ville kunne få det godt i lag. Men éi setning i søknaden var kanskje viktigare enn dei andre: “Nynorsk er fyrstevalet mitt, men eg meistrar sjølvsagt bokmål.”

Og i dag har eg gjort ein slags karriere av å vere han fyren som held på nynorsken. Det er eg i grunnen ganske stolt av.

Jens Kihl – oppvaksen på Oslo vest, begynte å skrive nynorsk som elev på vidaregåande. Han jobbar i dag som politisk jour-nalist i Bergens Tidende.

– Eg søkte dialektane og lever no av nynorsk

240 barnehageborn song for kongeparet i Gullbring

«Velkomen til Folkestad barnehage. For avde-ling «Bjønn» tast ein, for avdeling «Jåså» tast to, for avdeling «Ikønn» tast tri…». I Folkestad barnehage har både personal og born fokus på dialekt i daglegspråket.

Merete Loftsgarden Borgersen

Eit drugt steinkast unna vassrutsjene i Sommarland ligg Folkestad barnehage.

Ny og skinnande stod han klar i 2010, med fire avdelingar og eit stort fellesrom til ungeflokken. Dei tilsette kom mellom anna frå barnehagen i Bordvegen, blant dei Unni Øya og Tone Forberg.

– I barnehagen i Bordvegen hadde me to avdelingar som heitte «Snipp» og «Snapp», fortel Unni Øya.

Så når den nye barnehagen skulle bli etablert blei namn på avdelingane viktig for dei tilsette. Nærleiken til naturen og dyrenamn heimehøyrande i den norske faunaen kom kjapt opp som forslag.

– I tillegg var me opptekne av dialekt og at namna skulle vere typiske ord på bø-hering, fortel Øya, som til slutt kom med forslaga på det avdelingane heiter i dag.

Frå «Bjønn» til «Fivrill» På avdeling «Bjønn» held dei eldste un-gane i barnehagen seg, deretter kjem av-

deling «Jåså» der dei spretne treåringane boltrar seg. Dei to siste avdelingane er «Ikønn» og «Fivrill», og der får 0-2 årin-gane hoppe og flagre alt dei orkar under kyndig rettleiing frå dei vaksne i barne-hagen. I tillegg har barnehagen eit stort fellesrom der alle frå tid til annan samlast.

– «Stugo» er fellesrommet. Det har tatt litt lengre tid å få det namnet på plass, men til og med dei som snakkar bokmål seier «stugo» no, fortel Øya, og er godt nøgd med det. Sjølv snakkar ho kav bø-hering, i tillegg til åtte andre av dei totalt 23 tilsette i barnehagen.

– Sjølv om mange av borna har føre-sette som snakkar dialekt, så er det få av ungane som gjer det. Det er vel bare ein som snakkar dialekt, men det er på grunn av at dei føresette har hatt fokus på dia-lekt også. Heime les dei jamvel bøker på bøhering. Det er fint, seier Øya.

Omsett til bøhering Unni Øya og Tone Forberg, konstituert leiar i barnehagen, medgjev at barneha-gen kunne hatt endå meir fokus på dia-lektbruk i barnehagen.

– Ein veit at born plukkar opp det dei høyrer rundt seg. Me har hatt ungar på småbarnsavdelinga, i den perioden dei byrjar å snakke, som seier dialektord og

der foreldra ikkje snakkar dialekt i heile tatt, fortel Forberg. Sjølv om barnehagen ikkje jobbar systematisk med dialektbruk, så prøvar dei å nytte det i daglegtalen og i faste rutiner på avdelingane.

– Dei fleste songane me brukar til van-leg i barnehagen har me omsett til bøhe-ring. Me syng til dømes ikkje «Hvilken dag er det i dag», men heller «Håssen dag e det i dag..», seier Øya.

Til mat er både «Kua mi» og «Skip-per`n» omsette til bøhering, og slik høyrest det då: «Når skippær`n ska ha seg mat, så tek han ein boks spinat og gjeng inn i stugo og delar med flugo. Når Skippær`n ska ha seg mat, tut tut».

Jordeple til lunsj – Hått var det me grov ute i åkeren i dag, spør Øya.

