kameljegeren

16

Upload: det-norske-samlaget

Post on 06-Mar-2016

213 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Barnebok av Tore Kvæven.

TRANSCRIPT

Page 1: Kameljegeren
Page 2: Kameljegeren

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 1

Page 3: Kameljegeren

Tore Kvæven

KAMELJEGEREN

SamlagetOslo 2013

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 3

Page 4: Kameljegeren
Page 5: Kameljegeren

PROLOG: EIT GJENFERD OG EIN GAMMALEGYPTISK GUD I MÅNELYSET

I ein av bergveggane som stig frå sanden, ligg ei brei fjell-hylle. Der ovanfrå kan ein sjå heile den tørre ørken dalen.Ein kan sjå alle dei tusenar av dyr som ligg der nede. Deier alle daude.

Det står to skapningar på fjellhylla. Dei står der urør-lege i nattas måneskin. Og månestrålane av sølv skjelv rundtdei. Som om dei ikkje er av denne verda. Eller som om deislett ikkje finst.

Jenta ber ein kjole av lin. Om ermane og halsen er for-tidas teikn og hieroglyfar broderte inn.

Ho kviskrar:– Det er berre ein ting eg angrar på: Mine eigne knok -

lar. Dei ligg strødde her på berget. Dei har aldri blittsveipte, og dei ligg her utan vern.

Den andre skapningen er uhyggeleg. Han ruvar over hosom eit enormt fabelvesen frå dei gamle spådommane. Somein gud frå dei eldste tider. Kroppen og armane hans er avmenneskeform. Hovud og kjevar som hos ein veldig ulv.

Men han seier ingenting. Han bøyer berre hovudet ogser ned på ho. For han kan ingenting gjera for knoklanehennar. Ingenting anna enn å vakta over dei. Han heiterAnubis.

5

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 5

Page 6: Kameljegeren

Ho tek seg om skuldrene og kviskrar igjen:– For her er så kaldt om nettene og så brennande varmt

om dagane. Det hadde vore så inderleg godt om nokonhadde sveipt meg. Det hadde …

Ho teier ei stund. Så, nesten utan sjølv å høyra det, seierho:

– Om berre nokon kunne koma hit …Heller ikkje denne gongen svarar Anubis. Kreftene hans

er veldige. Det dirrar av musklar og makt under dei tungeskuldrene. Ved sida av han er det med eitt som om måne-lyset skjelv sterkare kring jenta. Så er ho borte. Og han stårder aleine igjen. Ein uhorveleg skugge under stjernene. Hantenker på orda ho hadde sagt: «om berre nokon kunne komehit …» Og han ser utover dalen. Blikket hans kolsvart ogkaldt, tennene gneistrande kvite, og han kviskrar:

– Ønsk deg det helst ikkje, Aahmis, for det kunne gå ioppfylling, og det kunne enda med at også dei låg igjenher på marka. Knuste og drepne.

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 6

Page 7: Kameljegeren

EIN HALVVILL KAMELJEGEROG EIN TAM VILLHUND

Det er morgon over Sahara. Grytidleg morgon. Sola somstig over verdas største ørken, er raud og glød ande vakker.

Først ligg ørkenen utan rørsler og lydar. Men så er detnoko som endrar seg. Og langt der ute på sandflatene kanein skimta noko ørlite som bevegar seg. Ein knapt synlegprikk som sakte kjem nærare og nærare. Snart blir det tyde-leg at han slett ikkje bevegar seg sakte, men at han kjemrasande fram i vill fart. Det blir også klart at han ikkje erberre ein prikk, men ein gammal mann på ein diger, eld-gammal motorsykkel. Mannen er kledd i korterma skjorte,grå kortbukser og knehøge grøne sokkar. På hovudet harhan ein brei hjelm og store køyrebriller. Rundt halsen ding-lar ein tung kikkert i ei brun lêrreim. Skjegget er kvitt ogbarten gråkvit, og begge flagrar dei vilt i vinden. Han ser utsom ei blanding av ein Afrika-jeger og ein underleg, gam-maldags flygar. Og på ein måte er det nett det han er:

