venen nr.4 2011

12
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2011 Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til templet. Når dei fer gjennom den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang; haustregnet legg si signing over han. Dei går frå kraft til kraft,til dei stig fram for Gud på Sion. Salme 84, 6-8

Upload: kjetil-fyllingen

Post on 23-Mar-2016

222 views

Category:

Documents


1 download

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

TRANSCRIPT

Page 1: Venen nr.4 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN04 - 2011

Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til templet. Når dei fer gjennom den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang; haustregnet legg si signing over han. Dei går frå kraft til kraft,til dei stig fram for Gud på Sion. Salme 84, 6-8

Page 2: Venen nr.4 2011

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

”Med Guds ord til folket”, er eit motto som har følgt Indremisjonen si teneste. Dette mottoet har vore til inspirasjon og gitt retning og kurs for misjonsar-beidet. Me har tru på Ordet som den berande kraft i alt me steller med. Dette Ordet er ei kraft til frelse for kvar den som trur, Rom. 1.16. Ja, det er dette ordet som skapar trua. Rom. 10.17. ProfetenJesaia seier at Ordet aldri skal venda tomt tilbake, men utføra det Herren vil. ”…så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til.” Jes. 55.11.

Vil du sjå trua veksa hjå den oppveksande slekt; Så ut Ordet. Vil du sjå trua veksa i di bygd; Så ut Ordet. Det er dette som har vore inspirasjonskjelda til å gå i gong med sundagsskule, barnelag, ungdomslag, leirar, møteveker, sundagsmøte, eldrearbeid, Framnes, Helgatun, Brandøy osv. Me kunne ikkje hatt eit betre motto: ”Med Guds ord til folket”!

Det var dette mottoet som også var inspirasjonskjelda til å gå i gong med Sunnhord-land Bok- og Misjonssentral, som no ber namnet SunnBok. Våre tidlegare leiarar såg at det var viktig å spreia Guds ord ved å starta ein kristen bokhandel som kunne formidla Biblar, andaktsbøker, kristne barne- og ungdomsbøker, kristen song og musikk m.m. til folket i Sunnhordland. Og bokhandelen vår har stått i ei rik teneste gjennom 36 år. Ser me tilbake, har det ikkje alltid vore like god økonomi i å driva ein bokhandel med kristen litteratur, men målet ”Med Guds ord til folket” har vore det berande også i tider når det har vore vanskeleg økonomisk. Me er no inne i ei krevjande tid for SunnBok. I dei seinare åra har det vore ein merkbar nedgong i antall kundar i butikken. Dette viser sjølvsagt også igjen i økonomien for butikken.

Det som er vår store utfordring no, er at dersom me framleis skal kunna driva SunnBok, må me ha ein økonomi som gjer det forsvarleg å driva. Me trur at dersom misjonsfolket i Sunnhordland står bak og vil støtta opp om SunnBok, er det eit svært godt grunnlag å driva vidare på. Men me er i ein situasjon der me må samla oss om bokhandelen og løfta den opp på eit økonomisk forsvarleg nivå. SunnBok har eit stort vareutval til alle anledningar og aldrar. Dei har mange fl otte gevinstar til utloddingar og basarar. Er du på Leirvik, ta ein tur innom. Du kan også ta ein telefon og bestilla varer og få dei sendt i posten.

SunnBok står i ein evangelist si teneste med å spreia Guds ord. No treng SunnBok di omsorg ved at du brukar butikken og bed for den tenesta den står i. Så står me på vidare; ”Med Guds ord til folket”!

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannHalvard WiikBjørn SaghaugBirgit M. HjelmelandIren Sævik MælandKristoffer TjelleTorunn TvedtVaramedlemmar:Knut O. DaleKåre StautlandAnfi nn Økland

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

LeiarSunnBok i evangeliet si teneste!

Svein Bjarne AaseDagleg leiar

Indremisjonssamskipnaden

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjons-samskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Hittil 20111 728 884,-

Hittil 2010 1 515 103,-

Budsjett 20113 870 000,-

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 30. juni 2011

Page 3: Venen nr.4 2011

3Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

meg og vise meg det han ser. For når jeg kjenner hvilke tankesystemer som styrer meg, kan jeg endre det. Det jeg ikke kjenner, kan jeg heller ikke forandre.Det fi ne med Gud er at han ikke avslører oss for å knuse oss. Det fi nnes ubehagelige sannheter om oss selv, sannheter som vi av gode grunner ønsker å skjule. Men når de ubehagelige sannhetene avsløres i Guds nærvær, etterlater de oss ikke i fortvilelse. For han viser oss veien til Golgata kors, der syndene er sonet. Der fi nner vi også forandringskraften og livets gode veier i Jesu fotspor.

Avsløring og forandring ”Det er først når vi kjenner hvilket tankesystem som styrer oss, at vi kan forandre det,” skriver Nina Karin Monsen i boka Kunsten å tenke. Når tankesystemet er kjent, kan vi forandre det. Det kan høres enkelt ut. Men hvem vet hvilke tankesyste-mer som styrer en? Er ikke de fl este av oss mestere i å forkle oss for oss selv? Hvem er jeg egentlig? Hva er mine dypeste beveggrunner? Hva fi nnes på dypet av min sjel? De færreste mennesker gjennom-skuer seg selv. Det er bare en som vet hvem jeg virkelig er. Bare en som ser inn i mitt livs mørkeste kroker og rom. Det er Gud.

Dette er det skremmende og fri-gjørende i møte med Gud. For ham kan jeg ikke skjule noe. Men hos ham har jeg heller ikke behov for å skjule noe. Han er dommeren som ser alt - og som tilgir alt. ”Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjerte, prøv meg og kjenn mine tanker. Se om jeg er på den onde vei, og led meg på evighetens vei,” ber salmisten i Salme 139.

