2005_02_helseivest_web

24
Nr. 2 - 2005 Ein dag med luftambulansen side 12-17 På topp i beinskjørheit side 3-5 side 8-11 Psykiatri: Musikk som terapi

Upload: helse-vest

Post on 09-Mar-2016

225 views

Category:

Documents


5 download

DESCRIPTION

På topp i beinskjørheit side 12-17 side 8-11 side 3-5 Psykiatri: Nr. 2 - 2005

TRANSCRIPT

Page 1: 2005_02_Helseivest_web

Nr. 2 - 2005

Ein dag med luftambulansen side 12-17

På topp i beinskjørheitside 3-5

side 8-11

Psykiatri:

Musikk som terapi

Page 2: 2005_02_Helseivest_web

222

Kreft er eit ord med negativ klang, eit ord som signaliserer smerte, angst, langvarig og tøff behandling. Kvar og ein av oss er glade så lenge vi sjølve og våre næraste ikkje får denne diagnosen. Tusenvis må avfi nne seg med slike harde fakta resten av livet; likevel har mange av dei som lever med kreft ein god livskvalitet.

Også for oss som jobbar med å legge til rette for at du som pasient skal få best mogleg tilbod, er prognosane nedslåande lesing. Det er nifst å tenkje på at vi fram til 2020 vil ha 25 prosent fl eire krefttilfelle, samanlikna med tala i 2002. Denne dramatiske auken stiller krav til planlegging og dimensjonering av tilbodet – til beste for pasienten den dagen ein treng tilbodet. Difor har Helse Vest saman med helseføretaka laga ei regional kreftplan – nettopp for å kunne sy saman eit heilskapleg og kvalitativt godt tilbod for alle dei som vil trenge kreftbehandling. Kapasitet, kvalitet, omsorg, samarbeid og forsking er nokre av dei viktige stikkorda.

V å r e n e r e i p e r f e k t t i d

t i l å d y r k e l i v e t s g l e d e r –

o m f a m n h a n , n y t h a n o g

k j e n n v e l v æ r e t !

Også innan psykiatrien skjer det mykje. Sjølv om vi i regionen har mange utfordringar, både innan barnepsykiatrien og vaksenpsykiatrien, er det likevel slik at tilbodet er vesentleg styrka. Dessverre er det stadig fl eire som treng eit behandlingstilbod, både barn og vaksne. Vi gler oss difor

Styrking på mange felt

Hørt og lest

over at Helse Fonna no tar i bruk eit fl unkande nytt og fl ott bygg på Stord; eit bygg som huser både barn og unge (BUP) og det distrikts-psykiatriske senteret for vaksne (DPS).

Luftambulansen har teke i bruk nye helikopter både i Førde, Bergen og Stavanger. Denne nyvinninga er viktig, ikkje minst for alle som bur i distrikta. Topp kvalitet på helikoptera, betre plass og betre utstyr gjer at mannskapet har enda betre føresetnader til å hjelpe når sekunda tel som mest. Luftenglane er raskt på pletten og er drilla til å handtere vanskelege og krevjande situasjonar. Redaksjonen var med teamet ein dag og fekk oppleve intensiteten, nerven, spenninga og profesjonaliteten.

Kvar og ein av oss har eit ansvar for vår eiga helse. Med eit stillesittande liv som mange av oss har, er tida no inne for å komme seg opp av godstolen og få opp blodomløpet. Våren er ei perfekt tid til å dyrke livets gleder – omfamn han, nyt han og kjenn velværet!

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør),Elisabeth Huse og Heidi Bjørnevik

BidragsytararCompartner AS (tekst)Forsidefoto: Kjetil Alsvik

Kontakt oss [email protected] Tlf. 51 96 38 00

Utforming og tilretteleggingOktan Sydvest AS

Trykkeri Color Print, Sandnes

Opplag 15 000

Helse Vest RHF, Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger Abonner gratis på Helse i Vest Send ein e-post til [email protected]

Det regjeringen Bondevik vurderer å foreslå er dårlig regnskapsskikk. Beslutningen møter kritikk fra helseforetakene, Riksrevisjonen, regnskapseksperter og opposisjonen på Stortinget. For forslaget ville tilsløre sykehusenes økonomi og føre til at de får mindre kontroll over sitt tilbud til pasientene.

Leiar i Bergensavisen 15. mars 2005

Liv kunne vært reddet dersom ambulansene nådde raskere fram til pasientene, mener professorer. Staten krever at sykehusene over hele landet i år skal gå i balanse. Dermed blir sykehusenes økonomi ytterligere presset. Hver fjerde ambulanse er forsvunnet siden staten overtok ansvaret for akuttberedskapen, og pasientene må dermed vente lenger før de får hjelp. NTB, 14. mars 2005

Bjørg SandalInformasjonsdirektør

Page 3: 2005_02_Helseivest_web

3

Redaksjon Bjørg Sandal (ansvarleg redaktør),Elisabeth Huse og Heidi Bjørnevik

BidragsytararCompartner AS (tekst)Forsidefoto: Kjetil Alsvik

Kontakt oss [email protected] Tlf. 51 96 38 00

Utforming og tilretteleggingOktan Sydvest AS

Trykkeri Color Print, Sandnes

Opplag 15 000

3

Handleddsbrotet avdekte beinskjørheit

Hestejenta Maria blei til under eit mikroskop på fertilitets-senteret i Haugesund. 14 månader gammal kan ho både ri og klappe hender samtidig. Pappa Ilhan Løwén og mamma Sølvi Løwén klappar med.

T e m a : B e i n s k j ø r h e i t

For seks veker sidan fall Kristine Gullbekk Johnsen (71) i ei isete steintrapp og knakk handleddet. Som deltakar i eit forskingsprosjekt i Helse Bergen, har ho no fått konstatert redusert beintettleik i ryggen.

– Eg blei veldig overraska. Eg har jo vore aktiv turnar i mange år og som telemarking har eg gått mykje på ski og på tur i fjellet. I tillegg var mor mi sprek og sterk i ryggen som 85-åring, seier Kristine Gullbekk Johnsen.

Ho innrømmer derimot at det ikkje har blitt så mykje mjølkedrikking

opp gjennom åra. – Eg har ikkje alltid vore så bevisst på kosthaldet og var ikkje glad i mjølk som barn, medgir ho.

Godt å få raskt svarFor ei knapp veke sidan blei ho røntgenfotografert ved revmatologisk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus. Etterpå fekk ho ein samtale med legen der dei gjekk gjennom røntgenbileta.

– Det var lett å sjå på bileta kor eg hadde god og dårleg beintettleik og legen var fl ink til å forklare på ein forståeleg måte. Dessutan var det godt å få eit svar med ein gong, seier Kristine Gullbekk Johnsen.

Tilbod til alleGipsen på handa er borte og brotet har grodd fi nt. No er det bein-tettleik Kristine Gullbekk Johnsen må tenkje på.

– Eg kjøpte kalktablettar på veg heim frå undersøkinga, og no tar eg det kvar dag saman med omega 3-tilskot, fortel ho. Anna behandling er det førebels ikkje snakk om.

Kristine Gullbekk Johnsen er svært fornøgd med å få tilbod om beintettleiksmåling etter handleddsbrotet.

– Men eg skulle ønskje at eg hadde visst om beinskjørheita før. Ei slik måling skulle vore eit tilbod til alle over ein viss alder på lik linje med mammografi , seier ho.

Kristine Gullbekk Johnsen (til venstre) og overlege Ellen Margrethe Apalset går gjennom funna etter beintettleiksmålinga.

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Operatør Dagfrid deLange røntgenfotograferer Kristine Gullbekk Johnsen for å måle beintettleik.

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Page 4: 2005_02_Helseivest_web

4

4

T e m a : B e i n s k j ø r h e i tT e m a : B e i n s k j ø r h e i tT e m a : B e i n s k j ø r h e i t

På verdstoppen i beinskjørheit

Fakta om beinskjørheit

• Vesentleg underbehandling i Noreg. Mange tusen får ikkje diagnose og behandling.

• Særleg tre typar brot er assosierte med beinskjørheit: brot i underarmen, hofte (lårhals) og rygg.

• Osteoporose forårsaker lavenergibrot (det vil seie brot etter fall frå eiga høgde eller lavare).

• Hos kvinner er det som oftast menopause (overgangsalder) som er årsaka.

• Menn med beinskjørheit har oftare enn kvinner ein bakanforliggjande sjukdom: hormonforstyrringar, forstyrringar i bi- og skjoldbruskkjertel eller mage-tarm-sjukdommar.

