lok1100 bjo nkh eksamen

9
S Saudanytt Skråblikk: - Alt for å sleppe å studere MENINGER, SIDE 2 Mandag 15. juni 2015 Uke 25 Nr. 1 1. årgang Innvilga skjenke- bevilgning I førre veke fekk eigarane av Mettes Lille Hotel beskjeden dei har venta på: Dei får serverings- og skjenkeløyve. NYHEITER, SIDE 3 Ferie på gründer- skule Cato Søndenå Karbøl vel å reise til Boston for å gå på skule medan dei fleste har sommarferie. KULTUR, SIDE 8 Det var mange som trossa vêret laurdag føremiddag og tok turen til “by’n” då dei 108 køy- retøya som deltok i helgas Norgesløp for veteranbilar inntok sentrum. Dei stod på rekke og rad frå Sauda Libris til Rådhusplassen, og her kunne ein sjå bilar frå heilt tilbake til 1920-ta- let. Blant deltakarane var familien Berit, Svein Mikal og Steinar Ødemotland frå Nærbø. KULTUR, SIDE 6-7 Veteranbilfest i Sauda Kickboksing: Sparker for gull i VM SPORT, SIDE 9

Upload: siri-a-wiersen

Post on 22-Jul-2016

234 views

Category:

Documents


3 download

DESCRIPTION

 

TRANSCRIPT

Page 1: LOK1100 BJO NKH Eksamen

SSaudanytt

Skråblikk: - Alt for å sleppe å studereMENINGER, SIDE 2

Mandag 15. juni 2015 Uke 25 Nr. 1 1. årgang

Innvilga skjenke- bevilgning

I førre veke fekk eigarane av Mettes Lille Hotel beskjeden dei har venta på: Dei får serverings- ogskjenkeløyve.

NYHEITER, SIDE 3

Ferie på gründer-skule

Cato Søndenå Karbøl vel å reise til Boston for å gå på skule medan dei fleste har sommarferie.

KULTUR, SIDE 8

Det var mange som trossa vêret laurdag føremiddag og tok turen til “by’n” då dei 108 køy-retøya som deltok i helgas Norgesløp for veteranbilar inntok sentrum. Dei stod på rekke og rad frå Sauda Libris til Rådhusplassen, og her kunne ein sjå bilar frå heilt tilbake til 1920-ta-let. Blant deltakarane var familien Berit, Svein Mikal og Steinar Ødemotland frå Nærbø.

KULTUR, SIDE 6-7

Veteranbilfest i Sauda

Kickboksing:Sparker for gull i VM

SPORT, SIDE 9

Page 2: LOK1100 BJO NKH Eksamen

SSaudanytt

2 Skråblikk SSaudanytt

Mandag 15. juni 2015

Siri Åbø WiersenSjefredaktør

Student, eg? Aldri.

(...) med sjølvdisiplin på nivå med ein

treåring i godtebutikken (...)»

SkråblikkSSaudanytt

DET VAR tanken min for eitt år sidan. På det tidspunktet hadde eg hatt to friår etter vidaregåande. Vennene mine begynte å bli ferdig med både eit og to årsstudium, nokre var alt ferdige med bachelor-graden sin. Men å begynne å studere sjølv, det var aldri eit tema for meg. Fram til veka etter.

DÅ EG starta på idrettslinja ved Sau-da vidaregåande skule i 2009 var eg ved godt mot. Men for ein person med sjølvdisiplin på nivå med ein treåring i godtebutikken, blei arbeidsmengda fort for stor og eg bestemte meg for å ta eit år som utvekslingsstudent på skule i USA. Der hadde eg «the year

of my life» som så mange seier så fint, klisjé nei.

ETTER AT eg kom heim til Sauda sommaren etter bestilte eg flybillett tilbake til Utah i løpet av dei første månadane heime. Det siste året på skulen i Sauda gjekk sin gang, ein toppelev var eg aldri. Eg skulle jo ikkje studere etterpå uansett, så det hadde ikkje så mykje å seie.

FOR Å ikkje «kaste bort» eit år på tull og vas (og for å gjere mor nøgd), drog eg inn i militæret i 2012, etter å ha vore i USA i ein månad. Etter omlag eitt år i Luftforsvaret, dimit-terte eg tidleg for å kunne dra tilbake til USA i ein månad. I 2013 flytta eg til Oslo for å jobbe, alt for å sleppe å studere.

MEN SÅ skjedde det altså noko med meg, i juni for eitt år sidan. Eg var i Bergen på festival, og eg møtte mange venner som sa at det var på tide for meg å gjere noko fornuft-ig med livet mitt. I løpet av helga skjønte eg at det kanskje ikkje var så ille å vere student. Mykje fridom og lange feriar likte eg tanken på, sjølv om det også kom til å bety eksamenar og kanskje ikkje fullt så mykje peng-ar.