Det er ikke alltid like lett å vite hvilken vei som er den rette. Det er ikke lett å vite om mitt hjerte forfø-rer meg. Derfor ber jeg Gud, som kjenner meg tvers gjennom, avsløre

Av Per Eriksenpastor i Fredrikstad frikirke

AndaktTrykt med tillatelse frå Lunde forlag frå andaktsboka ”Gud med tribunefeber”.

Me vil anbefala den nye boka til Karl Johan Hallaråker “Vi tror sammen” til alle som ynskjer å få meir innsikt i den kristne tru. Med “Vi tror sam-men” kan du tilegna deg kunnskap og rettleiing om bibelsk tru. Her får du også sjelesørgerisk hjelp på område som kan smerta. Boka har spørsmål og opplegg for samtale, og eignar seg godt i bibelgrupper og til eige bibelstudium.

Det ville også vore svært nyttig om styra i indremisjonsforeningane brukte den til samtale om viktige bibelske tema på styremøta.

Nesten heile livet har Anne Berit Halås vore alvorleg sjuk. 44-åringen kjem frå Stord, men bur no på Vestnes i Romsdal. Midt i ein kvardag prega av sjukdom opplever Anne Berit og ekte-mannen Arild Ove ei sterk og levande tru på Gud. Dei trur på ein allmektig Gud, ein Gud som kan helbrede, men også ein Gud som kan og vil vera der og bære sine barn gjennom det dei møter av vanskar på livsvegen.

Dette er ei bok om sjukdom, men først og fremst ei bok om ein allmektig Gud som er til stades enten dagane er gode eller vanskelege sett med menneskeauge.

Asle HetlebakkeBARE GODHETI samtale med Anne Berit og Arild Ove HalåsBARE G

OD

HET

«Bare godhet og miskunnhet skal følge meg alle mitt livs dager, og jeg skal bo i Herrens hus gjennom lange tider.»

VI TROR SAMMEN BARE GODHET2 fl otte bøker frå SunnBok!

Tlf.: 53 41 20 01

BØNESPALTABE FOR...- Arbeidarane og reiseruta for Haustsemesteret.

- Haustmøte på Stord 7.-9. okt.

- Haustkonferansen på Helgatun 28.-30. okt.

- PIT STOP for ungdom på Stord 13.-15. okt.

- Elevane og personalet på Framnes og Bildøy.

- Staben på Helgatun og Brandøy.

Page 4: Venen nr.4 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 20114

Indremisjonssamskipnaden sitt 147. årsmøte samla folk i alle aldrar til konsertar, møter, barnegospel, samling i parken, sosiale samvær, forhandlingsmøte, barnas sommarfest, ungdomsopplegg m.m. Det var eit variert program som stod på plakaten då den årlige storsamlinga til Indremisjonssamskipnaden gjekk av stabelen i Ølen 24. - 26. juni.

i Kyrkjetunet. Denne dagen hadde Sunnhordlandsmusikken teke turen inn til Ølen, og saman med Sveinung Andersen gledde dei oss med fl ott song og musikk. Gunnar Ferstad talte over dagens tekst. Festmøtet vart ei spesiell sterk samling med ransakande og djuptgripande forkynning som rørte ved mange av oss. Ja, dette var sanneleg eit festmøte som løfta Sommarens Storsamling til det me ynskjer og bed om at det skal få vera. Her var det tydeleg at Gud talte til folket og gav oss av sine rike skattar.

På Kyrkjetunet var det festsamling for borna. Liv Herborg Wold og Gunnhild Osaland, saman med 4U, stod for programmet og borna hadde ei fl ott samling med bibelundervisning, song og fellesskap. Til glede for liten og stor.

Sommarens Storsamling vart avslutta med stort familiemøte. Her deltok både Sunnhordlandsmusikken og 4U med song og musikk. Gunnar Ferstad talte om Bibelen og hadde born og vaksne framme på scenen for å illustrera det han ville ha fram. Her var ein stor ungdomsfl okk som hadde innslag med reklame for leirarbeidet og alle som hadde delteke på ulike måtar, dei lokale komitéane, husorkesteret, teknikarar, lyd- og lysfolk vart takka av for strå-lande innsats under heile helga.

Under Sommarens Storsamling kom det inn omlag kr. 180.000,- i kollekt.

Me vil takka alle i Ølen, hovudkomitéen og underkomitéane, og alle som på ein eller annan måte var med og gjorde Sommarens Storsamling til ei fl ott oppleving for alle som kom tilreisande til stemnet. De har lagt ned eit stort arbeid både i førebuing og etterarbeid. Me opplevde det godt å koma til Ølen og de hadde lagt det godt til rette på alle måtar. Tusen takk!!! Så bed me om at det skal liggja ei rik velsigning igjen i Ølen etter stemnet.

SOMMARENS STORSAMLING

Birgit M. Hjelmeland, Iren S. Mæland, Kristoffer Tjelle og Torunn Tvedt. Vara-representantar er: Knut O. Dale, Kåre Stautland og Anfi nn Økland.

Under forhandlingsmøte var det full ak-tivitet for borna i ulike grupper, og det vart arrangert ei samling i parken med song, trylling, appell m.m. Storstemnet i Ølen var også prega av ein ung profi l med eige opplegg for dei unge. Dette sytte barne- og ungdomssekretær Marit Hårklau Ådnanes og ungdomsarbeidar Ragnhild Nesse for saman med sine medhjelparar.

I år var det Melinda Løver saman med 4U som stod for barnegospelfesten, og saman med alle borna som var på festen inviterte dei til stor familiekon-sert. Her var det mange høgdepunkt. Ikkje minst var det fl ott å sjå og høyra 4U saman med borna som hadde vore med på barnegospelfesten. Borna song av full hals og pryda scenen med sine fl otte t-skjorter og gode smil.

