eg følte stor skuld etter ulukka - vp.fo · 2016-10-11 · myr og mistar den eine skoen. ho ser...

13
Det er 10 år sidan flyulukka på Stord, der fire personar mista livet. Maibritt Magnussen (31) hugsar 10. oktober 2006 som om det skulle vore i går. 10 år sidan flyulukka Eg følte stor skuld etter ulukka

Upload: hoangtu

Post on 26-Mar-2019

212 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Det er 10 år sidan fl yulukka på Stord, der fi re personar mista livet. Maibritt Magnussen (31) hugsar 10. oktober 2006 som om det skulle vore i går.

10 år sidan fl yulukka

Eg følte stor skuld etter ulukka

70 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Berre éi av dei to flyvertinne om bord i ulukkesflyet klarte å komma seg ut. Like etter ulukka skulle Maibritt Magnussen ønska det var ho som døydde.

TILBAKE TIL ULUKKESDAGEN.

NÅR FLYET STOPPAR

Brutalt å overleva

TEKST: ANITA [email protected]

71SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Den 10. oktober 2006 gjekk det gale for Atlantic Airways sitt fl y, då piloten ikkje klarte å bremsa etter at luftbremsene på fl yet sikta. Flyet forsvann utanfor enden av rullebanen på Sørstokken, og tok deretter fyr.

Flyfartøyet var av typen British Aerospace BAe146-200, og registrert i Danmark.

Atlantic Airways er eit færøysk fl yselskap, men Færøyane er ein del av Kongeriket Danmark.

Det var totalt 16 personar om bord i fl yet, der 12 var passasjerar og fi re var i besetninga.

Fire personar mista livet som følgje av ulukka.

Dei fi re som omkom var Martin Charles Evensen (25), Jarle Reime (33), Per Olaf Skjæveland (33) og Gudrun Hervør Joensen (41). Tre menn frå Rogaland, ei kvinne frå Færøyane.

Både fl ypilot Nicklas Djurhuus og styrmann Jakob Edvald overlevde, då dei klarte å klatra ut av vindauga i cockpiten.

Både brannmannskap, politi, ambulansep-ersonell, journalistar, og pårørande strøymde ut til Stord Lufthamn. Flyplassen var også full av passasjerar som skulle reisa vidare med fl yet frå Stord.

Ikkje sidan «Sleipner»-havariet hadde så mykje pressefolk vore samla på Stord, og bileta av fl ykroppen i brann hamna blant anna på CNN.

Dødsulukka ved Stord lufthamn

Maibritt Magnussen (31) overlevde fl yulukka ved Stord lufthamn i 2006. Like etterpå hadde ho skuldkjensle, og skulle ynskja ho ikkje overlevde. I dag er Maibritt glad i livet. FOTO: ANITA HAUGLAND

72 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

let ho dei andre hoppa ut først. Når det ikkje er fleire bak henne, vurderer Maibritt å gå fram for å sjå etter dei andre. Ho kikkar fram og ser at det kan bli vanskeleg å komma seg dit sidan flyet er knekt i to og det i tillegg er mykje røyk i kabinen. Så slår panikken henne. Ho berre må ut. Dermed hoppar ho ned dei 2–3 meterane til bakken. Maibritt landar i ei myr og mistar den eine skoen. Ho ser både piloten og styrmannen, i tillegg til fleire pas-sasjerar. Dei spring i ulike retningar, medan det oppstår små eksplosjonar frå flyet som står i brann.

– Det er no ein av passasjerane hjelper meg. Me spring mot sjøen, men eg dett stadig fordi det er så mykje skog og kratt rundt oss. Han dreg meg opp, fleire gonger. Utan han veit eg ikkje om eg hadde klart å komma meg vekk, fortel Maibritt.

Det er på dette tidspunktet ho byrjar å tenkja på at brannskaden på ryggen gjer vondt. Nede ved sjøen blir dei plukka opp av ein mann som har båt. Av han får ho ein våt ullsokk til å leggja på ryggen, sidan ho har så vondt.

