tusen hemmelege gangar

80

Upload: mk-oskar-mk-volda-vgs

Post on 10-Mar-2016

251 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Ei barnebok av Judith Møller Hjelmeseth laga i høve TLB. Illustrert av Ingri Norli. :)

TRANSCRIPT

Page 1: Tusen Hemmelege Gangar
Page 2: Tusen Hemmelege Gangar
Page 3: Tusen Hemmelege Gangar
Page 4: Tusen Hemmelege Gangar
Page 5: Tusen Hemmelege Gangar

Judith Møller Hjelmeseth

Tusen hemmelege gangar

Illustrert av Ingri Norli

© Volda vgs

Page 6: Tusen Hemmelege Gangar

© Volda vgs 2013

1.utgåve. 1.opplag 2013

Illustrasjonar: Ingri NorliSatt i Cambria 16pt

Materiale i denne publikasjonen er omfatta av åndverkslova sine bestemmingar.

Page 7: Tusen Hemmelege Gangar

Er du redd for mørkret?

Eg skal røpe ei lita hemmelegheit. Dei fleste er redd for mørkret. Kva? Trudde du atdu at du var aleine?

Poenget mitt er at dei fleste er redde for noko, ikkje berre mørkret: edderkoppar, hår i dusjen, brus utan kolsyre – ein kan alltid finne noko ein er redd for. Om ein faktisk er redd for mørkret så har ein ”achluofobi”. Det høyrest mykje kulare ut enn ”mørkeredsel”, er du ikkje einig?

Det er sunt å ha redslar. Kva hadde ver-da vore utan pyser? Ganske keisam. Difor er det lov å vere pysete, men ein skal aldri la redselen gå utover spenninga. Sjølv om det skremmer livskiten ut av deg, og du vil berre heim til mamma, så må du prøve. Å vere modig er minst like viktig som å vere pysete

Med mindre det involverer slangar. Om slangar er med i biletet – spring andre vegen.

Page 8: Tusen Hemmelege Gangar

8

Page 9: Tusen Hemmelege Gangar

 Romet var mørkt. Det var kaldt og utriveleg. Vegard haldt pusten. Han kunne høyre vinden slå mot vindauget. Den ulte.  Vegard pakka dyna rundt seg. Han sakna si eiga seng. Den var mykje varmare enn denne dumme internatsenga. Denne var hard, klumpete og lukta surt. I tillegg var den i alle fall 20 centimeter for kort. Han måtte krølle seg ekstra saman for å få plass.  Internatskule saug. Han sakna heime. Mammas heimelaga mat, den store gode sofaen i stua, kontoret til far med alle bøkene, og trehytta hans i hagen. Aller mest sakna han senga si.  Heime var det trygt.  Fjærene knirka når han satt seg opp. Golvet var endå kaldare enn senga.  ”Med ein rett vinkel, 90 grader, må dei andre sidene i trekanten vere…” Mumla Melvin frå senga si.

Kapittel 1

9

Page 10: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Melvin. Er du vaken?” Kviskra Vegard. Det var umuleg å sjå noko i mørkret, men han kunne høyre Melvin romstere litt rundt.  Han fekk ikkje noko svar. Det einaste han høyrte var ei musestill snorking. Vegard kasta ei pute bort på han.  Melvin grynta fornærma i søvne, og snudde ryggen til.  Vegard la seg ned att i senga. Trakk dyna opp til nasa og tvang augo att. Mørkret sneik seg rundt han. Pusta han varmt i nakken. Det var som om skulen levde, og pusta i takt med vinden…

10

Page 11: Tusen Hemmelege Gangar

1111

Page 12: Tusen Hemmelege Gangar

Kapittel 2 ”Folkens, ta godt imot Vegard”, kvitra norsklæraren. Klasseromet gav henne svært lite respons. Eit gjesp frå bakerste rad. Uroleg fot-tramping frå venstre. Penneklikking frå høgre.  ”Han er heilt ny på skulen. Skikkeleg stjerneelev frå Røkkvist skulen”, det gjekk ei svak mumling gjennom klasseromet. Og der gjekk det skuleåret i dass tenkte Vegard.  ”Så, då er det berre å finne seg ein pult Vegard. Ved sidan av Melvin er det ein ledig plass”,  Alle augo i klasseromet var plutseleg på han. Dei stakk han i nakken når han sette seg. Andre rad, andre pulten frå venstre, ved sidan av Melvin.  ”Kven er klare for litt grammatikk?” Norsklæraren, Petunia, tok ein liten piruett på veg bort til tavla. ”Før du spør: ja, ho er slik kvar time”, kom det tørt frå Melvin. Vegard svarde med eit skeivt smil.  Læraren snurra rundt og klappa entusiastisk. Det

12

Page 13: Tusen Hemmelege Gangar

gjekk eit stille sukk gjennom heile klassen.

*

Timen gjekk utruleg sakte. Det tok år og dag før klokka endeleg ringte ut til fridom.  På under eit sekund var klassa ute av syne. Poff, så var det tomt.  Vegard tok stille opp matpakken sin. Neste time var på same romet, så han kunne like godt sitte der. I matpakken låg der ein lapp frå mora…”Lukke til guten min. Dette klarer du fint! Klem frå mamma.” Gud, så flaut.  ”Kjem du?” Melvin stod plutseleg i døra.  ”Hæ?”  ”Kjem du? Eller skal du sitje her heile matfri?” ”Nei?” ”Nei, akkurat. Kom igjen. Bestemor er raskare enn deg.”, Melvin smilte vennleg. Vegard pakka saman tinga sine og svinget sekken over skuldra.  Før Vegard fekk sukk for seg hadde Melvin ført han… Vel, han ante eigentleg ikkje. Dei hadde tatt til venstre i enden av gangen, gått ned ei trapp og