Dei eldste har ei kort samling. Ei hand fyk i veret med svaret: poteter. Øya nikk-ar samtykkande, og fylgjer opp initiativet.

– Og hått heiter det på bøhering? – Jordeple, kjem det i kor. Øya og Forberg håpar det er mogleg å

snu trenden for dialektbruk. – Bøheringsdialekta blir borte til slutt

om me ikkje passar på. Ein må ha meir fokus på det, for det er del av identiteten vår, avsluttar Øya.

LOKAL VRI: Unni Øya med borna på avdeling ”Bjønn”. Ho fortel at dei lagar lokale vriar på både songar og anna i barnehagen. Foto: Merete Loftsgarden Borgersen

FOKUS: – I Folkestad barnehage er ein oppttatt av dialekt, fortel konstitu-ert leiar, Tone Forberg.

Syng på bøhering i barnehagen

BØMÅL: 30. september fekk Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja servert ei god dose bøhering. Barnehagestyrar i Maurtuva barnehage i Bø, Aslaug Momrak Langkaas, hadde omsett songen «Det e godt å ha nogen» i sin heilskap til bøhering. 240 born frå barnehagane i Bø medverka i fellessongen. Foto: Øystein Akselberg

Foto: Bergens Tidende

Page 15: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

28 29TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

–Me brukar selt i grauten her, seier Elin Mæland Skogen, som sidan 1990-talet har samla inn over 3000 gamle ord og uttrykk frå Bø.

Gunn Kristin Aasen Leikvoll

Elin Mæland Skogen har verka som ein Ivar Aasen i Bø-versjon, og samla inn sto-re mengder meir eller mindre gløymde og gøymde uttrykk frå Bø og området rundt. To som lar seg imponere over arbeidet er Augund Askildt og Gunnar Humlebrekke, ivrige dialektbrukarar, som for høvet er samla på gamle Valen skule for å kikke på samlinga til den ivrige innsamlaren.

Takskjegg over augun – Folk har ulike måtar å uttale mange ord på, og det er eigentleg ingen fasit. Difor har eg ofte mange variantar av same ordet i samlin-ga. Eg har lagt merke til at det til dømes er ein diskusjon på Facebook om det er rett å seie gvefs eller gveps, forklarar Elin.

– Det er gvefs, det, skyt Augund inn.

– For meg er gveps rektig, seier Elin. – Men det er gvefs du meiner, smiler

Augund lurt. Sjølv synest Elin det er moro å oppdage

ord og uttrykk som er litt gløymde eller som ho ikkje har høyrt før. Ho har rett som det er tatt fram notatboka når det har dukka opp ord under samtalar med folk.

– Ein gong eg var hos frisøren, var det ein mann som kom inn og ba om å få «klyppe takskjegget over augun», seier ho.

I tillegg til å notere ned uttrykk som har dukka opp i ulike munnlege samanhengar, har ho bruka Bø-soga, Bygdebok frå Sauhe-rad og andre skriftlege kjelder og samlingar. Arbeidet hennar byggjer på eit arbeid som Bø bondekvinnelag sette i gang på 1980-ta-let, i ein studiering der dei samla gamle ord og uttrykk. Marit Valen Li samla den gong inn over 600 ord og uttrykk som Elin har

innlemma i samlinga. Valen Li er ein av flei-re enkeltpersonar som har samla inn ord og uttrykk som er inkluderte i Mæland Skogen sin database. Databasen inneheld sjølve dia-lektordet, tydinga til ordet, kjelda, kommu-nen der det høyrer heime og ein kommentar.

Dialekt i endring Dialektbruken har endra seg opp gjen-nom åra, også for generasjonen til Gunnar, Augund og Elin.

– Før sa me alltid ”smær”, men nå trur eg det er fleire i vår alder som seier ”smør”, seier Gunnar.

– Da me voks opp, var det vanleg å bru-ke etternamn på kompisane våre. Det var Askildten, Tveiten og Gravjord, minnest Augund og Gunnar.

Nokre ord og uttrykk er meir i bruk enn andre. Gunnar er spesielt glad i ordet ”skel-len”.

– ”Skellen” og ”skrotten”. Eg seier jamt ”skellen”, eg. Vondt i ”skellen”.

