englestien

32

Upload: det-norske-samlaget

Post on 07-Mar-2016

213 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Frittståande oppføgjar til Paradishagen. Av Sigrun Slapgard

TRANSCRIPT

1

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 1

Sigrun Slapgard

Englestien

Roman

SamlagetOslo

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 3

Til Tove, Anita og Beate

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 5

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 6

Der i solkråa,der ein er fødd,det er dropane her ein skullespeglast i, og få på leppene,skire frå snøkanten ogrett i hjartet.(…)I sin barndoms solkråsit ein når det roper.

(Tarjei Vesaas)

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 7

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 8

Eg hadde gått i fleire dagar og kjent kriblinga. Nå komhan gåande langs vegen. Under den rosa nylonblusa haddeeg den nye behåen med bomullsdottar i. Det var deneinaste finblusa eg hadde, ho såg ut som silke. Og så hangdu der i armane mine og sikla ein stor, mørk flekk overbehåen. Eg dukka ned bak hekken. Eg kunne ikkje la OlaRud sjå meg slik. For alt eg visste, kunne han sjå bomullaeg hadde stappa inn over speilegga mine. Våt nylon blirhelvetes gjennomsiktig.Ola gjekk i klassa over, han var center half, hjulbeint

og med slentrande ganglag. Han var lett å kjenne der hankom gåande. Den svarte skinnjakka fekk han til å sjå vak-sen ut, og dagen før hadde eg sendt han ein lapp. Det varførste gongen eg hadde spurt nokon. Klassevenninnenehadde erfaring og visste nøyaktig kva som burde stå. Vildu ha meg? Solveig Randen hadde nettopp fått ein lapptilbake frå Nils Øvre. Nei, eg har Anna. Solveig trekte påskuldrene og skreiv ein ny lapp.Ja, eg veit eg pratar meg bort. Men det var dette eg var

opptatt av, ville vere opptatt av. Eg ville ikkje vaske bleier, tenke på mor på sjukehuset. Eg unngjekk far. Det var verre å unngå deg. Du fylte huset, ein stab-

bande eittåring. Alltid så rabiat glad. Og forbanna kleng-

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 9

ete. Du fekk tenner og sikla. Du hadde inga aning om detsom skjedde.

Denne dagen skulle mor kome heim på permisjon. Vigjekk litt rundt kvarandre, huset måtte skine. Vi barnaskulle skine. Vi klarer oss fint, mor. Alle andre dagar handlaom det vanlege i kvardagen, at alt måtte skje som nor-malt. Tre skolebarn som skulle på kvar sin skole, du somskulle til naboen, far på jobb. Krangel om kven som skulleførst på badet. Bjørn gjekk på framhaldsskolen og meintehan hadde førsteretten, eg måtte stelle deg og utfordrarangordninga. Sjur hamna midt imellom og kom ikkje tilorde. Han måtte lære seg å lage matpakka sjølv, finne riktigstillongs og skifte underbukse. Han gjekk i tredje klasse.Far, du har gløymt å barbere deg! Kan du følgje Lasse,Bjørn? Ekstra bleie i sekken. Sjur må ha nye sko. Og Bjørnsom alltid terga meg. Jøss, har du fått puppar. Så kom denne dagen da til og med Bjørn heldt kjeft

med ertinga si. Sjur hadde rydda leikesakene sine ut avstua. Du derimot rasa rundt som alltid og såg på oss medspørjande blikk. Skulle vi ikkje leike? Du forstod ikkje. Nåkjem snart mor. Det forstod du heller ikkje. Du sa Pa forfar og Lulle for Julie, men hadde ennå ingen ord for mor. Eg vasskjemde luggen til Sjur og sjekka om det var

brødsmular på kjøkkenbenken. Alt måtte vere slik morlikte å ha det. Eg la dei siste ansjosane i skrå pyntestrimlarover eggeskivene og såg meg rundt i stua på jakt etteruorden. Plantene! Dei hang med nebbet, eg hadde gløymtå vatne. Eg pøste på og ruska vekk visne blad og blomar. Så sat vi der. Sjur med eit stivt blikk på eit uopna

Donald, Bjørn framoverbøygd med albogane på kneet og

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 10

benda på ein binders. Du la deg på golvet og sovna. Vi satder i ei lukt av grønsåpe og egg med ansjos. Da den guleM-en dukka opp over bakkekanten, visste vi ikkje omvi burde storme ut. Vi ventar her, sa Bjørn med komman-dostemma si og nikka ned mot deg som sov på golvet. Egsåg far hjelpe mor ut av bilen og kom til å tenke på sko-haugen i gangen, vi hadde gløymt å rydde skoa. Mor gjekk sakte og stivt, støtta seg til far. Ho hadde

krympa og såg ut som eit svart-kvitt-bilde. Sola komfram og skein på blanke felt i det før så tjukke håret. Du vakna da ho kom inn, og krabba bort til meg,

snudde bleiebaken opp i vêret og reiste deg på føtene.Mor retta ut armane mot deg. Du putta to fingrar i mun-nen og tok tak i meg. Lasse min! Mor gjekk nærmare.Lasse, Lasseliten min. Du såg på henne med store auge, såsleppte du handa mi og smilte. Mor bøygde seg over deg,omslutta deg. Og akkurat da såg ho ut som før.

