venen nr.6 2010

12
Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 - 2010 indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 06 - 2010 Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget. Lukas 2, 4-7 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. Lukas 2, 11

Upload: kjetil-fyllingen

Post on 13-Mar-2016

228 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Indremisjonsvenen

TRANSCRIPT

Page 1: Venen nr.6 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN01 - 2010

indremisjonsindremisjonsindremisjons

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN06 - 2010

Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.

Lukas 2, 4-7

I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.

Lukas 2, 11

Page 2: Venen nr.6 2010

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap,

Det har vore skrive mykje negativt om bedehusarbeidet dei seinare åra. Om stagnasjon, nedgong og bedehus som legg ned arbeidet fordi det ikkje er nyrekrutering av yngre krefter som kan ta over. Og ser me på statistikkane for bedehus-arbeidet på landsplan er det på ingen måte lystig lesing. Det var fl eire møter før, det var fl eire vekkingar før, det var fl eire foreiningar og lag før, det var betre økonomi før…

Ved å sjå på alt som var betre før er det lett å missa motet og tapa krafta i den tenesta me står i i dag. Det er ei erfaring at ”krisetider” både på det personlege plan, i samfunns-livet og misjonen har i seg destruktive krefter som vil tappa for all energi og livsmot. Men erfaringa syner oss at ”krisetider” også kan føra til modning, blomstring, vokster, og det kan forløysa nye krefter. Dette gjeld så vel på det personlege plan som i samfunnsliv og misjon.

Det er denne forløysinga av nye krefter, nytt mot, ny kreativitet og ny økonomi som er vårt store aktivum i dag. Jesus Kristus er den same i dag som i tidlegare tider. Oppdraget med å gå ut med evangeliet står fast. Menneska rundt oss er lika høgt elska av Gud i dag som i tidlegare tider. Og engelen sine ord gjeld også i dag: ”Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.”

Det gjeld å treffa det rette for vår tid og stå saman som misjonsfolk inn i den tida me lever i. Eg var så heldig å få vera med Fitjarbrødrene på misjonsreise til Espevær og Langevåg. Ein av dei , som er utfl ytta Espeværing, hadde invitert til fl ott tilstelling i bede-huset. Det var ei fryd å få vera med på! Stuvande fullt bedehus. Fantastisk fl ott program. Strålande pynta og god mat. Sjeldan har eg sett ein meir begeistra forsamling gå heim etter ei misjonssamling.

Dei seinare åra er det mange bedehus som reiser på forsamlingweekendar til leirstadane våre. Kva ser me? Alle generasjonar samla ei heil helg til bibelsamlingar, songstunder, vit-nemål, leik, aktivitetar, måltid m.m. Og det same gjentek seg gong på gong. Born, unge og vaksne reiser begeistra heim etter ei fellesskapshelg med Jesus i sentrum.

Dersom du hadde teke ein tur innom Haustfestivalen for ungdom, ville du sett ein stor ungdomsfl okk samla til Kristussentrert forkynning, fl otte vitnemål, song og musikk, bøne-krok, samtalerom, småprat rundt borda… Det var ei stor oppleving å kjenna på den gode åndsmakt som var i møta og sjå alle ungdommane samla om den glade bodskapen.

Når me så fyller Kulturhuset på Leirvik til Haustmøte ein laurdagskveld i oktober fortel det meg at når folket får noko for sitt åndelege liv, og det er eit opplegg og innhald som appellerer til folket, så fyller me husa også i dag.

Difor ser eg store moglegheitar i bedehusarbeidet og eg gleder meg over alle trufaste misjonsvener som står på, og alt det fl otte som veks fram. La oss stå saman og forløysa nye krefter, nytt mot, ny kreativitet, ny økonomi. La naturgåvene og nådegåvene blom-stra, og la oss sjå moglegheitane til å nå folket vårt med evangeliet også i dag!!! Så går me vidare i Jesu namn, og kviler i hans eige ord: ”Gå difor ut……………..,og sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.” Matt.28.

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Svein Bjarne AaseIndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Kontortid: 09.00 – 15.00Heimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

Samskipnadsstyret:Edmund Thormodsæter, formannBirgit M. HjelmelandHalvard WiikIren Sævik MælandTorunn TvedtBjørn SaghaugKristoffer TjelleVaramedlemmar:Kåre StautlandKnut O. DaleAndreas R. Evensen

Dagleg leiar:Svein Bjarne AaseTelefon 47 26 13 40

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01www.sunnbok.no

Framsidefoto:Frå fi lmen“Veien til Betlehem”.

