eksempeloppgåve nasjonale prøver lesing på norsk 8 ... · lesing 8. steget eksempeloppgåve 2...

12
Nasjonale prøver Lesing 8. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk

Upload: others

Post on 27-May-2020

19 views

Category:

Documents


0 download

TRANSCRIPT

Nasjonale prøver

Lesing 8. steget Eksempeloppgåve 2

Nynorsk

Dette kåseriet vart skrive til eit radioprogram. Bruk det når du svarer på spørsmålasom kjem etterpå.

Tungvinte glederAv Lene Kongsvik Johansen

I helga oppdaga eg eit litt overraskande trekk ved min person. Eg var nemleg på besøk hos onkelen min og tanta mi på hytta deira. Det er ei lita hytte på ein furukolle, som min nokså handlekraftige onkel Arne har forvandla frå ei falleferdig rønne til ein hyggeleg ferie-stad. Han har rive vegger og montert inn vindauge, han har sett opp furupanel og skaffa hyttekoselege lampettar i smijernsdesign. Han har utstyrt stova med kabel-TV og DVD og kledd fasaden, berre halve rett nok, men likevel, med kledeleg villmarkspanel. Hytta har rett og slett gjennomgått ei ekstrem forvandling sidan onkelen min la sin elsk på henne, men trass i omfattande, ytre forbetringar, er det stadig éin grunnleggjande eigenskap ved hytta som minner oss om at ho enno har litt av sitt gamle og gammal-dagse eg: Ho har ikkje innlagt vatn. Eigarar og gjester med middagsgrisete tallerkenar og klissete gaflar er derfor nøydde til å vaske opp i den kornblå oppvaskbalja på hytta, i vatn frå regnvasstanken, som ein koker opp i ei diger kanne på komfyren. Og det var ved denne balja, mens eg tok oppvasken etter kveldsmaten på laurdag, at det med eitt gjekk opp for meg: Eg liker å vaske opp. For hand. Eg liker til og med å vaske opp i vatn som er kokt opp på ein komfyr. Og enda meir sjokkerande: Eg liker sjølve det å koke opp vatnet. Eg liker å koke det opp, for så å helle det i balja, med ein lang, blank, rykande stråle. Og å kyle det ut på epletrea utanfor når eg er ferdig, med eit feiande flott splæsj. Heile oppvasken på hytta til onkelen min og tanta mi fyller meg rett og slett med djup tilfredsheit. Oppvaskmaskinar, derimot, stressar meg. Dei blir fulle med ein gong, asjettar og glas veltar når ein skal setje dei inn, for ikkje å snakke om den triste kjensla ein får når det viser seg at teskeiene med blautkokt egg ikkje vart heilt reine likevel. Eller den møkka-jobben det er å skulle tømme ein oppvaskmaskin. Eg kjenner meg alltid snytt når eg gjer det, for skulle ikkje oppvaskmaskinen sørgje for at eg berre kunne slappe av og gjere ingenting? Når ein bestemmer seg for å bruke maskinar eller andre hjelpemiddel for å spare tid og arbeid, blir det vesle arbeidet som maskinen ikkje gjer, dobbelt irriterande. Har du nokon gong prøvd å bruke ein kjøkkenmaskin til å raspe gulrøter? Nemleg. Gulrøtene blir raspa dei, det tek eitt sekund, men du sit att med �4 grisete delar, og SÅ gøy er det trass alt ikkje å vaske opp. For all del – eg er ikkje ein sånn person som græt over korleis moderne teknologi har øydelagt menneska og fjerna oss frå naturen. Eg er nemleg vaksen opp med ein motor-veg ti meter unna soveromsglaset og lærte tidleg å forbinde suset frå tusen bilar med tryggleik og harmoni. Eg er faktisk hoppande glad for at eg slapp å oppleve den tida da maten hadde fire bein og sprang rundt i skogen og gøymde seg. Eg liker at biffen ligg i kjøledisken, eg. Biff i kjøledisken er frykteleg bra og tidssparande. Samstundes finst det

2

andre, skikkeleg tidssløsande ting, som også kan vere OK av og til. Oppvask, til dømes. For kva skal du og eg eigentleg med all denne oppsparte tida? Sjå på TV? Etter oppvasken på laurdag sette eg meg ned i sofaen og gjorde nettopp det. Det var eit program der nokon intervjua ein kjendis, som fortalde at huda hennar har fått ein heilt ny glød etter at ho byrja med yoga. Og eg greip meg i å tenkje på kva eg kunne spart, ikkje av tid, men av keisemd, dersom oppvasken berre hadde vore litt større.

1 I dei første linjene i kåseriet skriv forfattaren: «I helga oppdaga eg eit over-raskande trekk ved min person.» Kva var dette overraskande trekket, etter det som står i teksten?

