på stranda – vinter 2015

76
eit gratismagasin om verdas vakraste skiområde Utgåve 1 Vinter 2015 Historia om verdas mest spektakulære elltelemarkrenn. alperittet-20år Are Kalvø fortel om sitt forhold til Fjellet. Eit fjell av dårlig samvit Den beste terapien som finst. pudderterapi

Upload: pa-stranda

Post on 06-Apr-2016

234 views

Category:

Documents


13 download

DESCRIPTION

Eit gratismagasin om verdas vakraste skiområde.

TRANSCRIPT

Page 1: På Stranda – Vinter 2015

eit gratismagasin om verdas vakraste skiområdeUtgåve 1Vinter 2015

Historia om verdas mest spektakulære fjelltelemarkrenn.

alperittet-20årAre Kalvø fortel

om sitt forhold til Fjellet.

Eit fjell av dårlig samvitDen beste terapien

som finst.

pudderterapi

Page 2: På Stranda – Vinter 2015
Page 3: På Stranda – Vinter 2015
Page 4: På Stranda – Vinter 2015

Foto: Sverre HjørnevikKøyrar: Aurelien Ducroz nyt Stranda-pudder på Roalden

Page 5: På Stranda – Vinter 2015
Page 6: På Stranda – Vinter 2015

6

leiar

Ein gong i tida var Stranda ein mystisk stad for meg. Eg las skireportasjar i norske og svenske skimagasin om kor fantastisk skikøyringa skulle vere på Strandafjellet. Eg studerte bilete av midjedjup laussnøkøyring med fjordbakgrunn. Field Productions fôra auga mine med uverkelege klipp frå Stranda. Segmentet frå Get Lucky brann seg fast i netthinna mi i lang, lang, lang tid. Eg tykkjer framleis det er eit av dei vakraste skifilmsegmenta som har blitt laga nokon gong. Alle desse medieinntrykka fekk meg til å undre. Kunne det verkeleg vere så bra som det såg ut til? Stranda var som ei anna verd, bortgøymd ved ein fjord langt vekke.Eg har fått svar på spørsmålet mitt. Svaret er nei. Stranda er ikkje så bra som det verka på film og foto. Stranda er faktisk betre. No overdriv han, tenkjer kanskje du som les dette. Vel, eg meiner at eg ikkje gjer det. På Stranda er verkelegheita betre enn kva den ser ut som på foto og film. Det går ikkje å fange fjordens og fjellas storleik på medieformat. Mange har prøvd. Vi har også gjort eit forsøk på nettopp dette med magasinet vårt. Men vi lukkast ikkje. Vi kjem nok aldri til å lukkast. Og det er heilt greitt. Verkelegheita på Stranda er rett og slett for fantastisk til å la seg fullstendig fange på film, eller trykk. Fjella og utsikta, kjensla ein får på denne staden, kan berre opplevast live. Helst med ski på beina.Det skjer noko med meg kvar gong eg kjem opp på Roalden, eller ein av dei andre toppane rundt fjorden. Sjølv om eg no har sett utsikta mange gongar, skjer det framleis noko med meg. Biletet på andre

sida er frå Roalden, tidleg ein mars morgon i fjor. Å sjå soloppgangen over fjorden var ei fantastisk fin oppleving, og ferda ned, på ski i fjonlett snø, gjorde morgonen perfekt. Eg er utruleg takksam for slike opplevingar. Då eg sat og drakk morgonkaffi etterpå, tenkte eg berre, wow. Det var som at eg bobla over av stoke (Amerikansk skiuttrykk for begeistring), for å sei det slik. Eg las for kort tid sidan at slike wow-opplevingar er bra for oss menneskjer. Det kom fram at dei fleste slike opplevingar kjem gjennom møte med storslått natur. Vidare las eg at mange under slike episodar tenkjer at dei vil gjere verda betre. Eg trur vi alle treng å ta oss tid til fleire wow-opplevingar, og handle på dei inntrykka vi får.Stranda er framleis ein mystisk stad for meg. Fjorden, fjella og snøen drar meg inn i ei anna verd, kvar gong eg er ute på tur. Ei eventyrverd kor eg blir ståande og ta inn inntrykk ein ikkje finn i den digitale kvardagen anno 2014. Eg kjenner på glede over livet, og takksemd over å vere på tur. Uansett vêr og føre er det ei fin verd å bli dratt inn i. I vinter skal eg fortsette å oppsøke denne verda, enten på topptur eller laussnøkøyring ned Roalden, eller Egga. Det er nemleg godt for meg. Det har eg lese. Eg har ein mistanke om at eg ikkje blir einsam oppe på Roalden, eller på tindane langs fjorden. Eg trur nemleg det er fleire der ute som treng å besøke denne eventyrverda i vinter, for her finst wow-opplevingar nok til alle.Sjåast på Fjellet i vinter.

Stranda

RedaktørMartin Kristoffersen

Page 7: På Stranda – Vinter 2015

7

leiar

Foto: Martin Kristoffersen

Page 8: På Stranda – Vinter 2015

8

Nytt på stranda 1010 grunnar til å besøkje Strandafjellet 12Eit fjell av dårlig samvit 14Historia til Strandafjellet 16Skiprat med Arve 20AlpeRittet-20år 22Snøfall og åtferd 28Pudderterapi 30ToppturaR 38Dalmannshornet 40Løfserøv på Roalden 46MøT VEGGEN 50Guiden 54hyttemat 56interiørinspirasjon 60Juvet landskapshotell 62Neste utgåve 74

innhald

CoverbileteFoto: Sverre HjørnevikKøyrar: Aurelien Ducroz

BaksidaFoto: Sverre Hjørnevik

papirEdixion Offset 250g m2

Amber Graphic 120g m2

Trykk07 Gruppen AS

Page 9: På Stranda – Vinter 2015

9

Redaksjon og

Redaksjon ogbidragsytarar

Håvard Myklebust. Fotograf og fjellmann frå Bjørke. Vi har vore så heldige og fått tekst og bilete om Dalmannshorn frå Håvard til denne utgåva av PS.

Torstein Engeset. Lokal Stranda-fotograf frå Engeset. Budde store delar av oppveksten på Sunshine Coast, utanfor Vancouver. Der nytta han blant anna høve til å køyre aktivt alpint i Whistler.

Yngvild Åm Sognnes. Illustratør buande i Bergen. Har nylig gjenoppdaga gleda ved klatring, men sei heller ikkje nei til ein topptur eller to.

renate Thor. Illustratør frå Trondheim, buande i Oslo. Studerar grafisk design på Westerdals Oslo ACT.

Ellen Beate Wollen. Strandas eigen matskribent. I tillegg til å skrive matbøker produserer ho og mannen vin på eigen vingard i Spania. Når ho ikkje tråkkar vindruer i sola, jobbar ho som marknadssjef på Stranda skisenter og Stranda Hotell.

Harald Lied. Strandar, pensjonert lærar og korrekturlesar for PS. Han har forbarma seg over tekstane våre. Vi vil ikkje ein gong tenkje på korleis PS hadde sett ut utan Harald si hjelp.

oscar Almgren. Eigar og sjefsguide i Uteguiden. Er også ein dyktig fotograf som har levert bilete til denne utgåva av PS.

ross Bodenmann. Illustratør, kunstnar og fotograf. Bur på Vancouver Island i Canada.

Are Kalvø. Strandar og Noregs 57. morosamaste mann. Er i vinter aktuell med sjølvbiografisk essay i PS, samt soloframsyninga Kalvø – Ein time av livet ditt du aldri får tilbake på Det Norske Teatret.

Blådalsbjønnen. Bjørn, busett i Blådalen. Ingen har nokon gong sett han, men fleire skal ha høyrt ekkoet av brumlinga hans i Hevsdalen. Den folkeskye bjørnen har studert Strandarane i smug gjennom fleire tiår, og lettar no for første gong på sløret for å dele ei bjørnehistorie med oss.

Også takk til:Ragnvald Støyva, Svein Lunde, Helge Søvik, Eldrid Sognnes Kristoffersen, Hedda Breien, Sigurd Drege, Tore Vassbotn, Kolbjørn Ringstad, David Sviland, Alejandro Rojas, Stian Sivertsen, Øyvind Årdal

Martin KristoffersenSjefredaktør

Ole Kristian ÅrdalTekstredaktør

André SkjeggestadArt Director

Page 10: På Stranda – Vinter 2015

10

Stranda Feriesenter utvidarDet har skjedd mykje nytt på Stranda Feriesenter sidan sist vinter. Det nye resepsjonsbygget er ein campingresepsjon litt utanom det vanlege. I tillegg til resepsjon, finst det også matservering med vin- og ølsal. Bak disken på resepsjonen er sjansen stor for at du treff eigar og drivar, Helge Ibrahim. Etter kvar sesong spør Helge kva folk vil ha, og han utviklar feriesenteret med å levere det folk ønskjer. God service og tru på framtida. I tillegg til nytt resepsjonsbygg, kan Helge fortelje at alle eksisterande hytter har blitt pussa opp. To nye hytter har også blitt bygd. Dei nye hyttene er såkalla camping suites, eller superior-hytter. Dvs. hytter med høgare standard enn vanlege campinghytter.Helge tok over campinga for to år sidan. Då var ho på fem mål. Han gjorde campinga om til eit feriesenter, og utvida med fem mål. No gjer han ytterlegare utvidingar med 14 nye mål. Med andre ord, det blir satsa på Stranda Feriesenter. I tillegg til arealutvidinga skal han sette opp mellom 40-60 husvogner i ulike størrelsar mellom 46 m2 til 76 m2. Husvognene blir satt opp som hytter, men dei kjem med hjul under, så dei er flyttbare og ikkje permanente bygg. Eit rimelegare tilbod enn hytte på sjølve fjellet. I tillegg til å drive Stranda Feriesenter, driv Helge også med utleige av hytter på fjellet, gjennom Stranda booking. Til saman leiger han ut over tre hundre senger.

Ny heis og større barneområde på fjelletStrandafjellet skisenter investerer sju millionar til vintersesongen 14/15. Det byggjast eit nytt trekk, og det har også blitt gjort utbetringar i snøproduksjonskapasiteten. Kor ein blant anna har investert i automatiske snøkanonar i nedre del av Roalden. Det nye trekket blir satt opp bak varmestova, og vil gå opp til 750 meters høgde, til punktet der Furset-traséen er brattast nedover mot Hevsdalen. Det blir eit 900 meter langt koppetrekk, og vil ha ein kapasitet på 800 personar i timen. Det vil bli lagt til rette for tre ulike avtsigningsplassar, i tillegg til vanleg avstiging på toppen av heisa. På denne måten kan dei minste borna gå av ved mast 2, dei som har blitt litt tryggare på ski ved mast 3, og for tilgang til parken kan ein gå av ved mast 7. Den nye heisen og

eit utvida barneområde gjer Strandafjellet enda betre for familiar. Det blir også gjort i stand ei eiga lita barnelinje med parkelement. I parken og i det nye barneområdet kjem det opp eit eige lysanlegg slik at forholda blir enda betre for kveldskøyringa.Den nye heisen gjer også anlegget meir driftssikkert i høve til vindpåverking. Stian Græsdal gler seg til å kunne halde Strandafjellet opent for besøkande uansett vind, så lenge vegen over fjellet er open.

HotelletStranda Hotel skal pussast opp, og starter arbeidet i januar 2015. Alle romma vil bli pussa opp eit etter eit, med start i gamlefløya. Nokon rom er allereie klare, og tema for den nye designen er sjølvsagt fjord og fjell frå nærområdet.Det vert også bygd eit nytt konferansesenter, og ein kjem til å satse spesielt på kurs og konferansar, i tillegg til skituristar på vinteren.Målet er at Stranda skal bli ein attraktiv heilårsdestinasjon for aktive turistar og andre som ønsker å oppleve det beste Fjord-Noreg og Sunnmørsalpane har å by på. Kjøkkenet set også fokus på å kunne presentere lokal mat frå matbygda Stranda, med tilpassa meny ut ifrå sesong. À la Carte-restauranten held open kvar kveld.Nytt av året er også eit enda betre tilbod til ski- og fjellturistar. I tillegg til dei vanlege ski- og bupakkane, tilbyr hotellet toppturpakkar. Desse inneheld overnatting, mat og guiding i samarbeid med Uteguiden.

uteguidenDet er få som kjenner området rundt Stranda like godt som Uteguiden. Til denne sesongen finst det nye spennande guida opplevingar. Den aller mest spennande vinteropplevinga er nok den nye kremtoppturen Hjørundfjorden rundt. Dette er ein fantastisk skitur rundt det som blir omtalt som ”fjordanes fjord.” Rett og slett ei oppleving for livet.

Explore NorwayExplore Norway er eit nytt firma på Sunnmøre som arrangerer opplevingar og spennande aktivitetar med Ålesund-regionen som utgangspunkt. Dei arrangerar blant anna aktivitetar som trugeturar, isklatring, airboard og samarbeidsøvingar. Sjå side 73 for meir info.

Nytt på stranda

Page 11: På Stranda – Vinter 2015

11

Nytt på stranda

Helge Ibrahim gler seg til å ta imot nye gjestar på Stranda Feriesenter.

Strandafjellet ønskjer velkommen til ein ny vintersesong.F.v. Ståle Fjørstad, Line Reed Drege, Sven Ove Langlo, Ellen-Beate Wollen, Sjur Ringstad, Stian Græsdal

Lobbyen

på Stranda H

otel

Page 12: På Stranda – Vinter 2015

12

10 grunnar til å besøkje Strandafjellet

1. Frikøyring. Når du kliv av heisa på Roalden og Egga får du tilgang til noko av Noregs og Nord- Europas aller beste heisbaserte frikøyringsområde. Det er ikkje utan grunn at Strandafjellet vann prisen for Noregs beste skianlegg i 2012, og at Åka Skidor hevder at Stranda har Skandinavias beste offpiståkning.