På møtet laurdag kveld vil me i trekka fram det sterke vitnemålet til Geir Arne Eriksen frå Aksdal som fortalte at Jesus hadde forandra heile livet hans. Han vaks opp i ein kristen heim, men forlot tidleg Jesus. Det gjekk mange år, men så blei han sjuk og mista livslysten. Det var mykje festing. Han var ikkje snill med kona si, og ein gong trødde han så skikkeleg over grensa at no skjøna han at det var alvor. Så var det ein kristen møteaksjon i bygda og han gjekk til kona og spurte om dei skulle gå på møte. Ho var kristen og han visste at ho ville dette. På møtet skjedde det at han møtte Jesus og han fekk leg-gja livet sitt i Jesu hender. Frå denne dagen blei heile livet nytt. Familien blei ny. Borna ville høyra Jesus til og me har fått eit fantastisk liv. Å gje sitt liv til Jesus kan ha ein pris, men velsigninga er så mykje, mykje større. Vitnemålet gjorde eit sterkt inntrykk på alle som var i forsamlinga. Etter kveldsmøtet heldt ungdommane fram med konsert i idrettshallen og grilling på Brandøy.

Sundagen kom med strålande sol og dagen starta med eit sterkt bønemøte i Kulturhuset før påfylgjande festmøte i Idrettshallen og samling for borna

Årsmøte til Indremisjonssamskipnaden har gjennom tidene vore ei storhending i bygdene i Sunnhordland, Hardanger og Voss. Sjølv om me ikkje på nokon måte kan måla oss med stemnene som i tidlegare tider kunne måla opp mot 10 000 menneske, syner frammøtet i Ølen at Sommarens storsamling, årsmøtet, framleis har stor betyding for misjonsarbeidet i bygdene våre.

Me er svært glade og takksame for denne helga i Ølen, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase. Særleg vil eg løfta fram den sterke forkynninga som fekk bety mykje for mange. Me har fått svært mange gode tilbakemeldin-gar, og det er tydeleg at Sommarens storsamling er verdfulle samlingar for indremisjonsarbeidet. Dei gjev inspira-sjon, oppmuntring, glede og frimod. Det er godt å møta misjonsfolket og kjenna på fellesskapet, seier han.

Det heile starta med konsert fredags-kvelden. ”Minnest du songen” stod på programmet og her var både tilreisande og lokale song- og musikkrefter som starta årets storsamling på ein glim-rande måte. Husorkesteret og forson-garane, under leiing av ungdomsarbei-dar Vidar Sangolt, hadde regien. I tilegg var her fl eire soloinnslag. Alle med høge musikalske kvalitetar og fl ott innhald.

Laurdag var det duka for eit variert program, både for store og små. Dei vaksne starta dagen med opningsmøte i idrettshallen, medan borna samla seg til Barnas sommarfest i Kyrkjetunet. Barne- og familiearbeidar Lise Marie Litlabø heldt andakt for borna, medan bysekretær i Bergen indremisjon hadde bibeltime og talte over temaet ”Guds gode vilje”. Der løfta han særleg fram Guds gode vilje med ekteskapet. Ut frå tekstar i Bibelen understreka han be-tydningen av å elska og æra kvarandre og stå trufast hjå kvarandre i gode og vonde dagar. Størst av alt er kjærleiken!

Deretter var det tid for årsmøte, og dei 95 utsendingane fekk god oppdateringi korleis det stod til med arbeidet i Indremisjonssamskipnaden. Etter valet er desse med i styret for Indremisjons-samskipnaden: Edmund Thormodsæter (formann), Halvard Wiik, Bjørn Saghaug,

SOMMARENS STORSAMLING Årsmøte 2012 - Stord 15.-17. juni

Merk dykk denne helga!

Opptak frå talane kan bestillast på kontoret tlf. 53 41 07 04.

Page 5: Venen nr.4 2011

5Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

SOMMARENS STORSAMLING Bluesfestivalen i SkånevikSkånevik -ei lita byd i Sunnhordland med ca. 800 innbyggjarar, vert invadert tre dagar i juli kvart år. ”Velkomne til Bluesbygda Skånevik” står det skrive med store bokstavar over hovudet ditt viss du skal hit. Men det er ikkje berre blues her.

SOMMARENS STORSAMLING Årsmøte 2012 - Stord 15.-17. juni

Merk dykk denne helga!

Me har kyrkje, bedehus, idrettshall (bygd på dugnad), skule, legekontor, tannlege, ein matvarebutikk, eit bakeri, ein klesbutikk, ein tippe- og souvenir-butikk, ein garn- og souvenirbutikk og ein blomster- og gåvebutikk, to hotell og fl eire andre bedrifter. Ei roleg og trygg bygd å bu i, men aldeles sprengt av folk nokre dagar i juli.

Me som bur her, handlar inn det me treng i god tid før blueshelga. Køen er lang på Spar og Larsens bakeri i desse dagar. Men i år hadde nokre av oss tenkt som så: I år skal me ikkje reisa vekk eller sitja heime i våre eigne hus. Tenk, for ein anledning til å spreie ”det glade bodskap”!!! Evangeliet om Jesus. Gateevangelistar??? Ja, Jesus sa: ”Gå ut”. Altså gjekk me ut. Me fekk god hjelp frå nokre som kunne dette, og me hadde eit godt agn på kroken: GRATIS VAFLER OG KAFFI SERVERES I KATIN-KASVINGEN, HELSING BEDEHUSET stod det på plakaten! SUKK…. me - gateevan-gelistar? Aldri vore med på dette før... ja, ja... Jesus sa jo... men eg??? Me la planar saman med dei som hadde gjort dette før. Me snakka saman og me bad, ja, me bad inderleg og med bankande hjarte.