SØKNADSFRISTEN FOR å søke på skule var gått ut, men på flytoget på veg heim til Oslo kom eg over ein privatskule i Bergen som tilbydde ei bachelorgrad i journalistikk. Eg la inn ein søknad via mobilen, og fikk tilbod om plass dagen etter. Same dag sa eg opp jobben i Oslo, og ei veke etter hadde eg skaffa meg tak over hovudet i Bergen.

SÅ NO sit eg her, på eit kontor hos lokalavisa Ryfylke. Eg er så heldig å ha fått sommarjobb som journalist

i avisa, og har tjuvstarta litt. Om to veker har eg årets siste eksamen i Bergen, og det er ikkje så ille som alle skal ha det til. Eg gler meg faktisk til fortsettinga til hausten.

SÅ KVIFOR sit eg her og skriv livshistoria mi, tenker kanskje du. Jo, for kjære foreldre; ikkje ver så bekymra om dottera eller sonen din ikkje er den mest motiverte eleven på skulen, eller er den som seier at han eller ho aldri skal studere. Og til de, kjære elevar som ikkje er så motiverte for å starte rett på studiar etter endt skulegang, eller kanskje ikkje veit kva de skal; det finst ei tid for alt. For min del førte opplevingar og eit avbrekk frå skulen til at eg blei motivert til å begynne igjen.

FOLK BLIR det nok av oss alle – til slutt.

Siri Åbø [email protected]

SKULEKVARDAGEN: Å vere student er ikkje så ille som fleire skal ha det til.

Page 3: LOK1100 BJO NKH Eksamen

NyheterSSaudanytt

Mandag 15. juni 2015

Saudabuen har nå snart nok eit alter-nativ å velge mellom når det kjem til uteservering. Blir Saudadagane like pupulere som dei var for eitt år sidan, med fulle uteserveringar

i heilt sentrum, kjem behovet til å vere stort.

– Vi har bestilt fleire bord og stolar, og håpar det kjem tidsnok til Saudadagane slik at folk kan nytta seg av tilbodet då. Under Saudad-agane i fjor var det heilt fullt utan-for Kløver (Hotel, red. mrk.), så vi håpar at dette er eit tilbod folk kjem til å sette pris på, seier Mette Steen Nordbø ved Kløver Hotel.

Har tatt tidMettes Lille Hotel opna i oktober i fjor, og var meint som eit supple-ment til hotellet rett over gata. Det blir berre brukt under spesielle til-felle, då innehavaren av Kløver

Hotel ikkje vil leige ut romma til einkvan. Sjølve huset er frå 1902, og kan huse åtte personar fordelt på fire rom. Romma er som små leilighetar, med både kjøkken og eige bad. In-nehavar av Kløver Hotel, Jan Nord-bø, brukte to og eit halvt år på å res-taurere bygget, noko som kosta han omlag fem millionar kroner.

Mette Steen Nordbø fortel at dei kjem til å selje vin, i tillegg til å sette opp eit tappetårn i Mettes Lille Hage, som uteområdet nedi «gropa» no er døypt til. Dei kjem til å hal-de ope frå morgon til kveld, eller så lenge det er folk.

Dei dårlege vêrprognosane vil heller ikkje sette ein stoppar; det er

store parasollar i hagen som vil hal-de folk tørre om det skulle komme regn.

Populært tilbod– 35 personar har alt prøvd å booke bord, så folk må vere tidleg ute viss dei vil ha plass, oppfordrar Jan Nordbø.

– Men om alle stolane blir opptatt får vi berre ta ut bruskassar i hagen som folk kan sitte på, skyt Mette Steen Nordbø inn, og forsikrar om at alle skal få plass.

Ekteparet Nordbø kan også in-formere om at alle romma på Mettes Lille Hotell er reservert til Saudad-agane, då blant anna fleire av artis-

tane skal bu der. Det blir derfor ikkje muleg for kven som helst å gå inn i sjølve hotellet.

MatserveringOm det er ønskeleg vil gjestane i hagen ved Mettes Lille Hotel få til-bod om å bestille mat frå menyen dei har på restauranten på Kløver Hotel. Dei vurderer også å ha ein buffet, slik at folk skal ha litt av kvart å velge mellom.

– Vi har satt inn all bemanninga vi har til Saudadagane, så vi er klare for å gjere dette til ei best muleg op-pleving for gjestane, avsluttar Mette Steen Nordbø.

Onsdag i førre veke fekk eigarane av Mettes Lille Hotel beskjeden dei har venta på: Dei får server-ings- og skjenkeløyve.

NYHEITER

Siri Åbø [email protected]

SSaudanytt

BORD OG STOLAR ER BESTILT: Om alt går etter planen vil det ifølge Mette Steen Nordbø (innfelt) vere stolar og bord i hagen ved Mettes Lille Hotel til Saudadagane, slik at dei er klare til å ta i mot gjestar.