Han er kameljeger. Han er ein kameljeger av den sor-ten som streifar ørkenen på kryss og tvers og leitar etterdaude kamelar. Og ikkje kva som helst av daude kamelar:For det første må dei ha vore daude så lenge at sola ogørkenvindane har fått tørka og svidd dei og gjeve dei denrette lukta og smaken, og for det andre må ikkje ørken -hyenane eller andre kameljegerar ha funne dei først.

7

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 7

Page 8: Kameljegeren

Bak motorsykkelen, som slingrar frå side til side, ogsom gjev frå seg ein god dose svart røyk, heng ein svær til-hengar som slingrar endå verre frå side til side, og som erfylt med all slags proviant og ørkenutstyr. Og bak tilhen -garen stig ei veldig sky av tørt ørkenstøv mot himmelen.

Han sit der og snakkar med seg sjølv. Og hadde ikkjebråket frå motoren og susinga frå vinden vore fullt såøyredøyvande, ville ein kan henda høyrt noko av det hansa. Og då ville ein kan henda tenkt at han må vera ein vel-dig triveleg gammal kar, og at det hadde vore moro å blimed han på det neste toktet hans etter daude kamelar.

Og den første tanken hadde nok ikkje vore så dum, fordenne kameljegeren er faktisk ein utruleg triveleg gammalmann. Men når det gjeld den neste tanken, den om at detskulle vore artig å bli med på neste tokt, så ville neppe denvore like klok som den første. Ikkje på langt nær like klok.

Den gamle mannen slakkar av på gassen, reiser seg påfotbretta, vrir kroppen og stirar bakover, som om han prø-ver å få auge på noko gjennom støvskya bak seg. Men sjølvikkje ein kameljeger kan sjå noko gjennom ein tett vegg avstøv og eksos, og snart snur han seg framover, rettar kur-sen på motorsykkelen og gjev full gass igjen.

På ein annan stad i ørkenen, eit stykke framfor kamel-jegeren, ligg ei lang rekke høge sanddyner. Dei ligg hersom ei gyllen fjellkjede i ørkenen. Og ein vanleg morgoner det så stille blant desse sanddynene at ein kunne tru deilåg her og lytta etter hyla frå ørkenhyenar eller etter sub-binga frå kamelføter.

Men denne morgonen er ingen vanleg morgon. Det ertvert imot ein veldig uvanleg morgon.

For det er menneske her. Fem menneske. Den yngste av

8

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 8

Page 9: Kameljegeren

dei heiter Øystein. Han spring berrføtt over sanden. Fordet er ikkje mykje som er betre enn å springa berrføtt imjuk sand ein tidleg ørkenmorgon. Håret hans er likekvitt som håret til Emil i Lønneberget. Og nett det passarganske godt. For ikkje ulikt Emil er Øystein ein gut medmange underlege idear. Han stoppar og ser opp mot top-pen av den høgste av sanddynene. Viss han kan få søster sitil å bli med dit opp, og viss han kan gje ho ein god dyttder ovanfrå, så vil han heilt sikkert finna ut om ho kantrilla heilt til botns. Han peiker mot toppen:

– Blir du med opp?Lisa er eitt år eldre enn bror sin. Ho har nøttefarga

brunt hår og grøne auge. Ho ser oppover, men ho svararikkje. For enno er ho langt inne i sine eigne tankar. Ennoser ho tydeleg føre seg dette ho stod her og tenkte på: Detvar eit bilete. Eit underleg måleri. Eit bilete av ei ung jente,måla på veggen i eit mørkt gravkammer. Og ho vil ikkjegje slepp på tankane sine. For ho har ein plan. Ho har eitprosjekt for den reisa ho og Øystein skal legga ut på.

