helse i vest nr 2 - 2012

36
PSYKIATRISK SJØLVBETENING Set pasienten i sentrum HELSE I KVAR DRÅPE Mjølkebanken gir overskot til dei minste BORTE BRA – HEIME BETRE Samhandlingsreforma gir lokale tilbod Fellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet Nr. 2 / 2012 EIN GOD START Nytt tilbod til fødande vekkjer begeistring.

Upload: helse-vest

Post on 30-Mar-2016

230 views

Category:

Documents


7 download

DESCRIPTION

Helse i vest nr 2 - 2012

TRANSCRIPT

Page 1: Helse i vest nr 2 - 2012

PSYKIATRISK SJØLVBETENING Set pasienten i sentrum

HELSE I KVAR DRÅPEMjølkebanken gir overskot til dei minste

BORTE BRA – HEIME BETRESamhandlingsreforma gir lokale tilbodFellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet • Nr. 2 / 2012

Ein god startNytt tilbod til fødande vekkjer begeistring.

Page 2: Helse i vest nr 2 - 2012

SJUKEHUSA MED HISTORISK SATSING

Pasient eller friskmeld, medarbeidar eller pårørande – du held no fellesmagasinet for sjukehusa på Vestlandet i hendene. Med ei historisk gladmelding til deg frå sjukehussjefen!

I ti år har Herlof Nilssen vore øvste leiar for alle sjukehus på Vestlandet. Korleis er stoda, eigentleg?

– takk, situasjonen for sjukehusa på Vestlandet – og dermed for pasientane – har aldri vore betre. sist år behandla vi fleire pasientar enn nokon gong. samstundes held ventetidene fram med å gå ned. investeringane i nytt medisinskteknisk utstyr, sjukehusbygg og forsking er rekordhøge – takka vere solide overskot på drifta. det er gjort ein fantastisk jobb over mange år av medarbeidarane ved sjukehusa.

– Kva utvikling kan vi vente framover?– Ei knallsterk satsing på pasientbehandling! ti år etter

opprettinga av helseføretaka er styringssystema for sjukehusa på Vestlandet no på plass. dermed blir store ressursar frigjorde til målretta og storstilt arbeid med eit historisk løft: auka kvalitet på sjølve behandlinga – til beste for pasientar over heile Vestlandet.

– Og i praksis betyr dette…?– større sjanse for vellykka behandling – og

redusert risiko for å bli skadd på sjukehuset. Berre her på Vestlandet blir kring 69 personar skadde grunna behandling eller mangel på behandling under sjukehusopphald – kvar einaste dag! Målet for kvalitetssatsinga vår er å halvere dette talet innan fem år: 35 færre sjukehusskadar kvar dag. det skal vi klare.

– Kor lange blir så ventetidene av all denne kvalitetssjekkinga?

– Ventetidene er redusert frå 214 dagar i 2002 til kring 70 dagar i snitt i dag, og dei skal fortsatt ned. innan fem år ønskjer vi å leggje om ventetidssystemet, slik at pasienten får time i det sjukehuset mottar henvisning frå fastlegen. Pasienten vil ikkje få behandling umiddelbart, men vil få melding om kva tid ein får time. anten det er i løpet av ei veke, ein månad eller seinare. Eit ambisiøst mål, men høgst realistisk når vi ser på utviklinga dei siste ti åra: Ventetidene er kutta med to tredelar – samstundes som økonomien altså er friskmeld og pasientbehandlinga er gått i vêret.

På dei neste sidene kan du lese om pasientar, sjukehus og behandlingstilbod over heile Vestlandet:

Notisar ........................................................................... 3

Mjølkebanken .............................................................. 4

Burn Camp for brannskadde ................................... 6

God start for nytt fødetilbod .................................10

Dei frivillige ...............................................................12

Samhandlingsreforma gir lokal behandling ......15

Katastrofeøving ........................................................18

Fall for kvarandre .....................................................22

Når skulevegen blir for lang ..................................26

Møter frykta – blir friske ........................................28

Nytt håp på ny ruspost ............................................32

Livsstil .........................................................................34

Sjølvbetent psykiatri ...............................................35

Slagplan mot hjerneslag .........................................36

Ansvarleg redaktør Bente Aae

Redaksjon Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Helse Vest

Ansvarleg utgivar Helse Vest RHF

Redaksjonen avslutta 10. august 2012

Framsida: Førstegangsfødande Brita Molde takkar det nye barseltilbodet ved Lærdal sjukehus for ein «God start» på sitt nye tilvere.

www.helse-vest.no

Vennleg helsing HERLOF NILSSEN, administrerande direktør i Helse Vest RHF

«Auka kvalitet på behandlingstilboda

– til beste for pasientar i heile landsdelen.»

AMBISIØS: Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest RHF, styrer mot historisk høge mål for pasientbehandlinga.

Helse i vest, nr.2 / 2012

Design Oktan StordFramsidefoto Oskar AndersenTrykkeri Senter Grafisk ASOpplag 280 000

Du kan abonnere gratis på Helse i vest ved å sende namn og postadresse til [email protected]

MILJØMERKET

541-004TRYKKSAK

6

18

12

2 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

INNHALD

Page 3: Helse i vest nr 2 - 2012

ANGST

SØVNPROBLEM

SKuLE

Tidlege teikn på psykose:

• Isolerer seg frå familie og venner

• Søvnproblem

• Vanskar med konsentrasjonen

• Oppteken av tema som døden, politikk eller religion

• Store svingingar i humøret

• Er svært nedstemt

• Er redd for å gå ut av huset

• Forsømmer hygiene, jobb eller skule

• Høyrer stemmer

• Snakkar usamanhengande

• Ser ting som andre ikkje ser

Meir informasjon finn du på www.helse-bergen.no/TOPS

FORSKA SEG TIl INTERNASJONAl PRISÉin av fem demenspasientar på Vestlandet har såkalla lewylekamsdemens. Når ein skal påvise lidinga, er søvnforstyrringar ein viktig faktor. Begge desse opplysingane kan vi takke doktorgradsstudien til forskar Arvid Rongve i Helse Fonna for, ein studie som er utført som ein del av «Demensstudien på Vestlandet». No har Rongve fått ein pris frå International College of Geriatric Psychoneuropharmacology for arbeidet. Kva gjennombrotet betyr for pasienten? Identifisering av demenstypen er viktig for å kunne gi rett medisin.

«Når unge blir uvanleg tause… har dei som regel noko å fortelje», står det på heimesida til det nyoppretta TOPS-teamet (tidleg oppdaging av psykose) ved Haukeland universitetssjukehus. Teamet, som held til på Sandviken, gir ungdom som er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding rask tilgang til effektiv behandling.

– Dei fleste psykoselidingar oppstår i sein ungdom eller ung vaksenalder. Tilbodet skal bidra til at unge ikkje går lenge med ubehandla psykose, men får rask hjelp, seier teamleiar Else-Marie løberg.

I Stavanger kan eit tilsvarande team (kalla TIPS) vise til nedgang i sjukdom og betre behandlingsresultat på grunn av lågterskeltilbodet som har vore etablert der i ti år.

Er du bekymra for om du sjølv, ein venn eller nokon i familien er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding? Ta direkte kontakt med TOPS på telefon 55 95 85 85, eller TIPS på telefon 51 51 59 59.

TA KONTAKT! TOPS-teamet i Bergen (biletet) og TIPS-teamet i Stavanger oppmodar deg til å ta kontakt dersom du er bekymra for at familie-medlemer eller venner er i ferd med å utvikle ei alvorleg psykisk liding. Frå venstre line Hoston, TOPS-leiar Else-Marie løberg og Kari Mjelde.

TIDlEG TAK MOT PSYKOSE

– Breidda og mangfaldet i Helse-Noreg si utvikling kan ein lese i arkitekturen, sa riksantikvar Jørn Holme då han tidlegare i år presenterte landsverneplanen for helsesektoren.

Av dei 42 bygga som no blir freda, ligg åtte i Hordaland og Sogn og Fjordane. Blant sjukehusa som er peikte ut som bygningsmessige monument for tidsperioden sin, er Valen i Helse Fonna (biletet), som blei bygd som psykiatrisk sjukehus i 1909. No, eit hundreår seinare, blir delar av eksteriøret og interiøret, samt gravlunden freda for all framtid. Dei andre vestlandske helsebygga på fredingslista er Haukeland universitetssjukehus og Stord sjukehus, Jonatunet i Hardanger, Kysthospitalet i Hagevik og Askviknes Voksenpsykiatrisk Senter (begge i Os kommune), Tronvik psykiatriske klinikk i Høyanger og Førde sentralsjukehus.

VERNAR SJUKEHUS­ARKITEKTUREN

JOuRNALDOKuMENT ER lAGRA I ElEKTRONISK PASIENTJOURNAl I HElSE VEST.

50 000 000Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 3

NOTISAR

Page 4: Helse i vest nr 2 - 2012

Ikkje alle nybakte mødre kan gi borna sine mjølk frå eige bryst. Då er mjølkebanken god å ha.

MJØLKEBANKEN EIN GOD START PÅ LIVET

TEKST LINN HERREDSVELA FOTO EIVIND SENNESET

to bitte små knøtt ligg side om side. tvillingane nathalie og robin kom til verda 5. mai, åtte veker for tidleg. nathalie vog 1450 gram, robin berre 970. Etter hastekeisarsnitt og ein stressande start kunne ikkje mamma Cathrine storhaug (27) amme fordi ho ikkje hadde mjølk å by på. Løysinga blei ein tur til banken.

