kløverknekten nr 1 2016
DESCRIPTION
ÂTRANSCRIPT
Kløverknekten Medlemsblad for 4H Sogn og Fjordane – nr 1 – 2016 – 36. årgang
To fine damer på Hesjastauren 4H sin haustfest. Foto: Hilde Sværen
Les meir om:
Fylkesleir i
Fjærland
Landsleir i
Oslo
Storkurs i
september
Superhelga
Årets 4H-
klubb
Trivsels-
agentane
Og endå
noko til…
Utgjevar:
4H Sogn og Fjordane Postboks 14
6801 FØRDE
Tlf: 57 64 31 96
www.4h.no/sognogfjordane/
Redaktør: Hilde Sværen
Redaksjonen avslutta 21. april 2016
På 4H-kontoret i Hafstadgården i Førde
finn du:
Dagleg leiar i 4H Sogn
og Fjordane
Åge Avedal
57 64 31 96 e-post: [email protected]
Organisasjons-
rådgjevar
Hilde Sværen
57 64 31 93 e-post: [email protected]
Kontormedarbeidar
Kari Anne G. Årset
57 64 31 94
e-post:
Prosjektleiar
Hanna de Groot
e-post:
Prosjektleiar
Kristin Haanshuus
e-post:
Frå fylkesstyret
Har dokke fiksa sveisen til 2016?!
Landsleiren på Bygdø kongsgård er eit av dei store
høgdepunkta i 4H-kalendaren og eg veit at mange av dokke
skal vere med. 4H Akershus og Oslo har jobba knallhard og
promotert leiren lenge, og ut i frå det vi såg i opptoget i
Finland så kjem det til å bli heilt Konge. Det blir muligheiter
for tur til Tusenfryd, spøkelsesvandring, styling av leirbukse
og mykje meir. Sjølv er eg i USA når det er leir og skulle
gjerne ha vore med. Når en reise på sin første store leir møte
vi nye venna og blir inkludert i ein veldig sosial og stor gjeng.
Mange av dei eldste har mykje erfaring med å reise på store
leirar og veit korleis ein skapar ein trygg og god leirfølelse.
Så eg utfordrar alle til å melde seg på slik at vi klarar å fylle
minst 2 bussar til Bygdø og bli med på all moroa. Kronprins
Haakon er 4H Norge sin beskyttar og kanskje han skal på
leir, kven veit?
Fjærland 4H og klubbane i Sogndal jobbar godt med
planlegging av årets fylkesleir som går av stabelen i
Fjærland. I år skal eg prøve meg på leirkontoret og eg håpar
at mange stikke innom å seier ”Hei!”. Når vi skal ha leiren i
rundballe-bygda, så må vi jo sjølvsagt dekorere rundballar til
tuna. Bli med på leir og skap god 4H-aktivitet!
Fram snakk 4H og synleggjer all den gode aktiviteten vi
bidreg med i by og bygd.
Vi snakkast på leir!
Inger-Margrethe Sørland
Fylkesleiar 4H Sogn og Fjordane
Velkommen til Fylkesleir i
Fjærland 30. juni – 3. juli Fjærland 4H, Erla 4H, Kjernen 4H og 4H Sogn og Fjordane inviterer deg til fire
fine dagar med 4H Fylkesleir i Fjærland!
Leiren vert mellom gamle ferjekaien og skulen i Mundal, om lag 3,5 km frå RV5.
Alle som kjem og reiser med buss, får skyss frå busstoppet til leiren.
Program Torsdag: Oppmøte, offisiell opning, pynting av tunball og bli-kjend-aktivitetar.
Fredag: Turar på føremiddagen, tevlingar på ettermiddag og fritt fram på scena
om kvelden.
Laurdag: Aktivitetar på føremiddagen, framhald av tevlingar og open leir på
ettermiddagen. Mel Bee and the Gogo Girls spelar frå scena om kvelden.
Sundag: Finalar, offisiell avslutning og heimreise.
Tevlingar under leiren - Penast pynta tunball, ei tuntevling.
- Landkreditt vollyballturnering, kommunetevling, påmeldingsfrist
fredag morgon.
- Rundballtrilling
- Tautrekking, ei tuntevling
- Fritt fram på scena, her kan du syngje, spele sketsj
eller anna underhaldning. Alle som deltek får premie.
Påmeldingsfrist fredag morgon.
Open leir
På open leir vert det aktivitetar for både tilreisande og 4H-arar. Her skal det m.a. vera bumperballar,
bokstablekonkurranse, eksteriørdømming, aktivitetsløype og underhaldning frå scena om kvelden.
Turar Alle skal velje ein tur å vere med på fredag føremiddag.
TUR 1 Flatebreen - Vår anbefaling til alle i normalt god form og med
friske kne. Dette er Fjærland sitt mest kjende turmål gjennom
generasjonar. Turen går frå Øygard i Supphelledalen og opp til om lag
1000 m.o.h. Turen er bratt og høver difor ikkje for dårlege kne og hofter.