– Eller at du har ”skellebank”, seier Elin. – Det er vel ein del som har hatt ”krotur”

i haust, spør Elin medan ho blar i samlinga .

– Det er restane av bær etter du har sila av safta, forklarar ho.

– ”Bånnski” kallar me det no, ler Gunnar.

Tretten meter langtMange ord og uttrykk er ikkje i bruk lenger. Elin, Augund og Gunnar trekk fram ulike døme.

– Kva med ”suvl” eller ”suggel”, spør Elin.

– Det hugsar eg dei sa da me var ute og jobba på jordet og det var tid for å komme inn for å få seg litt suvl til dugurd, seier Gunnar.

– Det var gjerne kjøttmat, minnest han og Augund.

– Ja, det er rett. Feit mat eller kjøttmat. Dei to orda tyder det same, forklarar Elin.

– Da eg var liten, var det ”vassdipilær” på tunet. Det er det ikkje lenger, no er det ”vassdemmur”, seier Elin.

– Det var eit ordtak me stadig bruka før i tida når me skulle samanlikne noko. At noko var «tretten meter langt og lukta heim-brent». Akkurat som 17.mai-toget på Hørte, seier Gunnar.

IMPONERT: Gunnar Humlebrekke (t.v.) og Augund Askildt lar seg imponere over samlinga til Elin Mæland Skogen. Den rommar tusenvis av ord og uttrykk frå Bø og områda rundt.

Foto: Gunn Kristin Aasen Leikvoll

– Me brukar ikkje «salt» i grauten i Bø

Utdrag frå ordlista

Dialektord/uttrykk TydingGvefs KvepsGveps KvepsTaksjegge’ over augun PanneluggenSmær SmørSkellen Skallen, hovudetSuvl Feit matSuggel Smør, flesk eller anna ein la oppå brødetVassdipilær VasspyttarAndletsfin VakkerAnføttes Fleire i same senga med føtene og hovu- det annankvar vegBrekjelonur Varme solglyttBronost GeitostBurull Ein som er lite dannaDrugt LangtFivril SommarfuglFurubjønn EkornGullbåste LøvetannGåss ikkje De’ gåss ikkje = Det merkast ikkje, synest ikkje.Handtupla Skamferden, øydelagtJålepong Fin dameveskeKjingelvev SpindelvevLødd, ein UllsokkOmmatte Ovan i fråPingsut Full av rakkar- strekarSjåleg God utsikt, lett å sjåSnyteskaft Nese

Stadnamn til nytte, glede og undringHalvor Gåra

Så lenge det har levd menneske på jorda, har ein hatt behov for å orientere seg i landskapet rundt seg, forklare vegen for andre eller beskrive kvar ein sjøl har jak-ta, fiska eller vitja ein kjenning. Namna er vegvisarar i landskapet rundt oss og ein viktig del av den kulturelle arven frå forfedrane. I denne artikkelen vil eg ta for meg ein del av namna i nærmiljøet her i Telemark, og spesielt Lifjell, for å vise korleis namna har oppstått og kva dei kan fortelje om landskap, arbeidsliv, kultur og ferdsel i eldre tid.

Grovt sett kan me skilje mellom natur-namn og kulturnamn. Dei fyrste skildrar landskapsformer som elvar, vatn, fjell og dalar, medan kulturnamna beskriv stader med spor av menneskleg aktivitet og arbeid. Typiske naturnamn er Hønsa, Norsjø, Bryggefjell, og Oksledalen. Kul-turnamn kan vera Kåsa, ein gard som frå fyrst av var skog som blei felt og lagt i ei kås og så brent og dyrka. Kålåhuset viser til kolbrenning på staden, Jønnbu fortel om jarnutvinning frå myrmalm og My-klestul fortel om ein gard som tidlegare har vore stule. Dette var ein stor stule, for mykle kjem av gamalnorsk mikill, stor.