– Eg er kjempeglad for at andre mødre vil dele mjølka si med ungane mine. Melkebanken gjer at dei små kan få den beste starten på livet, sjølv om ikkje eg kan gi dei mi eiga morsmjølk, seier ho.

KJEKT Å hJELPE ANDRE. i eit kjøleskap på randaberg står ein berepose med åtte små boksar fulle av morsmjølk. Ein niande boks er på veg. ann Elin rugland (34) koplar enkelt til pumpemaskina, og flaskene blir fylte opp med næringsrik morsmjølk. dette har mor gjort før! rett nok er dette første innskot i Melkebanken i denne runden, men rugland har vore givar tidlegare.

– då eg fekk den første ungen min for to år sidan, fekk eg hjelp med amminga av ein fantastisk barnepleiar. For meg gjekk amminga heldigvis lett, men eg syntest synd på dei som av ymse grunnar ikkje fekk det til. informasjon om

Melkebanken fann eg på ein helsestasjon, og eg tenkte at sidan eg har så mykje mjølk, så vil eg hjelpe andre.

då ho fekk barn nummer to, ville ho gjerne gi mjølk igjen.

– det er kjekt å kunne hjelpe, og så er det veldig rørande å sjå dei små barna som får mjølka!

GJER DET IKKJE fOR PENGANE. dei kring 60 mjølkegivarane som er knytte til Melkebanken i stavanger gjennom eit år, skyt samla inn om lag 1000 liter morsmjølk. Mens enkelte liknande tilbod andre stader i landet betaler givaren for mjølka og sel ho vidare, blir mjølka verken kjøpt eller seld i stavanger – berre delt.

– Eg gjer jo ikkje dette for å tene pengar, men for å hjelpe andre. og det er veldig givande for meg, fortel rugland lattermildt.

– sist gong fekk eg diplom av Melkebanken, og då byrja eg å hylgrine.

alt givarane treng av utstyr, får dei låne av Melkebanken, og mjølka blir henta heime på døra.

– ordninga fungerer veldig godt, roser rugland.

tobarnsmora amma i om lag eitt år den første runden og gav vekk mjølk i åtte av månadene – til saman sju liter super styrkedrikk til Melkebanken. og målet denne gong?

– Å gi dobbelt så mykje! ▶

DOBBEL DOSE: Medan hennar eiga dotter Lilli let humla suse i senga si, pumpar Ann Elin Rugland meir mjølk til glede for andre småborn. - Eg er nøgd om eg klarer å pumpe meg tre gonger i veka, seier mjølkegivaren.

4 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

MJØLKEBANKEN

Page 5: Helse i vest nr 2 - 2012

MORSMJøLK ALLER BEST FOR NYFøDDE

For sMÅ, sartE Magar er morsmjølk den suverent beste styrkedrikken – sjølv når han ikkje kjem frå mor sjølv.

– Morsmjølk er bra fordi ho inneheld mykje feitt, sukker, protein, vitaminar og antistoff. og så er mjølka meir skånsam og lettare å fordøye for nyfødde. samansetnaden er naturleg tilpassa tarmen til den nyfødde, sjølv om morsmjølka ikkje kjem frå mora til barnet, fortel banksjef sidsel gaard i Melkebanken i stavanger.

Ho understrekar at morsmjølkerstatning også er eit godt alternativ som ein trygt kan gi barnet.

TRyGG MJØLK. gaard fortel at alle givarar og all mjølk blir nøye testa.

– givaren må blant anna ta blodprøvar og mange virusprøvar. Ho kan ikkje røykje, drikke alkohol eller ta medisinar mens ho gir mjølk. dei strenge reglane sikrar mottakaren at mjølka er trygg.

det er ingen krav til mjølkemengda, men det må vere ein viss kontinuitet i doneringa.

– Vi ønskjer at barnet skal få mjølk frå den same kvinna. Vi køyrer heller ikkje ut for å hente berre nokre skvettar.

For små, sarte magar er morsmjølk den suverent beste styrkedrikken – sjølv når han

ikkje kjem frå mor sjølv.

MELKEBANKEN I STAVANGER• Oppretta i 1998

• 60–65 givarar i året

• Behandlar om lag 1000 liter morsmjølk i året.

• Alle på intensivavdelinga for nyfødde får tilbod om testa mjølk.

• Barn på barselsavdelinga får også tilbod dersom det er nok mjølk i banken.

VIL DU GI MJØLK?Melkebanken er alltid på jakt etter nye givarar. Ta kontakt på telefon 51 51 85 60 eller 906 46 829.

MJØLKEBANKAR PÅ VESTLANDET• Stavanger universitetssjukehus

• Haukeland universitetssjukehus

• Haugesund sjukehus (kjøper mjølk frå andre sjukehus)

GOD START: Tvillingane Nathalie (til venstre) og Robin blei fødde åtte veker før termin. – At andre mødrer donerer til Melkebanken, gjer at barna mine kan få den beste starten på livet sjølv om eg ikkje kan gi dei mi eiga mjølk, seier mor Cathrine Storhaug.

FuLL TANK: Nokre givarar gir åleine 250 liter mjølk, kvar dose blir nøye testa i mjølkebanken.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 5

Page 6: Helse i vest nr 2 - 2012

STERK HISTORIE: Dei to første somrane Simen Almås (17) deltok på Burn Camp, var han sjenert og usikker på sin eigen kropp. I fjor dansa han på Norske Talenter. I år er musklane og sjølvtilliten endå større.

BuRN CAMP

Page 7: Helse i vest nr 2 - 2012

ARR OG VENNSKAP fOR LIVET

Ingen deltek på Burn Camp for å gløyme. Sommarleiren hjelper barn og unge til å forsone seg med

brannskadane dei skal leve med resten av livet.

FOTO EIVIND SENNESET TEKST SIGuRD S. RØNNINGEN

SOMMAREN ER SNART fORBI. Dei vaksne, kvardagen, resten av verda er ein annan stad. I snart ei veke har 31 barn og unge leika og herja, flørta og gråte, såra kvarandre og lova evig vennskap. Dei har også sett kvarandre sine arr.

Alle deltakarane på sommarleiren Burn Camp er opererte for alvorlege brannskadar. Nokre blei brende i så ung alder at dei ikkje hugsarkorleis det var å vere utan skadane. Andre har traumatiske minne frå sjølve hendinga. Enkelte har berre så vidt overlevd. I ein fase avlivet der utsjånaden er ekstra viktig, og der ein dannar sin eigen identitet, må dei unge brannskadde forsone seg med arra dei skal bereresten av livet.

Sist sommar fekk fotograf Eivind Senneset følgje deltakarane på landets største arrange-ment for brannskadde. Dei fleste som deltek på Burn Camp er opererte ved brannskadeavsnittet på haukeland universitetssjukehus.Avdelinga har den høgste kompetansen i landet, og har sidan oppstarten i 1984 behandla og restituert over 2000 brannskadde personar. Burn Camp er arrangert av Norsk forening for brannskadde.

Bileta har tidlegare stått på trykk i Fagbladet.

Page 8: Helse i vest nr 2 - 2012

HOPPAR I DET: Bading betyr å vere avkledd blant andre menneske, derfor er det ein viktig aktivitet på Burn Camp. Eit år etter at ho overlevde ein eksplosjonsarta teltbrann, deltek Silje Marie Kvien (10) for første gong på Burn Camp – i badedrakt.

SKJEBNEFELLESSKAP: Sommarveka på Burn Camp gir vennskap for livet. Thelma Marie Meling (14 – frå venstre) finn saman med Ida-Marie Eide Steinersen (13), Glenn lauvik fra staben, Emma louise Solsvik Thorsen (12) og Sophie Otilie Rothkappel (14).

8 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

FOTOREPORTASJE BURN CAMP

Page 9: Helse i vest nr 2 - 2012

VETERAN: Hanne Alexandersen (22) blei brannskadd i ung alder. Ho har delteke på Burn Camp sidan oppstarten i 2001. Som medlem av staben til Norsk forening for brannskadde hjelper ho no andre brannskadde å finne tryggleiken og fellesskapet som gjer Burn Camp så viktig.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 9

Page 10: Helse i vest nr 2 - 2012

TEKST FINN OVE NJØSEN FOTO OSKAR ANDERSEN

– Eg ønskte meg heim att så fort som mogleg etter fødselen – og då var det nye barseltilbodet i Lærdal eit veldig godt alternativ, fortel Brita Molde – nybakt mor og førstegongsfødande.

Ei natt på fødeavdelinga ved Voss sjukehus, og vekk var ho: allereie første dagen etter ned-komsten, reiste Brita Molde heim att til Lærdal. takka vere barseltilbodet «god start».

– Eg bur i Lærdal og ville nærare familie og vener. det nye barseltilbodet gav meg tryggleik dei første dagane, etter tre dagar på Lærdal sjukehus reiste eg dei siste metrane heilt heim.

VISER VEG. Konstituert avdelingsleiar sigrid Lysne er storleg nøgd med det nye tilbodet ho er leiar for.

– Her i Lærdal ville vi veldig gjerne ha ei jordmorstyrd fødestove, men når konsekvensut-greiingane til Helse Førde ikkje tilrådde dette så

sette vi oss ned med leiinga og fann fram til ei veldig god svangerskapsomsorg, følgjeteneste og eit nytt barselstilbod. i lag med lokal svanger-skaps- og barselpoliklinikk vil dette tilbodet bli veldig bra for fødande i heile indre sogn, seier Lysne.