13

Page 14: Tusen Hemmelege Gangar

til høgre, venstre og så gått til enden av gangen…Ja, noko slikt, men kor dei var ante ikkje Vegard.  Melvin stoppa dramatisk og snudde på hælane.  ”Vegard. Det var Vegard, sant?” Han venta ikkje på svar. ”Du er no med i ei hemmelegheit. Ein urgammal hemmelegheit, som strekkjer seg heilt tilbake til 2011.” ”Vent…Det er jo berre to år sidan”, Vegard såg skeptisk på Melvin.  ”Hysj! Ikkje øydelegg!” Svarte Melvin litt hissig. Han kremta og retta seg opp att i ryggen.  ”Kor var eg? Jo, ei urgamal hemmelegheit. Er du klar til å vere ein del av den?” Vegard kika nervøst rundt seg. Var Melvin gal? Etter ei stund trakk han på skuldrane, han ante ikkje.  ”Då er det bestemt. Du er ein del av gjengen”, sa Melvin på ein overdriven høgtideleg måte. Ein del av gjengen? Kva gjeng? Vegard forstod ingenting Plutseleg forsvann bakken under føta hans. SVUSJ. Det gjekk nedover og nedover.  Og nedover. Og nedover.  POFF. Ei stor støvsky oste rundt Vegard. Han hadde landa på noko mjukt. Han hosta dramatisk og prøvde å stable seg på beina. POFF. Der var Melvin

14

Page 15: Tusen Hemmelege Gangar

også nede. Romet var mørkt og stille. Uhyggeleg stille.  Plutseleg var alt heilt opplyst. Vegard kneip att auga i rein refleks. Han opna eit auge. Så det andre. Wow.

15

Page 16: Tusen Hemmelege Gangar

16

Page 17: Tusen Hemmelege Gangar

Kapittel 3Wow. Vegard kunne ikkje slutte å stire. Dei var i ein kjellar, men det var ingen vanleg kjellar. Dette var eit…klubbhus?  Veggane var dekte av teikningar, kart over skulen, beskrivingar av forskjellige klasserom, personar med beskrivande tekst…Vent, var det lærar Petunia heilt til venstre? ”Lærar. Dame. Petunia Pavlova. Muligens russisk spion. Over-entusiastisk. Gal?”

17

Page 18: Tusen Hemmelege Gangar

 I eit hjørne var det ein tv, med ein playstation plugga inni. I det andre hjørnet var det vitskaps-utstyr. Krukker merka med sære namn: lus frå skjeggvekst, ost frå 1970, uranium-234.   Vegard var mållaus.  ”Kva synst du Veggis?” Melvin slengte arma rundt skuldra hans og sukka stolt. ”Er det ikkje praktfullt?”  Vegard fekk ikkje ut ein lyd. Praktfullt? Dette var magisk.  ”Slutt å skryt Melvin. Det er ikkje du som har funne dette romet!” Ein gut med baggy-bukser og caps på hovudet røyste seg kjapt opp frå ein saccosekk. Vegard hadde ikkje lagt merke til han. Melvin retta på brillene sine og opna munnen for å svare. Før han fekk ut ein lyd hadde guten stappa ein lest i munnen hans.  ”Hysj Melvin. Du pratar for mykje”, guten flirte av sin eigen vits, og retta oppmerksamheita si mot Vegard.  ”Så du er Vegard. Hei. Eg er Kriss. Velkomen”, Vegard rakk fram handa for å handhelse, men Kriss tok den ikkje. Berre stirra rart på den. Snudde på hælane, og trakk seg tilbake til saccosekken.  Vegard trakk handa til seg og følte seg ganske teit. Denne Kriss var tydeleg for kul for sitt eige beste.

18

Page 19: Tusen Hemmelege Gangar

 Melvin stira stygt på Kriss og kasta lesten etter han.  ”Vær litt hyggeleg Kriss. Han er ny”, sa Melvin strengt og retta på brillene, igjen.  Kriss skulle akkurat til å svare med ein frekk kommentar, men så dumpa to skikkelsar ned på den same fall-matta som Vegard og Melvin hadde landa på.  ”Folkens. Vi burde verkeleg få ein meir behageleg inngang”, kom det tørt frå fall-matta. Guten som hadde snakka røyste seg sakte opp. Han strekte på seg og gjespa. Kleda hans var småskitne, og håret langt og lyst. Det dekte faktisk auga hans. På hovudet hadde han ei stor hue som såg ut til å vere fleire hol i.  Vegard sitt blikk blei derimot trekt mot den skumle skikkelsen ved sidan av den blonde guten. Der stod ein høg, mørkhåra gut med heilt svarte kle. Han var i alle fall to meter høg, og dei store bustete auge-bryna gjorde at dei små auga so vidt var synlege. Om Frankenstein var ekte, var det slik han ville ha sett ut, tenkte Vegard for seg sjølv. ”Sivert! Ulf! Fantastisk timing. Her er Vegard. Den nye guten eg har prata om”, Melvin klappa Vegard på skuldra og smilte breitt.  Sivert, den blonde guten, vinka lett med høgre

19

Page 20: Tusen Hemmelege Gangar

hand og smilte skeivt.  ”Hallo.” Ulf lagde ein slags brummelyd og nikka kjapt.  ”Ja, Ulf seier ikkje så mykje”, forklarte Melvin. Ulf brumma svakt til svar, og gjekk bort til tv-en. Playstation-kontrollen såg ut som ei baby-leike i dei massive henda hans. Denne fyren var massiv, som hulken… ”Men han er ikkje farleg. Han er vår personlige gorilla, vakt-gorilla”, kom det frå Kriss. Han smilte breitt og klappa Ulf lett på skuldra. Ulf knurra lavt, og Kriss fjerna handa si ganske så kjapt. Så…Dette var klubbgjengen? Ein nerd, ein kul fyr, eit dovendyr og ein gorilla? Eller, no var det ein nerd, ein kul fyr, eit dovendyr, ein gorilla og vesle Vegard.

