qfilm 2014 magasin

16
17.-21. november 2014

Upload: firda-vgs

Post on 06-Apr-2016

215 views

Category:

Documents


0 download

DESCRIPTION

Program om omtalar av arrangementet Qfilm 2014, 17. - 21. november

TRANSCRIPT

Page 1: Qfilm 2014 magasin

17.-21. november 2014

Page 2: Qfilm 2014 magasin

Reisa byrjar her...

Page 3: Qfilm 2014 magasin

Leiar

Styret

Kickoff og fagdag

Program

Filmomtale

Qpris

INNHALDs.4

s.5

s.6

s.8

s.10

s.15

Festivalpass100kr

Page 4: Qfilm 2014 magasin

BLI MED JORDA RUNDT MED QFILM!Denne veka vil vi vise deg varierte filmar med sterke historier frå ulike hjørne av verda. Vi vil gje deg eit innblikk i ulike kulturar og du vil få sjå spanande filmar du kanskje ikkje had-de sett elles. Den 17. november går Qfilm av stabelen for 13. gong. Vi på medielina på Firda vgs er stolte av å kunne arrangere nok ein filmfestival for ungdom i Sogn og Fjordane. Filmfestiva-len er den største og eldste filmfestivalen i fylket, og har gjennom mange år vekt filminteresse blant ungdom.

Vi startar festivalveka med kickoff i aulaen på Firda vgs. Her får du sjå alle filmane som er nominerte til publikums- prisen, i tillegg til god underhaldning. Det blir også quiz og forfriskingar under-vegs i programmet.

I midten av veka inviterer vi til spesialki-no. Ta med deg nokre lettskremde vener til å gjømme deg bak, for i år skal det vis-ast skrekkfilm på Frislidlada i Jølet. Vilo-var deg ei skrekkeleg god kinooppleving som du seint vil gløyme!

Qpris blir på torsdagen arrangert for tiande gong. Dette er ein gallakveld der vi delar ut prisar i ulike kategoriar. Der blir raud løpar, kulturinnslag i form av musikk, dans og ei pause der vi serverar fingermat. Så ta på deg finstasen og gjer deg klar for ein minneverdig kveld.

Vi avsluttar filmfestivalen med fag-dag. Her vil profilerte personar innanfor filmmiljøet halde spanande foredrag, så vi anbefalar deg å bli med på ein

Leiar

underhaldande og lærerik dag. Det har vore utruleg kjekt å arrangere

Qfilm for 13. gong. Det har vore ein lærerik prosess med mange lange dagar og mykje kreativitet.

Det er ein ære å få vere festivalsjef for denne flotte filmfestivalen som er så vik-tig for filminteressa til ungdommen i fylket, der unge filmskaparar får vise seg fram. Eg vil takke skulen og medielina for å ha fått sjansen til å arrangere nok ein filmfestival. Velkomen til ei utruleg reise!

Asmund Eikena seo

Page 5: Qfilm 2014 magasin

Styret

NESTLEIAROline Nave

QPRISHege Kandal

QPRISInger Nesbakk

FILMMariann Gytri

FILMØrjan Storøy

ØKONOMIFride Mardal

GRAFISK Tilde Garmager

PR/SPONSORAmalie Mundal

SPESIALKINOMargunn Brendehaug

SPESIALKINOÅshild Nordstrand

KICKOFFEmilie Colliander

KICKOFFEmmy af Geijerstam

5

Page 6: Qfilm 2014 magasin

DATO: MANDAG 17.11TID: 17.00STAD: AULAEN

DATO: FREDAG 21.11TID: 10.00-13.00STAD: KULTURSALEN

Vi inviterer til ei heidundrande filmveke der vi byrjar det heile med kickoff. Ta med deg nære og kjære og delta på denne innhaldsrike kvelden.