Berekna gangtid i turfølgjetempo er 3 timar opp og 2 timar ned. Flott utsikt
frå toppen. Så tidleg på sommaren kan det ligga mykje snø att på vegen
opp, så gode, vasstette fjellsko er viktig. Det kan og vera kaldt i høgda, så
lue, vottar og vindtette kle må vera på plass i sekken i tillegg til
drikkeflaske. Me finn vatn til etterfylling av flaska på vegen.
TUR 2 Nesahaugen - Kortare enn Flatbreen, men likevel mykje fint på vegen og flott utsikt frå toppen. Nesahaugen er
fjellet leirplassen ligg under. Stien, som startar om lag 1 km frå leiren, slyngar seg i variert terreng opp til om lag 600
m.o.h. Berekna tid i familietempo er 2 timar opp og halvannan time ned.
TUR 3 – Mundalsdalen -Ein flott tur som ikkje er bratt. Passar for alle. Mundalsdalen er dalen som leiren ligg i
munningen av. Den slyngar seg flatt mellom mektige fjell. Den fyrste delen av turen går på stølsveg fram til ein heimastøl.
Her kan ein stoppe og nyte flatene til avslapping eller leik om ein ynskjer det. Ofte går det og dyr på beite der som ein kan
kose med. Ein kan og gå vidare mot ein fjellstøl.
TUR 4 – Langs fjorden frå Mundal til Bremuseet -For dei som føretrekk asfalt som underlag. Dette er ein vakker
tur til tross for at den går langs kommunevegen. Frå leiren passerer ein Mundal med bokby, butikk, kyrkje og hotell. Me
kryssar Bøyaøyri fuglereservat der det er observert 100 hekkande artar. Desse kan ein prøve å få auge på frå
fuglekikkartårnet på rasteplassen. Turen inkluderar inngang til Norsk bremuseum der de kan sjå panoramafilm frå breen,
gå gjennom den interaktive klimautstillinga, utføra eksperiment med is og mykje meir. Det kan høva å nyta nistematen sin
her før de ruslar dei 3,5 km attende mot leiren. Denne turen er også mulig å velje som aktivitet på laurdag.
Aktivitetar Alle skal velje ein aktivitet til laurdag føremiddag.
1. Volleyball Vil du bli betre i volleyball? Her får du høve til å trena på ulike slag og
teknikkar. Me øver og på samhandling, planlegging og spel. I tillegg går me
gjennom dei viktigaste reglane.
2. Skyting Grunnleggande skyteteknikk på 100 m bane med gevær på blink og
figur og med pistol på blink. Skyttarar frå Fjærland skyttarlag stiller som instruktørar.
3. Cowboy for ein dag Lunde tursitstasjon tilbyr aktivitetar som leirdueskytin med laser, labyrint med kule,
skytesimulator, gladiatormatch, laserpistolskyting og rodeo. Er du klar for å vere cowboy? Eigenandel kr 250.
4. Klatring I Sognahallen, 30 min i bil frå leiren, finn du ein av Norges beste klatreveggar. Sogndal klatreklubb står
klare til å retteleia deg opp i veggen. Eigenandel kr 100. Deltakarane må ha foreldresamtykkje for å vere med på
denne aktiviteten. Skjema vert sendt ut i lag med meir informasjon om leiren.
5. Showdance Likar du å dansa moderne dans? Anne Mari, som er instruktør i showdance ved Dans utan grenser
i Sogndal, står klar til å øve inn eit program saman med deg. Kanskje blir de så gode at de kan ha oppvising for
resten av lerien?
6. Hip hop og breakdance David Morken Mundal har også vore instruktør ved Dans utan grenser i Sogndal,
men har siste året gått på Flow dance academy i Oslo og København. Han er klar til å lære vekk noko av det han
kan til både nybyrjarar og vidarekomne.
7. Musikkverkstad Spelar du slagverk, keyboard, gitar eller bass? Eller bur det ein vokalist i deg? Har du lyst til å
spela saman med nye vener? Då kan du melde seg på musikkverkstad som aktivitet. De treng ikkje ta med eigne instrument.
8. Gardsbesøk Her kan du få vere med på ulike aktivitetar og arbeid på garden.
9. Flettekurs Lær ulike måtar å flette hår på og om hårpleie.
10. Leikekurs Kan du nokon av dei gamle leikane spretta pinn, kappa land eller skothellekasting? Viss ja, då veit du
at det er kjekke leikar som du kan kosa deg med. Viss nei, då får du no høve til å læra dei. Dette vert berre leik og moro.
11. Spikking Her kan du lære å spikke i rått trevirke, me finn emne i skogen og lagar både nyttige ting og ting til å
ha det kjekt med.