Nytt serveringstilbod i sentrum

SSaudanytt

NYHEITERMAT OG DRIKKE

3

Page 4: LOK1100 BJO NKH Eksamen

Det er berre snakk om dagar sidan det blei avklart at Elisebet Espeland skal vere dagleg leiar av bedrifta, men med mykje jobbing, hjelp frå vener og god planlegging blei det klart til opningsdag i forrige veke.

– Tilbodet om å vere daglig leiar kom veldig brått på, så alt er ganske nytt no. Men vi er alt godt i gang

med planleggingsprosessen, og har store planar for Saudadagane, fortel Espeland.

Plan Be kjem til å opne på førem-iddagen og halde ope til kvelden, og den nye daglege leiaren fortel at dei vil tilby ein god, men enkel meny. Å køyre ut mat til folk, om det skulle vere ønskeleg, er også noko dei vur-derer å tilby alt i helga. Dei kjem òg til å halde nattope under helgas Sau-dadagane, kor dei vil til dømes selge hamburgarar.

– No startar vi heilt på nytt, så vi må berre prøve oss fram. Dette er nytt for meg, men eg har store for-ventningar til meg sjølv og konsep-tet, og tenker at kundane skal kome fordi dei liker det vi gjer, seier ei en-gasjert Elisabeth Espeland.

Frå Plan Be til Sjøen 12Plan Be blei opna av bulgararen

Angel Penev i oktober i fjor. Mat-produksjonen har frå starten av gått føre seg i kjøkkenlokala på Sjøen 12. I mars gjekk Penev og Aud Hege Jørgensen Hebnes, eigar av Sjøen 12, saman om å driva bedrif-ta. Penev hadde samstundes ans-varet for drifta av Plan Be i sentrum. Med god hjelp frå Sauda Vekst og Sauda Bedriftskapital har han fått mulegheita til å fokusere meir på Sjøen 12 framover.

– Eg har ikkje selt Plan Be, men eg har planar for Sjøen 12 og syns det er eit veldig spanande prosjekt, fortel Angel Penev.

Gjestekokk i helgaTil Saudadagane har Plan Be leigt inn utflytta saudabu Morten Birkeland, som no driv House of finger foods, ein restaurant i Stavan-ger. Tidlegare har han jobba på Cafè

Sting i Stavanger, og den berømte sjokoladekaka derfrå skal dei tilby på PlanBe etter kvart. Birkeland skal ha opplæring med dei tilsette på kjøkkenet og vere behjelpeleg om det trengst framover. Ryfylkes beste fiskesuppe er blant lovorda han kjem med.

– Det må bli ein vinn-vinn-situ-asjon for alle; både dei som arbeider på Plan Be og gjestane. Er kundane fornøgde kjem dei tilsette til å vere det også. Viss saudabuen ønsker menyendringar etter kvart, kjem vil til å gjere vårt beste for å få dette til for å gjere dei fornøgde, seier Birkeland.

Store planarSjølv om det nye konseptet er i start-fasen, er ikkje planane få. Elisabeth Espeland kan mellom anna sjå for seg å slå ut ein vegg for å lage til ein

utegard i bakhagen, og tilby tråd-laust internett til gjestane.

– Vi tenker også at vi skal søke om skjenkeløyve etterkvart, og eg har planar om å kurse meg slik at eg kan lage skikkeleg god kaffi til dei som skulle ønske det, seier Es-peland.

At det er ein tøff bransje å satse innan, særleg i Sauda, er den nye daglege leiaren klar over.

– Vi kjem heile tida til å jobbe for å bli endå litt betre, og vi skal vere gode på både mat og kaffi, ikkje minst på service. Eg vil at det skal vere ein plass kor ein kan til og med kome åleine, og berre føle seg som heime. Alle skal føle seg velkomne her, og det skal vere ein plass ein skal kunne kome inn og «slenge seg på sofaen» og berre slappe av, avsluttar Elisebet Espeland.

Selskapet har framleis same eigar, men Elisebet Espeland er ny daglig leiar og skal drive Plan Be framover.

NYOPNING

Siri Åbø [email protected]

Plan B for Plan BeINNLEIGT FOR HELGA: Kokken Morten Birkeland har ansvaret for menyen, og håpar på «stinn brakke» under Saudadagane.

Regn, regn, regnBerre sju nedbørsfrie dagar i mai.

Om ei knapp veke er det midtsom-mar, menn sommarvêret let vente på seg. Snøen ligg framleis lågt og vegar er stengde på grunn av snøen, noko som er eit resultat av ein kald

og nedbørstung mai månad. Storm og vanskelege kjøreforhold i fjella på grunn av vind og snø har vore ein del av vêrmeldinga denne veka.

Dobla nedbørsmengdeAv dei 31 maidagane var det berre sju utan nedbør. Første dagen i mai fekk vi ein forsmak på korleis månaden kom til å bli, med heile 25,7 millimeter nedbør på eit døgn.

