visitfosnavaag - velkommen til herøy
DESCRIPTION
Velkommen til øyriket ved storhavet Visitfosnavåg Herøy kommuneTRANSCRIPT
H ERØYVelkomen t i l øyr iket ved s torhavet
visitfosnavaag.no
Foto: Kay Åge Fugledal
Med storhavet som næraste nabo og kort veg til Ålesund, Ulsteinvik, Volda og Ørsta ligg Herøy kommune midt i matfatet. Dei enorme
ressursane i det fiskerike havet har alltid vore grunnlaget for busetnad, vekst og utvikling. Båten var og er ein sentral del av livet til dei knapt
9000 innbyggjarane, og ein stor del av Noregs fiskeri- og offshorereiarlag har adresse i kommunen. Eit framgangsrikt og samfunnsengasjert
næringsliv bidreg også i stor grad til gode og varierte fritidstilbod både til fastbuande og besøkande.
Organisasjons- og kulturlivet blomstrar, med eit imponerande utval kor, korps, idrettslag, kulturskule, festivalar, sogespel, konsertar, lag og
foreiningar av alle slag. I 2012 vart kommunen kåra til den beste ungdomskommunen i fylket. Alle øyane med busetnad i kommunen er knytte
til kvarandre og fastlandet med bruer og undersjøisk tunnell (Eiksundsambandet). Vegen er kort frå den eine storslagne naturopplevinga til den
neste. Fugleøya Runde er kjent for Noregs tredje største og eitt av landets mest artsrike fuglefjell. Her finn du også utstillinga av Rundeskatten.
Men også resten av kommunen har mykje å by på både av natur og meir urbane aktivitetar.
h erøy kommun e
01: Bruer knyter øyane saman 02: Herøy har eit rikt kulturliv 03: Kort veg mellom naturopplevingane
01 02
Foto: Oddbjørn Monsen 03
Foto: Kay Åge Fugledal
Fosnavåg
Kommunesenteret Fosnavåg har vakse fram rundt den lune, naturlege hamna som til alle tider har gitt ly til båtar og mannskap. Den vesle kystbyen
er fleire gongar kåra til den fremste næringsbyen i Noreg. Her er ingen store kjøpesenter, men i staden ei rad nisjebutikkar med eit anna utval
enn det kjedebutikkane tilbyr. Hit kjem mange langvegs ifrå for å finne det spesielle. I tillegg har byen hotell, kino og kulturhus, badeland, kaféar
og restaurantar, bakeri, vinmonopol, matbutikkar, gjestebrygge og sykkelutleige. Servicekontoret ved rådhuset er turistinformasjon i sentrum.
04: Den naturlege hamna gir ly 05: Kaia er også kulturarena
04
Foto: Stargate 05
Foto: Stargate Foto: Oddbjørn Monsen
Fuglefjellet på Runde er eit nasjonalt ikon og kjent langt utanfor landegrensene. Fjellet er lett å nå til fots, og også frå båt er det ei stor oppleving.
Om våren og sommaren yrer det av liv i dei stupbratte fjellsidene, i lufta og på sjøen av lundefugl, havsuler, storjo, ulike måseartar, alke, lomvi og
skarv. Over det heile patruljerer majestetiske havørner. Den som opplever sverminga til lundefuglen ein vår- eller sommarkveld gløymer det aldri!
Fuglefjellet er sårbart og freda i hekketida. Besøkande må halde seg på stiane og ikkje uroe fuglane. Lokale båtførarar tek gjestar med på turar til
fuglefjellet fleire gongar pr. dag i turistsesongen.
run de
06: Goksøyra med sti til fuglefjellet 07: Gullmyntar frå Rundeskatten
06 07
Foto: Oddbjørn Monsen
run deskat ten
I 1725 forliste det nederlandske handelsskipet «Akerendam» i
Kvalnesbukta ved Runde i eit forrykande uver. Dei 200 menneska om
bord omkom. Skipet var lasta med mellom anna 19 kister fulle av sølv-
og gullmyntar då det kom ut av kurs på vegen til Indonesia. Fem av
kistene vart berga i tida etter forliset. Tragedien vart etter kvart gløymt,
heilt til tre hobbydykkarar fann enorme mengder myntar på havbotnen
i 1972.