2. Fjorden. Det er vanskeleg å vere på Roalden eller Egga utan å sjå fjorden. Den berre ligg der, mellom kvasse tindar, og det held, den treng ikkje gjere noko meir enn det. Vi blir aldri trøytte av denne utsikta. Den er som eit spa for sjela. Vi kunne sagt mykje meir, men vi nøyer oss med å seie at den er fole fin. Heilt i verdsklasse.

3. Løypene. Ja, du las rett. Strandafjellet har løyper som absolutt er verdt å teste ut. Vi trur mange vil bli overraska over den varierte skikøyringa løypene på Strandafjellet gir. Her er både grøne, blå, raude, og svarte løyper. Noko for ein kvar smak og skiferdigheitar. Turisten er ei lang og fin løype frå Roalden ned til botn av Hevsdalen. På Egga finn du gode og vide cruisetraséar, perfekte for å ligge på skjær i store svingar og berre nyte ein manchestermorgon.

4. Alperittet. Fjelltelemarkrennet frå fjell til fjord er ein folkefest. Om du deltek, er Alperittet fart, spenning og mjølkesyre – heile vegen frå Roalden til målgong nede ved fjorden. I år er det til og med 20-årsjubileum for Noregs mest spektakulære fjelltelemarkrenn.

5. Barneområdet. Dette er staden der skidraumar blir født og nye skikøyrarar legg sine første svingar, uansett alder. Innanfor sesongen 2014/15 har barneområdet blitt enda betre. Det nye trekket har

gjort barneområdet betraktelig større. For dei som vil nyte medbrakt mat over bål, finst det ein eigen gapahuk like ved med grillmoglegheiter.

6. paviljongane. Nivået på matopplevingane på Strandafjellet blir stadig betre. Nyt lokal mat i gode venners lag. Med verdas beste utsikt innover fjorden så klart. Godt for mage og auge.

7. Strandaparken. Nordvestlandets beste park. Her finner du hopp og rails i ulik storleik, og for ulike nivå. Lær deg nokon nye rotasjonar eller saltoar i vinter, eller perfeksjoner safety graben. Det nye trekket gjer at jibberane får køyrt enda fleire gongar i parken om dagen enn tidlegare.

8. Skredkurs. Stadig fleire går toppturar på ski. Ikkje alle har kunnskapen som krevst for å ferdast trygt i bratt terreng. Heller ikkje ferdigheitene til å redde folk om skredulykka skulle råke turfølgjet. Uteguiden held skredkurs på Strandafjellet, meld deg på eit kurs og invester tid i eiga sikkerheit.

9. Isklatring. Adrenalin og god trening. Godt for armar, kjernemuskulatur og bein. Uteguiden arrangerar isklatringskurs på Strandafjellet. Ta med familie, arbeidskollegaer, eller venner og del ei ny oppleving saman. Det er utruleg kor morosamt ein kan ha det opp ein vegg av is.

10. Langrenn. Strandafjellet har over 15 km med langrennsløyper. Både klassisk og skøytespor. Dei blir køyrt opp regelmessig slik at dei er i god stand. Lysløype på 3,5 km finst også for dei som vil gå langrenn på kvelden.

Foto: Strandafjellet/Ellen Beate Wollen, Strandafjellet/Kristoffer OlssonUteguiden/Oscar AlmgrenMartin Kristoffersen

Page 13: På Stranda – Vinter 2015

13

10 grunnar til å besøkje Strandafjellet

Page 14: På Stranda – Vinter 2015

14

Eit fjell av dårlig samvit

tekst: are kalvøillustrasjon: ross bodenmann

Når ein har noko rett utanfor døra som får andre folk til å falle i stavar, då er det forventa at ein sjølv også skal falle i stavar. Dagleg. Det er det same med utsikta når ein veks opp på ein plass som Stranda. Svært mange på Stranda veks opp med eit postkort utanfor soveromsvindauget. Men du står likevel ikkje opp kvar einaste morgon, drar frå gardinene, ser fjorden og fjella, og gispar. Og du står ikkje grytidleg opp kvar einaste fridag for å tilbringe mest mogleg tid på det fantastiske Fjellet. Men du veit at du kunne. Eller burde. Og du veit at andre ville gitt mykje og reist langt for det du ofte droppar.

Det er nok det same andre plassar. Eg vil for eksempel tru at folk som bur i Syden heller ikkje står opp kvar einaste morgon, drar frå gardinene, ropar begeistra «Det er sol!!» og skundar seg til nærmaste strand for å få maksimalt ut av den fine dagen.

For sola er der heile tida. Akkurat som Fjellet. Og då driv ein ikkje og fell i stavar kvar dag. Ein kan ikkje falle i stavar dagleg. Det blir heilt enkelt for mykje stavfalling! Eg trur det er grenser for kor mykje stavfalling eit menneske har kapasitet til.

Men alle som ikkje er frå Stranda, og som ikkje bur der, alle dei kan og bør falle i stavar. Og vil falle i stavar.

Det skulle berre mangle. Dette, og ingenting anna, er trass alt Fjellet.

For oss som vaks opp på Stranda, heiter ikkje Strandafjellet Strandafjellet. Strandafjellet heiter berre Fjellet. Det er framleis djupt forvirrande for meg når folk eg kjenner seier at dei skal på fjellet i helga, og meiner ein heilt annan plass enn Stranda. Det kan for eksempel hende dei meiner eit eller anna fjell på Austlandet, eller noko tilsvarande sjukt. Ærleg talt, seier eg til dei. Det er ikkje fjellet. Litt presisjon må ein kunne forvente.

Fjellet er Strandafjellet og ingenting anna.

Fjellet ligg der, slik det låg der då eg vaks opp på Stranda, som ein konstant grunn til dårlig samvit, som ei konstant påminning om at det alltid går an å bruke tida si til noko betre.

I vinterhalvåret låg Fjellet der som ei konstant påminning om at det går an å pakke med seg skia og komme seg til fjells. Det går an. I staden for å for eksempel sitje inne og sjå på tv eller lese teikneseriar.

I sommarhalvåret låg fjellet der som ei konstant påminning om at det går an å gå tur. Det går an. I staden for å for eksempel sitte inne på guterommet og prate tull med ein kompis. Eller spele fotballspel.

Det går an. Det finst folk som står opp tidleg og reiser langt for ein dag på Fjellet. Det finst folk som reiser halve kloden rundt for å oppleve denne naturen.

Og der sitt du. Inne. Og les teikneseriar.

Page 15: På Stranda – Vinter 2015

15

Eit fjell av dårlig samvit

Page 16: På Stranda – Vinter 2015

16

3. februar 1957:Stranda sitt første skitrekk blei opna på Fursetsida av Strandafjellet. Det var av typen T-krok, hadde ein kapasitet på 140 p/t. og blei drive av ein folkevogn bensinmotor. Trekket var på 850 meter med ein høgdeskilnad på 270 meter. Enkeltbillett for vaksne kosta 1,50 kr og for barn 50 øre. Prisen på årskort var 100 kr og 50 kr, men desse gjaldt ikkje om det var meir enn 20 meter kø, noko som til tider laga mykje misnøye.

1970:Roaldstrekket blei opna. Trekket var av typen poma og hadde ei lengde på 1050 meter, som seinare blei forlenga til 1450 meter.

1972:Strandafjellet fekk si første tråkkemaskin. Det tok heile 15 år frå opninga av skisenteret til den første tråkkemaskina var på plass. Inntil då hadde få klaga sidan folk flest ikkje visste om maskiner som kunne gjere slikt ting. Selskapet søkte kommunen om tilskot på 30 000 kr, men det var kamp til døra for å få desse pengane. Resultatet var 15 for og 14 mot. Argumentet mot var: ”Vi måtte tråkke løyper sjølve i vår ungdom, dei kan sanneleg greie dette no også.”

1973:NM i alpint blei arrangert på Stranda for første gong, med Kronprins Harald som gjest. Det var då ein oppdaga at det kanskje ikkje var så dumt å få opp noko toalett på skisenteret, og ei brakke med dostampar blei kjøpt inn. Inntil då hadde sæterfjøsane fungert som toalett i mange år.

Historia til Strandafjellet

1975:Fursetsida fekk nytt moderne T-kroktrekk med kapasitet på 900 p/t.

1977:Varmestova blei endeleg bygd. Dette skapte ein fullstendig ny situasjon på fjellet med WC, stor kiosk og skistall. Mange personar var mot dette bygget då dei heller ville ha fleire skitrekk.

1989:Roaldshorn fjelltrekk blei opna på Roaldssida medan Eggatrekket blei opna på Fursetsida.

1990: WorldCup for damer på Strandafjellet. Renn blei arrangert i slalom på Fursetsida og storslalom på Roaldssida.

Tekst: ole Kristian ÅrdalTakk til: ragnvald Støyva

F.v. Ordfører Ole Helsem og Joachim Rønneberg frå opninga av Strandafjellet, 3. februar 1957. Foto: Ragnvald Støyva

Page 17: På Stranda – Vinter 2015

17

Historia til Strandafjellet

Foto: StrandafjelletFoto: Ragnvald Støyva

Kronprins Harald (med caps) og Haakon Rygh (med solbriller), alpinformann i skiforbundet. Elsa Karin Wollen serverar kaffi. Frå NM i alpint, 1973 Foto: Kolbjørn Ringstad

Page 18: På Stranda – Vinter 2015

18

1995:Alperittet blei arrangert for første gong. 170 fartsglade kvinner og menn stilte til start.

2004:NM i Møbelaking blei arrangert for første gong på Strandafjellet.

2008:Den gjeldande løyperekorden for Alperittet blei satt av Nils Bjarne Krohn frå Åndalsnes IF med tida 6 minutt og 15 sekund.

2009: Andre juledag erstatta ei splitter ny stolheis det gamle T-kroktrekket på Fursetsida. Stolheisa har ein kapasitet på 2400 p/t. Den same vinteren stod også paviljongen på toppen av Furset-trekket klar.

2011: Den 12. februar stod den nye heisa av typen telemix klar. Telemix betyr at det er ei kombinasjonsheis mellom stolheis og gondol. Denne heisa har Skandinavias største høgdeforskjell mellom topp og botn på heile 618 meter. Samtidig opna også Paviljongen på Roalden, 1042 moh.

2012: Stranda kommune selde Strandafjellet for 56 millionar kroner til Per Magne Grøndahl, Bjarte Tunold og Frode Håkon Kjølås. Sistnemnte hevdar han var den første på Stranda som i si tid kjøpte snøbrett.

2014: Nytt koppetrekk og familieområde står klart på Fursetsida.

Foto: Svein LundeFaximile: Sunnmøringen

Page 19: På Stranda – Vinter 2015

19

Historia til Strandafjellet

Dåvæ

rande ordførar Fran

k Sve ved opnin

ga av stolheisa på Fu

rsetsida. Foto: Strandafjellet

Foto: Strandafjellet

Paviljongen på Roalden. Foto: Svein Lunde

Page 20: På Stranda – Vinter 2015

20

Skiprat med Arve

Ein sommar har gått sidan eg stakk innom skiutleiga til Arve på Strandafjellet. Eg treff han på G-sport, nede ved ferjekaia i Stranda sentrum. Han har nettopp gjort unna ein travel periode med Stranda-dagar, innkjøpsmesse og hjortejakt. Kor hjortejakta sjølvsagt var det viktigaste. På grunn av hjortejakta har det vore vanskeleg å få tak i mannen for ein skiprat. Jaktlaget har allereie skote tre dyr, noko han meir ein gjerne vil fortelje om. Men det får bli ein annan gong. No skodar vi vinteren i horisonten. Eg vil snakke ski med nordvestlandets beste skireparatør.

Du har arbeidt med ski i tjue år. Kva betyr ski for deg, Arve? ”Ski, kva betyr ski for meg? Vel, det betyr arbeid. Nei, det er klart, ski betyr veldig mykje. Ski er ein del av livet. Eg har drive med ski i alle år. Eg likar ski, det er artig å køyre ski. Så ja, det betyr mykje, men ikkje alt.” seier Arve, på ein måte som han berre kan seie det på. Dei som kjenner han forstår kva eg meiner.

Når og kvar stod du på ski første gongen?“Første gongen eg stod på ski var i vinteren 73, sjølvsagt på Fjellet. Eg starta å køyre alpint då eg var åtte år gammal, trente alpint aktivt fram til eg var atten år gammal og drog i førstegongsteneste. Eg køyrde lokale renn, fekk med meg siste året av ranking-renn i Noreg, FIS-renn og køyrde NM i jr.- og sr.-klassa.” Kven var det som lærte deg å stå på ski?“Det var fadern som lærte meg å stå ski, og han har hatt mykje å seie for mi glede over skikøyring. I starten betydde han alt for skikøyringa mi. I alle fall til eg blei vaksen. Dei beste minna eg har frå skikøyring, har eg frå skiferiar i Østerrike saman med mor og far. Der køyrde vi blant anna ski i Saalbach og Lech.”