Den følgjande veka var tåleg grei, med berre 4,4 millimeter nedbør til saman. Den våtaste dagen var 12. mai, med så mykje som 41,7 milli-meter nedbør på eit døgn. Normal nedbørsmengde for mai månad i Sauda er 100 millimeter, men dette året blei talet dobla og vel så det, med heile 205,8 millimeter nedbør samanlagt.

Kaldare enn normaltTo av maidagane var det temper-aturar på den blå sida av gradestok-ken. 2. og 3. mai blei målt til 0,2 og 0,3 minusgrader på det kaldaste. Den varmaste dagen var 13. mai, med 14,6 grader på det varmaste. Ifølge Yr sin målestasjon i Sauda er det 4,2 grader kaldare enn den var-maste dagen i april, så at våren har vore vekslande temperaturmessig

kan ein seie med stor sikkerheit. Det var heile 23 dagar med to-sifra grad-er på det varmaste i mai, men med store variasjonar var det ein generelt kald månad. Normaltemperaturen for mai månad i Sauda er 10,2 grad-er, men dette året var middeltemper-aturen aldri over 10 grader. Det førte til at snitt-temperaturen i år var 7,7 grader, heile 2,5 grader under nor-malen.

SSaudanytt

4 Nyheter SSaudanytt

Mandag 15. juni 2015

Page 5: LOK1100 BJO NKH Eksamen

Då den som hadde lod-det til den raskaste anda under årets andeløp ikkje dukka opp, var det Lena Bjelland som stakk av med hovudpremien på 25 000 kroner.

FESTIVAL

Siri Åbø [email protected]

Det var godt over 1000 personar som tok turen ned til Russerbrua under årets Andeslepp, for å sjå dei omlag 1000 endene symje om kapp frå gangelva over Nordelva til Rus-serbrua. Sauda Alpin og & Freeski-gruppe står bak Andesleppet, som blir arrangert under den årlege fes-tivalen Saudadagane. Dette er tredje året på rad dei arrangerer det.

– Eg kjøpte lodda omlag 20 minutt før det starta, og vi fikk høyre at salet snart stoppa så det var flaks at vi fikk kjøpt, fortel vinnaren.

Ho hadde loddet til den nest ras-kaste anda, men sidan ingen dukka opp då dei ropte opp vinnaren vart det Bjelland som vann.

«Heilt sprøtt»Lena Bjelland har budd i Sauda i to år, og det er andre gongen ho er med på Andeløpet. Reglane for vinnaren er enkle: Bruk 25 000 kroner på minst fem butikkar i sentrum, på mindre enn ein time. Bjelland brukte i overkant av 20 minutt, så ho klarte det med god margin. Ny seng, tør-ketrommel, boka «Mellom jord og smelta malm» av Lars Olav Fatland og Trond Carsten Øye, kjole, og til sist togbane til sonen blei kjøpt inn. For å få råd til alt la ho til nokre hun-drelappar sjølv.

– Det er heilt sprøtt! Eg stod

bak ein trailer med dottera mi på sju veker, så eg såg mest ingenting. Då dei ropte opp mitt lodd var det første eg tenkte at eg måtte få nokon til å passe på henne slik at eg kunne springe fram, fortel Bjelland.

Ho og mannen hennar hadde tidlegare på dagen prata om kva dei skulle handle om ein av dei vann, noko som viste seg å vere ganske lurt med tanke på tidsbruken.

– Det er veldig kjekt å handle når det ikkje minskar på bankkontoen, og det står ein mann og berre blar opp tusenlappane, seier Lena Bjel-

land og ler.

Mykje planleggingDet årlege andeløpet har blitt ar-rangementet som står for hov-udinntektene til Sauda Alpin & Freeski, og det krev mykje planleg-ging.

– Vi er i overkant av 20 personar, smått og stort, som jobbar på dug-nad for å få dette til, fortel nestleiar i gruppa, Siv Eli Haug.

Ho fortel vidare at så snart årets arrangement er ferdig, har dei to månader sommarferie før planleg-

gingsfasen til neste års andeløp star-tar.

Viktig arrangementAud Hege Jørgensen Hebnes ved Sauda Alpin & Freeski er prosjek-tleiar for andeløpet, og fortel at ar-rangementet er særs viktig for grup-pa.

– Vi har fleire utøvarar som reiser mykje, og det er i tillegg dyrt med utstyr vi treng til gruppa. Oversko-tet frå arrangementet gjer at vi kan betale delar av turane slik at fleire kan vere med, fortel Jørgensen

Hebnes.Prosjektleiaren skryt uhemma av

sentrumsbutikkane som støtter opp ved å sponse dei med premiar, noko som er essensielt for å i det heile tatt få til andeløpet. I tillegg til hovud-premien på 25 000 har dei sju min-dre premiar, som til saman har ein verdi på 44 000.