Fredag morgon kl. 10.00 møttes me og hadde ein undervisningstime saman. Spørsmål og svar sveiv rundt i både

huset og hovudet vårt. Me frå Skånevik stola på dei som kunne dette, ja, me skulle møta opp, meeen……Me fekk ei herleg oppleving. Dette var spennande. Snart kom det nokre ned trappa til uteplassen vår heilt nede med sjøen. Dei hadde kjent den gode lukta, og Liv Rolfsnes hadde fått dei med seg ned. Ei litt omtåka dame spurde om dette var ein slik Jesuskafè, og det var det jo. Ja, me gav dei hjarte både til kropp og sjel med ynskje om ”må Gud velsigna deg”. Jammen kvikna me opp etter kvart, ja, vart ivrige fi skarar -Menneskefi skarar. Borte var frykta og spenninga steig. Vafl ane og kaffi en vart sett pris på og jammen var det nokre som ville betala for seg og. Klokka gjekk, og det gjorde nokre av oss og, men fl eire vart verande til klokka to om natta, ja, Liv var jo enno nokre timar til så klart. Ein lang og spen-nande dag var over.

Neste dag var det samling klokka 10, det var ny frist og nye utfordringar. Ja, faktisk så gledde me oss. Open Kyrkje var her og, der hadde to av oss vakt, så dagen måtte delast opp i økter. Folk gjekk i kø i gata vår heile dagen. Dei måtte forbi Katinkasvingen for å koma til konsertar i teltet ved Idrettshallen, og så kom dei same vegen attende etter nokre timar. Det var store stimar heile tida, men mest før og etter konsertane. Nysteikte vafl ar

luktar godt og fl eire kom og mange fekk noko med seg.

Sundag kl. 10 var det bibeltime med opplæring, her var gode råd og bøn om velsigning over dagen. Tenk, dette har me fått vore med på! Ei ny erfaring… Gå ut, Guds velsigning gjer rik. Me hadde med oss ein ballongkunstnar som fanga interessa både hjå små og store. Ved evalueringa var det sagt at dette vil me vera med på neste år òg når bluesbygda Skånevik er vertskap for mellom 10 og 15 tusen menneske på tre dagar.

På vår Jesuskafè med vafl ar, kaffi og bibelord var det ca 170 sjeler innom. Mange gode samtalar, nokre fekk hjelp i vanskelege saker. Ja, mange vart helst på og snakka med i gata i Skånevik denne helga, og fekk med seg hjarte med gode ord på.

No er me attende i kvardagen, men her er mykje folk i Skånevik om sommaren og i tillegg er det 800 som bur her og le-ver her, dei må me òg nå med Guds ord.

Be for Skånevik.

Helsing Skånevik IndremisjonDagny Ness

Page 6: Venen nr.4 2011

LIS WEEKEND16.-18. september 2011

på Solgry

"Vi vil utvikle ledere som forandrer verden!"

Arrangør

IndremisjonssamskipnadenNLM Ung Region Sørvest

LIS WEEKEND16.-18. september 2011

på Solgry

"Vi vil utvikle ledere som forandrer verden!"

Arrangør

IndremisjonssamskipnadenNLM Ung Region Sørvest

13-15 Okt.LEIRVIKSTORDimf-ung.no/pitstop

FORANDRING

Arrangører: IMS, ImF-UNG og lokale ungdomslag

www.indremisjonen.no

TORS 13.1020.00 Ungdomsmøte m/kafè & le Talar: Jan Ove FagerheimFRE 14.1012.00 Bibelundervisning ved Erlend Hardang13.00 Ulike aktivitetar15.00 Middag16.00 Seminar:�Gud leier og bruker oss – men korleis? � Om nådegåver og Guds plan. Ved Marit Ådnanes�Bibel og bøn – gode rutinar. Er det viktig?

Ved Erlend Hardang�Stå fram – korleis fortelja venene mine om Jesus?

Ved Lars Magne Ådnanes17.30 Seminar: �Same seminar som kl 16.0020.00 Ungdomsmøte Talar: Erlend Hardang22.00 Konsert – solistar og korLAUR 15.1014.00 Bibelundervisning ved Erlend Hardang15.00 Middag16.00 «Grill ein kristen»17.30 Seminar:�Bøn – kva er bøn? Ved Ragnhild Nesse�Forsvarsteknikk – korleis skal du forsvara trua di?

Ved Kjetil Fyllingen�Kristen tru på 60 minutt – trur eg?

Ved Arnt Johan Vistnes20.00 Ungdomsmøte Talar: Kjetil FyllingenDet vert kafè før og etter ungdomsmøta.Alle møta og seminara er opne samlingar og gratis. Ingen påmelding.Overnatting: Mogleg å overnatta på Leirvik skule. Påmelding for overnatting innan måndag 10. oktober.Pris: kr 150 for to netter

Leirglimt sommaren 2011

Flott vær på Active Ten!

I september blir det på ny LIS-weekend på Solgry i samarbeid med NLM-ung. LIS er Leiar- og InspirasjonsSamling for deg som driv kristent ungdomsarbeid og andre interesserte. Her får du påfyll via bibeltimar og interessante tema, lovsong, fellesskap og teambuilding.

“Vi vil utvikle ledere som forandrer verden!”

PIT STOP

Page 7: Venen nr.4 2011

7Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

Barne- og Ungdomssida!

T2-studentane i gong

RagnhildLise MarieMarit

Gunnhild

I skrivande stund har allereie T2-studentane våre, Gunnhild Olsen og Linda Aase, hatt sine fyrste oppdrag. Dei har deltatt på Active-ten leir, Brandøydagen og fl eire styremøte i lokale lag.

T2-tenesta er ei slags eittåringsteneste der studentane er knytta opp mot Bildøy, men har praksis ute i felten. I år er me altså så heldige at me har to studentar i praksis hos oss i IMS.

Gunnhild vil spesielt vera knytta opp mot koret Decor, og Linda Aase vil vera ekstra engasjert i UFO Bømlo og U-Alpha Laurhammer. Beggo to vil elles reisa på lagsbesøk og leir. Ta godt imot Gunnhild og Linda. Me gler oss til å jobba tett saman med dykk i år.

