venen 2014 nr 5

12
1 Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014 ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 05 - 2014 150 år Indremisjonssamskipnaden Nei, eg tullar ikkje! Det er nesten 1800 stk som har sett “Glimt i auga og gløtt av himmel” i løpet av dei fire førestillingane me har hatt... Glad vinnar av bil i IMS sitt jubileumslot- teri, Margaret Gjerde frå Finnås (Bømlo), saman med familien. Sjå trekningsliste side 8. Lovsong under “Vi møtest” i Stord Kulturhus 4. oktober. Sjå side 4.

Upload: joffe

Post on 05-Apr-2016

235 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

Indremisjonssamskipnaden (IMS) sitt krinsblad. Ynskjer du bladet tilsendt i posten? Ring 53410704 eller send mail på [email protected]

TRANSCRIPT

Page 1: Venen 2014  nr 5

1Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN05 - 2014

150 år

Indremisjonssamskipnaden

Nei, eg tullar ikkje! Det er nesten 1800 stk som har sett “Glimt i auga og gløtt av himmel” i løpet av dei fire førestillingane me har hatt...

Glad vinnar av bil i IMS sitt jubileumslot-teri, Margaret Gjerde frå Finnås (Bømlo), saman med familien. Sjå trekningsliste side 8.

Lovsong under “Vi møtest” i Stord Kulturhus 4. oktober.Sjå side 4.

Page 2: Venen 2014  nr 5

Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar.

Layout: Jan-Ove FagerheimTrykk: Haugesund Bok og Offset A/SRed.: Marit H. Ådnanes IndremisjonssamskipnadenPostboks 150, 5401 STORDTlf.: 53 41 07 04Fax: 53 41 27 40Postgiro: 7877.08.43366Bankgiro: 8220.02.80454Opningstider Indremisjonskontoret:Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00Fredag: StengtHeimeside: www.indremisjonen.noE-post: [email protected]

IMS-styret:Ingebrigt S. Sørfonn, formannEdmund ThormodsæterKristoffer TjelleAnlaug Harestad Kåre Stautland Anfinn ØklandMarit Lindekleiv

Varamedlemmar: 1. Eivind Hetland 2. Anne Marie Solsvik3. Marit Tislavoll

Helgatun5713 VOSSESTRANDTelefon: 56 51 98 98Telefax: 56 51 98 99Bankgiro: 8220.02.80497Styrar: Solveig NorheimHeimeside: www.helgatun.no

Brandøy5584 BJOATelefon: 53 76 98 81Bankgiro: 8220.02.80470Husmor: Sigrun Thormodsæter

Framnes KVGS5600 NORHEIMSUNDTelefon: 56 55 05 00Telefax: 56 55 13 92Bankgiro: 8220.02.80292Rektor: Harald VosterHeimeside: www.framnes.vgs.no

SunnBokPostboks 23, 5401 StordTelefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Framside-foto:Frå Haustmøtet på Stord lørdag 4. oktober, der vinnar- ane i Jubileumslotteriet vart offentleggjort.

Gjer disiplar! Leiar av Marit H. ÅdnanesDagleg leiar

Indremisjonssamskipnaden

150 år

I tillegg er det solgt lodd i IMS-lotteriet for kr. 447 650,- i denne perioden

Hittil 2014

2 161 465

Hittil 2013

2 044 049

Budsjett 2014 4 420 000

0

500 000

1 000 000

1 500 000

2 000 000

2 500 000

3 000 000

3 500 000

4 000 000

4 500 000

5 000 000

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar

og gjevarteneste pr. 31. august

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

Fleire prosjekt er avslutta den siste tida; lotteriet er i mål og vinnarar er kunngjort. Me har hatt fire flotte revyframsyningar med bra publikumantal. Eg kjenner på stor takksemd. Det hadde ikkje gått utan gode frivillige medhjelparar! Ei oppløf- tande Haustmøtehelg er over, og eg er tilbake i fokus; korleis vinna fleire for Jesus og gjera dei til Hans disiplar. Det er i grunnen det store spørs-målet. Ulike arrangement er verktøy for å nærma seg målet, men av og til kan arrangement bli så krevjande og store at me mister fokus oppi det heile.

Jesus bad oss ikkje om å byggja forsamling, men han kalla oss til å gjera disi-plar – til å bokstaveleg talt gjera folk til Hans læresveinar. Roar Flacké hjalp oss til å setja fokus på dette på arbeidarsamlinga 4. oktober; «Korleis byggja ein dis-ippelkultur?» Boka ved same navn av Mike Breen kan anbefalast. Jesus sa ikkje noko om at me skulle laga til møter og store arrangement, men «gjer disiplar», jmf Matt 28, 19. Forsamlinga er ein konsekvens av, og ikkje årsaka til disippel-skap. Møte og arrangement er bra – om me får gjort disiplar. Bruk alle tenkelege arbeidsmåtar – berre me får gjort disiplar, minna Flacké oss om.