– Han fraktar oss inn til ein kai i nærleik-en av flyplassen. Her står ambulansane og

ventar på oss, og me blir køyrde til Haug-esund sjukehus. På turen får eg lånt meg ein telefon og ringt mamma for å seia at eg er i live.

på sjukehuset håpar ho i det lengste at alle har komme seg ut av flyet. Ho tenkjer på kollegaen Gudrun, som ho ikkje såg utanfor flyet. Ho seier til seg sjølv at dette vil gå bra, men har ei kjensle av at ikkje alle har klart seg. Så får ho eit sterkt behov for å ringja Niclas, piloten, og får difor låna ein telefon på sjukehuset. Dei snakkar saman. Det oppstår litt for-virring om kor mange som har overlevd. Klokka fire om ettermiddag får Maibritt beskjed om at fire av dei seksten om bord i ulukkesflyet har mista livet. Ei av dei er Gudrun, men Maibritt fell ikkje ei tåre. Ho nektar å ta beskjeden innover seg. Etter kvart går det likevel opp for henne kva som har skjedd. Gudrun, som alltid var så blid, som gjorde ein så god jobb som flyvertinne og som elska dei to gutane sine så høgt. Ho er ikkje lenger til stades.

– Kvifor gjekk eg ikkje fram i flyet? Var det meir røyk framme enn bak? Kanskje eg kunne drege dei andre bak dersom eg gjekk

fram? Kvifor sat ikkje eg framme og Gudrun bak? Kvifor lever eg, og ikkje Gudrun som har mann og to barn?

Desse tankane plager Maibritt i lang tid etter ulukka. Ho føler skuld fordi ho lever, og ønskjer ho var død.

I media blir ho skildra som ein helt fordi ho klarte å opna døra i flyet, slik at fleirtalet av passasjerane om bord i flyet kom seg ut. For Maibritt sjølv kjennest det heile idiotisk.

– Kvifor skriv dei ikkje om dei omkomne, som ikkje er her lenger? Det var dei som hadde fortent merksemda, tenkjer Maibritt, om situasjonen.

Sidan ho går med den sterke skuldkjensla, blir ho skjerma frå både media, overlevande passasjerar og pårørande. På grunn av brannskadane blir ho flytta til såravdelinga ved Haukeland sjukehus i Bergen. Ho får tilbod om luftambulanse, men vel bil som transportmiddel. Berre nokre dagar etter ulukka vågar ho seg likevel i fly igjen, når ho blir overført til sjukehuset på Færøyane.

glad i livet, sjølv om tida etter ulukka var svært tøff. I etterkant av ulukka fekk ho tilbod om psykologhjelp, og takka ja. Ho var på sjukehus i om lag ein

Det er rart eg enda opp med å bu i landet som nesten tok livet av meg Maibritt Magnussen

FOTO: MARIUS KNUTSEN

Geraldine Reyes Nøtland (44), som går under namnet Gina på arbeidsplassen, var som vanleg på jobb ved innsjekkinga på Sørstokken den 10. oktober 2006.

– Eg kan hugsa det var fi nt vêr. Eg visste det skulle landa eit fl y om 2–3 minutt, og var travelt oppteken med innsjekkinga for passasjerane som skulle reisa ved neste avgang. Då alarmen gjekk, trudde eg det var ei øving, og eg kunne ikkje forstå kvifor dei gjorde dette i den travlaste tida, fortel Nøtland.

Etter kvart kunne ho sjå røyk frå fl yet, og telefonstormen tok til.

– Me hadde ikkje lov å seia kva fl y det var, så det var litt vanskeleg når pårørande ringde, fortel 44-åringen.

Skadde passasjerar som hadde komme seg ut av fl yet, kom også vandrande inn på terminal-bygget. Nokon var blodige, hugsar Gina.

– Dei som var hardast råka, fekk behandling ute. Men det var nokre passasjerar som kom til oss. Eg hugsar spesielt ein som var i sjokk, han gjekk berre att og fram, og eg måtte prøva å roa han ned.

Ho er glad for at ho fekk tilbod om hjelp i etterkant av ulukka, ei hjelp ho nytta seg av.

– Tida etterpå var vanskeleg, men eg har aldri vurdert å slutta. No har me fått meir trening dersom slike situasjonar skulle oppstå igjen.

Tok imot skadde passasjerar

månad etter ulukka. Tre månader etterpå var ho tilbake i jobben som fl yvertinne i Atlantic Airways. Halvtanna år etterpå fl ytta ho frå Færøyane til Norge for å ta fatt på pilotstudium.

– Eg ville ikkje la ulukka stoppa draumen min om å bli pilot. Og eg har jo aldri vore redd for å fl y. I den grad ulukka har påverka meg i desse studia, må det ha vore positivt. Eg veit kor viktig det er å følgja prosedyrar, og å dobbeltsjekka ting.

