2011_02_helseivest_web

24
Juni 2011 ROGALAND / HORDALAND / SOGN OG FJORDANE 20 14 Ny behandling All makt til dei rusavhengige Kreft Frå mistanke til behandling Gyro er eit av mirakla frå fertilitetssenteret i Haugesund Bli kjent med dine pasientrettar side 8 Les om prøverørspionerane side 4

Upload: helse-vest

Post on 07-Mar-2016

218 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Ny behandling 20 14 Kreft All makt til dei rusavhengige Frå mistanke til behandling Juni 2011 rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

TRANSCRIPT

Page 1: 2011_02_Helseivest_web

Juni 2011 rogaland / hordaland / Sogn og fjordane

20

14

Ny behandlingAll makt til dei rusavhengige

Kreft Frå mistanke til behandling

Gyro er eit av mirakla frå

fertilitetssenteret i Haugesund

Bli kjent med dine

pasientrettarside 8

Les om prøverørspioneraneside4

Page 2: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

Dette er din helseregion, Helse Vest:

i regionen vår er vi omlag 1 million innbyggjarar. til å yte helsetenestene er vi cirka 29 000 medarbeidarar fordelt på omlag 50 sjukehus og institusjonar. Budsjettet er på cirka 19,7 milliardar kroner.

helse vest RhF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialist helsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest RHF eig fem helseføretak; Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Apoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Helse Vest RHF er lokalisert på Forus i Stavanger.

Her har du eit magasin med historier frå sjukehusa

i helseregionen din, helse vest. Ikkje alle

kjenner til eller er fortrulege med helseregionen

dei høyrer heime i, men du skal vite at kvar dag jobbar 29 000

dedikerte helsearbeidarar for at du skal få den beste hjelpa når du

måtte trenge det. Det gjeld anten du må innom eit av sjukehusa i

regionen, eller du treng behandling for rusproblem eller psykiske

lidingar.

15. juni blir helsenorge.

no lansert. Dette er ei

nasjonal teneste der du

som er pasient, pårørande

eller interessert i helse, finn god informasjon om pasientrettar,

helsetenestetilbod, førebygging, sjukdom og behandling.

I denne utgåva av Helse i vest kan du lære meir om kva rettar

pasientar i norske sjukehus har. Blant anna retten til å velje

sjukehus sjølv. Du kan også lese om Gyro som er unnfanga i eit

laboratorium ved Haugesund sjukehus. Det som var eit mirakel

då verdas første prøverørsbarn blei fødd i England i 1978, er no

kvardagen for medarbeidarane ved fertilitetsklinikken.

Vi har óg teikna opp korleis eit løp for ein pasient som blir utgreidd

for kreft kan arte seg. Å korte ventetida for kreftdiagnostisering, er

eit av dei viktigaste måla for Helse Vest i år. Vi veit at mange ventar

for lenge, og vi veit at det er ei stor påkjenning både for dei sjølve

og familien. Dette tek vi på alvor og gjer noko med.

Snart er det sommar og ferietid.

Ta med deg nokre råd om handhygiene

frå baksida av magasinet!

Vi i Helse Vest ønskjer deg og dine ein

strålande sommar!

Bente Aae

KommunIKASjonSDIREKTøR, HElSE VESTHelse Stavanger

Helse Fonna

Helse Bergen

Helse Førde

Nordfjordsjukehus

Førde SentralSjukehuS

LærdaL SjukehuS

Voss sjukehus

HAukelAnd universitetssjukeHus

Stord SjukehuS

Haugesund sjukeHus

Stavanger univerSitetSSjukehuS

Følg oss på Facebook og twitter!

Facebook: Helse Vest RHF Twitter: @HelseVest

Ver så god!

ODDA SjukehuS

les meir om Helse Vest på nettstaden www.helse-vest.no

Page 3: 2011_02_Helseivest_web

– T

rygt

med

kof

fert

Sam

hand

lings

pros

jekt

et Mange reiser til Lærdal

Fritt sjukehusval

Der babyar blir til ...............................................4

Dine rettar som pasient .................................... 8

Det store sjukehusvalet ................................... 10

Reine hender reddar liv ....................................12

Raskare diagnose for kreftpasientar ................13

Trygg med koffert ............................................ 16

Samhandlingsreforma ..................................... 19

Felles kamp mot rus ........................................20

Helse Førde er fristvinnar ................................ 22

Vil finne ein kur mot demens .......................... 22

Innhald

Helse i vest, juni 2011

Ansvarleg redaktør Bente Aae

RedaksjonenElisabeth Huse (redaktør)Siri Tjessem FjælbergTonje PedersenSigurd RønningenKristin Dugstad Vestrheim

Redaksjonen avslutta 19. mai 2011

Helse Vest og nynorsk

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål. Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna Helse i vest og nett- sidene www.helse-vest.no skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.

Design Oktan StordFramsidefoto Kjetil AlsvikTrykkeri Senter Grafisk ASOpplag 415.000

Frå symptom til kreftdiagnose

Bli

med der barn blir til!

Fert

ilite

tsse

nter

et i

Helse Fonna

Følg ”Gunnar” (55)

16

10

4

14

MILJØMERKET

541-004TRYKKSAK 3

Page 4: 2011_02_Helseivest_web

–Vi er spente, samti-dig som vi har erfa-

ringane frå førre gong friskt i minne. Det er viktig å vere optimistisk, men vi er klar over utfordringane som kan komme. Til sjuande og sist er det berre eit egg og ei sædcelle som må treffast og utvikle seg for at det skal gå bra. Det underet har vi opplevd ein gong, seier Anette Jæger. Ho og Michael Svendsen har teke turen frå heimstaden på Sola utanfor Stavanger. Går alt etter planen, blir Gyro snart storesøster

Haugesund fertilitetssenter har halde på sidan 1985 og er ein av seks offentlege fertilitetsklinikkar i Noreg. Med pionérstatus på feltet tilbyr dei alle former for assistert befruktning som finst her til lands.

Mange får hjelp

Veggane i korridoren er dekorerte med bilete av babyar. Barn som har kome til som resultat av verksemda her. Sjukepleiarar, legar og bioinge-niørar førebur dagens aktivitetar. Det dreier seg alltid om dei avgjerande møta mellom egg- og sædceller.

– Kvart år hjelper vi om lag 350 barn til verda, med alle dei formene for assi- stert befruktning som senteret tilbyr. Tala vi har er gode. Om lag 70 prosent

som kjem hit, får barn med vår hjelp, fortel klinikkleiar Inga H. Bakkevig.

Hausten 2010 feira dei 25 års verk-semd. Dei har halde på så lenge at dei første barna som blei unnfanga her no har fått sine eigne ungar.

– Sidan oppstarten har Haugesund fertilitetssenter jobba for å halde kunn-skap, ekspertise og tilbod på toppnivå. Viljen til å liggje foran har alltid vore tilstades og er noko som pregar verk-semda, fortel seksjonsoverlege ved senteret, Torolf Holst-Larsen.

– Hjelpa senteret tilbyr er etter-spurd. Fleire og fleire tek kontakt. Det er ikkje tvil om at pågangen har auka dei siste tiåra. Der folk tidlegare måtte utanlands for å finne ekspertisen dei trong, kan vi no hjelpe dei som treng det her i Noreg, seier Holst-Larsen.

Avgjerande tverrfaglegheit

Arbeidet på fertilitetssenteret er prega av det tverrfaglege. Mens sjukepleiarar og legar møter para som får behandling, er bioingeniørar og embryologar i dei viktige kulissene: Laboratoriet. Yrkes-gruppene jobbar side om side for å oppnå gode resultat.

– For pasientane er møtet med sjuke- pleiarane og legene avgjerande. Dei ser ikkje prosessane som føregår etter at egg er henta ut, korleis vi jobbar for å

Ho leikar i sandkassen, plukkar løvetann frå

plenen og tøyser og ler som to og eit halvt-åringar flest.

Gyro er eit av 3300 barn som har kome til verda

med hjelp frå Haugesund fertilitetssenter.

Der babyar blir til

TEKST KRISTIn DuGSTAD VESTRHEIm FoTo HAAKon noRDVIK

Prøverørspionerane i Haugesund

Legar, sjukepleiarar, bioingeniørar og sekretærar bidreg på kvart sitt vis. Klinikkleiar inga h. Bakkevig, sjukepleiar

Grete Larsen og bioingeniør og klinisk embryolog herborg Dommersnes jobbar side om side for dei gode resultata.