• Revmatikarar er spesielt disponerte for osteoporose. Leddgikt i seg sjølv gir auka risiko for beinskjørheit.

• Det fi nst medisinar som kan auke beintettleiken litt.

Mange tusen nordmenn har beinskjørheit utan å vite om det. Utan ein diagnose får dei heller inga behandling, og risikoen for nye beinbrot er stor. Forskarar slår no alarm om ei vesentleg underbehandling av beinskjørheit i Noreg.

– Vi blei overraska over at så mange som halvparten av dei vi fekk inn med brot i underarmen hadde beinskjørheit, fortel revmatolog Clara Gram Gjesdal. Ho arbeider ved revmatologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus og er leiar for eit forskingsprosjekt på beinskjørheit.

Rammer fl est kvinnerSidan oktober 2003 har alle pasientar over 50 år som har kome inn på legevakta i Bergen med underarmsbrot, fått tilbod om å få måle beintettleiken sin ved Haukeland Universitetssjukehus. 320 pasientar har nytta seg av tilbodet. Halvparten av desse fekk konstatert beinskjørheit eller osteoporose, som er det medisinske namnet på sjukdommen.

– Dei fl este pasientane er kvinner. Kvinner som har passert overgangs-alderen har ofte større sjanse for å få redusert beintettleik fordi østrogenproduksjonen deira går ned. Men også ein tredjedel av alle menn vi har undersøkt har fått diagnosen, forklarer Clara Gram Gjesdal.

Først i landetForskingsprosjektet på beinskjørheit er eit samarbeid mellom sjukehusa i Bergen, Kristiansand og Skien. Trass i at Statens legemiddelverk sidan 2001 har tilrådd å måle beintettleik hos pasientar over 50 med under-armsbrot, er desse sjukehusa dei første i landet som set slike målingar i system.

– Før vi begynte med dette fekk under 5 prosent av denne gruppa målt beintettleiken sin. No høyrer vi at andre helseregionar vil sette i gang tilsvarande prosjekt etter vår modell, og det er positivt, seier Clara Gram Gjesdal.

Ho opplever at pasientane er svært fornøgde med tilbodet.

– Også fastlegane gir gode tilbakemeldingar, og legevakta set stor pris på prosjektet. Gjennom det kan dei gi eit tilbod utover det å lappe saman pasienten.

Clara Gram Gjesdal roser samarbeidet med nettopp legevakta i Bergen og dei andre som har medverka i prosjektet.

Ikkje prioritert tidlegareSom fl eire andre typiske kvinnesjukdommar er beinskjørheit blant dei det har blitt forska lite på gjennom åra, både internasjonalt og i Noreg. Og det trass i at vi her til lands har den tvilsame æra av å vere på verdstoppen i sjukdommen.

– Sjølv om det ikkje har blitt prioritert tidlegare, er det no sett fokus på beinskjørheit og det skjer mykje spennande forsking på området i dag, fortel revmatologen.

– Kvifor blir berre dei med brot i underarmen tatt inn til måling?– Fordi dette er dei brota som vanlegvis kjem først ved beinskjørheit. Dersom pasientane ikkje får behandling etter dette, ryk gjerne lårhalsen, og etter kvart kan dei få virvelbrot i ryggen og bli krumryggja. Felles for desse brota er at dei skjer ved fall frå lav høgde, fortel Clara Gram Gjesdal.

Ho har inga eintydig forklaring på kvifor så mange nordmenn har beinskjørheit.

– Det kan vere genetisk og det kan ha samanheng med livsstilen vår, kosthald og klimaet. Ei anna årsak kan vere at vi er høge og dermed har lengre lårhalsar med brattare vinkel som dermed har lettare for å bryte, forklarer Gjesdal.

Irreversibel sjukdomBeinskjørheit er ein irreversibel sjukdom på den måten at beintettleik vi har mista, ikkje er mogleg å erstatte fullt og heilt.

– Beintettleiken vår aukar inntil vi er ferdig utvaksne, og vi har stabil beintettleik fram til fylte 35 år. Etter det begynner han å falle, raskare hos kvinner enn hos menn på grunn av overgangsalderen, forklarer revmatologen.

Men det er ikkje alle som har særleg høg beintettleik i utgangspunktet.

– Det er viktig å førebyggje gjennom å ha eit godt kosthald og vere i fysisk aktivitet i vekståra. Slik kjem vi opp i ein høg beintettleik mens denne ennå er i positiv utvikling.

Page 5: 2005_02_Helseivest_web

55

Slik kan du førebyggje

Som for svært mange andre sjukdommar er det også for beinskjørheit særleg gjennom kosthald og fysisk aktivitet du kan førebyggje:

• Sørg for å få i deg mellom 800 og 1000 milligram kalsium kvar dag. Det tilsvarer cirka ein halv liter mjølk eller nokre skiver ost.

• Du bør ta tran eller ete feit fi sk for å dekkje dagsbehovet på 10 mikrogram av det feittløyselege D-vitaminet.

• Tren på ein måte som belastar skjelettet og særleg hofter og rygg. Vekttrening, aerobic og gå- eller joggeturar er bra. Symjing har liten effekt.

• Ikkje røyk. Røykarar har lågare beintettleik enn gjennomsnittet.

• Medisinbruk kan verke negativt på beinbygnaden din, til dømes påverkar kortison beintettleiken. Snakk med fastlegen din!

Andre ting som kan påverke beintettleiken er tidleg overgangsalder, arv og genetikk.

Clara Gram Gjesdal er leiar for eit forskingsprosjekt på beinskjørheit. Prosjektet er eit samarbeid mellom Bergen Legevakt, Revmatologisk og Ortopedisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.

Foto: Bjørn E

rik Larsen

Page 6: 2005_02_Helseivest_web

66

Mobiliserer mot krefteksplosjon Talet på krefttilfelle kjem til å auke kraftig fram mot 2020. Styret i Helse Vest vedtok 15. mars ein kreftplan som skisserer korleis ein kan møte denne utfordringa på ein best mogleg måte ved sjukehusa i regionen i åra framover.

Frå 2002 til 2020 er det venta ein auke på 25 prosent i talet på krefttilfelle. I tillegg kjem behovet for tenester til å auke fordi stadig fl eire pasientar lever med ein kreftdiagnose.

Førebygging, diagnostikk og behandlingDen venta auken i krefttilfelle stiller store krav til planlegging og utvikling av helsetilbodet. Det må setjast i verk førebyggjande tiltak der det er føremålstenleg. Diagnostikk og behandling må utviklast i tråd med den medisinske teknologien og dimensjonerast ut ifrå det forventa behovet for helsetenester. Lindrande behandling og rehabilitering må styrkjast.

For Helseregion Vest blir det særleg understreka at:• Det er behov for å styrkje tilbodet til kreftpasientar i regionen kraftig. Kapasiteten for diagnostikk og behandling må utvidast i alle helseføretaka.

• Kvaliteten på behandlinga må betrast gjennom standardisering og felles retningslinjer, felles tiltak for dokumentasjon og registrering og fagleg integrasjon og samordning.

• Diagnostikk og behandling av personar med kreft er eit omfattande fagområde som involverer mange faggrupper og stiller store krav til samordning og funksjonsfordeling både innanfor og mellom helseføretaka.

• Område med få pasientar må sentraliserast, slik at det opnar for å utvikle spisskompetanse og måle kvalitet. Oppgåvefordelinga mellom sjukehusa må baserast på den beste faglege tilrådinga.

• Forsking og utvikling må styrkjast for å fremje kvalitet og effektivitet.

• Eit nært samarbeid med primærhelsetenesta må vektleggjast.

• Den regionale kreftplanen skal vere utgangspunktet for den vidare utviklinga av tilbodet til kreftpasientar i regionen.

Økonomisk utfordringAuken i omfanget av kreft kjem også til å påverke kostnadene til kreftomsorga. Eit reknestykke viser at kostnadene i Helseregion Vest kjem til å auke frå 1,5 til minst 3 milliardar kroner i 2020.

SamarbeidsprosjektDet er ei prosjektgruppe med representantar for helseføretaka, Haraldsplass Diakonale Sykehus, primærhelsetenesta, kreftforeininga og organisasjonane til dei tilsette som har utarbeidd den regionale kreftplanen. Leiar for gruppa har vore Stener Kvinnsland frå Helse Bergen.

Nytt styre i Helse Fonna14. mars blei det sett inn eit nytt styre i Helse Fonna. Magnus Skåden frå Sveio i Hordaland skal leie det nye styret.

Bakgrunnen for at styret i Helse Vest no skiftar styret for Helse Fonna er motsetnader mellom eigarstyret og styret for dotterføretaket med omsyn til konsekvensane av vedtatt budsjett for inneverande år.