Tre år seinare blei ho ferdig, og kan i praksis søkja kva fl ygarjobb som helst.

– Når ein søkjer jobb som pilot må ein ha sertifi sering for nøyaktig det fl yet ein skal fl y. Dette manglar eg per i dag, men du får slik opplæring når du får jobb, seier Mai-britt.

Draumen er å fl ytta tilbake til Færøyane og å jobba som pilot i Atlantic Airways.

– Eg trivst godt i Oslo, men ein dag vil eg heimover.

OM MAIBRITT FEKK djup andregradsfor-brenning eller tredjegradsforbrenning kan ho ikkje hugsa. Arret langs bukselinninga på ryggen er eit evig spor på at ho var involvert. Eit spor ho helst ikkje vil visa til andre.

– Arret er fi nt det, eg fekk god behand-ling, men eg ønskjer ikkje å visa det fram i media, seier 31-åringen.

Ho har tenkt mykje på ulukka sidan 2006.

– Eg fekk vita at kommunikasjons-systemet om bord i fl yet ikkje verka, så kapteinen fekk ikkje gjeve beskjed om at me måtte evakuera. Eg har også lest i ein artikkel at nokre av dei overlevande pas-sasjerane meinte eg heldt døra på fl yet igjen med vilje, men grunnen til at eg ikkje opna med ein gong, var at døra var vanskeleg å få opp, forklarer Maibritt.

Eit år etter ulukka var ho tilbake på Stord for å ta del i minnemarkeringa.

– Jan Morten har verkeleg stilt opp. Han har invitert meg bort fl eire gonger, og betalt fl yreisa mi. Eg tykkjer også det har vore fi nt at han var vore såpass open i media kring det som skjedde.

Ho har aldri nokon gong følt skuld til andre for det som skjedde.

– Det er rart eg enda opp med å bu i landet som nesten tok livet av meg. Men eg vil likevel ikkje tenkja slik. Det var mange tilfelle som førte til den ulukka, og eg har aldri følt skuld til nokon andre.

BILETE

1. Maibritt har alltid drøymt om bli pilot, og eit par år etter ulukka på Stord byrja ho på fl ygarutdanning i Oslo. Her er ho sjølv bak spakane. FOTO: PRIVAT

2. Maibritt Magnussen var tilbake på Stord eitt år etter ulukka, og deltok på minnemarkeringa. FOTO: PRIVAT

3. Til dagleg jobbar Maibritt i sik-kerheitskontrollen på Gardermoen og er tilsett i NOKAS. Ho drøymer om å jobba som pilot på Færøyane, slik at ho får fl ytta heim og brukt pilotutdanninga si.FOTO: ANITA HAUGLAND

4. Maibritt syns det kan vera van-skeleg å snakka om ulukkesdagen, men ønskjer ikkje at ulukka skal bli gløymt i respekt for dei som omkom. FOTO: ANITA HAUGLAND

4

3

73SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

74 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

09. oktober 2006

Klokka 23:30: Ulukkesflyet landar på Stavanger lufthavn Sola (ENZV) Teknisk inspeksjon blir signert utført klokka 05.00 om morgonen etterpå.

10. oktober 2006Klokka 07:15: Ulukkesflyet dreg frå Sola, og set kursen mot Stord. Det er planlagt at flyet skal frå Sola med mellom-landing på Stord lufthavn, før destinasjon Molde lufthavn Årø (ENML). Deretter skal flyet tilbake frå Molde direkte til Stavanger.

Klokka 07:24: Flesland approach gjev klarering til at FLI 670 kan starta nedstigning til 4.000 ft. Tre minutt seinare får dei klarsignal til å forlata kontrollert luftrom og å gå over til frekvensen til Sørstokken.

Klokka 07:32:14: Hjula på flyet treff rullebanen.

Klokka 07:32:36: Flyet forlèt rullebanen. AFIS-fullmekti-gen ved Stord lufthamn Sørstokken utløyser kræsjalarmen.

Klokka 07:33:39: Første oppkall frå brann- og rednings-mannskapa om at dei har komme til skadestaden. Det blir gjeve beskjed om at flyet har gått utanfor rullebanen og at det er i skråninga mellom rullebanen og sjøen.

Klokka 07.37: Politiet får melding om at flyet som skulle landa 07.30 på Sørstokken har køyrd av rullebanen og står i brann.

Klokka 07.44: Første politipatrulje melder at dei har komme til staden.