Namn som vegvisarar Mange namn har som formål å kunne rettleie ferdafolk gjennom landskapet, enten det er i skog, på fjellet eller langs kysten På Skåtøy ut mot skipsleia ligg Elefanten, eit berg som har farge og form som ein elefant, lett å kjenne igjen når ein passerer. Dette er også eit jam-føringsnamn, ein samanliknar ein ter-rengformasjon med noko kjent. Oksla på Lifjell er ei jamføring med den oksla me alle har, overgangen mellom arm og hovud. Topp, utflating og bratt li. Ser me frå Lifjell mot Gaustatoppen, kan ein sjå Gaustaknea i forkant. Også ei jamføring med to kne som stikk fram. Prinsippet er å bruke eit bildespråk som er gjenkjen-neleg. På toppen av Lifjellbakkane ligg Gapet, nå mest omtala som Skaret. Dette har blitt sett på som eit gap eller opning ut mot bygda. Vest for Blåfjell ligg Ha-nakam, ein fjellformasjon som kan likne på kammen til ein hane. Husnatten er brei som eit hus og Gavlesjå er eit vatn, sjø/sjå, som ligg under ein fjellgavl. Inga heilt sikker tolking, men det gjeld man-ge namn som er gamle. Språket endrar seg og me kjenner ikkje bakgrunnen for namnet. Grimaren ut mot Grunnings-dalen er truleg ei jamføring med grime eller hjelm. På veg mot Bryggefjell kan ein stikke bortom Kakkelømshola som nokon kan ha meint har likna på ein høg omn. Vest for Jårånnatten ligg Troganat-ten, same namnet finst nord for Årmotda-len. Trog eller trau var mykje i bruk før, og snur du troget på hovudet, får du eit fjell med ei flate på toppen. Bryggefjell har ein sentral plass i landskapet her i Bø. Det stikk fram som ei brygge sett frå nord og sør og kan slik tolkast som eit jamføringsnamn. Orda brygge og bru er av gamalt germansk opphav og ein kan vel tenkje seg at slike konstruksjonar ofte blei laga av stein, slik at Bryggefjell kan ha blitt omtala som Steinfjellet med dati-das språkbruk.

Personar i namnMange har nok merka seg at nokre av nutane eller nattane på Lifjell, (heddø-

lane seier i Lifjell) ofte har personnamn som Astrid, Øystein og Jørund. Vinje omtalar ofte fjelltoppar som gamle kjen-ningar, han personifiserer fjella, gir dei liv. “Som var det kjempor, spør eg kven som vinner av den og denne høge nut.” Ser me på desse sentrale toppane over, har dei alle ei svært konkret forklaring. Astrid var ei jente som skulle opp til mor si i Hønsvassdalen, men kom ut i uver, vildra og omkom. Seinare fann dei sølja hennar på Astridnatten. Om dette stem-mer, har ho fått eit ruvande monument etter seg. Østein og Jårånn (her manns-namn) var to hjuringar som bles i lur til kvarandre frå kvar sin topp. Eller var dei to jutular med same namn som møttest til kamp ved Hellerdalskyrkja etter å ha blåse i lur frå toppane sine? Den eine let livet, skriv Olav Nordbø. Dette kan altså vera yngre namn som er knytt til stulsli-vet, eller opphavssegner om korleis store steinar kan forklarast. På Gurosroe skal ei jente ha drukna etter å ha blitt stanga uti av ein bekar. Fleire segner handlar om danseglade jenter som lovar å koma att neste år om dei lever eller er døde. Dei dør, men kjem att neste år som dei har lova. Dei dansar til blodet flyt i skoa, og dansepartnaren er den vonde sjølv. Guro på Gurosroe og Toril på Torilstul. Guro Heddeli i Grunningsdalen er ei segn om kjærleik, klasseskilnader og Svartedau-den. Seljorddiktaren Jørund Telnes har gitt henne nytt liv i dikt og prosa.