– Det er sjølvsagt veldig viktig og kjekt at så mange vel å kjøpe lodd og bli med i trekkinga. Det må jo vere ein draum å få handle på an-dre si rekning, avsluttar Aud Hege Jørgensen Hebnes.

Brukte 1 000 kroner i minuttet

DEI HELDIGE VINNARANE: Som nummer fire frå venstre ser ein vinnar av hovudpremien, Lena Bjelland, saman med mannen hennar Ola Bjelland og sonen deira Trygve Bjelland. Vidare står Jørn Nilsen, Eivind Hustveit, Jon Magne Øverland, Olav Handeland, Ole K. Abotnes, Leidulf Vikeså med sonen Noah Vikeså, og Bodil Brekke.

FULLT LANGS NORDELVA: Vel 1 000 personar stod langs Nordelva og følgde spent med då endene flaut om kapp.

DELTE UT PREMIAR FOR 44 000 KRONER: Åtte heldige vinnarar fekk premiar sponsa av sentrumsbutikkane. Nokre av dei som arrangerte var, frå venstre: Aud Hege Jørgensen Hebnes, Kenneth Solbrekk, Siv Eli Haug og Tommy Listøl.

SSaudanytt

KulturSSaudanytt

Mandag 15. juni 2015 5

SSaudanytt

KULTURFESTIVAL

Page 6: LOK1100 BJO NKH Eksamen

Over hundre veteranbilar okkuperte sentrum

OPPTATT: Det var ingen parkeringsplassar til overs etter at veteran-bilane inntok gatene.

PÅ MED KALESJA: Då regnet kom måtte kalesja på. LANG REIS: Ivar Vimme frå Sverige tok turen til Sauda. Med i bilen hadde han også radio og kamera frå 1950-talet, det same tiåret som bilen er frå.

– Dei som ikkje er her i dag har gått glipp av noko av det største som har skjedd på lang tid i Sauda, seier Eivind Aas, ein av tilskodarane.

Årleg løpNorgesløpet blir arrangert kvart år av Landsforbundet av Motorhis-toriske Kjøretøyklubber (LMK). Ein av dei 144 medlemsklubbane planlegg arrangementet, og i år var det Gammelbilens venner på Jæren som fekk ansvaret. 108 bilar er med denne gong, og temaet for årets løp er «Industri og energi». Dei skulle i utgangspunktet køyre frå Sauda til Røldal, ned gjennom Suldal og vidare ut mot Hjelmeland, men på

grunn av dei store snømengdene over Røldalsfjellet blei dei nødd til å legge om ruta. Dei køyrde derfor direkte frå Sauda til Sand, opp til Gullingen, ned til Jøsenfjorden og over til Hjelmeland. Der blei det middag og overnatting, før turen gjekk vidare dagen etter via Ård-al til Bjørheimsbygd, over leitet til Jørpeland og vidare mot målgang på Solastranda. Heile reisa er på nær-mare 25 mil.

Stor hendingEin av saudabuane som er med på årets løp er Jan Øvrebø. Han er med i Haugaland veteranbilklubb med sin Triumph frå 1956.

– Det er kamp om å få dette ar-rangementet til sin by, så det er heilt topp at vi fekk dette til Sauda, fortel ein tydeleg nøgd Jan Øvrebø.

Frå Sverige til SaudaEin av dei som mest sannsynleg har hatt lengst reise for å kome til Sau-da er Ivar Wimme. Han køyrde 80 mil frå Dalarna i Sverige i sin Opel Kapitän frå 1957 for å vere med på Norgesløpet. Det er første gong han er med på løpet, og på spørsmål om kvifor han valde å bli med akkurat i år, kjem svaret kjapt.

– På grunn av lokasjonen, det er så fint her på vestlandet, seier

Wimme.Han fortel vidare at han veks opp

i Arendalsområdet, men at han aldri har vore i Sauda tidlegare. Då han høyrde om arrangementet greip han sjansen til å oppleve meir av Noreg. Bilen kjøpte han i 1993, og han restaurerte bilen saman med kona i 2000.

– Kona mi sydde alle setetrek-ka og tok seg av den jobben, mens eg gjorde alt anna. Vi brukte til sa-man to år på å restaurere den, så no er bilen heilt original slik den var i 1957, informerer Ivar Wimme.

Sosial familieinteresseNokre av deltakarane vel å gjere meir ut av arrangementet enn å berre stille med veteranbil. Tre som skil seg ut i folkemengda er famil-ien Ødemotland frå Nærbø. Dei har kledd seg ut i antrekk frå 1930-talet, og med bil frå 1932 står dei i god stil til veteranbilen.

– Sonen min har på seg oldefaren sin dress som han brukte i bryllaupet sitt i 1934, fortel Svein Mikal Øde-motland.

Dei køyrer i ein Packard 902 frå 1932, og er med i Gammelbilens venner.