20

Page 21: Tusen Hemmelege Gangar

21

Page 22: Tusen Hemmelege Gangar

Melvin og Kriss stod og såg på ei av teikningane på veggen. Dei såg ut til å ha ein ganske heftig diskusjon. Vegard satt og åt lunsjen sin borte med Ulf. Ulf sa ikkje stort, så han var ikkje stort til selskap. Sivert låg i ein saccosekk og såg ganske død ut, men han både pusta og snorka, heldigvis.  ”Vi har sjekka der før Melvin! Dine berekningar var feil!” Kriss slo frustrert ut med armane. Melvin rista bestemt på hovudet og kryssa armane over brystet. ”Berre du har sjekka der før. DU har ikkje fylgt mine berekningar rett. Vi må sjekke endå ein gong, saman”, Melvin teikna eit kryss på teikninga.  Kriss rista svakt på hovudet og deisa nedi saccosekken sin att.  ”Greitt. Eg og Ulf har fri resten av dagen, skal vi berre gjere det i dag da?” Kriss og Ulf gjekk siste året, og var to år eldre. Vegard trudde også at Sivert eigentleg også var like gamal som dei, men at han måtte gå opp att eit eller to år. Utifrå den komfortable

Kapittel 4

22

Page 23: Tusen Hemmelege Gangar

sovestillinga og det sløve utrykket hans så sjokkerte det ikkje Vegard så veldig.  ”Vi har ikkje nokon viktige timar etter mat. Petunia sa vi ikkje trengte å møte opp, men at vi burde lese til i morgon.” ”Ja, men då er det bestemt. Gutar, vi skal på skattejakt!” Med ein rask bevegelse var Kriss ute av saccosekken og hadde skrudd av tv-en. Ulf brumma surt. ”Kva skal vi?” Vegard pakka sakte saman restane av matpakken og kika forvirra på Melvin. Plutseleg hadde Kriss dratt han opp på to bein.  ”Vi skal finne den hemmelege gangen, fersking”, sa han og gliste. ”Dette blir så bra!” ”Hemmeleg gang?” Svaret til Kriss hadde berre skapt fleire spørsmål i hovudet til Vegard.  ”Ro ned Kriss”, Melvin gav Kriss eit stygt blikk. Han tok ned ei av teikningane på veggen.  ”Skulen har fleire tusen hemmelege gangar. Og alle fører til forskjellige rom. Her ser du eit kart over dei vi har funne. Vi har funne alle bortsett frå ein”, samtidig som Melvin prata synte han Vegard stolt kartet over skulen. Gangane var merka med forskjellige teikn, og der gangane enda opp fann ein att same teiknet.

23

Page 24: Tusen Hemmelege Gangar

24

Page 25: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Og den førar?” Vegard blei meir og meir nysgjerrig. ”Rektors kontor. Den har vore nærast umuleg å finne. Tru meg, vi har prøvd lenge. No har eg derimot gjort nokre berekningar som skal syne kvar gangen startar. Her. Rett ved sidan av kjemiromet”, Vegard studerte kartet nøye. Kjemiromet var i andre etasje, to rom nedanfor klasseromet deira.  ”Det er jo…”  ”Så og sei rett ved sidan av klasseromet vårt ja”, avbraut Melvin.  ”Det er ganske kult, er det ikkje Vegard? Hald deg til oss, vi er den kule gjengen”, Kriss høyrdest utruleg stolt ut.  Melvin gav Kriss eit rart blikk og berre rista på hovudet. ”Uansett. Nok snikksnakk, er du med Vegard?” Både Melvin og Kriss stira på han med store auge. Begge to gliste frå øyre til øyre.  ”Emh…” Han fekk ikkje fram ein lyd. ”Det høyrest veldig…Eller…Emh, kanskje eg skal berre…Stå over denne gongen? Kanskje neste gong?” Vegard smilte usikkert og tvihaldt på matpakken. Dette høyrtest skummelt og farleg ut. Finne ein hemeleg gang til rektors kontor? REKTORS KONTOR? Det var jo å be

25

Page 26: Tusen Hemmelege Gangar

om trøbbel…Nei, dette var for mykje for han. Han torde rett og slett ikkje.  Melvin og Kriss stod stille eit augeblikk. Begge var tydeleg skuffa. Til slutt rista berre Kriss på hovudet og snudde seg vekk. Melvin trippa litt fram og tilbake, usikker på kva han skulle seie.  ”Å. Greitt, vel neste gong da”, Melvin trakk på skuldrane og smilte litt.  ”Puff, han er for pysete til å vere saman med oss”, kom det kjapt frå Kriss. Han og Ulf hadde funne kvar sin playstation-kontroll, og spelte bilspel. Det såg ut som Ulf vann.  ”Men…Altso”, stamma Vegard fram, men kom seg ikkje lenger. ”Friminuttet er snart over. Du burde gå, hugsar du vegen?” Melvin opna ei dør lita dør bak i hjørnet. Vegard rista svakt på hovudet. ”Opp trappa her, som fører deg til musikkromet. Deretter går du ut, til høgre, høgre, opp trappa, venstre og så høgre”, Melvin smilte kjapt og lukka døra etter han.  Plutseleg stod Vegard der aleine. I enden av trappa.  ”Hei, kvar blei det han av nye?” Sivert hadde tydelegvis vakna frå søvnen sin. Vegard kunne høyre Melvin og Kriss sukke oppgitt.

26

Page 27: Tusen Hemmelege Gangar

27

Page 28: Tusen Hemmelege Gangar

Timen hadde akkurat starta når Vegard kom tuslande gjennom døra. Han fann plassen sin og satt seg ned. Kva Petunia sa fekk han ikkje med seg, og det interesserte han ikkje heller. Det var umuleg å konsentrere seg. Alt han tenkte på var alt det kule og spennande Melvin og dei haldt på med akkurat no.  Han var berre pysete. Ei stor pyse som ikkje torde. Kva var det verste som kunne hende? Han hugsa at Melvin og Kriss hadde snakka om tronge mørke gangar, vakthunden til vaktmeisteren, rotter, lærarar som snoka rundt…I dei hemmelege gan-gane var der sikkert alle slags krypdyr. Nei, han blei her. Det var trygt her. Akkurat her, bak denne keisame pulten.   Dei andre elevane såg ut som om dei skulle sovne, alle saman. Petunia såg ikkje ut til å merke det, og kvitra vidare. Vegard haldt ikkje ut eit sekund lengre.