«Godt ingen såg meg no», har eg tenkt fleire gongar etter at eg har gjort noko dumt. «Etterlikna meg slik eg etterliknar Kristus!», seier Paulus frimodig i 1. Kor. 11. Jesus gjorde disiplar ved å leva nært andre sitt liv. Er eg klar til å sleppa menneske inn på livet mitt? Kva om folk ser korleis eg er i ekteskap, med barna mine, venner? Korleis handterer eg penger, mat, stress osv.? Det må poengterast at ikkje alle skal inn på livet vårt. Jesus valde ut eit team på tolv, og sjølv innan-for dette teamet opna Han seg meir for Peter, Jakob og Johannes. Me må be og tenkja over kven Gud har kalla oss til å investera i. I disippellivet fungerer alle både som hyrde og sau. Å vera disippel inneber ein dagleg prosess der me føl-gjer Jesus. Så har me menneske me møter i dagliglivet – innanfor det nettverket og dei relasjonane me har – som igjen følgjer oss. Ofte brukar me all vår tid inn-anfor forsamlinga, og så lurer me på kvifor me ser så lite gjennombrot når det gjeld evangelisering. Me må leva liva våre både innanfor og utanfor forsamlinga.

Ordet «disippel» og «læresvein» kan ha ulik klang hos deg og meg. For enkelte kan ordet «disippel» bli forbunden med stress og plikt, medan «læresvein» er meir positivt lada. Uansett er det eit poeng at me først og fremst skal få kvila hos Jesus og læra av han. Jesus fekk ofte sine openberringar medan han kvilte eller var åleine. Etter 40 dagar i ørkenen går Jesus ned til stranda og startar med å plukka ut eit team med desse enkla orda: «Kom følg meg, så skal eg…». Dette er også utfordringa som er gitt til deg og meg: «Kom følg meg!» Som ein av våre bibelskuleelevar så treffande seier det lenger uti bladet: «Eg går på Bibel- skule for å få meir kunnskap om Bibelen og kjennskap til Gud… så får alt det andre koma i tillegg».

Poenget med denne leiaren er ikkje å minska motivasjonen til å møtast på bede-huset. Målet er å setja fokus på disippelgjering, både innanfor storfellesskapet, men også i ditt og mitt liv.

I tillegg er det solgt lodd i IMS- lotteriet for kr. 447 650,- i denne perioden.

Page 3: Venen 2014  nr 5

3Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

Står du fast?Andakt av

Norunn Rød Markhus

Eg hadde eit svakt augneblink, då eg takka ja til å skriva andakt til haustnummeret av Indremisjons- venen. For sjeldan har eg opplevd å «stå så fast» som denne gongen. Det er slett ikkje alltid ein kjenner inspirasjon til å dele sanningar frå Bibelen, sjølv om ein er både mor, kyrkjelydspeda- gog og bedehusslitar. Dette med «å stå fast» vart likevel noko å grunda på for min del, for Bibelen oppmuntrar oss til «å stå fast». I Paulus` brev til efesarane, kapittel 6, kan me lesa om «å stå fast», om enn med ei annan tyding enn mitt utgangspunkt: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. ……..

Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå.

Meir enn nokon gong trur eg me i vårt velstandssamfunn treng oppmuntring til å stå fast i trua. Fridom og materialisme dreg oss fort bort frå tilbeding og teneste for Gud og menneske. Og mot-løysa tar så fort frimodet frå oss; «me er så få her hos oss i vår for-samling…» Då er det både prak-tisk og poetisk å lesa oppmodinga frå Paulus om å «snøra fredens evangelium til skor på føtene.»

Evangelium betyr «godt bodskap». Me har den beste bodskapen å gå med, evangeliet om Jesus Kristus er så mykje meir enn informasjon om kristne sanningar, det er ein invitasjon som gjeld alle. Dersom me ikkje viser veg for andre og finn vår eigen plass, står det liv på spel for Gud. Mi bøn for haust-en er derfor: ver trufast i tenesta di, ikkje ver redd for gode rutinar og vaner: Les ofte, høyr ofte og møt opp i det kristne arbeidet som fins der du bur. Finn din stå-stad, stå fast! Ingen er så sterk at ein aldri treng eit tilfluktsrom. Berre Jesus kan gje ro i hjartet. Og hugs dei rette skoa når du skal ut og gå.

Velsigna haust!