Ho legg til at det nye tilbodet venteleg kan fungere som modell for andre lokalsjukehus som ikkje får behalde fødestovene. når fødetilbodet blir lagt ned på nordfjord sjukehus til hausten, er det allereie vedteke å etablere eit «god start»-tilbod etter mal frå Lærdal.

Ein av fordelane ved det nye barseltilbodet for fødande, er at det gir eit par dagar ekstra i fred og ro på lokalsjukehuset. Undervegs får foreldre og barn hjelp og tryggleik ved poliklinikken, som har gynekolog frå Førde sentralsjukehus to dagar kvar andre veke. 24 timar i døgnet heile året rundt er jordmor i vaktberedskap.

KORTREIST ER STORVEGS. Janne skilbrei er gravid med unge nummer to. Ho vil føde på Voss sjukehus, men er like klar på at ho vil ha barselsopphaldet i Lærdal.

– tilbodet er heilt topp. i tillegg gir poliklinikken meg god og trygg oppfølging også i tida fram til eg skal føde, med for eksempel vanleg svangerskapskontroll, fortel skilbrei.

totalt jobbar åtte jordmødrer ved Lærdal sjukehus – to av dei i svangerskapsomsorga i kommunane Årdal og Lærdal, som også er med og finansierer fleire årsverk. avdelingsleiar sigrid Lysne skildrar ein vinn-vinn-situasjon:

– Ved å jobbe slik, kan vi avlaste kommune-jordmødrene blant anna når det er ferieavvikling, og får samtidig eit større og sterkare fagleg miljø.

FØDETILBOD

STOR BEGEISTRING fOR «GOD START»

Eit splitter nytt svangerskaps- og barseltilbod gir nybakte og nyfødde i indre Sogn trygg fødeoppfølging nær eigen bustad.

«God start» dannar allereie mal for andre lokalsjukehus.

10 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

Page 11: Helse i vest nr 2 - 2012

GOD START: Førstegongsfødande Brita Molde er storleg nøgd med det nye fødetilbodet i indre Sogn – det same er venteleg junior.

I TRYGGE HENDER: Jordmor Rine Flatland undersøkjer gravide Janne Skilbrei på poliklinikken ved lærdal sjukehus.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 11

Page 12: Helse i vest nr 2 - 2012

den tøysete apekatten tom tuba. dokketeater med den sterkaste jenta i verda. den vesle larven aldrimett. På barneavdeling 4d ved stavanger universitetssjukehus rungar latteren takka vere dei frodige karakterane som klovn Knut Berntsen tryllar fram. nesten like magisk er måten arrangementet er kome i stand på.

fRIVILLIG OPPMUNTRING. – Utan pengegåver utanfrå hadde vi ikkje hatt råd til klovn, tryllekunstnar og musikkartistar, fortel førskule-lærar Bitten Harestad.

Barneavdelinga ved stavanger universitets-sjukehus er langt frå den einaste avdelinga og det einaste sjukehuset på Vestlandet som takknemleg tek i mot gåver og bidrag som skal lette opphaldet for pasientane. Bedrifter,

organisasjonar, lag, skular, barnehagar og privatpersonar gir mykje over heile landsdelen – i form av hjelpande hender, sosialt selskap, opplevingar og reine pengegåver.

Harestad er på vegner av mange sjukehus og pasientar særs takknemleg for alle dei frivillige bidraga og innsatsen:

– desse supplementa set oss i stand til å gjere endå meir for pasientane våre.

LATTER LETTAR SJUKDOMMEN. når Klovnen Knut underheld, kan barnelatteren høyrast gjennom heile gangen.

– Herleg med slik stemning! i ein alvorleg kvardag gjer det godt å le i blant, seier Harestad.

Forutan Klovnen Knut har barneavde-linga hatt besøk av ein tryllekunstnar, ein

musikkterapeut og fleire musikarar, for å nemne nokre. På grunn av uføreseielege dagar med ein del naudhjelp svingar publikumsoppmøtet litt.

– Men det er jo ikkje talet på barn som betyr noko, og slike arrangement er viktige for kvar og ein av dei som møter opp. desse barna treng ei oppmuntring og eit stemningsskifte i kvardagen, seier Harestad.

MANGE SOM GIR. Barneavdelinga opplever stor velvilje blant folket «der ute». Fleire bedrifter gir pengegåver.

– til jul er det ein del som gir pengar til barneavdelinga i staden for å bruke masse på gåver til dei tilsette, seier Harestad.

DEI fRIVILLIGEFrivillige hender, underhaldning og gåver gjer det mogleg for

sjukehusa å by pasientar i ein alvorleg situasjon på mykje moro. Møt Klovnen Knut og apekatten Tom Tuba!

TEKST LINN HERREDSVELA FOTO MARIE VON KROGH

12 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

FRIVILLIGHEIT

Page 13: Helse i vest nr 2 - 2012

KLOVNEN KNuT: I ein kvardag prega av mykje alvor spreier klovn Knut Berntsen mykje glede på

barneavdelinga. Underhaldninga er gjort mogleg takka vere pengegåver frå privatpersonar og bedrifter.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 13

Page 14: Helse i vest nr 2 - 2012

ORDEN PÅ SAKENE: Heimelaga vaflar, smørbrød, traktekaffi og ein prat med alle som vil – kvar einaste dag. Odd Fellow-medlemmene Randi Pedersen (frå venstre), Bård Høie og Inger Geithus er også rundt på avdelingane med mat og drikke. Ordenen held også konsertar på sjukehuset og driv ei teneste der pasienten sjølv kan velje kva kunstverk som skal hengje på veggane under opphaldet.

KYRKJEVERT: Kvar søndag legg frivillige til rette for gudsteneste på sjukehuset. Torunn Høivik er ein av fire frivillige kyrkjevertar.

også skular, barnehagar og skulefritids-ordningar gir. nylig var ein skule innom med mange 50-øringar. til gjengjeld får elevane besøkje avdelinga og sjå korleis barna har det der. støttelag gir også gåver i form av pengar eller ting.

– Foreldre som sjølve har mista barn på avdelinga, gir gjerne minnegåver eller oppmodar til å gi ein donasjon til avdelinga i staden for å sende dei blomstrar, forklarer Harestad.

gåver kan også komme i form av opplevin-gar. sist veke inviterte ei bedrift barna med på fotballkamp.

– dei fekk sitje i ViP-losjen og sjå Viking spele mot stabæk. det gjer vi om lag ein gong

i halvåret. Viking-spelarane kjem også innom avdelinga ein gong i blant for å helse på pasientane. Fotballen gir oss ofte ein «veg inn» til mange av pasientane, spesielt til gutane. det gjer det lettare å komme innpå dei, seier Harestad.

også enkeltpersonar vil gjerne støtte. Harestad fortel:

– Ein gong kom ein mann innom med ei heimesnikra ferje. Ein annan gong kom det ein med ei eske full av teiknesaker, spel og leiker. Han var ein tidlegare kreftpasient som ønskte å gi noko tilbake til sjukehuset.

– Herleg med slik stemning! I ein alvorleg kvardag gjer det godt

å le i blant.BITTEN HARESTAD, FØRSKuLELæRAR

BOKVENN: Ein dag kvar veke triller frivillige frå Røde Kors ei stappfull boktralle rundt på Stavanger universitetssjukehus. Bodil Watne er blant dei som stiller opp for å gi pasientane høve til å dyrke leselysta. Kvar onsdag blir boktralla bytt ut med ei butikktralle.

14 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

FRIVILLIGHEIT

Page 15: Helse i vest nr 2 - 2012

For frisk til ei sjukehusseng, men for dårleg til å reise heim: Ryggopererte Grethe Harkestad (50) trenar seg opp på ei sjukehusavdeling skreddarsydd for

å svare samhandlingsreforma.

NASJONAL SATSING LOKAL BEhANDLING

TEKST RAGNHILD DÅRFLOT OLSEN FOTO EIVIND SENNESET

– Ut med baken, fram med brystet og så ned!Fysioterapeut Mette Ekerhovd er vennleg,

men bestemt. grethe Harkestad grip tak i treningsbøylane, rettar ryggen, sviktar lett i knea – men kjem ikkje så langt.

– det er vanskeleg å kome ned når eg skal ha heile fotsolen i golvet.

Med ei fast hand på den nyopererte ryggen instruerer og motiverer fysioterapeut Ekerhovd.

– det er bra, dette. du går så langt ned som du klarer. du kjenner sjølv når det er nok.

hJELPER PASIENTEN – AVLASTAR SJUKEhUSETEi veke har gått sidan grethe Harkestad blei operert for innsnevring av ryggmergskanalen på Kysthospitalet i Hagevik i Hordaland. alt to dagar etter blei ho utskriven – men ikkje for å reise heim: neste stopp på vegen

var intermediær avdeling på straume i Fjell kommune utanfor Bergen.

– Her prøver vi å leggje til rette for at overgangen til heimen skal bli mjukast mogleg, seier fysioterapeut Ekerhovd.

