kommunal planstrategi for bykle kommune 2016-2019 · 1 kommunal planstrategi for bykle kommune...

11
1 KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR BYKLE KOMMUNE 2016-2019 Plan-ei bru mellom tanke og handling. Endeleg utkast, vedtatt i kommunestyret 28.04.2016. Vår ref. 15/596

Upload: others

Post on 08-Feb-2021

1 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

  • 1

    KOMMUNAL PLANSTRATEGI

    FOR

    BYKLE KOMMUNE

    2016-2019

    Plan-ei bru mellom tanke og handling.

    Endeleg utkast, vedtatt i kommunestyret 28.04.2016.

    Vår ref. 15/596

  • 2

    1. INNLEIING/ OM PLANPROSESSEN

    Plandelen i den nye plan- og bygningslova trådde i kraft 1. juli 2009. Med lovendringa

    vart krav om kommunal planstrategi innført som eit nytt verktøy. Formålet er å drøfte og

    kome fram til kva for planoppgåver kommunen bør starte opp med eller vidareføre for å

    legge til rette for ønska utvikling i kommunen.

    Planstrategien er forankra i plan- og bygningslova § 10-1. Kommunal planstrategi som

    seier:

    “Kommunestyret skal minst én gang i hver valgperiode, og senest innen ett år etter

    konstituering, utarbeide og vedta en kommunal planstrategi. Planstrategien bør omfatte

    en drøfting av kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling, herunder

    langsiktig arealbruk, miljøutfordringer, sektorenes virksomhet og en vurdering av

    kommunens planbehov i valgperioden.

    Kommunen skal i arbeidet med kommunal planstrategi innhente synspunkter fra statlige

    og regionale organer og nabokommuner. Kommunen bør også legge opp til bred

    medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen. Forslag til vedtak i

    kommunestyret skal gjøres offentlig minst 30 dager før kommunestyrets behandling.

    Ved behandlingen skal kommunestyret ta stilling til om gjeldende kommuneplan eller

    deler av denne skal revideres, eller om planen skal videreføres uten endringer.

    Kommunestyret kan herunder ta stilling til om det er behov for å igangsette arbeid med

    nye arealplaner i valgperioden, eller om gjeldende planer bør revideres eller oppheves.

    Utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slås sammen med og være del

    av oppstart av arbeidet med kommuneplanen, jf. kapittel 11. “

    Det vart meldt oppstart av kommunal planstrategi den 30.10.15, og regionale

    myndigheiter, statlege myndigheiter, nabokommunar og tenesteleiarane i Bykle kommune

    vart bede om å kome med innspel. Annonse vart også sett inn i aviser og på heimesida.

    Planstrategien vert så vedteken av kommunestyret. Det vert ikkje gjennomført ei vanleg

    høyring, men framlegget til kommunestyret skal vere offentleg tilgjengeleg minst 30

    dagar før kommunestyret si endelege handsaming.

    Planstrategien har ingen rettsverknad og er ikkje formelt bindande for kommunen. Den

    kan reviderast etter behov innafor valperioden. Synspunkt frå statlege og regionale organ

    og nabokommunar har vore innhenta og saman med dei sektorvise innspela frå

    kommunens tenesteleiarar dannar dette grunnlaget for Bykle kommune sin planstrategi.

    Nye mål og strategiar for kommunen vert ikkje vedtekne i kommunal planstrategi, men

    vert skildra i kommuneplanen for Bykle.

  • 3

    2. PLANSTATUS I BYKLE KOMMUNE

    Ø Kommuneplan

    o Kommuneplanens arealdel: vedteke 28.06.2012

    o Kommuneplanens samfunnsdel: vedteke 30.08.2007

    Ø Kommunedelplanar

    o Kommunedelplan for Hovden: vedteke 27.02.14

    o Kommunedelplan for tur og skiløyper: vedteke 26.06.2008

    o Kommunedelplan for midtregionen: vedteke 29.04.2004

    Ø Områdeplanar/ større reguleringsplanar

    o Hovden del 2: vedteke 10.09.1997

    o Hovden aust: vedteke 27.05.2010

    o Bykle sentrum områderegulering: vedteke 22.06.13

    o Reguleringsplan for Midteregionen vedteken 27.09.2007

    o Hovden Sentrum blir vedtatt i april 2016.