• • •

Orda har runne ut av henne, nå trillar dei bort i ein krok.Ho blir taus. Sollyset får rommet til å kjennast som einkald kniv. Dei pastellfarga gardinene er falma og heng påskeive, det einaste med farge bortsett frå den blå kjorte-len. Lasse er dytta ned i ei seng som er for lita. Julie stryk han over handa og vil bøye seg fram til ein

klem, men tar seg i det. Ved veggen står ein stol i lys bjørkmed oransje og lilla trekk. Stolen må ha overlevd sytti taletog er frå tida før dei aztekmønstra gardinene. Kanskje vardet også på syttitalet at noko rann ned frå trekket og lagaeit spor på det eine stolbeinet. Ho løftar stolen bort til

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 11

senga og set seg ytst på setet. Ho blir sittande med eit fastgrep i handa hans. Bryna ser mørkare ut enn før, nesten svarte mot den

lyse huda. Desse bryna skal flakse muntert saman medein kneggande latter, dei skal ikkje henge der som eintverr strek. Nå ser dei blå auga rett på henne med eit fors -kande blikk.− Og kva skjedde med Ola Rud?− Det viste seg at det var han Solveig hadde skrive til.

Det blei henne og ikkje meg.Det glimtar av noko. Han dreg til seg handa, rettar seg

opp på puta. Det står Ullevål sjukehus i nesten utvaskabokstavar på pysjamaslomma.− Og eg? Fekk eg straff for å ha sikla på deg?− Du fekk vel aldri straff. Vi kalla deg Muntrasjonsrådet.− Det er det slutt på.− Du ser da pigg ut.Nå fyk bryna opp. Ho høyrer at orda er pakka inn i ein

lyd av noko nytt. Røysta hennar er som lukta i rommet.Det heftar noko ubestemt ved det som skal vere kliniskreint.

Ho har ein hesteflokk i bringa. All annan lyd er utestengt.Rommet er kopla frå jordkloden, dei går i fri bane rundtjorda. Ho knip seg i hudfolden mellom tommel og peike-finger, borar neglene i hud, rettar seg opp på stolen, mendet hjelper ikkje. Vi kallar opp vårt gamle liv. Over! Vervennleg og svar, gi lyd. Over! Han ser opp i taket nå. Blikket er flatt, og det kvite i

auga er raudsprengt. Hårbotnen er blank, og den blondehårstubben ser bleikt ut. Han kan da ikkje vere i ferd med

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 12

å bli grå. Ein blir ikkje grå over natta. Jau, far blei grå overnatta.Ho reiser seg opp frå stolen, det skrapar iltert. Rettar

litt på den skeive gardina, ser ut. Der ute er det sommarsol. Det er fargeklattar på ple-

nane der nede. Ho veit kva det er. Menneska slangar segpå graset og grillar, ler og drikk øl. Ho gjekk forbi som-maren på veg hit. Lykke, hadde ho tenkt. Av gammal vanehadde ho løfta fingrane til ein firkant, sett filmscener.Trekronene utanfor glaset er tette og mørkegrøne. Ho

ser ned og får auge på Nordre gravlund.

• • •

Det er eit flimmer under augelokka hans. Kanskje harhan sovna. Ho bestemmer seg likevel for å sitte ei stundtil.− Når var det eg begynte å seie mor?Stemma høyrest framand ut, han har ikkje opna auga.− Det må ha vore rett etter at ho kom heim og likna

seg sjølv igjen. Alt var som blankpussa den hausten. Vigjekk tur, og eg syntest alt var blitt til gull. Livet var somsollys gjennom eit hausttre. Familien var som før, og dufekk oss til å le. Mor lo slik vi aldri hadde høyrt henne le.Du var som limt i armane hennar, og lattertrillene komtostemt. Ho fekk tilbake Ingrid Bergman-smilet og fargahåret. Eg kan ikkje vere gråhåra når han er så liten, sa ho.Folk kan kome til å tru at eg er bestemora. Turane gjordehenne frisk i kinna, ho såg yngre og yngre ut. Er det store-søster di, spurte ei jente i klassa ein dag vi var ute og trilla.Da kasta mor på det nyfarga håret og såg fornøgd ut. Eg

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 13

dytta framleis bomull i behåen og prøvde å sjå eldre ut.Og du var slik du alltid er. Dum og glad.Han dreg opp eine munnvika.− Nå er eg berre det første.Det einaste som er, er lyd av pust. Orda er borte.