Hittil 20102 571 127,- Hittil 2009

2 387 693,-

Budsjett 20103 650 000,-

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. oktober 2010

LeiarNY BLOMSTRING I BEDEHUSARBEIDET!!!

Svein Bjarne Aase

yngre krefter som kan ta over. Og ser me på statistikkane for bedehus-

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Indremisjonssamskipnaden

Page 3: Venen nr.6 2010

3Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

Eg veit ikkje kva for minner og assosia-sjonar stallen og juleforteljinga vekker hjå deg. Kan hende er det tid for på nytt å la den gamle forteljinga kome til deg. Gje rom for undringa over det som hend-te. Eg trur det er då forteljinga syner si bærekraft. Kan hende treng du og ei ny julevandring i den store forteljinga? Finne deg ein plass og kjenne etter kor du er i møte med det store mysteriet: Gud vart menneske og bar namnet Jesus, Herren frelser. Frelsar for deg og? Det var difor han kom!

Eg ynskjer deg ei god julehøgtid der du kan la forteljinga røre ved deg. Kan hende treng du å få ho fornya ved å lese, syngje eller høyre henne? I jula er det mange gode høve til det.

Gledeleg jul!

Ei bærekraftig forteljingSå kjem ho til oss igjen. Forteljinga om tenåringsmora som fekk sin førstefød-de, sveipte han og la han i ei krubbe. Dei fann ikkje husrom nokon stad. For-teljinga om den unge mannen som såg at kjærasten var med barn. Det er no ikkje så godt å skjule. Mannen som fekk englebesøk. Melding om at barnet som jenta bar på, var av Den Heilage Ande. Våre forteljingar er viktige. Korleis lyder di forteljing? Kva seier di forteljing om deg og kven du er? For meg er det kjekt å høyre mor fortelje om korleis det gjekk føre seg då eg vart fødd. Høyre om forventningane til den vesle guten, og kjenne at dette er ein viktig del av mi vesle historie.

For meg er det stort å sjå vakne barneauge som tek del i ei enkel dramatisering av den store forteljinga. Julevandringane i Stord kyrkje er ei god førebuing til den store høgtida. Barn som i kapellet skriv seg inn i manntalet hjå keisar Augustus. Som vandrar i vekslande ver på veg til ei open kyrkje. Som etter ei nølande banking på døra møter presten som med blid englerøyst helsar: Ver ikkje redde, kom berre inn!

Eg undrast – har denne forteljinga fram-leis bærekraft for moderne menneske? Ei stemningsfull ramme kan ho visst framleis gje, det er godt med noko som held seg frå slekt til slekt i ei tid med dei store endringane. For barna er nok forteljinga framleis viktig, men for oss vaksne – har den gamle forteljinga noko å gje til oss?

Av Svein Arne Theodorsenprost i Sunnhordland prosti

Andakt

vaksne – har den gamle forteljinga noko å gje til oss?BØNE

SPALTABE OM...- vekking og liv i bygdene våre.- om åndeleg og menneskeleg visdom for oss som står i leiinga i Indremisjons- samskipnaden. BE FOR...- alle førjulssamlingane i bedehus og kyrkjer.- reiseruta som er lagt for våren og alle forkynnarane.- aksjon “fast gjevarteneste”. TAKKA FOR...- alle som har vore på weekend i haust.- alle leiarane som står på på leir og rundt i laga.- alle trufaste medarbeidarar rundt om på bedehusa.

SOMMARENS STORSAMLING ÅRSMØTE TIL INDREMISJONSSAMSKIPNADEN24. - 26. JUNI 2011 I ØLEN.Notér datoane og legg det inn i sommarplanlegginga.Velkomen til heile familien!

Indremisjonssamskipnaden inviterer til

VINTERMØTE!6. febr. Bremnes kyrkje kl. 19.00 Tale: Svein Bjarne Aase Song: Decor13.febr. Bømlo bedehus kl. 17.00 Tale: Jørgen Tønnessen Song: Manna20.febr. Leirvik bedehus kl. 17.00 Tale: Anfi nn Skåheim

Julemessene!Vi takkar for fl ott innsats på julemessene i år og! Det kominn kr. 153.000,- på Bremnes og kr. 95.000,- på Tysnes!