4

heLse i vest juni 2011

Page 5: 2011_02_Helseivest_web

ho veit det ikkje sjølv, men Gyro svendsen Jæger er ein draum som blei verkeleg. i Noreg blir det årleg fødd om lag 1800 barn ved hjelp av assistert befruktning.

Page 6: 2011_02_Helseivest_web

befrukte egga på laboratoriet, fortel Holst-Larsen. Laboratoriearbeidet er avgjerande, samtidig som kontakten pasientane får med sjukepleiarar, leger og sekretærane dei møter, er viktig for pasientane som kjem hit. Stor utvikling

Sidan oppstarten for fertilitetsbehand-ling i Noreg, er det mykje som har endra seg. Blant anna har forskinga på dyrkings- medium utvikla verksemda. Det dreier seg om å finne den væska som gjer at flest mogleg egg deler seg etter befruktning. For pasientane har også endringar i medi-kamentbruken gjort det enklare. Ei anna stor utvikling gjeld inngrepa med å hente ut egg og sette tilbake befrukta embryo. For 25 år sidan innebar assistert befruktning ein omfattande kirurgisk prosedyre med full anestesi. I dag slepp pasienten dette. Prosessen går raskt og berre lokalbedøving er nødvendig. Tidlegare var det vanleg å setje tilbake både to og tre befrukta egg i liv-mora. Nokre gonger enda fleire. Det auka sjansen for fleirlingefødslar, noko som alltid representerer ein viss risiko for barn og mor. I dag er det vanleg å setje inn eit egg om gongen, utan at det har redusert sjansen for å bli gravid. Resultatet er like mange fødslar, men mengda tvilling- og fleirlingefødslar er redusert frå 30 til 10 prosent. Dette betyr

at fleire barn blir fødde friske og til termin. Lovgivinga rundt assistert befruktning har også spelt ei rolle i utvikling og endring. I dag kan lesbiske få hjelp til å få barn, og behandling med sæddonor er òg ein del av tilbodet: Haugesund fertilitetssenter er eit av to offentlege helseføretak i landet som

tilbyr donorbehandling.

Krev god behandling

– Sædcellene eg er i ferd med å gjere klar her no, høyrer til egga bioingeniør Hilde Tveitt nettopp har fått levert frå operasjonsrommet ved sida av. Det skal ikkje vere nokon tvil om identitet og til-høyre, fortel bioingeniør og klinisk embry- olog Herborg Dommersnes.

For unngå forstyrringar og sikre for-holda rundt arbeidet, jobbar dei alle utan særleg lyd, lågmælt, for lukka dører. Ikkje

noko skal distrahere eller forstyrre – verken folk eller celler. Der kor Tveitt sit og gjer klar egga, er det i tillegg både mørkt og lunt. Ho har ikkje på seg parfyme, for å halde luktinntrykka borte. Alt for egga si skuld. Regelen om ikkje å bruke parfyme gjeld over heile sjukehuset, men får ekstra

merksemd på fertilitetssenteret.– Egga får den beste behandlinga vi

veit å gi dei. Det betyr at vi må simulere til-høva som finst inne i kroppen, med jamn temperatur og mørkre, seier Tveitt.

Det gjeld å unngå såkalla oksidativt stress for cellene. Det kan medføre at dei ikkje kan brukast i fertilisering, at arvema-teriale går tapt. Difor føre var.

Prosessen

Når egga er henta ut, blir kvart egg sett i ei skål med dyrkingsmedium, saman med

– Det er rart å sjå dei små babyane, og vite at

eg har site her ved mikroskopet og vore den som

førte sædcella inn i egget slik at det blei eit lite

menneske. Bioingeniør Ann Helen Kipsgård

eit velsmurd maskineri: herborg Dommersnes (over), inga h. Bakkevig (oppe t.h.) og Ann helen Kipsgård (t.h.) er alle

konsentrerte i kvar sine viktige oppgåver fram mot målet – vellykka befruktning og fleire barn.

6

heLse i vest juni 2011

Page 7: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

ei mengd av mannen sine spermiar. Så gjeld det at ein av desse finn vegen inn i egget. Egga blir dyrka vidare i inkubatoren til neste dag. Optimalt skal egget vere delt i fire på dag to. Så skal det setjast tilbake i livmora.

Det er denne prosessen Anette Jæger no er klar for. Før helga var ho oppe og fekk henta ut fleire egg. Sædceller frå ekteman-nen har blitt sett til i skålene kor eit og eit egg har lege klart for befruktning. I dag skal den beste embryokandidaten tilbake til livmora. Målet er at det festar seg til liv-morveggen og veks vidare, slik tilfellet var då ho blei gravid sist gong.

– Dottera vår er det fantastiske resultatet etter to rundar med egguthenting og til-bakesetting av embryo befrukta med IVF-metoden der sædcella sjølv finn vegen inn til egget, fortel Anette Jæger.

Med hjelp av mikroskopet

I dei tilfella der egg og sædceller treng ekstra hjelp på vegen, blir ein annan teknikk brukt, mikroinjeksjon eller ICSI som han og blir kalla. Behandlingsforma kom på midten av 1990-talet. I Haugesund var utstyret raskt på plass, og dei første fekk tilbod om dette i 1996. Ei enkelt sæd-celle blir injisert i egget. Behandlinga er eit tilbod til dei med sterkt redusert sæd-kvalitet, enten det er for få sædceller eller

at dei symjer for dårleg, eller der forhold ved egga gjer det vanskelig for sædcellene å trengje seg inn.

– Det er rart å sjå dei små babyane når foreldra kjem på besøk med dei på klinik-ken, og vite at eg har site her ved mikro-skopet og vore den som førte sædcella inn i egget slik at det blei eit lite menneske, fortel bioingeniør Ann Helen Kipsgård.

Ho førebur seg. Alle instrumenta må vere korrekt innstilte, egga fri for hinder, sædcella på plass inne i pipetten. Med

ørsmå og kontrollerte bevegingar, får bio-ingeniøren ei sædcelle på plass. No gjeld det at egget deler seg slik det skal.

I mellomtida har eit embryo blitt sett på plass i Anette Jæger. Den lille familien på tre er på veg heim att. Framfor dei ligg for-ventning. Tida som kjem vil vise om det viktige møtet på laboratoriet er den spede starten på eit nytt liv. Store ting begynner i det små. Det aller største kan vere i ferd med å starte i ei lita skål ved Haugesund fertilitetssenter.

Frå mikroskop og laboratorium til sprell levande jente som sit på fanget til far. ingrid thormodsen Rein (til vens-tre) håper at jobben ho gjer denne dagen vil gjere nokon til foreldre, slik senteret hjalp Anette Jæger og Michael svendsen med Gyro.

OM DONORBehANDLiNG

Haugesund fertilitetssenter er ein av to offentlege klinikkar som tilbyr donorbenhandling. Det er stor etter-spurnad og behov for sæddonorar. Ved å donere kan ein hjelpe andre å stifte familie.

les meir om dette på nettsidene til Helse Fonna www. helse-fonna.no

Under strengt oppsyn står beholdarar som inneheld befrukta befrukta egg eller sæd. eit datasystem sørgjer for ein temperatur på 196 minusgrader og at nitrogenmengda alltid held rett nivå.

7

Page 8: 2011_02_Helseivest_web

Ret

t til

sjuke

husval

Ret

t til

be

handling

Ret

t til

vurd

ering og fristR

ett t

il å

klage

Ret

t til

info

rmasjon

Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus. Retten

gjeld ikkje akutt behandling.

nokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig helsehjelp.

Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og

moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialist- helsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod

om behandling. Denne gruppa kan måtte vente noko lenger

på behandling.

Alle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden

sin vurdert innan 30 vyrkedagar. Pasientar som blir vurderte til å

ha ”rett til nødvendig helsehjelp” skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast.

Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.

Pasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld

mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig

helsehjelp eller ikkje, og den konkrete fristen pasienten

eventuelt har fått.

Pasienten skal informerast om han eller ho er vurdert til å ha

rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane

han eller ho har ved brot på fristen og om retten til å klage.

Kven kan hjelpe?

helsetilsynet er klageinstans og tilsyns-myndighet for barnevern, sosial- og helsetenestene i noreg. meir informasjon: www.helsetilsynet.no

Pasient- og brukarombodet kan også hjelpe: www.pasientombudet.no

Du kan også kontakte pasienthjelpar liv Torunn Rundhovde i Helse Vest, telefon 800 41 005

Dine rettar som pasientDu har rett til medverknad når du blir pasie

nt!