Det avgåtte styret i Helse Fonna meinte dei hadde fått eit urealistisk budsjett som ville fått store konsekvensar for pasienttilbodet. Eigarstyret meiner at det er eit stramt, men realistisk budsjett og har stilt krav til at akuttilbodet og fødetilbodet i føretaket skal oppretthaldast på same nivå som i 2004.

– Eg er tilfreds med samansetjinga i det nye styret og har tillit til at dei vil arbeide aktivt og godt saman for å innfri kravet frå eigar og gi innbyggjarane i Fonna-området det beste helsetilbodet, seier Vik. Samtidig vil eg takke det avgåtte styret for den store innsatsen dei har lagt ned i ein krevjande oppstartsperiode for helsereforma.

Det nye styretMagnus Skåden (52) – styreleiar. Yrke: Administrerande direktør i W. Engelsen. Busett: Sveio. Toralv Mikkelsen (58). Yrke: Ordførar. Busett: Odda.Hildegunn Staurseth (55). Yrke: Rådmann. Busett: Haugesund.Laila Thorsen (37). Yrke: Trygdesjef. Busett: HaugesundOdd Jarl Kvamme (54). Yrke: Fastlege. Busett: Sæbøvik.Bjørg Sandal (50). Yrke: Informasjonsdirektør. Busett: Tananger.

Dei tilsette i helseføretaket har tre representantar i styret. Desse blei ikkje omfatta av skiftet, men er likevel skifta ut etter val på tilsette sine representantar i Helse Fonna 14. mars.

Dei nye tilsetterepresentantane er Synnøve Solbakken, hjelpepleiar, Valen sjukehus, Emil Mohr, overlege, Haugesund sjukehus og Linda Ferkingstad, sjukepleiar, Haugesund sjukehus.

Styreleiar Magnus Skåden

Alf-R

obert Somm

erbakk, Haugesunds A

vis

Page 7: 2005_02_Helseivest_web

7

Skal sikre rettferdig fordeling av helsekroner

Helse Vest har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sikre at helseføretaka i regionen får ei rettferdig inntektsfordeling.

Innbyggjarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal ha like gode moglegheiter til behandling ved sjukehusa i regionen. Helse Vest har som oppgåve å gi det enkelte helseføretak nok midlar til å sikre eit rettferdig helsetilbod til alle. Fleire faktorar spelar inn når pengane skal fordelast.

Variert behov for helsetenesterDet er ein sterk samanheng mellom helsetilstanden til innbyggjarane og bruken av helsetenester i føretaka.

– Når pengane skal fordelast må vi sjå på kva for behov innbyggjarane i helseføretaka har. Her spelar til dømes alderssamansetnaden ei viktig rolle. Jo eldre innbyggjarane er, dess større behov for helsetenester vil dei ha. Samtidig er det slik at kvinner i fruktbar alder har større behov for helsetenester enn menn i same aldersgruppe, seier forskar Oddvar Kaarbøe ved Program for Helseøkonomi (HEB) ved Universitetet i Bergen (UiB). Han er ein av deltakarane i prosjektet som skal sikra ei rettferdig fordeling av tildelingane frå Helse Vest til helseføretaka.

Det er også slik at sosiale og økonomiske forhold speler inn.

– Fleire studiar viser at sjukehusforbruket er høgare i lågare sosiale lag av samfunnet, seier han.

Forskar Oddvar Kaarbøe ved Program for Helseøkonomi ved Universitetet i Bergen er med i arbeidsgruppa som skal sikre ei rettferdig fordeling av helsekronene i Helse Vest.

Ulike kostnadsforholdSamtidig kan det vere slik at to helseføretak der innbyggjarane har dei same behova ikkje har dei same kostnadsforholda.

– Når Helse Vest fordeler pengar må dei også ta omsyn til økonomiske forhold som helseføretaka ikkje kan kontrollere. Nokre føretak har kanskje høgare kostnader som følgje av alderen på bygningane, at dei har mange pasientar med lang liggjetid eller at dei har som oppgåve å drive opplæring av helsepersonell, påpeikar Kaarbøe.

I tillegg til desse faktorane må pasientane sin rett til å velje sjukehus og funksjonsfordelinga mellom sjukehusa også takast med i berekninga når pengane skal fordelast.

Identifi sere behova og kostnadeneArbeidsgruppa har medlemmer frå Helse Vest, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger, representantar frå dei tilsette samt professor Terje P. Hagen frå Universitetet i Oslo og Oddvar Kaarbøe frå UiB. Dei to sistnemnde er ekspertar på helseøkonomi.

– Vår oppgåve er å sikre at pasientane ikkje blir forskjellsbehandla enten dei tilhøyrer helseføretak A eller helseføretak B. Derfor må vi identifi sere behova til innbyggjarane, kostnadsforhold som helseføretaka ikkje rår over, samt pasientstraumar, slik at alle helseføretaka får dei same moglegheitene til å drive pasientbehandling, seier Kaarbøe.

Foto

: Bjø

rn E

rik

Lars

en

Bakgrunn:

• Helse Vest har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på korleis ein kan sikre ei rettferdig fordeling av dei økonomiske midla.

• Gruppa er breitt samansett. Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Vest er representerte med sine økonomidirektørar. Eirik Vikane (Akademikerne) og Anne June Iversen Huus (YS) representerer dei tilsette. I tillegg bidreg professor i helseøkonomi Terje P. Hagen (Universitetet i Oslo) og forskar Oddvar Kaarbøe (Universitetet i Bergen) som rådgivarar og sekretariat.

• Arbeidsgruppa skal levere innstillinga si til administrerande direktør i Helse Vest til sommaren.

• Prinsippa for fi nansiering skal etter planen takast i bruk i samband med budsjettet for 2006.

Page 8: 2005_02_Helseivest_web

8

Bach, Britney Spears eller eigen komposisjon. Alle typar musikk blir brukt i musikkterapi.

– Dei fl este av oss har erfaring med musikk. Vi bruker den til dømes for å roe oss ned eller å få fram kjensler. Vi musikkterapeutar tar dette som utgangspunkt for terapien, seier Randi Rolvsjord ved Nordfjord psykiatrisenter. Ho behandlar blant anna pasientar med personlegdoms-lidingar, posttraumatiske stresslidingar og schizofreni.

Musikk og pratKorleis ein opplever og bruker ulike typar musikk er svært individuelt.

– Nokre pasientar ønskjer å komponere, spele og syngje sjølve, andre vil gjerne lytte til musikk. Musikken gir grunnlag for å kjenne på, og kanskje snakke om, vanskelege tema, seier Rolvsjord.

Sjølv bruker ho mykje song og improvisasjon i møte med pasientane.

– Konsultasjonane blir gjerne ei blanding av musikk og prat. Musikk kan setje pasienten i kontakt med sine eigne kjensler, eller musikken kan vere ein måte å uttrykkje kjensler på. Dei musikalske opplevingane treng ikkje alltid å bli omsette til verbalt språk.

Dersom pasienten ønskjer å formidle og arbeide med kjensler eller forteljingar i livet, kan vi til dømes skrive tekstar og songar, fortel Rolvsjord.

Meistring og gledePasientar kan bruke musikken til å kommunisere problem eller arbeide seg gjennom vanskelege opplevingar. For andre pasientar er det viktigaste tilgangen til musikk. Nokre ønskjer å lære seg å spele, for andre kan musikken fungere som ein døropnar til sosiale miljø. Kanskje får dei for første gong i livet mot til å begynne å syngje i kor eller spele for andre, seier Rolvsjord. Slik kan musikken gi pasienten ei kjensle av meistring og glede i livet.

– Mange trur at ein må vere musikalsk eller spesielt fl ink for å syngje og spele. For desse kjenst det viktig å gjenerobre retten til å musisere.

Utviklar mennesket– Musikkterapi handlar ikkje fullt så mykje om å behandle spesifi kke symptom eller sjukdommar, som å styrkje sterke sider og betre kommunikasjonsferdigheitene til pasienten. Det dreier seg om å utvikle seg som menneske, sjølv om musikkterapi også blir nytta til å lindre symptom, seier Rolvsjord.

Musikkterapi krev ingen forkunnskapar og passer for dei aller fl este, men ei føresetnad kan vere at dei har ein viss grad av interesse for musikk.