    Ø Kommunale temaplanar

    Desse er sett inn i tabell, i samsvar med innspel frå einingane og viser

    status og trong for revisjon.

    Ø Budsjett og økonomiplan

    o Budsjett – årleg

    o Økonomiplan – 4 års plan

    Kommunen har i tillegg mange reguleringsplanar, einingane har også

    virksomheitsplanar og handlingsplanar som ikkje er tatt med i denne oversikta.

    Regionalplan for Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei (Heiplanen) vart sluttført og

    vedteken 14.06.2013. I denne er det eit handlingsprogram som oppmodar kommunen

    om å utarbeide planar for bruk av utmark. Heiplanen blir innarbeida i

    kommuneplanen.

  • 4

    Arbeidet med planstrategi omfattar en gjennomgang av plansystemet der det skal

    vurderast om det er behov for rullering av kommuneplanen eller temaplanar. Det skal

    vidare vurderast om det er behov for nye planar eller om det er planar som bør

    avviklast.

    Nasjonale forventingar - 12. juni 2015

    I medhald av § 6-1 i Plan og bygningslova er det utarbeidd ”Nasjonale forventningar til

    regional og kommunal planlegging”. Dokumentet syner kva ein ventar at kommunane,

    fylkeskommunane og staten skal legge vekt på ved planlegging.

    Dokumentet er inndelt i tema som gode og effektive planprossesser, berekraftig areal- og

    samfunnsutvikling, og attraktive og klimavennlege by- og tettstedsområde. Sentralt i dette

    dokumentet er berekraftig og klimatilpassa samfunnsutvikling, samt klimavennleg bumiljø,

    næringsutvikling og innovasjon. Forenkling av plan- og bygningslova står også sentralt i

    forventingane til betre og meir effektive planprosessar. Ei implementering av desse

    forventningane i ny kommuneplan i Bykle kommune er viktig i komande periode.

  • 5

    3. EVALUERING AV PLANAR

    Vurderinga av planbehovet (§ 10-1 første ledd)

    Kommunal planstrategi skal utformast etter behovet i den enkelte kommune. Det sentrale i

    paragrafen sitt første ledd er at det skal ligge ei vurdering til grunn for prioriteringane av

    planbehovet. Første ledd viser til at denne vurderinga bør bygge på ei drøfting av kommunen

    sitt planbehov i lys av dei utfordringane kommunen har som samfunn og organisasjon.

    Kommunen bestemmer sjølv innhaldet i vurderingane.

    Vurdering av gjeldande kommuneplan for Bykle kommune, vedtatt arealdel 28.06.12

    I planperioden ser ein trong for ny kommuneplan, både samfunnsdel og arealdel.

    Samfunnsdelen er den eldste av desse, og det er kome mange føringar frå sentralt hald dei

    siste åra der vår kommuneplan ikkje er oppdatert.

    Arealdelen treng også ei oppdatering. Det er no nedlagt eit bygge- og deleforbod på felt med

    eldre disposisjonsplanar og fleire av desse ligg i midtregionen/Hovden sør, der det er eit tak

    på 465 nye hytter.Målet må vere å gjere det attraktivt å planlegge etter ny PBL. Det kan derfor

    vere aktuelt å sjå på nye attraktive område og fortetting. Dette må ein klarleggje gjennom

    kommuneplanprosessen.

    Det er planar om områdeplan i Stavenes. Dette vil best kunne innarbeidast i kommuneplanen,

    slik at ein kan gå direkte på detaljplan i etterkant.Det kan vere aktuelt med både bustader og

    fritidsbustader der.

    Vi har også bestemt at byggeskikkrettleiar skal oppgraderast. Dette trur vi også vil kunne skje

    best gjennom bestemmingar i kommuneplanen.

    Det vert tilrådd oppstart på ny kommuneplan, både samfunnsdel og arealdel.