Klokka 07.45: Beredskapsvakta hos Statens havarikom-misjon for transport (SHT) blir varsla om ulukka av Hove-dredningssentralen Sør-Norge (HRS). Varselet går ut på at eit fly frå Atlantic Airways med 16 personar om bord har køyrd av rullebanen på Sørstokken.

Klokka 07.51: Politipatruljen melder at tre brannbilar og to ambulansar er komne på staden.

Klokka 07.52: Politipatruljen melder at dei ikkje har sett nokon komma ut frå flyvraket.

Klokka 08:00: Beredskapsvakten hos (SHT) får nytt varsel frå lufttrafikktenesta ved Bergen lufthavn Flesland (ENBR)

med tilsvarande innhald, med tilleggsopplysning om at flyet står i brann.

08.30-tida: Overlevande samlast i avgangshallen.

09.30-tida: Passasjerar blir sende til Stord sjukehus.

10.30-tida: Brannen er sløkt.

Klokka 13.08: Havarikommisjonen rykkjer ut med seks havariinspektørar og dei første fire landar med helikopter på Sørstokken klokka 13.08.

Flyet køyrer av rullebana og utfor ei skrent. Omlag 50 meter nedanfor rullebana stoppar flyet og byrjar å brenna.

3

1. Cocpit sidevindu. Antatt tilgjengeleg. Ikkje nytta.2. Naudutgang. Bolkkert (terreng).3. Naudutgang. Delvis tilgjengeleg, men ueigna.4. Cocpit sidevindu. Tilgjengeleg. Nytta av fartøysjef og styrmann.

1 2 3

4

5

6 7

5. Cocpitdør. Blokkert (fastklemt).6. Naudutgang. Blokkert (fastklemt).7. Naudutgang. Nytta av samtlege ti overlevande i kabinen.

Omkome Alvorleg skada

Lett eller ikkje skada

GRAFIKK: STATENS HAVARIKOMMISJON

Atlantic AirwaysBAe 146-200

Flyet hadde eit mannskap på fi re og 12 passasjerarom bord. Flyet kan ta opptil 83 passasjerar.

Vingespenn: 26,34 mLengde 28,55 mHøgde 8,61 m

Flyet skal ha hatt unormal høg fart etter landing.

Flyet kom inn frå sør og landa på bane 33.

1

2

Etter at Statens havarikommisjon for transport undersøkte ulukka i etterkant, har dei peika på fl eire forhold som bidrog til ulukka.

Kommisjonen konkluderer med at ulukka skjedde blant anna fordi ingen av dei seks liftspoilerane på fl yet blei felt ut etter landing, slik dei skulle. Havarikommisjonen meiner å ha funne to mogelege tekniske årsaker til dette.

På grunn av dette heldt vengene fram med å produsera løft, slik at vekta på fl yet ikkje i tilstrekkeleg grad blei overført til landingshjula.

Hovudhjula fekk dermed ikkje god nok kontakt med rullebaneoverfl ata, og bremse-eff ekten blei redusert. Dette blei av fl ygarane oppfatta som svikt i hjulbremsene, og naud-bremsen blei kopla inn.

Naudbremsen har ikkje beskyttelse mot blokkering, og difor låste hjula seg.

I kombinasjon med den fuktige rullebanen førte dette til at gummien i dekka blei kokt, og fl yet greidde ikkje å stoppa på rullebanen.

Havarikommisjonen meiner at svikten i utfellinga av liftspoilerane isolert sett ikkje hadde ført til at fl yet gjekk utanfor enden av rullebanen.

Flyet kunne ha stoppa innanfor tilgjengeleg banelengde dersom optimal bremsing hadde blitt nytta.

Havarikommisjonen meiner difor at ei betre systemforståing relatert til manglande funksjon av liftspoilerane og eff ekten dette har på stoppdistansen til fl yet, kunne ha hindra utforkøyringa.

I tillegg meiner havarikommisjonen at riller i rullebanedekket kunne gjeve betre bremseef-fekt i dette tilfellet.

Ulukka viste at sikkerheitsmarginane ved Stord lufthamn var utilstrekkelege. Det asfalterte sikkerheitsområdet i forlenginga av rullebanen var for kort i forhold til krava, og gjekk dessutan over i ei skråning som var brattare enn føreskrive.

Havarikommisjonen

Kl.07.15: Flyet lettar frå Sola Lufthamn, Stavanger.Det er 16 ombord.Kl. 07.35: Blir meldt at fl yet brenn ved rullebana. Kl. 08.55: Flyet skulle ha landa i Molde.