Spelar på mange strenger

Musikkterapeut Randi Rolvsjord er stipendiat ved musikkterapeututdan-ninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho gjennomfører ei kvalitativ undersøking der ein blant anna ønskjer å fi nne ut korleis pasientane opplever terapien. Ho er óg involvert i ein kvantitativ studie, der ein vil dokumentere effekten av musikkterapi og vise korleis terapien fremjar helse. Dette er eit samarbeid mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane,

Nordfjord Psykiatrisenter og Psykiatrisk klinikk i Stavanger. Begge prosjekta blir støtta av Norges forskningsråd. Tidlegare forsking, også frå andre land, dokumenterer effekten av musikkterapi. Blant anna bidrar norske forskarar i ein studie av musikkterapi for schizofrene, som blir publisert i april. Studien viser blant anna gode resultat for pasientar med schizofreni, dersom dei blir følgde opp med terapi over tid.

Dokumenterer effekten

Fakta om musikkterapi:

Kva er musikkterapi?Terapi som gjennom musikkaktivitetar gir pasienten moglegheit til å utvikle ressursane sine. Musikkterapeuten har kunnskapar og ferdigheiter innan musikk, psykologi, spesialpedagogikk og psykiatri.

Musikkterapi i Helse Vest:Rundt ti musikkterapeutar er tilsette i helseregionen. Dei fl este jobbar i psykiatrien, men for eksempel Haukeland Universitetssjukehus har musikkterapeut ved barneavdelinga.

Korleis blir ein musikkterapeut?Ein kan ta musikkterapeutstudiet på mastergradsnivå ved Norges Musikkhøgskole eller ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Meir om musikkterapi:Prøv følgjande nettadresser om du vil lese meir om musikkterapi:www.musikkterapi.no Norsk Forening for musikkterapiwww.voices.no fritt tilgjengeleg internasjonalt nett-tidsskriftwww.njmt.no Nordic Journal of Music Therapywww.hisf.no/sts/Musikkterapi informasjon om forskingsprosjekt

T e m a : P s y k i a t r i

Bakgrunn: Helse- og omsorgsminister Ansgar Gabrielsen har peika ut psykiatri som eit satsingsområde i 2005.

8

Page 9: 2005_02_Helseivest_web

9

Spelar på mange strenger

99

Musikkterapeut Randi Rolvsjord bruker alle typar musikk i møtet med pasientane.

Foto: Tormod Flatebø, Fjordabladet

Page 10: 2005_02_Helseivest_web

10

Styret i Helse Vest har godkjent Helse Stavanger sitt forslag til ny organisering av vaksenpsykiatrien i Sør-Rogaland

Bakgrunnen for vedtaket er at Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har stilt spørsmål ved organiseringa av vaksenpsykiatrien i Helse Stavanger og bede Helse Vest om å gi ei ny vurdering særleg knytt til lokalisering og fagleg innhald i dei distriktspsykiatriske sentra (dps).

Den føreslåtte organiseringa inneber at ein får seks distriktspsykiatriske senter (dps) i Sør-Rogaland: Dalane DPS, Jæren DPS, Sandnes DPS, Hafrsfjord DPS, Stavanger DPS og Ryfylke DPS.

Det blir oppretta eit nytt senter slik at bydelane i Stavanger kommune blir delte på to dps, Hafrsfjord DPS og Stavanger DPS. Det blir òg gjort endringar i opptaksområda. Fordi Hafrsfjord DPS og Stavanger DPS må etablerast i nye lokale vil den endelege DPS-strukturen ikkje vere på plass før i 2006.

Med omorganiseringa blir dps-a organiserte som sjølvstendige einingar og oppgåvefordelinga blir meir i tråd opptrappingsplanen for psykiatri. Sjukehustilbodet blir spesialisert og dps-a tar ansvar for dei allmenn-psykiatriske oppgåvene.

Det skal ikkje etablerast eigne einingar for personar som blir dømde til psykiatrisk behandling. Desse skal få tilbod i dei spesialiserte postane på sjukehuset.

Alle i styret stilte seg bak forslaget til ny organisering. Det blei understreka at: • det må leggjast vekt på å utvikle det polikliniske og ambulante tilbodet• det vil bli søkt om tilskot over opptrappingsplanen til bygging av nytt distriktspsykiatrisk senter i Stavanger • sjukehustilbodet skal spesialiserast, og ny postinndeling skal vere klar innan 1. september 2005• omlegginga må skje innan den ressursramma Helse Stavanger disponerer til psykisk helsevern samt nye ressursar i opptrappings- planen og som følgje av omprioritering i eiga ramme

Godkjenner psykiatriplan for Helse Stavanger

Plansjef i Helse Vest, Hans Stenby.

Barn og unge har førsteprioritet i den regionale opptrap-pingsplanen for psykisk helsevern. Som ein god nummer to kjem satsinga på dei distriktpsykiatriske sentra (dps).

I første omgang blir det satsa på å gjere dagtilbodet og det polikliniske og ambulante tilbodet til psykisk sjuke endå betre enn det er i dag.

Sterkt fokus på psykiatri

Ny avdeling for ungdom– Samtidig er ikkje døgntilboda gløymde. I Førde blei det mellom anna opna ei ny avdeling for ungdom i 2004, i Helse Fonna blir det opna nye plassar denne våren og det er planar om å utvide døgntilbodet i Stavanger, seier plansjef Hans Stenby i Helse Vest.

Kommunane har også eit større ansvar for pasientar med psykiske lidingar, for eksempel når det gjeld bustad og andre tenester for personar som bur heime. Dps-a er viktige samarbeidspartnarar for kommunane.

– Det er i år særleg fokus på å treffe pasientane før dei blir så sjuke at dei må leggjast inn. Ambulante tenester ved dps-a er i denne samanhengen viktige, seier Stenby.

ForskingI tillegg til at det blir lagt ned eit stort arbeid for å styrke behandlings-tilboda innan psykiatrien, blir det også satsa stort på forsking.

Kvart år deler Helse Vest ut nær 70 millionar kroner til forsking innan ulike område. I 2005 fekk forskingsprosjekt innan psykisk helsevern 14 prosent av midla.

Det blir forska på emne som spilleavhengigheit, mental utvikling og helse blant barn og sjølvmordsproblematikk i psykiatriske akuttmottak.

T e m a : P s y k i a t r i

Page 11: 2005_02_Helseivest_web

111111

Psykiatrien i Sunnhordland får eit formidabelt løft med ny-bygget som nettopp er tatt i bruk. – Bygget er ei gåvepakke til både pasientar og tilsette, seier Inger Johanne Moe.

Nybygget på Stord inneheld både barne- og ungdomspsykiatri (Stord BUP) og det distriktspsykiatriske senteret for vaksne (Stord DPS).

– Det er sjeldan at tilbodet til vaksne og barne- og ungdomspsykiatriske avdelingar held til i same bygg. Samlokaliseringa gjer at det blir lettare å samarbeide – noko som vil komme pasientane til gode, seier Inger Johanne Moe, psykologspesialist og seksjonsleiar ved BUP i Helse Fonna.

Lokalt tilbodPlanlegginga av nybygget starta allereie i år 2000, som ein del av opptrap-pingsplanen for psykiatrien. Bygget inneheld to poliklinikkar for vaksne, to sengepostar for vaksne med 15 senger, ein poliklinikk for barn og unge og ein ny sengepost med fi re plassar for ungdom. Nybygget er det første innan psykiatrien sidan Helse Fonna blei etablert.

– Endeleg slepp unge frå Sunnhordland og Indre Hardanger å dra til Bergen for å få behandling, seier Moe.

Inspirerande lystBygget er teikna av arkitektkontoret Arkidea på Stord, er til saman 3100 kvadratmeter stort og har kosta nær 63 millionar kroner.

Dagtilboda er plasserte i første etasje, mens sengepostane er lagde til andre etasje.

– Arkitekten har lagt vekk på å få til lyse, moderne og inspirerande lokale. Bygget vil gi pasientane ei viktig kjensle av å bli verdsette, seier Moe.

Tilbod i nærmiljøetNybygget på Stord er eit resultat av helseføretaka si satsing på psykiatrien. Mens det tidlegare var sterkt fokus på sengeplassar, blir det no også satsa på å gi pasientane fullverdige dagtilbod og polikliniske tilbod.

– No får fl eire pasientar eit godt tilbod i nærmiljøet sitt. Openheit og nærleik er to sentrale verdiar i dagens behandlingstilbod, seier Moe.

Nytt bygg – betre tilbod

11111111 111111

Foto

: Øyv

ind

Sætr

e

Inger Johanne Moe meiner det nye bygget er ei gåvepakke til pasientar og tilsette.

T e m a : P s y k i a t r i

Page 12: 2005_02_Helseivest_web

1212

Luftig livredningTeamet på tre flyr høgt og lavt for å hjelpe dei som treng det. No har nye helikopter gjort jobben deira tryggare og enklare. Bjørn Trones fekk hjelp då han skada ryggen i ei arbeidsulykke på fjellet. Frå venstre pilot Per Rustad, redningsmann Stein Atle Puntervoll og anestesioverlege Paul Vindelev.