Slit du med å finne fram i sjukehussystemet? Hos pasienthjelpar liv Torunn Rundhovde i Helse Vest, får pasientar og pårørande informasjon, personleg oppfølging og praktisk hjelp.

Pasienthjelparen gir deg råd og rettleiing

Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 8.00 - 15.00 via gratis grønt nummer 800 41 005

– Eg hjelper pasientar, pårørande og helsepersonell med

råd og rettleiing om korleis dei skal finne fram i eit til tider uoversiktleg og komplisert system. I tillegg til å hjelpe med den praktiske gjennomføringa når du vil velje sjukehus, kan eg blant anna gi informasjon om ventetider,

pasientrettar, transport og frist og fristbrot, seier Rundhovde.

heLse i vest juni 2011

8

Page 9: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

Sola skin over Lærdal. Det er vår, og markene er grøne.

Nede i dalen kastar sola lys på ein stor murbygning. Lokalsjukehuset rommar mellom anna Ortopedisk avdeling, seksjon Lærdal i Helse Førde. Seksjonen har spesial- isert seg på kne- og hoftekirurgi. I tillegg til pasientar frå eige fylke kjem det òg pasientar frå andre delar av landet. Godt omdømme når det gjeld behandling, og tett oppfølging gjer at vegen frå Stavanger, Oslo eller Bergen blir kort for ein pasient som er bevisst på valet sitt.

– Helse Førde har lagt til rette for at Lærdal sjukehus i stor grad har kunna innrette seg mot kne- og hoftekirurgi. Vi skal primært gi eit tilbod til pasientar i eige helseføretak, men vi skal også vere eit til-bod til resten av regionen og landet, fortel Truls Jellestad, knekirurg og overlege ved avdelinga.

Seksjonen blei etablert hausten 2004. I dag blir det mellom anna utført 300 protese-

operasjonar på kne og hofter per år. Vel 300 gjestepasientar kjem kvart år til Lærdal for å få utført ulike typar ortopediske operasjonar.

Dette er respektabelt sett i norsk måle-stokk, ikkje minst med tanke på ei tidvis tungvint og lang reise, særleg for gjeste- pasientane, seier Jellestad.

Historikk

Då avdelinga skulle opne i 2004, gjekk Helse Førde ut med ein annonse og gjorde merksam på tilbodet innanfor kne- og hofte- kirurgi. Tilbodet blei organisert på ein ny måte. Pasientane skulle få operasjon og opptrening same stad.

Etter at tilbodet blei kjent, har pågangen vore stor. Mange kjem hit på grunn av fritt sjukehusval, seier fysioterapeut Rita Lysne. Ho har arbeidd ved sjukehuset sidan før ortopediklinikken blei opna.

Protesekirurgi utgjer om lag 30 prosent av den samla operasjons-

TEKST TonjE PEDERSEn FoTo HElGE SKoDVIn

ordninga med fritt sjukehusval er ti år. Sjukehuset i lærdal lokkar pasientar langvegsfrå.

eva tofte har kome til Lærdal frå stord og er nyleg operert i kneet. – eg har stor tru på det dei gjer her, og veit at dei er gode på kne. Derfor blei valet mitt enkelt, seier ho.

sjukehusvaletDet store

9

Page 10: 2011_02_Helseivest_web

aktiviteten ved klinikken. Resten omfattar andre typar leddkirurgi.

Mengdetrening

– Eit lite lag med legar, sjukepleiarar og fysioterapeutar har spissa seg mot ein slik type kirurgi. Det gjer at alle dei involverte får ei solid erfaring og nødvendig mengde-trening. I tillegg har vi ein opptreningssek-

sjon for mellom andre protesepasientane. Etter fem dagar kan pasienten reise heim, velje eit eksternt rehabiliteringstilbod eller vere med i opptreningsprogrammet vårt. Dei fleste ønskjer opptrening i Lærdal i form av ei ekstra veke med trening og intensiv fysioterapi, seier Jellestad.

Sjølv om pasientane vel Lærdal sjukehus, må dei rekne med ventetid. – Pasientane vel

likevel å vente. Forventingane er ofte høge. Alle gjer ein samla innsats for å komme desse forventingane i møte, seier Lysne.

Gjestepasientane som kjem til Lærdal, har eit bevisst ønske om tilbodet som blir gitt her. Det er nettopp det fritt sjuke-husval går ut på. Pasienten kan sjølv velje kor han vil bli behandla. I nokre tilfelle er det fastlegen som tilrår sjukehuset. Andre

gonger er det pasienten sjølv som ber om det. Før ein eventuell operasjon må tilstanden greiast ut. Ei stund seinare blir pasienten kalla inn til operasjon. Prioriteringa avgjer kor lang tid det tar.

I underetasjen med utsikt til parken ligg treningssalen. Her vaknar nye hofter og kne til liv. Under opptreningsopphaldet må pasientane trene to gonger kvar dag.

Ein gong i gruppe, og ein gong med indi-viduelt retta behandling.

– Vi deler pasientane inn i små grupper. Dei som blir opererte same veke, trenar saman etterpå. På den måten blir det både motiverande og sosialt, seier Lysne.

Ortopedisk avdeling i Lærdal har funne ein nisje. Jellestad trur at spisskompetanse er viktig for dei små sjukehusa.

”Kremen av pasientar”?

Mens vårsola går ned i Lærdal, er pasient- ane på ortopedien på veg til å falle til ro. Dei er opererte, har trena og gler seg til å komme heim. Reisevegen er gløymd. No er det opptrening som gjeld.

– Vi er heldige som har så bevisste og motiverte pasientar. Dei veit kva dei vil, og blir som oftast fornøgde. Fordi vi har mange pasientar via fritt sjukehusval meiner nokre at vi skummar fløyten, og får ”kremen av pasientane” her til oss i Lærdal. Slik er det ikkje. Mange har svært kompli-serte tilstandar, andre har kanskje ikkje fått behandlingstilbod andre stader. Det gir eit mangfald av pasientar, og spennande utfordringar for personalet, seier Lysne.

– Etter at tilbodet blei kjent, har pågangen vore stor. Mange kjem hit på grunn av fritt sjukehusval.Rita lysne, fysioterapeut

Fysioterapeut Rita Lysne hjelper dei to nyleg opererte, Anny Baresel og Bjørg Øen som trenar seg opp på sjukehuset. Då slepp dei ekstra rehabilitering når dei kjem heim.

10

heLse i vest juni 2011

Page 11: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

– Eg er i strålande form, smiler Anny Baresel frå Bergen, som no kan gå tur igjen etter hofte-operasjonen i lærdal.

– Hofta mi er heilt topp. Det er utruleg at eg har så lite vondt etter ein så om-fattande operasjon. Verka om natta var borte frå dag ein. Eg er heilt sjokkert over kor flinke dei har vore, seier ho.

Baresel var ikkje i tvil då ho skulle velje behandlingsstad. Valet fall på det ho kallar øvste hylle; lærdal.

– Eg hadde høyrt om fritt sjukehusval, og eg ville velje det beste tilbodet. Eg spurde litt rundt, leita på nettet og snakka med kjende. Fleire hadde vore i lærdal, og folk var fornøgde. Dermed fall valet på dette sjukehuset, seier ho.

– Det som er greitt her, er at eg får alt i ein pakke. Eg slepp opptrening ein annan plass etterpå.

– Det er godt som pasient å få bestemme sjølv. Her blir vi som ein stor familie. Pleiarane er fantastiske, det same er legane og dei andre pasientane. Alle er her for same grunn, seier ho.

truls Jellestad, knekirurg og overlege ved ortopedisk avdeling på Lærdal sjukehus, har saman med fysioterapeut Rita Lysne, til venstre, og oversjukepleiar Anja Myklemyr jobba aktivt for å gi eit godt tilbod ved avdelinga.

Endeleg klar for tur!

Anne Baresel nyter å gå tur igjen. etter hofte-operasjonen på Lærdal sjukehus føler ho seg i betre form enn på lenge.

sjukehuset i Lærdal har spesialisert seg på kne- og hofte-operasjonar. Denne kneprotesen blir sett inn i det skadde kneet, og ikkje lang tid etter operasjonen er pasienten vanlegvis mykje betre.