    Folkehelse

    Folkehelse er eit vidt omgrep. Det handlar ikkje berre om fråver av sjukdom. Helse er også

    mennesket si evne til samhandling og tilpassing, deltaking og påverknad. Det handlar mykje

    om at mennesket kan ta ansvar for eige liv.

    Kommunane har no ansvaret for folkehelse. Lov om folkhelsearbeid kom 01.01.2012, og skal

    minne kommunane om å tenke folkehelse i all si verksemd og i all si planlegging. Lova skal

    legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsarbeid, med blant anna krav om

    oversikt over helsetilstand og kva faktorar som påverkar helsa vår i vid forstand.

  • 6

    Bykle og Valle har felles kommunehelseteneste. I løpet av 2016 skal det føreligge oversikt

    over faktorar som påverkar folkehelsa for begge kommunane. Dette arbeidet er starta opp.

    I løpet av kommuneplanprosessen vil dette igjen stå i fokus, og i høve til planstrategien

    meiner rådmannen at dei planar som er lista opp vil ta opp mange av dei utfordringane.

    Det er viktig at arbeidet med oversikt over folkehelsefaktorar går sin gang og at ulike etatar

    innafor kommunen bidreg slik at denne blir så god som muleg.

    Lokal LIM plan

    I samband med at kommunen har vedteke å ta imot ein del nye flyktningar dei neste åra, ser

    ein trong for å ha ein heilskapleg plan for integrering og språkopplæring. Dette gjeld også

    delvis for arbeidsinnvandrarar som oppheld seg for kortare eller lengre tid i kommunen.

    Dette arbeidet bør startast i 2016.

    Strategisk Næringsplan

    Det kan sjå ut som arbeidsløysa er på veg opp, særleg i sørlege delar av landet. For å vere

    proaktive ser ein trong for oppstart med ein strategisk næringsplan.

    Dette arbeidet bør startast i 2016.

    Budsjett- årleg

    I samsvar med kommunelova sine reglar skal budsjettet alltid vedtakast i balanse og

    synleggjere mellom anna ressursbruk og mål for aktivitet.

    Årsbudsjettet er saman med økonomiplanen, den operative delen av samfunnsdelen i

    kommuneplanen. Her skal ein synleggjere dei ulike aktivitetane som påverkar økonomien i

    vår kommune.

    Nytt budsjett vert lagt fram kvart år i samsvar med kommunelova.

    Økonomiplan 2012-2015

    Økonomiplan viser eit sett med drifts- og investeringstiltak. I samsvar med kommunelova sine

    reglar skal økonomiplanen alltid vedtakast i balanse og synleggjer mellom anna ressursbruk

    og mål for aktivitet i perioden 2012- 2015.

  • 7

    Økonomiplanen er saman med årsbudsjettet, den operative delen av samfunnsdelen i

    kommuneplanen. Her skal ein synleggjere dei ulike aktivitetane som krev ressursar frå eigen

    kommune.

    Ny økonomiplan vert revidert årleg i samsvar med kommunelova sine reglar.

    Kommunedelplan for tur- og skiløyper

    Planen vart vedteken i 2008, og gjennomføringa av planen er ikkje ferdig. Det vert arbeidd

    med grunneigaravtalar og opparbeiding av løyper. Det skjer stadig tilpassing av løyper og

    trasear etterkvart som kart og terreng skal passe saman.Det er også investert i rulleskiløype på

    Hovden.

    Det er trong for rullering av denne i planperioden, der ein også ser på skjøtsel og

    vedlikehald.

    Hovden del 2

    Denne gjeld framleis fordi dette er ein reguleringsplan. I dei områda der dette er siste

    gjeldande reguleringsplan bør ein vurdere å innføre bygge- og deleforbod slik at områda får

    planar etter ny plan og bygningslov.

    Denne planen bør fasast ut i løpet av kommunestyreperioden.

    Ny hovudplan for vatn og avløp.

    I tråd med at Hovden utviklast og det blir lagt til stadig nye område og fortettingar, må dei

    tekniske planane halde tritt. Det er no i denne planperioden eit stort behov for å vurdere om

    vassforsyninga er god nok, både til hus, hytter og brannvatn.