• • •

Ved heisen står det ein yuccapalme. Julie kan ikkje la vereå seie eit lågt hei og kjenne med ein finger ned gjennomlaget av lecakuler. Jorda er ein tanke tørr.− Det kjem til å gå fint, seier ho til planta, − Lasse er

laga av det rette stoffet, han kan gå på vatnet, og han harfått den beste kirurgen.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 14

Hårstubben er borte, skallen er blank og gjort klar. Hovu-det på puta er som ein kvitskura stein i elvekanten. Vins -terelva ved Roven, der samla dei runde steinane seg. Stei-nar som kunne lage jettegryter. Hårvikene er ein skugge,og i panna ser rynkene ut til å vere markerte med blyant.Profilen og bryna er meisla ut av den runde steinen. Hanligg og ser på henne med eit blikk som ser ut til å treffeveggen bak.− Når du kjem til skiltet der det står Englestien, må du

nesten le, seier ho. − Det står der som fortapt og ser ut tilå love noko som ikkje finst. Englestien! Den var jammengod. Her var det litt av eit himmelsvev, ja. Det ser ut somden skakke pila peiker inn i mørkaste skogen. Grantreastår tunge og molefonkne, det er mørke midt på dagen,og det mest fornuftige er å plante blikket ned i bakken.Stien ser ut som ein leivning frå den tida ein kjørte medhest og kjerre. Barnålene har gjort han mjuk, og innimel-lom er det mose på stein. Små linnea står og blunkar, menfleire lyspunkt ser du ikkje med det same. Ein tur i gran-skogen burde ikkje få namnet Englestien, ville du hatenkt. Men når du først har gått stien, veit du betre. Da lerdu høgt, nå kjem den beste biten av turen. Over kammender borte kjem dumpane som får det til å kile i magenvinterstid, og over bratta utsynet som får deg til å tenke

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 15

Ivar Aasen, Henrik Ibsen, Vinje og Bjørnson. Når du kjemut av granskogen og bjørketrea tar over og blir til luftigsmåskog, når det blir meir berg å gå på enn mjuk mose,da skjer det noko mystisk. Der borte i synsranda stig detopp ei fjellrekke som kvite mjølketenner, og dalen underforandrar seg og blir uviktig. Du ser Arktis i nord, Antark -tis i sør og ei rad nunatakar imellom. Du ser kloden, livet,og du blir lett som ei fjør.Det var hit mor ville. Her blir føtene vektlause, sa ho.

Vi var så glade for å sjå henne slik. Vi sprang som kalvarrundt henne.− Ikkje eg, vel?− Jau, du òg. Stabba rundt og datt, tung i bleiebaken

og med kosejakka i handa.− Eg kan ikkje hugse nokon Englesti.− Du gjekk der på ski også, eit par år seinare. Du

hadde ikkje lært å bremse og klarte ingen av svingane. Duvar litt av eit syn.− Nei, det hugsar eg ikkje.− Du var minst fem år, litt må du hugse.Det skjer ingenting med blikket hans, han vrir hovu-

det til eit nei.− Har ingen minne om Englestien.

Ho vil hente han frå dette tomrommet, lokke fram latter istemma. Det er ei nyve opp frå naserota som ho ikkje harsett før. Det er lenge sidan han hadde runde bollekinn, nåer ansiktet smalt. Huda er nesten gjennomsiktig inn tilpanne og kinnbein. Han er glattbarbert, og ho ser at detikkje kan vere sant det dokter Frøym påstår, at det veksder inne, ein byll som kan drepe. Han har ein vakkert

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 16

forma hovudskalle utan utskot. Han har hattenummer, som alle menn i familien, som brørne Bjørn og Sjur,som far, som onkel Lars. Hugs du er ein Dalgård, vil hoseie. Søskena Dalgård klarer seg. Vi er store og sterke, dei klarer ikkje ta oss. Vi mot resten, kom igjen. Du har dettestore hovudet med høge kinnbein som vi alle har, lange,sterke bein. Vi spring! Vi skal klare oss. Du er gullungen,du klarer alt!Ho tar tak i handa hans, vil bøye seg fram til ein klem,

men tar seg i det, han har kanskje vondt. Det må vere eitpress i skallen. Kanskje er ei side av hovudet verre ennden andre. − Bjørn og Sjur …, seier ho, men han skjer inn.− Eg veit. Dette klarer du, Lasse.Han hermar karslege stemmer. Blikket flyttar seg frå

veggen, det blå i auga er ei flate ho ikkje kan lese. Dei harmista språket, og ho vil ha det tilbake. Det var som medorda ho nå måtte dele med Bjørn og Sjur over telefon, detblei russisk, kinesisk, arabisk, dei fann ikkje fram til ordalenger. Som om dei måtte lære å snakke på nytt. Ho vilikkje ha dette nye språket, ho vil ha det gamle. Dalgård-språket er ein vennskapleg fektekamp. Utfall og latter, fin-ter. Snart skal brørne kome leande inn døra, og dei skalvere der dei alle høyrer heime. I sitt eige språk. Dettespråket som kan knekke alle hindringar i livet.− Bjørn er på Svalbard, Sjur kjem i morgon, seier ho

tafatt.Han svarer ikkje. Det er ei kvitkalka stille som får

henne til å ønske at verda må trenge seg inn i dette rom-met, kome med eit jordskjelv, ein Irak-krig, Afghanistan,kome med kva som helst og rive med seg menneska som