11

Page 12: 2011_02_Helseivest_web

Verdas helseorganisasjon har sin Save Lives: Clean Your

Hands. Helse- og omsorgsdepartementet står for kampanjen I trygge hender. Og i Helse Vest har vi kvalitetssatsinga. Alle tiltaka dreg i same retning: Å gjere sjuke-husopphaldet enda tryggare og betre for pasientane.

Handavtrykk

Seksjonane for smittevern jobbar heile tida for å førebyggje sjukehusinfeksjonar. Eit av tiltaka er handhygienekampanjen som omfattar alle helseføretaka i Helse Vest.

– Handhygiene i helsetenesta er særleg viktig fordi pasientar er utsette for infek-sjonar. På sjukehuset er det i tillegg til pasientar både helsepersonell, andre til-sette og pårørande. Alle tek vi i ting og set handavtrykk etter oss, seier June Aksnes, spesialsjukepleiar innan smittevern og del-prosjektleiar for handhygienekampanjen i Helse Bergen.

Rein til rett tid

At god handhygiene er viktig, er på ingen måte nytt for Aksnes eller andre helsearbeidarar. Det gjer det ikkje mindre aktuelt. Kampanjen rettar eit skarpt søkjelys på tidspunkta for hygienetiltak. Hendene skal vere reine til rett tid, fri for bakterie- feller som ringar og klokker.

– Best effekt får hygienetiltaka om dei blir utførde umiddelbart før og etter kon-takt med pasienten, fortel Aksnes.

Alltid aktuelt

Ho får støtte frå Anne Grimstvedt Kvalvik, koordinator for kvalitetssatsinga i Helse Vest:

– Tiltaka rundt handhygiene er ukom-pliserte og enkle å ha som del av naturlege rutinar som allereie er godt innarbeidde. Handhygiene er viktig og alltid aktuelt – for alle, seier Kvalvik.

– 5. mai i år blei Verdas handhygienedag markert på helseinstitusjonar over heile

verda. Sjukehusa i Helse Vest var ikkje noko unntak. Dagen blei brukt til å løfte fram kor viktig handhygiene er, og var ein del av kvalitetssatsinga i Helse Vest. Sidan februar har vi registrert rutinar og atferd rundt handhygiene. No startar arbeidet med å oppsummere og følgje opp funna, fortel Aksnes.

God effekt

Allereie ser ho korleis enkle tiltak – til dømes å plassere spritdispensarar godt synleg og skape merksemd rundt kva for små endringar som skal til – gir positiv effekt på handhygieneatferden.

– Gjennom aksjonen ønskjer vi å hjelpe alle som oppheld seg på sjukehusa til å ta val som gir god effekt. Godt synlege hjelpemiddel og bevisstgjering rundt kva som kan redusere infeksjonsfarane, gir ei auka forståing for kor mykje dei enkle tiltaka har å seie, meiner Aksnes.

Reine henderreddar livHendene våre kan vere bakteriebomber. Korrekt handhygiene til rett tid er det viktigaste enkelttiltaket for å hindre smitte.

TeKsT KrisTin DugsTaD VesTrHeim

12

heLse i vest juni 2011

KvALitetssAtsiNGA i heLse vest

… er ei langsiktig satsing på pasientbehandlinga i helseføretaka. målet er å skape ein kultur der organisasjonen lærer av feil og systemsvikt og der kvalitets- arbeidet er integrert og prioritert i den daglege drifta.

“i tRyGGe heNDeR”

• Den største satsinga på pasient- sikkerheit som nokon gong er gjort i norsk helseteneste.

• Pasienten står i sentrum og ut 2013 skal satsinga vise seg i spesialist- og primærhelsetenesta, på oppdrag frå Helse- og omsorgs-departementet.

• måla for kampanjen er klare:

– Redusere talet på pasientskader

– Byggje varige system og strukturer for pasientsikkerheit

– Forbetre pasientsikkerheits- kulturen i helsetenesta

Page 13: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

Raskare diagnosefor kreftpasientar

13

Helse Vest arbeider no med nye planar for kreftutgreiinga. målet om raskare diagnose for kreftpasientar er høgt prioritert. TEKST TonjE PEDERSEn

FLeiRe OveRLeveR:

• Sidan 1950-åra har talet på krefttilfelle i noreg auka med 80 prosent.

• Samtidig har talet på overlevande auka jamt.

• I dag er meir enn 50 prosent av alle kreftpasientar i live fem år etter at dei har fått diagnosen.

• Tidleg diagnose og betre behandlingsmetodar gir auke i overleving og betre livskvalitet for kreftpasientar.

(Kjelde: regjeringa.no)

veNtetiD

• Helsedirektoratet arbeider no med å få oversikt over kor lenge kreftpasientar må vente på diagnose.

• Ventetida skal ned, er kravet frå regjeringa.

• Helseføretaka skal sørgje for at dei nye retnings- linjene blir følgde.

Kreft: frå mistanke til behandling

–Dette er noko eg verkeleg brenn for som tidlegare

kreftlege, seier Baard-Christian Schem som i dag er fagdirektør i Helse Vest.

Uheldig

Den siste tida har det vore fleire saker i media med eksempel på folk som har venta for lenge på å få ein kreftdiagnose. Parallelt er det lansert ein nasjonal kampanje for å få ned ventetida for kreftutgreiing.

Schem meiner det er heilt reelt at vente- tidene ved utgreiing av kreft er for lange.

– Dette er uheldig både med tanke på å få eit best mogleg resultat av behandlinga og ikkje minst fordi det er ei stor psykisk påkjenning for pasientar og pårørande, seier Schem.

Varierer kor mykje det hastar

Han understrekar likevel at det er stor ulik- skap mellom kreftsjukdommar og ulike stadium av same kreftsjukdom når det gjeld kor mykje det hastar å kome i gang med behandlinga.

– Ved for eksempel små svulstar i prostata vil tida spele ei mindre rolle enn ved ein stor svulst i endetarmen, påpeikar han.

Schem forklarer at ein hovudårsak til at kreftutgreiing tek tid er at ein i dag stiller heilt andre krav til detaljkunnskap om kreft-type og kartlegging av kor kreften er enn for 10-15 år sidan.

Frå konfeksjon til skreddarsaum

– Behandlinga er gått frå konfeksjon til skreddarsaum, og då må ein ha mykje meir

informasjon om kvar enkelt pasient for å gi riktig behandling. For mange kreftformer er det heilt avgjerande for behandlingsvalet om kreften berre er ein stad, eller om det finst svulstar fleire stader. Tek ein feil her, kan pasienten ikkje berre miste den beste behand-linga, men óg bli utsett for uverksam behand-ling som berre gir biverknader.

Schem meiner betre koordinering er viktige stikkord.

– Dette stiller store krav til samarbeid mellom avdelingar og ulike sjukehus, og til betre dataløysingar for å styre heilskapen. Mange etterlyser det danske systemet med spesifikke forløp for mange vanlege kreft- former, og vi arbeider med å få til noko liknande, seier Schem. Men svært mange av pasientane må ha meir enn ei standardpakke av bestemte undersøkingar før vi veit kva som er den beste behandlinga. Sjølv om utgrei- inga kan standardiserast, er det ofte fleire funn som treng undersøking.

Åtte-ti trinn

Målet om å få til ein heilskapleg plan for ein pasient under utgreiing er no i startgropa.

– Om vi har ein samla plan for utgreiinga, med fastsette timar for alle trinn ein veit skal gjennomførast heilt frå starten av, kan det gå raskare. Dette kan og vere lettare for pasienten. Ei slik utgreiing vil vere på åtte-ti trinn.

Schem håper ein skal sjå resultat av arbei-det til hausten.

– Hovudårsaka til at kreftutgreiing tek tid er at ein i dag stiller heilt andre krav til detaljkunnskap om krefttype og kartlegging av kor

kreften er enn for 10-15 år sidan. Baard-Christian Schem, fagdirektør i Helse Vest

les også

Page 14: 2011_02_Helseivest_web

“Gunnar” (55 år) har endetarmskreft. Dette er ei vanleg kreftform som

krev alle former for behandling og samarbeid på tvers av ulike spesialitetar. Her er eit eksempel på eit typisk forløp.

Frå mistanke til behandling

SymptomaGunnar har mykje luft i magen, men det har han ofte hatt før òg. Fordøyinga er annleis, og etter kvart kjem det blod i avføringa. Først då går Gunnar til legen.

Det kan gå fleire veker frå han kjenner endringar, til han gjer noko med det. Symptoma på kreft liknar i starten ofte på dei vi har ved andre uskyldige sjukdommar som er meir vanlege og ofte går over av seg sjølve.