Stavanger

Stord

Bergen

Molde

ARKIVFOTO: MARIUS KNUTSEN

75SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Flyplassjefen har stått

76 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

77SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

rakrygga i krisaneBerre to dagar før åtteårs-markeringa av dødsulukka ved Sørstokken i 1998, måtte Jan Morten Myklebust takla ei ny, tragisk dødsulukke ved fl yplassen.

– Det er veldig spesielt å ha ein fl yplass med éi minnestøtte i kvar ende. I 1998 var det ni danskar som omkom, og i 2006 var det fi re som mista livet, fortel fl yplassjef Jan Morten Myklebust, som har styrt fl yplassen på Stord i gode og vonde dagar sidan opninga i 1985.

I 1998 GJEKK EIT CESSNA-FLY i bakken 200 meter frå landingsstripa på Sørstokken, fordi den eine motoren stoppa på grunn av drivs-toff mangel. Flyet gjekk i rute mellom Ålborg og Stord. Åtte av dei som omkom var tilsette i det danske fi rmaet Altek Isolering, medan den niande var fl ypiloten. I havarirapporten slår kommisjonen fast at fartøysjefen viste manglande haldning til fl ytryggleik, då det var tilstrekkeleg med drivstoff i fl yet. Det blir konkludert med at fl ygaren ikkje utnytta drivs-toff mengdene.

– Flyplassen har ikkje vore noko direkte årsak til verken den første eller andre dødsu-lukka, men fl yplassen blir likevel assosiert med ulukkene med jamne mellomrom i media. Ak-kurat dét er ikkje så kjekt. Det som er positivt er fokuset på førebygging av ulukker har blitt auka i etterkant av ulukkene. Etter slike hen-

dingar blir det snudd opp ned på kvar ein stein, og då er det viktig å ha alt på stell, seier Myklebust.

Sidan 2006 er det gjort oppgra-deringar av fl yplassen på til saman 12 millionar kroner ved Sørstok-ken for å betra tryggleiken. I tillegg ventar dei inn ein ny brannbil om nokre få månader.

– Tidlegare hadde me mest fokus på at dei tilsette i brann- og redningsavdelinga skulle trena på handtering av ulukker, men no tre-nar også dei tilsette i innsjekkinga på slike hendingar. Det at fl eire av dei overlevande passasjerane kom inn i terminalbygget etter ulukka i 2006, var nok ganske traumatisk for nokre av dei som jobba der.

Me snakka ein del om dette i etterkant, og dei tilsette fekk tilbod om profesjonell hjelp. I dag er dei tilsette i innsjekkinga mykje betre førebudde på ulukker enn før. Me har også fått ny brannstasjon, og skjer det ei ulukke no, skal dei skadde sendast dit. Her er det både varme og god plass. I dag står fl yplassen fram som ein veldig sikker og god fl yplass, meiner Mykle-bust.

TRAFIKKMESSIG ER 2006 det beste året i Stord-fl yplassen si historie sidan 1998. Passa-sjertalet var då oppe i 69.310.

– Eg kan hugsa me vurderte å oppretta ei rute mellom Stord og Gdansk, sidan Aker, som det heitte den gongen, snakka om å fl y inn polske gjestearbeidarar frå Gdansk til Stord. Dagen før ulukka var eg med ein tur til Gda-nsk, saman med fl eire lærlingar og nytilsette i Aker. Dei hadde nok sitt opplegg, men eg var med for å vera litt turist i byen. Eg ville sjå kva mogelegheiter som fanst der, dersom me skulle tilby ruta for privatkundar, fortel Myklebust.

Også Sunnhordland sin fotojournalist, Marius Knutsen, var med for å skriva repor-tasje. Han hadde planar om å skriva ein fi n reportasje frå Gdansk.

– Den blei det sjølvsagt aldri noko av, fortel Myklebust.

Flyet, som var det same fl yet som blei brukt på ulukkesturen, landa på Stord klokka 23.00 den 9. oktober.

DAGEN ETTER VAR Myklebust på veg med eit anna fl y til Oslo, for å møta Samferdselsdepar-tementet. I denne perioden uttrykte nemleg fl yplassjefen at han var djupt skuff a over at regjeringa ikkje fann midlar til ny brannstasjon og nytt tårn ved Stord luft hamn. Flyplassen hadde søkt om 28,5 millionar kroner.