12. Kajakk I Fjærland bles det sjeldan, noko som gjer Fjærlandsfjorden til ein perfekt stad å ta ein kajakktur for
fyrste gong. I tillegg er synet mot breane fantastisk flott frå fjorden. Uansett ver vert du våt på beina, så ha på deg vasstett bukse. Hugs og skobyte. Eigenandel kr 100.
13. Båttur til veglause grender langs Fjærlandsfjorden Langs Fjærlandsfjorden ligg det fleire veglause
grender på begge sider. I dei fleste er det no berre folk om sommaren, men dette året er eit unntak. I år byggjer Sognekraft kraftverk i 6 av desse grendene. På båtturen på vil du i tillegg til å få sjå dei veglause grendene også høyra om prosjektet til Sognekraft. Turen tek om lag ein time og er difor fin å kombinere med besøk i bokbyen.
14. Teikning Er du glad i å teikne er dette kurset for deg!
15. Male på skiferheller Lag ditt eige dørskilt av ei skiferhelle. Hobbymålaren Wigdis hjelper deg med tips og idear
til motiv, fargar og komposisjon.
16. Bladtrykk Lag vakre trykk med mønster frå naturen sjølv. Utforsk korleis blad frå ulike tresortar gir ulike uttrykk.
17. Norsk Bremuseum Me går til Norsk bremuseum der de kan sjå panoramafilm frå breen, gå gjennom den
interaktive klimautstillinga, utføra eksperiment med is og mykje meir. På vegen går vi også innom fuglereservatet på Bøyaøyri og opp i fuglekikkartårnet.
Aspirantleir Aspirantleiren vert frå fredag 1. til
laurdag 2. juli. Aspirantleiren vert
offisielt avslutta før open leir tek til. Det
er eiga påmelding til aspirantleiren.
Alle aspirantane får besøk på Norsk
Bremuseum som aktivitet på laurdag.
Kløversamling Kløvermedlemmer i 4H vert invitert til
samling under open leir.
Kløvermedlemmer frå 4 til 9 år er
invitert til ei Kløversamling under open
leir laurdag ettermiddag.
Praktisk informasjon Alder: Du kan verte med på fylkesleir frå det året du fyller 12 år.
Aspirantar på 10 og 11 år kan delta på aspirantleiren 1.-2. juli.
Leiravgift: Kr 950,- for medlemmer, kr 800 for søsken,
kr 500,- for born av leiarar og leiarar ut over 1 per 10 leirdeltakarar.
Pris for aspirantleiren er kr 500,-
Alle klubbar må ha med seg ein leiar per 10 påmelde.
Påmelding: Påmeldinga opnar på «min side» på 4h.no 1. mai. Siste
frist for påmelding er 1. juni. Påmeldinga er bindande.
Mat: Leirkomiteen serverar frukost og middag, og alle lagar matpakke
til lunsj.
Overnatting: Deltakarar og leiarar bur i telt / lavvoar som de har med
sjølve. Ein presenning kan vere lurt å ha under teltet dersom det er
vått. 4H-klubbane vert delte inn i tun og bur saman med andre klubbar.
4H-butikk og kiosk: Fylkeskontoret vil ha butikk på leiren. Der kan ein
få kjøpt 4H-artiklar som solbriller, t-skjorter, drikkeflaske +++
Alumnklubben SOFA har kiosk i miljøtorget under leiren.
Siste nytt om leiren Finn du på Facebook-gruppa til leiren, «4H
Fylkesleir Sogn og Fjordane 2016».
Alle deltakarane får tilsendt informasjon om leiren på
e-post om lag ei veke før leiren startar.
Foto: Hanne Haugen, Fjærland 4H og 4H-kontoret
Landsleir 2016 Bli med du også då vel, nesten 50 Sogn og Fjordingar er alt
påmelde og det er plass til mange fleire!
23. – 30. juli er det 4H-Landsleir på Bygdø Kongsgård i
Oslo. Det blir ei veke med mange kjekke aktivitetar, turar, konsertar,
teltliv og nye venner frå heile landet. Les meir om leiren i Aktivitet, på
4hlandsleir.no eller «4hlandsleir2016» på Facebook. Du kan også bli
venn med maskoten Eufemia Regina på Facebook.
Alder: Frå det året du fyller 14 år.
Påmelding: på «min side» på 4h.no.
Påmeldinga er bindande.
Pris: fram til 1. mai – kr 2450, etterpå
kr 2950.
Reise: 4H Sogn og Fjordane set opp
fellesreise med buss frå Førde. Prisen
kjem til å verte ca 1300 kr, litt
avhengig av kor mange som vert med.
Leiarar: 4H Sogn og Fjordane ordnar med vaksenleiarar for deltakarane. Dette er alumnar som har god
leirerfaring.
Blir vi like mange i år, som i fjor?