Dagtidsmerke og stulsliv Dei som budde i fjellet heile sommaren, nytta seg gjerne av sola når dei skulle ha ei matkvil eller heim til mjølking. Rett i sør for Hollane ligg Meddagsnuten og sør-austover ligg Mjelten og Mjelteliene, der kyrne kunne gå før mjølkinga. Mjelte, av gamalnorsk mjaltir, som tyder mjøl-king. På Grønbygil tok dei økt, eit tidleg kveldsmåltid, når sola sto over Økteren. På Seljordssida finst Dugurdmålsskarin som varsla om dugurd, lønsj, på moder-ne norsk. Fleire namn endar på -ro, som Gurosroe. Det var ei grasslette eller glen-ne der det var høveleg å slå seg til med buskapen for å ta ei kvil. Kanskje byg-de dei seg ein stule der og da kallast det stulsro/staulsro. Målføret skifter innover Lifjell. Eit anna beitenamn er standar, av standa, stå. Det var gjerne litt luftige haugar der det var litt trekk slik at kyrne ikkje blei så plaga av åt, klegg og fluger. Ved Stavsholta finn ein Standarholtet. På stulane laga ein prim, som er i flytande form. Det skulle berast til bygda av og til. Ovanfor Nauteli er det bratt, og det enda med at beraren fekk primen i nak-ken på veg ned. Altså namnet Primkleiv, til moro, skrekk og åtvaring! Klokkstein-tjønna eller Kloppesteintjønna? Dette er eit spørsmål som ha dukka opp dei siste åra. På 1960- talet meiner eg at både lo-kalkjente og karta bruka Klokksteintjøn-na. Det same gjeng fram av eit innlegg i Bø blad nyleg av Sveinung Espeseth, som viser til Halvor Folkestd. Det som særmerker denne tjønna er ein holme og nokre steinar som stikk opp over vatnet. Kan desse fungere som ei klopp? Det er nok tvilsamt, då må ein nok symje ut til dei. Gjermund Kolltveit er ein kar som forskar på klokkesteinar. Det er store steinar som ein kan slå på å få fram ein klokkelyd. Det er nok ein mann som bør

sjå nærmare på steinane her. På vestsida av vatnet ligg det ei stor ur. Når bølgjene slår mot steinane her, kan ein få fram ein slags klokkelyd. Dette er forklaringa til Espeseth: “Når det bles frå su, på rette måten, slær bøljun inn i ura på hi sida, det kan minne om klemting.” Eg har sjølv sete der med nistepakka og hørt det same, men om det er slik namnet har oppstått, kan eg ikkje gå god for. Ein kan og sjå ein samanheng mellom Hellerdal-skyrkja og ein klokkestein. Å ringe med ei klokke var ein måte å få vekk trolldom på. Då Helge (jentenamn) Tveitan blei bergteken i Heddal, prøvde dei det. Men tauget rauk i det ho nådde døra heime, og ho blei i berget. Fjellet heiter Helgenotra.

Rosande namn Dei som bygger seg ei hytte eller driv ei turisthytte, set oftast rosande namn på staden sin: Solstua, Grostul, Smærstul, Veneli og Utsikten er døme på dette. Lifjellvandraren, lektor Jon Homme, meinte at Ljoslihovet var det finaste namnet på Lifjell og Blomtjønneggen det vakraste fjellet, for det hadde form som eit ungjentebryst. Rosande namn viser ofte til godt beite eller godt fiske, slik som Godal og Gogrann, ei lita gran-netjønn ved Kroktjønn.

Nedsetjande namn Dette er vel namn som andre enn eiga-ren har ansvar for, men som har festa seg på folkemunne over tid. Gode døme er Lusehytta, Lorthol, Kjetthol, Fisbu (kan koma av foss), Rassklov, Skrottjønn, Helvetet og Fantekleiv. Det siste viser nok ikkje til at kleiva er bratt, men at eit fantefølgje blei sett der ein gong, eller at dei nye brukarane av fjellet, byfolka eller byfanten, kom opp her. Det peikar fram mot den siste gruppa, turistnamna.

TuristnamnEtter krigen blei Lifjell populært for folk i Grenland og Vestfold. Dei var ute etter sol og rekreasjon. Slik fekk me Solskins-dalen for Kalveliane, Appelsinhaugen der Lifjellstua nå ligg. Her var det høve-leg å raste, og appelsinskala låg att som eit tydeleg merke etter skituristane. Tru-leg er vel også Svettelia laga av byfolk på motbakketur, eller av fjellførarar som Olav Kåsa Lunden og Olav Raukleiv som bar proviant for turistane. Vel oppe kunne ein setja seg på Fantenuten, Øst-likollen, men det er nok eit namn ikkje turisten sjølv har laga. Ei lettare rute frå Lifjell Hotell og opp til Gapet var Turist-løypa eller Blåløypa, her kunne turista-ne følgje ei blåmerka løype. Gjennom Solskinsdalen og forbi Torilstul renn Torilbekk, som visstnok blei kalla Pjol-terbekken. Bedrifter og lag bygde hytter, og me fekk Nebbhytta, Unionhyttene og Speiderbo m.fl.