Kapittel 5

28

Page 29: Tusen Hemmelege Gangar

29

Page 30: Tusen Hemmelege Gangar

Plutseleg var han på beina. Det var som om beina bestemte sjølve at no var det nok. Dei marsjerte bestemt ut av klasseromet og i retning mot kjemi. Før Vegard viste ord av det så stod han ansikt til ansikt med Melvin og resten av gjengen.  ”Vegard! Du blei med!”

*

 ”Hysj! Vil dykk ha Petunia på nakken eller?” Kriss haldt handa føre munnen på Melvin og kika seg kjapt omkring. Ingen Petunia i sikte, heldigvis. Ulf grynta stille. Var det latter? Umuleg å vite.  ”Ikkje lag så mykje lyd. Vi er på eit oppdrag, men kult at du kom Vegard”, sakte tok Kriss handa vekk frå munnen til Melvin. Han tørka seg raskt på buksebeinet. Melvin gliste mot Vegard og gav ham tommel opp.  Med Kriss i leiinga byrja dei å bevege seg nedover korridoren. Når dei kom til enden byrja Melvin å banke lett på veggen.  ”Kva leiter vi etter?” Vegard kika forvirra omkring seg. Han kunne ikkje sjå noko. ”Melvin meiner at det er her den hemmelege gangen startar. Eg meiner den er underjordisk, og

30

Page 31: Tusen Hemmelege Gangar

må starte borte med vaktmeisterboda”, Kriss stod lent inn mot veggen. Det var ganske tydelege at han ikkje hadde trua på Melvin sine ”berekningar”.  ”Vaktmeisterboda…Er den borte med sovesalane? Over skuleplassen?”Vegard kika spørjande på Kriss. Svaret han fekk var eit sakte nikk.  Medan Melvin romsterte rundt og banka her og der, stod dei andre stille og såg på.

*

  ”Gir du snart opp Melvin?” Kriss virka ganske lei av å vente. Når sant skal seiast var Vegard også ein smule lei. Melvin stod på kne heilt nede ved hjørnet. Han røyste seg og sukka. ”Eg anar ikkje kva eg har gjort gale…Den skulle vere her”, Melvin trakk oppgitt på skuldrane. Han skribla ut noko i notatblokka han hadde i henda, og skreiv noko nytt ovanfor skribleriet.  ”Kan vi sjekke ute med vaktmeisterboda no?” Kriss såg spørjande på Melvin. Melvin sukka oppgitt, og byrja å gå bortover gangen. Kriss flirte for seg sjølv og fylgde etter. Når han nådde att Melvin rufsa han, han i håret.

31

Page 32: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Eg tek det som eit ja Melvin. Kom igjen gutar. No skal dykk få sjå at eg alltid har rett”, kvitra Kriss. Det var nesten litt kvalmt kor sjølvsikker Kriss var tenkte Vegard for seg sjølv. Han var sikkert vandt til å få viljen sin.

32

Page 33: Tusen Hemmelege Gangar

33

Page 34: Tusen Hemmelege Gangar

34

Page 35: Tusen Hemmelege Gangar

Kapittel 6 ”Kriss tek verkeleg dette heilt ut”, tenkte Vegard for seg sjølv. Han såg etter Kriss som hadde snikt seg rundt hjørnet, som ein spion, på veg mot trappa. Det var ganske underhaldande å sjå han snike seg med kroka rygg, når det ikkje var ei einaste sjel i sikte. Ekstra morosamt var det at han nynna dramatiske melodiar samtidig.  ”Dadadadadadadadada DADA. Folkens, kjapp dykk. Eg ser trappa!” Kriss sitt hovud stakk ut frå hjørnet. Han vinka dei til seg, og alle tok opp tempoet, til og med Sivert.  ”Korleis kjem vi oss til vaktmeisterboda?” Vegard prøvde å vere så stille som mogeleg, berre i tilfelle. Før Melvin fekk svare avbraut Sivert han, utruleg nok.  ”Vi kan jo berre ta snar…”  ”NEI. Vi tek ingen fleire av dine snarvegar Sivert. Dei leiar aldri nokon plass, og som regel så endar vi opp enten fast i spindelvev, eller midt i eit klasser-

35

Page 36: Tusen Hemmelege Gangar

om”, Melvin fnyste og gjekk vidare. Sivert trakk på skuldrane og fylgde etter. ”Ro ned kompis. Berre eit forslag.”  Kriss hadde allereie kome fram til trappa og stod utolmodig å venta. Han dunka lett på uret i klokka si og trampa lett med foten. Tydeleg frustrert over tempoet, men før dei rakk bort til han var han allereie halvveis ned trappa.  ”Kriss. Ro ned. Her kan vere lærarar”, ropte/kviskra Melvin etter han og vifta vilt med armane. Kriss høyrde derimot ikkje etter og berre vifta med armane tilbake.  ”Herregud. Dette går aldri bra”, sukka Melvin oppgitt. Vegard var redd for det same. I same se-kund som Melvin skulle til å rope endå ein gong et-ter Kriss høyrte dei ei fløyte pipe i gangane. ”KRISTOFER HOLM! Sist eg sjekka var det time i desse tider. Kvifor er du ute i gangane?” Melvin, Sivert og Ulf blei ståande som fryst. Vegard derimot forstod ikkje kven det var Kriss hadde møtt på.  ”Kva? Kven er det?” Kviskra Vegard, så vidt høyrleg. Melvin lyfta peikefingeren til munnen og rista på hovudet. Ein kunne høyre alle puste. Ingen, ikkje ein gong Ulf, torde å bevege ein muskel.