Foto: Hilde Sværen
Foto: Benjamin Lillerud
Frå Frys til Mage er vegen kort
I 2015 hadde alle medlemene i Eikås 4H på Jølster
eitt felles prosjekt der dei mellom anna fora fram 3
smågris til slaktferdig alder med 100 kg slaktevekt.
Den eine grisen fekk eit nytt liv som frysevare på
Eikås, og det er jo ikkje noko evig liv, om ein vil
halde på kvaliteten.
Vegen frå frysen til magen vart nytt prosjekt for 11 matglade
medlemer i Eikås 4H. Dei skulle i løpet av vinteren foredle
frosne stykningsdelar til festmat og kvardagsmat. I desember
førebudde gjengen julemiddag til alle medlemene i klubben. På
menyen stod tørka svineribbe. Ein rett som mange ikkje hadde
smakt før, men som fall i smak hos dei aller fleste. Sist søndag
var det duka for søndagsmiddag til føresette og søsken. 200
poteter, 13 kg gulrot, 6 kg surkål, 7 store svinesteiker og 50
kotelettar skulle bli til middag for 80 personar. Da vart akkurat
nesten nok. Alle fekk smaken. Nokon kunne nok tenkt seg å
ete meir, men då måtte grisen ha levd litt lenger sist haust. Eit
matnyttig prosjekt der medlemene har følgd grisen frå smågris til mage, og sett at maten ikkje kjem heilt av
seg sjølv.
-Det var skikkeleg kjekt å sjå korleis tiåringane fann glede i
potetskrelling klokka 08:30 ein laurdagsmorgon, seier
klubbrådgjevar Merete Støfring. Medlemene fekk prøve seg
både som kokkar, servitørar og i oppvasken. Midt i den
travlegaste økta med servering på søndagen kom det eit
hjartesukk frå ein av dei yngre servitørane: -Å vere servitør
er jammen stressande, og så vert eg så utruleg svolten av å
servere andre mat!
Tekst og foto: Merete Støfring, Eikås 4H
Lærte å ta styringa
Nærmare 150 4H-arar fann vegen til Skei for å delta på styrekurset under Superhelga i 4H.
5.-7. februar vart det arrangert Superhelg i 4H for fjerde gong. Tre store arrangement gjekk av stabelen denne
helga: Styrekurs for 4H-medlemane, inspirasjonssamling for vaksne i 4H og fylkesårsmøte.
Ellevill underhaldning
Å sitte i eit klubbstyre handlar om å ta styringa på aktiviteten i klubben, og det får ein god opplæring i under
styrekursa. Dei som var med på styrekurset kunne delta på kurs for leiarar, sekretærar, kasserarar eller på
kursa «ny i klubbstyret» og «ringrev».
I tillegg var det bli kjent-aktivitetar, årsmøteopplæring og underhaldningskveld med elleville sprell frå scena.
Foredraget med «Mobbeprofessoren» fredag kveld gjorde også inntrykk hos deltakarane.
På søndagen fekk alle deltakarane delta på fylkesårsmøtet i 4H, med spennande diskusjonar om mellom anna
inkludering av unge med innvandrarbakgrunn og korleis fylkeslaget skal legge opp aktiviteten når 4H får færre
tilsette frå juli 2016.
Her er nokre bilete frå Superhelg styrekurs 2016.
Tekst: Åge Avedal, Foto: Torgeir T. Bell
Inspirasjonssamling Medan medlemmane lærte korleis 4H-klubben skal styrast var klubbrådgjevarane samla for å
få inspirasjon og for å verte tryggare som vaksne i 4H.
Det var ei samling med spennande og tett program. Mobbeprofessoren besøkte også dei vaksne, prosjektleiar
Hanna de Groot leia oss gjennom Trygg i 4H, vi lærte førstehjelp av Røde Kors, Kari Heggelund, leiar i
landsstyret orienterte om omorganiseringsprosessen vi er i, det var tid til å diskutere med kvarandre. Og
sjølvsagt var det tid for litt leik og galskap
Foto: Jomar
Bergheim, Kari
Anne Årset
150 på fylkesårsmøtet
Over 150 deltok på fylkesårsmøtet
på Skei 7. februar.
Alle som var med på styrekurset under
Superhelga på Skei fekk også vere med
på fylkesårsmøtet. I tillegg kom det fleire
deltakarar frå 4H-klubbane og
samarbeidsorganisasjonar.
Debatten var god, og ein god del handla om korleis aktiviteten i fylkeslaget skal bli etter omorganiseringa i 4H
frå juli 2016, der ein får færre tilsette. Årsmøtet diskuterte også korleis 4H kan bli meir synleg og korleis vi kan
bli betre på inkludering av born og unge med innvandrarbakgrunn. Årsmøtet vedtok ein årsmøteuttale som er
sendt ut til alle 4H-klubbane og til media som handlar om inkludering.