– Flyet tok av frå Stord klokka 7.00, og eg hadde reist frå mobiltelefonen min heime. Då me kom fram til Oslo ein time seinare, hagla det inn med meldingar til dei andre passasjer-ane. Det var spørsmål om me var i live. Eg fekk lånt meg ein telefon, og fekk gjeve beskjed til nestkommanderande på fl yplassen om kva han måtte gjera. Deretter ringde eg SAS, og fekk dei til å halda att eit fl y som skulle gå frå Oslo til Bergen.

Han klarte akkurat å komma seg med, og frå Flesland tok han drosje til Halhjem.

– Kona mi henta meg i Sandvikvåg, og køyrde meg direkte til fl yplassen. Eg var på Sørstokken rundt klokka 12, fortel Myklebust.

FOTO

: MAR

IUS

KNUT

SEN

78 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

ETTER ULUKKA OPPLEVDE Jan Morten Myklebust og resten av staben på flyplassen eit stort trøkk frå media. Journalistar frå heile landet strøymde til Stord.

– Ein må jo halda seg til pressa i både gode og vonde tider, sjølv om det ikkje alltid er like kjekt, fortel Myklebust.

I 2006 fekk han presseprisen frå Hauge-sund journalistlag, for måten han opptredde i media då dødsulukka skjedde ved Sørstok-ken.

– Prisen betydde mykje den. Når du veit

det har skjedd noko negativt, er det ikkje alltid så kjekt når journalisten ringjer. Trass i dette tok eg telefonen og stilte opp, og det var vel difor eg fekk denne hyllesten.

– Har du nokon gong hatt det så tungt at du har vurdert å gje deg på grunn av uluk-kene?

– Nei, eg har vel ikkje det. Eg har prøvd å stilla opp så godt eg kan for dei pårørande, både frå den første og den andre ulukka. Det er ikkje lenge sidan eg hadde besøk frå Danmark, frå ei 80 år gammal mor som

mista sonen sin i flyulukka i 1998. Eg har også gode relasjonar til familien på Færøy-ane, der Oddmar mista kona si, og dei to gu-tane mista mor si. Eg reiste over i gravferda då Gudrun skulle gravleggjast, og eg reiste over på besøk i 2013. Eg har også invitert dei over til Norge, og eg snakkar ofte med dei på telefonen.

ETTER ULUKKA BLEI det ganske stilt på flyplassen, og fleire tilsette måtte permit-terast. I 2007 var det berre 26.391 reisande

BILETE

1. Her er Oddmar Gudmundsen og sonen Eigil med på avdukinga av minnesmerket omlag eit år etter dødsulukka i 2006. Til høgre står Egil Espeland frå politiet. FOTO: PRIVAT

2. Oddmar har sjølv laga gravsteinen til si avdøde kone, Gudrun Hervør Joensen. FOTO: PRIVAT

3. Her er Jan Morten med Elinborg, mora til flyvertinna som omkom i 2006. Det er ho som har skrive brevet på side 77. FOTO: PRIVAT

4. Minnesmerket på staden der flyulukka skjedde. FOTO: MARIUS KNUTSEN

5. Her er Oddmar Gudmundsen saman med sonen sin, Eigil, på Stord, nokre år etter ulukka.

6. Gudrun Hervør Joensen blei gravlagd i denne kyrkja på Færøyane. Jan Morten reiste over for å vera med. FOTO: PRIVAT

7. Eigil var berre fire år då han mista mor si i dødsulukka på Stord. FOTO: PRIVAT

1

3 4

Eg har prøvd å stilla opp så godt eg kan for dei pårørande Jan Morten Myklebust

79SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Oddmar Gudmundsen opplevde marerittet då han mista si kjære Gudrun i ulukka.

Flyvertinna Gudrun Hervør Joensen (41) frå Færøyane var blant dei fi re som omkom fl yulukka i 2006. Igjen sat mannen Oddmar Gudmundsen og dei to sønene deira Bårgar og Eigil, som då var 7 og 4 år.

– Gudrun var ei god kone og ei god mor. Ho elska sønene sine høgt, fortel Oddmar Gudmundsen på telefon frå Færøyane.

Han fortel at ho var mykje vekke på jobb, og likte å vera heime med familien når ho hadde fri.

– Eg meiner å hugsa at det kom ein politimann på døra for å fortelja at Gudrun var død, men eg hadde hatt ei kjensle av dette frå eg høyrde om ulukka, seier Gudmundsen.

