fiolinane

11
fiolinane SAMLAGET roman JAN ROAR LEIKVOLL

Upload: det-norske-samlaget

Post on 09-Mar-2016

232 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

jan roar leikvoll SAMLAGET roman 2 Eit vintereventyr. Samlaget 2008, 2010 Roman Jan Roar Leikvoll Det Norske Samlaget Oslo 2010 3 4 isbn 978-82-521-7549-3 til emilia No sig eg snart i moldi ned, og leitar du, so er eg burte. –Job – 7 8 9 10 om eg var redd, slik sysken spurde kvarandre når natta kom og endra alt, mens månen lyste eller gøymde seg bak mørke, drivande skyer.

TRANSCRIPT

Page 1: Fiolinane

Om Jan Roar Leikvolls debutroman Eit vintereventyr (2008)

«Mirakuløs debut. Utsøkt prosa med blytung tematikk fra helvetesleir. Cathrine Krøger, dagbladet

«Imponerande romandebut om umenneskeleg­gjering og utryddingsleirar. […] Leikvoll, med den distansen han kan tillata seg – rett og slett fordi han har den tidsmessige avstanden som vi eldre ikkje har – kan løfta det umenneskelege ut av årstala og syna oss prosessen med nedhøvling av menneskeverdet uavhengig av tid og stad. Han kan arbeida skjønnlitterært med det vi eldre vart sjokkskadde av.»Knut Ødegård, aftenposten

«Liten roman om stort tema, konsentrert, vel­komponert og med stor innsikt i de menneskelige avgrunner.»Fartein Horgar, adresseavisen

«Brutalt og ømt i original debutroman med høg språkleg kvalitet.»Gerd Elin Stava Sandve, dagsavisen

«Tidvis rystende skildring fra et konsentrasjons­leirmiljø der antihumanismen for lengst har seiret. Jan Roar Leikvoll vil ganske sikkert bli stående som en av debutantene man husker fra denne bok­høsten. Eit vintereventyr er en bekmørk og intens roman, som etterlater leseren med lite håp. Slik kan også god litteratur fungere.» Sindre Hovdenakk, vg

«Konklusjonen er klar: Jan Roar Leikvoll har skrevet en roman som vil vibrere lenge i den leseren som ikke går til litteraturen for å falle til ro, men for å filleristes.»Pål Gerhard Olsen, bergens tidende

fiolinane

. jan roar leikvoll .

ja

n r

oa

r le

ikv

ol

l fiolinane

det norske samlaget

www.samlaget.no

isbn 978-82-521-7549-3

Fiolinane er historia om ein ung mann i kamp for å overleve i ruinane av eit samfunn, der den sterkastes rett gjeld. Han er kjenslevar og kjenner seg aleine, og familien hans er i ferd med å gå til grunne. Det einaste faste punktet i tilværet er beste faren, den gamle fiolinisten.

Jan Roar Leikvoll fekk stor merksemd for debut boka Eit vintereventyr, og med den andre boka si viser han seg nok ein gong som ein original forteljar som tør å gå heilt eigne vegar. Kva hender etter det verst tenkje lege? Fiolinane er på same tid suggererande og skremmande, glovarm og iskald, ei forteljing frå ei ytter grense av menneskeleg erfaring.

jan roar leikvoll (f. 1974) er frå Frekhaug i Nordhordland. Fiolinane er den andre boka hans.

Om Jan Roar Leikvolls debutroman Eit vintereventyr (2008)

«Dette, kjære venner, er et sant stykke litteratur.»Mattis Øybø, klassekampen

«En grusom roman, rå som få, men likevel for­midlet med en sober stil som holder taket helt inn. [...] Handlingen utspiller seg blant fanger i en ikke navngitt eller tidsbestemt konsentra­sjonsleir, som for å understreke at den totale rå­skapen dessverre ikke er begrenset til nazistenes Holocaust­leire. Det som bærer romanen er først og fremst valget av forteller; en litt svak mann som gjerne vil bevare troen på at det finnes noe godt i menneskene tross alt. Det er en ubehage­lig leseopplevelse, og utrolig flott at en debutant klarer å ta i mål et slik prosjekt.»Geir Vestad, hamar arbeiderblad