Page 4: Venen nr.6 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 20104

Eg greier ikkje å riva meg laus frå dette mektige synet som Guds stjernehimmel er. Og heile tida dreg tanken meg mot den andre stjernestrødde kvelven: Guds løfte-himmel! Den kjende songen kjem smygande til meg:

Løftene kan ikke svikte, nei, de står evig fast!Jesus hvert ord har beseglet, den gang hans hjerte brast!

Ja, det er nettopp HAN eg no tenkjer på!

Tankar under stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen stjernehimmelen

v/ Kåre Steinsund

Du veit, ikkje alle stjernene merkar seg like mykje ut. Som det står i 1.Kor.15,41: ”stjerne skil seg frå stjerne i glans”.

Eg ser etter den vakraste, den mest strålande av dei alle, - den Gud tenkte på det grusomme syndefallet sin første dag. Gud gav menneskeslekta eit stort håp midt i tragedien!

Dette lysande vitnemålet på Guds løftehimmel såg alle profetane, og dei tala til folket om Guds store løfte. ”Ha tru til Gud! Mist ikkje

motet! Ein dag kjem han, Messias og Frelser! Den store stjerna Gud har tennt, kan ingen sløkkja!”

Når eg står slik og ser oppover, kunne eg nesten ha hug til å ropa det ut: JA, DU KOM JESUS! Du kom i Guds time til ein fortapt verden! Og så kom du til meg! Ufatteleg stort er det!

Op 22,16: ”EG, JESUS, HAR SENDT MIN ENGEL FOR Å VITNA OM DETTE FOR DYKK I KYRKJELYDANE. EG ER DAVIDS ROTRENNING OG ÆTT, DEN KLÅRE MORGONSTJERNA”.

ET SPENNENDE JULEHEFTE FOR DEG MELLOM 4 OG 12 ÅR.Vil du kjøpe og/ eller selge Barnehelg? Her kan du tjene penger til årets julegaver!Kontakt ImF: tlf: 56 31 42 40/e-post: [email protected]

Page 5: Venen nr.6 2010

5Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

Evangeliet tona ut i rommet gjen-nom Fitjarbrødrene sin glade song. Her er det tydeleg at dei som syng og spelar har eit varmt forhold til bodskapen om Jesus som dei formidlar. I tilegg til Fitjarbrødrene fekk me også høyra duett av Lars K. Vik og Kjell Haukefær. Songen om Jesus Kristus har: “bud til unge, gamle, skyter stadig friske skudd.”om Jesus Kristus har: “bud til unge,

Ein strålande haustdag i oktober inviterte Trygve Eiken og Fitjarbrødrene til storstilt fest på Espevær. Bedehuset vart stuvande fullt av forventningsfulle menneske. Salen var fl ott pynta, serveringa var fantastisk og programmet inneheld noko både for smilebandet og tanken.

Når ein kjem saman i godt lag er det fi nt å ha tid til ein god drøs rundt kaffi koppen, og mimring om gamle dagar. Det eine innlegget etter det andre frå barndomstida vart delt med festlyden. Dei gode historiane sat også laust, og me fekk vitjing av ein grønnsakshandlar som hadde litt av kvart å stri med.

Elles bur me i eit område med ein fantastisk natur og bileta til Trygve gav oss ei fl ott naturoppleving. Heile kvelden hadde ein gjennom-gangstone der Guds nåde vart løfta fram. Tenk å få koma til vår himmel-ske far som møter oss med nåde og tilgjeving for Jesu skuld. Dette vart forkynt gjennom song, vitnemål og andakt. Og då det vart takka av for kvelden kunne ei begeistra for-samling gå heim med ei oppleving av at no har me verkeleg fått vore med på noko stort.

Svein Bjarne Aase

Stor fest i Espevær bedehus!

Page 6: Venen nr.6 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 20106 Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 20106

Barne- og Ungdomssida!

Me er midt i leirsesongen, og 12.-14. november var det fullt hus på Brandøy med ungdomar på Tenhelg. I utgangspunktet hadde 100 ungdomar meldt seg på leir, men med fl eire avmeldingar mot slutten, fekk alle som ville reisa plass.

Veldig populært var det at me hadde med oss vårt eige band. Det løfta heile leiren opp. Temaet for leiren var “Kristen?” og “kor-leis leva som kristen?”; viktige og utfordrande tema, både for tilhøyr-arar og for underteikna som skulle førebu og gjennomføra bibeltimane.