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 17

sit her inne og ikkje veit kva dei skal seie til kvarandre.Kanskje ser hennar eige blikk like hjelpelaust og flatt ut. Det går timar, dagar, eit par tusenår utan at ho kan

våge fleire ord. Ho ser på han og spolar gjennom sinevante bilde av robuste Lasse. Ein glad førtiåring som igrunnen ikkje har forandra seg. Han er den same som påbildet ho har hengande i gangen. Slik har ho alltid setthan. Lys blondt hår, uryddig og strittande etter ei sove -posenatt. Han er tretten år og står framfor teltet og balan-serer ein sotete kaffikjele på ein pinne. Det er eit bildesom burde hatt eit lydspor med kneggelatter. Snedig, søs-ter, snedig! Dæven. Først elitesoldat, så vellykka i siviljobb. Lasse er lyden av glad plystring, vulkanutbrot av latter. Livet er ei konfektøskje. Eller er det ho som ikkjehar sett han tydeleg som vaksen? Den plutselege kjenslanå av eit granskande blikk. Noko svart og stingande. Eithol ho vil tette att.Hei, du er sola, kom med dine heimelaga fløytetonar!

ville ho minne han om. Har alltid ønskt meg di evne til ågå plystrande gjennom livet. Kom igjen, Lasse! Dette er ein avgrunn, får ho lyst til å seie. Avgrunn! Så slår det henne at Lasse aldri ville ha brukt det ordet.

Om ei fjellkløft kanskje, men ikkje elles.

− Går det bra med filmen? seier Lasse.Det er noko tvingande i blikket. Ho rykker til. − Takk, fint. Bra.Ho hakkar ut orda. Han ser på henne og løftar auge-

bryna på sin gamle ironiske måte, jaså? seier auga. Finstdet ingen kvardag?Ho hakkar vidare.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 18

− Eg har skaffa meg frie taumar. − Slik at du kan sitte her og glo på stakkars meg?Det er ingen latter, det er trass i stemma, kanskje sinne.

Det får hjartet hennar til å hamre.− Eg kan gå.Ho slår ut med hendene. Rommet blir fylt med ham-

ringa i bringa. Ho grip seg i å ønske at det måtte stå eitgammalt veggur her, med djupe tikk-takk og klangfulleslag for halvtime og time. Ein pendel å sjå på, her finst tid. Han svarer ikkje, flyttar blikket opp i taket. Og i sekun -

det før han lèt augelokka stenge henne ute, ser ho inn inoko som får henne til å gispe etter luft.− Har du fått vite noko meir?Stemma er graut, punktert strupe. Eit stort og brøl -

ande nei kjem opp frå magen. Det flagrar gjennom henneog får henne til å minnast lukta av sardinar på egg, hohadde brukt loff og laga snittar. Denne lukta som blandaseg med grønsåpe. Det måtte vere nyvaska da mor komheim. Og det er så kort tid sidan.Ho vil nå fram til han, men veit ikkje kva ho skal seie.

Kva kan ein seie når ein ikkje lenger kan finne tonen. Hoskvett av stemma som har klang av metall.− Svulsten er stor som ein appelsin og ligg vanskeleg til.− Og legen, kva seier han?− Han har sagt ja til å operere.− Det betyr at det er håp.− Det betyr at han skal bruke kniven på hjernen min,

ja.Nei, vil ho rope.− Ja, seier ho, − du har fått landets beste kirurg. Dette

går bra, Lasse.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 19

Ho vil rope, skrike, men alt ho kan få til, er å knuesine eigne knokar.− Dommen kjem ikkje før etter operasjonen. Dersom

eg overlever at dei løftar på lokket.Ho tar handa hans. Det er handa til ein toåring som

ikkje vil sleppe henne. Nei, det er ho som ikkje vil sleppe.Eg slepper ikkje, denne gongen slepper eg ikkje, tenker ho.− Har du vondt?Han ser vekk. Ho bøyer seg over han, vil ha svar.− Er det vondt i hovudet?Han snur seg mot henne, blikket treffer henne. Igjen

dette ukjente prosjektilet, det er ikkje Lasse-blikket. Hanvil stenge henne ute, jage henne vekk.− Herregud, søster, eg er lagt i bakken. Vondt er ikkje

akkurat ordet.− Eg kan gå.Ho kjenner eit press bak augelokka. Vil reise seg, men

kroppen er lam frå nakken og ned. − Nei, ikkje gå, kviskrar Lasse. –Tenk om eg ikkje kjem

tilbake.