Du nemner at du lærte å stå ski på Fjellet? Er det Strandafjellet du meiner?Arve ventar eit par sekundar før han svarar:”Strandafjellet er ikkje eit fjell, Strandafjellet Skisenter er nettopp det, eit skisenter. Det heiter Hevsdalen, Roalden og Egga. Eller kort og godt fjellet. Hevsdalen er området, Roalden er ein fjelltopp. Strandafjellet er eit skisenter, i alle fall i mitt hovud. Rett namn er viktig, ting skal heite det det heiter.”

Dette med lokale namn er noko som engasjerer Arve. Eg lærer meg blant anna at dei ”runnsa” som for mange norske frikøyrarar heiter ”einern”, ”toern” og ”treern”, eigentleg heitar Benkane. Det same gjelder det mange omtaler som baksida. Det heitar eigentlig Tørrsnikdalen, og han går ned til Skjerdingbotnen.

Du har jobba med ski i tjueto år Arve, korleis blei det til at du starta opp med skiutleiga på Fjellet?“Før i tida hadde butikken, sportsbutikken som familien har drive sidan 1963, ein liten skipark på fjellet der vi hyrte inn folk for å styre utleiga. Men då eg kom att frå militære i einognitti, måtte eg ha noko å gjere på. Så dermed starta eg skiutleiga. Eg trudde det skulle vere lite arbeid og mykje peng å tene. Det blei i alle fall mykje arbeid, for å sei det slik. Hadde det ikkje vore for den dårlege sesongstarten i fjor, så hadde eg stått einogtjue første nyttårsdagar på rad i skiutleiga.”

Når du no har jobba med ski i så mange år, så har du jo fått med deg utviklinga som har skjedd. Noko av den største utviklinga dei seinaste åra har jo vore rocker på skia. Kva tenkjer du om utviklinga på ski?Arve dreg litt på det. ”Må eg snakke om det?” flirar han. “Utvikling har det jo alltid vore, og det kjem det alltid til å vere. Eg har vore borti mange ulike typar ski i løpet av åra. Rocker har kome for å bli, ingen tvil om det. Det finst jo rocker på storslalåmski og på vanlege bakkeski. I tilegg til på pudderski, kor ein så vidt har eit punkt midt på skia som har vanleg spenn. Men sjølv om eg forstår prinsippet med rocker, så meiner eg at rocker er noko tull. Kvifor må du ha rocker til å hjelpe deg å køyre i laussnø? Før i tida køyrde vi i laussnø. Då fanst det noko som heitte snorkelføre. Det finst ikkje lenger i dag. No flyt dei berre oppå snøen på grunn av rocker-forma på skia,” seier Arve med eit lite smil på lur.

Før i tida køyrde vi på lange, smale ski i laussnø. No flyt ein berre oppå snøen på breie plankar. Arve smilar lurt, setter frå seg smørejarnet og tar ein ny slurk av kaffekoppen med pulverkaffe. Mannen som har drive skiutleiga på Strandafjellet i tjue år, har meiningar om ski og snø, samt stort sett alt anna mellom himmel og jord.

Tekst og foto: Martin Kristoffersen

Page 21: På Stranda – Vinter 2015

21

Skiprat med Arve

No er det snart vinter igjen, kva burde folk som tar fram skia frå loftet, boda eller garasjen tenkje på før dei stikk til fjells?“Helst burde ein vaske av skit frå skia og smurt dei inn med voks før ein sette dei bort om våren. Har ein ikkje gjort det, får ein sjølvsagt gjere det no. Det kan også være bra å slipe kantar og få lagt inn struktur i skia. Og hugs å sjekke bindingane og smørje dei. Det er fjører inni bindingane, og om dei ikkje er i bra stand, så verkar ikkje bindinga slik den skal. Noko som fort kan resultere i eit beinbrot. Ingen vil køyre på glatta med sommardekk. Det same gjeld med ski. Sørg for at du har utstyret i orden.”

Noko vi la merke til då vi var innom skiutleiga i vår, var skimalane som hang på veggen. Nokre av dei var jo veldig gamle. Kva er formålet med dei?“Skimalane er historie. Enkelte vil nok seie at eg er ein samlar, at eg samlar på for mange ting. Men det er ikkje sant, eg samlar på skimalar og ski. Men eg samlar ikkje på gamle syklar.”

Har du ski i samlinga di som betyr meir for deg enn andre?“Dei gamle skiene til han far. Rossignol Stratos 215 er eit klenodium som betyr mykje for meg. Det same gjeld dei gamle utforskia mine, C4. Rossignol det også, spør eg? Det er like før eg får passet påskrive. No heiter det Fischer C4, unge mann! Det er tydeleg ikkje berre lokale stadsnamn som engasjerer Arve. Skinamn er også viktig.”

Ein epoke går mot slutten, Arve, For deg og Fjellet. Du har selt skiutleiga. Korleis trur du det blir å ikkje leige ut ski kvar helg? Kjem du ikkje til å sakne lukta av utsvetta skistøvlar og skivoks? “Nei. Det blir godt. Det blir mektig godt å sleppe å vere basten og bunden. Sleppe å møte opp på søndagar etter ei lang arbeidsveke på sportsbutikken, for å opne opp skiutleiga. I vinter skal eg stå på ski.”

Page 22: På Stranda – Vinter 2015

22

AlpeRittet-20år

verdas mest spektakulære fjelltelemarksrenn er 20 år. vi nyttar høve til å mimre tilbake til korleis alpeeventyret starta.

Det er den 18. februar 1995, sola skin, himmelen er blå og dagane før har det kome fleire deilige dump med nysnø. Med andre ord ligg alt til rette for at det aller første Alperittet i historia skal bli ein suksess. På toppen av Roaldshornet (1230 moh) står strandaren Endre Fagerstrøm som ein av 170 deltakarar, med alpinski på beina og adrenalinet pumpande gjennom kroppen. - Eg hugsar det var invitert mange storkanonar frå telemarklandsslaget, men vi var fleire strandarar som hadde bestemt oss for å gjere det vi kunne for å få den beste tida. Det eg hugsar best er mjølkesyre. Heile løpet var bajaskøyring frå start til slutt. Initiativtakaren for Alperittet var dåverande hotelldirektør på Stranda Hotell Roger Granum. Opplendingen mimrar tilbake til starten over telefon frå Kragerø: - Det heile var ein vill idé for å skape meir merksemd rundt Stranda på vinteren. Strandafjellet er eit av dei beste alpinsentera i Noreg. Det einaste som er dumt med det, er at det er så langt vekke frå der folk bur. Korleis skulle vi klare å få folk til å reise langvegs frå, heilt hit? Roger svara like godt på sitt eige spørsmål: Han kalla inn til møte med Sigmund Berge (Idrettslaget, Alpingruppa), Einar Lyse (Dagleg leiar for Stranda skisenter) og Ole Johan Lillestøl (Idrettskonsulent i kommunen) der han lufta idéen om å få til eit skirenn frå fjell til fjord. Neste vinter var det første Alperittet ein realitet. - For meg som hotelldirektør var det veldig viktig at målgangen var heilt nede i sentrum. Rennet måtte bli ein folkefest som heile næringslivet kunne dra nytte av, og då måtte vi dra løpet heilt ned til fjorden.

Tilbake til 1995: Endre er snart nede ved skoggrensa no. Øvste delen har gått unna i rasande fart, han har satsa alt, og sete og fjøra i hockey heile vegen i den allereie godt oppkøyrte traséen. Men fjøringa har tappa han heilt for krefter, og plutseleg slår han kneet med full kraft opp i nasen, så blodet begynner å fosse ut. Likevel susar han gjennom skogen før han må over vegar og vidare gjennom hagar nede i byggefelta.- Det var eit hopp ut frå Fagerlivegen rett over huset til Helge Søvik. Der var det ei venninne av meg som akkurat hadde dotte på snowboard. Ho hylte når eg kom så eg måtte trekke opp beina i frykt for å treffe ho. Heldigvis gjekk det bra, og den blodige alpinisten kunne fortsette vidare forbi tørkestativet til Søvik. - Neste året måtte vi ta ned tørkestativet, det stod litt i vegen. Helge Søvik har følgt Alperittet både som redaktør i Sunnmøringen, men også som utlånar av hagen sin for traséen dei første åra. Han meinar derimot at det ikkje er løypa i seg sjølv som er den meste imponerande faktoren med Alperittet:- Det mest imponerande er alt arbeidet som blir lagt ned kvart einaste år for eitt enkelt skirenn. Uansett kor mykje snø som kjem blir jo gangfelta brøyta, så utallige lastebillass går med på å legge ut snø heilt frå Meieribakken til Sentrum. Og ikkje nok med det, søndagen etterpå er all snøen tatt vekk. Alperittet har blitt ein skikkelig folkefest på Stranda. Søvik nemner nokre av dei største høgdepunkta som har skjedd rundt rennet:

Tekst: ole Kristian Årdalfoto: Alperittet/Tore vassbotn

Page 23: På Stranda – Vinter 2015

23

AlpeRittet-20år

2000: Den finske songaren Arja Saijonmaa held konsert i Storfjord Kulturhus. 2001: Noregs høgaste snømann blir bygd av Framhus Fotballklubb nede i sentrum, nesten nede i fjøresteinane. Snømannen var 16,46 meter høg og heile 1200 kubikk med snø gjekk med til bygginga. Same året vitja også Kari Traa med resten av det norske freestylelandslaget Stranda. Dei hadde show i ein spesialbygd hoppbakke på Ousmarka. 2006: NM i Fjelltelemark. Pga lite snø denne vinteren blei målgongen lagt til Hevsdalen.

Tilbake til 1995: Endre Fagerstrøm kryssa målstreken på tida 7 minutt og 33 sekund, og med ei snittfart på 50 km/t blei han blodig og fæl den første vinnaren av Alperittet. Det skulle ta fleire år før rekorden blei slått. Sjølv om Fagerstrøm baud på heltemodig innsats hadde det nok også med at arrangørane etter synet av Endre tenkte at løypa kanskje hadde vore litt i raskaste laget. Dagens gjeldande rekord blei tatt av Nils Bjarne Krohn frå Åndalsnes IF. Han brukte ikkje meir enn 6 minutt og 15 sekund og hadde dermed ei snittfart på heile 60 km/t! Og ikkje nok med det:

Romsdalingen køyrde i tillegg på telemarkski.September 2014: Sigurd Drege sit nede på kontoret sitt i Storfjord Kulturhus og tenkjer på neste års Alperitt. Han har vore Alperittgeneral dei siste 14 åra, og måtte for første gong i historia avlyse Alperittet, vinteren 2014, pga ekstremt lite snø i fjellet. - Fleire gongar har det vore alternative løyper, ein gong måtte vi utsette, men i år var det heilt umogleg å arrangere. Sjølv om vi skulle køyrt tusenvis av lastebillass nede i sentrum, så var det ingen plass å hente snøen. Dermed blei 20-årsjubileet utsett til vinteren 2015, og generalen kan love ein folkefest av dei sjeldne, om då ikkje snøen enda ein gong vel å halde seg vekke.- Dei seiast at rogna ikkje ber to gongar. Det har vore veldig mykje rogn i år, så då blir det ikkje mykje snø, men vi får håpe at det slår feil. Vêrmeldar Eli Kari Gjengedal er ikkje like einig i den konklusjonen:- I Nordfjord der eg kjem frå, betyr mykje bær at det blir mykje snø! Vi kryssar fingrane saman med Sigurd for at dei same vêrreglane gjeld på Sunnmøre som i Nordfjord.

Alp

erit

t del

taki

ng

er å

ligg

je p

å gr

ensa

til f

orsv

arle

g kø

yrin

g, e

ller

over

gre

nsa

Page 24: På Stranda – Vinter 2015

24

1.

2.

Page 25: På Stranda – Vinter 2015

25

AlpeRittet-20år

Alperitteti 20051. Starten på Roalden2. Ein klassisk telemark-alperittsving gjennom bjørkeskogen på veg ned til Langlo3. Langlo – på veg inn i den urbane delen av Alperittet.4. oppløpet ned til mål i sentrum av Stranda.5. Liv og røre i målområdet ved Storfjord kulturhus

3.

5.

4.

Page 26: På Stranda – Vinter 2015

Illustrasjon: Yngvild Åm Sognnes

Page 27: På Stranda – Vinter 2015

27

AlpeRittet-20år

- Kva hugsar du frå rennet i 2008 då du sette rekorden? Eg må jo ha vore i ganske god form da. Meiner det var bra forhold og ganske hardt i løypa. Det var mange dyktige løparar med. Stort sett heile Noregseliten. Eg hugsar eg kom i mål eit sekund før John Ove Sinnes. Det var ei god kjensle. - Kor trygg kjente du deg gjennom løpet? Du hadde jo ei snittfart på 60 km/t. Eg var ikkje redd for å dø, for å seie det slik. Men samtidig om ein skal kjenne seg trygg på at det går heile vegen, då går det for sakte. Ofte har det vore slik med meg at anten så vinn eg, eller så ryk eg. Ein må utanfor komfortsona om ein skal bli topp fem. Av og til går det vel fort, men ein må berre ha trua på ferdigheitene. - Kor mange telemarksvingar tar du i eit slikt renn?