Page 13: 2005_02_Helseivest_web

1313

Luftig livredningFoto: K

jetil Alsvik

Page 14: 2005_02_Helseivest_web

14

– Korleis det er å få nytt helikopter? Du kan jo saman-likne det med at du hadde ein 30 år gammal bil og så fekk ein splitter ny, seier anestesilege Paul Vindelev og smiler.

I desember blei det gamle ambulansehelikopteret i Stavanger erstatta med eit EC 135 og med det var nye, toppmoderne helikopter på plass på alle dei tre basane i regionen. Bakgrunnen for utskiftinga var nye sikkerheitskrav frå myndigheitene frå 1. januar 2005.

– EC 135 gir mykje betre arbeidsplass og heilt andre moglegheiter for å arbeide med pasienten. Blant anna var det svært trongt og vanskeleg å drive gjenoppliving i det gamle helikopteret. No fungerer dette mykje betre. Det har vi fl eire gode eksempel på, fortel Paul Vindelev.

Også piloten er udelt positiv.– Sikkerheita for oss som arbeider om bord er vesentleg betra. Faren for havari er redusert og vi har mykje betre hjelpemiddel i dei nye digitale karta som følgjer med, i autopiloten og i nattbrillene. Med dei kan vi sjå fjell, dalstrøk og fjord, ja til og med høgspentliner sjølv når den reelle sikta er lik null. Med det gamle helikopteret måtte vi dessutan kjøle av motoren i to og eit halvt minutt før vi kunne skru av rotoren og få ut pasienten. To og eit halvt minutt er lenge når ein har eit barn som blør. No er dette unnagjort på 30 sekund, forklarer pilot Per Rustad.

Helse Vest overtok ansvaret for luftambulansen saman med den statlege overtakinga av sjukehusa i 2002. Helsereforma gav nye moglegheiter for samarbeid om denne tenesta og det blei oppretta eit nasjonalt selskap Luftambulansen (Helseforetakenes Nasjonale Luftambu-lanse_tjeneste ANS) som fekk ansvar for å drive luftambulansen i dei fem helseregionane. Dei regionale helseføretaka er likeverdige eigarar av selskapet og kvart år sparer dei mange millionar kroner kvar på samarbeidet.

Dei toppmoderne helikoptra av typen EC 135 er romslegare, sikrare og gir betre moglegheit for å behandle pasienten under transport. Her ser vi anestesilege Paul Vindelev.

Fakta om Eurocopter 135 :

Kabinen er spesielt utvikla for å vere ein best mogleg medisinsk arbeidsplass for anestesilegen som behandlar pasienten under transport:

• Medisinsk utstyr er lett tilgjengeleg.

• Betre plass gjer det lettare for legen å arbeide med pasienten.

• Innlasting både bak og på sida.

• Lengde som tillet ekstra utstyr i begge endar av pasienten.

• Plass til avansert medisinsk-teknisk utstyr for å behandle kritisk sjuke intensivpasientar under transport.

• Godkjent av europeiske luftfartsmyndigheiter for å løfte menneske, til dømes ved operasjonar der pasienten blir løfta frå vatn eller utilgjengeleg terreng.

Lengde: 12 meter

Høgde: 3,5 meter

Rotordiameter: 10 meter

Maksimal løfteevne: 2 835 kilo

Gjennomsnittleg marsjfart: 235 km/t

Foto: Kjetil A

lsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

Nye helikopter reddar liv

Page 15: 2005_02_Helseivest_web

15

– Vi har ein mogleg hjartestans på Eiganes, knitrar det i walkie-talkien. – Vi er på veg, svarer anestesilegen. Eitt minutt seinare hyler det i sirener og blålys. Redningsteamet er på veg til pasienten.

Natta har vore utan oppdrag, og til no har dagen vore roleg på helikop-terbasen i Stavanger. Redningsmann Stein Atle Puntervoll, anestesilege Paul Vindelev og pilot Per Rustad er på vakt. Dei stod opp i åtte-tida og registrerte at det er ein vakker vinterdag med gnistrande sol og svak vind. Ein fl ott dag for fl yging.

Fall om på gataDagens første oppdrag skjer derimot i bil. Klokka 11.08 kjem meldinga frå den akuttmedisinske kommunikasjonssentralen (AMK) ved Stavanger Universitetssjukehus. Ein mann har falle om på gata og symptoma peikar i retning hjartestans. Anestesilegen og redningsman-nen hiv seg i legebilen og seks minutt seinare er dei på staden. Forbipasserande har allereie sett i gang med hjarte-lunge-redning. No overtar ekspertane. Dei held fram med hjartekompresjonen, tilfører oksygen og medisin, og gir sjokkbehandling. Behandlinga held fram mens pasienten blir lagt på båre i ambulansen og frakta til akuttmottaket.

Klipper av kledaI akuttrom 4 ventar eit stansteam på åtte-ti sjukepleiarar, legar og portørar. Paul Vindelev forklarer raskt kva som har skjedd, kva symptom pasienten har og kva behandling som er gitt. Teamet arbeider effektivt, men roleg. Kleda til pasienten blir forsiktig klipte av mens behandlinga held fram. Journalen til pasienten er allereie på

bordet. Pasienten har hatt eit tidlegare hjarteinfarkt for over 20 år sidan. Ein sjukepleiar er i gang med å få oversikt over pårørande ho må kontakte.

Rosar forbipasserandeLitt over tolv er anestesilege Paul Vindelev ferdig i akuttmottaket.

– Det gjekk dessverre ikkje. Vi fekk liv i han fl eire gongar, men det varte aldri lenger enn 30-40 sekund, forklarer han. Dei har arbeidd med pasienten i 45 minutt og gitt han nær 30 sjokkbehandlingar. Vin-delev rosar dei forbipasserande som handla raskt og gav førstehjelp.

– Dei gjorde ein god jobb sjølv om dette ikkje enda godt, seier han.

Det er alltid eit redningsteam på tre på vakt ved helikopterbasen i Stavanger. Ein anestesilege, ein redningsmann og ein pilot. Dei tre som er på vakt i dag har jobba saman i mange år.

– Basen er vår andre heim. Vi er meir saman med kvarandre enn familien, seier pilot Per Rustad. Det er lite gjennomtrekk i miljøet og svært god trivsel på arbeidsplassen.

– Vi arbeider i eit høgkompetent fagmiljø. Dermed blir ikkje frustrasjonen så stor i situasjonar der det går galt fordi vi veit at vi har gjort alt vi kan, seier Stein Atle Puntervoll.

Etter å ha gjort det dei kan, leverer redningsteamet pasienten frå seg til akuttmottaket ved Stavanger Universitetssjukehus.

Pilot Per Rustad gjer seg klar for å ta av. Ein mann har skadd ryggen sin på høgfjellet og treng hjelp.

T e m a : N y e r e d n i n g s h e l i k o p t e rFoto: K

jetil Alsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

Redningsteamet prøver å få liv i ein pasient som har fått hjartestans.

Foto: Kjetil A

lsvik

Ein dag med luftambulansen:

Minuttar skil mellom liv og død

Page 16: 2005_02_Helseivest_web

16

I lufta på minuttarKlokka 12.32 kjem det ei ny melding frå AMK-sentralen som har blitt kontakta av kollegaer i Haugesund. Ein mann er ryggskadd etter gravearbeid ved nokre høgspentliner i fjellet i Etne. Ein krok på rundt 25 kilo har treft ryggen hans frå 10-15 meters høgde.

– Han kan røre på beina og er bevisst, lyder meldinga. Men Vindelev fryktar at han kan ha knekt noko i ryggen med tanke på kreftene han er utsett for. Etter kjapt å ha skaffa seg overblikk over kor dei skal, er teamet på tre på plass og helikopteret tar av. Klokka er 12.42.

Kort tid etter er bygg og bilar blitt til små prikkar nede på bakken. Lufta er krystallklar og sikta god i alle himmelretningar. Framme i helikopteret har piloten og redningsmannen ruta teikna inn på skjermen framføre dei. Legen sitt fastspent bak. Bråket frå helikopteret er ugjennomtrengjeleg og dei tre kommuniserer med kvarandre, og AMK, via mikrofon og høgtaler i hjelmane.