BØNE SPALTA

BE FOR:- Haustkonferansen på Helgatun - Arbeidarane våre

BE OM: - Ny styrar/styrarpar på Brandøy- Ein god leirhaust- Hjelp, lyst, visdom og prioritering av tid til korleis gjera disiplar (jmf leiar)

TAKK FOR: - Lags- og foreiningsleiarane våre- God undervisning og flotte treffpunkt under Haustmøte og Pit stop- Suksess med revy og alle som har gjort sitt for at den vart gjennomført

HaustkonferanseHelgatun 31. oktober – 2. november

Det vert tre fokus på haustkonferansen i år:- «Korleis inspirera foreldre til å dela tru på heimebane?» Det er Jorunn Singstad Djupvik (Bibelleseringen) som vil ha temaet. Ho har vore ein av initiativtakarane til Foreldreboka og Foreldreskulen. På Helgatun vert temaet spesielt vinkla inn mot leiarar, men nyttig også for foreldre å få med seg. - «Korleis dela mi trushistorie?» Målet her er å bli inspirert til å dela vår trushistorie på nett, eller i møte med andre, face to face. Tema ved Simon Loeffell, sveitser som er ein av grunnleggjarane bak MyStory. Oversetjing frå engelsk til norsk for deg som ynskjer det. Kjetil Fyllin-gen er «vert» for Simon dagane han er i Noreg, og vert også med til Helgatun. Kjetil kan gi di indremisjonsforeining eit nødvendig puff til å gå i gong med å laga eiga nettside. - «Korleis driva eit tenleg indremisjonsarbeid?» Innleiing og innlegg ved fleire personar. Fokus på dimensjonane oppover, innover og utover. Samtale!

Barneopplegg, fellesskap, lovsongEigne barneleiarar vert med under konferansen, og har opplegg for borna medan det er undervisning for dei vaksne. Me er glade for at ei gruppe frå Fitjar leier oss i lovsong. Fellesskapet ei slik helg er viktig; det uformelle fellesskapet der me kan knyta kontaktar og utveksla erfaringar, men også dele- og bønefellesskapet. Reis gjerne fleire frå same bygd. Det er kjekt å bli inspirert saman. Konferansen er for leiarar, men også for alle andre interesserte. Tilsette/leiarar frå IMS som vert med: Knut Kvamme, Kåre Johan Hamre, Liv Rolfsnes, Marit Andresen Røen og Marit Hårklau Ådnanes. Program og påmelding: www.indremisjonen.no, eller ring kontoret: 53410704. 3

Page 4: Venen 2014  nr 5

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 20144

Norges Vel medalje til Toralf SteinslandDet var fleire fokus og overras- kingar under årets haustmøte- helg. Det få visste om var at Toralf Steinsland laurdag kveld i Kulturhuset skulle få overrekt Norges Vel medalje for lang og tru teneste. Toralf har vore tilsett 44 år i indremisjonssamanheng, 30 år i Indremisjonsselskapet og 14 år i IMS. Medaljen vart over-rekt av IMS-formann Ingebrigt S. Sørfonn, og Ingebrigt peika på Toralf sin enorme arbeidskapa-sitet, stå-på-vilje, engasjement i SI-reiser, sentral i prosjektet med å byggja nytt bedehus på Moster med mykje meir. I dag er han ein etterspurd frivillig forkynnar. Toralf sitt engasjement hadde ikkje vore mogleg utan kona Rachel, og ho fekk overrekt ein stor blomebukett.

Kunngjering vinnarar IMS-lotteriMot slutten av «Vi møtest» i Kul- turhuset vart det endeleg kunn- gjort kven vinnarane i lotteriet vårt var. Me starta på gevinst 25, og jobba oss oppover. Få av

vinnarane var i salen, så spen-ninga steig av fleire grunnar då me nærma oss kunngjering av vinnaren av Mini Cooperen. Geir Sommerfeldt, som sjølv hadde sponsa hovudgevinsten, gjorde ikkje spenninga mindre då vinnaren skulle plukkast ut. Ein overraska og rørt vinnar, Marga-ret Gjerde, frå Finnås (Bømlo) kunne til slutt køyra bilen heim. Heile familien var tilstades. Eldste dottera i huset, Caroline, fylte 18 år i sommar, så bilen var ei kjærkomen gåve til heimen (sjå bilete framsida).

Song, fellesskap og åndeleg fokusOla Ohm og Magnhild Mo gledde oss med song og musikk i helga, både på Leirvik bedehus og i Kulturhuset. Her var også eige husorkester med, og det var flott å få vera med i det store lovsongs- koret, der nær 400 menneske deltok i Kulturhuset. På møta i Leirvik bedehus var det plass til fleire, men dei som kom fekk med seg mykje bra undervisning ved Erik Furnes og Roar Flacké.

Tema for helga var «I følgje med Jesus». Jesus treng vanlege men-neske som kan følgja Han, og Han kan gjera noko ut av ditt og mitt liv, peika Furnes på. Flacké utfordra oss mellom anna til å gå på skattejakt hos kvarandre og oppmuntra kvarandre til å ta meir i bruk av alt det Gud har gitt oss. Hovudinnslaget laurdag kveld var eit møte med far og son Kåre og Steinar Røgenes frå Stord. Kåre fortalde om då han møtte Gud som 34-åring, og kor-leis dette har prega liv og heim. Steinar gjekk aldri på skulen før mora hadde lese og bedd. Slik vart trua ein viktig del av livet for Steinar i oppveksten, og er det framleis i dag som vaksen.