• • •

Da toget seig med små sukk ut frå Lundeby stasjon,hadde tanken streifa henne som ein liten jubel. Tenk omeg ikkje kjem tilbake. Lasse løfta handa som for å vinke,men strauk seg i staden over auga. Faren stod som fast-frosen og med eit kilometerblikk. Så bøygde han seg nedog løfta opp Lasse. Før ho snudde seg vekk frå togglaset,rakk ho å sjå det lyse barnehovudet som la seg inn mothalsen til faren. Kroppen hans rista. Ho sette seg med eit

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 20

kast i togsetet, bladde opp i siste nummer av Det Nye ogblunka vekk det våte.

Byen, eg skal til byen. Eg skal til byen, for faen.Ho hadde loge på alderen og skaffa seg sommarjobb,

for første gong skulle ho til hovudstaden.Livet skulle starte, det skulle ikkje stå og harke. Livet

slik det såg ut for alle andre, livet slik ho hadde sett det påfjernsyn, livet i bladet ho hadde på fanget. Toget fekk oppein betryggande fart, sett gjennom augevippene bleidalen til strekar som forsvann. Ho tok opp ein tygge-gummi, og snart var det vekke, dette uklare i magen.Ho hadde reist frå han. Ho har alltid reist frå han. Nå

sit ho og ser på Lasse som har sovna, men ho ser ut av eittogglas og ser ein femåring. Eg reiste og eg reiste. Men egklarte det likevel ikkje. Det skal heller ikkje skje nå. Einsom reiser, kjem alltid tilbake. Om litt vil han vakne, ogda vil ho seie orda høgt. Du kjem tilbake. Ho vil strykehan på kinnet. Alt går bra. Du er stor og sterk, og detteklarer du fint. Ho tar jakkeermet og tørkar sine eignekinn, gnir på dei våte flekkane på olabuksa.− Så urettferdig er ikkje livet. Det kan ikkje vere så

urettferdig.Lasse rykker til, slår opp auga og ser på henne med

smalt blikk.− Kva sa du?Ho må ha sagt orda høgt. Ho prøver å få dei neste orda

ut med eit smil, munnvikene kjennest stive.− Eg sa at det går bra. Du er i trygge hender. Dei ope-

rerer ikkje om dei er i tvil. Og overlege Frøym er den beste.Du har sjølv sagt det.Han nikkar ikkje, ser berre på henne. Det blikket der

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 21

er for stramt og mørkt, smil til meg. Ho grip seg i å ønskeat han skal gråte, hulke mot skuldra hennar. Ho skullehalde han hardt inntil seg, gynge han, seie at så, så, alt blirbra! Slik ho hadde gjort da han var liten.Når var det ho hadde slutta å trøste? Eller var det han

som hadde slutta å gråte?

• • •

Eg ser meg ikkje tilbake. Det var det ho alltid sa. Eg serframover. Ho har reist og reist og sett framover til nesteprosjekt. Julie Dalgård, prisbelønt regissør, mest kjent forsine Afrika-filmar. Ho låser seg inn i leilegheita og slengernøkkelen frå seg på bordet i gangen. Bildet av Lasse ler mothenne. Ho må sjå på det ein gong til. Er dette bildet sant?Den turglade Lasse er bildet ho har valt, skøyaren Lasse. Idag hadde ho sett noko som ikkje finst på dette bildet. Det har hopa seg opp med aviser og vekemagasin,

halvfulle koppar. Ho tar av seg sko og sokkar, nyt å kjennedet olja tregolvet under fotsolane. Den lyse leilegheita kanminne om eit atelier, eit par regissørstolar, skrivebord ogsofa. Ho blir gåande fram og tilbake, ser at det kvervlarstøvkorn i kveldssola. Han må ikkje gi opp, han må ikkje sleppe taket. Ho kjenner med fingrane over det høgre øret. Det er

kjøresentralen for å styre føter og hender, og det er ikkjeplass til ein appelsin der inne.Ho granskar seg i spegelen og ser at det ikkje kan

stemme. Står med begge hendene mot tinningen ogbestemmer seg for at det er umuleg. Overlege Frøym måha overdrive da han brukte ordet appelsin.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 22