36

Page 37: Tusen Hemmelege Gangar

37

Page 38: Tusen Hemmelege Gangar

Det var ikkje mogeleg å høyre kva Kriss svarte, eller om han svarte i det heile. Melvin hadde vidopne auge. Det såg ut som om han var heilt lamslått, kva skulle dei gjere no? Planen hadde gått i dass. Vegard tenkte så det knaka, og plutseleg var det som ei lyspære plinga i hovudet hans. Plutseleg stod Vegard ansikt til ansikt med Kriss. Utan å tenkje hadde han sprunge ned trappa, og der stod Kriss og ei dame.  Verken Kriss eller det store monstret av eit kvinn-folk sa noko. Dama, som Vegard tippa var gymlærar Halse etter utsjånaden å dømme, stira på han med eit forundra blikk. ”Der var du Kristofer! Unnskyld for at eg var så treig. Eg er klar for omvisinga no”, Vegard tok på seg sitt beste ”flink-gut-smil”, og klappa Kriss kameratsleg på ryggen. Det var heilt stille. Heldigvis tok Kriss planen til Vegard kjapt.  ”Ja, her er eg. Om du har oss unnskyld frk. Halse, men eg skal gi denne nye eleven ei lita omvising. Vi eldre må ta vare på dei yngre veit du, ha-ha”, Kriss førte Vegard mot venstre. Gymlærar Halse stod der litt i sjokk, og var fortsett litt i sjokk når ho gjekk bortover gangen att – den andre vegen vel og merke.

38

Page 39: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Eg tenkjer vi startar med biblioteket. Det er ope frå 8-16 i vekedagar, i helger og feriar derimot…” Kriss kika diskret bak seg og såg gymlærar Halse runde hjørnet. Kort etter spontant hoppa Kriss opp i lufta og slo ut knytneven. Når han landa tok han tak i skuldrane til Vegard og rista alt han makta.  ”Er du klar over kor genial du er Vegard? Herregud, det der var fantastisk!” Kriss tok tak i armbogen til Vegard og dansa rundt og rundt med han. Etter ei lita stund kom både Melvin, Sivert og Ulf sprintande ned trappa. Om ikkje Vegard var svimmel nok frå før så blei han det i alle fall no, når alle plutseleg skulle riste han i stykkar.  ”Kjapt tenkt Vegard, ikkje verst!” Melvin gliste mot han, med skeive briller og heile pakka.  Alle stoppa brått opp når dei høyrte knirkande skritt kome mot dei. Gymlærar Halse. Alle sendte kvarandre reddslagne blikk, og på 1,2,3 så la alle på sprang mot lesesalen.

*

Lesesalen var også heldigvis ganske tom, ikkje ei sjel å sjå.Etter fem veldig stille minutt pusta alle letta ut. Den siste dei ville bli tatt av var gymlærar Halse.

39

Page 40: Tusen Hemmelege Gangar

Melvin pusta letta ut, lente seg mot veggen og sklei ned i sitjande stilling.  ”Vi må vere meir forsiktige folkens. Det var altfor nære på”, Kriss stod lent inn til ein pult med kryssa armar. Vegard skulle akkurat til å skyte tilbake at det ikkje var deira feil, men så såg han det tøysete smilet. Alle byrja å flire.  Ingen kunne fatte korleis dei hadde kome seg ut av det. Heilt uverkeleg.  Latteren dabba ut, og dei blei sitjande i stillheit. Sivert, utruleg nok, var den fyrste so braut den.  ”Er dokke med på å ta snarvegen no?” Heldigvis var alle skjønt einige med Sivert denne gongen, og alle nikka og sa seg einigeSivert gliste og sparka foten lett inni. Ei luke deisa ned i golvet og ei gang dukka plutseleg opp. Til og med Ulf såg ut til å bli imponert.  ”Og denne går til vaktmeisterboda?” Melvin såg skeptisk på Sivert. ”Sjølvsagt”, svarte Sivert sjølvsikkert. Melvin såg ikkje så veldig overbevist ut, medan Kriss var nærast på vei inn gjennom gangen allereie.  ”Kvar er eventyrlysta di Melvin?” Kriss stod med rumpa i været og kika innover gangen.  ”Det blir spennande dette, kom igjen!”

40

Page 41: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Spennande og spennande”, tenkte Vegard. ”Den gangen ser ganske mørk og skummel ut.”

41

Page 42: Tusen Hemmelege Gangar

Kapittel 7Etter ei stund hadde Vegard gitt opp å fylgje med på klokka. Dei hadde tatt fleire ”side-tunnellar” enn han hadde talet på. Knea hans var såre, og han byrja å angre så smått på at han blei med. Dette førte open-bart ingen veg. Eller det var i alle fall det han trudde.  ”Sivert. Kvar i søren er vi?” Kriss høyrdest irritert ut. ”Har du i det heile tatt tenkt gjennom dette?” Melvin høyrdest hakket surare ut. Langt framme kunne ein høyre Sivert sitt mumlande svar. Det var dessverre ingen hjelp å få i det, sidan det høyrdest berre ut som ”blubblub smuflkug krosjn”. Vegard blei meir og meir skeptisk.  Dei kraup i nærare fem minutt til. Tok til høgre så venstre, og til sist høgre atter ein gong. Så såg dei lys. Dei var snart framme! Endeleg! Ulf lagde ein fornøgd brummelyd og dytta Vegard i foten. Vegard tolka det som eit: ”Koman! Kryp fortare!” Og det var akkurat det han gjorde. Kraup

42

Page 43: Tusen Hemmelege Gangar

fortare.  Og plutseleg var dei ute av dei små, mørke og ekle tunellane. Endeleg.

*  ”Kallar du dette vaktmeisterboda Sivert? VAKT-MEISTERBODA?” Kriss slo ut med armane og gjekk rundt i ring. Han var tydeleg frustrert.  Det var ikkje så vanskeleg å forstå kvifor akkurat…Dei var jo langt frå vaktmeisterboda. Lærarromet var i alle fall ikkje det Vegard såg på som vakt-meisterboda.  ”Vi er nærare vaktmeisterboda no da. I forhold til kor nære vi var når vi var i lesesalen”, Sivert trakk på skuldrane. Melvin såg ut som om han skulle sprekke. Ansiktet hans var raudt og auga store. Ein måtte ikkje vere rakettforskar for å forstå at no var Melvin ganske irritert. ”Kasta vi vekk nettopp ein time på å krype fram og tilbake, og så ende opp minimum 20 meter frå start?!” Melvin sine nasebor blei berre større og større, og han såg nesten ut som ein okse.