forfattarportrett: s ilje holteframsidefoto: gozooma / plainpicture / scanpix omslagsdesign: johanne hjorthol SAMLAGET

roman

jan roar leikvoll

Leikvoll_omslag.indd 1 08.02.10 10.59

Page 2: Fiolinane

jan roar leikvoll

Eit vintereventyr. Samlaget 2008, 2010

2

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 2

Page 3: Fiolinane

Jan Roar Leikvoll

Fiolinane

Roman

Det Norske SamlagetOslo 2010

3

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 3

Page 4: Fiolinane

© 2010 Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

omslag: Johanne Hjorthol

førtrykk: Samlaget

skrift: Adobe Garamond 11,5/13,5

papir: 80 g Munken Print Cream 1.5

trykk og innbinding: AIT Otta AS

Printed in Norway

isbn 978-82-521-7549-3

4

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 4

Page 5: Fiolinane

til emilia

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 5

Page 6: Fiolinane

No sig eg snart i moldi ned, og leitar du,so er eg burte.

–Job –

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 6

Page 7: Fiolinane

Rastlaus gjekk eg att og fram, gjorde brått ein sprett overeit rustent oljefat og landa på begge føtene i sanden,sprang eit par raske steg og utførte nok eit plutseleg byksover eit anna oljefat. Det var ikkje likt meg å halde på sliktidleg om morgonen, men eg og far skulle grave ei grav,og det var første gongen mine hender skulle grave eit hòli jorda der nokon eg kjende, skulle ligge.

Eg steig opp på eit av oljefata og vende ansiktet motden stigande sola. Ho steig stadig høgare over hauganemed jernskrap og skrot, la ein fotsolefarge på høgdedragetsom kasta lange og svalande skuggar. Lyset skrådde mindreog tapte den fine fargen, og snart ville eit vondt, bren-nande auge henge over meg. Det dampa svakt frå skuretvårt etter den kjølige natta, her og der låg fuktige flekkaratt, ei solstrime strålte inn døra på det hardtrakka sand-golvet. Mor låg på matta si og heldt eine armen rundtveslesyster. Dei sov og drøymde kanskje noko fint, menendå så nære dei var, var dei likevel så langt borte fråkvarandre. Sola steig, og lysstrima skar dei i bitar, løystehendene og beina frå kroppen, skar seg sakte opp motansikta deira, og hovudet til veslesyster, halvvegs gøymtav armen til mor, vart snart skore av den bleike kroppen.

Far satt i det tidlege og varme lyset, uanfekta av byksamine, og gnog på ein knok. Han smatta og gnog ognikka mot dei to sovande kroppane.

7

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 7

Page 8: Fiolinane

Vi får då håpe at ho vesle kjem til å klare seg, sa han. Eg nikka meg einig, det var umuleg å forestille seg

korleis det måtte vere å vakne morgon etter morgon utanat veslesyster var her saman med meg. Eg såg på dei tokroppane lysstrima snart kom til å skine i auga, spreie uteit lys på innsida av augelokka og vekke dei. Eg forstodikkje korleis lyset klarte å gjere alt så underleg og annleis,at alt endra seg etter korleis sola tok.

Far kasta knoken rett opp i lufta, eg hoppa høgt ogsnurra meg raskt rundt og klarte så vidt å gripe han.

Et no, sa han, du er tynn nok som det er. Eg huka meg halvt i lys, halvt i skugge og åt og

gløymde for ei lita stund grava hendene våre skulle grave.På eine sida av den halvkvite knoken var det framleis littmuskelrestar, våte og slevete etter far sin krevjandemunn, og svolten kom di meir eg togg. Eg trong kraft ogstyrke for denne dagen, det peip og rumla i buken kvargong eg svelgde og saug, eg åt like fort som alltid mensauga gjekk att og fram for å sjå om mor skulle stele kno-ken frå meg, eller om far ombestemde seg og ville ha hantilbake. Men far sette seg ned framfor karet med grum-sete vatn, som mor henta meir av kvar dag, og slik hansatt og drakk av hendene sine, såg eg den tunge og raudepungen mellom dei hårete beina og lurte på om eg komtil å få ein slik ein dag.