Hos legen Gunnar går til legen. om legen får mistanke om at det kan vere ein svulst, blir Gunnar undersøkt i endetarmen. Det er ikkje alltid at ein kan kjenne svulsten, då blir legen sin mistanke mindre.

Om legen kjenner noko som kan vere ein svulst, eller av andre grunnar enno har mistanke, får Gunnar tilvising til spesialistundersøking.

Vevsprøveher møter Gunnar den første ventetida. Han og legane veit enno ikkje om han har kreft. legane må sjå lenger oppe i tarmen. Sjølv om ein no finn noko legen trur er kreft, må diagnosen bekreftast av ein vevsprøve. om det er kreft, må legen også finne ut kva slags krefttype det er snakk om.

For mange kreftformer held det ikkje med undersøking av vevsprøven i mikroskop, men spesialundersøkingar trengst for å få kunnskap om svulsten som er avgjerande for behandlinga.

Lysmikroskopi kan ofte utførast i løpet av nokre dagar, men spesialundersøkingar tar ofte lengre tid. Her, som i alle andre

TEKST TonjE PEDERSEn IlluSTRASjon Ann KRISTIn HAGESæTHER

Følg “Gunnar” gjennom eit vanleg kreftforløp

14

heLse i vest juni 2011

Page 15: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

trinn, aukar også tidsbruken om ein finn uklare svar. I verste fall er vevsprøven ikkje “representativ”, det vil seie at ein ikkje finn svulstvev eller for lite vev til å konstatere om det er kreft. Dette er fordi kreftsvulstar ikkje berre består av kreftceller, men også ofte inneheld normalvev som bindevev, feitt og blodkar.

Ikkje representativ vevsprøve krev ny prøve. Heldigvis er det sjeldan ein må gå meir enn éin ekstrarunde.

Patologen ser på svaraDei radiologiske undersøkingane det er aktuelt å bestille, kjem an på krefttypen pasienten har.

Dei ulike kreftformene har ulike vekst- og spreiings- mønster, og det avgjer korleis ein undersøkjer, og kva radiologen særleg ser etter. Ideelt sett vil ein derfor ha svar på vevsprøven tidlegast mogleg.

Radiologiske undersøkingarUt frå kva krefttype ein trur Gunnar har, bestiller legane dei aktuelle radiologiske undersøkingane (CT, mR, ultralyd, vanleg røntgen). når desse er gjorde, vil ein hos dei fleste finne stadiet kreft- sjukdommen er i, altså kor stor og utbreidd svulsten er, og om det er spreiing.

Spreiing: Ein vil også no vite om svulsten veks inn i nærliggjande organ som urinblære, prostata, om det er spreiingssvulstar, og kor dei er. Viss ein finn innvekst av svulsten i dei nære organa i bekkenet, må Gunnar gjennom stråling før han kan operere hovudsvulsten.

Fjernspreiing: Ein vil også finne ut om kreften har spreidd seg lenger. Det er avgjerande for vidare behandling.

Ofte gjer ein funn som er usikre. Ein kan finne ein “flekk” på lunga eller eit mistenkeleg område i levra. Dette kan vera ufarlege endringar som mange har utan å vere sjuke, eller det kan vere spreiing. Igjen krev dette ny avklaring med tanke på behandlinga. Ofte fører eit funn som dette til ny vevsprøve. Så skjer det same igjen, med ny venting på prøvane.

Andre sjukdommar: I tillegg blir det gjort under- søkingar for å finne ut om pasienten har andre sjuk-dommar. Hjartesjukdom, diabetes, nyresjukdom og liknande får konsekvensar for vidare undersøkingar og behandling. Desse må vere kjende og behandla best mogleg før ein vel behandling, og før ein eventuelt opererer.

BehandlingNår den endelege kartlegginga av kreften er gjort, skal ein bestemme seg for behandlinga.

Operasjon: Er svulsten i endetarmen ikkje for stor eller veks for mykje inn i omgivande vev, og det ikkje er spreiing, så blir Gunnar operert.

Strålebehandling / cellegift: Er svulsten for stor eller veks for mykje inn i omgivnadene mens det ikkje er spreiing, får han strålebehandling og eventuelt cellegift for å krympe svulsten. Etter nokre veker er svulsten vanlegvis så liten at ein opererer. Er det fjernspreiing, vil ein ofte ikkje kunne bli frisk, og pasienten får medikament for å halde sjukdommen i sjakk lengst mogleg. I nokre tilfelle kan ein fjerne spreiinga.

nye prøvaretter ein operasjon blir det teke nye prøvar i randsona av den fjerna svul-sten for å sikre at alt er fjerna. Viss ein finn noko meir, må Gunnar ha ny strålebehandling eller ny operasjon.

– Om heile prosessen går bra, vil det ta mellom 20 og 30 vyrkedagar før behandlinga er i gang, seier fagdirektør Baard-Christian Schem i Helse Vest.

15

Page 16: 2011_02_Helseivest_web

Det er snart to veker sidan han fekk nyvinninga heim i stova. Då kom han heim frå tre sjukehus-

opphald med lungebetennelse og rehabilitering ved Dalane lokal-medisinske senter (LMS) i Eigersund kommune. Joakim Klepp har kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) og er tungpusta. Men no er han heime hos seg sjølv og får nødvendig oppfølging direkte frå sjukepleiaren, som sit i Egersund.

Har aldri angra

– Då dei spurde om eg ville prøve med kols-kofferten heime, sa eg først nei. Men etter å ha tenkt meg om ein dag, fann eg ut at eg ville prøve likevel. Og det har eg aldri angra på! Spesielt dei fire-fem første dagane etter at eg kom heim, var det svært trygt og godt å ha kofferten, fortel Klepp.

– Det aller beste er at eg kan sjå den eg snakkar med rett inn i augo. Det er noko heilt anna enn å snakka med nokon på telefon. I tillegg kjenner dei meg og lidinga mi. Og det er godt at eg slepp å reise ut for å komme meg til legen med spørsmåla mine, fortel han mens han legg den eine fingeren inn i eit måleinstrument. Det skal måle surstoffmettinga i blodet, i tillegg til pulsen.

Informasjon på direkten

– No kan du ta fingeren ut frå oxymeteret, seier sjukepleiar Laufey Gylfadòttir frå skjermen. Informasjonen blir sendt via mobilt breiband direkte frå kofferten inn til sentralen i Egersund. Sjukepleiaren kan lese av resultatet med det same.

– Veldig bra resultat i dag, Joakim! Korleis går det med deg elles? Har du like fint ver på Klepp som vi har i Egersund?

Med kofferten kan Klepp og gjere ein spirometri-test, som måler lungekapasiteten. Då blæs han i eit slags røyr og informa-sjonen går vidare til sentralen. Alle data blir samanlikna frå dag til dag og slik kan sjukepleiarar og legar følgje pasientane opp

TEKST SIRI TjESSEm FjælBERG FoTo monICA lARSEn

73-årige joakim Klepp sit i godstolen heime på Klepp.

Klokka nærmar seg elleve og han opnar kols-kofferten som står på salongbordet. Eit lite trykk på ein

knapp, og han kan sjå sjuke- pleiaren rett inn i auga.

OM PROsJeKtet

• Kols-kofferten er ein del av eit større samhandlingsprosjekt ved Dalane lokal- medisinske senter (lmS), Helse Stavanger.

• Prosjektet har motteke samhandlingsmidlar frå blant anna Helse Vest, Helse- og omsorgs-departementet, Helsedirektoratet og fleire private givarar.

• Prosjektet starta i september 2008 og vil vare til 1. januar 2012.

• Dei første koffertane har vore i bruk over eit år.

• Prosjektet ønskjer å utvide bruken av koffertane til fleire kols-kronikarar, og til fleire typar helseproblem.

tryggmed koffert

16

heLse i vest juni 2011

Page 17: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest 3/2010

KOLs-KOFFeRteN

• Spesialutforma berbar PC der pasient og helsepersonell kan kommunisere via bilete og lyd. Svært enkel i bruk.

• Pasienten kan blåse i eit spirometer (lunge-funksjonsprøve), og måle oksygeninnhald i blodet og hjartefrekvens. Informasjonen blir overført til helsepersonellet ved hjelp av mobilt breiband.

• Det er mogleg å kontakte helsepersonell per telefon eller alarmknapp heile døgnet.