Dei tre andre menneska mellom sanddynene er foreldratil Øystein og Lisa, og sjåføren som har køyrt dei ut hit.Dei står ved sida av ein kvit, firehjulstrekt bil og ein haugav ryggsekkar og liggeunderlag, soveposar og proviant.Mor er uroleg. Igjen snur ho seg mot far:

– Er me heilt sikre på at dette er ein god idé? At det ertrygt for dei?

Han nikkar:– Far min kjenner ørkenen ut og inn. Dette blir like

trygt som ein fjelltur i Sirdalsheiane. Og det blir ei opplev -ing dei kjem til å hugsa for livet.

Ho sukkar:

9

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 9

Page 10: Kameljegeren

– Eg håpar du har rett. Likevel skulle eg ønskt me ikkjehadde det så travelt denne sommaren. At dei kunne voreheime. Eller at me kunne blitt med.

Lisa og Øystein var her i fjor også. Då trefte dei bestefarsin her i tre dagar saman med far og mor. Men i år skal altbli annleis. I år skal dei få vera med han i tre veker. Berre deiog bestefar. Tre veker «på tokt i ørkenen», som bestefar seier.

– Blir du med? – Vent! seier Lisa og rettar fram armen.– Nei takk. Inga venting, seier Øystein. Han snur seg

og spring. Det finst svært få som er så dårlege til å ventasom Øystein.

Men Lisa blir ståande urørleg igjen. For her var noko ilufta … Jo, det er her framleis. Ein fjern og rullande lyd.

– Han kjem, ropar ho.Ut frå ørkenen kjem motorsykkelen og bestefar. Bak

dei reiser skya av sandstøv seg fire etasjar høgt. Lyden blirstadig større og sterkare, og det same blir støvskya.

Då bestefar svingar inn framfor dei, rumlar og knurrarmotorsykkelen hans som eit digert rovdyr, og ørkenstøvet ogrøyken som har jaga etter motorsykkelen, kjem svev andeframover og legg seg rundt dei alle. I denne skya og i altdette bråket står dei og smiler. Øystein, som kjem spring-ande ned igjen frå foten av sanddyna, synest at brummingafrå motoren er den finaste lyden han har høyrt.

Bestefar hiv av seg hjelmen:– Velkomen til ørkenen!Dei gjev han ein klem. Alle fire gjev dei han ein klem.

Varmen stråler frå eksospottene på den gamle motorsyk-kelen. Som frå eit glødande bål. Han snur seg mot Øysteinog Lisa:

10

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 10

Page 11: Kameljegeren

– Er de klare for tokt? Er de klare for å leita etter kame-lar?

Håret hans er kvitt og tynt som lette snøfnugg. And -letet bak skjegget er solbarka og brunt og fylt av dette breieog trivelege smilet som er så typisk for bestefar.

Då hender det noko uventa. Ut frå støvskya bak motor-sykkelen kjem det gallopperande eit dyr. Det er eit sværtdyr. Det har svarte øyre og glinsande auge. Og det kjemrett mot dei i lange byks. Lisa skrik. Mor hyler. Far flaksarmed armane og brøler.

Men dyret bryr seg ikkje det minste. Det gjer eit byksog landar med eit smell på tilhengaren. Der blir det stå-ande. Med tunga ut av kjeften og med hivande pust. Beste-far ristar på hovudet og seier:

– Ja! Han er ein merkeleg hund. Han vil helst vera påtilhengaren når me står stille, og av tilhengaren når mekøyrer.

– Hund?Lisa går bak til tilhengaren.– Er han ein hund?– Visst er han ein hund. Brått kjem ho på at ho har sett slike dyr før. På eit

naturprogram. Då var der mange av dei, og dei var ute påjakt. Som ein ulveflokk. Kva var det dei vart kalla? Afri-kanske villhundar?