Haustmøtehelga slutta ikkje med dette. Ut i natta var ungdomar og tilsette arbeidarar stasjonert i Leirvik sentrum for vaffelsteiking og gode samtalar. Søndagen var det gudsteneste i Bremnes og Stord kyrkje, og lokale kvelds-møter rundt i bygdene.

Heider, glade vinnarar, fellesskap og åndeleg fokusHaustmøte Stord 3.-5. oktober

Toralf Steinsland vart under haustmøtet heidra med Det Kongelege Selskap for Norges Vel sin medalje for lang og tru teneste. Kona Rachel fekk sam-stundes overrekt ein stor blomebukett. Medaljen vart overrekt av Ingebrigt S. Sørfonn.

Page 5: Venen 2014  nr 5

5Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

Magnhild: Eit år på Bibelskule er ei investering for livet. Eg får setja meg ned og bli betre kjent med Gud kvar dag. Eg får utfordra meg sjølv og delta på eit stort spekter med idrettar. Gjen-nom året ynskjer eg å få mykje kunnskap rundt Guds ord og fri-modighet til å bli ein god disippel. Bildøy har allereie gjort my-kje for livet mitt, og eg gler meg til resten av året.

Johannes: Eg valde eit år på Bildøy for å bli betre kjent med Gud og læra meir om Bi-belen, pluss få nye kristne venner. På KRIK får me mykje friluftsliv, kajakk og mange idrettar. Me har tilbod om fordju-pning i jakt som eg har valt, og me lærer om hjortejakt. Der har eg skote mine to første hjortar. Bildøy er med og forandrar meg, og eg gler meg til resten av året.

Adelin: Gjennom året på Bildøy ynskjer eg å få eit godt kristent fel-lesskap og læra meir om Gud og Guds ord. Eg har valt musikklin-ja, sidan eg rett og slett elskar musikk. Eg trur Bildøy Bibel-skule kjem til å bli ei god investering i livet mitt. Så mange kjekke folk og gode lærarar skal ein leita lenge etter. Eg gler meg masse til å fort-setja detta året!

Hans Ivar: Eg går på Bibel-skule for å få meir kunnskap om Bibelen og kjennskap til Gud. Det er den einaste grunnen til at eg går her, så får alt det andre koma i tillegg. Det har vore vanvittig bra så langt,- enno betre enn forventa. Eg ser fram til resten av året!

Morten: Eg går på Bildøy for å få eit godt kristent fellesskap. Eg går på disippellinja for eg ynskjer å gå djupare inn på fleire områder i trua, blant anna trusforsvar og evan-gelisering. Eg ynskjer å ta misjonsbefalinga på alvor!

Ja, for me må kunna kalla det suk-sess når nærare 1.800 menneske har sett revyen, og attpå til er veldig begeistra etterpå. Revyen har no blitt sett opp fire gongar. I Stord kulturhus hadde dei sjeldan opplevd makan til trøkk på billettsalet. Her enda me opp med to førestellingar; 400 selde billettar (fullt hus) 20. september, og vel 250 selde billettar til dagen etter, og i Nor- heimsund var det rundt 250 menne-ske som såg revyen helga etterpå.

Lun humor og Jesus-fokus«Ein revy i regi av Indremisjonen liknar ingen andre, han er på kant-en til å kunna kallast revy. Godsleg, herlege parodiar på dei store høvdin-gane og det indremisjonske kvar- dagslivet, utan skarpe kantar, med varme, og til tider rørande…Tråden i revyen var lun humor, lun humor, lun humor og Jesus. Det var ingen tvil om fokuset.» Dette skriv Sunnhord-land 20. september. Sambåndet kar-akteriserer revyen slik: «Lattermildt alvor! Humor, åndskraft, latter, tårer.

Det er salig blanding når IMS feirer sin egen historie.» Tusen takk til Ryfylke Livsgnist ved Tor Øyvind Skeiseid og Silje Fles-jå som har skrive eit godt manus, regissør Arne Nordbø, våre fan-tastiske skodespelarar, musikarar, scenearbeidarar, sufflør, sminkørar, teknikarar, Fitjarbrørne og andre fri- villige medarbeidarar som har gjort dette mogleg.

MHÅ

Kvifor Bildøy?Også i år har me fleire elevar frå IMS-området på Bildøy. Det er me glade for. Dei fem som går i år er Magnhild Hamre Andersland (Stord), Johannes Espevik (Foldrøyhamn), Adelin Fylkesnes (Bremnes), Hans Ivar Guddal (Seimsfoss) og Morten Habbestad (Urangsvåg). I år er det totalt 63 elevar på Bildøy. 49 av dei går første året, og 14 er knyta opp mot andreårslinja, den såkalla T2-linja. Jakob Saghaug, som har praksis i IMS, er ein av desse.