Mitt bibelvers!

”Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg.”Matt 6.33

Barbro Sjøvoll, 17 år, Bremnes

Linda

Leirglimt sommaren 2011

Kjekt på Superhelg! TatuttateiHoppeputa er kjekk

for store og små

Bibelsamling: “Den gode Hyrding”

Flott vær på Active Ten!

Kor mange personar toler Brandøybåten?

Volleyball!

Page 8: Venen nr.4 2011

Tema: ”Langs samme vei”- Om livsforvandlande relasjonarFredag kl.19.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Ole-Magnus Olafsrud Song: ”Nye Røster” frå ÅkraLaurdag kl.16.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Ole-Magnus Olafsrud Song og musikk: Ragnhild Nesse + Husorkester Barnemøte i bedehus-kjellaren v/Marit A. Røen, Gunnhild Olsen og Linda Aase kl.18.00 Kveldsmat i Leirvik bedehus kl.19.30 FESTMØTE i Stord kyrkje Leda: Svein Bjarne Aase Tale: Ole Magnus Olavsrud Song: Koret ICHTUS Piano: Oskar Jansen - Saxofon: Tore Ljøkjel - Bass: Dag Kjetil Lægreid Gitar: John-Inge Rolfsnes - Trommer: Tor Helge Valvatne Song: Kjersti Ø. Valvatne, Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Halleraker. Kveldens gjest: ”Hurtigrute-saxofonist” Tore Ljøkjel Musikk: Oscar Jansen og Tore Ljøkjel

Sundag kl.11.00 Gudsteneste i Stord kyrkje v/sokneprest Egil Larsen og Ole-Magnus Olafsrud Gudsteneste i Bremnes kyrkje v/sokneprest Aksel Lygre. Tale: Liv Rolfsnes

Vidare utover ettermiddagen/kvelden vert det Haustmøte på desse bedehusa: Kl.16.30 Jensvoll bedehus Tale: Ragnhild Nesse

Song og musikk: Ragnhild Nesse og Gunnhild Olsen

Kl.17.00 Sveio bedehus Tale: Edmund Thormodsæter Song: Karsten Nesse Leirvik bedehus

Leda: Svein Bjarne Aase Tale: Klaus Muff Song: Eli Kolstad Barnesamling v/Lise Marie Litlabø og Linda Aase m.fl . Håvik bedehus Tale: Marit A. Røen Song: Hanne Synnøve Tislavoll og Joy

Kl.18.00 Gilje bedehus (Fellesmøte Meling, Laurhammer, Gilje)Tale: Arne Lindekleiv Song: Fitjarbrødrene

Husnes bedehus Tale: Dagny Ness Song: Jette Marie og Bjarne Steinsund

Kl.19.00 Samnanger bedehus Tale: Ola Malvin Lomheim Moster bedehus Tale: Marit Ådnanes Song: Malene Tislavoll

Kl.19.30 Horneland bedehusTale: Jens Tveit Song: Heidi RolfsnesNordbygda bedehusTale: Nils M. Rydland Song: Jan Karsten Haukefær

Velkommen!

HAUSTENS STORSAMLINGHAUSTMØTE PÅ STORD

7. - 9. oktober

Piano: Oskar Jansen - Saxofon: Tore Ljøkjel - Bass: Dag Kjetil Lægreid

RagnhildNesse

Ole-Magnus Olafsrud

Nye Røster

(Fellesmøte Meling, Laurhammer, Gilje)

Leda: Svein Bjarne Aase Tale: Klaus Muff Song: Eli Kolstad

Song: Kjersti Ø. Valvatne, Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Halleraker.

Kjersti Østang Valvatne

ToreAlvsvåg

Camilla Hallaråker

Tore Ljøkjel og Oskar Jansen

SiljeAlvsvåg

Tore Ljøkjel

Page 9: Venen nr.4 2011

SKÅNEVIK BEDEHUS 100 ÅR, Laurdag 10. sept. kl. 18.00Song: Skånevik kyrkjekor, Marit Lindekleiv og Kjellaug Holtermann

Tale: Svein Bjarne Aase - Helsingar, mat og kaffi Kom og bli med - Alle er hjarteleg velkomne!

SKÅNEVIK BEDEHUS 100 ÅR, Laurdag 10. sept. kl. 18.00

Det sat ein ung gut på ein kafé i Bergen for mange år sidan. Ved nabobordet sat nokre karar og førde ein nokså høglydt samtale. Guten kunne ikkje unngå å høyra kva temaet var: Bedehusfolket. Det var ikkje måte på alt dei hadde op-plevd av negative ting hos dei som går på bedehuset. Å fysja – fysja!Då reiser den unge guten seg og gjekk bort til karane. Han seier: ”Eg skal gå no, men har lyst til å seia at bedehus-folket er mitt folk”. Så gjekk han. Trur nokon av karane fekk ein litt fl au smak i munnen.

Så modig trur eg ikkje eg hadde vore, men likevel er det ei glede for meg å seia: Det er også mitt folk!Kvifor vart det slik?Nøkkelordet er vekkelse!Det gamle bedehuset i mi heimbygd på Bømlo var så visst ikkje noko slott! Eg ser for meg dei triste veggane, dei brune, harde benkene og den svarte ovnen ved døra. Men då vekkelses-vinden nesten blåste bygda over ende, og det gamle bedehuset vart sentrum frå september til jul, ja, då vart det mest som eit slott!