Nei, det blir ingen telemarksvingar. Klart ein kan gjere det, men om ein går for å gjere det bra, så kan ein ikkje ta seg tid til det. - Har du hatt mange skadar?Det har blitt nokre hjerneristingar og eit brot i eit kne, men det var på skicross. Ein skulle tru at det blir mykje skadar, men det går overraskande greitt. - Har du hatt andre store sporstlige prestasjonar ved sidan av løyperekorden i Alperittet? Eg vann Galdhøpiggrennet i 2010. Det er jo eit av dei største. Så har eg jo også ein del merittar frå racing. Blant anna sølv frå junior-VM.- Når stiller du til start igjen i Alperittet?Det er ikkje lett å seie. I det siste har eg køyrt mykje alpint og berre leika meg. Eg likar ikkje å stille opp på noko utan at eg kan gjere det bra. Det er ikkje noko kult å bli grusa av juniorane

Nils Bjarne KrohnDen raskaste Alperittdeltakaren nokon sinne

Page 28: På Stranda – Vinter 2015

28

Snøfall og åtferd

Tekst: Martin Kristoffersenillustrasjon: andré skjeggestad

0 cm snøfall og snøkanonsnø: Stranda alpingruppe lever livets glade dagar på blåis og perfekt slalåmføre i Furset-traséen. Etter fall i hardpakka sweet spots og på iskalde rails, pleier jibberane såre rumper med kakao i Varmestova. Frikøyrarane sit heime og pratar om påska i 2012.

5 cm snøfall: Vinterens første teikn til pudderdump. Folk går i stavar av snøbegeistring. Facebook og Instagram flaumar over av statusmeldingar om at vinteren er komen. Jibberane vågar seg igjen ut i parken etter forpleiinga i Varmestova.

10 cm snøfall:Medan byfolket i Ålesund finn fram skia og tar turen til Strandafjellet, leitar Strandarane fram spade og gjer service på snøfresaren. Samtidig mumlar nokon av dei allereie at dei gler seg til våren og sommaren.

15 cm snøfall:Allereie før heisen opnar, står eit fargesprakande gore-tex-kledd følgje, iført skredsekkar og ventar på at heisa skal starte. Følgjet består av legar frå Åse sjukehus som nettopp har gått av nattevakta og offshorearbeidarar som har friperiode. Visse individ stressar meir enn andre om å stå heilt fremst når heisa drar i gang.

20 cm snøfall:Årets første verklege pudderdump, etter austlandsk standard vel og merke. Dette medfører at skiinfo.no sender ut puddervarsel til den skikøyrande delen av Noregs befolkning. Skihipsterar frå Oslo hiv seg i bilane for å køyre norske eventyrvegar til pudderparadiset. Strandarane er ferdige med vedlikehaldet på snøfresaren, og startar den for vinterens fyrste gong. Lokale skiheltar undrar på om dei har smurt Volkl Kuro´n, og kor i all verda dei la dei breie pudderplankane ifrå seg etter fjorårssesongen...

25 cm snøfall: Innflyttarar og sesongsarbeidarar er frå seg av begeistring. Endeleg har flyttinga til Stranda gitt avkastning i form av laussnø. Dei gir legar og offshorearbeidarar frå byen, og skihipsterar frå Oslo, kamp om plassen først i heiskøa. Ingers Trans sine taxiar køyrer som jojoar fram og tilbake mellom Svingen og Hevsdalen. Jibberane har flytta seg ut frå parken og opp på ein skavl på Egga, der dei øver inn nye flips og rotasjonar i meterdjupe landingar.

30 cm snøfall:Dei lokale skiheltane har endeleg klart å leita fram Kuro´n, men oppdagar at solen på skia ikkje er reparert, etter steinlandinga i Veggen under eit forsøk på å imponere påsketuristar. Men sidan det ikkje har snødd meir enn 30 cm, så er det framleis ikkje noko stress med å kome seg på Fjellet.

35 cm snøfall:Skiutleiga går tom for pudderplankar, då ei svær gruppe frå Active ski kjem rullande med morgonbussen frå Stockholm. Elevar frå Nordfjord Folkehøgskule opplever sine beste skidagar nokosinne, medan stressa folkehøgskulelærarar forsøker å få oversikt over skredfaren på Fjellet.

40 cm snøfall:Lokale skiheltar har fått lappa saman solane på Kuro´n. Sidan det har dumpa 40 cm tar dei turen opp på Fjellet. Fri flyt publiserer den eine pudderfilmen etter den andre frå Strandafjellet, som dei har fått tilsendt frå mediastudentar ved Høgskulen i Volda.

50 cm snøfall: Alt er som det normale på Strandafjellet.

Ei lita betraktning på korleis djupna på snøfallet påverkar skifolkets åtferd og dei sosiale forholda på Strandafjellet.

Page 29: På Stranda – Vinter 2015

29

Snøfall og åtferd

Page 30: På Stranda – Vinter 2015

30

Pudderterapi

Med eitt blir ein som vektlaus, tid og stad opphøyrer, ein ny dusj av herleg, lett, mjuk snø i ansiktet… og med det, etter første svingen er desperasjonen av mangel på snø gløymd… I gjennomsnitt er det sekstitre nedbørsdagar på Stranda mellom desember og april, noko som gjer at ein får ca fem meter med snø på Stranda i løpet av ein vinter. Sjølv på ein dårleg snøvinter er sjansen for episke pudderdagar betre på Stranda enn mange andre skandinaviske skiområder på ein bra vinter. Men når ein dårleg vinter slår til som ein rak høgre frå Cecilia Brekkhus, kan mangelen på snø drive sjølv den mest laussnøvante og innesnøa skikøyrar på grensa til vanvidd, depresjon, og det som verre er: Innkjøp av månadskort på helsestudio. Vinteren 2014 var nettopp en slik sjeldan dårleg vinter etter Stranda-standard å døme. Ikkje sidan 1982 har ein opplevd ein så snøfattig vinter. For ein stakkars skikøyrar kan ventinga på snøen bli lengre en råd er. Medan ein ventar på pudderdumpet, kan ein rett nok alltid få stått på ski i alpintraséen, takka vere snøkanonar og heltemodig innsats frå Stian og Sjur. Men å køyre i traséen fungerer berre for ei lita periode. Det er jo stas med kveldskøyring og ein kopp varm kakao i varmestua. Men om vi skal vere ærlege, og det skal ein jo vere: Det er ikkje like kjekt å køyre i traséen, som å køyre i midjedjup pudder mellom bjørketre. Eller på store opne områder som i Blådalen eller nedover Alperitt-traséen.Opp gjennom åra har mang ein skikøyrar opparbeida seg ei rutine på korleis ein skal møte ein vinter kor det herlege snøfallet lar vente på seg. I starten av ventinga bruker ein ofte litt tid på å gå over utstyret. Sjekke at ein har alt ein behøver, sette i nye batteri i skredsøkaren og andre koselege førebuingar. Dei som verkeleg har innarbeidd seg ei rutine, stiller ofte opp skisko og klede i gangen, i ei slik rekkjefølgje at ein kan ta på seg utstyret i halvørska. Skia ligg allereie i takboksen på bilen, der dei har ligge sidan siste sommarskidagen på Stryn. Noko som har medført at ein har gått rundt med konstant dårleg samvit heile sommaren, med tanke på at dei skia burde vore smurt. Med andre ord, alt er på stell. Ein er klar til utrykking på kort varsel. Men etter ei lita periode med slik optimistisk venting, kor det ikkje har snøa, må ein ta i bruk kraftigare metodar for å halde håpet oppe. Mange skikøyrarar har utvikla sine egne metodar for å møte ein slik tragisk start på vinteren. Metodar som baserer seg på teoriar frå ulike sjølvhjelpsbøker. Kort og godt handlar det om å utvikla eigne teknikkar for å prøve å overbevise seg sjølv om at i morgon, då kjem snøen, neste veke kjem den. Men når sjølv ikkje desse metodane og teknikkane for positiv tenking fungerer, når mindfulness glir over i crazyness, og ein har bytta bort yr.no mot storm.nosine vêrtenester, utan nemneverdig resultat. Det er da det ofte skjer, ein

Tekst: Martin KristoffersenFoto: oscar AlmgrenKøyrarar: Douglas Eskelius og Hedda Breien

Page 31: På Stranda – Vinter 2015

31

Pudderterapi

klarar ikkje lengre å fortrenge at det er for varmt i lufta. Håpet svinn, panikken set inn, og ein går inn i ein lettare form for depresjon. Pudderdepresjon er det medisinske namnet på denne tilstanden. Hadde ein berre kunne kjøpt laussnø på resept, kunne ein kurert denne depresjonen på ein, to, tre. Men legemiddelsindustrien, som har piller for stort sett alt anna, har enda ikkje klart å utvikle eit produkt som kan hjelpe mot pudderdepresjon. Det einaste som kan vere til hjelp i nauda er å sjå vinterens nyaste skifilmar… om og om igjen. Heilt til ein har memorert Alan Watts utgreiing i ”Days of my youth,” samt kvar ein sving dei legg i dei ulike sekvensane av filmen. Denne behandlingsforma medfører ofte at oppvasken og anna unødvendig husarbeid ikkje blir gjort. Ein blir nemleg dratt inn i skifilmens lukkelege fantasiverden. Der det alltid er mykje laussnø, og ein drøymer seg vekk til Mica Heli guides der det alltid er kvitt gull. Mødrer og koner trur det går å vekse av seg denne forma for depresjon. Dei trur det er som vasskoppar, har ein hatt det ein gong, kjem det aldri tilbake. Men diverre er det ikkje slik. Det har ikkje noko å seie om ein er femten år gammal, eller har bikka

tretti. Pudderdepresjon er ikkje som puberteten. Pudderdepresjon er ein tilstand som ligg latent i einkvar skikøyrar. Tilstanden kan blomstre opp når som helst i livet, når forholda ligg til rette for det. Altså når snøen uteblir. Denne tilstanden kan få konsekvensar for sosialt liv og relasjonar. Mang ein gong må ein deprimert skikøyrar utøve stor sjølvkontroll. For eksempel i situasjonar kor ein blir eksponert for personar som er glade for at det ikkje snør. Slike personar går ofte rundt og påpeikar kor sytalaust og fantastisk det er at ein slepp store snømengder. I slike situasjonar er det viktig å hugse på at ein skal gjere mot andre slik ein vil at andre skal gjere mot en sjølv. Sjølv om det er vanskeleg å forstå at nokon kan vere glad for snøen ikkje dukkar opp, kjem ein lengre med å nikke forståande og gi dei eit smil tilbake. Mens ein inni seg tel til ein dobbel backflip ut frå favorittklippa si.Men endelig kjem plutseleg kvelden. Kvelden då Gislefoss junior kjem med den gode nyheita i beste sendetid på NRK. Det skal snø! Når han til og med seier det vakre orde som begynner på n og sluttar på ordvest. Då kjennest det som at ein har vunne i Lotto.

Page 32: På Stranda – Vinter 2015

32

treng ikkje seie noko som helst. Smila, dei glade blikka og småhoppinga deira, seier alt. På veg opp med heisa prøvar ein å få oversikt over kor det er lurast å køyre først, skal eg prøve meg der borte denne gongen, det ser jo veldig bra ut.. Men kva om det ikkje er så bra som det ser ut til? Nei, på ein dag som denne skal ein ikkje eksperimentere. På ein dag som denne skal ein halde på dei gode vanane. Ein vel det trygge alternativet når ein sklir ut av heisa. Tar eit par stav- og skøytetak, før ein peiker skia nedover mot botnen av Hevsdalen. Og det er då det skjer… Med eit blir ein som vektlaus… Tid og stad opphøyrar. Medan ein får vinterens første dusj av herleg, lett, mjuk snø i ansiktet… Med det, etter første svingen er desperasjonen gløymd, og depresjonen kurert. Ein har endeleg fått terapien som har vore sårt trengt etter lang venting. Den beste terapien som finst. Terapien som får deg til å gløyme alt som har vore tungt medan snøen har venta med å dale ned: Pudderterapi.

Dei som forstår seg på dei viktige tinga i livet, dei forstår kva nordvest på Stranda betyr. Det betyr nemleg at det blir vanskeleg å sove, for ein gler seg slik til morgondagen. Den vanlege nattasongen bytast ut med Jokke og Valentinarane som ljomar ut i stua: «…Folkens jeg kommer med nyheter, jeg må be om absolutt stillhet, ventetida er over, det kommer til å falle snø inatt…»Natta går altfor sakte. Den er tilbringa ein stad midt mellom draumeland og vaken tilstand. Ein kan ikkje vente til vekkerklokka bekrefter at det er på tide å stå opp. Hive i seg frukost og hoppe inn i skiutstyret som sjølvsagt står oppstilt. (Noko det har gjort dei siste fire vekene.) Det gjeld å vere rask. Slik at ein ikkje havnar bakerst i heiskøa. På slike dagar er det uoffisiell oppmøtetid ved heisa allereie kl ni, om ein då ikkje gamblar på å ta ein topptur på sin personlege secret spot. Noko som mange gongar kan vere like bra, om ikkje betre, alt avhengig av kor bra secret spot´n er. Men om ein vel heisa, så treff ein her dei same gamle laussnøtrengande som bruker å vere der først. Ein

Page 33: På Stranda – Vinter 2015

33

Pudderterapi

Page 34: På Stranda – Vinter 2015

34

Page 35: På Stranda – Vinter 2015

35

Pudderterapi

10 teikn på at du lir av puddermangel:1: Du sjekkar vérmeldinga på yr.no opptil fleire gongar i timen.2: Du har bytta ut yr.no med storm.no3: Du har bytta ut storm.no med almanakken til Arve Mogstad jr. på G-sport.4: Du vurderer å melde deg på crossfit.5: Du er støl fordi du har starta med crossfit.6: I staden for å kjøpe det vanlege nye paret med ski, har du kjøpt to par ski for å trøyste deg sjølv. Det andre paret breiare enn det første.7: Du har kjøpt inn matchande skiklede til dei nye skia, dvs, eit sett til kvart par. Ein kan ikkje få for mange fargekombinasjonar å spele på i Norrøna sin Lofotenkolleksjon. 8: Du har sletta fb-venane dine som postar pudderbilete frå sine respektive skiplassar.9: Du har allereie vore ein gong i Alpane.10: Du sit på Vigra, klar til å bruke opp resten av neste års sommarferie, på jakt etter pudder. Pudder som du har høyrt rykter om, på ein eller annan bortgøymd skiplass på nordvestkysten av USA.

pudderterapi på Stranda:Blådalen: Blådalen er Strandas dårlegaste skjulte løyndom. Den berre ligg der oppe under Roalden og innbyr til pudderfest. Ta fjelltrekket opp. Skli så ut køyrars høgre. Eller sleng skia på skuldra og gå så langt opp mot Roalden som du ønskjer før du peikar skia ned mot Hevsdalen.