Her kjem nokre tankar frå dei fem som går første året på Bildøy:

Stor suksess med «Glimt i auga og gløtt av himmel»

Her ser de våre fantastiske skodespelarar som fekk boltre seg på scenen under revyen.

5

Page 6: Venen 2014  nr 5

Leirar Hausten ‘14Brandøy:Yngsteshelg3.-5. klasse 24.-26. oktoberPris kr 580,-

Tenhelg8.-10. klasse 7.-9. novemberPris kr 700,-

Hausttreff10.kl og opp 14.-16. novemberPris kr 790,-

Miniadventshelg2.-4. klasse29.-30. novemberPris kr 450,-

Adventshelg 5.-7. klasse 5.-7. desemberPris kr 680,-

Helgatun:Førjulshelg2.-4. kl og 5.-7. kl(går samtidig)

21.-23. novemberPris kr 630,-/680,-

Ungdomshelg8. klasse og opp5.-7. desemberPris kr 700,-

Indremisjonssamskipnaden

Tlf 53 41 07 [email protected]

LIK OSS PÅ

LindaIngfridLise MarieLars Magneungdomsarbeidar

barne- og familiearbeidarbarnesekretær

BURbarne- og ungdomsrådetI IMS har me med oss ein flott gjeng som er valde inn i barne- og ungdomsrådet, BUR. Dei blir valde på årsmøte og skal representere heile området til IMS. Det er òg fint at dei har ulik alder og er med i ulike lag. På første møtet vårt valde me ny leiar som vart Kjerstin Brede Teigen. Saman med resten av styret og dei til-sette skal BUR være med å seie si meining om arbeidet, dei har ulike oppgåver på BULK (barne- og ungd. leiar konferanse) og andre arrangement, og dei er med som leiarar på leir. Dei er òg kontaktpersonar ute i bygdene, så de kan melde til dei dersom de har spørsmål eller innspel som skal vidare til oss på kontoret. Ein fin og engasjert gjeng som me gler oss til å samarbeida med!

Nyvald styre i BUR for 2014/2015 f.v: Olaug Fager-heim, Margrethe Thuestad, Sindre Aarbø, Kjerstin Brede Teigen, Jakob Saghaug, Linda Aase (ungdoms- sekretær) og Ingfrid Byrkja Hystad (barnesekretær). Johannes Espevik og Joakim Tverborgvik var ikkje tilstades.

6

Page 7: Venen 2014  nr 5

7Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

Johannes

LindaIngfridbarnesekretær ungdomssekretær

leirarbeidarJohannes T2-studentJakob

Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.

Matt 7,7

Kristian Vikanes 15 år, frå Stord

Mitt bibelvers!

I starten av oktober var det bedehusbasar på Bråtveit bedehus i Sveio. Flott kveld med mykje folk, andaktsbesøk av Ingfrid Hystad, god mat og fine gevinstar. Og mange flinke hjelparar til å levere ut gevinstane!

Få, men flotte ungar (15 stk) som fekk med seg andakt, song, teikning og leikar under haustmøtet, barneopplegg laurdag kl 1630, Leirvik bedehus.

Page 8: Venen 2014  nr 5

Indremisjonssamskipnaden

150 år

Ny arbeidarBerit Hauge Våle30 % Barne-, ungdoms- og familiearbeidar Nain, Voss frå 1. september

- For eit år sida skreiv me som driv barnearbeid i Nain, eit brev med ynskje om å oppretta ei slik stilling, fortel Berit på spørsmålet om kor-leis ho havna i stillinga. Eg tenkte ikkje på meg sjølv i det heile. Det var først i vår eg begynte å tenkja på at det kanskje var meg Gud ville bruka. – Då styret sendte meg eit kallsbrev, vart det ei bekrefting, fortel Berit. - Eg gler meg til å jobba vidare med det flotte barne-, ungdoms- og fami-liearbeidet me alt er i gong med, og eg er opptatt av korleis me kan nå ut til Vossabygdene våre, seier Berit.

Trekningsliste IMS-lotteri 2014Nr Gevinst Lodd Vinnar1 BIL Mini COOPER, 2012 mod 10880 Margaret Gjerde2 Reisegåvekort Si-reiser 15643 Ragnvald Espevold3 Scooter, Vision 50 5184 Fam Nils Arne Tufteland4 Div el.verktøy Milwaukee 10993 Kjell Petter Hamre5 Baderomsmøbel 8324 Mary Molvik6 Familieleir Brandøy eller Helgatun 10667 Liv og Nils Otto Myrlid7 Playstation4 6118 Øystein W. Klepsvik8 Gopro Hero 3+ Actionkamera 11882 Elin Spissøy9 Kenwood Major kjøkkenmaskin 17376 Vidar Grindheim