17

Page 18: 2011_02_Helseivest_web

på ein heilt annan måte enn det som elles har vore vanleg. Vanlegvis er det sett av 30 minutt per pasient per dag og pasienten har kofferten heime hos seg i om lag to veker.

Del av samhandlingsprosjekt

– Dette er eit godt eksempel på korleis moderne teknologi kan brukast for å gi pasientane våre den beste og mest effektive omsorga, fortel Johannes Bergsåker-Aspøy, prosjektleiar og overlege ved Dalane lokal-medisinske senter. Han har saman med avdelingssjef Mariann Svanes arbeidd for å få til saman ti koffertar til kommunane Lund, Sokndal, Eigersund, Bjerkreim, Hå, Time, Klepp og Gjesdal sør i Helse Stavanger sitt føretaksområde. No håper dei at samhandlingsprosjektet kan utvidast, slik at dei òg kan dekkje andre kommunar i Helse Stavanger og gjerne i andre delar av Helse Vest etter kvart.

Kan brukast på andre sjukdommar

– På sikt håper vi at kofferten kan brukast òg ved andre sjukdommar enn kols, fortel Bergsåker-Aspøy. Han nemner hjartesvikt, diabetes, behandling ved livets slutt, dialyse og rehabilitering som moglege område.

Kollega Mariann Svanes understrekar at kofferten skal vere eit supplement til fastlegen. Men det er ei kjent sak at kols- pasientar ofte blir innlagde på sjukehus, gjerne fleire gonger på kort tid.

– Vi vil gjerne hindre re-innleggingar av kols-pasientane i sjukehus, og samtidig avlaste heimesjukepleien i kommunane. Men det aller viktigaste for oss er pasienten, understrekar Svanes.

Ny form for omsorg

– Ein skulle tru at den kalde, harde kofferten ikkje kunne vere til hjelp for pasienten, og at den skulle vere komplisert

å bruke. Men til sjuande og sist er kof-ferten blitt symbolet på ei varm og mjuk omsorgshand, seier Svanes.

Heime på Klepp kan ikkje Joakim Klepp vere meir einig. Redsla for å prøve noko nytt og ukjent i hans alder har vist seg å vere ugrunna.

– No skal eg snart levere kofferten frå meg til andre som treng han. Det går heilt fint, for eg føler meg friskare no. Men tryggleiken eg har hatt i kofferten desse vekene, har vore ein viktig faktor for at eg har kome meg så raskt på beina igjen, seier Klepp.

– Tryggleiken eg har hatt i kofferten desse vekene, har vore ein viktig faktor for at eg har kome meg så raskt på beina igjen. joakim Klepp, kols-pasient

Mariann svanes og Johannes Bergsåker-Aspøy har arbeidd saman for å få ti koffertar til kols-

pasientar sør i helse stavanger. No håper dei at samhandlingsprosjektet kan utvidast, slik at dei òg kan dekkje andre kommunar i helse stavanger og

gjerne andre delar av helse vest etter kvart.

– Det aller beste er at eg kan sjå den eg snakkar med rett inn i augo, seier Joakim Klepp. Med kofferten kan han og gjere ein test som måler lungekapasiteten.

18

heLse i vest juni 2011

Page 19: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

Frå 1. januar 2012 treff Samhandlingsreforma pasientar, legar, sjukepleiarar og alle andre i helsetenesta. men kva er eigentleg målet med denne gigantiske reforma og korleis skal du forhalde deg til endringane? Her finn du spørsmål og svar om Samhandlingsreforma:

Kva er samhandlingsreforma?

Samhandlingsreforma viser veg for fremtidas helse- og omsorgtenester. Målet er at:

• Folk skal vere friske så lenge som mogleg – når dei treng hjelp skal dei få det.

• Tilbodet skal ha god kvalitet. Pasientar og brukarar skal oppleve at dei får hjelp utan svikt og brot i behandlingsforløpet.

• Ein større del av helsetenestene skal ytast i kommunane, der folk bur.

• Pasientane og brukarane skal vere i sentrum. Det er dei som veit kor skoen trykkjer. Pasientar og brukarar skal ha innflytelse på planlegging og utforming av tenestene, og dei skal vere med og ta avgjerder som gjeld eiga helse.

Kva betyr dette for folk flest?

• Gå til fastlegen. Framleis vil fastlegen vere døra inn til helse- og omsorgstenestene.

• Dei som treng behandling på eit sjukehus, skal framleis få det. Dei som kan få eit like godt eller betre tilbod i kommunane, skal få det.

• Vi skal førebyggje meir og hjelpe folk før dei blir for sjuke.

• Vi skal oppdage sjukdom tidlegare og gi raskare behandling.

• ulike ledd i helsetenesta skal jobbe meir saman slik at det blir enklare og betre for folk.

• Folk med kroniske lidingar skal få betre tenester, meir oppfølging der dei bur og meir hjelp til koordinering av dei nødvendige tenestetilboda.

• Tenester skal flyttast nærmare der folk bur. Fleire oppgåver skal flyttast til kommunane og dei får pengar til å utføre dei.

• Det skal bli lettare å få helsehjelp lokalt, og folk vil få eit breiare helsetilbod i kommunane.

• Er det behov for hjelp til å leggje om levevanar, endre kosthald, komme i gang med fysisk aktivitet eller stumpe røyken, skal folk få tilbod om det gjennom frisklivstilbodet i kommunen.

• lokalmedisinske senter vil ha ei viktig rolle i det nære helsetilbodet.

• Folk skal oppleve at dei får god behandling – når dei treng det.

• Vi skal byggje sterke spesialiserte fagmiljø.

• Viss folk ikkje får god behandling, blir det ein stad å klage – til Fylkesmannen.

• Pasientar og brukarar skal få større medverknad.

Når skal reforma gjennomførast?

• Gradvis gjennomføring med startskot 1. januar 2012.

• oppbygging av helsetilbod i kommunane kjem til å skje over tid.

• mange kommunar er allereie godt i gang med arbeidet.

samhandlings-reforma:Saman for eit friskare Noreg

Korleis skal vi få det til?

• Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011–2015) er regjeringa sin plan for helse- og omsorgssektoren dei neste åra. Hovudgrepa i samhandlingsreforma er skisserte der.

• To nye lover – folkehelselova og kommunal helse- og omsorgstenestelov.

• Ny folkehelselov styrkjer ansvar for førebygging og helsefremjande arbeid i kommunane – «helse i alt vi gjer».

• Éi felles lov for helse- og omsorgstenesta i kommunane samlar pliktene til kommunane.

• Plikt til samarbeidsavtaler mellom kommunar og sjukehus skal forhindre at pasientar blir liggjande på sjukehus fordi heimkommunen ikkje har noko tilbod til dei.

Kva betyr dette for kommunane?

5 milliardar kroner er føreslått flytta frå staten til kommunane. Det skal lønne seg å førebyggje og byggje opp nye tenester der folk bur:

• Kommunane skal betale ein del av sjukehus- behandlinga, og får pengar til det. 4,2 mil-liardar kroner blir overførde frå sjukehus til kommunane.

• Kommunane overtek ansvaret for utskrivings- klare pasientar på sjukehus frå første dag.

• Kommunen pliktar å etablere tilbod med akutt hjelp – døgntilbod for pasientar som har behov for akutt hjelp eller observasjon. Plikta skal fasast inn i perioden 2012–2015.

• Dei økonomiske rammene til kommunane skal styrkjast.

Kva betyr dette for sjukehusa?

• Betre samarbeid og arbeidsdeling mellom sjukehus.

• Sterk statleg styring av sjukehusa.

19

Page 20: 2011_02_Helseivest_web

Ein nedlagt radiostasjon, ei gruppe rusavhengige, ein felles

skjebne: Dei tomme lokala etter Rogaland Radio utanfor Sandnes har brått vakna til eit nytt liv – akkurat som dei 15 som nyleg flytta inn.

– Rusavhengige har ofte vanskar med sosialisering, mange har angst og slit med psykologisk utvikling. Her i Veksthuset bruker vi fellesskapet som metode for å endre både brukarane sin livsstil og deira identitet, seier dagleg leiar Kristin Mohn:

– Målet er å utløyse ei omfattande end-ring i kvar enkelt.

Trygt hierarki

Internasjonalt er terapeutiske samfunn ein svært anerkjent metode for å hjelpe

ungdom inn i eit rusfritt tilvære. Det unike med Veksthuset er at bebuarane sjølve må ta ansvar for si eiga – og kameratane – si behandling.