    Kapasiteten på leidningsnettet for avløp er også viktig å dimensjonere i takt med planar og

    bygging i framtida.

    Det haster å få på plass denne planen.

  • 8

    Uttaksplanar for masse frå tippar.

    Etter kraftutbygginga Brokke-Nord har kommunen no fått hand om store ressursar i form av

    masse frå tunellar som er bygd. Desse ligg no lagra i naturen, ved Bjorbekken, Bjørnarådalen

    og ved Skarg. Kommunen har bruk for desse massane i si verksemd. NVE krev at det vert

    laga utaksplanar for å kunne opne desse som massetak.

    Dette er kommunen i gang med.

    4. Kommunale Planar

    Tabell planstrategi for Bykle kommune 2016 – 2019

    Plan 2016 2017 2018 2019 Merknad

    Kommuneplanen Samfunnsdel

    Oppstart

    Kommuneplanen Arealdel

    Oppstart

    Større arealplanar:

  • 9

    Kommundelplan for Hovden

    Vedteken 27.02.14

    Områdeplan Bykle Kyrkjebygd

    Vedteken 22.06.13

    Områdeplan Stavenes Inn i kommuneplan

    Kommunedelplan for Midtregionen

    Inn i kommuneplan

    Mindre arealplanar:

    Stussli Vedtak i 2016

    Hartelii bustadfelt Start detaljplan

    Hovden sentrum Vedtak i 2016

    Berg bustadfelt Oppstart Hovdegrend-bustadfelt

    Start detaljplan

    Hartevatn Industriområde

    Start detaljplan

    Temaplaner:

    Strategisk næringsplan

    Oppstart

    Plan for idrettsanlegg, friluftsliv og kulturbygg

    Handlingsplan: vedtak des.2015

    Vedteke 22.05.2014

    Sti- og løypeplan, revisjon

    Oppstart

    Kulturpolitisk handlingsplan

    Gjeld til 2020 Vedteke 06.06.13

    Kulturminneplan Oppstart 2015

    Byggeskikkrettleiar Inn i kommuneplanen

    Energi- og klimaplan Revisjon Årleg energi- og klimaprogram

    Vedlikehaldsplan for kommunale bygg

    Revisjon

    Hovudplan vassforsyning – NY

    Oppstart

    Hovudplan avløp – NY

    Oppstart

    Tiltaksplan VA Revisjon

  • 10

    VA-norm Revisjon Uttaksplan for masse Oppstart Trafikksikkerhetsplan Vedteken

    2015

    Alkoholpolitisk handlingsplan

    Vedtatt 4-årsplan des.2015

    Rusmiddelpolitisk handlingsplan

    Vedtatt 4-årsplan des.2015

    Oversikt over faktorar som påverkar folkehelsa

    Ferdig 2016

    Lokal LIM-plan Oppstart Handlingsplan for psykisk helsearbeid

    Inn i kommuneplanen

    Bustadpolitisk handlingsplan

    Oppstart

    Utviklingsplan for Helsetenesta i Bykle og Valle (2016-2025)

    Ferdig 2016

    Ny beredskapsplan for Helsetenesta i Bykle og Valle

    Oppstart

    Plan for kommunal kriseleiing

    Revisjon ferdig 2016.

    Smittevernplan Revisjon ferdig 2016

    Plan for helsemessig og sosial beredskap

    Revisjon ferdig 2016

    Pandemiplan Revisjon ferdig 2016

    Tuberkulosekontoll- plan

    Revisjon ferdig 2016

    Plan for spesialundervisning

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Plan mot mobbing (skulane)

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Årleg rullering

    Tverrfagleg samhandlingsplan for barn og unge

    Revisjon

    Vedtekter for kommunale barnehager

    Revisjon hausten-16

    Barnehagepolitisk Revisjon 4-årsplan

  • 11

    plan Plattform for personalpolitikk

    Revisjon

    Budsjett Ny plan Ny plan Ny plan Ny plan Årsplan Økonomiplan Ny plan Ny plan Ny plan Ny plan 4-årsplan