På mange vis var det ein tradisjonell leir, men kvar leir blir likevel spesiell sidan det er nye og forskjellige deltakarar og leirarar. På leir kan alt skje! Det fl otte fellesskapet på leir, med måltid, møter, leirfest, team-builiding og kioskkø skapar gode minne i oss. Mange deltakarar lurte denne gongen på kva “gassblos”, som me skulle gjennomføra laurdag ettermiddag, var for noko. Og me

Mange på Tenhelg på Brandøy

RagnhildLise Marie

MaritMiriam

kan røpa det: “gruppebasert aktivitet som skal byggja lagånd og felles-skapsfølelse”. Her skulle deltakarane halda i eit laken på kvar si side av sandvolleyballnettet og kasta egg over til kvarandre. Deltakarane fekk også skyta luftgevær, byggja tårn av spaghetti og seigmenn og mykjemeir. Mange hadde innslag på leir-festen, og veldig fl ott at fl eire også nytta høvet til å skriva bønelappar, gå til forbøn og berre vera stille i møtesalen laurdag kveld. Takk for denne gongen. Håpar me snakkast på Påskefestival, Skiweekend eller kanskje ungdomsleir på Helgatun!

Marit Hårklau Ådnanes

Ein kald oktoberdag, fekk eg besøk på kontoret av to kjekke ungdom-mar, Morten Kleven og Solveig Høyland. Mens Haustfestivalen 2010 pågjekk, hadde nemlig begge tatt turen innom, både på kveldstid og litt på dagtid. Eg hadde difor spurt om dei kunne fortelja litt om deira oppleving.

Dei kjem rett frå skulen, og sit no og supar på kvar sin kopp med kakao.

- Kor høyrde de om Haustfestiva-len, og kvifor kom de?M: Eg trudde det var heilt vanleg UKS-kveld, eg, så eg blei overraska då eg fant kjellaren stappfull! Eg spurde ein venn kva som skjedde, og ho sa det var festival. Eg visste ikkje kva det var, men bestemte meg for å koma dagen etterpå òg, då nokon kom bort og sa at eg måtte bli med på baking, kl 12.S: Eg hadde høyrd om festivalen lenge på forhand, både frå syster mi og andre, og sidan eg går på UKS til vanleg, var det naturleg å komma no òg. Dessutan sa jo du at eg måtte ta turen, Miriam, og då var eg jo nøydd til å koma.

- Kva synest de om opplegget?M: It’s so fantastic! Det virka bra planlagt, og veldig gjennomført. S: Mm, det var veldig kjekt. Lovsongen var bra, John-Inge var fl ink til å tala, og det varte passeleg lenge. Og så var det kjekt med middag og aktivitetar på dagtid.

Solveig og Morten var begge på bake-gruppa som Eirik Grimstad leda. Dei laga boller, sjokoladefondant, og pannacotta med bringebærsaus.

M: Eirik kunne jo alt om mat, det var kult!S: Ja, det var gøy at me laga litt avan-serte ting, ikkje berre vanleg sjoko-ladekake.

- Kva var det beste med Haustfestiva-len, og kva kunne vore annleis?M: Må eg begynna å ramsa opp? Det skjedde så mykje, og alt var jo bra!

Morten og Solveig om Haustfestivalen 2010

Fleire bilder på

www.indremisjonen.no

RETTING: I forrige nr av Venen, i samband med lagsbesøk i Ølensvåg, stod det at Ølensvåg yngres vart starta opp ca samtidig med yngstes, som starta 6. oktober 1977. Datoen er rett for yngstes, men yngres starta opp mykje tidlegare; heilt tilbake til 11. mars 1944. Dei har hatt både 40 og 50 års feiring der nokre av dei som var med på oppstarten deltok. Laget vart truleg innmeldt i Indremisjonssamskipnaden mellom 1976-1978. Oskar Feed har vore leiar frå august 1976. Me beklagar feilen.

Page 7: Venen nr.6 2010

7Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010 7Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

Barne- og Ungdomssida!

7

Vårt bibelvers!

Hilde Tomassen, 12 år frå Odda

Christina Margrethe Holven,

13 år frå Odda

”Jesus Kristus er i går og i dag den

same, ja til evig tid.” Hebr. 13:8

Haustfestivalen 2010 gjekk av stabelen torsdag 14. - laurdag 16. okto-ber på Leirvik bedehus. Festivalen var berekna for ungdomsskulealder og oppover og hadde “I verda, ikkje av verda” som tema. Dette viste seg å være ei passande målgruppe, då aldersspennet på dei oppmøtte varierte frå nettopp ungdomsskulealder og heilt opp til “eg hugsar ikkje lenger når eg gjekk ut av ungdomsskulen”-alderen.