– Vi skal også sørgje for at eventuelle hjelpemiddel er på plass i heimen før pasienten reiser herifrå.

intermediær behandling skjer på eit lågare nivå enn sjukehuset, men høgare enn vanleg

PÅ VEG HEIM: To dagar etter ryggoperasjonen blei Grethe Harkestad sendt ut av sjukehuset – men berre nesten heim. Opptreninga skjer i heimkommunen, slik intensjonen er med samhandlingsreforma.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 15

SAMHANDLINGSREFORMA

Page 16: Helse i vest nr 2 - 2012

sjukeheimsplass. avdelinga på straume blei oppretta i 2010, som eit samhandlingsprosjekt mellom Haukeland universitetssjukehus, Fjell kommune og tre andre nabokommunar. avdelinga fungerer som siste del av sjukehusopphaldet og avlastar sjølve sjukehuset. På straume skal pasientane bli sjølvstendige og trygge før dei reiser heim. alt saman heilt i tråd med samhandlingsreforma.

TEK TRAPPA. grethe Harkestad bur på ei lita øy i Fjell kommune. Frå parkeringsplassen til huset hennar er det ti minutt å gå, dels i ulendt terreng. Heime har ho trapper både ute og inne.

– i snitt er pasientane hos oss i ei veke. grethe får bli nokre dagar ekstra på grunn av busituasjonen sin, fortel Ekerhovd.

– Eg har ikkje mann og ingen barn, eg bur åleine langt ute i skogen og må gjere alt sjølv, ler grethe.

sjølv om ho føler seg ovanpå no, vedgår ho at det var litt skummelt å reise frå Kysthospitalet etter berre to dagar.

– det var som å bli sleppt fri på ein måte. Men eg kan ikkje skryte nok av tilbodet her. du er meir sjølvstendig og har meir privatliv enn på sjukehuset, med eige rom og eige bad. samtidig blir du teken vare på.

Ho trenar saman med fysioterapeut to gonger om dagen. spesielt glad er grethe for å måtte ta trappa.

– det å gå i trapper har eg hatt eit betent forhold til. Men no ser eg at det går bra, at eg meistrar det. då kan eg slappe av.

OPPfØLGING OG RO. intermediær avdeling disponerer seks senger for pasientar frå Haukeland universitetssjukehus. Kvar morgon er det tverrfagleg møte om og med kvar pasient for å finne fram til kva som er best for den enkelte.

– Vi jobbar målretta for at pasientane skal kome seg heim igjen trygt og tilrettelagt, som vi kallar det, seier avdelingslege tobias nieber. treng dei meir pleie heime etterpå, ordnar vi det også.

Kysthospitalet høyrer til ortopedisk avdeling på Haukeland. avdelingsdirektør Lars oddvar arnestad er svært nøgd med samarbeidet.

– Vi ønskjer same type tilbod frå andre kommunar og bydelar, understrekar han.

– Med eit slikt tilbod i heimkommunen får pasientane oppfølging og ro nær heimstaden og kan ha familien rundt seg – med same fokus på tryggleik og kvalitet som vi har på sjukehuset.

hEIM MED RyGGEN RAK. Høgreiste grethe Harkestad ser både frisk og flott ut der ho kjem gåande i treningsbukse og t-skjorte. Men det ytre skal stemme med det indre. Etter mange år med smerter i ryggen og føtene ønskjer ikkje grethe tilbakefall. sjølv om operasjonen har vore vellykka og opptreninga så langt har gått over all forventning – ho må føle seg trygg. trygg på at ingenting ryk igjen, at ho ikkje har smerter, at ho kjem seg til og frå huset, at trappa ikkje blir eit uoverkommeleg hinder, at ho kan takle kvardagen heilt på eiga hand.

– Eg er ikkje smertefri enno, men dette kan ikkje samanliknast med korleis eg var før, smiler ho.

– no gler eg meg til å kome heim.

- Det å gå i trapper har eg hatt eit betent forhold til. Men no ser eg

at det går bra, at eg meistrar det.GRETHE HARKESTAD

SAMhANDLINGSREfORMA• har slagordet «Rett behandling – på

rett stad – til rett tid»

• starta 1. januar 2012 og skal innførast gradvis

• skal gi betre samarbeid mellom alle ledda i helsetenesta

• gjer at fleire oppgåver blir overførte til kommunane

• skal involvere pasientane meir i behandlingsforløpet

• er ei auka satsing på førebygging og tidleg innsats

1 MILLION MENNESKESOKNAR TIl DEI 10 SJUKEHUSA SOM HøYRER TIl HElSE VEST.

HEIME BEST: – Opptreninga har gått over all forventning, seierGrethe Harkestad. Ekstra tryggleik får ho av å trene nesten på heimebane.

16 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

Page 17: Helse i vest nr 2 - 2012

FJELL I FøRARSETET– EIN fØREGANGSKOMMUNE PÅ SAMhANDLING!

anne sissel Faugstad, viseadministrerande direktør i Helse Bergen, peikar på Fjell kommune når ho skal vise gevinsten av samhandlingsreforma.

– Fjell kommune er tidleg ute og har vore konstruktive og framtidsretta. saman med kommunane sund, Øygarden og askøy har dei utvikla ei rekkje samhandlingstilbod.

Forutan intermediær avdeling nemner Faugstad dialysesatellitten som Haukeland universitetssjukehus har drive i Fjell sidan hausten 2010. Pasientar som tidlegare måtte

reise til sjukehuset fleire dagar i veka, får no tilsvarande behandling lokalt.

– Eit tilbod som ikkje ville vore mogleg utan tilrettelegging frå Fjell kommune, påpeikar Faugstad.

då Øyane distriktspsykiatriske senter opna i Fjell i 2011, stod kommunen som utbyggjar. Helse Bergen har ein leigekontrakt på 30 år, og senteret er ein del av Haukeland universitetssjukehus.

saman med Haukeland planlegg dei fire kommunane også ei palliativ avdeling på askøy,

der pasientar i siste fase av livet vil kunne få lindrande behandling. i tillegg samarbeider kommunane og sjukehuset om eit frisklivs- og meistringssenter som skal etablerast i løpet av hausten.

i mai i år var Fjell og sund først i vest med å ta i bruk strakshjelpsenger, også desse etablerte i lag med Haukeland universitetssjukehus. Målet er at alle kommunar i landet skal ha eit tilsvarande tilbod innan 2016.

TRAPPAR OPP: Helsetilbodet i Fjell kommune, her representert ved intermediær avdeling der ryggopererte Grethe Harkestad trenar seg opp, har dei siste åra blitt kraftig utvikla i samarbeid mellom nabokommunar og Haukeland universitetssjukehus.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 17

SAMHANDLINGSREFORMA

Page 18: Helse i vest nr 2 - 2012

SJOKKET: Sviande røyk. lammande sirener. Iskaldt skum. Eit helikopter frå Nordsjøen har styrta på Sola flyplass med eit førtitals personar om bord. Slik er øvingsscenarioet når beredskapsalarmen går. Brannmannskap frå Sola flyplass når først fram til ulykkesstaden – og dynkar sjokkerte markørar (statistar som spelar skadd ungdom) i kaldt, kaldt skum. Heldig er den som kan rusle småskadd vekk.

18 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

BEREDSKAPSØVING

Page 19: Helse i vest nr 2 - 2012

A–L–A–R–M!

FOTO EIVIND SENNESET TEKST SIGuRD S. RØNNINGEN

Når helsepersonell øver seg på den verkelege katastrofen, i samspel med andre naudetatar, kjennest katastrofen nesten verkeleg.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 19

Page 20: Helse i vest nr 2 - 2012

LAGSPEL: Ved akuttmottaket på Stavanger universitetssjukehus tek fleire traumeteam imot pasientane. Spisskompetanse frå eit titals fagfelt inngår i traumelagoppstillinga: Kirurg, anestesilege, anestesisjukepleiar, operasjonssjukepleiar, akuttsjukepleiar, ortoped, bioingeniør, radiograf, røntgenlege og portør.

FØRE VAR: Beredskapsplanane for Helse Vest og sjukehusa på Vestlandet krev regelmessige øvingar på alle plan i organisasjonen. Målet er å gjere ansvars- og rollefordelinga tydeleg og kjend i organisasjonen, og å styrkje samordninga med andre naudetatar. På Sola flyplass håpar ein at neste katastrofe først vil skje om to år – i form av ei ny storstilt beredskapsøving.

KAOSPILOTAR: I handteringa av ein katastrofe med omfang som beredskapsøvinga på Sola, er éin jobb tøffare enn alle andre. Ein såkalla triagerande kirurg blir sendt til åstaden for å prioritere kva pasientar som skal sendast til ulike sjukehus og med kva transportmiddel – for å unngå at kapasiteten ved det næraste sjukehuset blir sprengd. I ekstreme situasjonar kan oppgåva vere å velje mellom kven av dei skadde som får sjansen til å overleve, og kven som døyr.

20 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

BEREDSKAPSØVING

Page 21: Helse i vest nr 2 - 2012

fAKTA: BEREDSKAP• Beredskap er tiltak for å førebyggje,

avgrense eller handtere kriser og uønskte hendingar.

• I Helse Vest skal kriser handterast på lågast mogleg nivå i helseføretaka – av same personell som har ansvar i ein normalsituasjon.

• Planane blir med jamne mellomrom oppdatert med erfaringar frå verkelege beredskapssituasjonar, og det blir halde realistiske øvingar.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 21

Page 22: Helse i vest nr 2 - 2012

anna skulle berre opp eit nattleg ærend. rullatoren stod ved senga, ho var viss på at dette skulle ho fint greie.

– når du vaknar om natta, hugsar du ikkje alltid at eg er her og kan hjelpe deg, seier Magnus til kona si.