Rundeskatten inneheld meir enn 57 000 myntar og store mengder
andre gjenstandar frå skipet. Mesteparten vart oppbevart ved Bergen
Sjøfartsmuseum i nesten 40 år. I 2011 henta Runde Miljøsenter skatten
heim og laga utstillinga som fortel den spennande historia.
Ved miljøsenteret kan du også sjå den premierte naturdokumentaren
«Havets sølv», som fortel om ein av dei største biologiske prosessane
i havet: Sildegytinga utanfor Mørekysten. Samspelet mellom hav-
straumar, vind, fisk og fugl forklarer kvifor Runde har Noregs
tredje største fuglefjell og kvifor Herøy er mellom dei viktigaste
fiskerikommunane i landet.
8: Lundefuglen svermar om kvelden
08
natur og h istori e
10Foto: Per Eide
Over alt i Herøy er spektakulære naturopplevingar lett tilgjengelege,
frå hav og fjøre til fjelltoppar med eventyrleg utsikt og merka turstiar.
Indre delar av kommunen har skjergard, lune badeviker og lysløype i
fjellet, i ytre finn du storhavet og fuglefjellet. På Skorpa lever ein flokk
villgeiter, ein selkoloni held til på Grasøyane, og er du heldig får du
også sjå spekkhoggarar på nært hald.
Herøy kystmuseum fortel ikkje berre den interessante historia til
den gamle handelsstaden, her er også kopien av Kvalsundfæringen
utstilt. Den vart funne i lag med Kvalsundskipet i 1920 i ei myr på
Kvalsund. Originalen er datert til ca. år 690 og er kjent som Noregs
eldste rekonstruerte skip. Ein kopi av Kvalsundskipet er utstilt ved
Sunnmøre museum i Ålesund. Fleire andre gamle handelsstader finst
også i kommunen, frå tida då skipsleia var hovudvegen. Gravrøyser og
runeskrifter vitnar om busetnad også i enno eldre tider.
Herøy kommune er eit eldorado for fotturistar, fotografar,
fugleinteresserte, padlarar, hobbyfiskarar både frå land og båt,
sykkelturistar, badegjester, dykkarar og historieinteresserte. I Fosnavåg
kan du leige syklar, og fleire stader tilbyr utleige av båt.
09: Eldorado for dykkarar 10: Finn ro ved Herøy Kystmuseum
09
10Foto: Mariann Skorpen Berge
Foto: Oddbjørn Monsen
overnat ti ng
Det er mykje å velje i for overnattingsgjester i Herøy, frå telt til hotell. I kommunen finst campingplassar med hytter og oppstillingsplass for bubilar,
rorbuer med utleige av båt, ferieleilegheiter, gjestehus, rom til leige og gjestebrygger for tilreisande med båt. Runde fyr er den mest populære
turisthytta til Aalesund-Sunnmøre turistforeining.
11: Gjestebrygge i sentrum 12: Runde fyr er turisthytte
11
Foto: Sindre Nakken 12
Kvalsvik
Kvalsund Fosnavåg
Tjørvåg
Leikanger
Moltustranda
H E R Ø Y
S A N D E
U L S T E I N
Flåvær
Herøy
Sandvika
Myrvåg
Leikong
Torvika
Sande
BERGSØYA
NERLANDSØY
REMØYA
LEINØYA
RUNDE
Goksøyra
KvalsvikKK
Kvalsund Fosnavåg
Tjørvåg
Leikanger
Moltustranda
H E R Ø Y
S A N D E
U L S T E I N
Flåværær
Herøy
Sandvika
Myrvåg
Leikong
Torvika
Sande
BEBERGSØYABE
NERLANDSØY
REMØYA
LEINØYA
RUNDE
GoksøyraG
⌘
⌘
K
⌘
K
13Foto forside: Stargate
Fosnavåg
Meir inforMasjon oM tilbod i Herøy
koMMune finn du på:
www.heroy.kommune.no
www.visitfosnavaag.no
13: Kort veg til alt i Herøy
visitfosnavaag.no