A Ho syntest det var fint med TV og DVD på hytta.B Ho likte betre å vaske opp for hand enn å bruke oppvaskmaskin.C Ho syntest det var flott at hytta hadde fått ekstrem forvandling. D Ho likte betre å vere på hytta enn heime i byen.

2 I det nest siste avsnittet står det: «… da maten hadde fire bein og sprang rundt i skogen og gøymde seg.» Kva meiner forfattaren med det?

A at folk måtte jakte på ville dyr for å skaffe seg kjøttB at folk berre åt kjøtt frå firbeinte dyrC at det var vanskeleg å fange ville, firbeinte dyr D at folk måtte springe rundt på alle fire for å finne mat

3 Nemn tre ting som forfattaren meiner er ulemper med oppvaskmaskinar:

�. ..................................................................................................................

2. ..................................................................................................................

3. ..................................................................................................................

3

4 Kva meiner forfattaren om moderne teknologi?

A Moderne teknologi har øydelagt menneska og fjerna dei frå naturen.B Moderne teknologi har gjort det mindre koseleg å vere på hytta. C Moderne teknologi kan somme tider vere til hjelp, andre gonger til irritasjon. D Moderne teknologi er positivt, for det fører til at folk får meir fritid.

5 Til slutt fortel forfattaren om eit TV-program ho såg på. Kva syntest ho om dette programmet?

A Det var morosamt.B Det var forvirrande.C Det var lærerikt. D Det var kjedeleg.

4

Nedanfor finn du ein kort tekst og fire klimadiagram frå fire byar. Bruk teksten og diagramma når du svarer på spørsmåla som kjem etterpå.

Temperatur og nedbørKlimaet i verda varierer frå årstid til årstid og frå stad til stad. Somme stader regnar det mykje om sommaren, andre stader regnar det nesten ikkje. Somme stader er det nesten same temperatur heile året. Andre stader er det store skilnader på sommar og vinter, slik som i Noreg, til dømes. Dei fire byane som er viste i diagramma, ligg ulike stader i verda og har ulikt klima. Hongkong ligg i Asia, på den kinesiske sør-kysten, Tripoli er hovudstaden i Libya, som ligg ved Middelhavet, Edinburgh ligg i Skottland, og Tomsk ligg i Russland.

Klimadiagramma er sette saman av eit nedbørsdiagram og ei temperaturkurve. Nedbøren les vi av til venstre,

og temperaturen les vi av til høgre på diagrammet. Figurane viser nedbør og temperatur gjennom året i byane

Hongkong, Tripoli, Edinburgh og Tomsk.

5

6 I utsegnene nedanfor blir kvar by samanlikna med dei andre tre. Kryss av for den byen som passar til kvar av skildringane.

Hongkong Tripoli Edinburgh Tomsk

� Gjennom året varierer gjen-nomsnittstemperaturen mellom 5 og �5 varme- gradar.

2 Byen har minst nedbør om sommaren og 20 varme-gradar eller meir frå mai og ut oktober.

3 Nedbøren kan falle som snø frå oktober til april.

4 Byen har mest nedbør i løpet av eit heilt år.

7 Dersom du berre tek omsyn til klimaet, kva for ein av dei fire byane ville du helst vore i om sommaren? Grunngi svaret ditt ved å vise til nedbør og temperatur i juli. .....................................................................................................................

.....................................................................................................................

8 Sjå på klimadiagrammet for Tomsk. Kva kan du vente av nedbør og temperatur i den byen i november?

A om lag –�0 °C og nesten 50 mm nedbørB om lag 0 °C og om lag 20 mm nedbørC litt under �0 °C og om lag 60 mm nedbørD om lag –30 °C og nesten �0 mm nedbør

6

9 I kva for ein by varierer nedbørsmengda mest gjennom året?

A HongkongB TripoliC EdinburghD Tomsk

10 I kva for ein by varierer temperaturen mest gjennom året?

A HongkongB TripoliC EdinburghD Tomsk

Bruk eventyret «Slangen, hesten og frosken» når du svarer på spørsmåla som kjem etterpå.