Namn blir borte og oppstår heile tida. Dei som ikkje bli bruka forsvinn, og nye kjem til. På toppen av Hollanbakkane heiter det Mjeltetjønnhovet (hov tyder høgdepunkt), låg det i mange år ei harv som hadde blitt liggande att etter at meir moderne løypeprepareringsutstyr var tatt i bruk. Det førte til at fleire sa: I dag snudde eg ved Harva. Eit nytt namn var født! Her ser du både Røysdalsnuten og Mælefjell. Harva er nå forlengst borte, men namnet lever.

Page 16: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

30 31TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA DIALEKTAVISA TORSDAG 14. NOVEMBER 2019

XDialektkryssord for store og små– For dom garva – For dom litt mindre garva

QUIZ1. Hått heiter det høgaste fjellet i Bø? 2. Hått heiter verdas lengste elv? 3. Hått heiter den norske kongen som fall i slaget ved Stiklestad? 4. I denna filmserien spela Emma Watson karakteren Hermine. Håssen filmserie? 5. Hått e hovudingrediensen i kransekake? 6. Hårr blei Henrik Ibsen fødd? 7. Håkken e bestevenen te Kristoffer Robin? 8. Hått heiter fotballaget i fjernsynsserien heimebane? 9. Håssen land kjem teikneserien Mummitrollet frå? 10. Sett saman rett kattedyr med rett kontinent: 1. Tiger 2. Løve 3. Puma a) Sør- og Nord-amerika b) Afrika c) Asia 11. Hått e hovudingrediensen i guacemole? 12. Hått heiter den norske versjonen av det amerikanske tv-programmet Sesame Street? 13. Håkken stenn bak sjørøvaren Kaptein Sabeltann? 14. Hått slags symbol e det i kommunevåpenet te Midt-Telemark kommune? 15. Hått finst det mykjy av i Bøelva som somtir kan ha ein veldig verdifull pyntegjenstand i seg? 16. Håssen fargur har det islandske flagget? 17.Hått betyr Volvo? 18. Hått heitte nordmannen som leia ekspedisjonen som blei fysste te å nå Sør-polen? 19. Håkken telemarking e kjent for songen «Heim te mor»? 20. Hårr i Bø ligg Åheim landhandel?21. Hått heitte luringen som oppdaga lova om tyngdekraften? 22. Nam! Nachoschips e snadder, men hått e hovudingrediensen? 23. Skarphedin heiter idrettslaget i Bø, men hått e egentleg Skarphedin? a) Eit skarpt våpen b) Eit fjell i valhall c) Ein norrøn sagnhelt 24. Hårr kjem det kjente uhyret Nessie frå? 25. Hått slags tri fargur reknast som primærfargunn?

– noko lokalt, og noko ikkje fullt så lokalt – av Gunnar Amundsen

Svar Quiz: 1) Jøronnatten2) Nilen3) Olav den heilage4) Ringenes Herre5) Mandel6) Skien7) Ole Brum8) Varg IL9) Finland10) 1C, 2B, 3A11) Avocado12) Sesam Stasjon13) Terje Formoe14) Tri hardingfelur15) Elvemusling16) Blå, gvit, raud17) Eg rullar18) Roald Amundsen19) Odd Nordstoga20) Oterhølt21) Isaac Newton22) Mais23) C24) Loch Ness, Skottland25) Raud, gul og blå

Me trekkjer ut tre heldige vinnarar av kryssorda som får kvar sin ”Lifjellkopp” i premie. Send kryssordet med løysing til: [email protected] eller p.b. 104, 3833 Bø innan 1. desember 2019.

Begge kryssorda er laga av kryssordmakar Einar Søreide.