– Eg vakna av at du ropte om hjelp, og stod opp for å sjå kva som var på ferde. då hadde du falle ved enden av senga. Eg skulle prøve å hjelpe deg opp igjen, men då small det i ryggen, og beinet forsvann under meg.

fEKK SAME SKADE. anna og Magnus er midt i målgruppa til fallteamet ved Haugesund sjukehus. alle eldre pasientar skal vurderast for å sjå om dei har auka risiko for å falle på sjukehuset eller heime. dei som oppfyller visse krav, får besøk av sjukepleiar, fysioterapeut eller geriatar.

– Fallet kjentest ikkje godt ut, minnest anna.

det smilande ekteparet ser ikkje ut som om dei nett har blitt innlagde på sjukehus. Magnus er solbrun og frisk, anna passar på at håret ligg rett med ein liten kam. Begge to blir behandla for brest i ryggen. skjebnen ville ha det til at dei fekk den same skaden.

– anna har heldigvis tryggleiksalarm, så heimetenesta var raskt på plass og fekk oss til legevakta, fortel Magnus.

GODE RÅD. sjukepleiar nina anette Hauge i fallteamet fortel at ho har snakka med anne og Magnus om ei rekkje ting som kan gjere det lettare for dei å halde seg på beina.

– Vi har fått denne flotte brosjyren av nina, seier Magnus.

- Her er det masse eg kjenner meg igjen i, og mange nyttige råd, for eksempel om medisinar. Vi tek jo begge ei handfull kvar dag, og det er ikkje godt å vite kva plagar som kjem av alderdommen, og kva som kjem som følgje av medisinane.

– derfor er det så bra å få ei utgreiing her på geriatrisk avdeling, seier nina.

Etter behandling og utgreiing skal anna og Magnus reise heim igjen. dei får litt oftare besøk av heimetenesta til å begynne med, men så skal dei klare seg sjølve. Kva tenkjer dei om framtida?

– Ja, korleis i all verda skal dette gå? spøkjer anna:

– no er vi 87 og 84 år gamle, og det blir berre meir og meir trøbbel med oss.

– Med litt hjelp og rettleiing skal nok dette gå bra, meiner Magnus.

Første gong var for over 60 år sidan. Då det skjedde igjen i vår, var det eit fall av ein heilt annan, og uheldig, karakter.

TEKST STINA STEINGILDRA FOTO EIRIK DANKEL

fALL fOR KVARANDRE

22 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

PASIENTSKADER

Page 23: Helse i vest nr 2 - 2012

STÅR STØTT: Ei dobbel fallulykke sendte ekteparet Anna (84) og Magnus (87) til Haugesund sjukehus med brest i ryggen. På heimvegen får dei med seg gode råd og praktisk informasjon for lettare å halde seg på beina.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 23

Page 24: Helse i vest nr 2 - 2012

– om lag halvparten av alle eldre som fell, får skader som gjer at dei må på sjukehus, seier annika Ekstam Kragh.

geriataren er leiar for fallteamet ved Haugesund sjukehus. dei kartlegg pasientar som er lagde inn på grunn av skadar etter fall, og gir råd om korleis dei kan unngå å falle igjen.

– dei fleste har behov for konkrete tiltak som justering av medisinar eller ernæringstilskot, men mange manglar rett og slett informasjon om kva som gjer dei utsette for fall.

ALVORLEGE SKADAR. Beinbrot og bløding er ofte årsak til innlegging på sjukehus etter fall. den mest alvorlege fallskaden er hoftebrot.– Ved brot i hofta er det alltid nødvendig med operasjon. det fører i seg sjølv til risiko for infeksjon eller trykkskadar. Etter operasjonen kan pasienten ha problem med bevegelsen i opptil eit halvt år, og nokre får aldri tilbake same funksjonsevna som dei hadde før brotet.

overlegen si klare oppfordring er derfor å ta risikoen for fall på alvor og gjere det ein kan for å førebyggje.

– ofte skal det berre enkle endringar til, og kvar og ein må finne dei løysingane som er rette for seg.

Eit par nye sokkar kan faktisk vere heile skilnaden.

UTAN MAT OG DRIKKE... Har du kjent at hovudet susar når du reiser deg fort frå sofaen eller senga? då veit du kva blodtrykksfall er. i så fall kan gode støttestrømper avverje eit ublidt møte med golvet. andre tiltak kan vere vanskelegare å få til, men er like viktige. Ein del eldre nedprioriterer kosthaldet. det kan gi alvorlege konsekvensar.

– når ein er åleine, freistar det ikkje alltid å lage eit skikkeleg måltid. Men god og næringsrik kost er viktig for å halde blodsukkeret stabilt, bevare muskelmasse og styrkje skjelettet. Vi blir raskt svakare dersom vi ikkje et riktig, seier Ekstam Kragh.

ENGSTAR PÅ SEG AUKA RISIKO. Fordi problemstillingane som er knytte til fall, er så samansette, jobbar fallteamet tverrfagleg. Ein klinisk ernæringsfysiolog kan gi gode råd om

kosten, legen kan tipse om medisinar, mens ein fysioterapeut er til god hjelp for dei som har nedsett bevegelse. Fallteamet på sjukehuset kjem i kontakt med pasientane når skaden alt er skjedd. annika Ekstam Kragh håper at dei eldre og dei pårørande kan bli flinkare til å setje i verk tiltak før ulykka er ute. Eit fall kan nemleg få enorme konsekvensar for livskvaliteten lenge etter at den fysiske skaden er lækt.

– Frykta for å falle kan føre til at ein engstar seg for mykje eller går glipp av verdifulle sosiale samankomstar. i verste fall er ein så redd for å falle at ein vel å bevege seg mindre – ja, kanskje ikkje gå ut i det heile. i så fall blir ein raskt svakare og får dårleg kondisjon – noko som igjen aukar risikoen for fall.

– TA RISIKOEN PÅ ALVOR!

Fall kan føre med seg alvorlege skadar og permanent svekking av livskvaliteten sjølv etter at skaden er lækt. Ver føre var!

Om lag halvparten av alle eldre som fell, får skadar som gjer at dei

må på sjukehus

ANNIKA EKSTAM KRAGH

VAKSENOPPLæRING: Ekteparet Anna og Magnus har levd i 171 år til saman, men kan som mange eldre ha stor nytte av å lære praktiske førehaldsreglar for å unngå nye fall.

24 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

SAMHANDLINGSREFORMA

Page 25: Helse i vest nr 2 - 2012

3

4

4

fINN fEM fEIL1. Flytt telefonen slik at du kan nå han frå senga – og gøym leidningen

2. Set inn ein stol i dusjen, så slepp du å stå

3. Fjern ting du kan snuble i frå golvet

4. Bytt ut glatte sokkar med tøflar med friksjonssåle

5. Sørg for gode lyskjelder i områda der du oppheld deg mest

• Byt brilleglas dersom dei er bifokale/progressive.

• Bruk støttestrømper for å unngå svingingar i blodtrykket.

• Et gode, næringsrike måltid med jamne mellomrom. Ernæringstilskot kan vere aktuelt.

• Mosjon og fysisk aktivitet gjer deg sterkare og betrar balansen. Ein gåtur med stavar gir god trim med støtte.

• Fastlegen kan vurdere om medisinar du tek, gir auka risiko for å falle. Dosen kan justerast, eller medisinar kan skiftast ut.

Fallteamet i Helse Fonna har laga ein brosjyre som tek for seg risikomoment og tiltak for å redusere risikoen for fall. Brosjyren kan lastast ned frå www.helse-fonna.no.

1

2

5

5

TA GREP – UNNGÅ fALLSKADAR

Du held deg mykje lettare på føtene etter ei enkel ommøblering og nokre nye rutinar for deg sjølv.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 25

Page 26: Helse i vest nr 2 - 2012

«Mamma, eg greier ikkje lenger å bruke all energien på å klare å sitje i ro i klasserommet. det gir meg ingenting.»

reidun Eggesbø gløymer aldri dagen då dotter hennar – den gong framleis barneskule-elev – fortalde den brutale sanninga heime. i dag er femtenåringen ei av stadig fleire norske barn og unge som ikkje møter opp i klasserom-met dagleg.

VARSLA UTDROPPING. – Eg skjønte fort at vi måtte ta tak i det raskt, så før overgangen til

Når barn fell ut av skulen, er konsekvensane for helsa deira som for vaksne som fell ut av arbeidslivet.

TEKST CAMILLA CRONE LEINEBØ FOTO EIVIND SENNESET

NÅR SKULEVEGEN BLIR fOR LANG

TIPS NÅR BARNET DITT IKKJE VIL GÅ PÅ SKULEN1. Ta barnet på alvor dersom det gir uttrykk for at det ikkje ønskjer å gå på skulen.