10 Cruise til Danmark, Fjordline 15716 Liv Rolfsnes11 Cruise til Danmark, Fjordline 2990 Halldis Nysæter12 Fenalår 6800 Bente Balchen Gjøsæther13 Fenalår 13402 Helga Mundal14 Fenalår 3883 Torill og Dag Myhre15 Kolonialkasse 2042 Solveig Norheim16 Kolonialkasse 1035 Jondal Ving17 Kolonialkasse 13425 Inger Bente Nilsen18 Gåvekort SunnBok 6899 Odd Gjerde19 Gåvekort SunnBok 8956 Olaug Wiik20 Gåvekort SunnBok 9326 Lillian Klubben21 Gåvekort SunnBok 4626 Inger Dyngen22 Gåvekort SunnBok 10203 Olav Fagerheim23 Brettspel 10277 Asbjørn Sæther24 Brettspel 13846 Erling Guddal25 Brettspel 1645 Øystein Thormodsæter

Ekstra Hotellweekend for 2 personar 233 Ruth Opsahl-Engen

Strålande nøgd vinnar av Mini COOPEREN, Margaret Gjerde frå Bømlo.

Sommarens Storsamling 2015Bremnes 19.-21. juni Hovudtalarar på neste års Storsamling på Bremnes, 19.-21. juni, vert Aud Karin Kjølvik Ringvoll og Ragnar Ringvoll. Chris og Øystein vert med også på denne storsamlinga, og Sveinung Hølmebakk, m.a. kjent frå Nordic Tenors, har hovudinnslag fredagskveld 19. juni.

Aud Karin Kjølvik Ringvoll

Ragnar Ringvoll

Sveinung Hølmebakk

Chris og Øystein

Stor takksemd Det er dette me sit igjen med etter å ha sluttført loddsalet. Ein fantastisk innsats er lagt ned av mange frivillige. Tusen takk, både til deg som har vore ivrig etter å selja lodd, og til deg som har teke lodd. Det vart seld lodd for ca kr 800.000,-, noko som gir oss eit overskot på nærare kr 600.000,-. Overskotet går til IMS sitt barne- og ungdomsarbeid. Me gratulerer alle vinnarane!

8

Page 9: Venen 2014  nr 5

9Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

Hans Nielsen Hauge reiste med Guds Ord til folket i Sunn- hordlandsbygdene tidleg på 1800-talet og la til rette for både misjon- og industriverk-semd, sagbruk og fossekraft. Mange enkeltpersonar og verk-semder i våre dagar kan trekkja trådane attende til dette. På mange måtar er båtbyggjeriet, og no skipsverftet Hellesøy Verft A/S, på Løfallstrand eit av døma på dette.

Båtbyggjinga på Løfallstrand, Rosendal og ellers i Hardanger- fjorden utvikla seg stort fram-over 1800-talet. Historia fortel at det gjennom ca 100 år vart bygd over 2000 trebåtar og fartøy i Sunnhordland og Hard- anger. Dei mest kjende fartøya som enno er å sjå frå denne tida, er dei fine galeasane og seglskutene, mellom anna Gjøa, Loyal, Gurine og Mathilde.

Thorvald Hellesøy (1916-1998) starta med små 25fots trebåtar (sjå bilde) i naustet på Løfall-strand etter krigen i 1945. Sa-man med kona Bjørg, som no er 95 år og framleis bra sprek for alderen, grunnla dei båt-byggjeriet som vaks og utvikla seg i løpet av 40-50 år til ein arbeidsplass som gjev arbeid for opp mot 200 personar, slik som vi ser i dag.

No er det born og borneborn etter Bjørg og Thorvald som eig og driv verftsanlegget på Løfallstrand, med stor aktivitet for ca 30 tilsette og ca 160 frå underleverandørar. Havfiskefar-tøy og Supplyskip med prisnivå på 200-400 mill. set kursen ut Hardangerfjorden, til fiskeri og offshorearbeid på alle hav. No er det neste skip, bn 152 Siem Symphony, som vert ferdig frå verftet i slutten av oktober (sjå bilde).

I alle år, både i medgang og motgang, har verksemda vore ei familiebedrift med stor innsats og arbeidsglede. Dei to som starta dette i 1945, la heile livet sitt i Herrens hender. Dei synte same Vegen framover til sine etterkomarar. Dei same hendene, trøytte av lange arbeids- dagar, vart alltid falda i forbøn og takk.

Den Haugianske frukta og røtene i vårt distrikt og for vår type industri, må vi vera merksame på, takka for og bruka på rett måte. Vi er ikkje fritekne frå alle mulige vanskar og problem. Det er utfordrande å driva skipsbyggjing i Norge. Konkurransen frå lavkostland vert framleis stor framover. Verda har bokstaveleg tala min-ka mykje sidan Hans Nielsen Hauge si tid, men vi kan likevel trygt sei at «Himmelen er alltid like stor!»