Sidan den tid har han levd åleine med gutane deira.

– Det er dei eg lever for, og eg prøver å følgja dei opp så godt eg kan.

I etterkant av fl yulukka har han vore i Norge fl eire gonger på besøk ved minnesmerket på fl yplassen. Han set pris på at fl yplassjef Jan Morten Myklebust også har vore å besøkt familien på Færøyane.

– Jan Morten har vore fantastisk, og har gjort det han kan for oss.

– Ho var ei god kone

Dette biletet er teke då Jan Morten Myklebust besøkte familien på Færøyane. Bårgar (f.v.), Eigil, Oddmar og Jan Morten. FOTO: PRIVAT

på Sørstokken, og året etter var passasjerta-let nede i 13.013.

– Etter ulukka bestemte Aker seg for å fl ytta fl ygingane frå Stord til Haugesund, for arbeidarane som skulle til Molde og Alta. Ulukka skjedde i slutten av prosjektet, og ruta blei aldri fl ytta tilbake til Stord. Ruta til Oslo heldt fram som før. Eg trur ikkje fl yplassen var stengd i meir enn eit lite døgn etter ulukka. Atlantic Airways har seinare vore tilbake på Stord då dei hadde rute mellom Færøyane og Stord, men no har

selskapet teke i bruk fl y som er for store for Sørstokken, fortel Myklebust.

Han seier at Oslo-ruta alltid har vore berebjelken for fl yplassen.

– Då Coast Air, som fl øy denne ruta bestemte seg for å avvikla selskapet i 2006, kom det inn andre selskap som tok over. Sidan 2009 har fl yplassen opplevd positiv trafi kkutvikling, spesielt etter at staten kom inn med økonomisk stønad. I 2015 hadde me veldig bra trafi kk, men i år ventar med nedgang på grunn av arbeidsløysa.

2

5

6

7

80 SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Brannsløkkingshelten

Det er gjort investeringar for til saman 12 millionar kroner for å betra tryggleiken:

Reasfaltering og rilling av rullebane (for å hindra vassplaning).

Nye lys på rullebanen. Nytt navigasjonsanlegg. Nye satelittinnfl ygingsprosedyrar til

begge banar. Utrykkingsveg i sørenden av rullebanen i

tillegg til utrykkingsveg, kai, naust og redningsbåt i nordenden av rullebanen.

Ny brannbil. Ventar i tillegg ein ny brannbil om nokre månader.

Ny redningshengjar med telt og anna utstyr. Inngjerding på vestsida av rullebanen.

Dette for å halda hjort og andre dyr borte frå rullebanen.

Sikkerhetsområdet i baneenden var 130 meter under ulukka, men kravet var 180 meter. Etter ulukka blei lysa fl ytta på, for å oppfylla kravet. Rullebanen har heile tida vore 1460 meter lang.

Tiltak ved fl yplassen etter ulukkaMåndag 4. januar 2016 kunne du gjenoppleva fl yulukka på Stord dokumentarserien «Flyhavarikommis-jonen» på National Geographic Channel. I det første programmet valde dei nemleg å dedikera ein heil episode til Stord-ulukka. Serien blei vist i 170 land på 45 ulike språk utanfor USA.

National Geographic Channel har i 14 sesongar etterforska nokre av verdas mest kjente og ekstreme luftfartskatastrofar.

På tv i 170 land

FOTO: MARIUS KNUTSEN

81SUNNHORDLAND - MAGASIN HAUST

Terje Aleksandersen (53) var ein av dei to første som kom til ulukkesstaden. Rask handling var truleg avgjerande for at så mange redda livet.

Det er 10. oktober 2006. Terje Aleksand-ersen er som vanleg på jobb i brann- og redningstenesta ved Sørstokken. Ute er det sol og vinden bles i 5-6 knop frå sør. Det har akkurat landa eit fl y av typen British Aerospace BAe146-200. No ventar dei eit nytt som er nett likt.

– Me går som vanleg bort til brannstas-jonen for å kikka etter det neste fl yet som skal landa. Når eg og utrykkingsleiaren, Johan Nilsen, ser at fl yet passerer oss, forstår me at noko er gale. Medan Johan set seg i bilen med det same, står eg att for å sjå kvar det blir av fl yet. Først svingar det litt til høgre, deretter til venstre, før det fer side-lengs ut av rullebanen. Når det blir klart for meg kvar fl yet endar, hiv eg meg i bilen og me set kursen mot fl yet, fortel Terje Alek-sandersen (53) frå Fitjar.