Furset-skogen: Furset-skogen er heller ikkje nokon løyndom lengre. Ta Egga-trekket opp, køyr så i løypa til du kjem langt nok ned til at du ser rett mot Grandiosa-fabrikken. Følg så pizzalukta til du kjem ned til Furset.

Alperitt-traséen: Alperitt-traséen har vel aldri vore ein løyndom. Den ligg der for alle å sjå. Kort og godt: Når du kliv av gondolen på Roalden, gli rett ut mot køyrars venstre eit stykke. Sikt så på ferjeleie nede ved fjorden. Nærmare skoggrensa siktar du på den ryddaAlperitt-traséen gjennom skogen mot Langlo. Slik at du unngår å bli betre kjende med gran- og furuskogen vi har på Stranda.

Page 36: På Stranda – Vinter 2015

36

Page 37: På Stranda – Vinter 2015

37

Pudderterapi

Page 38: På Stranda – Vinter 2015

38

ToppturaR

På Sunnmøre er topptur djupt forankra i folkesjela. Tindane rundt fjordane har blitt vitja i ei årrekkje. Men på landsbasis har toppturbølgja slått inn over vårt fjellkledde land med ny kraft dei seinaste åra. Fleire og fleire får auga opp for denne fantastiske vinteraktiviteten. Noko av grunnen er nok at utstyret har blitt billigare. Før var det berre dei mest innbarka høgdemeterjagande endorfinistane som tok seg råd til å kjøpe toppturutstyr. Men no har det blitt så rimeleg med lette ski- og tech-bindingar, at fleire og fleire skipar finn vegen frå sportsbutikkar og heim til folk. Dette igjen medfører at både Fjesboka og Instagram flyt over av bilete frå ulike fjelltoppar frå kvar einaste krik og krok rundt om i landet. Noko som i grunnen er bra både for folkehelsa og Visit Norway, med tanke på all den gratis reklamen. #visitnorway #fjordnorway Vi som bur på Stranda er bortskjemde når det kjem til så mangt. Men spesielt bortskjemde er vi med fjelltoppar og toppturmoglegheiter. Stranda ligg i eit av dei aller finaste toppturområda vi har i vårt vakre land; Sunnmørsalpane. Smak på ordet, la det krible i skifantasien før du uttalar Sunnmørsalpane. Fjella, eller orsak, alpane, som du finn på begge sider av Hjørundfjorden og heilt til Stranda, gir toppturmoglegheiter i verdsklasse. Hjørundfjorden er den mest kjente topptursfjorden. Den blir ofte omtalt som fjordanes fjord. Ta deg ein tur og du forstår kvifor. Men det finst også fantastiske fjelltoppar med eventyrlege utsyn og episke nedkøyringar langs Storfjorden, Sunnylvsfjorden, Geirangerfjorden og Norddalsfjorden. Her kan ein ikkje gjere eit dårlig val av turmål. Heng kartet opp på veggen, ta eit bind for auga, og kast ei pil. Det blir ikkje feil uansett kvar pila treff.

Vi vil i kvar utgåve av PS presentere eit utval toppturar i nærområda til Stranda, og gi tips til korleis ein best tar seg opp og ned dei utvalte toppane. Vi håpar dette vil medføre at livet som toppturturist på Stranda blir litt enklare. I denne første utgåva presenterer vi lokale favoritturar som Dahlmannshornet, Heimste og Fremste Blåhorn og Jolgrøhornet i Liabygda.

Tekst og foto: Martin Kristoffersen

Page 39: På Stranda – Vinter 2015

39

ToppturaR

F.v. Trond Refsnæs og Ramus Broby Johansen nyt turen opp mot Kvitegga, i bakgrunnen Geirangerfjorden.

Page 40: På Stranda – Vinter 2015

40

ekstra. Praktisk å kunne starte turen med å gli rett inn i fjellheimen meiner vi. På den måten kan ein tilbringe meir tid i det fri enn blant lange blikk frå slalomkøyrarar i bakken. Heisa kan også være til nytte dersom ein har med familien i trekket, og ønsker seg ein liten avstikkar utanfor løypene oppe på fjellet.Frå toppen av Langedalsegga renn vi først ned eit lite stykke og traverserar sør for Tinden mot byrjinga på ryggen opp mot Dalmannshornet som heiter Åndalsheia. Tanken er å følge same vegen attende, avhengig av korleis vinden har transportert snø og kvar vi finn dei finaste forholda. På returen kan ein blant anna fortsette på Åndalsheia vidare nedover mot Engeset i Strandadalen om ein ordnar logistikk på førehand, eventuelt ringer Ingers Trans – den lokale transportverksemda på Stranda – undervegs. Ein iskald trekk riv i ansiktet i det vi stakar oss ned frå Langedalsegga i retning Åndalsheia i sida sør for Tuvegga og etterkvart den nemnde Tinden. Kinna er blitt plommeraude, og lungene lengtar etter varme. Ein slurk morgonkaffi ligg og freistar i sekken, men det glitrande høglandet av silkemjukt skiføre ligg som eit forlokkande fruktfat framføre oss. I staden stoppar vi kort og tek ein munnfull kvar av halvfrosne vassflasker, som om det skulle gjere situasjonen noko betre. I toppen av Varddalen legg vi om til fellar. Dette må vurderast dersom snøen er djup eller glien dårleg, og kor vidt ein vil halde høgda under Tinden mest mogleg framfor å køyre direkte i retning Åndalsheia. Med friske bein sklir vi nedover mot Åndalsheia på eit mellom 10 og 15 cm tjukt lag av fjonlett snø på stovegolv. Vinden har lete snøen fått ligge i ro den siste tida, til glede for ein kvar toppturentusiast i den hittil så snøfattige vinteren. Opp på Åndalsheia bretta eit panorama seg ut framfor oss. Kuldegradane var som jaga vekk i dette glitrande tindelandet med Leirvasshornet, Smørskredtindane,

Frå Dalmannshornet er utsikta mot tre kjente Sunnmørsfjell eit klassisk og velkjent fotomotiv. I tillegg til den vide utsikta innbyr terrenget rundt fjellet til varierte og flotte skiturar, der ein kan kople saman ruter til ein rundtur om ein vil.Dalmannshornet, saman med Ystevasshornet og eit par mindre toppar, dannar eit fjellmassiv som ligg på grensa mellom Stranda og Sykkylven kommune. Massivet er sør for Hevsdalen, nord for Habostaddalen og aust for Brunstaddalen. Alle dalane er potensielle utgangspunkt, der vegen frå Hevsdalen til Tindeskardvatnet er den mest foretrukne ruta om sommaren.Om vinteren kan denne ruta kreve isøks og stegjern opp Vassdalen og ved Kollskardet. Ruta ligg mykje i skygge tidleg på vinteren, og er i hovedsak mest brukt på våren då det i tillegg til meir sol ofte er litt betre stegsnø på dei brattaste passasjane. Eit meir brukt utgangspunkt på vinteren er via Åndalsheia frå Habostaddalen. Det er her skildra ei tredje rute frå toppstasjonen på Egga Fjelltrekk ved Strandafjellet Skisenter – som etter kvart kjem inn på Åndalsheia. Termometeret syner 15 blå grader i bilen i det vi parkerar ved Strandafjellet Skisenter. Planen er klar, og himmelen er heilt, heilt blå. Lufta er skarp og klar slik den ofte er på slike kalde midtvintersdagar. Berre ei rytmisk knirking frå eit par langrennski bryt stillheita idet ein langrennsløpar glir forbi i den trå snøen like ved. Enkelt å smørje i dag; Blå ekstra. I skibakken har dei ivrigaste allereie innkassert dagens første svingar, medan vi utolmodig ser mot toppane rundt og speidar etter upreparerte sider og urørt snø. Kan bli bra i dag.Skisenteret er eit bra utgangspunkt der vi plukkar gratis høgdemeter ved hjelp av Fursettrekket til topps på Langedalsegga. Dei stirrigaste ville kanskje gått trekktrasseen opp for å sveitte nokre høgdemeter

Dalmannshornet

Dalmannshornet (1476 moh) Flott skitur med utsikt frå øverste hylle.

Tekst og foto: Håvard Myklebust

Page 41: På Stranda – Vinter 2015

41

Dalmannshornet

Brekketindane, Brunstadhornet og fleire til. Alle kledde for anledninga i høgvinterkvit skrud strålande mot kvitbleike og solhungrige fjellfantar som lukkeleg vagga mot tindens topp. Ryggen verkar seig og lang, men etter ei solrast med stolte Sunnmørstoppar som kulissar tek vi til på siste stigninga mot hornet.Det gjekk trått å kome til toppen denne kalde februardagen. Dei gjennomsveitte trøyene blir rekordraskt bytta mot lunare plagg og stod av seg sjølv etter møtet med dei 15 minusgradene. Godt omsider å stå 1476 meter over pizzabygda ved Storfjorden. Samtalen stilna. Litt eigentid kvar for oss der vi syg til oss utsikta frå øverste hylle. Bratt og brått ned i Brunstaddalen, langt utover mot storhavet i nordvest, snillare mot Tafjordfjella og Jostedalsbreen strekk seg så langt som optikk tillet i aust og sør. Likevel er det nok den kjende tindetrioen Store Brekketind med spisse Slogen og trauste Jakta i perfekt vinterblå siluett som kronar utsikta. Alt i alt, utsikta er verdt dei kalde timane oppturen krevde. Vi snur ryggen til dei opprivne fjellsidene og let blikket gli over landskapet austover i retning skitrekket og mørkblå vestlandsfjord langt der nede.

Vi studerer moglege nedrensler og funderer på kva som kan være den beste i dag. Spora etter ein harepus synte at det var fleire som var ubeslutsomme der han hadde surra rundt toppen i større labyrintformasjonar usikker på kva veg han skulle ta. Einige om kvar dei beste snøforholda var blei vi heller ikkje, der haren hadde forsvunne bak ein snøskavl i retning Ystevasshornet. Det er ikkje sikkert han bryr seg nevneverdig om skiføret, sjølv om ingen veit kvar haren hoppar. Skuggane våre blir lange nedover Åndalsheia. Vi besluttar å ta same veg tilbake og halde høgda under Tinden for å unngå det kjedlegaste ein kan kome bort i på nedoverturen – oppoverbakkar. I rytmisk dans, svingar vi oss nedover Åndalsheia med lyden av rimflak som blir knust under kvasse stålkantar. Slitne lår svingar viljelaust på blåekstra-føre ned trekktraseen mot 19 frosne minusgrader på parkeringsplassen. Sola er gått ned og den blå timen har bringa ei stillheit over pudderparadiset. Ein dag rikare på sol, ski og snø, og ei stor dose utsikt lagra bak pannebrasken. Det blei ein bra dag.

Fv. S

tore

Bre

kket

ind,

Slo

gen

, Jak

ta

Page 42: På Stranda – Vinter 2015

Nedkøyring frå Dalmannshornet med utsikt mot Stranda.

Page 43: På Stranda – Vinter 2015

43

Dalmannshornet

Dalmannshornet er i dag berre eit kart-namn. Lokalbefolkninga i Sykkylven refererer til dette fjellet som Sætretindane (fleirtallsforma inneber dei tilstøtande tindane) medan Strandarane kallar det Brunstadtinden. Vi benytter oss av namnet Dalmannshornet, ikkje berre er det eit fint namn, men det er då heller ikkje rom for forvirring med blant anna Sætretindane som ligg ved den kjende Kolåstinden lenger vest.

TiDSBruK: 7 timar t/rLENGD: 6 km ein vegHøGDEMETER: 700hm + 200hm på returenFArEMoMENT: Svær skavl på hikers right på veg opp, hold det høgste punktet på ryggen. Luftig på toppen, eit stort stup på baksida.

Page 44: På Stranda – Vinter 2015

44

Jolgrøhornet er ein forholdsvis lett, men fantastisk fin topptur. Toppen er godt kjend hos lokalbefolkninga, men ikkje like kjend blant besøkande. Du kjem til Jolgrøhornet med å ta ferga over til Liabygda. Ta til venstre mot Stordal på rv 63. Parker ved garden høgst oppe på Stavsengfjellet, hugs å vise fornuft ved parkering av bilen. Følg så den nedsnøa traktorvegen oppover mot Stavsengsætra. Frå Stavsengsætra går ein vidare mot og opp sørsida av Vardebakkane (høgde 1099 moh). Når ein kjem opp på toppen av Vardebakkane, begynner ein verkeleg å forstå kvifor Jolgrøhornet er ein lokal favoritt. Utsikta innover Synnylvsfjorden er spektakulær. Herfrå gir resten av turen seg sjølv, då ein ser toppen av Jolgrøhornet rett fram. Det anbefalast å velje ei rute opp på vestsida av den siste bakken til toppen. Frå toppen har ein framleis fantastisk utsikt innover Synnylvsfjorden, men også mot Stranda og Sunnmørsalpane som ligg og ruvar bak. Nedkøyringa følger same linje som vegen opp.