Helsing frå Hellesøy Verft A/S Øystein Hellesøy

Industriverksemd i Hans Nielsen Hauge sine fotspor

Båtbyggjar Thorvald Hellesøy med

båt nr 1 som var ferdigbygd i 1946

9

Nyaste levering, nr 152 “Siem Symphoni”

HELLESØY VERFT A/S på Løfallstrand

Page 10: Venen 2014  nr 5

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 201410

teamet til ImF. I veke 37 kom Ruben Lie Monsen. Me set vel- dig stor pris på desse besøka, og mange elevar går på møta.

Dette var nokre glimt frå i haust. Meir kunne vore skrive både frå internatet, fritida, utbyggingspla-nar, og det store arbeidet som skjer i klasserommet. Me opplever å få stå i eit rikt indremisjonsar-beid, og takkar for all støtte som vert vist oss!

Med helsingHarald Voster

Kjære alle! Hausten er komen til Framnes. Det er alt oktober og elevane har haustferie. Ute bles det kraftig austavind, og bølgjene slår kvite mot stranda like utanfor kontorvindauga mitt.

I haust har me to nye medarbeid- arar blant oss. Det er Anita Espevik (avgangselev i fjor) som er miljø- arbeidar og Helge Nilsen som mellom anna underviser i fotball, og i vår starta Norunn Repål Løyte som skulesekretær etter Berit Byrkjeland som vart pensjonist. Me vil her seie både velkommen til dei nye, og takk til Berit for tru teneste gjennom mange år!

Me har hatt ein flott, travel og kjekk haust! Det er 265 elevar ved skulen, og 228 av desse bur på internatet. Då skjønar de at det er travelt! I tillegg skjer det mange andre ting. Den første veka av skuleåret er alltid spesiell med mange elevturar. Nytt dette året var at første klasse reiste på oppstartstur til Helgatun. Her vart dei vel mottekne og hadde nokre fine dagar. Myrkdalen har fine turområde!

Colegio Ntra Sra De Los Infantes er ein stor skule i Toledo, Spania, som me har starta utveksling med. I vår besøkte elevar frå Framnes denne skulen, og no i haust var det gjenvisitt med 20 elevar og fire lærarar. Dei fekk oppleve Framnes og Hardanger på sitt aller finaste. I tillegg til å delta i undervisninga, fekk dei nærkontakt med Hardanger- fjorden i kajakk, besøk til Steins-dalsfossen og Folgefonna, for å nemne noko. Slik utveksling krev mykje førearbeid og oppfølgjing undervegs. Heldigvis har me per-sonale som stiller opp og gjer ein stor innsats for å få det til!Me har også hatt to møteveker i haust. ImF sin nye lagskonsulent, Otto Dyrkolbotn besøkte oss i veke 36 saman med ungdoms-

Framnes-helsing

Dette var temaet som samla heile 50 kvinner til Kvinneweekend på Brandøy i starten av september. Det som går att på samlingane er nød for frelse, helse og andre ting ein føler er vanskeleg. Det er godt å få bera dette fram for Jesus i fellesskap.

Vi vart møtt av eit festpynta Brandøy! Kjensla av at ein er varmt velkomen, enten ein har reist langt eller kort, har vore her mange gonger før eller kjem for første gong, den er alltid like til stades. Dette syt damene i komiteen for på ein strålande måte. Helga bestod i gode måltid, kaf-fi og heimebakst, tid til prat og avslapping med strikketøyet og små turar i nærområdet sjølv om

det ikkje var det rette ”kvinnehelg- vêret”. Talaren for helga, Ruth Jeppestøl frå Vennesla, var ukjent for dei fleste av oss, men ho fekk gitt oss mykje med den blide sør-landsstemma si.

Dagane går fort ei slik helg. Det vert mange tankar å ta med seg, og ikkje minst fleire å be for! Tusen takk til talar Ruth Jeppestøl, komiteen; Marit A. Røen, Liv Rolfsnes, Gunvor Feed, Marit Tisla- voll og Marit Lindekleiv. Og ikkje minst songarane som var med; Heidi Rolfsnes, Kjellaug Holter-mann og Marit Lindekleiv.

Takk for fellesskap. Mange av oss treffest nok igjen om eit år!

Ella Mæland og Elin Fylkesnes

”Bøn framfor alt!”

Elevar i aktivitet på Framnes

Samtale under kvinneweekend

Rekordmange på internatet på Framnes i år

10

Page 11: Venen 2014  nr 5

11Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 2014

Marit Ådnanes 31.10-02.11 Haustkonferanse Helgatun15.11 Håvik Indremisjon16.11 Laurhammer Indremisjon21.-22.11 Julemesse Tysnes25.-26.11 Skulebesøk Framnes25.11 Jondal Ving07.12 Møte Vea27.12 Hiskjo Indremisjon

Lise Marie Th. Litlabø 07.11 Ekstremt Gøy07.11 100 Klubben10.11 Hobbyklubben i Uskedalen12.11 Husnes Indremisjonsforening25.11 Meling Yngstes29.-30.11 Miniadventshelg Brandøy01.12 Songbuketten06.12 Osterneset11.12 Torsdagsklubben Odda28.12 Huglo Indremisjon