Inger-Margrethe held fram som leiar
Inger-Margrethe Sørland (20) frå Breim vart attvald som leiar
under årsmøtet.
- Vi går inn i eit spennande år med omorganisering. Dette betyr meir
ansvar på oss frivillige og færre tilsette. Eg ser fram til å ta fatt på
arbeidet, og synest framtida ser lys ut for 4H. Eg gler meg til å
samarbeide endå meir med nabofylket Møre og Romsdal som vil skal
vere i region med, og trur vi skal klare både å auke aktivitetsnivået og få
fleire medlemer, seier Inger-Margrethe.
Ny i styret er Eirik Vikøren (28) frå Kjernen 4H i Sogndal. Vikøren har tidlegare verv som leiar i SOFA, 4H-
alumnklubben i fylket,.
I styret sit også Vilde Ulsten (19) frå Neptun 4H i Flora, Kåre Olav Gjesdal (54) frå Blåklokka 4H på Vassenden
og Marit Hjortung som er Fylkesmannen sin representant i styret. Vara til styret er Camilla Laugerud (23) frå
Trekløveret 4H i Kjølsdalen, Inger Johanne Svartemyr (17) frå Ungbjørka 4H i Bjordal og Maria Høydal (17) frå
Vårvon 4H i Eivindvik. Eirik Førde (19) er SOFA sin representant.
Fylkesstyret frå venstre: Marit
Hjortung, Inger Margrethe
Sørland, Vilde Ulsten, Eirik
Førde, Maria Høydal, Eirik
Vikøren, Inger Johanne
Svartemyr, Kåre Gjesdal og
Dianne Eikås – ordførar i
årsmøtet.
Tekst: Åge Avedal
Foto: Torgeir Timenes Bell
Eikås 4H vart Årets 4H-klubb Gris og grønsaker er to av stikkorda som kan oppsummere Eikås 4H sitt arbeid i 2015. No er
klubben kåra til Årets 4H-klubb 2015 i fylket.
Eikås 4H frå Vassenden er kåra til Årets 4H-
klubb 2015 etter eit svært innhaldsrikt år.
– Det er veldig kult at klubben vår er kåra til
Årets klubb! jublar Kristina Støfring (15), leiar
for Eikås 4H.
Stor aktivitet
I 2015 hadde 4H-klubben 36 medlemmar, og
arrangerte elleve klubbmøte, seks styremøte,
tre andre arrangement for heile klubben og 23
gruppemøte. Mange av medlemmane deltok
mellom anna på aspirantleir, fylkesleir, nordisk
leir og på storkurs i fylket.
– Hjelpa frå dei tre klubbrådgjevarane våre
har betydd utruleg mykje for klubben, fortel
den unge leiaren.
Naturmøteplassen på Svidalsøyra har vore nytta til fleire arrangement, og klubben har halde plassen godt ved
like. Mellom anna hadde medlemmane aktivitetar og mange besøkande på naturmøteplassen under
friluftsdagen 31. mai, saman med mange lokale friluftsorganisasjonar.
Grisar og grønsakshage
Klubben utmerka seg ved å ha ei stort fellesprosjekt i 2015, «Frå jord til bord», der målet var å skaffe råvarene
til betasuppa på haustfesten. Den eine klubbrådgjevaren stilte plass til disposisjon, og alle medlemmane fekk
opplæring og samarbeida om å fòre opp tre grisar og å dyrke grønsaker.
– Det var utruleg lærerikt å ha dette prosjektet. Det har vore artig og vi har kosa oss mykje saman, så eg vil
absolutt anbefale alle klubbar å ha eit fellesprosjekt! smiler leiaren for Eikås 4H, Kristina Støfring (15).
I september vart det både hausting av grønsaker og slakting av grisane. To vart sendt til slakteri og kom
tilbake ferdig partert, medan den siste vart slakta på Støfring, der dei som ville kunne vere med eller berre sjå
på.
Spennande planar
– I det komande året har vi planlagt ein del felles aktivitetar med dei andre klubbane i Jølster, til dømes
volleyballturnering. Vi har også ei gruppe som har matlaging som prosjekt, der dei brukar opp maten vi fekk ut
av prosjektet i fjor. Av dette skal vi mellom anna lage ein flott søndagsmiddag, avsluttar femtenåringen.
Det er fylkesstyret i 4H Sogn og Fjordane som kvart kårar Nordfjord,- Sunnfjord- og Sognemeister blant 4H-
klubbane i fylket. Av desse tre blir ein vald til Årets 4H-klubb. Dette året vart Trekløveret 4H, frå Kjølsdalen i
Eid kommune, kåra til Nordfjordmeister. Bergrosa 4H, frå Gaupne i Luster kommune, vart kåra til
Sognemeister, medan Eikås 4H vart kåra til Sunnfjordmeister og Årets 4H-klubb 2015.