Vandring i bedehusland

Eg var 15 år og kom omsider heim frå brislingfi ske i november, det var rett på bedehuset, og det eg møtte der, er vel noko av det sterkaste eg har opplevd i livet. Nødrop og tårer, gripande bøner, frelsesfryd, vitnemål frå jublande gamle og strålande ungdomar, song……

Då eg sjølv fekk leggja livet mitt i Jesu hender, og fekk fl ytta inn i all denne var-men, gleda og omsorga, då sette det eit stempel på meg for livet. NO VAR EG HEIME HOS MINE!

v/ Kåre Steinsund

bedehusland bedehusland bedehuslandMitt folk

HAUSTENS STORSAMLINGHAUSTMØTE PÅ STORD

7. - 9. oktober

Ole-Magnus Olafsrud

Din lokale kristne forhandlar

Barnebibelen minEin god måte å bli kjent med Guds Ord på for barn og familier.” Kr. 298,-

Gavene med meining fi nn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg handel!

Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

www.sunnbok.no

Bare godhetAsle Hetlebakke i samtale med Anne Berit og Arild Ove Halås. Ei bok om sjukdom, men først og fremst ei bok om ein allmektig Gud som er til stades enten dagane er gode eller vanskelege sett med menneskeauge.

Kr. 180,-DoggdråparYpperleg som gavebok! Inneheld dikt og andaktar Av Annbjørg Helland Sævereid

Kr. 200,-

Asle Hetlebakke

BARE GODHETI samtale med Anne Berit og Arild Ove Halås

BARE G

OD

HET

«Bare godhet og miskunnhet skal følge meg alle mitt livs dager, og jeg skal bo i Herrens hus gjennom lange tider.»

Vi tror sammenAv Karl Johan Hallaråker”En helhetlig framstilling av den kristne tro til studium og samtale”

Kr. 285,-

IMAMENS DATTER-Min fl ukt til frihet. - Ei sann historie. Verdt å lese !! Kr. 230,-

Emeline & SunnivaNy Cd av dei to fl inke søstrene. Anbefales !! Kr. 199,-

Tlf.: 53 41 20 01

Page 10: Venen nr.4 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 201110

9. juni. Kva er det som skjer her? På eine veggen i møtesalen heng det dukar og gensrar og ymse anna på ei snor. Har nokon hengt opp klesvasken sin her kanskje? På nokre bord er det fullt opp av ting som heller ikkje brukar å vera i møtesalen. Men nei, det er verken det eine eller det andre som føregår, det er berre Brandøyforeningen som har sin årlege basar. Foreininga som har vore sidan Brandøy vart bygd. Nokre trufaste damer frå bygda som samlast her an-nankvar torsdag gjennom vinteren. Det er ikkje få kroner dei har samla inn gjen-nom desse åra. Etter eit par timar er tinga borte og møtesalen ser “normal” ut att. Basaren er over og Brandøy set att med kr. 29.670,-. Eit fi nt resultat.

23. juni. Det nærmar seg årsmøtehelg i Ølen, og Brandøy skal ta imot så mange overnattingsgjester som det er plass til. Dei fyrste kom allereie tors-dag. Dei brann bål og feira St. Hans her. Utover fredag auka det på med folk og dei siste kom laurdagen. Nokon hadde “hus på fi re hjul” med seg.Det var veldig kjekt og ha årsmøtedel-takarar buande her.

28. juli. I dag kjem den fyrste gruppa frå England. Det er sjuande året dei arrangerar turar her. Te-bordet er på plass i vestibylen med vannkokar, melk og sukker. Te er nesten det fyrste dei treng etter reisa. Nokre av dei likar

godt ein kopp te i 6-7 tida om mor-gonen. I gangen kan dei laga den sjølv når dei ynskjer.

I 15.30 tida kjem bussen som har henta dei på fl yplassen. Kanoane og robåten er fl ittig i bruk om dagane, same om det er solskin eller regn. Ein tur til Nær-butikken på Bjoa høyrer òg med. Det er eit stykke veg enten dei padlar eller går landevegen, og ikkje alltid så godt å berekna tida. To, tre stykk kom 1 1/2 time for seint til lunsj ein dag dei hadde vore på handletur.

4. august. Koffertane er pakka. Veka har gått fort og gruppa skal heim. Bus-sen svingar rundt huset og borte er dei. Me står att med ein haug skitne klede og rom som treng vaskast. Nå gjeld det om å skunda seg før bussen kjem att frå fl yplassen med den nye gruppa.15.30 er dei der og fl yttar inn på dei ny-vaska romma. Så må dei ut og sjå seg om. Sola skin og det er ikkje grenser for kor fi n plass dei er komne til, seier dei.

18.30 står middagen på bordet. Etterpå er det kveldsmøte og fl okken forsvinn inn i møtesalen. Dei er fl inke til å syngja, og syng fl eire songar før talaren slepp til.

6. august. I dag vart det tidleg frukost for gruppa skal til Bergen. Dei gler seg til å sjå fi sketorget og å reisa opp til Fløyen. Dei smører seg niste og ei

dame lurer veldig på kva brunosten er laga av.

11. august. Heimreise dag. Igjen vert vestibylen fylt av store koffertar. Bus-sen kjem og så er huset tomt att. Nå må huset vaskast att for i kveld kjem dei som skal på ten-leir og då må det vera reint.

Så sig ein ny buss ned bakken. Eit anna buss-selskap denne gongen. Og andre passasjerar. Leiren er begynt og tenåringane fyller matsalen. Det vart ein brå overgang frå dei engelske gruppene. Støynivået er høgare. Og så snakkar jo alle norsk. Det vart ein fi n leir og ein kjekk fl okk. Mange av dei har reist på leir frå dei var små og veit sikkert ikkje kor mange leirar dei har vore på. Det er så fi nt at dei kjem att, gong etter gong!

Elles er vel mesteparten av sommaren over. Bjørka er ikkje lenger så grøn, og kveldane vert mørkare. Det går mot haust.