2. Set av tid til å snakke med barnet om desse utsegnene.

3. Ha fokus på meistring og positive opplevingar ved leggjetid og rundt frukostbordet.

4. Hugs: Kjefting fører ikkje noko godt med seg!

5. Begge foreldra må gi tydeleg uttrykk for at barnet skal gå på skulen.

6. Etabler ein god døgnrytme og faste rutinar morgon og kveld.

7. Samarbeid tett med skulen.

8. Undersøk med læraren om forhold ved skulen kan vere årsak til skulevegringa.

9. Ver open for at det kan vere mange årsaker til at barnet vegrar seg mot å gå på skulen.

10. Søk informasjon om skulevegring.

ungdomsskulen bad vi om ein samtale med dei nye lærarane. Vi ville gjere dei merksame på at no kjem det ei jente dykk må følgje ekstra opp. Vi visste at ho stod i fare for å droppe ut, seier reidun.

fØRST I NOREG. sidan har foreldra prøvd det meste for å hjelpe dottera, som har lærevanskar. – Vi har køyrt ho til skulen, følgt ho inn og hatt avtale med lærarane om å få beskjed kvar gong ho ikkje var til stades. Vi har hjelpt til med lekser i fleire timar kvar dag og forsøkt å motivere ved

å halde fast på at om du berre jobbar hardt nok, så går det bra, forklarar dei.

dottera har svart med meir skulking og påpeikt at «sånne som meg treng noko anna enn rein teori på skulen».

– Eg har mykje på hjartet om korleis skuletilbodet i noreg kan bli tilpassa dei som ikkje er typisk skuleflinke, men som har store ressursar på andre viktige område. Men det er ei anna historie, smiler faren, tim Francombe.

Halvtanna år etter at dottera starta i åttande klasse, fekk ho og foreldra tilbod om å delta i eit prøveprosjekt ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU) på Haukeland universitets-sjukehus i Bergen.

– Hovudmålet vårt med prosjektet er at barn og unge skal få hjelp raskare. derfor har vi laga ei behandlingspakke som kommunane skal ta i bruk. når ungdommane kjem til oss i spesialisthelsetenesta, har dei som oftast alt vore heime frå skulen lenge, seier prosjektleiarane Kari Fasting og guri Holgersen frå PBU.

– Jo lengre tid det går før du får hjelp, jo lengre tid tek det å bli betre.

i fjor fekk dei samhandlingsmidlar frå Helse Vest til å lage eit unikt dobbelttilbod tilpassa både ungdommane og foreldra. Behandlinga tek sikte på å hjelpe både barnet og foreldra samtidig.

26 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

SKuLEVEGRING

Page 27: Helse i vest nr 2 - 2012

– Vi ser at skulevegring er eit problem som ikkje berre slit på skuleeleven, men på heile familien. så langt vi kjenner til, finst det ikkje liknande tilbod andre stader i noreg, men tilbakemeldingane er alt så positive at vi trur dette kan bli brukt fleire stader, seier prosjektleiarane.

IKKJE ÅLEINE. For første gong på fleire år føler foreldra reidun Eggesbø og tim Francombe at dottera – og dermed dei sjølve – er på rett veg.

– som forelder føler du deg mislykka når du ikkje ein gong klarer å få det kjæraste du har, til å gå på skulen, og du får kjensla av å vere heilt åleine om problema, seier tim.

– For første gong møter vi andre foreldre i same situasjon. det gjer godt, seier reidun.

dei to opplevde at det var godt å snakke med andre som forstår kva dei går gjennom, i tillegg til å møte fagleg dyktige menneske å støtte seg til. gjennom gruppeterapi utvekslar foreldra erfaringar og gir kvarandre råd og tips om korleis dei kan handtere ulike utfordringar.

– Å møte andre foreldre i same situasjonen har fått oss til å sjå utfordringane våre i eit anna perspektiv, seier reidun og tim samstemt.

GIR IKKJE OPP. For dotter deira har skulen aldri vore ein arena for meistring. Men reidun og tim er styrkte i trua.

– Behandlingstilbodet på Haukeland har vore eit steg i riktig retning for både oss og dottera vår. noko av det viktigaste vi har erfart, er at vi ikkje kan gi opp, seier foreldreparet bestemt:

– Vi stiller jo krav til jenta vår om at ho ikkje skal miste håpet om å klare å fullføre grunn skulen, då kan ikkje vi stoppe opp sjølve heller.

AUKA SJølVKJENSlE = AUKA SKUlEDElTAKING

– Våre erfaringar viser at skulevegring over lang tid er nært knytt saman med emosjonelle vanskar som angst og depresjon. Det er ikkje uvanleg å føle seg sosialt isolert og stigmatisert. Vi som tek imot ungdommane, jobbar ikkje berre for å få dei tilbake til skulen. Vi ønskjer å gi dei auka sjølvkjensle, slik at dei kan endre tankane dei har om seg sjølve, hovudsakleg korleis dei kan få det betre med seg sjølve. Auka sjølvkjensle kan føre til auka deltaking på skulen, seier Kari Fasting og Guri Holgersen.

– Eit førebyggjande perspektiv er alfa omega i dette arbeidet. Vi vil nå dei unge før det låser seg heilt fast, slik det har gjort for dei fleste som får hjelp frå oss.

TØFT: Reidun Eggesbø og Tim Francombe har tidvis følt seg aleine i verda. – Å møte andre foreldre som har barn med skulevegring har vore til god hjelp for oss.

TOMROMMET: - Sånne som meg treng noko anna enn rein teori på skulen, var svaret frå den 15 år gamle jenta når foreldra freistar å motivere henne til å gå på skulen. Nå får familien råd av fagfolk og andre i same situasjon gjennom eit nystarta tilbod ved Haukeland universitetssjukehus.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 27

Page 28: Helse i vest nr 2 - 2012

MØTER fRyKTA – BLIR fRISKE

Å ha ei tvangsliding er som å sitje i rullestol fordi du trur du ikkje kan gå. Ny behandling gjer dei fleste friske av

mentale sperrer og fysiske repetisjonar.

TEKST ANNE CHRISTINE OLSEN FOTO SILJE KATRINE ROBINSON

ENDELEG FRI: Først då Oddvard Bendiksen og Cecilie Meyer Jakobsen våga å møte frykta si, blei dei kvitt tvangstankane og dei utmattande repetisjonane. No blir det nye behandlingstilbodet etablert ved helseføretak over heile landet.

28 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

TVANGSLIDING

Page 29: Helse i vest nr 2 - 2012

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 29

Page 30: Helse i vest nr 2 - 2012

Er alle lamper verkeleg skrudde av? sjekka han komfyren? og kva med vassrøyret under utslagsvasken – kjem det til å springe lekk idet han lukkar døra bak seg? Full av angst og tvil og ribba for sjølvtillit snur oddvard Bendiksen (41) seg for å gå sjekkerunden. Endå ein gong.

TVUNGEN AV TANKANE. – Folk som har tvangstankar og tvangshandlingar, er overtydde om at dei må gjere det dei gjer, for å unngå at noko heilt forferdeleg skal skje, forklarer professor og psykologspesialist gerd Kvale, som leier Haukeland universitetssjukehus si nye satsing på tvangslidingar.

For dei som er hardast råka, er mesteparten av tida prega av tvungne tankar og handlingar.

– dei som har det slik, veit at det dei tenkjer og gjer er «dumt», men dei klarer ikkje la vere.

oddvard Bendiksen kjenner seg så altfor godt igjen i skildringa. sjekketvangen var berre ein del av tvangslidinga, som byrja å utvikle seg då han var 14 år.

– På den tida var aids ein ny sjukdom, og det var mykje skriving i avisene. Eg blei livredd, og gjekk aldri på offentlege toalett i tilfelle smitte. om eg tenkte på aids, måtte eg nøytra-lisere det ved å tenkje på det motsette, som for eksempel å vere frisk, fortel han.

gradvis blei repertoaret med farlege ord utvida. Etter kvart kunne også bestemte fargar og einskilde tal gi fæle assosiasjonar som måtte ufarleggjerast gjennom bestemte tankerekkjer.

TVANGSLIDING• Kjenneteikna ved at ein blir plaga av

ubehagelege tankar som ein ikkje blir kvitt.

• Når tvangstankane kjem, gjer ein bestemte tvangshandlingar for å dempe ubehag og for å hindre at det skal skje noko katastrofalt. For eksempel overdriven vasking, sjekking eller mentale ritual for å nøytralisere dei ubehagelige tankane.

• Pasienten veit sjølv at tankane er urealistiske, og at handlingane er unødvendige eller overdrivne, men utfører dei likevel.

• I normalbefolkninga er det vanleg å oppleve sporadiske tvangstankar, men

for dei som er ramma av ei tvangsliding, opptek handlingane meir enn ein time kvar dag.

• Haukeland universitetssjukehus tilbyr no behandling mot tvangslidingar, såkalla Obsessive Compulsive Disorder (OCD), ved øyane DPS. Eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP) heiter behandlinga, der 60–80 prosent av pasientane etter berre kort tid blir friske. Eit tilsvarande behandlingstilbod skal bli etablert ved helseføretak over heile landet innan 2014.

– om eg tenkte på desse «magiske» orda, fargane eller tala, var eg redd det skulle skje noko forferdeleg med dei eg er glad i. tvangshandlingane blei min måte å dempe angsten for at noko fælt skulle skje.

Etter som åra gjekk, utvikla oddvard også tvang rundt det å kontrollere at alt var i orden før han gjekk ut av eit rom.

– til slutt følte eg det som eg sat på ei aude øy, forklarer han.

– Problemet var at eg ikkje torde å komme meg vekk derifrå.