Ein draumestart på helga vart det då omlag 80 stk møtte opp til det fyrste kveldsmøtet.

John-Inge Rolfsnes var talaren for helga, og Guds ord nådde ut til mange gjennom ærleg og bibeltru forkynning. Vitnesbyrd og lovsong var òg med på å gjere kveldsmøta til gode, Jesus-fokuserte møter. Etter møta var kafèen open, og den sosiale faktoren var på topp.

Elles bestod festivalen av bønne- og lovsongsmøter, seminar ved Geir Sakseid, aktivitetar som volleyball og baking, og Os-teamet tok med seg ei gruppe ut på gateevangelisering i Leirvik sentrum, der dei delte ut boller, spelte og song lovsongar, snakka og bad for folk. Eit rom med bønevandring stod ope heile helga, og vart godt nytta. Ei fl ott delestund var òg med på å skape ei helg få vil gløyme med det fyrste.

Planlegginga av hausten si store hen-ding starta i Miriam Sakseid sitt hovud allereie i april. Festivalen bar preg av at den hadde vore påtenkt lenge, og ikkje minst, at Gud ville ha Haustfestivalen.

Haustfestivalen

Miriam er T2-student og eittåring i kretsen vår i år, og var leiar for festiva-len. Ho hadde på førehand eit håp om at mange skulle koma, at dette kunne bli starten på ein tradisjon, og at fl eire skulle få eit møte med Jesus, anten for fyrste gong eller for å bli betre kjent med han.

- Eg er særs nøgd med festivalen, det gjekk over all forventning. Mange kom på det som hendte, alt var gjennom-ført og gjekk som det skulle. Mange gjekk til forbøn, og bønerommet vart fl ittig nytta. Me har kun fått positive tilbakemeldingar, seier Miriam med eit smil, medan ho konstaterer at dette ikkje er siste gong det vert arrangert liknande festivalar på øya.

Mykje skal klaffa for at eit slikt arrange-ment skal gå i boks, men med mykje forbøn, mange ivrige medhjelp-arar og med Guds hand over det heile, vart dette ein fl ott festival, og mange gler seg allereie til at suksessen skal gjen-takast til neste år.

Jostein Aase, medieansvarleg på Haustfestivalen

S: Det er vanskeleg å velga. Det var bra møter, bønnevandringa var fi n, og lovson-gen var topp.M: Ja, viss eg må velga ein ting eg likte best, trur eg at eg må sei lovsongen. S: Songane var moderne og kule, og Knut André Lauritzen var fl ink lov-songsleiar.M: Det einaste som burde vore annleis er lengda på festivalen, for den burde ha vart lengre!S: Ja, minst ein dag ekstra… Og for-resten, så synest eg at middagen burde ha ferdig skrelte poteter.

Det blei seld middag i kaféen kl 16, både fredag og laurdag, og det blei servert bl.a. kjøtkaker, lasagne, pizza og gry-terett. Særleg siste dagen var mange ungdommar samla til eit sosialt, billig og godt måltid.

Morten og Solveig om Haustfestivalen 2010 - Trur de Haustfestivalen er ein god måte å nå ut til ungdommar på, både frelste og ufrelste?M: Ja, for uansett om ein kjem på dagtid for å være sosial, eller på møta om kvelden, så kan ein ikkje unngå å få høyra om Jesus. Det ligg liksom inni alt me gjer og snakkar om, og det er jo bra.S: Og så kan me invitera nye folk på UKS og IUF.

- Kjem de viss det blir festival neste år?M: Ja, viss eg kan så kjem eg! S: Eg kjem, og eg synest slike ting burde bli arrangert oftare enn berre på hausten. Det er kjekt å henge i bedehuset ei heil helg.

Det høyrest ut som om det var ein vellykka festival, og Morten og Solveig er einige i at dei har kosa seg masse, og at Haustfestival burde bli ein tradisjon i IMS.

Miriam Sakseid

Fleire bilder på

www.indremisjonen.no

RETTING: I forrige nr av Venen, i samband med lagsbesøk i Ølensvåg, stod det at Ølensvåg yngres vart starta opp ca samtidig med yngstes, som starta 6. oktober 1977. Datoen er rett for yngstes, men yngres starta opp mykje tidlegare; heilt tilbake til 11. mars 1944. Dei har hatt både 40 og 50 års feiring der nokre av dei som var med på oppstarten deltok. Laget vart truleg innmeldt i Indremisjonssamskipnaden mellom 1976-1978. Oskar Feed har vore leiar frå august 1976. Me beklagar feilen.