– Vi har tidlegare fått premie for bilen, men det viktigaste er absolutt å delta. Det er veldig sosialt og eit

fint miljø i klubbane, seier Berit Ødemotland.

HobbymekanikarOlav Pettersen frå Sandnes og Tor Steinar Raugstad er eigarar av dei eldste bilane i løpet. Dei køyrer kvar sin T-Ford frå 1927. Pettersen blei ferdig med restaureringa i vinter, så denne turen er den første etter at bilen låg i delar i 40 år.

– Eg er eigentleg pensjonist, men kallar meg sjølv for hobbymekani-kar, seier Olav Pettersen.

Tor Steinar Raugstad, på si side, brukte ti år på å restaurere bilen, og blei ferdig i 2009.

– Eg får bilen opp i 60 kilometer i timen, men om eg er heldig og har medvind kan det gå litt fortare, for-tel Raugstad.

Fornøgd arrangørBjørn Svendsen er i Sauda for første gong. Han har vore med i Gammel-bilens Venner i fem år, og hatt vet-eranbil i 15 år. Han er travel med å dirigere alle bilane til plassen deira, men kjem likevel med ein kommen-tar om arrangementet.

– Vêret kunne ha vore litt fin-are, men vi er generelt fornøgde med tilstellinga i Sauda. Vi har følt oss veldig velkomne, seier Bjørn Svendsen med eit smil.

Både saudabuar og tilrei-sande tok vegen til Sau-da sentrum då starten på Norgesløpet for veteran-bilar fann stad.

NORGESLØPET

Siri Åbø [email protected]

DOLLAR I FRAMRUTA: Lommepengane er viktige på tur.

5

SSaudanytt

6 Kultur SSaudanytt

Mandag 15. juni 2015

Page 7: LOK1100 BJO NKH Eksamen

Over hundre veteranbilar okkuperte sentrumLANG REIS: Ivar Vimme frå Sverige tok turen til Sauda. Med i bilen hadde han også radio og kamera frå 1950-talet, det same tiåret som bilen er frå.

OPPDRESSA: Familien Ødemotland frå Nærbø hadde på seg klede frå 1930-talet, og stod i god stil til bilen deira, ein Packard 902 club sedan frå 1932.

DOLLAR I FRAMRUTA: Lommepengane er viktige på tur. FLOTTE DETALJAR: Det var mykje flott å sjå på for den skodelystne, som denne urestaurerte Studebaker Golden Hawk frå 1958.

KulturSSaudanytt

Mandag 15. juni 2015 7

Page 8: LOK1100 BJO NKH Eksamen

Sommar betyr for dei fleste ferie og late dagar. Cato Søndenå Karbøl (23) vel å gå ein annan veg; han har reist til USA for å gå på gründerskule.

UTDANNING

Siri Åbø [email protected]

Det heile kan nok seiast å vera gan-ske så spontant. Det var heilt tilfeld-ig at Cato Søndenå Karbøl kom over ei link på internett i september i fjor, som sendte han vidare til gründer-skulen sine nettsider. Der leste han litt om opplegget og kva det dreide seg om. Då var det berre ein halv-time igjen til søknadsfrist.

– Eg tenkte at det høyrtes kult ut, og at det var verdt eit forsøk. Ein mulegheit eg berre måtte hoppe på,

rett og slett, seier Karbøl.

400 søkararDet er Universitetet i Oslo som har ansvaret for å koordinere gründer-skulen. Det heile starta som eit prosjekt i 1999, kor dei sendte ut seks studentar. No sender dei omlag 200 studentar til høvesvis Boston, San Fransisco og Houston i USA, i tillegg til Singapore. I år var det om-lag 400 søkarar.

Boston University, som er skulen Cato Karbøl skal gå på, har meir enn 30 000 studentar, og er dermed det fjerde største uavhengige universi-tetet i USA. Det er i tillegg rangert blant dei 25 beste merkantile sku-lane i heile verda. Boston har 600 000 innbyggarar og er sett på som ein middels stor by i amerikansk målestokk.

Surrealistisk mulegheit Karbøl fekk svar dagen etter at han søkte om at søknaden ikkje var god nok. Han fekk eit nytt forsøk, og sendte derfor inn ein ny søknad.

Igjen fekk han beskjed om å sende ein tredje søknad, denne gong på en-gelsk. Og alle gode ting er tydeligvis tre, for den tredje gongen fekk han kome til intervju nokre veker etter. Litt etter det igjen fekk han beskjed om at han var ein av dei som fekk mulegheiten til å reise.

– Det er heilt surrealistisk, og no har eg gleda meg lenge. Eg tenker at det er betre å angre på noko eg har gjort, enn å angre på noko eg ikkje gjorde, fortel Karbøl.

