referansegruppehåndboka - studenttinget · 2018. 5. 4. · det er val kvar haust, og alle...

12
Referansegruppehåndboka

Upload: others

Post on 22-Apr-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Page 1: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Referansegruppehåndboka

Page 2: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

NTNU sitt kvalitetssystem for utdanning skal sikre at du som student får undervisning av høg kvalitet. Dersom du opplever at undervisninga ikkje svarar til forventningane dine, skal du ha ei reell moglegheit til å påverke undervisaren til å iverksette tiltak. I Kvalitetssystemet er det forklart kva personar på ulike nivå i organisasjonen er forventa å bidra med, heilt frå oss som studentar og til topps i «linja», til rektor og styret. Om studentar står det at «Det er forventa at den enkelte student deltek aktivt i evaluering gjennom å gi jamleg tilbakemelding til faglærarar og referansegruppene for sine emne, og å delta i referansegrupper, spørjeundersøkingar, møter med meir.»

Det skal vere referansegruppe i alle emner ved NTNU. Referansegruppa består av minst 3 studentar som til saman representerer alle studentane i emnet. Der eit emne omfattar fleire studieprogram, bør alle studie-program vere representert i referansegruppa. Gjennom semesteret skal referansegruppa ha minimum 3 møter med undervisaren. Her bør det bli tatt opp kva som fungerer bra og ikkje, og eventuelle forslag til tiltak. Sjå «Tema for referansegruppemøter» for tips til tema. Etter slike møter bør det bli skrive eit kort referat.

På slutten av semesteret skal referansegruppa skrive ein rapport om kvaliteten på undervisninga, samt legge ved forslag på tiltak som kan forbedre kvaliteten. Denne skal emneansvarleg ta til etterretning, og ha med som grunnlag i sin emnerapport som blir sendt til instituttleiar. Instituttleiar skal lage ein handlingsplan som tek for seg dei foreslåtte tiltaka. Der forslag ikkje blir tatt til følge bør dette begrunnast, slik at studentane får ei forklaring på korleis det innmeldte behovet blir ivaretatt.

Referansegruppa sikrar kvaliteten på utdanninga

s. 2

Page 3: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

s. 2

Page 4: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå
Page 5: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Tema for referansegruppemøter

s. 5

Ein kan ta opp alt som har med undervisninga og læringsmiljøet i eit emne under referansegruppemøter. Det skal vere dialog mellom studentar og undervisaren. Iblant har ulike personar ulike oppfattingar av kva god undervisning er, då passar det fint å diskutere i referansegruppa.

- Er studentane kjent med læringsutbyttebeskrivingane for emnet?- Følger undervisninga læringsutbyttebeskrivingane for emnet?- Er undervisninga forskingsbasert?- Hadde studentane dei nødvendige forkunnskapane for emnet?- Er progresjonen i emnet passande? Korleis er progresjonen samanlikna med andre emner?- Korleis er samanhengen mellom dette emnet og dei andre emna dette semesteret?- Korleis er arbeidsmengda?- Er læringsmiljøet godt? Er undervisningsromma passande med omsyn på plass, komfort og støynivå?- Kva kan gjerast for å betre læringsmiljøet?- Er kontakten mellom undervisar og studentane god?- Korleis er tilrettelegginga for funksjonshemma, eller studentar med andre behov?- Er læringsmateriellet (bøker, nettressursar, emnesider o.l.) nyttig?

Det er lurt å ta opp forhold undervisaren eller emneansvarleg faktisk kan gjere noko med. Referansegruppa kan både ta opp forslag til umiddelbare endringar, men også meir langsiktige utfordringar.

Page 6: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Mal for referansegrupperapport

s. 6

Referansegrupperapporten har nokre faste punkt den skal innehalde. Den skal starte med informasjon om emnet og referansegruppa. Etterpå kjem studentane si vurdering av kvaliteten i emnet. Til slutt skal det vere forslag til tiltak som kan betre kvaliteten i emnet. Rapporten bør innehalde dette:

Mal for referansegrupperapportar finn du på s.ntnu.no/referansegruppe.

Emneansvarleg skal laste opp rapporten på nett, i dokumenthandsamingsverktøyet Doq. Du kan finne tidlega-re rapportar på s.ntnu.no/referansegrupperapportar.

Instituttleder

Dato, emnekode og -tittel, datoar for gjennomførte referanse-gruppemøter, namn og studieprogram til studentar som har del-teke i referansegruppa

Referansegruppa sin rapport om kvaliteten i emnet

Referansegruppa sine forslag til tiltak

Page 7: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

s. 6

Page 8: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Dårleg oppfølging?

Dersom det ikkje blir oppretta referansegruppe i eit emne du følger, så kan du ta det opp med emneansvarleg. Viss det framleis ikkje skjer noko kan du ta kontakt med instituttleiaren eller studentdemokratiet. I emne-beskrivinga skal det stå kva institutt som har ansvar for emnet, og kontaktinformasjon til instituttet finn du på nettsidene deira under www.ntnu.no. Du kan lese meir om studentdemokratiet på neste side.

s. 8

Page 9: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Studentrådet [email protected] 95496

Studentrådet IØ[email protected] 96741

Studentrådet [email protected]

Studentrådet [email protected] 93123

Studentrådet [email protected] 95496

Studentrådet HHiT (STØH)[email protected] 22 466

Studentrådet [email protected] 96741

Studentrådet [email protected] 96741

Studentparlamentet i Gjø[email protected]

Studentrådet [email protected] 96012

Studentparlamentet i Å[email protected]

Studentrådet [email protected]

Studentrådet [email protected] 95496

Studentrådet FLT (SALT)[email protected] 32 578

Studenttinget [email protected] 93288

Page 10: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå
Page 11: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

s. 11

Studentdemokratiet ved NTNU

Ved kvart fakultet er det eit studentråd. Dette består vanlegvis av institutt- eller programtillitsvalte, med nokre lokale variasjonar. Studentrådet er dine viktigaste tillitsvalte. Dei arbeider kontinuerleg for dine rettar. Dei kan hjelpe med andre problem enn referansegruppearbeid. Viss dei ikkje kan hjelpe deg sjølv, så veit dei kven som kan.

Alle studentar ved fakultetet kan stille til val for å bli med i studentrådet. Valet foregår typisk i slutten av semesteret, før eksamensperioden startar.

I Gjøvik og Ålesund er det studentparlament som har ansvar for studentane i kvar av desse byane. Dei fungerer litt som studentråda, men har eit utvida ansvarsområde som dreier seg om meir enn representa-sjon mot leiinga lokalt og arbeid for studentrettar.

Studenttinget er det øvste studentorganet ved NTNU. Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå alle fakulteta ved NTNU, samt at Gjøvik og Ålesund er representert. Gjennom året har Studenttinget fleire møter der dei vedtek studentane si meining i ulike saker. Dei oppnemner også studentar til råd og utval på NTNU. Om du er engasjert i større eller mindre saker er Studenttinget ein god arena å vere med på, og det gir deg god innsikt i korleis NTNU fungerer. Studenttinget har eit utøvande organ, arbeidsutvalet, som består av 10 tillitsvalte. Av desse arbeider 7 på fulltid og 3 på deltid med å gjennomføre Studenttingets politikk, og å koordinere arbeid i studentdemokratiet.

Page 12: Referansegruppehåndboka - Studenttinget · 2018. 5. 4. · Det er val kvar haust, og alle studentar ved NTNU kan både stille og stemme. Studenttinget består av 31 studentar frå

Studenttinget NTNU 2016Foto: Guro Kulset MerakeråsDesign: Sondre Stai