Page 8: Venen nr.6 2010
Page 9: Venen nr.6 2010

Kjære Misjonsvener!

Det er november og tid for julehelsing i “Venen”. Heilt ufatteleg at 2010 snart er historie, -er fortid! Ei fortid med mange rike og gode opplevingar. Ei fortid med utfordringar og oppturar.

Me har så mykje å takka for! Takk til alle dykk som har vore innom Helgatun i 2010. De brukte misjons-stasjonen, sette pris på heimen og la mykje velsigning att her. Takk for alle smil, gode ord, forbøn og oppmuntring. De set mot i oss i ein travel kvardag. Slik me ligg an no vil me nå ca 9000 gjestedøger dette året. Det gled me oss over. Små og store, unge og eldre har vore her og

Helgatun-helsing!

opplevd mykje. Takk for alt de delte med oss under opphaldet.

Takk for naturalia, pengegåver og vinstar til den vesle utloddinga me har ståande her.

Kallet står ved lag og saman skal me få gå med frimod inn i dagen i dag og møta oppgåvene Gud utfordrar oss på! Gå i fred og ten Herren med glede!

Saman i tenesta kan me få ynskja kvarandre ei velsigna julehøgtid og eit godt og fredfullt nyttår!

Varm helsingHelgatunSolveig Norheim

Så fekk me på nytt oppleva ein rik og god weekend på Helgatun. Når kvinner samlast og hungrar etter Guds ord og har trong for å møta ”likesinna”, og når det er nokon som er villige til å dela ut det Gud minner dei om, då må det verta ”godt”.

Annbjørg Barane hadde to bibel-timar ut frå songen: ”O Jesus åpne du mitt øye”. Ho minna oss om dei store verdiar me har: Faderens omsut, vår bror Jesus, vår tals-mann, vår trøystar, vår hjelpar, vår himmelske arv, ein nådestraum, eit nåderike. Me er ei kongesbrud, sjølv om tvil og vantru vil ta gleda. Så lat oss få sjå den herleghet som er vår på grunn av Jesu blod. Så ventar krona i det evige rike.

Birgit Hjelmeland, Anny Berge og Solveig Norheim var med i ledelsen og gav rike ord i frå Gud. Marta Marie og Hans Asbjørn Åsbø var med, ho song og han akkompag-nerte på trekkspel. Dei gledde oss mykje. Torunn Holmedal gav oss mykje gjennom dikt ho las.Me samlast i felles bøn, for å leggja på Herren vår nød og vår takk.

Kvinnehelg på Helgatun 2010

Laurdag var det frie vitnesbyrd, fl eire nytta seg av det. I offer til Helgatun kom det inn noko over 16.000,- Og så må me ikkje gløyma maten, den var god og svært variert.

Sume vil ha det til at kvinner ”skrav-lar” så mykje. Men det var mange

gode og rike åndelege samtalar. Mange gav uttrykk for at dei hadde fått mykje og kunne reisa rike heim, kanskje til einsemd, kanskje til tøffe dagar, men då er det ekstra godt å sjå tilbake på ei slik helg. Takk til alle 55 som var med.

Sigrid Berge

Page 10: Venen nr.6 2010

Din lokale kristne forhandlar

’Kall meg Kate’ - 8-12 årBok nr3 i Suksesserien Secret Keeper Girl

Kr. 169,-

’Du er aldri alene’ Rita Aasen med ny bok!

Kr. 225,-/298,- (mjuk-/stivbind)

’Julefortellinger for englebarn’og andre barnebøker Kr. 149,-

Ny CD Lisa Børud’Mitt valg’

Kr. 149,-

Julegavene med meining fi nn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg julehandel!

Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!

ANGSTEN - Gave til veivalg og nytt livEi bok av Lone Husby

Kr. 150,-Jarle-TV 4!Jarle Waldemar med ny DVD

Kr. 199,-

www.sunnbok.no

I haust starta me skuleåret med 259 elevar. På tredje trinnet begynte 82 elevar, 85 elevar på andre trinnet og 92 elevar på første trinnet. Elevane fordeler seg over 3 klassar på kvart trinn, totalt 9 klassar. Det er 62 tilsette ved skulen.