Det spreier seg ei lukt av nyvaska. Ho skrubbar benk ogkomfyr, pussar alle glasvindauge i skapa. Hentar ein gam-mal tannkost og spritar opp vaskevatnet med salmiakk,går ned på kne og gnikkar på dei mørke fugene mellomgolvflisene. Ho set på Matteuspasjonen på full styrke oglèt musikken drive gjennom kroppen. Så kastar ho segover bokhyllene med ein støvklut. Bøker er som periodarav livet. Dei har fått stå urørte. Nå ruskar ho i dei, veltarbøker ut av hyllene, støvet skal vekk. Det flyg små hybel-kaninar frå bokryggane. Hukommelsen har sin eigenorden blant desse bøkene. Julie Dalgård står det på nesten alle tittelark, av og til i

pertentleg småjenteskrift. Ho har for vane å sette namnog årstal i alle sine bøker og putte avisutklipp eller småminneting inn mellom boksidene. Afrika-bøkene ersamla for seg, mange med arr etter reising. Alle av AndréBrink og Nadine Gordimer, nesten alle av Doris Lessingog J.M. Coetzee. Ho stryk over ryggen på July’s People ogser at det stikk ut eit lyseblått papir med blått, raudt ogkvitt i strekar. Eit norsk luftpostbrev frå Afrika-perioden,ho veit før ho dreg det ut, at det må ha barneskrift. Det ereit brev frå Lasse. Han har gløymt å skrive dato. KjæreJulie! Han må ha vore fjorten eller femten, ho var assis-tent på ein dokumentar om Nelson Mandela. Lasse skreiv som han snakka, korte setningar med

sprut av latter. Vi har det artig med revy. Blokkfløyta mihar heldigvis fått ein sprekk.Det er setningar han har visstho ville le av. PS Hils Dave og løvene frå meg.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 23

Pianotonane er spinkle i starten, far spelar opptakta tilErbarme Dich. Nå kjem ei kvinnestemme inn, djup ogvakker. Matteuspasjonen løftar seg opp til eit flimmer avein film. Ho ser gullenglar over eit barokt kyrkjeorgel ogeit kvitt hus på ei slette. Ei lys gardin blafrar i vinden, deter ei kvinne nede på jordet. Ho bøyer seg over ein så -pinne, dyttar frø i jorda. Nei, kvinna i kjolen er i svev, deter mor. Ho er eit målarstykke av Chagall, og snart går ho ieitt med den raude makrellskya over fjelltoppane. Julie vil gripe etter henne, gripe etter mor. Ho vil ut av

dette. Det er ikkje lenger musikk som kjem ut av pianoet,det er gråt. Ho spring, men ho hamnar på postkontoret.Og der bak skranken sit ho igjen, mor i den same kjolen.Ei stripe jord over panna, ho smiler. Så, så, alt blir bra.Men mor, vil Julie spørje, korleis var det, mor, korleis vardet for deg?Røysta har ingen lyd, ho rører på leppe og tunge. Ho

har blitt stum. Julie står og gapar utan ord, og saktekrympar ho og blir til ei lita jente som knapt når opp tilskranken.

Ho vaknar med open munn og hovudet løfta opp frå puta.Bilda frå draumen svirrar rundt i henne. Ho finn frampennen og vil notere i den vesle dagboka på nattbordet.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 24

Ho blar fram til ei blank side. Englestien, skriv handahennar.

Ho ser først forbausa på ordet. Så kjenner ho at føtene fårlyst til å kome seg i gang, ho har ein plan. Det er ho som har svikta, slår det henne, ho var alltid

tursjef, og ho har svikta. Det var ikkje dit, til barndoms-landet, ekspedisjonane gjekk. Ho tok han ikkje med tilEnglestien, og nå hugsar han ikkje det han treng å hugse.Kva lykke er, barndomslykke. Det du har med deg somein skatt. Dette som løftar deg gjennom livet. Kva ei morkan vere for barna sine. Det mor var før ho blei sjuk, førho fekk han. Ho har ikkje delt det med han. Ho vrenger av seg nattkjolen og går i dusjen. Ein må

starte dagen. Eit glas juice og to brødskiver. Avisa. Ta tele-fonar, ordne ting. Sjølv om alt har eit lag bomull rundtseg. Ho ser ut på trekrona utanfor, evig ro, og like underevig puls, folk til og frå på fortauet. Ho kan sitte her ifjerde etasje og halde fast på tida, stire på treet, få alt detandre til å forsvinne. Fortrenging er undervurdert, brukteho å seie. Ein må gå vidare.Ho har alltid tatt Lasse med til nye stader, nye ekspedi-

sjonsruter. På turane i fjellet hadde ho trena han i bannord. Dei

utkjempa små slag med ord. Farken skjærra. Faen sløngje.Bannord krev høg og raspete stemme. Faen han pine.Dei hadde hatt eit lite fjelltelt. Ho var Nansen, han

måtte vere Hjalmar Johansen. Du Hjalmar, sa ho, hanmåtte seie De og Nansen. Sjølv etter to månader i same sovepose kan det gå an å

vere dis, hadde ho forklart, men Hjalmar måtte kunne

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 25

ord som slo når det gjaldt. Ord som hestkuk og mærra-holet. Det er magiske ord, dei gir styrke, sa ho. Hugs vikan trylle oss vekk.