Relevant for studiet23-åringen studerer for tida til mas-tergrad i Event management i Mol-de, og har eitt år igjen. Frå før har han eit årsstudium i organisasjon og leiing frå Lillehammer og bachelor i idrett frå Stavanger. Han har alt fått utdelt ei liste med jobbar han kan søke på i Boston. Byen er kjent som teknologihovudstaden i USA, og det er naturlegvis eit bra gründermiljø der.

– Eg har alltid hatt lidenskap for innovasjon og entreprenørskap. Vi

kjem til å lære mykje om marknads-føring og strategi, noko som er veld-ig relevant for mastergraden eg job-bar med, seier Søndenå Karbøl.

Kvardagen i BostonHan og medstudentane i USA kjem til å jobbe for ei bedrift kvar dag. To-tre kveldar i veka skal dei ha kveldsskule på universitetet i Bos-ton. Timeplanen er med andre ord alt ganske full. Saudabuen skal bu på innkvarteringa på skulen med dei 40 andre personane frå Norge som også skal gå på gründerskulen. Han er den einaste frå skulen i Molde som drar.

– Det blir nok ikkje mykje av det typiske «college-livet». Vi kjem til å få oppleve kvardagslivet i Boston med mykje jobbing og harde studier. Eg har aldri vore i USA før, men har høyrt mykje bra om Boston, dei har til dømes mykje interessant historie, seier Karbøl, som innrømmer at ei helg i New York, som ligg ein fireti-mars busstur unna Boston, er ein av tinga som står på timeplanen om han

får sjansen.

Trist å vere borteHan vedgår at det er litt trist å ikkje få vere i Sauda i sommar. Naturen og syklinga er ting som står høgt på lista over ting han kjem til å sakne.

– På ei anna side er det berre ein av mange somrar eg ikkje får heime, så det skal eg klare å stå i. Men eg gler meg veldig til haustferien då, og så får eg prøve å snike inn litt trening i Boston, seier Karbøl.

Planar for SaudaNår studenten kjem tilbake i august skal han fortsette på mastergraden sin i Molde. Han er i tillegg leiar for ein studentorganisasjon som han starta i Molde, så at dagane også heime i Norge er travle er det inga tvil om. På lang sikt drøymer han om å kunne starte si eiga bedrift, gjerne i Sauda.

– Eg har nokre planar på lur, men dei er førebels hemmelege. De får vente å sjå, avsluttar Cato Søndenå Karbøl med eit lurt smil.

GRÜNDERSPIRE: Cato Søndenå Karbøl har valt å bytte ut sommarferie med gründerskule i Boston, USA.

Gründerskule over dammen

Fakta

Boston➤ Er hovudstaden i delstaten Massachusetts.➤ Blei grunnlagt i 1630, dermed ein av dei eldste byane i USA.➤ Har 600 000 innbyggarar.➤ Er kjend som den akademiske hovudstaden i USA.➤ Husar meir enn 250 000 studentar kvart år.➤ Området inneheld over 60 høgskular og universitet, deriblant

kjende Harvard og MIT.➤ Økonomien i byen er i store delar basert på høgare utdanning og

teknologi.

Fakta

Boston University➤ Er eit privat universitet i Boston.➤ Blei grunnlagt i 1839.➤ Tildeler grader heilt opp til doktorgrad.➤ Martin Luther King Jr fekk si doktorgrad her i 1955.➤ Alexander Graham Bell, oppfinnaren av telefonen, er tidlegare

professor.➤ Har 3 800 tilsette.➤ Har 33 000 studentar.

SSaudanytt

8 Kultur SSaudanytt

Mandag 15. juni 2015

Page 9: LOK1100 BJO NKH Eksamen

20-25 timer trening i uken fordelt på to økter daglig, i tillegg til reising annenhver helg for å trene med an-dre er det som kreves for å bli best. Men Monica har flere baller i luft-en, i sommer skal hun nemlig levere masteroppgaven sin slik at hun kan uteksamineres som siviløkonom fra NHH. Promotørjobben for Red Bull kan vel kalles en «sidegreie.»

Hvor mye fritid har du i løpet av en dag?

– Det er vel den timen på kvelden før jeg skal sove, sier Monica med et smil rundt munnen. Men jeg bren-ner så mye for både kickboksingen og skolen, så for meg går det greit å gjennomføre alt. Men det er klart, jeg har vært nødt til å kutte ut mye av det sosiale for å få alt til å gå rundt. Den typiske studenthverda-gen ser jeg ikke så mye til.

Monica innrømmer at hun slet med å få alt til å gå rundt i starten på studiene.

– Jeg følte meg kjip som aldri hadde tid til vennene mine, og for-di jeg aldri kunne bli med på alt det sosiale de andre gjorde. Motivasjo-nen går i bølger hele tiden, og noen ganger forstår jeg ikke at jeg gidder. Men det adrenalinkicket man får når man har vunnet og armen blir løftet – det gjør alt verdt det.