Skulekvardagen er mangfoldig og krevjande. Mange tilsette strekkjer seg langt for at elevane skal opp-leve tida ved Framnes meiningsfull og god. Ei undersøkjing i fjor vinter viser at elevane trivest svært godt saman med lærarane sine. I år kan me også glede oss over at me har heile fem miljøarbeidarar i tillegg til skulepresten. Me kan også gle oss over ein svært kjekk elevfl okk. Dei yrer av liv og livsmot (og som gjev ulike, av og til ukontrollerte(?), utslag). Ikkje minst er dei medvitne sitt ansvar som medmenneske. Det er godt å oppleve.

Det er ikkje alt som vert gjort på Framnes som er like godt synleg. Men det som vert gjort av vedlike-hald, er lettare å sjå. Me har mala

Framnes-helsing!

utvendig i to sesongar no. Skule-bygget er blitt fi nt og har fått tilbake sin friske raude farge (og her har me også skifta vindaugsfasaden mot aust), og Gamlesalen er blitt mala. Dessutan pågår eit oppussingsar-beid på Framheim, som nok ikkje vert ferdig før om eit par års tid.

Ein miljøarbeidar, Andreas, har også sørga for at Framnes har vunne(!) eit IKEA kjøkken som stod utstilt på Flesland. Det vert no montert på hemsen, som er ein møtestad for elevar og miljøarbeidarane. Kjøkenet vert integrert med det “gamle” kjøkenet, og me trur at dette vil vere med å løfte tilbodet som me gjev elevane.

‘Skal vi være venner’ Bjarte Leithaug medny DVD for dei minste!

Kr. 190,-

Kr. 198,-

’Det er fullbrakt’40 små andakter frå H.E.Nissen

Elevane har i år valt eit prosjekt i tilknyting til Chrisc som er KRIK sin internasjonale organisasjon. Dei er i full gang med innsamlinga og har allereie samla inn over kr. 100.000.-.Les meir om prosjektet påwww.misjonsprosjektet.no.

Me har mange møte ved skulen. I haust har me mellom anna hatt ei minimøteveke med Marit og Ragnhild frå Samskipnaden og ImF-teamet med forkynnar. Dessutan har me har møte onsdag og søndag. Då nyttar me enten våre eigne folk, eller me får besøk utanfrå. Mange elevar deltek, og eg vonar at dette arbeidet vil vere det som får størst betydning for elevane våre.

Med helsingHarald Voster

Page 11: Venen nr.6 2010

11Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

www.sunnbok.no

Svein Bjarne Aase 04.12 Styremøte04.12 Leirvik IUF19.12 Stord Indremisjon29.12 Sagvåg Indremisjon04.01 - 08.01 Arbeidarmøte Bildøy15.01 - 16.01 BULK - Brandøy28.01 Sveio Mannsforening29.01 - 30.01 Tur

Kåre Johan Hamre 01.12 Norheimsund Indremisjon03.12 Samnanger Konf.undervisning08.12 - 09.12 Granvin19.12 Norheimsund04.01 - 08.01 Arbeidermøte Bildøy11.01 - 14.01 Indremisjonskontoret16.01 Bømlo Indremisjon17.01 - 20.01 Granvin Misjonslag21.01 Samnanger Konf.undervisning26.01 Meling Indremisjon27.01 - 30.01 Rubbestadneset Indremisjon31.01 Granvin

Aksel Ingvard Johanessen 04.01 - 08.01 Arbeidermøte Bildøy08.01 Horneland Indremisjon09.01 Gilje og Thormodsæter Indremisjon19.01 - 20.01 Huglo Indremisjon

Liv Rolfsnes 07.01 Arbeiderfesten Bildøy28.01 - 30.01 Jondal IndremisjonI tillegg oppgåver som område-sekretær i Odda/Ullensvang

Marit A. Røen 05.12 Reksteren Indremisjon04.01 - 08.01 Arbeidermøte Bildøy28.01 - 30.01 Jondal Indremisjon

Reiseruta desember og januarÅstrid Aase 09.01 Stord Indremisjon

Marit Dahl Hollund 26.01 Bømlo Indremisjon

Toralf Steinsland 19.12 Gilje Indremisjon27.01 - 30.01 Norheimsund Indremisjon

Jens Tveit 07.01 Bømlo Indremisjon16.01 Håvik Indremisjon30.01 Helgatun-kveld Sunde/Husnes

Jostein Skutlaberg 11.01 Gravdal krins12.01 - 16.01 Meling Indremisjon

Lise Marie Th. Litlabø 04.01 - 08.01 Arbeidermøte Bildøy14.01 Leirleiarfest på Brandøy15.01 - 16.01 BULK – Brandøy25.01 Bømlo MiniMax