Under kåringa vert det teke omsyn til mellom anna fagaktivitetar, tilskipingar for klubben og andre, samt
deltaking på arrangement utanfor klubben. Årets 4H-klubb får diplom og eit tinnkrus, som dette året var
sponsa av Felleskjøpet og vart utdelt på årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane på Skei.
Tekst: Linda Slåtten Foto: Trine Thorsen
Ola Grimsbø, Andreas Støfring, Kristina
Støfring og Sigbjørn Norddal mottok prisen.
www.naturmøteplass.no - For alle som likar seg ute
Naturmøteplassar er ein
kjempesuksess! Det finns over 44
naturmøteplassar i Sogn og
Fjordane og eigentleg mange
fleire: dei aller fleste klubbane har
ein uteplass eller to som dei likar å
bruke.
No vert det enno enklare å lage
naturmøteplass og ha uteaktivitetar.
Hanna på 4H kontoret driv og samlar tips
og triks til utebruk på ei nettside som
heiter Naturmøteplass.no
På naturmøteplass.no finn du:
Aktivitetstips
Leikar som kan brukast både inne og ute
Oppskrifter for enkel og spanande utemat
Verktøy for planlegging av tur (Dagros)
Prosjektpakke for naturmøteplassbygging
Inspirasjonsbilete frå naturmøteplassar
Aktivitetshefter
Kor du kan søke pengar til å lage naturmøteplass
Korleis de kan lage ein naturmøteplass.
På naturmøteplass.no kan du mellom anna
laste ned ein natursti, klar til bruk.
Nettsida er framleis under arbeid.
Me er på jakt etter bilete,
arbeidsteikningar og aktivitetar som me kan legge ut på nettsida. Ta kontakt
med [email protected] om du har noko å dele.
Foto: Geir Årdalsbakke
Aktivitet i 4H-klubbane Det er stor aktivitet i 4H-klubbane i fylket. Her er nokre glimt.
Stinn brakke, med 140 4H-arar frå tre kommunar på
nyttårsball hos Solstrålen 4H. Dansegolvet var fylt til
randen av finfin ungdom i dress og kjole.
Foto: Åge Avedal
Kjernen 4H hadde
aktivitetskveld med
fuglekassespikring,
batikkfarging og
dropslaging.
Foto: Anne Britt Halset
Karnevalsmoro i Viksdalen Foto: Linda S. Storøy
Fossekallen 4H på pangstart på
Nordfjord Fritidssenter. Foto: Bente Wåla Hjelle
Trivselsagent 2016 10 seniorar er klare til å gjere den viktige jobben som Trivselsagentar. Trivselsagentane har
gjennom to helgesamlingar lært å skape gode miljø i 4H-klubbane sine og på
fylkesarrangementa til 4H Sogn og Fjordane.
Trivselsagent 2017?
Ta kontakt med 4H-kontoret. Foto: Hilde Sværen
Plakettmottakarane 2015
Framme frå venstre: Anna Yi Xiang Bøtun, Fresvik 4H, Lovise Akse, Solstrålen 4H, Eli-Kristin
Arnestad, Kløveren 4H, Thea Lois Kvammen, Flink 4H, Anette Breistøl, Audhumbla 4H, Ingvill
Nornes, Erla 4H, Kari-Anne Ellefsplass Sørland, Eggenipa 4H, Silje Sundal, Trekløveret 4H, Helene
Bakke, Trekløveret 4H, Margrethe Nuland Kjøllesdal, Trekløveret 4H, Elin Støylen, Snøklokka 4H,
Guro Vangen Førde, Fjelltind 4H, Sigrid Underlid, Redalsgryta 4H, Marit Flatjord, Nestleiar i Sogn og
Fjordane Bondelag
2. rekke frå venstre: Hilde Sværen, Organisasjonsrådgjevar i 4H Sogn og Fjordane, Marte Heggdal
Elvebakk, Bukta 4H, Bente Kjosaas Leknes, Sjøstjerna 4H, Silje Maristuen, Audhumbla 4H, Jon Even
Fossheim, Bukta 4H, Kristine Djupegot Raad, Eggenipa 4H, Signe Bjotveit, Kransen 4H, Ingrid
Haukadal, Skjold 4H, Elise Marina Litlere Eikevik, Standal 4H, Ragnhild Bjørkum Vassbotn, Fjellklang
4H, Siw Jeanett Brekke Refvik, Trekløveret 4H, Elisabeth Eikås, Trekløveret 4H, Magnus Henden,
Ørn 4H, Alexander Dvergsdal, Sparebanken Sogn og Fjordane
3. rekkje frå venstre: Martine Vonen Kvaal, Solstrålen 4H, Linn Sæbø Øvreås, Solrenning 4H, Marita
Håvåg, Havgula 4H, Hege Mundal, Fjærland 4H, Silje Molland Lindborg, Erla 4H, Karoline Solheim,
Eikås 4H, Oda Eide, Snøklokka 4H, Eline Skogstad Øvreås, Skjold 4H, Beate Alme, Vårliv 4H, Kristin