Bestefar sa at alle menn fekk skikkeleg pung etter kvartsom åra gjekk, eg visste ikkje kor lenge eg framleis måttevente, men eg likte pungen min slik han var. Når eg tenktepå noko fint, som å leike saman med systrene mine, varthan som fylt av varmt vatn. Eg likte å knipe og dra i han,rørslene fekk alle nervane bestefar sa styrde kroppen, til å

8

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 8

Page 9: Fiolinane

la meg kjenne heile meg. Elles kjendest kroppen tørr oglivlaus, kjøt og bein gnissa mot kvarandre, tørt mot tørt,bein mot bein. Godt var å bere noko som hang ut av krop-pen, ein utvekst hengande mellom eigne bein, framleistynne med lyse hår og nesten utan musklar. Mor sa ofte ateg aldri kom til å bli som far, eg var visst for spinkel og eitdårleg emne, musklane mine kom aldri til å gjere seg store,aldri røre seg under huda slik far sine gjorde.

Eg sleit dei siste, seige kjøtrestane av knoken mens egsåg på far. Var det ikkje for at storesyster skulle gravastned, hadde eg tatt meg ein runde blant haugane medoljefat og jernrør, vorte borte ei stund, klatra litt i metall-bjelkane, gjort nokre byks og slengt meg frå ein bjelke tilein annan og tenkt på andre ting. Men no låg ho bakskuret, for ho døydde like før kviledagen, og då tre stjer-ner viste seg på himmelen og kviledagen var over, sa farat det var for seint, han bar ikkje lik i natta. Mor bad forstoresyster og gjorde henne klar for jorda, men far og egventa og dekte til kroppen med bølgjeblekk og metall-skrap, for å halde dyr eller einsame menneske unna.

Kvar gong eg var på skithaugen etter at vi hadde borehenne ut, var det underleg å sjå den nakne og døde sys-terkroppen ligge aleine inntil veggen. Underleg var åskulle grave eit hòl der nokon ein kjende, skulle gøymastog aldri meir bevege seg, underleg var at ho aldri meirskulle strekke ei hand ut i lyset og seie noko om det ellerdet, aldri meir seie noko eg smilte eller kjefta av, aldrimeir noko som fekk meg til å kjenne noko, aldri meirnoko som fekk fram det varme vatnet i meg. Kanskje vardet verkeleg slik bestefar sa, at dei døde kvilte slik at vilevande skulle forstå at vi var vakne.

9

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 9

Page 10: Fiolinane

Far gjorde eit høgt hopp i lufta og landa like framformeg.

Er du klar?Eg beit av meir kjøt og stakk knoken inn under den

varme sandsteinen eg satt på, han fekk ikkje forsvinneeller bli funnen av mor, ho sneik seg omkring overalt nårfar og eg var borte, snuste etter noko å gnage på. Eggjekk heilt oppe i hælane på far til baksida av skuret,langs veggen tok bølgjeblekkplatene til å varmast av sola,men så snart vi runda hjørnet, like ved skithaugen, varlufta framleis litt rå, og pungen krympa mellom beina.Men eg visste kor varmt det vart seinare på dagen, detville ta til å svi på huda, og eg ville søke skugge, spesieltein stad på ryggen svei meir og meir for kvar dag, ein sviesom hadde kome til meg i det siste.

Far og eg løfta skrap og plater til sida. Ei hand komfram, så mykje mindre enn mi, endå ho var eldre enn mi.Ein olboge, ei skulder, eg drog ein planke bort og eitbryst kom fram i skuggen, kvitt og utan liv, så annleisenn då ho levde og gjekk rundt i eller utanfor skuret,eller kom heim med vatn saman med mor og veslesyster,berande på kar som fekk himmelen til å røre på seg nåreg såg ned i vatnet, vatn som sildra når storesyster vaskaseg eller veslesyster, når ho huka seg i sol eller skugge ellerla seg nærare kvar gong eg drøymde vondt, spurde lågt

10

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 10

Page 11: Fiolinane

om eg var redd, slik sysken spurde kvarandre når nattakom og endra alt, mens månen lyste eller gøymde segbak mørke, drivande skyer.

Fiolinane-Ferdig.qxd:Fiolinane-1korr.qxd 03-02-10 13:39 Side 11