– Alt handlar om å sette bebuarane i arbeid, seier professor Edle Ravndal ved Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF).

– I staden for å la dei rusavhengige sitje passive og ta i mot behandling avskåre frå omverda, blir skjøtting av ei rekkje ar-beidsoppgåver ein arena for å engasjere seg i eit større fellesskap.

Big Brother

Plassert midt ute i jærsk åkerland, er Veksthuset Rogaland såleis eit vaskeekte arbeidskollektiv. Akkurat som i ei større

bedrift, skjøttar brukarane ulike oppgåver i eit til dels innfløkt hierarki. Dagane er fylde av gjeremål som vasking, hagearbeid, vedlikehald, utarbeiding av handleliste og matlaging til 20 personar. Bebuarar som utmerkar seg i arbeidet og held seg rusfrie over tid, stig i gradane og får meir ansvar – for seg sjølv, arbeidsoppgåver og andre bebuarar. Men kvifor ta i bruk noko så av-leggs som eit strengt oppbygd hierarki i ei verd der motsatsen – det frie individet – blir dyrka overalt elles?

– Nye bebuarar er ofte usikre, plutseleg skal dei vere rusfrie i lag med mange fra-mande. Det er knalltøft. I denne situasjo-nen utgjer hierarkiet ei trygg ramme rundt tilværet, forklarer dagleg leiar Kristin Mohn.

Den same logikken ligg til grunn for at nye bebuarar blir tildelt ein meir erfaren fadder, kalla storebror eller storesøster. At storebror og storesøster ser deg, er eit sen-tralt element i behandlinga.

– Bebuarar som slit, skal forsvarast mot sin eigen hang til å stikke seg unna. Andre bebuarar skal til eikvar tid kunne sjå korleis ein har det, gi omsorg og dele eigne erfa-ringar. I gruppeterapi lærer bebuarane kvar-andre å kontrollere kjenslene sine, snakke saman og passe på kvarandre, seier Mohn.

Den særskilte behandlingsforma har sine røter frå USA, der rusavhengige sjølve

I Veksthuset Rogaland må pasientane sjølv ta hovudansvar for å gjere seg sjølve – og nye kameratar – rusfrie.TEKST TonjE PEDERSEn / SIGuRD RønnInGEn FoTo KjETIl AlSVIK

stille før stormen: Dagleg leiar Kristin Mohn legg ingenting imellom før opninga av veksthuset Rogaland: – Behandlinga her er knalltøff, men dei rusavhengige blir rusta for samfunnet vidare, lovar ho.

Felles kamp mot rus

20

heLse i vest juni 2011

Page 21: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

tok grep og danna behandling i fellesskap. Veksthuset tilbyr altså ei slags hjelp til sjølv-hjelp. Kva tek så fagfolka seg til når dei rusavhengige gjer så mykje av jobben deira?

Pasient for to veker

På eit felles bad ein stad i indre Telemark gnei Kristin Mohn (49) seg stuptrøtt og lattermild i augo. Nok ein uvanleg dag på jobben: Rundt Mohn trippa nye venninner på 20 år rundt, knapt iført undertøy: Som ei førebuing til oppstarten av Veksthuset Rogaland, har størstedelen av dei tilsette

hospitert ved andre terapeutiske samfunn i Noreg.

– Å kjenne metodikken på kroppen er nesten nødvendig som førebuing før ein startar opp slik behandling, forklarer Mohn.

– De var sjølve pasientar?– Javisst, døgnet rundt i to veker. Eg sov

i køyeseng og vaska fleire toalett enn eg har gjort i heile mitt liv. Tilbakemeldingane eg fekk på meg sjølv var så hemningslaust direkte og ærlege at det heile nærma seg terapien.

Erfaringane frå hospiteringa set fagfolka i Veksthuset i stand til å skjønne korleis det er å vere bebuar. Korleis det er å måtte halde ut lange arbeidsdagar og ekstremt direkte tilba-kemeldingar på seg sjølv, utan nokon utveg til å stikke seg unna. Den einaste forma for ”privatliv” bebuarane kan håpe på, er ein halvtime på ein stille benk – dersom den skriftlege søknaden deira blir akseptert.

– Hospiteringa set oss i stand til å setje oss inn i og kjenne på ein del reaksjonar og situasjonar som bebuarane våre etter kvart hamnar i. Samtidig veit eg no kor utruleg

mykje press enkelt-individ faktisk er i stand til å tåle, seier leiar Kristin Mohn.

Sjølv virra ho nær apatisk rundt i eit par dagar etter å ha fullført to intense vekers hospitering ved eit terapeutisk

samfunn i Telemark. Dei nye bebuarane ved Veksthuset Rogaland flyttar inn for eit år. Ifølgje forskar Edle Ravndal, som for tida arbeider med ein studie av 20 ulike behand-lingstiltak for rusavhengige, er lengda på opphaldet i seg sjølv eit langt steg i riktig ret-ning for dei rusavhengige.

– Ulike behandlingstilbod har sjølvsagt ulik effekt på ulike individ, men all forsking viser at jo lengre tid opphaldet varer, desto betre blir resultatet, seier ho.

Eller som det står å lese i dei velfunderte

– I gruppeterapi lærer bebuarane kvarandre å kontrollere kjenslene sine, snakke saman og passe på kvarandre. Kristin mohn, dagleg leiar

veKsthUset i ROGALAND

• nytt behandlingstilbod for rusavhengige i regi av Helse Stavanger.

• Eit av seks terapeutiske samfunn i noreg.

• Plass til inntil 25 rusavhengige over 18 år.

• Behandlinga varer i om lag eit år.

• Del av fritt sjukehusval .

teRAPeUtisK sAMFUNN

• Brukarstyrt behandling for rusavhengige.

• oppbygd som eit hierarki, der bebuarane arbeider som i ei bedrift.

• leiarane har vore lengst i insti-tusjonen og skal rettleie dei nye.

• Dei tilsette verkar som stab, og skal ha overblikk over drifta.

• Det terapeutiske tilbodet er tufta på ulike former for grup-peterapi.

Aldri åleine: Gjennom det eit år lange opphaldet er dei rusavhengige aldri åleine - sjølv i søvne har dei selskap av ein romkamerat.

hjelp til sjølvhjelp: hardt arbeid i fellesskap utgjer ein stor del av terapien på veksthuset. Miljøterapeut Ann helen Gabrielsen klargjer storkjøkkenet til nye kokkar og mykje søl.

husreglane som nye bebuarar ved Vekst- huset Rogaland blir møtte av: Inntil eit menneske tør møte seg sjølv i andre sine auge og hjarte, flyktar det.

21

Page 22: 2011_02_Helseivest_web

– Det var ein siger den dagen vi såg nul-len. Tala var stygge då vi starta med dette prosjektet, seier Gudny Bukve, leiar av EPj-senteret (elektronisk pasientjournal) i Helse Førde.

Som førebels det einaste helseføretaket i landet, har Helse Førde vist at det er mog-leg å sørgje for at alle pasientar får den behandlinga dei har krav på innan utløp av fristen. Systematisk jobbing og planar sette i system, er årsaka til dei gode re-sultata. I Helse Førde var utgangspunktet alt anna enn lyst. Då prosessen tok til sist haust, opererte føretaket med mellom 12 og 14 prosent fristbrot. På det verste hadde meir enn 500 pasientar ikkje fått behan-dling innan den fristen dei hadde krav på.

– Vi gjekk inn for dette, og arbeidde mål-retta for å kutte fristbrota, seier Bukve:

– Dette er noko vi har gjort saman.

SETT I SySTEm

Å redusere fristbrota i helseføretaka har lenge vore eit prioritert område nasjonalt og regionalt. I Helse Førde fekk prosjek-tet ei sterk leiarforankring og aktiv støtte utover i organisasjonen.

– Vi fekk også midlar til å setje i gang utvida poliklinikkdrift der dette var nødvendig. mange av fristbrota gjaldt poliklinikk. Dette gjorde det noko lettare å ta unna enn om det var ventande inn-

leggingar, fortel Bukve.

– Vi såg på tre ting; vurderingar og til- visingar, handtering av ventelistene og kontrollrutinane. Det viste seg at ein stor del av fristbrota skulda feilregistreringar.

oPPlæRInG

nye rutinar blei laga, og alle som jobba med tilvisingar og ventelister måtte opp-daterast. Kvar avdeling i Helse Førde fekk i oppgåve å finne fast personell som fekk eit spesialansvar for å handtere ventelistene.