Dei står framfor tilhengaren og stirar på han. Ein flek-kete, diger hund med breie labbar og snille auge. Tunga,som heng frå kjeften, er rosa og tørr og trøytt. Dei digreøyra stikk rett til vêrs, som om han lyttar nøye til det somblir sagt, og er det ikkje som om den korthåra halen hanslograr litt? Lisa rekker fram den eine handa og stryk han

11

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 11

Page 12: Kameljegeren

over den strie pelsen. Med ei ru tunge slikkar han ho i and-letet.

– Kva heiter han?– Han heiter Tam, seier bestefar, – for det er det han er.

Han er ein tam afrikansk villhund.– Ein tam afrikansk villhund?– Ja. Presis. Eller i alle fall ein halvtam afrikansk vill-

hund. Du kan i og for seg velja sjølv om du vil kalla hanTam eller Halvtam.

– Men korleis har du fått fatt i han?– Du veit det, Lisa, at ein klok mann som køyrer aleine

i ørkenen, tenker sine kloke tankar. Og ein dag, eller kanhenda var det ei natt, eg er ikkje lenger hundre prosentsikker, kom eg til å tenka på at det finst både harehundarog fuglehundar og elghundar og ulvehundar og alle andreslags merkelege hundar her på jorda. Og dei er alle eksper-tar i å finna nettopp dei dyra dei har fått namn etter. Detfinst til og med sauehundar og punghalehundar og flag-germushundar …

Far ristar på hovudet og skal til å seia at han trur ikkjeat det finst punghalehundar eller flaggermushundar, menbestefar er for godt i drivet til å la seg stoppa:

– Men det finst ikkje kamelhundar. Det finst ikkje eineinaste, pjuskete kamelhund i heile verda. Så tenkte eg somså, at eg får trena opp min eigen kamelhund.

– Lurt, seier Øystein. Han har hoppa opp og står vedsida av Tam på tilhengaren. Tam er ein svær hund. Ryggenhans er nesten like høg som brystet til Øystein.

Bestefar nikkar.– Det tok meg tolv dagar å køyra til ein landsby i

Mumba-territoriet. Dei hadde to kvalpar til sals. Den eine

12

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 12

Page 13: Kameljegeren

var Tam, og den andre var ein vill afrikansk tamhund. Detvar i alle fall det dei påstod. Men om eg ikkje tek heilt feil,så var han eigentleg ein vill afrikansk stinkhund, eller einvillfjert, som dei òg blir kalla, og det er ein rase du helstikkje tek med deg ut i ørkenen. Eller nokon stad, for densaks skuld. Så valet vart svært lett. Det måtte bli Tam.

Bestefar klaskar han eit par gonger i sida. Små, blaffandeskyer av ørkenstøv slår ut frå pelsen. Lisa stryk han overhalsen. Tam sjølv ser ut til å meina at all denne klappingahar han då sanneleg fortent. Han står der og smiler. Beste-far seier:

– Det har jo vore plenty risikabelt. Eg kunne ikkje vitaom han ville byrja å gnaga på dei daude kamelane me fann.

– Har han gjort det? spør far.– Ikkje det minste. Han har vel eigentleg knapt snust på

dei.– Ikkje eingong snust på dei? Bestefar ser på Tam, som om han håpar han brått skal

byrja å snusa i lufta etter daude kamelar. – Vel. Nei. Men han er veldig ung enno, veit du. Og

han liker seg i ørkenen. Det er eit godt teikn. Eit uhyregodt teikn. Det kunne vore langt verre. Han kunne foreksempel ført meg til Kamelanes kyrkjegard den førstedagen.

– Kamelanes kyrkjegard? spør Lisa, – kva er det?– Det, seier bestefar med alvor i stemma, – det er ein

stad me skal halda oss langt unna. Men akkurat no må mefå gjort oss klare til avreise.