BLIR NASJONALT BEhANDLINGSTILBOD. det første vendepunkt kom for fire år sidan. då fortalde oddvard for første gong omverda korleis han hadde det, og erkjente at han trong hjelp. Han fekk behandling, men det hjelpte ikkje. det andre vendepunktet kom i vår, då han fekk tilbod om behandling mot tvangsliding på Øyane dPs. dette distriktpsykiatriske senteret ligg i Fjell kommune i Hordaland, og er ein del av Psykiatrisk divisjon ved Haukeland universitets-sjukehus. i dag er Bendiksen kvitt lidinga – etter 27 år. redninga blei såkalla eksponeringsterapi med responsprevensjon (ErP). Ei behandling av tvangslidingar der 60–80 prosent av pasientane blir friske. inga anna behandling kan vise til ein liknande suksessrate.

– Mange pasientar som har vore til anna behandling utan effekt, får ei fantastisk endring i løpet av kort tid når dei kjem til oss, seier behandlande psykolog Bjarne Hansen ved Haukeland.

Han er prosjektleiar for ei nasjonal satsing som inneber at tilsvarande behandlingstilbod som i Bergen skal bli etablert ved alle helseføre-taka i landet innan 2014.

Kjernen i behandlinga er at pasientane trenar på å oppsøkje det dei fryktar aller mest. som ein del av behandlinga får dei ikkje utføre tvangshandlingar i møte med det dei er redde for.

SØK hJELP! – det første eg måtte trene på, var å sløkkje stearinlys i fleire rom og forlate romma utan å sjekke at lysa var sløkte, samtidig som eg skulle tenkje på alt det fæle som kunne skje når eg ikkje hadde fått sjekka at alle lysa hadde slokna. Eg blei veldig stressa og engsteleg, men klarte å gjennomføre det. Etterpå var eg like sliten som etter ei hard treningsøkt, seier oddvard.

NYE TAKTAR: - Til slutt følte eg det som eg sat på ei aude øy, seier musikar Oddvard Bendiksen om tvangstankane han bar på gjennom tre tiår: - Problemet var at eg ikkje torde å komme meg vekk derifrå.

30 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

TVANGSLIDING

Page 31: Helse i vest nr 2 - 2012

– TøFT, MEN VERD DET.det er tobarnsmora Cecilie Meyer Jakobsen (27) frå Åsane som seier dette. sidan ungdomsskulen har ho hatt problem med tvangstankar. Verkeleg ille blei det då ho gjekk gravid med yngstemann, som no er fire år.

– Eg fekk angst for at babyen i magen skulle døy, eg var redd eg hadde ete noko som kunne skade han, fortel ho.

dette blei starten på fleire år med tvang knytt til vasking, sjekking og lesing.

– nesten uansett kva eg tok i, fekk eg trong til å vaske hendene fordi eg var redd for å smitte dei andre i familien, som kunne bli sjuke og døy.

småbarnsmora utvikla også angst for rått kjøtt på grunn av frykt for bakteriar,

og heldt seg borte frå matlaging i fleire år. angsten har vore plagsam for barna og sambuaren også, som har blitt kraftig hemma ved å måtte ta omsyn til tvangen. no har kvardagen endra seg dramatisk.

– Frå å ha ein slitsam kvardag med angst gjennom heile dagen, har eg no ro inni meg og tek mykje lettare på alt som skjer, vedgår Cecilie, som ikkje er i tvil om kva ho no set mest pris på:

– tida saman med ungane, og at eg ikkje lenger hemmar dei gjennom angsten.

alt andre dagen fekk han trua på at dette var behandling som verka. Etter tre veker kjende han seg frisk.

– då byrja eg å få lyst til å gjere ting. Eg tenkte ikkje lenger at det var umogleg eller vanskeleg. det var ei æve sidan sist eg hadde kjend det slik.

Etter to månader og 16 behandlingar er oddvard blitt heilt frisk. Han er ikkje lenger styrt av angst, men tek val som er baserte på fornuft.

– no lèt eg tankane flyte fritt og unngår ikkje situasjonar. Eg tør å gjere ting eg ikkje er trygg på, og om eg ikkje får det til, er ikkje det så nøye. det er kjekt å kjenne at eg kan glede meg over det som er her og no.

til andre som slit med det same, er oppfor-dringa frå oddvard klar:

– søk hjelp, ikkje gi opp! sjølv følte eg meg nesten litt snytt – her har eg gått og bala med dette i over 25 år, og så blir eg frisk etter berre to månader med behandling.

TILBAKE TIL NORMALEN: Under sitt andre svangerskap utvikla tobarnsmora Cecilie Meyer Jakobsen angst for babyen si helse. Så følgde år med tvang knytt til vasking og omgåing av potensielle smittekjelder. Takka vere behandling er ho i dag frisk.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 31

Page 32: Helse i vest nr 2 - 2012

NESTE STOPP EIT RUSfRITT LIV

32 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

RuSBEHANDLING

Page 33: Helse i vest nr 2 - 2012

– Her blir eg ikkje sett på som ein pasient, men som eit menneske. det gjer noko med sjølvbiletet. denne gongen skal eg klare det, det er draumen min.

Vi møter ei positiv, open og smilande jente i den nye rusposten til Helse Førde på nordfjordeid. snart skal Jannike ha pasientrom-met sitt her i staden for ved sengeposten på nordfjord psykiatrisenter.

MISTA KONTROLLEN. rusproblema til Jannike starta allereie då ho var 13 år gammal. det var ingenting som tydde på at ho var ei av dei som skulle hamne utanfor, ho skilde seg ikkje ut på nokon måte. Men den første gongen ho prøvde alkohol, likte ho så altfor godt smaken. i tenåra blei ho ein tung misbrukar, og allereie som 21-åring måtte ho ha si første rusbehandling.

– Eg har gjort mykje dumt, skuffa svært mange. når eg rusar meg, klarer eg ikkje stoppe;

eg mistar kontrollen. derfor må eg berre ut av dette helvetet. Målet er å leve heilt utan alkohol og andre narkotiske stoff.

i 2005 var Jannike var på god veg. då fekk ho hjelp på ein institusjon i Bergen og var rusfri i fleire år.

– Eg fullførde vidaregåande, fekk meg jobb i ein barnehage. det var så fint på den tida, og sjølv om det skar seg igjen, så gav denne perioden meg motivasjon. Eg veit at livet som rusfri er det beste for meg, eg skal komme dit igjen, seier ho.

KAMP KVAR fOR SEG. Etter nedturen i Bergen gjekk turen etter kvart vidare til Eid. rundt juletider i fjor toppa det seg, og Jannike møtte for første gong det tverrfaglege spesialiserte rusbehandlingstilbodet (Lar) på sjukehuset.

GOD hJELP LOKALT. Jannike hadde ingen forventingar til kva hjelp ho kunne få på nordfjordeid. det einaste ho frykta, var at dei ville avslutte behandlinga for tidleg. det har ikkje skjedd.

– Her bruker dei tid på meg, noko som gjer at eg får sosialisert meg i eit litt anna miljø enn på dei større rusbehandlingsstadene. der er ofte klientellet mykje hardare, og folk snakkar mykje om kva dei går glipp av. slik blir ein berre sjukare, samtidig som heile gruppa blir stigmatisert. Her blir eg meir sett som eit enkeltmenneske, seier ho.

Jannike er likevel klar på at ho vil vekk frå Eid når behandlinga er avslutta.

– det er for lite her, og vegen tilbake til miljøet i bygda vil vere for kort. nei, no vil eg ta tilbake livet mitt og starte heilt på nytt.

I over ti år har Jannike (33) prøvd å bli rusfri. Ny behandling på Nordfjordeid gjer ho meir positiv enn på lenge.

TEKST ARNE EITHuN FOTO KRISTIN RØDVEN EIDE

LYS I TuNNELLEN: Den nyoppretta rusposten på Nordfjordeid bidreg til å gje Jannike (33) trua. – Her blir eg sett på som eit menneske.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 33

Page 34: Helse i vest nr 2 - 2012

Mange pasientar er klare over at eit sunt kosthald og kroppsvekt innanfor normalen gjer kroppen betre i stand til å tole påkjenningar ved sjukdom og operasjon. Men visste du at også totalavhald frå tobakk og alkohol før ein operasjon både minkar risikoen for komplikasjonar og gir finare arr?

Små mengder – store utslag. – Dersom du i snitt drikk meir enn to alkoholeiningar dagleg, viser forsking at du er i risikosona, seier overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin ved Haukeland universitetssjukehus.

– Derfor tilrår vi alle som skal opererast, å la vere å drikke alkohol i minst fire veker før innlegging.

Danske studiar viser at totalavhald frå alkohol i denne perioden kan halvere risikoen for komplikasjonar ved enkelte typar operasjonar.

Kutt røyken. Forsking har også vist at røykjarar er meir utsette for komplikasjonar.

– Du kan halvere risikoen dersom du stumpar røyken minst fire veker før operasjon og helst like lenge etter. Den auka risikoen forsvinn heilt

dersom du klarer å slutte å røykje seks til åtte veker før operasjonen, seier Skjøtskift.

lykkast du med røykekuttet, kan finare arr bli ein bonus. Det kjem mellom anna av at røyking reduserer oksygen- og næringsstoffmengda til såret, noko som kan føre til at såret gror både dårlegare og styggare.

Dobbel skade. Undersøkinga Helsedøgnet 2009 kartla livsstilen til over 1500 sjukehuspasientar i Bergen og Stavanger. Resultata viste at meir enn halvparten av pasientane hadde to eller fleire av risikofaktorane stor alkoholbruk, røyking, for lite fysisk aktiv, risiko for underernæring og overvekt. Desse faktorane kan forverre både sjukdom og behandlingsresultat – og utgjer altså ei form for dobbel helserisiko. Kartlegginga viste også at seks prosent av dei kvinnelege sjukehuspasientane og 11 prosent av mennene som blei lagde inn, drakk så mykje at det gav auka risiko for helseproblem.