43

Page 44: Tusen Hemmelege Gangar

44

Page 45: Tusen Hemmelege Gangar

 Vegard kika på klokka si. Dei hadde brukt nærare to timar i dei endelause gangane, men han fann ut at det var betre å ikkje seie det. Det hadde rukke å blitt mørkt ute.  Lærarane hadde gått for dagen, for romet var nesten heilt mørkt, bortsett frå eit skrivelys som nokon hadde gløymt å skru av. Sjølv om der ikkje var nokon følte Vegard, og resten av gjengen at dette var feil plass å vere. ”Lat oss kome oss ut”, Melvin gjekk mot døra og vinka for å få dei andre med. ”Og no er det nok snarvegar”.  Skulegangane var tomme og øyde. Vegard blei ståande i døra ei lita stund. Kunne dei ikkje berre bli her? Her det var lyst og herleg? Ulf dytta Vegard i ryggen. Det var vel berre å hive seg i det.

45

Page 46: Tusen Hemmelege Gangar

46

Page 47: Tusen Hemmelege Gangar

Vegard kika nervøst rundt seg. Dei hadde tatt til venstre og var på veg til vest-utgongen. Vaktmeister boda låg ute på skuleplassen, ved sidan av sjølve internatet.  Gangane var heilt stille. Det var berre klangen av fotstega deira som lagde lyd. For Vegard var dette meir enn nok. Berre fotsteg kunne høyrest ut som en gal mordar for han. Det var ikkje sjeldan han kika seg nervøst bak skuldra. Alt som møtte han var Ulf si bistre mine, så han vendte blikket raskt framover att.  KNIIIRK. BAM.  Alle saman hoppa i været. Dei blei ståande bom stille. Ingen røyrte ein muskel.  ”Kva var det?” Vegard si stemme var lav og pipete. Det var så vidt det kom lyd ut. Tydelegvis var det berre han som hadde fått stemma si tilbake. For ingen andre svarte.  Det kom ein svak bris i gangen. Den snirkla seg frå

Kapittel 8

47

Page 48: Tusen Hemmelege Gangar

vegg til vegg, og lagde lave ule-lydar etterkvart som den flytta på seg. Eit skap lengre framme stod halvt ope. Brisen tok tak i det med begge hendene og slo det hardt igjen.  BAM. Alle gutane krøka seg litt saman. Til og med Ulf. Brisen fortsette vidare nedover gangen, og forsvann inni mørkret. Det var som om heile gangen, inkludert gutane, pusta letta ut.  ”Folkens. Kan vi kome oss vidare?” Denne gongen fekk Vegard respons. Alle saman nikka samtidig, og dei byrja ferda nedover gangen att. Denne gongen litt meir varsamt enn tidlegare.  ”Lat oss finne denne hemmelege gangen og bli ferdig med det”, kviskra Kriss stille.

48

Page 49: Tusen Hemmelege Gangar

49

Page 50: Tusen Hemmelege Gangar

50

Page 51: Tusen Hemmelege Gangar

Heldigvis var ikkje døra låst, og dei kom seg ut av skulen utan problem. Herifrå gjekk dei rett til vakt-meisterboda.  Det blåste ganske kraftig rundt dei, og mørkret sneik seg innpå. Vegard passa på å gå nær dei andre, for han ville verkeleg ikkje gå aleine no.  Kriss stoppa opp bak eit stort tred. Vaktmeisterboda var cirka 100 meter lengre borte. Dei samla seg i ein ring.  ”Ok. Slik gjer vi det. Melvin, Sivert og Ulf held utkikk. Melvin du står her, Sivert du står på baksida, og du Ulf står der borte. Eg og Vegard går nærare for å sjå om det er trygt. Ok?” ”Vi skal kva?” Vegard trippa frå side til side. Han var ikkje gira på dette. ”Eg og du går bort dit…” Før Kriss fekk fullført hørte dei ei serie med bjeff.  Alle snudde seg sakte rundt og kika mot vaktmeister-boda. Endå eit bjeff bekrefta det dei hadde frykta.

Kapittel 9

51

Page 52: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Eig vaktmeisteren ein hund?” Vegard trakk seg litt bakover samtidig som han snakka. Det same gjorde både Sivert og Ulf. Melvin og Kriss kika på kvarandre og skar ei grimase.  ”Blei ikkje Hallvard avliva i fjor?” Kriss såg forvirra på Melvin. Det blei dødsens stille, og ein kunne høyre ”Hallvard” småbjeffe for seg sjølv. Vegard hadde aldri likt hundar.  ”Eg trudde det. Han var gamal og aggressiv fekk eg høyre”, Melvin retta på brillene og kasta eit bekymra blikk mot boda. Dei kunne skimte eit svart vesen i vindauget. Vegard hadde i alle fall aldri likt store svarte hundar.  Det tok ei stund før nokon sa noko meir. Alle var usikre på korleis dei skulle kome seg vidare her ifrå. Sivert opna munnen, men før han fekk sagt noko avbraut Melvin han kjapt.  ”Nei, Sivert. Ingen fleire ”snarvegar”. I alle fall ingen av dine sine”.  Vinden pusta dei svakt i nakken og kvervla rundt dei. Tok med seg litt lauv frå bakken og blåste dei opp mot himmelen. Det var seinhaust og det byrja å mørkne tidleg, så månen hadde allereie byrja å kome fram. Den kasta uhyggeleg månelys som skapte skuggar både her og der.