Monica har kjæreste fra Ukraina, også han er kickbokser. På grunn av all reisingen ser hun han mer enn sin egen mor, som bor 600 meter unna i Sandviken.

– Mamma var veldig mye hønem-or i starten, og mente at jeg måtte kutte ut kickboksingen til fordel for studiene. Men da hun skjønte hvor god jeg var så snudde hun på flis-en, for å si det sånn. Nå planlegger familien min tiden sin rundt det jeg driver med. Mamma er en stjerne.

Starten– Jeg begynte med kickboksing rett før jeg fylte 14, og det var egentlig bare for gøy. Jeg innså ikke at jeg kunne bli virkelig god før instruk-

tørene mine begynte å presse på, og rose meg ekstra mye, forteller hun.

Hennes første nasjonale konkur-ranse var i 2006, og den første in-ternasjonale konkurransen var Irish Open i 2009, noe som er verdens største kickboksing-arrangement.

– Jeg var ukjent for de fleste da jeg deltok i Irish Open for første gang. Jeg tok sølv, så det spranget fra at ingen visste hvem jeg var til at jeg hevdet meg i verdenstoppen var utrolig stort. Det ga mersmak.

Da Monica startet med kickbok-sing hadde hun flere store å se opp til, med Cecilia Brækhus og Ton-je Sørlie i samme klubb, Bergen Kampsportsenter.

– Det har hatt alt å si for meg å ha de å se opp til. Jeg var en fjasejente som drev med kickboksing for gøy, men de gjorde det veldig mulig å bli ordentlig god.

Mamma’n i klubbenI dag er Monica den eldste i Bergen Kampsportsenter, med andre ord den personen de yngre ser opp til. Det er en rørt Monica som svarer på hva hun tenker om rollen sin i klub-ben;

– Det er veldig rart, og selvfølgelig veldig kjekt. Ikke minst veldig rørende. Flere av de yngre er «prosjektene» mine, de kommer til å bli de neste store, det er jeg sikker på. Jeg har fulgt de siden de start-et, og har for eksempel laget meg verdens beste sparringpartner.

Når de drar på tur, er det Monica som har påtatt seg rollen som reise-leder. Det innebærer å ringe å vek-ke de som ikke har våknet tidsnok, sørge for at alle har tatt med seg pas-set sitt, og så videre. Det er tydelig at samholdet er godt, og at klubben fungerer som en liten familie.

Det er nok noe som faller naturlig for Monica, denne mammarollen i klubben. At hun er en av verdens beste kvinnelige kickboksere er ikke noe som lyser av henne, og hun for-teller også om sine myke sider rundt sporten.

– De fleste konkurrentene mine hører på musikk som girer de orden-tlig opp, og de må få et «klæss» i ansiktet av treneren sin før de går ut i ringen. Jeg er litt motsatt, jeg må høre på rolig musikk og jeg må få en klem av treneren min før jeg går ut, sånn for å roe meg ned og sen-ke skuldrene. Alt adrenalinet jeg får idet jeg går ut er nok i seg selv, ellers mister jeg fort fokus.

Planene videreNår det kommer til tanker rundt høs-tens VM er Monica klar;

– Jeg tenker at jeg skal vinne. Det blir en hard uke, og jeg har tre eller

fire veldig gode konkurrenter jeg må slå. Men gullet er jeg veldig klar for.

Tiden etter det tenker hun ikke så mye på. Det er VM-gullet og det å bli ferdig med masteren som står i høyfokus nå. Tenker hun så mye lengre enn det, er hun redd for å miste fokus.

– Jeg vil starte med jobbsøking i

sommer, og regner med at det skal gå greit. Jeg må bare finne meg en fleksibel jobb som gjør at jeg kan kombinere det med kickboksingen. Det blir nok mange flere sesonger på meg etter VM.

Et A4-liv på kontoret fra klokken 8-16, for så å bare dra hjem og til-bringe resten av dagen hjemme er

vanskelig for Monica å se for seg. – Nei, jeg kommer nok til å hol-

de på til jeg er 40 år jeg, sier Mon-ica. Karriere er viktig for meg, men det hadde blitt vanskelig for meg å si meg helt ferdig i klubben. Det er alt for mange følelser rundt det, og mange som trenger meg her, avslut-ter Monica Engeset.

I november skal Monica Engeset (26) represen-tere Norge i VM i kick-boksing. Målet er klart; hun skal ta gullet “hem”.

KICKBOKSING

Siri Åbø [email protected]

SSaudanytt

SPARKAR FRÅ SEG: I november skal Monica Engeset (til venstre) representere Norge i VM i kickboksing.

Monica går for gull i VM

SSaudanytt

SPORTKAMPSPORT

Kickboksing er en kampsport som består av kombinasjoner avslag fra boksing og spark fra karate. Det oppstod i USA i 1972,og ble lansert i Europa i 1974 under navnet “kontaktkarate”.

SportSSaudanytt

Mandag 15. juni 2015 9