Marie Gjørven, Fossekallen 4H, Ingrid Margaretha Ahlin Søvde, Vårliv 4H, Kamilla Weka, Skjold 4H
Bak frå venstre: Kamilla Dale, Fjordljos 4H, Tomas Nyhus, Skjold 4H, Anders Sæten, Loen/Rake 4H,
Sindre Steig, Fortun 4H, Eirik Førde, Eggenipa 4H, Simon Kvile, Eggenipa 4H, Kristian Årskog, Ørn
4H, Stian Grimeland, Solstrålen 4H, Even Stubhaug, Solstrålen 4H, Hans-Jørgen Gjerde, Bergrosa
4H, Jon Andreas Kornberg, Kløveren 4H, Rebecca Strandheim Forfod, Dalane 4H, Knut Leirgul,
Snøklokka 4H, Håvard Heggheim, Fjelltind 4H
Kjære alumnar! I vinter vart det leiarskifte i SOFA, og eg gler meg til
min første sommar som leiar! Det er mykje kjekt dokke
kan vere med på denne sommaren: Fylkesleir i
Fjærland 30.juni-03.juli, Landsleir på Kongsgården i
Oslo 23.-30.juli og Europeisk Rally i Nord-Irland 30.juli-
06.august, berre for å nemne noko
Under fylkesleiren er det som vanleg alumnane som arrangerer
Miljøtorget. Dei siste åra er det fleire alumnar som har lagt ned ein fantastisk innsats i dette arbeidet, men vi
treng fleire! Det å lage til eit miljøtorg er utruleg sosialt og morosamt, men litt arbeid må til. Difor vil SOFA-
styret sponse leiravgifta til dei alumnane som er med og arbeidar minst 2 to-timarsvakter i løpet av leiren! Så
meld dokke på leir i sommar, dette kjem til å bli knallartig!
Og til slutt: Kjære sisteårs-seniorar! No er dokke inne i det siste året i 4H-løpet, til hausten får dokke plaketten. 4H-plaketten er eit bevis på at
dokke er ein del av ein unik fellesskap av høgst oppegåande og samfunnsengasjerte ungdommar, og det er
ein fin ting å ha med seg vidare i livet. Men moroa stoppar ikkje der! Dokke er hjarteleg velkomne til å fortsette
i 4H som alumnar, då kan dokke vere med på eit breitt spekter av kjekke 4H-aktivitetar!
Er det noko dokke lurer på, så er det berre å ta kontakt! Vi er til stades på fylkesarrangementa, og dokke kan
like SOFA på Facebook for å få oppdateringar på kva som skjer
Vi sjåast på leir!
-Eirik Førde, leiar i SOFA
Bak disken på Miljøtorget på Fylkesleirane kan
det vere hektisk og slitsomt – MEN alltid gøy!
Her frå Miljøtorget i Viksdalen i 2011.
Foto: Åge Avedal
Oppslagstavla Dette er satsingsområdet til 4H i år og neste år. Eit av
tiltaka i 4H Fikser alt er Kløverjakten. Kløverjakten er ein
konkurranse der deltakarane samlar kløverpoeng ved å
gjennomføre ulike månadlege utfordringar (både individuelle og
felles), besøkje naturmøteplassar og/eller 4H-gardar. Gjennom
ein app kan ein følgje dei ulike utfordringane, sjå samla kløverpoeng og vinne premiar. Kvar månad har eit
eige tema med spennande utfordringar ein kan prøve seg på.
Alle 4H-arar kan vere med på Kløverjakten. Det einaste ein treng for delta på innsamlinga av kløverpoeng er å laste ned ein app på mobil-telefonen. Kløverjakten-appen er tilgjengelig i Google Play, App Store og Windows Store.
Dessutan kan du bruke Kløverjakten-appen til å melde deg på 4H-arrangement
Vil DU vere vertsfamilie?
Til sommaren får vi i 4H Sogn og Fjordane besøk av Makenna frå Oregon gjennom USA-utvekslinga, og antakeleg av ein IFYE i 20-åra frå USA. Makenna er 16 år og går i tiande klasse. Ho er med i dansegruppa på skulen og spelar fløyte i skulekorpset. Makenna begynte i 4H då ho var 5 år og har hatt kanin og kylling som prosjekt. No er ho County Ambassador (fylkesagent) der ho hjelper til som frivillig under 4H arrangement eller kan representere 4H ut mot lokalsamfunnet. Ho er glad i friluftsliv og fjellturar, og gleder seg til å sjå dei norske fjordane og fjella. Ho kjem på utveksling fordi ho likar å lære om ulike land og kulturar, og fordi ho håpar at reisa vil gjere henne mindre beskjeden og meir sjølvsikker.