Da ho tar på seg skoa i gangen, blir ho på nytt ståande ogsjå på bildet. Den eine teltstonga er faretrugande skeiv.Lasse ser ut som han har stylter i olabuksa. Den gamlemåten å overleve på. Latter, plystring. Det er dette som erden sanne Lasse. Ikkje det svarte holet. Ikkje stinget i blik-ket. Det ukjente i går. Må hente denne Lasse fram igjen.Ho kjem i tankar om Scott og følgjet hans, Captain Law-rence Edward Grace Oates, Petty Officer Edgar Evans,Chief of the Scientific Staff Edward Wilson, LieutenantHenry Bowers. Ho kunne namna, dei engelske titlane.Det var ei forteljing om menneskeleg magi, om ekspedi-sjon som livreise. Det var ikkje kart og kompass som vardet viktige, men viljen. Og det handla om å bryte ut avburet. Bryte med det du sit fast i av pådytta menneskelegevilkår.Ho kunne alle fakta. Scott hadde nådd Sørpolen den

. januar , hindra og forseinka av dårleg vêr, elendigmat og ueigna klede og telt. Dei var masokistiske nok til ådra sine eigne sledar heller enn å bruke hundar. Påtilbaketuren fall Petty Officer Evans ned ein skrent ogdøydde. Ein månad seinare var det blitt mars, og himme-len var framleis som attmura, inga opning i kulde og sno.Da innsåg Captain Oates at han seinka følgjet med einskadd fot som var angripen av kaldbrann. Han gjekk tilslutt ut av teltet, han var trettito år og forsvann ut av tidamed polarhistorias mest kjente replikk: I am just goingoutside and may be some time.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 26

Ho hadde leika Nansen, men inga forteljing var som his-toria om Scott, ført i pennen av den overlevande Cherry.Ho hadde sendt Lasse boka,The Worst Journey in the World.Til Hjalmar, med takk for innsatsen under ekspedisjonenover Hardangervidda, stod det inni. Hjalmar måtte lese høgt for Nansen, han hadde lese

på stotrande engelsk. Before I started, my language would have not shamed a

Sunday School, and now – if it were not Sunday I would tellyou more about it.Kva slags ord trur du han brukte? hadde Lasse spurt. Julie kunne ikkje så mange bannord på engelsk.

Ho veit i det same kva ho skal ha med opp til han på sjuke -huset, i hylla med kart og turbøker står Cherry-boka.Bokryggen er limt, og det er mange innbrett. Ho puttarboka i veska. Klatrelitteratur, ekspedisjonar. Ho blir stå-ande ei stund og sjå på den uryddige hylla. Innfallsmeto-den, tenker ho, eg blir aldri ein systematikar, eg tenker all-tid mot neste ekspedisjon. Hos den pakistanske kjøpmannen luktar det karri og

frukt. Proviant, han skal få krefter, han skal få det beste.Ho har ei gammal soppkorg og plukkar ut og klemmer,moden mango og passe hard ananas. Ho smaker på deisteinfrie druene og tar dei raude. Ho ombestemmer segfleire gonger blant korgene med norske jordbær. Sengasengana, bestemmer ho, dei søtaste bæra. Han skal få søtebær og kamplyst.

• • •

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 27

Inngangspartiet til Ullevål sjukehus er ein hai. Her blirmenneska slukte, ingen kan kome seg unna. Ho går inn iein munn som spyr ut grufulle meldingar. Ta deg saman,tenker ho, dei opererer fordi det er håp. Han skal leve.Han skal gå Englestien, eg skal ta han med til Englestien.Gi han tilbake minna, den gamle krafta.Inn her gjekk mor med muntre og kvikke steg, og alt

var lys framtid. Ho var stolt over sjukepleiaruniforma ognyforlova. Ho hadde praksis i solskinsdagane rett etterkrigen. Julie har eit bilde av henne, anten er ho forelska,eller ho er veldig fornøgd med uniforma og måten hårethar lagt seg på rundt den nette kappa. Bildet lyser av ei tidda livet var godt, kanskje småsprang ho, som henne, overgrusen, på veg inn i gapet til Ullevål sjukehus. Ho haddevore fast i trua på det gode. Ho såg ingen hai. Her er ingenhai, seier Julie til seg sjølv, her jobbar dei beste. Menneskesom vil gjere godt.Mor fekk alltid eit uttrykk av noko fjernt når ho for-

talte om denne tida, auga blei som tilbakehalden latter. Skulle du ønske at du heller budde i Oslo? spurte Julie. Og mor hadde ledd bort det hemmelege i blikket.Nei, jenta mi, sa ho, nå har eg noko mye betre.Så klemte mor henne og gav henne eit lett klaps på

baken.

Julie set seg på den enkle sofabenken, fruktkorga vedsida av seg. Lasse har kome seg over kanten, han har over-levd operasjonen, men ho veit ikkje kva som ventarhenne. Ein sjukepleiar har ringt for han, sagt ho kunnekome.Er han den same?