Oppdrag i ulendt terrengEtter vel tjue minutt er dei inne i området der dei skal lande. Det er utilgjengeleg sjølv for eit helikopter. Etter landing klokka 13.08 blir redningsteamet plukka opp av ein sekshjuling og frakta til pasienten. Imens forbereder piloten seg på å fl ytte helikopteret til ein stad nærare pasienten. Fordi det er usikkert om han har brot i ryggen, kan han ikkje fraktast over lengre strekningar i det ulendte terrenget.

Når Vindelev og Puntervoll kjem fram til den skadde er han framleis klar, men har sterke smerter i ryggen og vondt for å puste. Han får

smertestillande og bedøvande medisin og kollegaene hjelper til med å få pasienten over på eit brett som stivar av ryggen. Klokka 14.00 er pasi-enten på plass i helikopteret og returen mot akuttmottaket kan starte.

I Stavanger står traumeteamet klart. Paul Vindelev oppdaterer dei og pasienten blir gjort klar for røntgenfotografering av overkroppen. Klokka 14.36 forlet Vindelev akutt-teamet. Det er framleis uklart om pasienten har brotskader i ryggen.

– Barnetragediar er verst– Etter kvart oppdrag har piloten, redningsmannen og eg cirka ein halvtime kvar med papirarbeid og ting som må gjerast klare før neste utrykking, forklarer anestesilegen.

Tilbake på helikopterbasen er det tid for å få gjort desse oppgåvene. Etter kvart samlast teamet til ein kopp kaffi , ein forsinka lunsj og prat om det dei har vore ute på.

– Vi har både ein formell og ein uformell gjennomgang av oppdraga. Vi spør oss sjølve om det er noko vi kunne gjort betre. Ofte er den uformelle debriefi nga viktigast. Då snakkar vi ut om det vi har opplevd, seier redningsmann Stein Atle Puntervoll.

Det er særleg dramatiske oppdrag som store bilulykker eller situasjonar der barn er involverte som gjer inntrykk på dei tre.

– Det blir spesielt sterkt når ein har barn i same alder heime, seier Puntervoll. – Men jobben er like viktig og vi gjer det beste vi kan enten det er ein på 90 år eller eit lite barn som treng hjelp, forsikrar piloten. Ved større hendingar som bilulykker blir teamet ekstremt fokusert.

– Det er som om vi får på oss skylappar. Ein konsentrerer seg utelukkande om det som er viktig der og då, seier redningsmannen.

Kvinne med pusteproblemKlokka 15.51 får teamet ei ny melding frå AMK. Ei kvinne har problem med å puste. Legevaktslegen i Sandnes er hos ho, men har bede om assistanse frå luftambulansen. Fire minutt seinare er helikopteret i lufta på veg austover. Med god rettleiing frå personellet som er på staden, fi nn teamet raskt fram og landar klokka 16.00, etter fem minutt i lufta. Kollegaer hjelper til med å bere den ryggskadde til helikopteret.

Redningsmann Stein Atle Puntervoll og pilot Per Rustad har god sikt i alle himmelretningar frå cockpiten.

Foto: Kjetil A

lsvik

Anestesilege Paul Vindelev behandlar pasienten undervegs i helikopteret.

Foto: Kjetil A

lsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

T e m a : N y e r e d n i n g s h e l i k o p t e r

Page 17: 2005_02_Helseivest_web

17

Pasienten blir raskt undersøkt og fl ytta over i helikopteret som tar av 16.14. Ho får surstofftilførsle og Vindelev måler blodtrykk og oksygen-mengda i blodet. Kvinna er kald og sløv, men bevisst. Blodtrykket er ok. Høgre armen hennar er blåleg og Vindelev likar ikkje det han ser. Over radioen ber han om at ein kirurg står klar i mottaket.

Galopperande koldbrann?Klokka 17.00 er anestesilege Paul Vindelev ferdig i akuttmottaket. Då har personellet derfrå overtatt og kvinna har blitt vurdert av både kirurg og plastikk-kirurg. Kroppstemperaturen hennar er 31,3 grader og blodtrykket har falle. Vindelev fryktar at kvinna kan ha ein svært sjeldan bakterieinfeksjon kalla nekrotiserande fascitt, men legane er ikkje einige på dette punktet. Nekrotiserande fascitt er ofte forårsaka

av streptokokk A-bakteriar og medfører at muskelvev døyr ettersom bakteriane spreier seg.

– Galopperande koldbrann er eit meir folkeleg ord på infeksjonen, forklarer Vindelev. Han må tilbake til basen. Teamet på akuttmottaket har overtatt ansvaret for pasienten. Resten av ettermiddagen og kvelden blir roleg for redningsteamet.

Viktig å gjere ein forskjell– Vi har jo ein jobb der folk er takksame for at vi kjem sjølv om vi blåser ned søppelbøtter og klessvask. Men eg tenkjer ikkje så mykje på at eg reddar liv akkurat, seier pilot Per Rustad. Han opplever at pårørande er like takksame i situasjonar som ikkje får ein lykkeleg slutt.

– Denne jobben er eit privilegium. Han er spennande og gir meg mykje. Det er godt å kunne hjelpe folk. Eg håper verkeleg at eg kan gjere ein forskjell sjølv om det til tider er tungt å møte pårørande i sorg og sjokk. Då føler ein gjerne at ein kjem til kort, seier Paul Vindelev.

Betre enn venta for ryggskaddDagen etter får han vite at han hadde rett og at kvinna med pusteproblem framleis er alvorleg sjuk. Ho har blitt akutt operert for bakterieinfeksjonen i armen, store mengder muskulatur er fjerna, og ho har hatt ein hjartestans. Framleis er det usikkert korleis det vil gå med henne.

Etter endt oppdrag samlast teamet til ein prat og litt kaffe.

Portørane står klar for å frakte pasienten til akuttmottaket så snart helikopteret

har landa.

Etter endt oppdrag samlast teamet til ein prat og litt kaffe.

Foto: Kjetil A

lsvik

Foto: Kjetil A

lsvik

T e m a : N y e r e d n i n g s h e l i k o p t e r

Viss personen er livlaus (bevisstlaus og pustar ikkje):• Tilkall hjelp først. Ring 113• Legg personen på ryggen, på eit hardt underlag.• Gi fem brystkompresjonar ved mistanke om kvelning.• Sett straks i gang med hjarte-lunge-redning.• Sørg for frie luftvegar ved å løfte kjeven framover og bøye hovudet forsiktig bakover.• Start med to innblåsingar. Blås til brystet hever seg. Kvar innblåsing skal vare i cirka 2 sekund.• Finn det riktige trykkpunktet over hjartet ved å plassere handrota mellom brystvortene (eller to fi ngerbreiddar ovanfor brystbeinspissen).• Plasser handrota mot trykkpunktet. Legg den andre handa oppå. Fingrane skal peike oppover. Du skal berre røre brystkassen med handrota.• Trykk brystkassen ned 4-5 cm per kompresjon. Trykk 15 gongar i rekkefølgje. Fart 100 gongar i minuttet.• Fortsett med to innblåsingar, deretter 15 kompresjonar.• Hald fram med hjarte-lunge-redning til kunnig personell overtar.

Kjelde: Norges Røde Kors

Derimot har det gått betre enn venta med den ryggskadde pasienten.– Han har ei bløding i brystet og har brote alle ribbeina under skulderbladet på høgre side. I tillegg har han eit lite hol i lunga. Men han har ingen brot i ryggrada og det er det viktigaste, seier Paul Vindelev.

Slik utfører du hjarte-lunge-redning (HLR)

Page 18: 2005_02_Helseivest_web

Krev samarbeid innan nevrokirurgi Styret i Helse Vest opnar for at det kan utførast enkelte planlagde operasjonar på hjernesvulstar ved Stavanger Universitetssjukehus. Føresetnaden er eit tett samarbeid med det nevrokirurgiske miljøet i Bergen for å sikre kvaliteten på tenestene.

– Diskusjonen rundt det nevrokirurgiske tilbodet i Helse Stavanger gjeld eit lite tal planlagde hjernesvulstoperasjonar. Styret legg stor vekt på at kvalitetskrava skal tilfredsstillast og seier derfor ja til at ein kan opne for at denne typen operasjonar kan gjennomførast i Stavanger – forutsett at dei to miljøa etablerer eit tettare fagleg samarbeid, seier styreleiar Mai Vik i Helse Vest.

Ho understrekar at den nevrokirurgiske avdelinga i Helse Bergen skal sikre at kvalitetskrava blir oppfylte. Dersom dei to miljøa ikkje oppfyller intensjonen til styret, blir alle hjernesvulstoperasjonar i framtida lagde til Haukeland universitetssjukehus.