Eit vers frå bibelen kjem i tankane: Høsten er forbi, sommeren er over,men vi er ikkje frelst! Jeremia 8.20

Det er vemod over dette verset. Det er så mange som ikkje er frelst. Likevel er det håp. Det går enno an å verta det. Det er enno rom hos Jesus.

Helsing oss på Brandøy

BrandøyHelsing

GLIMT FRÅ EIN STRÅLANDE BRANDØYDAG!!!Sjølv om skydekket var lavt og regnet kom tett, vart det ein strålande Brandøy-dag sundag 21. august. Om lag 250 menneske i alle aldrar var samla til stemne. Klaus Muff tala sterkt over dagens tekst på føremiddagsmøte, medan Marit A. Røen hadde eit engasjerande bodskap om ”Jesus = kjærleik” på etter-middagsmøtet. Heidi Rolfsnes og ungdomsgruppa Rejoice formidla evangeliet gjennom vakker song saman med eit fl ott husorkester. Elles var her eiga barnesamling, livlige familieaktivitetar m.m.

I kollekt kom det inn kr.30 105,- til Indremisjonssamskipnaden og kr. 20 157,- til Brandøy.

Marit A. Røen

RejoiceKlaus Muff

Page 11: Venen nr.4 2011

11Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

Svein Bjarne Aase 04.09 Tofte Indremisjon06.09 Komitémøte10.09 100-års jubileum Skånevik IM07.-09.10 Haustmøte13.10 Koinonia Husnes 18.-19.10 Misjonsråd Bergen22.10 Leirvik IUF22.10 Styremøte IMS28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun

Marit H. Ådnanes 07.09 Insp.samling, Moster16.-18.09 LIS-Weekend18.09 Laurhammer Indremisjon20.09 Inspirasjonssamling Husnes21.09 BUR27.09 Tørvikbygd27.-29.09 Framnes KVGS06.10 Inspirasjonssamling Gilje07.10 Husnes IUF08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Moster Indremisjon13.-15.10 PIT STOP Leirvik18.10 Uggdal YA

Ragnhild Nesse 02.09 Leirvik UKS03.09 Fitjar Ten-Treff04.09 Innvær04.09 Sagvåg Indremisjon16.-18.09 LIS-Weekend20.09 Inspirasjonssamling Husnes21.09 BUR22.09 Eid Indremisjon, Sætre27.09 Ving-basar27.-29.09 Framnes KVGS30.09-02.10 Korweekend NØUK 06.10 Inspirasjonssamling Gilje08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Tysnes støtteforening for IM13.-15.10 PIT STOP Leirvik 21.-23.10 Yngsteshelg Brandøy

Lise Marie Th. Litlabø 01.09 Leirvik Junior-ving06.09 Bømlo MiniMax07.09 Inspirasjonssamling Moster09.09 I 100-klubben og Ekstremt gøy11.09 Hiskjo Indremisjon13.09 Huglo Ving15.09 Sagvåg Torsdagsope19.09 Uskedalen Hobbyklubb20.09 Åkra21.09 Småbarnstreff Uskedalen21.09 Vingklubben Vines27.09 Valen TITO28.09 Sagvåg B:Kids29.09 Ølensvåg01.10 Auklandshamn07.10 Fredagsklubben Leirvik08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Haustmøte - Barneopplegg18.10 Gilje Yngstes19.10 Onsdagsskule Vines20.10 Odda Torsdagsklubb25.10 Samnanger Barnekor28.-30.10 Haustkonferanse, Helgatun

Kåre Johan Hamre 06.-07.09 Innbjoa Indremisjon08.09 Utbjoa Indremisjon09.09 Frette Krins12.-15.09 Granvin24.-25.09 Odda Indremisjon26.09 Minikonfi rmantar Granvin28.-30.09 Sandvoll Indremisjon02.10 Lothe og Alvsåker IM04.-05.10 Omvikdalen Indremisjon06.-07.10 Åkra Indremisjon

Reiseruta september og oktoberKlaus Muff 08.10 Arbeidarsamling Stord09.10 Haustmøte Leirvik

Ola Malvin Lomheim 11.09 Håvik indremisjon08.10 Arbeidarsamling Stord09.10 Samnanger Indremisjon16.10 Gilje og Thormodsæter IM

Arne Lindekleiv 08.10 Arbeidarsamling Stord09.10 Gilje og Thormodsæter IM

Åstrid Aase 10.09 Meling Indremisjon08.10 Arbeidarsamling Stord

Edvard Foss 28.-30.10 Bømlo Indremisjon

Liv Stokken 08.10 Arbeidarsamling Stord

Halvard Sveen 18.09 Moster Indremisjon08.10 Arbeidarsamling Stord19.10 Bømlo Indremisjon30.10 Gilje og Thormodsæter IM

Nils M. Rydland 14.09 Neset Indremisjon02.10 Gilje og Thormodsæter IM08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Norbygda Indremisjon

Lars og Astrid Reinlund 28.-30.10 Tørvikbygd Indremisjon

Marit Dahl Hollund 07.09 Bømlo Indremisjon11.09 Horneland Indremisjon08.10 Arbeidarmøte Stord21.-23.10 Jondal Indremisjon

Henning Persson 21.-23.10 Laurhammer Indremisjon

Dagny Ness 08.10 Arbeidarsamling Stord09.10 Husnes Indremisjon30.10 Holmedal Indremisjon

Knut Kvamme 08.10 Arbeidarmøte Stord28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun

Ole-Magnus Olafsrud 07.-09.10 Haustmøte Stord

Harald Rydland 08.10 Arbeidarmøte Stord23.10 Samnanger Misjonsforsaml.