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 28

Korleis blir eit menneske etter at kranietoppen er løftapå? Ho tar eit jordbær og kjenner at det er som å sette ten-

nene i ein sommar. Ho lèt att auga og kjenner skrubbsårpå knea, sin solsvidde nakke, alle bæra som måtte pluk-kast. Bær i spann etter spann, for å bli kokt og hermetisert,lagt ned under voks i norgesglas. Syltevoksen kunne eintygge mjuk, leike at det var tyggegummi. Ho smakte på hagebæra lenge før dei var modne, fekk

gåsehud og nedovermunn av sur rips, steinharde stikkels-bær. Dei leika gøymsel om kveldane og fekk vepsestikk avå gøyme seg i hekken. Det var i den tida sommaren var eitløft i kroppen, ein vind i skjørtet. Tida før.

• • •

Han som må vere overlege Frøym, kjem framoverlent utav døra, men ho får ikkje blikkontakt og kjem seg ikkje tilå stille det spørsmålet ho har. Han stirar på eit punktlenger bort i korridoren og går forbi henne. Ho får eitnikk frå sjukepleiaren, som kastar blikket tilbake til denhalvopne døra. Julie nøler før ho gir frå seg eit lett bankog går inn.Ansiktet er lite i bandasjen, auga får henne til å tenke

på grus.− Hei søster.Stemma er hans og likevel framand. Ho bøyer seg

fram og gir han ein lett klem. Da kjenner ho lukta, densame lukta ho har kjent frå seg sjølv før i dag.− Ille? kviskrar ho.Han nikkar. Det er saltflekkar ved augekrokane. Ho

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 29

ser på den ujamne pulsen, han lagar rykkvise teikningarpå skjermen. Ho ser seg om etter vatn, ho må ha vatn,kvifor er det ikkje vatn på overvakingsrom? Ho vil nåfram til han, finne orda. Eg er Julie, du er Lasse. Vi to Dal-gårdar, vi klarer oss slik vi alltid har gjort. Eg skal passe pådeg, alt blir bra. − Første etappe, du klarte det, seier ho.− Nei, i grunnen ikkje.Stemma er låg, dei tørre orda kjem frå ein stad der ho

er utestengt.− Men du klarte det! Du er i live!Han snur seg vekk frå smilet hennar.− Dei fekk ikkje med alt.− Og det betyr?− Faenskapen ligg for vanskeleg til.− Men hjernen din fungerer tydelegvis.− Tja.− Kvifor tja?− Den fungerer godt nok til å forstå at ikkje alt fungerer.− Men du har overlevd!− Ja, men ikkje sikkert eg har kommando over høgre

bein. Armen er også ulydig. Og ingen veit.Han ser opp på henne, det er raude steinar i blikket,

ser ho nå.

• • •

− Eg har trena på å døy. Det er pensum på Krigsskolen.Ein må vere klar til å forlate denne verda. Eg underviser idet. Men dette her.Røysta sprekk.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 30

− Du skal ikkje døy. Du er operert, og du skal leve.− Kjære søster, spar meg for ønsketenking. Det hjelper

ikkje.− Du har da ikkje tenkt å gi deg så lett? Overleving har

med innstilling å gjere.− Herregud, Julie.Han snur seg vekk frå henne igjen.− Eg meiner det, du må kjempe!Ho lener seg over han. Legg ikkje merke til at andre har

kome inn i rommet, før ho kjenner ei hand på overarmensom dreg henne vekk frå senga. Grepet er hardt, og det tarlitt tid før det går opp for henne at det ikkje er ein sjuke-pleiar. Ho ser inn i eit ansikt med raudkanta auge og uryd-dig hår. Det renn ei svart tåre nedover det eine kinnet.− La han i fred, det er det han treng.Det er kona Live som dreg henne vekk. Ved døra har dei

to døtrene blitt ståande, dei ser ned og held på veskenesine. Julie ser mot Lasse, men han har meldt seg ut, stengtblikket sitt. Ho ser det piplar vått mellom augevippene.− Han må oppmuntrast, seier Julie og søker med auga

etter støtte hos døtrene. Dei ser ikkje på henne, dei gårsom på signal over på den andre sida av senga. Julie lèt segdra vekk, men tar tak i handa til Live.

− Han må få livslyst.Live er mildare i grepet nå, vender henne mot døra.

Julie vil protestere, det rasar gjennom henne, ord hokunne seie. Eg kjenner han, ingen kjenner han som eg. Eghar kjent han lengst. Lasse treng meg, vil ho seie, men detkjem ingen ord.− Vi treng fred, han treng fred, seier Live.Det er ein svie i blikket, det brennemerker henne, og

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 31

ho kan ikkje seie om det er si eiga smerte ho kjenner. Korkjem dette stikket frå? Det er ikkje grepet rundt armen,det er innanfor ribbeina.Ute på gangen ser Julie fruktkorga og blir ståande og

stire på jordbæra. Burde gå inn igjen med korga. Hanville ha godt av friske bær. Nei, ikkje nå. Korridoren flyt i eit uklart skylag da ho går mot heisen.

Englestien ferdig_A 10.09.13 15.03 Side 32