Så blir bagasjen lempa på tilhengaren, og mens Lisa ogØystein ryddar plass for seg sjølv blant alt det andre utsty-ret, snakkar mor og far og bestefar lenge saman om både

13

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 13

Page 14: Kameljegeren

det eine og det andre. For det er mange ting som skal seiast,og mange avtalar som skal gjerast.

Når alt er klart, klemmer mor Lisa og Øystein så hardtat dei mistar pusten. Øystein ante ikkje at mor kunne veraså sterk, og då ho seier at dei må vera forsiktige, og at hokjem til å lengta etter dei, legg Lisa merke til at det trillarei tåre frå kvart av auga hennar. For tre veker er ganskelenge å vera vekke frå ungane sine. Og far gjev dei også eingod klem, men han beheld solbrillene på, og om også hanhar tårer i auga, er det ingen som kan sjå dei. Han seier:

– Pass på bestefar. Få han i soveposen før klokka er tiom kvelden, og sjekk at han et grauten sin.

Så tek mor og far eit par steg bakover. Bestefar sparkarmotoren i gang. Tam gøyr av full hals, hoppar av og springi store ringar rundt motorsykkelen. Han gleder seg somein villhund til å springa over sandslettene igjen.

Motorsykkelen gjer ein stor sving. Mor og far sermotorsykkelen legga seg på vestleg kurs, og dei ser han blimindre og mindre. Når avstanden har blitt så stor at deiikkje lenger kan sjå om Lisa og Øystein framleis vinkar,seinkar dei også sjølv armane, og dei står der berre og sti-rar etter den blafrande støvskya som langsamt forsvinnmot horisonten. Og mor dreg pusten djupt og freistar åseia til seg sjølv at ho må slutta å uroa seg. Men den vondekjensla i magen vil ikkje gje seg. Det er som om ho kjen-ner inni seg at det ventar Lisa og Øystein og bestefar nokoskremmande og farleg der ute i ørkenen.

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 14

Page 15: Kameljegeren

DÅ LISAS BESTEVENINNE FANN UTKORLEIS KANEL BLIR LAGA

Mor og far blir små som sandkorn. Så forsvinn dei. Lisa snurseg og ser framover. Ørkenferien er for alvor i gang. Det ernesten så ho ikkje heilt kan tru det. Det verkar så kortsidan ho var heime i Norge og alt var normalt.

Plutseleg kjem ho på besteveninna si, Nina, og ho smi-ler. Ho tenker på den kvelden ho fortalde Nina kva hoskulle gjera i ferien. Nina sine auge hadde blitt trillrunde:

– Seriøst? Skal du vera med bestefar din og leita etterdaude kamelar i Sahara?

– Ja.– Du tullar med meg.– Nei.– Men kvifor leitar han etter daude kamelar?– Veit du ikkje kva kanel blir laga av?– Kanel?– Ja.– Som me har på risengrynsgrauten?– Ja.– Nei, hadde Nina sagt, og auga hennar hadde blitt

endå rundare, for ho visste at det alltid var lett å sjå på Lisanår ho tulla, for då smilte ho ganske så rart, mens ho beitseg i underleppa. Og no gjorde ho ingen av delane.

– Kanel blir laga av daude, soltørka kamelar som blir

15

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 15

Page 16: Kameljegeren

hogde opp i bitar og putta i ei kvern, og det pulveret somkjem ut, det er kanel. Det heiter kanel fordi det er laga avkamel. Du et daude kamelar kvar gong du et risengryns-graut. Du har sikkert til og med ete litt av dei kamelanebestefar har funne, for han er ein av verdas beste kamel -jegerar.

Med ei slags bøn i blikket hadde Nina rista sakte påhovudet. Så hadde ho sagt:

– Det der er ikkje sant.– Det er heilt sant.– Eg trur eg må spy.Men det hadde ho ikkje gjort. Ho hadde berre blitt sit-

jande der på sofaen og sett ein god del bleikare ut enn hogjorde til vanleg.

Kameljegeren ferdig_Layout 1 28.08.13 16.25 Side 16