Eli K. Jacobsen 18.09 Bømlo Indremisjon09.10 Haustmøte Stord

Nina A. Larsen 27.09 Moster Ving

Norvald Ådnanes 25.10 Huglo Ving

Rannveig Petterteig 20.09 Laurhammer Yngstes og Yngres04.10 Meling Yngstes

08.10 Arbeidarmøte Stord11.-12.10 Fosse Indremisjon12.-17.10 Granvin19.-23.10 Skånevik Indremisjon26.-27.10 Bogøy Indremisjon28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun

Liv Rolfsnes 02.-04.09 Kvinne-Weekend Brandøy06.10 Auklandshamn Indremisjon08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Bømlo Indremisjon Markhus Krins21.-23.10 Yngsteshelg BrandøyI tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang.

Marit A. Røen 02.-04.09 Kvinne-Weekend Brandøy15.09 Høylandsbygd Indremisjon16.-18.09 Uggdal Indremisjon24.09 Jondal Indremisjon08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Håvik Indremisjon15.10 Basar Skånevik16.10 Norheimsund Indremisjon29.10 Meling Indremisjon30.10 Kyrkjekrinsen

Aksel Ingvard Johannessen 04.09 Uggdal Indremisjon14.-15.09 Huglo Indremisjon21.-22.09 Tveit Indremisjon28.09 Borgundøy Indremisjon08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Tofte Indremisjon13.10 Vikebygd krins15.10 Meling Indremisjon26.10 Auklandshamn Indremisjon

Toralf Steinsland 15.-18.09 Sunde Indremisjon08.10 Arbeidarmøte Stord26.-30.10 Møteveke Rogaland

Edmund Thormodsæter 08.10 Arbeidarmøte Stord09.10 Sveio Indremisjon22.10 Styremøte IMS

Jens Tveit 04.09 Horneland Indremisjon18.09 Håvik Indremisjon08.10 Arbeidarsamling Stord09.10 Horneland Indremisjon19.-23.10 Uskedalen Indremisjon26.10 Sveio Indremisjon30.10 Moster Indremisjon

Leiv Nesheim 06.09 Gravdal Krins07.-08.09 Nordtveit Misjonsforening09.-11.09 Rubbestadneset IM

Marit Stokken 18.-23.10 Tofte Indremisjon

Irene K. Alnes 19.-23.10 Tofte Indremisjon

Erik Furnes 28.10 Fitjar Indremisjon

Andreas Evensen 16.-17.09 Samnanger Indremisjon

Roald Kvam 29.10 Haustkonferanse Helgatun

Edvard Thormodsæter 23.-25.09 Gilje og Thormodsæter IM

Linda Aase 02.09 Bømlo UFO03.09 Huglo06.09 Bømlo MiniMax09.09 Bømlo UFO10.09 Leirvik IUF13.09 U-Alpha Laurhammer15.-28.09 Bildøy28.-29.09 Framnes KVGS30.09 Odda04.10. Laurhammer YA05.10 Ope Hus Valen07.10 Bømlo UFO08.-09.10 Arbeidarmøte / Haustmøte13.-15.10 PIT STOP Leirvik21.10 Bømlo UFO25.10 U-alpha Laurhammer26.10 Sagvåg Ope Hus27.10 Klubben FitjarGunnhild Olsen 02.09 Bømlo UFO03.09 Huglo05.09 Decor09.09 Halsnøy10.09 Gilje IUF12.09 Decor13.09 Huglo15.-28.09 Bildøy28.-29.09 Framnes KVGS01.-02.10 Decor-weekend04.10 Laurhammer Yngstes07.10 Husnes IUF08.-09.10 Arbeidarmøte / Haustmøte09.10. Uggdal13.-15.10 PIT STOP Leirvik21.10 Bømlo UFO24.10 Decor25.10 U-Alpha Laurhammer27.10 Klubben Fitjar31.10 Decor

Gunnhild Hystad 19.09 Tofte Ving

Jostein Angeltveit 23.09 Fredagskafe Foldrøy04.10 Bømlo MiniMax

Kjetil Fyllingen 29.09 Klubben Fitjar

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZBømlo 107,9 MhZ

Kvinnherad: 106,2 MhZ Os: 103,7 MhZ

BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Page 12: Venen nr.4 2011

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 201112

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

SJÅ VÅRT FANTASTISKE LEIRTILBOD PÅ HELGATUN OG BRANDØY PÅ SIDE 6

SJÅ VÅRT FANTASTISKE

PIT STOP på LeirvikTorsdag - laurdag 13.-15. oktober i haustferien blir det

PIT STOP (haustfestival) for ungdomar på Leirvik bede-

hus. Lokale ungdomslag, IMS og ImF-ung samarbeider

om arrangementet. Stikkord: Treffpunkt mellom bygdene,

ungdomsmøter, seminar, aktivitetar, lovsong,

”grill ein kristen”, fellesskap. - Sjå side 6

LIS-weekend16.-18. september blir det på ny LIS-weekend på Solgry i samarbeid med NLM-ung. LIS er Leiar- og Inspirasjons-Samling for deg som driv kristent ungdomsarbeid og andre interesserte. Her får du påfyll via bibeltimar og interessante tema, lovsong, fellesskap og teambuilding.

16.-18. september blir det på ny LIS-weekend på Solgry

VARER OG GEVINSTAR TIL JULEMESSENE?

Helga 18. - 20. november er det julemesse på Tysnes, og 25. - 27. november

på Bremnes. Begge messene er til inntekt for Indremisjonssamskipnaden.

Har de noko å bidra med, t.d. gåver til varesalet eller gevinstar til loddbøkene

ta kontakt med:BREMNES: Bjørg Mæland tlf. 53 42 04 23 Liljan Innvær tlf. 53 42 01 82

TYSNES: Harald Heie tlf. 53 43 22 09 / 90 97 24 65

LIS-weekend

Helga 18. - 20. november er det julemesse på Tysnes, og 25. - 27. november

Har de noko å bidra med, t.d. gåver til varesalet eller gevinstar til loddbøkene

VARER OG GEVINSTAR TIL JULEMESSENE?VARER OG GEVINSTAR TIL JULEMESSENE?