Page 17: EA TORSDAG 4. NOVEMBER 0 DIALEKTAVISA · skriv du på nynorsk lovar eg deg – då finn du motstand. Ikkje ein slik vond motstand, men den som handlar om å symje litt mot strau-men,

32 TORSDAG 14. NOVEMBER 2019 DIALEKTAVISA

Meisterspelemann Anund RoheimHan hadde alltid gode replikkar på bø-heringsengelsk, heime og «over there».

Torgeir Straand

Anund vart fødd på garden Ro-heim øvst i Roheimgrenda i 1913. Da han var sju år fekk han fyrste fela: «Ein cigar box med fire strengjer», som han sa.

Roheim blei ein av landets fremste spelemenn på harding-fele som levde på 1900-talet i Noreg og i USA. Han hadde over 100 fyrstepremiar på kapp-leikar. NRK-opptaka frå 1950 blei karakterisert som dei beste innspelingar i NRK sitt arkiv, ifølgje NRK Folkemusikkhalv-timens Rolf Mykebust.

I 1950 emigrerte Roheimen til Amerika for eitt års konsert-reise med hardingfela.

45 år gjekk før han flytta hei- matt til Bø og Heia.

Første direktesendteAnund spela «Jørånnatten» på TV frå Minneapolis i 1952 med millionar av sjåarar. Det var truleg fyrste direktesende fjern-synsprogram med hardingfele.

Han var heidersmedlem i Landslaget for Spelemenn og i Telelaget of America, i sistnem-de var han president i mange år. Han vart tildelt St. Olavs orden for innsatsen i det norske Ame-rika, den høgste utmerkinga den norske regjeringa gir til personar busett i utlandet.

Da Anund voks opp var det til og med nyanseforskjellar på språket på Roheimheia og i Bø sentrum, noko han var opptatt av. Da Roheimen flytta tilbake til Bø i 1995 hadde han fortsatt morsmålet frå Heia, med tillegg av engelske ordstillingar og glo-ser frå «over there».

Største amcar-bygdAnunds bilimport må ta sin del av æra for at Bø blei kommunen med flest amcars per innbyggjar. Ein 1977 Cheverolet Mote Carlo blei kappleiksbil. Alltid nypolert raud lakk og kremkvite skinn-sete. Spelemannsvenen Gunnar Innleggen var fast sjåfør. Han måtte også lesa brev og aviser høgt. Anund kommenterte : «I Amerika kunne ungane perfect engelsk, dom va kje høgare enn som så», viste han med handa.

Og for ein vekst i folkemusikken over der: «Det gror opp ungar som vil lære å spela hardingfele alt «over» Amerika.»

På sine gamledagar fekk Anund ei sjelving i høgrehan-da. Det passa dårleg for ein spelemann: «Goddamned, bå-gå’n hoppar som ein rabbit over strengjin. Makan te shaking! Nesten rock&roll, eller lort&drit som eg sie’!»

Anund kalla saman vener etter å ha vore innlagt på sjuke-hus og blitt oppgitt av doktoren: «Så takk for at de kom for å vi-site meg», seier Anund liggjande bleik i senga. «Eg fekk veta av doktoren at hjartet mitt e utslite, det kan stoppe nå når som helst, og eg tåler ikkje fleire operasjo-nar». «Men, e det hjarte i deg da, Anund», ertar kompisen og fele-makar Eivind Ralle. Da kvikna

Roheimen! Fram kom livsgnis-ten og glimt i auga: «By God, du e kje vetug, Eivind. E visst best å ikkje ha hjarte når ein ska’ vri kjeft her.» Anund sette seg opp i senga og levde vidare, heilt til 1999. Og nære som kom på be-søk fekk følgjande beskjed frå verandaen: «Dynna mi e always open fe vetuge følk». Han opp-levde å bli ei legende i levande live.

– Det heiter Norway«Det blir feil å skrive Norge», sa Anund ein gong han dikterte eit brev som skulle sendast til Vestlandet. «Ja, på korrekt ny-norsk skal det vel vera Noreg», seier Gunnar Innleggen. «Nei, det heiter Norway. Ingen brukar Norge eller Noreg lenger. Eg meiner det skal heite Norway.» Fær Roheim rett?

FIN STIL: Anund spela hardingfele på to verdsutstillingar, i Washington DC og i San Fransisco. Han hadde flott stil når han stod på scena. Foto: Privat