Miriam Sakseid 03.12 - 05.12 Adventshelg Helgatun10.12 Leirvik UKS11.12 Ten-Treff Fitjar31.12 Nyttårsfest Leirvik UKS/IUF14.01 Leirleiarfest Brandøy15.01 - 16.01 BULK – Brandøy19.01 Ope Hus Sagvåg24.01 Decor Bømlo27.01 Ung Kafè Leirvik28.01 KRIK Gilje29.01 Gilje IUF

Ragnhild Nesse 03.12 - 05.12 Adventshelg Brandøy11.12 Leirvik IUF28.12 Tveit Indremisjon29.12 Rubbestadneset Indremisjon04.01 - 08.01 Arbeidarmøte Bildøy14.01 Leirleiarfest på Brandøy15.01 - 16.01 BULK – Brandøy20.01 Torsdagsklubben Odda21.01 Ichtys Odda22.01 Osterneset Indremisjon25.01 BUR-møte31.01 Nordtveitgrend “Songbuketten”

Marit Ådnanes 03.12 - 05.12 Adventshelg Helgatun14.12 Gilje Yngstes16.12 Framnes04.01 - 08.01 Arbeidarmøte Bildøy12.01 Tofte konfi rmantarbeid14.01 Leirleiarfest på Brandøy15.01 - 16.01 BULK – Brandøy25.01 BUR-møte26.01 Tofte konfi rmantarbeid26.01 Ope Hus Valen27.01 Ølensvåg

Arne Opsahl-Engen 27.12 Jondal Indremisjon28.12 Samnanger Indremisjon

Marit Stokken01.12 - 05.12 Tysnes

Harald Rydland12.12 Os

Toril Langeland15.12 Uskedalen Indremisjon

Edmund Thormodsæter09.01 Laurhamar Indremisjon

11Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2010

Heile arbeidarfl okken vil gjennom Indremisjonsvenen få ynskja alle ei god adventstid og ei velsigna julehelg! Me er svært glade og takksame for alle me har fått vore saman med dette året. Me ser tilbake på mange rike og gode stunder på leir og i lagssaman-heng, på møte og leiarsamlingar, på årsmøte og på haustmøte. Og ikkje minst gjennom samtalar i telefonen, samlingar i heimane og dei mange ulike styre og komitèmøte.

No gler me oss over julebod-skapen. ”I dag er det fødd dykk ein frelsar, i Davids stad. Han er Kristus Herren.”

Når gjetarane var ute på Betle-hemsmarkene sat dei rundt bålet sitt og høyrde på englane sin mektige lovsong. Så gjekk dei til stallen og fekk møta Frel-saren. Då skjedde det noko med gjetarane. Lovsongen fl ytta inn i hjarta deira, og då dei vende

attende lova og prisa dei Gud for det dei hadde sett og høyrt.

Me bed om at mange skal få møta Frelsaren denne julehelga på ein slik måte at lovsongen får fylla hjartene!

Så ynskjer me alle våre lesarar av Indremisjonsvenen ei velsigna julehelg og eit godt nytt år i Jesu namn!

Helsing frå arbeidarflokken i Indremisjonssamskipnaden!

Julehelsing frå arbeidarflokken!

Page 12: Venen nr.6 2010

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 201012

Toralf Steinsland og Svein Bjarne Aase innviterer tilPåsketur til Israel16.-25. april 2011

B-BLADReturadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORD

Returadresse:

Indremisjonskontoret

Postboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORDPostboks 150 - 5401 STORD

www.indremisjonen.no

���K Barne- og UngdomsLeiarKonferanse på Brandøy

15. - 16. januar 2011

Hartvig Kloster frå Open Air Compaigners (Friluftsmissionen)

har bibeltimar og kreativt seminar om andaktar.

Elevar frå Bildøy Bibelskole leier i lovsong og aktivitetar.

Leiarar elles: BUR-medlemer, Svein Bjarne Aase,

Miriam Sakseid, Ragnhild Nesse, Lise Marie Thuestad Litlabø

og Marit Hårklau Ådnanes

���K

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

CD FRÅ KÅRE STEINSUND

“Det er songen om Jesus

som har vore min song

så og seia heile livet...”

Kåre Steinsund

Alt overskot frå salet går til “Åpne Dører” sitt arbeide for forfulgte kristne i mange land.

Alt overskot frå salet går til “Åpne Dører” sitt arbeide for forfulgte kristne i mange land.

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

og Marit Hårklau Ådnanes

Tlf.: 56 51 98 98 eller [email protected]