– Vi laga ein slags ansvarsmatrise og dreiv klasseromsundervisning for å gi god og lik opplæring til dei ansvarlege. Dette arbeidet og rutinane danna grunnlaget for betre tal, fortel Bukve.

moGlEG

Sjølv om større helseforetak har ein lengre veg å gå for nå dei same tala, meiner Bukve at det er mogleg for alle.

– Viss det er eit stort helseføretak, krev det litt meir. likevel er prinsippet det same. Det må setjast inn ressursar som står i forhold til storleiken på føretaket. Ein er avhengig av at alle partar gjer sin del av arbeidet korrekt og får nødvendig opp- læring. Våre erfaringar er at ein gjennom systematisk arbeid kan rydde opp raskt. Eg har tru på å ta eit skippertak for å rydde opp i dette, seier ho.

FRISTAR HElSE FøRDE

• I juli 2010 braut føretaket fristane for meir enn 500 pasientar.

• omfanget utgjorde 12-14 prosent fristbrot.

• I januar og februar i år, hadde Helse Førde 0 prosent fristbrot.

Som første helseføretak i landet, nådde Helse Førde nyleg målet om null fristbrot. Resten av Helse Vest skal dit innan nyttår.

helse Førde er fristvinnar

Arvid Rongve har teke doktorgrad på ein hittil

ukjent demensdiagnose. Den viser seg å vere den vanlegaste etter

Alzheimers sjukdom.

vil finne ein kur mot

Arvid Rongve er overlege ved Alders- psykiatrisk klinikk i helse Fonna. Gjennom

sin doktorgrad om aldersdemens med Lewylekamar har han funne ein samanheng som kan hjelpe til i behandlinga av demens.

Nullmål i siktemålet om null fristbrot er innan rekkevidde i Helse Vest. Det same gjeld målet om 65 dagars ventetid.

– Tal for april viser at vi har 6 prosent frist-brot i regionen mot 15 prosent i september då offensiven starta. Det viser ein fin ned-gang, og vi skal klare resten også, sjølv om det nok krev meir av oss, seier administre-rande direktør Herlof nilssen i Helse Vest RHF.

Han er tydeleg på at kampen mot fristbrot og for lang ventetid er dei viktigaste måla

for Helse Vest i 2011.

– Derfor er det gledeleg å sjå at vi også nær-mar oss det nasjonale målet om maks 65 dagars gjennomsnittleg ventetid, seier han.

Pila peikar nedover, og apriltala viser ei ventetid på 71 dagar i snitt for alle behandla pasientar i alle føretaka i regionen.

– Ved utgangen av året skal vi ha klart 65 dagar eller mindre, slår Herlof nilssen fast.

GUDNy BUKveleiar av EPJ-senteret i fagavdelinga til Helse Førde

heRLOF NiLsseNadministrerande direktør i Helse Vest RHF

demens

22

heLse i vest juni 2011

Page 23: 2011_02_Helseivest_web

heLse i vest juni 2011

TEKST KRISTIn DuGSTAD VESTRHEIm FoTo HAAKon noRDVIK / IlluSTRASjon ColouRBox.Com

Vi lever lenger og demens-sjukdommar blir stadig

meir vanleg. I dag viser tal at nær 70 000 i Noreg lir av ein form for aldersdemens-sjukdom. Om førti år vil talet ha dobla seg.

– Eg tenkjer på denne utviklinga kvar einaste dag. Vi treng ekspertise, kunnskap og stor nok bemanning for å møte denne utfordringa, seier overlege ved Alderspykia-trisk klinikk i Helse Fonna, Arvid Rongve. Han ivrar for forsking på alderspsykiatri og har kome fram til ein diagnose som enno er så ukjent at han ikkje er med på lista til Verdas helseorganisasjon.

Overraskande funn

Aldersdemente med lewylekamar kan ha fleire likskapar med andre lidingar, noko som gjer det vanskeleg å skjelne denne sjukdommen frå til dømes psykose eller Alzheimers sjukdom. Rongve inkluderte søvnstudiar i arbeidet med pasientane, noko ingen har gjort før. Det skulle vise seg å vere nøkkelen til rett diagnose. 80 prosent av dei demenssjuke med lewylekamar viser seg å ha søvnforstyrringar. Andre sentrale kjenneteikn ved sjukdommen er syns- og hørselshallusinasjonar.

– Det var overraskande å finne at så mange som ein av fem pasientar med alders- demens har demens med Lewylekamar, seier Rongve.

At 20 prosent har denne demenssjuk-dommen gjer den til den vanlegaste alders- demensdiagnosen etter Alzheimers sjuk-dom. Sjølv om dei to sjukdommane kan ha fleire av dei same symptoma er det

nettopp desse to som ikkje bør forvekslast: – For Alzheimer-pasientar som har

åtferdsforstyrringar og er urolege, er det enno nokre stader vanleg å bruke medisinar mot psykose sjølv om ein i dag veit at slike medikament aukar faren for alvorlege biverknader. Desse medisinane kan vere direkte farlege for demenspasientar med Lewylekamar, seier Rongve.

Leiter etter kur

Kuren mot aldersdemenssjukdommar er framleis ei uløyst gåte. Forskinga held fram. Med riktig diagnose blir pasientane likevel møtte med tiltak som hjelper og kan heve livskvaliteten deira. Prognosane

kan betre seg og sjukdomsutviklinga til ein viss grad haldast i sjakk.

Sjølv om arv og gener styrer mykje, er det ting vi alle kan gjere for å utsetje utvik-linga av aldersdemenssjukdommar. Den positive nyheita er at ein generelt god hel-setilstand også kan halde aldersdemensen på avstand.

Faktorar som hjelper

– Engasjement i eige liv er viktig, det å vere oppteken av noko, delta i sosiale samanhengar, samhandle med andre, ha

interesser å dyrke, noko å bryne hjerne- cellene på, er flott. Studiar viser også at ei lang utdanning gir ein buffer mot aldersdemenssjukdommar: Ein kan miste fleire hjerneceller før det gjer skade og utviklar seg til demens. Elles er det gene-relle rådet om å vere aktiv både i kropp og hovud avgjerande. Eit sunt kosthald som fremjer eit sunt blodtrykk og kolesterol- nivå er positivt. Inntak av antioksidantar og Omega-3 kan også dra i rett retning, fortel Rongve.

Studiar viser kopling mellom depresjon og utvikling av aldersdemenssjukdom-mar, i tillegg til at pasientar med kroniske betennelsar i kroppen viser seg å lettare

utvikle aldersdemens. – Det finst mange samanhengar, noko

som gjer spørsmålet om aldersdemens samansett. I det store og heile er det viktig å finne dei tiltaka som hindrar sjukdommen i å utvikle seg. Alder er unekteleg ein avgjerande faktor for utviklinga. Frå fylte 65 år stig førekomsten av sjukdommen jamt blant befolkninga. Med dei rette hjelpemidla kjem vi kanskje så langt at vi greier å utsetje prosessen så lengje at folk ikkje rekk å oppleve sjukdommen, seier Rongve.

– Eg tenkjer på denne utviklinga kvar einaste dag. Vi treng ekspertise, kunnskap og stor nok bemanning for å møte denne utfordringa. Arvid Rongve

demens

23

Page 24: 2011_02_Helseivest_web

Returadresse:Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger B

informasjon

Likte du dette bladet?

Du kan abonner gratis på Helse i vest ved å sende namn og postadresse til [email protected]

Foto

: Col

ourb

ox.c

om

Det er snart ferietid og mange legg ut på reiser til nære og fjerne strøk. Då kan det vere lurt å ha med seg nokre hygieneråd i bagasjen. Slik kan du unngå smitte og bidra til å avgrense spreiing av for eksempel influensa. Råda gjeld både på ferie i noreg og i utlandet.

• Papirlommetørkle framfor munnen beskyttar andre når du hostar eller nys. Kast papirlommetørkleet etter bruk. Vask så hendene.

• Bruk olbogekroken når du må hoste eller nyse og ikkje har papirlommetørkle.

• Vask hendene ofte og grundig, spesielt når du har vore ute blant folk.

• Handdesinfeksjon med alkoholhaldige middel er eit godt alternativ når handvask ikkje er mogleg, for eksempel på reise.

Gode vanar som

førebyggjer smitte

Følg oss på Facebook og twitter!

Facebook: Helse Vest RHF Twitter: @HelseVest

les meir om Helse Vest på nettstaden www.helse-vest.no