Forpliktande samarbeidDet skal utarbeidast ei eiga detaljert samarbeidsavtale mellom Helse Bergen og Helse Stavanger. Denne skal sikre eit nært og gjensidig forpliktande fagleg samarbeid mellom dei to nevrokirurgiske miljøa. Dei skal ha felles faglege retningslinjer, prosedyrar, rutinar for kvalitetssikring og evaluering av behandlingsresultat. Haukeland Universitetssjukehus skal ha eit hovudansvar for dette.

Skal utveksle personellNår det no blir opna for at ein kan gjere planlagde operasjonar ved Stavanger Universitetssjukehus i eit nærare avtalt omfang, skal dette skje på ein slik måte at omsynet til kvaliteten på pasientbehandlinga blir tatt vare på i heile regionen. Hovudansvaret for kvalitetssikring av behandlingstilbodet blir lagt til Haukeland.

Avdelingane skal utveksle personell, både legespesialistar og legar under spesialistutdanning.

Får ei ekstra stillingArbeidet med den nye samarbeidsavtala skal forankrast i toppleiinga i helseføretaka. Helse Vest vil ta initiativ til og leie arbeidet. Avtala skal tre i kraft seinast 1. august i år. Når det skjer vil Helse Vest godkjenne ei tredje stilling for nevrokirurg ved avdelinga i Stavanger. Fram til den nye avtala er på plass vil den etablerte oppgåvefordelinga gjelde.

Ordninga skal evaluerast etter eitt år. Dersom resultata ikkje er i tråd med vedtaket til styret i Helse Vest, og resultatet av evalueringa av behandlingskvaliteten ikkje er tilfredstillande, skal alle planlagde hjernesvulstoperasjonar utførast i Helse Bergen.

Konsernbudsjettet skal i balanse Styret i Helse Vest vedtok i styremøte 15. mars eit endeleg konsernbud-sjett for 2005 i balanse. Styret understrekar at regionen samla sett skal levere eit budsjett i balanse for 2005, slik Stortinget har krevd.

Det gjenstår likevel framleis ei utfordring på 165 millionar kroner for å komme i null innan utgangen av året. Ein stor del av dette kan dekkjast

inn gjennom ein reserve på 146 millionar kroner. For resten av utfor-dringa vil Helse Vest og dotterføretaka samarbeide om å komme fram til tiltak som kan gi innsparingar på 2005-budsjettet. Administrasjonen arbeider med sikte på ein endeleg gjennomgang av tiltak og bruk av reserve på juni-styremøtet.

Krev samarbeid innan nevrokirurgi

Utvida samarbeid mellom fastlegar og sjukehus

Dei regionale helseføretaka har inngått ei nasjonal rammeavtale med Den norske Lægeforening om praksiskonsulentordninga (PKO). Gjennom praksiskonsulentordninga arbeider primærlegar på sjukehusa, og målet er å betre samhandlinga og koordineringa mellom primær- og spesialisthelsetenesta. Nøkkelord for ordninga er samarbeid, heilskapstenking, kvalitetsutvikling og kommunikasjon.

I Helse Vest har ein fl eire stader ei godt etablert praksiskonsulent-ordning, og målet med den nye avtala er å vidareutvikle og utvide dette samarbeidet.

18

Page 19: 2005_02_Helseivest_web

19

FORM

Foto

: Arn

e St

ubha

ug

Pasientombod Ove Mjåtveit i Sogn og Fjordane har stillesitjande dagar på kontoret. Derfor legg han vekt på å gi kroppen sin velfortente dosar med fysisk aktivitet fl eire gongar i veka.

– Eg er blitt meir og meir bevisst på at det er viktig å få trimme inni-mellom. Spesielt sidan spaserturen etter kaffi i kantina er den einaste trimmen eg får på jobb, seier Ove Mjåtveit.

Alltid vore aktivForutan timane på arbeid lever Ove Mjåtveit eit fysisk aktivt liv, enten han er med ungane og speler løkkefotball eller han går turar.

– Eg bur ein ti minutters roleg sykkeltur frå kontoret. For eit halvt år sidan begynte eg å gå til arbeid. Då er eg sikra ein halv times gåtur kvar veg, seier han.

Høg intensitetDei daglege turane er av det rolege slaget. Derfor var han ikkje i tvil då han fekk tilbod om å vere med og spele fotball.

– Fotballtreninga gir meg ei økt med intensiv trening i veka. Det gjer godt å kjenne at ein har vore i aktivitet, seier han.

Heile åretFordelen med å spele fotball er at aktiviteten kan drivast heile året. Om sommaren er det sjølvsagt å vere ute.

– Om vinteren spelar vi i Førdehuset. Aktiviteten er høg den timen vi har til disposisjon, seier han.

Sosial sportMjåtveit har også vore innom periodar med jogging.

– Det er god trim det også, men det er mykje vanskelegare å halde på med det over tid. Eg trivst betre med fotballen. I tillegg til at det er god trening, er det også ein sosial sport. Det sosiale gjer at det er lettare å halde motivasjonen oppe, påpeikar Mjåtveit.

Fotball gir energi til kontorkroppen

Page 20: 2005_02_Helseivest_web

20

Har gått ned 35 kilo til saman

Kristin DingenVekt då ho kom til Ebeltoft: 138,3 kiloVekttap etter dei ni første vekene: 15 kilo

– Eg er nøgd om eg går ned 20 kilo her på Ebeltoft Kur-center, men eg håper på 30 kilo, seier Kristin Dingen.

– Tida her nede går fort. Treninga går bra, og dei tilsette her er fl inke til å pushe oss. Kor mykje vi får ut av opphaldet er likevel opp til oss sjølve, seier ho.

Etter 16 veker på Ebeltoft Kurcenter skal ho tilbringe åtte veker heime. Deltakarane set opp treningsplan saman med ein rettleiar før heimreisa. Eksperten tilrår at dei trener ein halvtime til ein time kvar dag.

– Eg er ikkje redd for at eg ikkje skal klare å halde måltidene. Når det gjeld treninga, må eg ha eit fast opplegg. Eg er nok for fl ink til å fi nne dårlege unnskyldningar til ikkje å trene dersom det for eksempel er dårleg ver ute.

Fakta• Helse Vest inngjekk i fjor haust ei avtale med Ebeltoft Kurcenter i Danmark om behandling av ekstremt

overvektige. Avtala er ein del av eit pilotprosjekt som skal gå ut året.

• Helse Vest sender to grupper på til saman 48 personar til Ebeltoft. 24 deltakarar reiste til Ebeltoft i januar. Neste gruppe startar

opphaldet i april.

• Prosjektet som Helse Vest har laga for behandling av ekstremt overvektige, går i fi re fasar:1: Fire månader på Ebeltoft Kurcenter2: Åtte veker heime3: Fire månader på Hauglandsenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane4: Oppfølging på lærings- og meistringssenter eller hos fastlege

• Les meir på internett: Om behandlingstilbodet: www.helse-vest.no. Nettsidene til Ebeltoft Kurcenter: www.kuren.dk og spesielt for nordmenn www.kursenter.dk

Stein WormsenVekt då han kom til Ebeltoft Kurcenter: 182,5 kiloVekttap etter dei ni første vekene: 20 kilo

Stein er godt fornøgd med å ha gått ned 20 kilo. Målet er å gå ned 30 kilo i løpet av opphaldet ved Ebeltoft Kurcenter. Han kjenner seg i mykje betre form som følgje av vekttapet.

– Det beste er at eg søv så godt om natta. Eg kan spasere meg ein tur om eg vil det. Tidlegare var det utenkjeleg at eg frivillig skulle gå ein tur, fortel han på telefon frå Danmark.

Målet er å gå ned 10 kilo til på dei seks vekene som gjenstår av opphaldet.

– Men det blir stadig vanskelegare å gå ned. Jo meir du tar av, jo seinare går det.

Etter opphaldet i Ebeltoft ventar åtte veker heime, før behandlinga mot overvekt held fram på Hauglandsenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane. Stein trur det skal gå greitt.

– I dei åtte vekene heime skal eg vidareføre arbeidet eg har starta. Det er viktig med struktur i kvardagen. Eg må ete og trene til faste tider, seier han. Dessutan skal han passe på å ikkje lage meir mat til måltida enn han skal ete.

– Dersom eg lager for mykje, skal eg kvitte meg med overskotet med ein gong. For eksempel kan eg fryse maten, slik at eg ikkje et meir enn eg skal.

Helse i vest følgjer Stein Wormsen frå Stavanger og Kristin Dingen frå Gulen i Sogn og Fjordane på vegen mot eit lettare liv. Dei er med på eit behandlingsopplegg mot ekstrem overvekt som Helse Vest har sett i gong som eit pilotprosjekt. Stein og Kristin er inne i si tiande veke på Ebeltoft Kurcenter. Opphaldet strekkjer seg over 16 veker, så no er dei godt over halvvegs i første fase av behandlinga.