Regn med ca. 4 t. til toppen i vanleg turtempo.

Eit tips for vårens beste afterski: Ta med god mat, og finn deg ein plass nede ved fjorden på Gravaneset. La ferga segle sin eige sjø eit par gongar, medan vårsola varmar deg i ansiktet. Liabygda har nemleg sola mykje lengre enn Stranda. Sjå til å nyte sola når du først er på solsida.

Jolgrøhornet Heimste og Fremste Blåhorn

Page 45: På Stranda – Vinter 2015

45

toppturaR

Heimste og Fremste Blåhorn

Heimste og Fremste Blåhorn er også toppar som er godt besøkt av lokalbefolkninga. Mange tar turen opp på Blåhorna som ein fjellskitur via Dregetua og Vardnakken. Fjellskituren kan verkeleg anbefalast, men denne gongen beskriv vi toppturvegen opp Blåhorna. Den er meir tidseffektiv, og byr på meir spennande nedkøyring. For å kome til startstaden, må ein fram i Strandadalen. Frå Stranda følg ein rv. 60 retning Hellesylt. Når ein kjem til Fjørstad, tek ein av til venstre inn på ein grusveg, og parkerer bilen ved det gamle Bygdehuset på Fjørstad. Hugs å ta med ein symbolsk sum for å betale parkeringa. Du legg pengane i ei postkasse som heng på veggen til skulehuset. Ved gjerdet står det eit skilt med retning Blåhorna. Gå over den opne marka til skoggrensa, følg den raudmerka turstien opp gjennom bjørkeskogen. Etter eit par hundre høgdemeter kjem ein over skoggrensa, følg så ryggen oppover til Heimfjørstadsætra, så vidare oppover ca. 150 høgdemeter før ein kryssar elva opp mot Blåhorna. Herifrå siktar ein på skaret mellom Blåhorna, og et høgdemeter til ein tar imot det Heimste eller Fremste Blåhornet. Om ein planlegg å gå på begge toppane, anbefalar vi å gå opp Heimste først, for så å gå på det Fremste. Ein får lengre samanhengande nedkøyring om ein køyrar ned frå Fremste Blåhorn sist. På toppen får du ein utsiktsfest utan sidestykke. Nyt utsikta, og slå av ein prat med Strandaren som sit og nyt utsikta over heimbygda si.

Rekn ca. 4 timar opp (+2 t. om du skal opp på begge). Dette er ein fin vårskitur. På våren kan ein fint gå den seint på dagen. Sola står og skin lenge på fjella og held snøen perfekt for nedkøyringa som følgjer same linje som vegen opp. Vis aktsemd på begge toppane, da det normalt heng store skavlar mot aust. Sjølv om det kan verke freistande å sjå nærare på utsikta, anbefalar vi å ikkje gå ut på dei! På Fremste Blåhornet startar skavlen allereie rett bak masta på toppen. Det kan også vere lurt å vise aktsemd når ein kryssar elva på vegen opp.

Page 46: På Stranda – Vinter 2015

Løfserøv på Roalden

Tekst: Blådalsbjønnenillustrasjon: renate Thor

Page 47: På Stranda – Vinter 2015

47

Løfserøv på Roalden

men det ste` gøtt nøkk te dagsforma. Han attelita meir på bakglatt, og triv med se fellene frå åttitale på veg ut. Håpa at lime held nøkelonde.

Før i tia på FursetnUte e det gnistrande, me et smådryss ta nysnøv på oppeberre mylljå tøyarøbbå. Det e tongt likevel, og det e fole kor de hadde vøkse te, både me småskog å bratte bakka, i liene ovafør Knutitlekvitlå. Han fe fylje alperittløypå, å håpe at det ikkje kjem før månge tungvektige big måontain-løpara i ubalanse nedigjønå her på en syndagsførmiddag. Det e no elles ohørvele kor farta, utstyret og ferdiheitene ha ballja på se siste åra. Verken ski eller stil likna særle mykje på det han sjøl og kameratane gjore i skogaløypene i laussnøven på Furseten på syttitalet. Det gjekk no igrunn fort nok den gongen mæ. Han huska at dei var fleire om å bestige ei bjørk for å få løsna bror hass, so hekk opp ned ette en klemmesko frå ei levande klyfteskure. Broren ha feilberegna sving etter kul neri gjøle på setregrova. I dag hadde vel farta ventele knekt både leggen og bjørka?Men han hadde kjent se flink nøkk den gongen mæ. Rekna se som skiløpar, særle i møte med byara, eller allerhelst disse frå Valderøya og frå Hareid: Sjømenn og mekanikara, bakpå til kantringsgrenså, høglytte og utan kontroll over skavl og smålyng. Dongerijakke med syntetullforing i snøvdrive. Jeansen rett i klemmesko og blå tobakkspung på baklommå. -Nøke sama til hendelse! Han tenkje tebake, meda belgjen bles på etteskøt oppgjønå plantefelta. -Steik, han må sjå å ta se på tak med kondisen! Det he stått bere te, både med den å med styrken.

StorskavelnDer va fordela med å ha skitrekke so å sei i bakhagen, ja. Både Bygdara og Leara, Dalara, og Neaføringa samt en å annja Øggarshyn, brukte å rote se opp i Hevsdalen, uansett ver! Der va det sosialt og arti, same ka. Det vart baska på i laussnøven med smale, tradisjonelle slalåm og storslalåmski. Ofte kjøpte frå dei aktive alpinistane på idrettslage sitt bruktsal, og dermed altfor stive og spesialiserte for dei fleste ta dei so leika se i laussnøven. Likevel rekorda på åtteåtredve, og kanskje over førti tura på en dag. Utfordringa med spretthøpp og skogaløype på tenkjele å meir urimelege plassa. Storskaveln på Roaldsiå va berykta. Paddeflat landing, same kor långt eller høgt du bykste. Somme år gjekk høppe rett opp, og han hadde sett folk lande baklengs, to meter bak sitt eige satspunkt. Klaska frå dei meir normale landingane knekte skituppa, løsna bindinga, og løyste ut mjellfønne heilt borti Svarthamrane. Hadde du mot nok på Storskaveln, kunne du fort gjere de travallje før resten ta åre.

Syndagsmørgå Ei leiligheit nedme sjynå. En mannj kjem te se sjøl, ette det han helst vil kalle et tapt sjøslag på hotelle kvelden før. Minna e meir som ei tjukk skødde. Nøke me ei amorøs turistdame, å ei flukt frå et hotellrom. Han e låke og klene når han dreg gardinene på glytt, men konstatera at påskå i alla fall byr på en fineversdag ditte året. Ette en grovsjekk konstatera han at han sjøl, som ventele e, lukta helder ofjelgt. Sløgstadskjortå og finebrokja finn vegen frå gølva te vaskeromme. So gjeld det å få stavra seg inn i dusjen og skylt ta se nøke skuld og skam. Vatnet treff en krøpp som kjennest ut som et piska røveskinn.

SlyestellFrokosten smaka rengt. Kaffien likeså, men han lyt få ti seg nøke flytande ska dagen bli bra. Han huska endå kor det gjekk ette oppskøkelage frammi dalen for to år sia. Vil ikkje ha en slik syndag, om han kan unngå det. Det trengst å få skifta ut lufta og han glytta ut altandøra når han opna ne. Der vert han førbina over kor fint et ver det egentle e, og tek seg sjøl i å gjer ei vurdering han ikkje he gjort på mångfaldige år: Om han ikkje ska tutle se te fjells utpå mørgonen? Det va no berre så avbakele med dinnje forma ette kvelden før. I tillegg e han knerøten ette fleire sesonga med reint slyestell på treningsfrontn. Han he i allefall ikkje vør på fjella på ondabakkeski sia han enderøyste nedette henge i vørldkøppløypå i 94. Han grev fram frå husken nøkre fjelltura i seinare år, men avtaleboka med både Roalden, Ystevass og Brunstadtind`n he visst vør tom vel lenge.

I et hatteføkDet e når kirkekløkkene set i gong kløkkå ti at han bestemme se. Han lyt ha friskluft! I et hatteføk, å før han rekk å ombestemme se om nøke so helst, he han dratla fram tursekkjen frå inste kråna i buda. Møttstøve og kongleveve driv ta sekkesidene når han stappa neri nå både niste, to termosa, ei, trøye, ull under lang, ekstralesta, og en, på dato utgått, vaselindåse mot gnagsår. Lilla og raud swix, samt universalklister bli med, solbrillene frå revynummeret i 97. Kamera. Anorakk. Snart e han nøkelonde klar. Nedi buda ser han at biksaumarane sårt treng se ei impregnering, det fe halde med vaselin i dag. Og skiene? Dei dukka fram bak dombå frå en søvepøse og to gølvrye han lyt flytte på. Atomic ARC. 1989. He´kje verken vøre bygla eller tjørebreidde på ominnelege tie. Einaste turskiene han he eigd sia Kandahar´n på Blue Master-paret hekk ti enj einsle rysta skrue, då han drubba seg i køllj frampå attelegene på Gjerding. Ditta må ha vør på en tur over Dregetuå frå Støvset, det året Bobbysocks let det swinge på alle kasettspelarane heile våren. Det bir nok ikkje den dagen si gli i dag,

Page 48: På Stranda – Vinter 2015

48

MeraftasKomen opp på Meraftashønnje he han gått se rett fjølg i den stigande sola, og kjenne se turrare i tuknene en gøtt e. Han fylle på med kaffi meda pulsen fe tia te å ramle se mot kvilefrekvens. Han ser på aktiviteten i Meraftasløypå. Det e kje få so fyk førbi på ei kort stond. I gamle daga va det oftast heimturen te Langlofelte so gjekk førbi her. Siste turen før dagen, og allti et høgdepunkt. Terrengkøyringa va og bli kjekkast, sjøl om det va vanli å køyre se fast i meterhøg laussnøv eller tutlevatle seg inn i tette hatleryste når en va komen se ne i skogjen. Men et vart oftast køyrt månge i lag, og en kom seg som regel beinheil neatt te kjøtkakene. Skiterrenge e like bra so det va den gongen, men det e fleire om saligheita, på gøtt å låkt. Han studera stilarta, og meina å kunne påvise både Byramp, Øyara, å skikkele følk i løypå. Men det e verre å skilje no enn før. Allereie tidle på nittitale fanst det Ulsteinvikara og Herøyværeinga so faktisk kunne både telemark og alpint, å so viste både fjellvit og løypeskikk. Å no aula det nesten ta Ålesundara og Øyara med hytte i Hevsdalen, og både sportsli og økonomisk kapital å legge att i bygda. Det va kanskje ikkje so oheldig det akkurat.

paviljongHan kreka seg oppette Småvardane, me stadi mindre å hente frå heller uvand muskulatur. Kjem plutsele på at Paviljongen sikkert he munngøtt å by på, men at lommeboka nøke obeleile, ligg att nedme sjynå. Ergele at han ikkje kunne lære se å glytte framfør nasen når han sku legge plana. Slik ha det vør støtt! Det e derfør både med vonbrot, lengting, tyrstebyge, og verk frå dehydrerte muskla, at han ettekvart bikka kanten oppme uteborda på paviljongen, og tek se i å måte drage handbaken over truten, i angst for å ha Bjørndalen-skum rondt mulepartiet. Pulsen e infarkttriggande høg, auene fulle ta sveitte og blikket uklart søkande. Det hadde vør gøtt me en kaffi eller ei øl ette streve. -Ingen kjende å sjå?

yvjestódeNår han fe krøkt ta se bindingane og stabla skiinje å stavane oppåt stative, sjangla han se muskelstiv å utasa bortover snøvflatå mot inngongsdøra te paviljongen, der det e fola yvjestóde me bestilling å hauking i alle retninga. Det e ei babelsk forvirring ta dialekte, det han trur e svenske servitøra, å fargesprakande skiklede der inne. Og der mylljå bordå, syns han å sjå en kjend skalle. Eller to faktisk. E det ikkje Per´n og Harald´n so held på å gjer se forstått før ei lettare oppøst austlandsdame? Han stiltra se bortåt, å høyre Harald´n svare austlandsdamå: “Neih, ho he kje, men ho hi ho he!”

Per`n legg før sikkerheits skuld, og med tyngde, til at: “Han hin me he!” Det er når austlandsdama himla med au´ne, og skulda karane før å vere frå Kina, at han finn det for gøtt å gje se te kjenne:“E det her døkke e på skyvjing?” Han gjeng høgt ut, trygt førvissa om at damå ikkje skjøna . “Den karn?” spør Per`n. Kort i prat`n, som vanli.“Nei ka i? He du slete de eller?” Harald`n legg inn lokal nøkternheit i formidling av lett sjokktilstand.“Men gurimalla! Er det du? Takk for sist da!” seie austlandsdamå.” Humørendringa me kjelljå gjeng frå oppgitt til hjertele på en kortsving. Fnising.“Jeg trodde det var ennå en Kineser som kom jeg” Meir fnising!Klem følgjer! Sjokktilstand vert etablert! Tungemålet gløymt...