På www.rushjelp.no finn du eit gratis sjølvhjelpsprogram for å redusere alkoholbruken.

KORK FLASKA, STuMP RØYKEN – AUK SJANSANE FOR EIN VEllUKKA OPERASJONRedusert risiko for komplikasjonar. Finare arr. Sår som gror raskare. Her er tipsa til korleis du sjølv gjer resultatet av operasjonen din best mogleg.

TEKST: RAGNHILD DÅRFLOT OLSEN

BLÅMÅNDAG? Éi eining alkohol inneheld om lag 12 gram rein alkohol. Det utgjer ei lita flaske øl, eit lite

glas vin eller ein dobbel drink.

MINDRE ALKOhOL – STOR hELSEGEVINST Reduserer du inntaket av alkohol, gir du deg sjølv:

• mindre risiko for skade

• mindre risiko for høgt blodtrykk

• mindre risiko for kreft

• mindre risiko for leversjukdom

• mindre risiko for hjerneskade

• mindre risiko for ulykke og lovbrot

• lågare kroppsvekt

• betre søvn

• betre hugs

• betre fysisk form

• meir energi og overskot

• betre humør

• betre forhold til andre

• betre råd… og i tillegg unngår du fyllesjuke

Co

lou

rbo

x

lIVSSTIlSKURS FOR OVERVEKTIGE– Endeleg har vi eit etterlengta tilbod til ei pasientgruppe som aukar, seier spesialsjukepleiar Sara-Rebekka Linde.

Tidlegare i år opna den første poliklinikken for overvektige på Vestlandet ved Haukeland universitetssjukehus.

Her deltek pasientane på livsstilskurs med fysioterapeutar, psykologar, ernæringsfysiologar, legar og sjukepleiarar.  Det tverrfaglege behandlingsopplegget er nødvendig fordi mange overvektige ofte har fleire tilleggsdiagnosar, mellom anna diabetes, hjarte- og/eller lungesjukdommar, belastningsproblem eller leddskadar. Psykiske problem er heller ikkje uvanleg. Pasientane kan bli tilviste til poliklinikken frå fastlege eller frå andre sjukehusavdelingar.

NY LIVSSTIL – NYTT LIV: Spesialsjukepleiar Sara-Rebekka Færø Linde held livsstilskurs for pasientane på Poliklinikk for overvektige. Foto: øyvind Blom

34 Helse i vest • Nr. 2 / 2012

LIVSSTIL

Page 35: Helse i vest nr 2 - 2012

telefonsamtalen ovanfor gjeld ikkje ein kaffi mellom to venninner. Pasientar ved Karmøy distriktspsykiatriske senter (dPs) kan sjølve avtale innlegging når dei treng det, utan å gå via fastlege eller akuttmottak. gro Hovland er av dei som har stor nytte av det nye tilbodet.

BASERT PÅ TILLIT. tilbodet om brukarstyrt innlegging starta opp ved Karmøy dPs i oktober i fjor. Éi seng er reservert brukarar som har vore innlagde tidlegare, og som kjenner seg så trygge på tilbodet og personalet at dei har inngått ein skriftleg avtale om «psykiatrisk sjølvbetening».

– tillit mellom oss og brukarane er grunnleggjande for eit slikt tilbod, forklarer funksjonsleiar aina Budal ved Karmøy dPs.

- Vi må ha tillit til at brukarane sjølve klarer å nytte seg av tilbodet, og brukarane må ha tillit til at dei faktisk har ein plass å komme til. For nokre har det vore for godt til å vere sant at dei sjølve og utan diskusjon kan leggje seg inn. dei har brukt tid på å venje seg til tanken.

TILPASSA PASIENTEN. Brukarstyrt innlegging er eit døme på at helsetenesta i større grad søkjer å tilpasse tilbodet til pasientane sine behov. gro seier ho har sett ei veldig utvikling sidan ho første gong søkte hjelp i psykiatrien for 16 år sidan.

– Hei, Aina, eg skulle gjerne komme innom ein tur om det passar…?– Hei Gro, det går fint!

PSyKIATRISK SJØLVBETENING

BRUKARSTyRT INNLEGGING• Behandling basert på at brukaren sjølv

legg seg inn ved behov.

• Tilbod ved Karmøy DPS og Jæren DPS.

• Målet er at brukaren skal komme forverringsperiodar i forkjøpet og få betre kontroll over sjukdommen sin.

• Evaluering viser at tilbodet utløyser ei rekkje positive effektar.

TEKST STINA STEINGILDRA FOTO EIRIK DANKEL

– alt har vore til det betre. no er det ingen som tek avgjerder over hovudet på deg. Eg blir alltid spurd om kva eg sjølv meiner.

MEISTRAR EIGEN DIAGNOSE. Under opphaldet definerer brukaren sjølv målet med innlegginga. omfattande behandling er det ikkje lagt opp til. Brukarane får tilbod om samtale med lege eller behandlar, men for nokre er det nok å vite at dei har ei trygg hamn når dei kjenner at ein dårleg periode er på veg.

– Kva mål brukaren set seg, varierer veldig. nokre treng hjelp til å få orden på søvnen eller til å bli meir sosialt aktiv, andre treng berre ro og kvile, seier funksjonsleiar aina Budal.

STERKE RESULTAT. gjennom sjølv å bestemme når ein har behov for innlegging, skal brukarane få betre kontroll med eigen diagnose. Forskingsresultat frå same tilbod ved Jæren dPs viser at innleggingstida for pasientgruppa minka med ein tredel, mens den samla tida for tvangsinnlegging blei nær halvert.

i den same studien gir brukarane, pårørande og kommunehelsetenesta alle positive tilbake-meldingar på lågterskeltilbodet.

når Karmøy dPs seinare i haust skal evaluere oppstarten, reknar funksjonsleiar Budal med å få

vite at pasientar har unngått forverringar ved å få raskare innlegging – og at dei er meir nøgde.

– dette er i alle fall ei perfekt ordning for meg, meiner gro. når eg ringjer, stiller dei ingen spørsmål. så sant det er ledig plass, får eg komme.

– det hender jo at det er litt ventetid? skyt aina Budal inn.

– det må ein berre rekne med, seier gro. det er vel andre enn meg som treng hjelp også.

HJELP TIL SJøLVHJELP: Når Gro Hovland (i midten) kjenner at ho treng hjelp til å handtere kvardagen, er ein telefon til Aina Budal (til venstre) og xx ved Karmøy distriktspsykiatriske senter alt som skal til for å få ei seng og fagleg omsorg. – Ei perfekt ordning for meg, seier pasienten.

Nr. 2 / 2012 • Helse i vest 35

PSYKIATRISK SJØLVBETENING

Page 36: Helse i vest nr 2 - 2012

Returadresse:Helse Vest RHF Postboks 303 Forus 4066 Stavanger B

Informasjon

Sjukehusa er avhengige av di reaksjonsevne for å redde liv etter

hjerneslag. Ved minste mistanke – ring 113!

Å VERE ELLER IKKJE VERE

TEKST SIGuRD S. RØNNINGEN FOTO MARIE VON KROGH

– Vi reddar mange liv etter hjerneslag, men kan redde så mange fleire. alt avhenger av at den slagramma kjem raskt nok til behandling, seier seksjonsoverlege Martin Kurz ved stavanger universitetssjukehus.

Med 5500 dødsfall kvart år er hjerneslag den tredje vanlegaste dødsårsaka i noreg. i tillegg blir mange overlevande invalidiserte.

– den kritiske faktoren er tida som går frå ein person får slag til den medisinske behandlinga blir sett i gang. sjølv nokre få minutt kan utgjere stor skilnad for pasienten si framtidige funksjonsevne, seier Kurz.

i fjor uttalde statsminister Jens stoltenberg at «heile noreg kan lære av stavanger». Universitetssjukehuset i byen er blant dei aller

beste på å få slagpasientar raskt inn til effektiv behandling med trombolyse (oppløysing av blodpropp ved hjelp av medisinar). Bak resultata ligg ei målretta satsing på å drille heile behand-lingskjeda i effektiv handtering. i sommar følgde Helse Vest opp med ein ny plan for å sikre best mogleg praksis frå slaget er oppdaga til ferdig behandling ved alle sjukehus på Vestlandet. Martin Kurz er oppteken av at hjerneslag ikkje er nokon «gammalmannssjukdom»:

– Hjerneslag kan ramme folk i alle aldrar, derfor gjer alle lurt i å lære seg huskeregelen F-a-s-t for å kjenne igjen symptoma ved hjerneslag.

og ved minste mistanke: – ring 113 med ein gong!

(S)LAGSPELAR: Seksjonsoverlege Martin Kurz er avhengig av di hjelp

for å nå målet om å få kvar tredje slagpasient inn til livreddande

trombolysebehandling.

F

A

S

T

Fjes – lamming i ansiktet, smiler skeivt

Arm – lamming i ein arm, kan ikkje halde armen høgt

Språk – språkforstyrring, finn ikkje riktig ord

Tale – taleforstyrring, utydeleg tale

FAST=RASKT!Ved eitt eller fleire FAST-symptomer, kontakt 113!

Følg sjukehusa på Facebook og Twitter.

DET STORE HJERNESLAGET