52

Page 53: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Eg har det! Vegard? Har du ikkje fortsett litt av lunsjen din?” Melvin såg på han med eit spørjande blikk. Han gliste, og var tydeleg stolt over sin nye plan.  ”Jo?” Vegard forstod ikkje kva Melvin tenkte, men leita i sekken etter matpakken sin. Når han fann den rakte han den motvillig til Melvin. Det var heimelaga bollar med skinke på, og dei var skikkeleg gode.  ”Perfekt. Ok, no må berre en av oss bestikke Hallvard med den”, Melvin kika frå den eine til den andre. Ingen sa noko.  ”Ein av oss må gjere kva?” Kriss såg skeptisk på Melvin. ”Ikkje for å vere festbrems her, men eg vil gjerne behalde alle kroppsdelane mine”.  Både Sivert, Ulf og Vegard nikka til det Kriss sa. Kven var så gal, eller modig, til å gjere noko slikt? Melvin sukka dramatisk og rista på hovudet.  ”Koman. Det er berre ein hund”, og som på kommando ulte Hallvard, og alle saman rygga litt bakover.  ”Berre ein hund?” Kriss såg skeptisk på Melvin. ”Du er gal. Gjer det sjølv”. Melvin blei med eitt stille. Han ville tydeleg ikkje gå sjølv. No var det nok. Vegard trakk pusten. Haldt den.

53

Page 54: Tusen Hemmelege Gangar

Slapp den ut.  ”Om ingen ander vil…” Vegard beit tenna saman og greip tak i matpakken. ”Så får eg vel gjere det. Ågud.”  Med faste og bestemte skritt gjekk han mot vakt-meisterboda. Dei andre stod der med sjokkerte miner.  ”Han er modig”. ”Eller gal?”

54

Page 55: Tusen Hemmelege Gangar

55

Page 56: Tusen Hemmelege Gangar

56

Page 57: Tusen Hemmelege Gangar

Kapittel 10Sjølv om det ikkje såg slik ut skalv Vegard som berre fy. Beina nærast svikta på veg bort, men han fortsette. Det var altfor seint å snu. Eller, han hadde jo berre kome seg fem meter, men fortsatt.  Boda var delvis opplyst, og Hallvard var fortsatt tydeleg i vindauge. Han hadde støtta labbane i karmen og kika utover. Rett mot Vegard.  ”Å gud”, Vegard trakk kjapt inn pusten.  Plutseleg stod han med handa på dørhandtaket. Hallvard bjeffa frå innsida. Han kunne kjenne korleis hunden klora på døra.  Vegard trakk pusten. Kneip igjen auga og opna døra raskt.  Byksande ut kom det store beistet. Vegard stod bom stille og kneip att auga. No var det over tenkte han for seg sjølv. Det siste han ville var å opne auga.  Vent, kvifor hadde det ikkje hendt noko? Vegard opna forsiktig eit auge.  Der stod hunden. Rett føre han, men den bevegde

57

Page 58: Tusen Hemmelege Gangar

seg ikkje. Kva? Han opna det andre auget. Hunden satt der fortsett. Heilt bomstille med hov-udet litt på skrått med tunga hengande utpå sida. Vegard visste ikkje kva han skulle gjere, og la hovudet litt på skakke. Hunden gjorde akkurat same bevegelsen. Når Vegard gjorde de mot motsett side, gjorde hunden også det.  Kva var det som skjedde? Hunden strekte ut framlabbane og la snuten nedi graset, men hadde fortsett blikket festa på Vegard.  Ville den leike? Vegard lyfta den eine handa, og hunden spratt opp og byrja å springe rundt han.  ”Han vil berre leike!” Vegard kika bort på dei andre og gliste. Dei forstod fortsett ikkje heilt kva som hendte, men kom straks bort og flirte saman med han.  Hunden hoppa mellom dei og helste på alle og ein kvar. Med så mykje folk blei den forvirra, kven skulle han helse på fyrst?  ”Du var jo berre kjempekul da. Søte beist”, Kriss hadde sett seg ned på huk og kleia hunden bak øret. Alle fekk klappe han i tur og orden, og Vegard kunne sverga på han såg eit smil i munnvikane til Ulf.  Etter å ha gitt Hallvard matpakken og klappa han

58

Page 59: Tusen Hemmelege Gangar

litt til, blei dei einige om å gå inni vaktmeisterboda. Det var på tide å finne denne gangen, og bli ferdig med det.

59

Page 60: Tusen Hemmelege Gangar

60

Page 61: Tusen Hemmelege Gangar

”Vegard, eg og du leitar her borte. Sivert, Ulf og Kriss, de byrjar på andre sida”, Melvin byrja å flytta på nokre kasser.  Alle saman byrja å flytte på ting, banke på veggane og i golvet, medan Hallvard tassa roleg rundt dei og haldt dei med selskap.  Ti minutt og fortsett ingenting.  ”Kriss, vi finn ingenting. Dette var din idé”, Sivert sukka og lente seg mot ei hylle. Alle byrja å bli trøtte og leide. ”Er dette verdt det?” Melvin gjespa og strekte på seg. ”Vi kan leite imorgo også”.  ”Nei! Vi er så nær folkens. Den må vere her”, Kriss flytta på fleire øskjer. Fast bestemt på å ikkje gi seg.  Vegard sukka og kika litt på ei bokhylle. Den var støvete og ekkel, så han leita ein annan plass. Slik var eigentleg alt i denne boda. Støvete og ekkelt.  Bak i hjørnet stod to kasser stabla opp på kvarandre.

Kapittel 11

61

Page 62: Tusen Hemmelege Gangar

Vegard flytta den eine, og så den andre. Han skulle akkurat til å setje kassene tilbake, sidan han hadde gjort det så mange gongar allereie. Hendene hans skulle akkurat til å gripe etter kassa då han såg det. Ei luke. EI LUKE! ”Folkens! Folkens! Her er ei luke!” Hallvard kom bort som eit olja lyn og snusa nysgjerrig på luka. Resten av gjengen var der på eit sekund. Alle stod berre å stira ei stund og så byrja dei å hoie.  ”Endeleg!” Kriss gav alle saman ein highfive. ”Fantastisk! Kva er det du ventar på Vegard? Opn den da!” ventar på Vegard? Opn den da!”  ”Eg?” ”Ja, du! Utan deg hadde dette aldri gått. Då hadde vi allereie blitt tatt av gymlærar Halse. Dette er ditt verk”, Kriss dunka han lett i ryggen og smilte. Dei andre nikka einig.  Vegard smilte tilbake, og tok tak i handtaket på luka. Rykka til, og der var den - gangen.  ”Vi greidde det”, Melvin retta på brillene, og tok opp ”gang-kartet” som hadde hengt på veggen i klubb-huset. Han teikna ein V akkurat der dei stod no.