Løfsemøleexit “Desse gutta her er det ikke mulig å få noe vettugt ut av. Men vi to, vi forstod hverandre bra? “ Blinking og ny fnis. Han huska att blikket! Hjelpe å trøste! Gårsdagens hotellbesøk openberra seg som ei fønnj, og alle plana om å tigge se til en halvliter kald drikke me karane, vert kølljkasta. Ka slags slysme e de han he gjort no? Ditte vart no alldeles på vrångå. Det va no skitur det sku vere i dag. “Ja, hei ja ! Vent litt du. Ska berre ha me kaffi å en løfsemøle bortme disken. Svøltn seddu!” Høgreøyrå oppfatta et “Skal ha hvafornoe?” i småslalåmen mylljå goretexen mot disken. Han legg inn lang U-sving mot utgangsdøra, når han endele ensa at ho snur seg tebake te karane. Dei so akkurat he skjøna, å held på å knekke i hop. Hårnål med lang venstretravers ut døra. So ski! Stava! Binding på! Sette onda!

MåndagsmørgåEi leiliheit nedme sjynå. En mannj kjem te se sjøl, ette det han vil kalle en hasardiøs skitur dagen før. Førvirra minne om mjelkesyre, røtne kne, oventa skavla, hatleryste å røten snøv, lave grangreine ovafør Langlo. Han e låke og klene når han dreg gardinene på glytt. Han konstatera at det snøva ute. Ette en grovsjekk finn han ut at han trass alt, e ganske beinheil, og långt frå travallje. . . Skibuksa og ullondetyet ligg nøke ofjelge på gølve på bade. Han slengje det i vaskemaskinå fysst best, so det e klart te neste gong.Så stavra han se inn i støvå finn fram laptøppen og leita fram Skisentere si sie på veven. Best å sikre seg sesongkort i tie te neste år. Han treng visst treninga. I går va marginane før knappe. Harald`n he alt tøveringt. Lurte på om han va komen te løfserøven.Kaffien e heldigvis klar.

Page 49: På Stranda – Vinter 2015

49

Løfserøv på Roalden

nedme sjynå: skødde:

sløgstaskjortå:ofjelgt:

er låke og klene:å stavre seg:

rengt:oppskøke:

førbina: avbakele:knerøten:slyestell:

å enderøyse:møttstøve:

gølvrye: biksaumera:

å bygle: å tjørebreie:

å drubbe se i køllj:attelege:

å attelite på:oppeberre:

mylljå: tøyarøbbå:

kvitlå:itlekvitla:ohørvele:

klyfteskure:ventele:

leara:neaføringa:øggarshyn:

belgjen: mjellfønne:

travallje: å tutlevatle seg..: hatleryste:

utasa: yvjestòde:

ho he kje:ho hi ho he:

han hin me he:skyvjing:

kjelljå: slysme: løfsemøle:

løfserøv:

sentrumsområdetskodde /tåkefinskjorta (til bruk i sentrum, på Sløgstad)utriveleg /uhyggeleghar vondt og er småsjukÅ gå stivt og gammalmannsaktigringt / dårleglokal ølsmakingstradisjonoverraskaubeleileg / tungvintdårleg trentlivvstil med sterkt preg av latskapå gå kast i kast nedoverstøvet frå mòtt/møllvevd fillerye til golvbrukskistøvlar med beksaumå varmebehandle ski med glivokså setje inn treski med tjøreå gå overendedyrka jordeå uroe seg forhard skare mellomdei avsmelta rabbane /høgdedragaden mot elvekrysset skrånande dyrkamarkaden minste av kvitlenevoldsomt / kolossaltstøttestaur til hes (ved hesjing) med kløft i toppenantakelegpersonar busett på Fursetleapersonar busett i sentrum (neafør)gutfant frå Ødegårdsområdether: lungenetørre laussnøskredskadd såpass at du er hjelpetrengandeå rote seg grundig ...kjerr av hasselsliten og trøyttlivleg situasjon med mykje leven og støyho har ikkjeho andre, ho harhan andre har ogsåamorøst/erotisk motivert setrebesøkdamatabbe basert på ubetenksomheitlefsebitein som er glad i lefse

Lokal ordlistesortert kronologisk etter førekomst i tekst

Page 50: På Stranda – Vinter 2015

50

MøT VEGGEN

Du har kanskje kjent på det ei stund. Varsellampene har begynt å blinke, ein etter ein, akkurat som den gamle bilen din, som du skulle hatt på EU-kontroll for lenge sidan, men som du tenkjer: Dette er ikkje noko stress, lampa har lyst lenge og det har likevel gått bra til no, dette ordnar seg, berre køyre litt til. Samtidig dukkar det etter kvart fleire og fleire blinkande lys opp på dashbordet ditt: Du blir låk i magen og begynner å grue deg til enkle gjeremål, du har dårleg samvit og går med ei konstant kjensle av at du har gjort noko galt, sjølv om du ikkje har det, du blir stiv i nakken og sliten i musklane sjølv om du ikkje har trent, du vil vere meir og meir aleine, du sluttar å ta telefonen og sluttar å opne post… På Stranda møter du også veggen, men på ein litt annan måte. Nokon varsellampar vil framleis blinke: Du kan bli litt låk i magen, du hører ikkje telefonen ringe og tenkjer for all del ikkje på den uopna posten. Men om du lar deg lokke av tyngdekrafta og har ferdigheitene som trengs, kan du etter 15 sekund sjå deg tilbake. Det du ser er ein massiv vegg over hundre meter høg, signert av dine eigne ski. Vår fotograf Torstein Engeset blei med når nokre lokale ski- og brettkøyrarar sette sine linjer på Veggen ein dag i førre sesong. Du kan gjere det same om du sklir ut skiers left frå t-kroktrekket på Egga, og peiker skia rett ned mot Langedalen. No er det nemleg din tur, til å leite fram det beste som bur i deg, og overvinne og dekorere Veggen… (Veggen er bratt, og det kan her, som på andre bratte stadar, gå skred. Vis aktsemd med snøforhold før du sett utfor Veggen.)

tekst: ole Kristian Årdal, Martin Kristoffersen Foto: Torstein Engeset

Page 51: På Stranda – Vinter 2015

51

MøT VEGGEN

Kjøyrar: M

arius B

erg

Page 52: På Stranda – Vinter 2015

52

Frå venstre: V

egard Bjørdal, Joh

n A

rne L

øvold, Hen

rik Sætre og M

arius R

ødseth B

erg

Page 53: På Stranda – Vinter 2015

53

MøT VEGGEN

Hen

rik Sætre

Mariu

s Berg

F.V. Mariu

s Berg, V

egard Bjørdal,

John

Arn

e Løvold, Sign

e Marie H

usø

Page 54: På Stranda – Vinter 2015

54

Guiden

Vi kliv ut av bilen ved Ringstadsætra, nyt den varme haustlufta og snører på oss løpeskoa. Eg har blitt med Oscar på ein av treningsturane hans før vintersesongen startar. Vi skal løpe heile vegen opp til Roaldshorn, via Meraftahornet, på denne nydelige haustettermiddagen. Det er viktig å legge grunnlag for vinteren, sjølv for en guide. Motbakke gjer ein sterkare, seiest det. Her på Stranda har Oscar funne seg nok motbakkar å trene i. Vi lar beina ta fått på stien, og eg undrar på korleis det blei til at Oscar, av alle plassar i verda, kom til Stranda. Han er født og oppvaksen i Stockholm. Det er langt vekke, og det er store kontrastar frå Stureplan og Stockholms skjærgård, til Stranda og Sunnmørsalpane.

–Korleis gjekk det til at du tok jobb som guide og kom til Stranda, Oscar? Eg har alltid likt friluftsliv, og i barndommen var eg blant anna med på speidaren i Stockholm. Denne friluftslivsinteressa førte til at faren til ei veninne tipsa meg om moglegheitene for å ta guideutdanning i Åre. Eg hadde ingen konkrete planar for framtida på den tida, så eg bestemte meg for å dra opp og bli med på opptaksprøvene til skulen. Det gjekk veldig bra, eg bestod opptaksskrava. Då tenkte eg å prøve nokre veker for å sjå om eg likte meg der oppe. Eg syntest det var kult at skulen var så praktisk. Vi var veldig mykje ute i naturen. Vekene blei fort til eitt og eit halvt år i Åre og Jämtland. Ferda gjekk så vidare til Kittelfjell, der eg fekk tilbod om å jobbe som heliskiguide, noko eg gjorde ein vinter. På sommaren vende eg tilbake til Åre for å guide rafting. Det var faktisk ein arbeidskompis i raftingen som tipsa meg om jobb på Stranda. På mange måtar kan en seie at det var litt tilfeldig at eg kom hit.

–Men kvifor har du blitt verande her, dette er vel den 6. vinteren din no? Ja, det stemmer, åra flyg fort. Eg visste på førehand at det ikkje var nokon som guida her på Stranda. Eg kom reisande med ein liten tanke om å kunne starte opp eigen guideverksemd. Det er jo eit fantastisk fint område, som egner seg veldig bra for skikøyring, med store snøfall på vintrane og mange fjell å velje i. Men den største grunnen til at eg blei verande, var at eg i tillegg til fjella og snøen, traff ei jente frå Førde. Då var det gjort.

–Kva legg du vekt på når du guidar? Eg prøver å legge til rette slik at gjestane får ei fin og trygg skioppleving. Dagen startar med at eg gjer ein analyse av den siste tidas snø og vindforhold. Utifrå det legg eg ein plan a, b, og c, og gjerne ein ekstra reserveplan. Slik er eg best mogleg forberedt på å finne bra snø til gjestane. På førehand har eg sjølvsagt prata med dei, slik at eg har fått danna meg eit bilete av skiferdigheitene deira, og kva type terreng dei meistrar. Samtidig prøvar eg å finne terreng dei kan bryne seg litt på, slik at dei kan utvikle seg som skikøyrarar. Sjølvsagt i trygge snøforhold. Sjølv om eg guidar mest toppturar, så er noko av det beste med området vi bur i, Strandafjellet og den nye heisa. Heisa gir moglegheiter for fantastisk skikøyring. Mange seier at Strandafjellet er eit av dei beste frikøyringsanlegga i Europa. På ein god dag vel og merke. Som guide gir det meg ein ekstra moglegheit til å gi gjestane mest mogleg skikøyring ut av tida deira her. Det er nokre skikkelig fine linjer å køyre ned frå Roalden.

–Har du ein favorittlinje her på fjellet? Ja det har eg, men den får du ikkje av meg, seier Oscar. Medan han forsøker å parere med at ein annan ting han synes er bra i området, er alle dei fine hotella. Han nemner blant anna Juvet, Villa Norangdal, Storfjord Hotel og Sagafjord.

Råsa kryssar anleggsvegen eit par hundre høgdemeter nedanfor paviljongen. Kveldssola skin sine magiske hauststrålar gjennom Hevsdalen, vi spring dei imot og ser Ystevasshornet ruve stolt i enden av dalen. –Du har hatt nokre svært kjende gjestar. Korleis reagerer nokre av verdas beste skikøyrarar når dei kjem til Stranda? Uansett kor verdsvante og dyktige dei er på ski, eller om det er den fyrste toppturen deira, reagerar dei alle med beundring når dei kjem opp på toppane her og ser fjorden snirkle seg inn mellom tindane. Det går eit wow gjennom alle den første gongen dei kjem hit. Skilnaden er først og fremst at dei meir kjende skikøyrarane er veldig fjellvante, og ikkje minst veldig dyktige på ski. Det er veldig kjekt å sjå nokre av verdas beste skikøyrarar utfalde seg i fjella våre. Når eg guidar dei, handlar det meir om å gi skredvurderingstips, og då på ein litt anna måte enn dei vurderingane eg vanlegvis gjer.

Tekst og foto: Martin Kristoffersen

Det er ein flott ettermiddag i september, sola skin på Jolgrøhornet og dei andre fjella på austsida av Storfjorden. Dei står majestetisk på rekke og rad innover mot Norddal, gråe massive haustfjell. Eg kjenner sveitten renn nedover panna, og pulsen har stige betraktelig dei siste par minutta. Eg undrar på om vi rekk opp tidsnok til å få med oss kveldens siste solstrålar på toppen av roaldshorn. Framfor meg spring oscar Almgren; eigar og sjefsguide i uteguiden.

Page 55: På Stranda – Vinter 2015

55

Guiden

Verdsstjernene står på ski med ein litt anna risikomargin enn den vanlege skituristen. Men skigleda er den same uansett om det er første toppturen eller om dei lever av å stå på ski.

Det blir litt brattare igjen, og mjølkesyra bit frå seg i leggane. Oscar har slått om til små lette steg, eg gjer det same. Stegfrekvensen får småsteinane i råsa til å rulle nedover i fallretninga. Eg veit ikkje om det er eg som er sliten, men dei rullande steinane gir assosiasjonar til skred. I tillegg til å jobbe som guide, held Oscar også skredkurs. Som den einaste guiden i Noreg har han skredutdanning frå Canadian Avalanche Associaton. Dette er ei internasjonalt anerkjent utdanning for guidar og andre som jobbar profesjonelt med snøskred.

–Kvifor reiste du heilt til Canada for å ta nettopp denne skredutdanninga? Grunnen til det er at Canada er verdsleiande på denne typen skredarbeid. Dei har jobba veldig systematisk med denne utdanninga gjennom ein lang tidsperiode. For meg var det naturleg å oppsøkje dei beste på dette området. Det handlar jo først og fremst om tryggleik i fjellet, skredvurdering høyrer i hop med trygg ferdsel for mine gjester. Men noko av utdanninga er også innanfor psykologi og gruppeåtferd. Korleis ei gruppe reagerer i utsette forhold, og korleis ein leiar grupper i slike situasjonar.Vi spring under heisvaieren til det legendariske t-kroktrekket på Roalden akkurat i rett tid til å få med oss dei siste solstrålane som kryp oppover mot toppvarden på Roalden. Vi innser at vi kjem til å tape kappløpet med sola. Blådalen opnar seg på vår venstre side, og det er ikkje lange vegen att til toppen.