Har du ei ekstra seng og litt mat på bordet i sommar så kan du få oppleve ein bit av verda i di eiga stove. Dei som kjem på besøk skal vere som ein heil vanleg familiemedlem. Det er ikkje forventa å skulle ha lagt opp fullt program, men har de noko å vise fram so er det sjølvsagt artig. Makenna treng ein vertsfamilie frå 3. juli til 23. juli, og det må vere ei jente i familien i alderen 14-18 år. IFYE-en treng vertsfamiliar frå 19. juni til 2. september, alt frå fire til førti dagar per familie kan vere aktuelt. Har du lyst å vere vertsfamilie, eller berre lurer på noko, kontakt 4H-kontoret eller vertsfamiliekoordinator snarast: [email protected] 480 30 693
Friluftsmoro Dei to siste helgane i mai er du invitert til Friluftsmoro. Fleire 4H-klubbar vil vere med og lage til opne
arrangement desse to helgane, saman med andre friluftsorganisasjonar. I alt vil det vere rundt 15
arrangement rundt om i fylket dei to helgane.
Følg med i lokalavisene og på nettsida til 4H Sogn og Fjordane for å sjå om det blir arrangement der
du bur!
Storkurs 9. – 11. september er det
klart for nytt Storkurs. Her
blir det mange spennande
kurs å delta på og elles
mange kjekke aktivitetar
og kjekke folk å bli kjende
med. Følg med på
heimesida og på
Facebook for meir
informasjon. Det vert
også sendt ut informasjon
til klubbane i Månadsinfo.
Bli med 4H til
Gambia! 4H Norge inviterer deg til å vere med på
studietur ca 1.- 14. januar 2017, for å besøkje
4H i Gambia.
Studieturen tilbyr ein unik muligheit til å bli kjent med Gambia og 4H Gambia. Vi bur hos vertsfamiliar i ulike
landsbyar og får vere med på 4H-aktivitetar.
Vi har plass til 14 personar, og for å bli ein av dei heldige må du enten vere 4H-er over 16 år, alumn,
klubbrådgjevar, tilsett eller ein annan form for ressursperson i 4H. Programmet passer godt for 4H-prosjektet
«Vindu mot verden», gjerne fordelt over to år.
Vi reiser til hovudstaden Banjul, og er der og akklimatiserer oss nokre dagar, før vi reiser inn i landet. Vi
besøkjer fleire landsbyar med 4H-klubb og ser på prosjekta deira. I minst 4 netter bur og et vi to og to hos kvar
sin familie i landsbyen, men gruppa bur saman på hostel innimellom. Før vi reiser heim til Norge tilbringar vi
nokre dagar ved kysten, der vi deler opplevingar og inntrykk.
Praktisk informasjon:
Søknadsfrist: 1.mai 2016.
Reiseperiode: ca. 1. - 14. januar 2017. NB! Eksakte reisedatoar vil bli oppdatert!
Deltaking i studieprogrammet er obligatorisk for å kunne reise til Gambia. Reise og opphald på alle
arrangement vil bli ca. kr 20 000,-. (Datoar og endelig pris vil bli stadfesta før søknadsfristen går ut). Andre
utgifter som kjem i tillegg er evt. reise t/r Stockholm og overnatting der, nødvendige reisevaksiner,
malariatablettar, mat, egen reiseforsikring og lommepengar. Berekn ca. 3 500 kr i lommepengar. Søk gjerne
4H i fylket, 4H-klubbar, kommunen og andre om tilskot til studieturen.
Søknadsskjema og meir informasjon finn du på 4h.no
Bli ven med 4H Sogn og Fjordane på Facebook!
No har vi snart 1300 vener, men vil gjerne ha fleire.
Følg oss på Instagram, og merk gjerne bileta dine
med #4hsof og #vier4h dersom du postar bilete
frå 4H-aktivitet.
Ta sjansen på Hafslo Onsdag 30 mars inviterte
Hafslovatnet 4H, Bergrosa 4H til Ta
Sjansen i Banktrekket på Sogn
Skisenter.
Ca. 40 medlemar møtte opp utkledd
og med "heime mekka" farkostar.
Denne kvelden var søsken, foreldre og
andre som ville sjå på velkomne vere med.
Alle 80 fekk sjå mange flotte farkostar.
Alle medlemar og søsken fekk utdelt
medalje for god innsats, og så avslutta ein
med å grille pølser.
Alle var enig i at dette var ein kjekk kveld,
og at dette måtte ein gjere neste år og.
Hafslo jentene Supertransport med Synne, Sigrid, Tonje Marie,
Mari og Mathilde Kristine
Foto: Sandhya Karlsen Holene Tekst: Ann Elisbeth Skjerven
Henrik i badekaret
Prinsessene frå Bergrosa 4H
Kenneth i farta