Kåre Johan Hamre 31.10-02.11 Haustkonferanse Helgatun05.11 Stranda Indremisjon 06.11 Bråtveit Indremisjon 10.11 Minikonfirmantar12.11 Treffpunkt13.11 Ettermiddagssamling21.-23.11 Førjulshelg Helgatun26.11 Ebna krins27.11 Molnes krins28.-29.11 Frette krins30.11 Skånevik Indremisjon03.12 Treffpunkt04.12 Minikonfirmantar04.12 Ettermiddagssamling

Liv Rolfsnes 31.10-02.11 Haustkonferanse HelgatunI tillegg oppgåver som område-sekretær for Odda/Ullensvang

Marit Andresen Røen 31.10-02.11 Haustkonferanse Helgatun05.11 Neset Indremisjon08.11 Laurhammer Indremisjon09.11 Meling Indremisjon09.11 Høylandsbygd Indremisjon12.-13.11 Åkra Indremisjon21.-23.11 Førjulshelg Helgatun

Reiseruta november og desemberDagny Ness 16.11 Eid Indremisjon, Sætre

Olav Eikemo 21.-23.11 Tofte Indremisjon (Zoar)23.11 Holmedal Indremisjon

Linda Aase 06.-08.11 Rejoice Norheimsund14.-16.11 Hausttreff Brandøy21.11 Ichtys Odda25.11 Laurhammer Yngres26.-28.11 Skulebesøk Framnes28.11 Origo Ungdomsklubb05.-07.12 Adventshelg Brandøy13.12 AKTIV28.12 Meling Indremisjon

Nina Agnethe Aase Larsen 12.11 Myldredag Moster

Johannes Olsen 07.-09.11 Ten-Helg Brandøy29.11 Sagvåg Indremisjon05.-07.12 Ungdomshelg Helgatun

Martin Nygård 30.11 Os Indremisjon12.12 Meling Indremisjon

Lars Magne Ådnanes 06.-08.11 Rejoice Norheimsund14.-16.11 Hausttreff Brandøy05.-17.12 Ungdomshelg Helgatun

Jakob Saghaug 07.-09.11 Ten-Helg Brandøy14.-16.11 Hausttreff Brandøy21.11 Ichtys Odda22.11 Leirvik IUF25.-27.11 Skulebesøk Framnes28.11 Leirvik UKS29.11 Leirvik IUF

Randi og Sverre Dag Ljønes 05.11 Meling Indremisjon06.-07.11 Øvrebygda Indremisjon08.11 Leirvik IUF09.11 Stord Indremisjon

Knut Inge Røen 09.11 Høylandsbygd Indremisjon

Aksel Ingvard Johannessen 05.11 Sveio Indremisjon06.11 Høylandsbygd Indremisjon09.11 Finnås Indremisjon16.11 Jondal Indremisjon03.12 Rubbestadneset Indremisjon26.12 Gilje og Thormodsæter IM

Toralf Steinsland 19.11 Auklandshamn Indremisjon03.12 Meling Indremisjon

Jens Tveit 12.11 Bømlo Indremisjon30.11 Gilje og Thormodsæter IM

Ingfrid Byrkja Hystad 06.11 Leirvik Junior-Ving11.11 Gilje Yngstes20.11 Torsdagsope Sagvåg29.-30.11 Miniadventshelg Brandøy02.12 Hobbyklubben Valen02.12 Tito - Valen04.12 Eikelandsosen Indremisjon06.12 Sagvåg Indremisjon28.12 Auklandshamn Indremisjon

Tor Ingvald Lauvrak 01.11 AKTIV02.11 Bømlo Indremisjon05.-06.11 Holmedal Indremisjon07.-09.11 Voss Indremisjon

Marit Stokken og Irene K. Alnes19.-30.11 Horneland Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn 02.11 Os Indremisjon

Arne Lindekleiv 07.12 Moster Indremisjon21.12 Ølen og Ølensvåg Indremisjon

Halvard Sveen 16.11 Gilje og Thormodsæter IM

Ragnar Ringvoll 29.10-02.11 Fitjar Indremisjon

11

Page 12: Venen 2014  nr 5

Indremisjonsvenen - Nr. 05 - 201412

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

min

st 6 cm avstan

d

Portomerke

settes inn i 1:1 str

Returadr på en linje

Annonser, bilder, red. sto� o.l.

Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Fitjar bedehus, 1. november kl 19.00

LIK OSS PÅ

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

Dei fleste i Noreg har nå fått gateadresse. Dersom adressa di på merkelappen her er mangelfull, er det fint om du tar ein telefon til 534 10704 eller sender mail til [email protected] slik at vi får oppdatert opplysningane våre. Då får du bladet ditt og vi slepp få mykje post i retur.