–Det finst utallege fjelltoppar her i området, men kan vi få eit gratistips frå guiden om ein ekstra bra tur? Blæja i Norangsdalen, eller Lisjnibba som fjellet vert kalla i Bjørke, er ein av mine absolutt favoritturar. Det er ein fin topp, fantastisk utsikt. Og så har den ofte bra med snø å by på. Terrenget er relativt konservativt. Alt i alt ein super tur.

Eg undrast på om eg kunne fått fleire tips ut av Oscar om turen hadde vore lengre, men endeleg er vi oppe ved toppvarden på Roalden. Vi nyt utsikta. Stranda og Storfjorden ligg i haustblått kveldslys. Mot vest målar sola himmelen oransje, medan den er i ferd med å gå ned i havet utanfor Ålesund. Sunnmørsalpane nyt dei siste solstrålane denne haustkvelden. Beina våre er takksame for at vi er på toppen. Oscar skodar bortover mot Smørskredtindane og Brekketindane. Det er meldt moglegheiter for snø over åtte hundre meter til helga. Snart begynner skisesongen. Vi blir ikkje ståande så veldig lenge på toppen for å nyte utsikta. Jenta frå Førde som Oscar traff for fire år sidan, heiter Hedda. Ho jobbar som geolog for NGI, i tillegg guider ho også for Uteguiden når ho har tid til overs. Men det spørs kor mykje tid til overs det blir til guiding for Hedda denne vinteren. Heime venter ho på Oscar saman med den vesle jenta deira Wilma. Ei søt lita jente som kom til verda i slutten av august. Oscar har allereie vendt nasen heimover, og beina går som trommestikker nedover fjellet. Han vil heim, det er faktisk ting i livet som er viktigare enn å nyte utsikta frå ein fjelltopp, sjølv for ein guide.

Page 56: På Stranda – Vinter 2015

hyt tematNår tærne stivnar, neglane sprett og frosten bit i nasen, då er det på tide å krype inn i varmen og

nyte ei deilig, mettande suppe.Tekst, oppskrifter og foto: Ellen Beate Wollen

ellenwollen.no

Page 57: På Stranda – Vinter 2015

57

hyttemat

oransje vintersuppe

4 personarTa alle oransje og gule rotgrønnsaker du kjem på og bruk dei i ei suppe. Eg trur med handa på hjartet at dette er den beste eg nokon gong har laga – eller smakt.

Sett ovnen på 225 graderSkrell og kutt grønnsaker i grove terningar. Hell litt olivenolje på eit steikebrett og legg grønnsakene utover. Dryss grovhakka koriander oppå. Du kan også bruke rosmarin om du liker det. Topp med ein klunk olivenolje, og sett i ovnen på midterste rille. Bak i 15-20 minutt til grønnsakene er karamelliserte. Køyr grønnsakene med ein stavmikser med litt av krafta til du får ei jevn og fin masse. Eller køyr til jevn suppe i ein foodprosessor. Spe på med resten av krafta til du får passe konsistens på suppa. Nokon liker den tjukk, andre foretrekk litt tynnere suppe. Salte og pepre etter smak.Sett ein god olivenolje og rista gresskarkjerner på bordet, og server suppa med godt brød til.

1 stor gulrot1 løk2 søtpoteter, eller eit lite gresskar1 bit fersk ingefær2 fedd kvitløk1 lita sellerirotOg om du får tak i: 1 gul raudbete1 neve frisk korianderSalt og pepper1 liter kyllingkraft eller grønnsakskraft(gjerne ferdig laga)God olivenolje og rista gresskarkjerner til garnityr

Når du baker rotgrønnsakene i ovnen med litt olivenolje slik at dei blir mørke og karamelliserte, ja neste på grensa til det brente, då blir suppa heilt utrulig fyldig og deilig med masse kraftig smak.

Page 58: På Stranda – Vinter 2015

58

Skogsoppsuppe

4 personarNår eg går i skogen om hausten, sørger eg alltid for å tørke soppen eg finn slik at eg har utover heile vinteren.

Surr løk og sopp i ei gryte til det er mjukt. Legg nokre sopp til side som garnityr. Spe med kraft og melk. Køyr med stavmikser til ein fin puré. Spe med fløte, salte og pepre og hald varmt. Rett før servering kan du piske opp suppa litt med ein stavmikser. Servér med sopp som garnityr og godt brød ved sidan av.

1l rensa sopp(er den tørka må du legge den i blaut i kaldt vatn nokre minutt først. Deretter kryster du ut vatnet før du steiker soppen. Spar gjerne på vatnet og bruk det saman med krafta)4 hakka sjalottlauk1-2 ss smør2,5 dl melk2,5 dl grønnsakskraft1 dl fløteSalt og pepper

Page 59: På Stranda – Vinter 2015

59

hyttemat

Den beste betasuppa med kål og timian

6 personar(Ei stooor gryte!)Mora mi har alltid hatt timian i betasuppa, og det syns eg også gir ein ekstra piff på smaken. Eg har ikke kjøtt i, men ønsker du det, er både saltkjøtt og ikkje minst restar av fenalår fint å bruke.

Skjær grønnsakene i bitar, så store som du likar.Hakk timian, og ha i gryta saman med grønnsaker, byggryn og buljong. Kok på middels varme til grønnsakene er møre og fine, utan å koke i hjel.Servér rykande varm med godt grovbrød til. Vinterstemninga kjem umiddelbart.

4 liter grønnsakbuljong200 g kokte byggryn½ kg gulrøtter½ kålrot1 sellerirot½ kålhovud1 gul løk½ kg poteter2 purrer1 potte frisk timian

Page 60: På Stranda – Vinter 2015

interiør- inspirasjon

interiørinspirasjon til hytte og heim for vinteren.

Alt Frå butikkar på Stranda. Foto: Eldrid Sognnes Kristoffersen

Page 61: På Stranda – Vinter 2015

61

interiør-

Kinesisk risfat frå Stranda BlomsterKorg med garn frå ButikkenVase frå Stranda BlomsterFabel-te frå Liga klær og homeVoluspa duftlys frå Stranda BlomsterSaueskinn av lokal sau frå Stranda Blomster

Muggtails frå Butikken, perfekt for kakaokosen på hytta.

Tips på plantar som kan stå lenge utan vatn, fint og praktisk til hytta. Kaktusar og Sukklulentar frå Stranda Blomster.

Page 62: På Stranda – Vinter 2015

62

Vinn gavekort for to personar på ei overnatting og frukost på fantastiske Juvet Landskapshotell. #pastranda på Instagram for å være med i konkurransen (innan 01. mai 2015). Beste bilete vinn, og får i tillegg moglegheit til å få biletet på trykk i neste vinters PS.

Juvet landskapshotell

konkurranse

Page 63: På Stranda – Vinter 2015

Juvet landskapshotell

Page 64: På Stranda – Vinter 2015
Page 65: På Stranda – Vinter 2015
Page 66: På Stranda – Vinter 2015

Stranda 21. febr. 2015påmelding: alperittet.com

Page 67: På Stranda – Vinter 2015

Sikre deg plass i sommarutgåvaFor info om prisar og format

kontakt: [email protected]

annonsar

Page 68: På Stranda – Vinter 2015
Page 69: På Stranda – Vinter 2015
Page 70: På Stranda – Vinter 2015
Page 71: På Stranda – Vinter 2015
Page 72: På Stranda – Vinter 2015
Page 73: På Stranda – Vinter 2015
Page 74: På Stranda – Vinter 2015

Neste utgåve

SommarutgåvaVi tek turen til Slogen. Dronninga av Sunnmøre byr på majestetisk utsikt over Hjørundfjorden og Sunnmørsalpane. Stisykling med utsikt. Vi dyttar sykkelen opp Liavarden, Liahornet og Mefjellet… så trillar vi nedover. Trail running, eller stiløping, er den nye, hotte sommar- og haustaktiviteten. Stranda er eit stiløparparadis. Vi snørar på løpeskoa og tipsar om stiar med fantastisk fjordutsikt.Pakk sekken og ta ein pause frå cruiseturistar og bilkøar i Geiranger. Bli med til Gomsdalen, Geirangers bortgøymde perle.I California har dei Yosemite, her på Sunnmøre har vi Molladalen. Håvard Myklebust tek oss med til den beste klatringa på Sunnmøre. Potenstialet ligg der, men finst det ei framtid for downhill-sykling på Roalden? Vi testar den påbegynte løypa, og tek ein prat med lokale syklistar.

Page 75: På Stranda – Vinter 2015

430 moh Svært le� Very Easy

Fursetheisa Flomlys | fl ood lightExpressheis | Express chair li� Lengde 1131 m – Fallhøyde 330m

1a GrøneløypaLengde 1200 m

8 Skitreff en Flomlys | fl ood light – Lengde 1330 m

16 Fallet Lengde 1330 m

1 Varmestua 450 moh

Bille� erTickets

Le� Easy

Egga FjelltrekkT-krok | T-bar li� Lengde 1185 m – Fallhøyde: 315 m

1b SkareløypaLengde 1800 m

9 Spesialisten Flomlys | fl ood light – Lengde 1080 m

18 Barneområdet “Labb & Line”Childrens playground

2 Paviljongen Furset780 moh

KaféCafé

Middels Medium

Snøkvit Flomlys | fl ood light – Tallerken | Pla� er li� Lengde 170 m

2 RaudeløypaLengde 1200 m

10 Strandaparken Flomlys | fl ood light – Terrengpark

30FonnarundenFlomlys ferdigstilt 2015/16 | fl ood light Lengde 5,5 km

3 Paviljongen Roalden1042 moh

WC Toale� erToilets

Krevende Diffi cult

Skuletrekket Flomlys | fl ood light Tallerken | Pla� er li� – Lengde 175 m

3 AlpinistenLengde 1300 m

11 Mera� aløypaLengde 3850 m

31 Lysløypa Flomlys | fl ood light – Lengde 3 km

ParkeringParking

Heiser Li� s

HFurse� rekketFlomlys | fl ood light Tallerken | Pla� er li� – Lengde 923 m

4 SløgstadløypaLengde 1000 m

12 StienLengde 2390 m

32 RingstadsetraLengde 3,5 km – Løype 21+22=6 km

Røde KorsFirst Aid

Langrenn Cross country

BandetLengde 70 m

6a Kuff ertløypaLengde 700 m

13 World Cup LøypaLengde 1700 m

33 FursetresetLengde 3 km

SkiutleieSki rental

Terrengpark Terrain park

Roaldsheisa Express stolheis | chair li� / Gondol | Gondola Lengde 2100 m – Fallhøyde 618 m

6b Kuff ertløypaLengde 1000 m

14 TuristenLengde 1500 m

34 LanglofonnaLengde 5,5 km

Flomlys Flood light

Roaldshorn ¦ elltrekkT-krok | T-bar li� Lengde 886 m – Fallhøyde 360 m

7 RoaldsvegenLengde 2500 m

15 Alperi� løypatil Langlo Lengde 5000 m

35Til Stranda sentrum (til Storgjerde) Lengde 3 km Løype 21+25=4,5 kmm

HEISER/LIFT LØYPER/SLOPES RESTAURANTFORKLARINGER/EXPLANATIONS

1b30

6a

H

D

6b34

1a

31

33

32

14

7

35Til Stranda sentrum

< Ålesund

Stranda>

Roaldshorn1230 m

Høgenykjen1165 m

La� ellet1161 m

Ur� ellet1267 m

Skopps-hornet1226 m

Hondatinden1234 m

Blåbretinden1476 m

Skardrabben1459 m

Ystevass-horn1288 m

Langedalsegga983 m

Kleivdals� ellet1154 m

NO-6201 STRANDA - TEL: +47 70 26 02 12 FACEBOOK.COM/STRANDAFJELLET

WWW.STRANDAFJELLET.NO

18

WC1

9

1b

3

8 H

overnatting Stranda Hotel 70 26 90 00www.strandahotel.no

Stranda Feriesenter 451 64 000www.strandaferiesenter.no

Stranda booking 451 64 000www.strandabooking.no

Villa Norangdal 70 26 10 84www.norangdal.com

Juvet Landskapshotel 950 32 010www.juvet.com

TransportIngers Trans 40 45 13 33www.ingerstrans.no

opplevingarUteguiden 40 55 46 70 www.uteguiden.com

Explore Norway 40 55 46 70www.explore-norway.com

MatStranda Hotell Resturant Mån – Lau 18.00 – 21.00 Søn 14.00 -21.00

Biffhjørnet. Mån – Tor 10.30 – 21.00, Fre – Lau 10.30 – 02.30, Søn 13.00 – 19.00

Siena pizzeria og grill. Mån - Fre 11 – 22, Lau 12 - 02.30, Søn 12 - 22.

Stranda BakeriMån, Tir, Tor, Fre 07.00 – 16.30, Ons 07.00 – 13.00, Lau 07.00 – 14.30

Liga kaféMån – Fre 10.00 – 17.00, Lau 10.00 – 15.00

Stranda Feriesenter resepsjon og servering. Fre og Lau 18 -23. (Opningstidene gjeld frå skisesongen er i gong og til den sluttar. I påska, vinterferie og Alperitt blir opningstidene utvida.)

Paviljongane på Strandafjellet er opne når heisa går.

Page 76: På Stranda – Vinter 2015

pastranda.nofacebook.com/pastranda

Instagram: @pastranda