Me møter han heime i stova på Fitjar. I sofakroken sit han med den blå arbeidsuni-forma på. Det er nemleg ikkje mange minut-tane til han skal på jobb igjen, på den same arbeidsplassen som han hadde då fl yulukka skjedde i 2006. Han fortel at han har ein fantastisk arbeidsplass med gode kollegaer, og at han aldri har vurdert å slutta på grunn av ulukka.

– Det er klart det var ei tung tid etterpå. Sjølve ulukka er den mest grufulle hendinga

eg har oppleving nokon gong i arbeidslivet, og tida etterpå var svært dyster med tanke på at passasjertalet minka og at fl eire tilsette ved fl yplassen blei permitterte. Sjølv om det såg svært mørkt ut, har me likevel klart å reisa oss og står i dag med rak rygg, meiner Aleksandersen.

TILBAKE TIL ULUKKA i 2006. Når Terje kjem ut av garasjen der bilen står parkert, har fl yet allereie byrja å brenna.

– Flyet tok fyr momentant, det såg ut til at det brann oppå fl yet, fortel Aleksandersen.

Han tek fram lesebrettet for å visa ny-hendeinnslaget frå TV 2 frå ulukkesdagen.

– Desse bileta er teke umiddelbart etter at fl yet frå Atlantic Airways sklei av rullebanen. Det brenn i den høgre vinga på fl yet, og her kjem fl yplassen sine brannbilar. Umiddel-bart blir den første brannkanonen utløyst. Dette skjer 34 sekund etter at fi lmopptaket starta, fotografen brukte nokre sekund på å komma i gang, så truleg var sløkkingsarbei-det i gang på rundt eit minutt, seier nyheit-sanker Kjetil H. Dale medan tv-sjåarane får sjå fl ammane frå det brennande fl yet.

– Han seier eitt minutt. Eg meiner me var i gang etter rundt 40 sekund, seier Alek-sandersen heime i stova si.

Nyhendeinnslaget held fram med eit intervju av Terje sjølv, der han fortel om korleis han opplevde redningsarbeidet.

– Tankane slutta å fungera då. Det var berre å setja seg i bilen og gjera det eg var vand til å gjera, og hadde trent på heile tida, fortel han.

Reportasjen fortsett med videobilete som gjev ei kjensle av at sløkkingsarbeidet har eff ekt.

– Den kvite røyken er truleg vassdamp. Flammane blir delvis stogga. Forhåpentleg-vis var dette med å hjelpte til at så mange overlevde, seier Dahle i innslaget.

DET ER BERRE 8.500 liter vatn på bilen. Vatnet heldt i 2,5 minutt.

– Det er omtrent 70 meter frå bilen til fl yet. Heldigvis treff me ganske godt. Når me køyrer tilbake for å fylla bilen med nytt vatn veit me at dette kjem til å ta rundt 20 minutt. Dette heile verkar ekstremt lenge i ein slik situasjon, så etter 5–6 minutt køyrer me tilbake for å halda fram med sløkking-sarbeidet, fortel Aleksandersen.

Seinare har dei fått betre vasstilførsel til fl yplassen, og det tek no 5-6 minutt å fylla tanken på den nye brannbilen, som er 7.500 liter.

– Etterkvart fekk me assistanse frå anna brannmannskap på Stord og Fitjar, fortel 53-åringen.

I ETTERTID blei Aleksandersen hylla for innsatsen og den kjappe responsen i sløk-kingsarbeidet. Saman med den færøyske fl yvertinna Maibritt Magnussen som var om bord i ulukkesfl yet blei han nominert som éin av ti kandidatar til Dagbladet si kåring av Årets Navn i 2006. Det var den humanitære organisasjonen Leger uten grenser gjekk til topps i den nasjonale kåringa. Seinare har blant anna tidlegare landslagstrenar i hand-ball, Marit Breivik, og tidlegare statsminis-ter, Jens Stoltenberg, blitt stemde fram som vinnarar i denne kåringa. Stoltenberg fekk prisen for fl ott leiarskap etter terrorangrepa i Norge 22. juli 2011.

1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015

52679

31366

22205 20157

27299 29670

41232

6347069310

26391

13013

22732 23099 2412020192

30711

38249

47817

Passasjertal ved Stord lufthamn, Sørstokken

* Talet på reisande passasjerar kvart år, ved Sørstokken.