Slangen, hesten og froskenEventyr fra Vest-Afrika

Det var en gang en slange som eide en flott hest. Slangen var veldig stolt av hesten sin. Han likte å ta rideturer og vise seg for de andre dyrene. En dag han var ute og red, satt han som vanlig kveilet opp i salen og kjente seg både stolt og flott. Etter en stund møtte han en frosk. «Hei!» ropte frosken. «Vet du ikke hvordan en skal ri engang, eller? Kom deg ned fra hesten, så skal jeg vise deg!» Slangen ble bekymret. Så han kanskje ikke så flott ut som han hadde trodd? Han skled ned fra hesten, og frosken hoppet opp. «Se på dette,» sa frosken. «Se hvordan jeg ser rett framover – ryggen min er helt rett, og knærne er bøyde. Legg merke til hvordan jeg holder tømmene når jeg fører hesten på forskjellige måter. Snu mot høyre, snu mot venstre, gå, trav, galopp, snu og stopp.» Det var en fantastisk forestilling. Frosken verken snublet eller sjanglet en eneste gang. «Greit, slange? Dette er riding. Jeg vet ikke hva du kaller det som du har drevet med.» Frosken hoppet ned, og slangen kom seg opp på hesten igjen. Men igjen kveilet han seg opp i salen, og hesten humpet av gårde på den samme slappe, vinglete måten som før. Frosken var rasende. «Dette er ikke slik som jeg viste deg, din kløne!» skrek han. «Se på deg selv, du har dårlig holdning og sjangler rundt, og hesten vet ikke om den skal komme eller gå. Enten rir du slik som jeg gjorde, eller så kan du like gjerne la være å ri!» Men slangen snudde seg ikke engang. Han viste ikke det minste lille tegn til at han hadde hørt hva frosken sa. Han mumlet faktisk bare helt rolig: «Det du sier, er sikkert riktig, bortsett fra at jeg eier en hest, og det gjør ikke du.» Og så red han nedover veien og var til slutt ute av syne, mens frosken fremdeles satt der og freste av sinne.

8

11 Kvifor skreik frosken til slangen?

A Han syntest synd på slangen.B Han var imponert over slangen.C Han var redd for at slangen skulle skade seg.D Han syntest slangen var dårleg til å ri.

12 Kva er den mest sannsynlege grunnen til at slangen ikkje reid slik som frosken gjorde?

A Han forstod ikkje kva frosken sa.B Han gadd ikkje prøve.C Han var ikkje skapt slik som frosken.D Han hadde ikkje trena lenge nok.

13 Kva for eit ord skildrar best korleis slangen kjende seg til slutt?

A deprimertB overlegenC sintD glad

9

Nedanfor finn du oppskrift på ei kake. Bruk denne oppskrifta når du svarer på spørsmåla som kjem etterpå.

RegnbogekakeFramgangsmåte Pisk egg og sukker til stiv eggedosis. Sikt saman mjøl og bakepulver og rør det forsiktig inn i eggedosisen. Steik i smurd form, 24 cm i diameter, ved �60 °C i 45 minutt. Avkjøl kaka på rist.

Del sukkerbrødet i tre lag og dynk dei godt. Legg eit lag sukkerbrød på fatet og brei syltetøy over. Pisk først 6 dl av fløyten. Ha på eit lag av kremen og fordel delte jord-bær og bananskiver over kremen. Sprøyt sjokoladesaus på kryss og tvers. Legg på det neste laget med sukkerbrød og gjer det same her. Legg det siste laget med sukker-brød over og dekk kaka med krem.

Kjevle ut ein leiv med marsipan. Legg han på botnen av kakeforma og skjer ut ein sirkel, stor nok til å dekkje toppen av kaka. Legg marsipanen på kaka. Pensle den eine halvparten av marsipanen med grøn kondi-torfarge. Den andre halvparten målar du i regnbogefargane. Hugs at raudt og gult blir oransje, grønt og blått blir turkis og raudt og blått blir fiolett. Du byrjar med raudt inst og avsluttar med fiolett ytst. Legg på seigmenn som «barn av regnbogen» og pynt med marsipanblomar i «graset».

Pisk resten av kremfløyten og fyll han i ein sprøytepose. Sprøyt krembomber rundt kanten på kaka til slutt.

Ingrediensar

Sukkerbrød: 5 egg �50 g sukker �50 g kveitemjøl � ts bakepulver

Fyll og pynt: �–� �/2 dl eplejus til dynking 9 dl kremfløyte om lag 2 dl raudt syltetøy � korg jordbær 3 bananar sjokoladesaus på flaske om lag 300 g marsipan gul, grøn, raud og blå konditor- fargenokre seigmenn

�0

14 I oppskrifta står det at ein skal pynte med marsipanblomar i «graset». Kva er meint med «graset» her?

A den grøne delen av regnbogen på kakaB det nedste laget med sukkerbrød i kakaC krembombene rundt kanten av kakaD den grønfarga delen nedanfor regnbogen

15 I oppskrifta står det at sukkerbrødet skal delast i tre og dynkast godt. Kva skal det dynkast med, etter det som står i oppskrifta?

A kremfløyteB eplejusC raudt syltetøyD sjokoladesaus

16 Står ingrediensane i oppskrifta i ei bestemt rekkjefølgje?

A ja, først dei tørre ingrediensane og så dei våte B ja, først dei sunne ingrediensane og så dei usunneC ja, dei er sorterte i den rekkjefølgja dei skal brukastD nei, ingrediensane står i tilfeldig rekkjefølgje

17

A fireB seksC sjuD ni

Kor mange ulike fargar kan marsipanen målast i, dersom ein brukar det forslaget som står i oppskrifta?

Kolstadgata 1 Postboks 2924 Tøyen 0608 OSLO Telefon 23 30 12 00 Telefaks 23 30 12 99 www.utdanningsdirektoratet.no