62

Page 63: Tusen Hemmelege Gangar

 ”V for Vegard”, sa han med eit smil.

63

Page 64: Tusen Hemmelege Gangar

64

Page 65: Tusen Hemmelege Gangar

Denne gongen var det heldigvis ingen feilberekning ute å gjekk, så før dei viste ordet stod dei midt på golvet på rektors kontor. Ingen av dei sa noko. Alle stod eigentleg berre heilt lamslått å kika omkring seg. ”Så dette er kontoret”, kviskra Kriss. Han fekk ingen kommentar tilbake. Melvin skribla ein V på kartet. Endeleg hadde dei funne alle gangane.  ”Kva no?” Sivert kika frå den eine til den andre. ”Kva brukar ein å gjere på rektors kontor?” Alle kika på kvarandre og trakk på skuldrane.  ”Snoke?”  “Vi har jo allereie vore i filskapet på lærarromet. Det gjorde vi i fjor”, Melvin rista på hovudet. ”Hugsar du ikkje anagrampassordet?” ”Anagram?” Vegard såg spørjande på Melvin.  ”Ja, ein tek bokstavane i eit ord, stokkar dei om, og får eit nytt ord. Det gamle ordet blir som eit hemmeleg kodeord.”

Kapittel 12

65

Page 66: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Ja, ja, ja Melvin. Kom igjen. Lat oss fare. Her er ingenting meir å gjere”, Kriss bevegde seg mot skrivepulten. ”Vi har funne gangen, og det er seint. Lat oss kome oss ut. Eg får frysningar av heile plassen.” Sivert, Melvin og Ulf fulgte etter Kriss. Melvin dytta leikent borti Kriss.  ”Kva? Er du mørkeredd?”  ”Hmpfh, gå vekk”, Kriss trakk seg vekk, og strekte seg ned for å opne luka. ”Kjem du Vegard?”  Vegard nikka og gjekk etter dei. Alle hoppa nedi luka i tur og orden. Vegard var sist, og rett før han trakk luka etter seg såg han eit par kanintøflar. Dei stod fint stilt inntil kontorstolen og smilte mot han. Vegard trakk på smilebandet. Rektor med kanintøflar. Plutseleg var alt strevet verdt det.  ”Vegard! Vi dreg frå deg! Kom igjen!”

66

Page 67: Tusen Hemmelege Gangar

67

Page 68: Tusen Hemmelege Gangar

Romet var mørkt. Det var kaldt og utriveleg. Vegard haldt pusten. Han kunne høyre vinden slå mot vindauget. Den ulte.  Vegard pakka dyna rundt seg. Han sakna si eiga seng. Den var mykje varmare enn denne dumme internatsenga. Denne senga var hard, klumpete og den lukta surt. I tillegg var den i alle fall 20 centimeter for kort. Han måtte krølle seg ekstra saman for å få plass.  Han sakna heime. Mammas heimelaga mat, den store gode sofaen i stua, kontoret til far med alle bøkene, og tre-hytta hans i hagen. Aller mest sakna han senga si.  Heime var det trygt.  Fjærene knirka når han satt seg opp. Golvet var endå kaldare enn senga.  ”Med ein rett vinkel, 90 grader, må dei andre sidene i trekanten vere…” Mumla Melvin frå senga si.

Kapittel 13

68

Page 69: Tusen Hemmelege Gangar

 ”Melvin. Er du vaken?” Kviskra Vegard. Det var umuleg å sjå noko i mørkret, men han kunne høyre Melvin romstere litt rundt.  Han fekk ikkje noko svar. Det einaste han høyrte var den musestille snorkinga hans. Vegard kasta ei pute bort på han.  Melvin grynta fornærma i søvne, og snudde ryggen til.  Vegard la seg ned att i senga. Trakk dyna opp til nasa og tvang augo att. Mørkret sneik seg rundt han. Pusta han varmt i nakken.  Det var som om skulen levde, og pusta i takt med vinden… Vegard trakk dyna ned att og smilte i mørkret. Sjølv om dette ikkje var heime, og at mørkret her var mørkare enn det heime – var det ikkje så gale. Han hadde nye venar, nye lærarar, og ikkje minst så var det ein ny skule. Ein ny skule med heilt nye hemmelegheiter å utforske.

69

Page 70: Tusen Hemmelege Gangar

70

Page 71: Tusen Hemmelege Gangar

71

Page 72: Tusen Hemmelege Gangar
Page 73: Tusen Hemmelege Gangar
Page 74: Tusen Hemmelege Gangar

KART OVER SKULEOMRÅDET

Page 75: Tusen Hemmelege Gangar
Page 76: Tusen Hemmelege Gangar
Page 77: Tusen Hemmelege Gangar
Page 78: Tusen Hemmelege Gangar
Page 79: Tusen Hemmelege Gangar
Page 80: Tusen Hemmelege Gangar

Veit du kor mørkt eit internatrom er? Tenk deg det mørkaste kott. Så gjer du det endå mørkare. Greier du fortsett å puste? Då er det ikkje mørkt nok.  Strekk ut armane. Følar du at mørket gjer motstand? Då er det ikkje mørktnok. Trekk inn pusten. Hald den. Strekk ut armane. Motstand? Flott. Då er du klar.  Eller er du klar? Er du klar til å møte internatskulen ”Kurt Speknet akademiet”?Er du klar til å vere med Vegard på ei skummel, slim-ete, rar og vidunderlig reise? Trekk pusten. Hald den. Strekk ut armane. Motstand? Flott.

Er du klar?