N E D I V E K T

Page 21: 2005_02_Helseivest_web

21

Alle foto: Ida Schm

idt

Page 22: 2005_02_Helseivest_web

Kor mange venner har du?

Folk fl est omgir seg med fl eire kretsar av venner, den eine utanfor den andre. Men kor mange

kjenningar er det plass til i kvar gruppe? Ny forsking tyder på at desse tala er universelle for

menneske verda over.

Eit team av engelske forskarar meiner at vi sjølve ikkje avgjer kor mange vi skal ha i kvar krets, men at talet derimot følgjer eit visst

allmennmenneskeleg mønster. Medlemma i kvar ny sirkel utover ser nemleg ut til å auke med ein faktor på ganske nøyaktig 3,5.

Det viste seg altså at dei hierarkiske ringane av venner gjekk igjen over alt. Heilt innerst har vi ein krets av tre til fem nære venner som vi kan ty til viss større eller mindre kriser skulle inntreffe.

Utanfor der ligg ein gjeng på 12-20 menneske som vi har spesielle band til. Endå lenger ut fi nn vi ei større gruppe av

lausare kjende.

Det rare er at kvar av gruppene ser ut til å ha omtrent 3,5 gongar så mange medlemmer som sirkelen

innanfor. Liknande hierarki fi nst også i andre typar organisasjonar, skriv forskarane, som meiner militæret kanskje er det beste

eksemplet.

22

Kor mange venner har du?

Folk fl est omgir seg med fl eire kretsar av venner,

Verdt å viteVerdt å vite

VERDT Å VITE

Verdt å vite

Verdt å vite

Verdt å vitelausare kjende.

Det rare er at kvar av gruppene ser ut til å ha omtrent 3,5 gongar så mange medlemmer som sirkelen

innanfor. Liknande hierarki fi nst også i andre typar organisasjonar, skriv forskarane, som meiner militæret kanskje er det beste

eksemplet.

vere i samsvar med tidlegare forsking på området. Det at røykjarane hadde dårlegare blodomløp er truleg ei av årsakene.

Dårlegare forsvarDessutan trur ein at cellene sitt forsvar mot såkalla frie radikalar blir dårlegare, og at vevet derfor blir lettare brote ned. Undersøkinga i Ørebro viser at både miljø og genetiske skadar ofte samverkar ved høyrselsskadar.

– Dersom røykjarane i tillegg hadde eit defekt gen, som er med på å produsere dei antioksydantane som beskyttar mot dei frie radikalane, så auka sårbarheita ytterlegare, seier Carlsson.

Røyking kan føre til høyrselsskadar

Røyking gjer øyra meir sårbare ovanfor støy. Ein vanleg gendefekt forsterkar effekten.

1 200 personer blei undersøkte ved Universitetssjukehuset i Ørebro.

– I vår studie kunne vi sjå at røykjarar tålte støy dårlegare enn andre, seier leiar for undersøkinga, overlege Per-Inge Carlsson. Resultata skal Kjelde: www.forskning.no

Pass hjartet ditt – puss tennene!

Sjukdommar i tannkjøtet ser ut til å auke sannsynlegheita for slag og hjarteinfarkt. Det har sjølvsagt ei god side, all den tid tannkjøtsjukdommar kan både førebyggjast og behandlast.

Forskarar frå Columbia University undersøkte bakterienivået i munnen til 657 menneske som ikkje hadde hatt slag eller hjarteinfarkt.

Målte tre bakteriarForskarane målte nivået av tre forskjellige grupper av mikrobar - ei gruppe ein veit forårsaker periodontitt, ei anna gruppe som kanskje kan forårsake sjukdommen, og ei tredje gruppe bakteriar som ikkje har nokon saman-heng med tannløysingssjukdom.

Dei målte også tjukkleiken på halspulsårene til personane, noko som er ein metode for å påvise årefor-kalking.

Bakterie førte til åreforkalkingResultatet var at ein fann ein klar samanheng mellom åreforkalking og den type bakteriar som forårsaker periodontitt.

Dei som hadde eit høgare nivå av desse bakteriane, hadde også meir forkalking i halspulsåra. Det gjaldt også om ein korrigerte for andre risikofaktorar for hjarte- og karsjukdommar.

Page 23: 2005_02_Helseivest_web

2323

S M Y K K E

Jon Gundersen“Hånd”, skulptur i damanlegget ved Førde sentralsjukehus.Gundersen vann konkurransen om utsmykking av området ved damanlegget ved FSS. Seks kunstnarar var inviterte til å delta i konkurransen som vart utlyst i desember 1980. Skulpturen sto ferdig montert i 1984. Jon Gundersen er fødd i 1942. Han har utdanninga si frå Statens håndverk- og kunstindustriskole hos Ørnulf Ranheimsæter 1963-67.

Gundersen har blant anna arbeidd som teiknar og formgivar for Hadelands Glassverk, men han er mest kjend for arbeida sine i tre. Gundersen har deltatt på Høstutstillingen og Østlandsutstillingen.

Foto: Olav R

eiakvam

Verdt å viteVerdt å vite

VERDT Å VITE

Verdt å vite

Verdt å vite

Verdt å vite

Page 24: 2005_02_Helseivest_web

24

Returadresse:Hesle Vest RHF Post Boks 303 Forus 4066 Stavanger B

24

Namn: Ester WaldelandAlder: 56 årStilling: Praksisrettleiar/hjelpepleiarArbeidsstad: Stavanger Universitetssjukehus

Givande å vise vegEster Waldeland er utruleg takksam for at ho har fått arbeide som hjelpepleiar i 35 år. Eit godt utgangspunkt for ei som rettleier hjelpepleiarelevar.

– Å oppleva takksemda frå pasientar og elevar inspirerer meg, seier Ester Waldeland.

Sidan 1993 har ho arbeidd som praksisrettleiar for hjelpepleiarelevar ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS). SUS er eit av få sjukehus i landet som har eigne folk i slike jobbar.

Mykje opplæringSjukehuset har elevar i praksis gjennom heile skuleåret. I 2004 tok SUS i mot 204 hjelpepleiarelevar, omlag halvparten ungdom og halvparten vaksne med rett til vidareutdanning. Dermed var det nok å gjere for dei tre praksisrettleiarane ved sjukehuset.

– Sjukehuset har ein viktig opplæringsfunksjon. I tillegg til hjelpepleiarelevar tar sjukehuset også i mot sjukepleiar- og medisinstudentar, seier Waldeland.

Ho påpeikar at det er svært ressurskrevjande for eit sjukehus til ei kvar tid å ha så mange under opplæring. Men ifølgje lova har sjukehuset plikt til å delta i undervisning og opplæring av helsefaglege elevar.

– For elevane kan det vere vanskeleg å komme inn i ei avdeling med høgt tempo og strenge krav til kvalitet. Nokre har framandspråkleg bakgrunn og det blir krevja ekstra innsats for at de skal få ein så god og lærerik praksisperiode som mogleg, understrekar Waldeland.

Elevane er usikreEtter at ungdom i 1994 fekk rett til vidaregåande utdanning opplever Waldeland at mange av elevane er usikre på om dei vil bli hjelpepleiarar etter endt utdanning.

– Dei må velje studieretning på vidaregåande skule allereie i 10. klasse på ungdomsskulen, og interesse for val av framtidig yrke endrar seg ofte i den alderen. Dei vaksne elevane er meir motiverte, men det er lenge sidan dei har gått på skule og læretida er komprimert, seier ho.

Utfordringa – Eg må møte dei der dei er og forstå dei ut i frå kor dei er i livet. Eg trur det er viktig å vere glad i ungdommar og vise at ein bryr seg for å

gi dei eit så godt utbytte som mogleg av tida dei er ved sjukehuset, seier Waldeland.

Likevel opplever ho kvart år at ho i samråd med skulen må gi elevar beskjed om at måla for sjukehuspraksis i læreplanen ikkje er oppnådd. Det er det vanskelegaste ho gjer i arbeidet sitt.

– Eg gler meg til kvar gong eg skal treffe nye elevar. Å få vere med og vise dei vegen inn i eit spennande og givande yrke betyr svært mykje for meg, seier Ester Waldeland.

Foto

: Kje

til A

lsvi

k

Ester Waldeland (i midten) rettleier hjelpepleiarelevar som har praksis ved Stavanger Universitetssjukehus. Her med Ilwad Khalif Monsen (til høgre) og Sandra Mai Probst.