Kvelden blir leia av Simon Dahlby og Fredrik Fjellestad, og unge musikarar er med på å skape god stemning. Quiz står også på programmet, der du og dine vener får teste dykk i ulike kategoriar og kan vinne flotte premiar. Det vil også bli servert både mat og drikke. Vi vil vise filmar som er nominerte til publikums- prisen, og her vil du få sjansen til å gje di stemme til den filmen du synast er best. Vi vil også vise trailerar for filmar vi elles skal vise i løpet av veka.

Vi håpar at dette blir ein knallstart på ei fantastisk veke med gode og varierte fil-mar. Ta turen i aulaen denne flotte haust-dagen!

Er du interessert i å lære meir om film og filmskaping? Fredag er det fagdag i Kul-tursalen i Trivselshagen, der ein får inn-blikk i korleis det er å arbeide med film av profilerte personar i bransjen.

I år kjem den prisvinnande regissøren Hisham Zaman, som blant anna har regissert filmane Før Snøen Faller og Brev til kongen, og skodespelar Stig Frode Henriksen, som har spelt i Kill Buljo og Død snø.

Foredraga byrjar klokka 10.00 med Hisham Zaman. Stig Frode Henriksen byrjar sitt foredrag 11.50. Ein vil få mog-legheit til å stille spørsmål og slå av ein prat med foredragshaldarane om ein øn-skjer det.

Hisham Zaman vil også delta på Qpris-utdelinga torsdag kveld, og skal introdusere filmen Før snøen Faller, som blir vist etter utdelinga.

Fagdagen er gratis og open for alle.

KICKOFF FAGDAG

Page 7: Qfilm 2014 magasin

Tailormade protectionELASTNORS ®

EideSandtak

By Strukturplast AS

Advokatane

M.N.A.LOTHE, MARDAL & GJENGEDAL

Page 8: Qfilm 2014 magasin

PROGRAM

Mandag17.00 Kickoff

19.00 De kjempende

21.30 Chef

17.00 The Good Lie

19.30 ‘71

22.00 Spesialkino: Sinister

Tirsdag

18.00 - 20.00 SolidaritetsvisningFør snøen faller

Page 9: Qfilm 2014 magasin

Onsdag

18.00 - 20.00 SolidaritetsvisningFør snøen faller

Torsdag

19.00 Qpris

21.00 Før snøen faller

10.00 - 13.00 Fagdag

14.15 Raketten

Fredag

9

Page 10: Qfilm 2014 magasin

DE KJEMPENDE Land: Frankrike Sjanger: Drama Aldersgrense: 11 år

De kjempende er ein dramakomedie om korleis det er å vere ung i ei verd med usikker framtid. Ein litt usikker Arnaud melder seg inn i ei sjølvforsvarsgruppe og møter den beinharde og agressive Madeleine. Dei to vervar seg for ein sumarskule for ungdom i forsvaret. Då den ikkje lev opp til forventningane stikk dei to til skogs for å teste ut sine ovelevingsevner.

CHEF Land: USA Sjanger: Komedie Aldersgrense: Tillat for alle

Meisterkokken Carl Casper må føye seg etter sjefen sin ordre på restauranten han jobbar i. Etter krangel med ein matkritikar, renn begeret over, og han må få seg ny jobb. Ekskona Inez ønskjer at han skal setje av meir tid til sonen, Percy. Saman med ein god kollega, tar Carl med seg sonen på ein gourmetfylt roadtrip gjennom USA for å finne seg sjølv.

Page 11: Qfilm 2014 magasin

THE GOOD LIE Land: Sudan/USA Sjanger: Drama Aldersgrense: 13 år

Basert på ekte hendingar. Eit hjartevarmande drama om ”The Lost Boys of Sudan”– unge flyktningar frå den sudanske borgarkrigen. Ein landsby vert storma av soldatar, og i all hast tek Theo med seg hans fire yngre søsken og søskenbarn. Dei legg ut på ei lang og krevjande reise til ein flyktningleir i Kenya, og vidare til USA. Der møter dei Carrie, som skal hjelpe dei med å finne arbeid.

’71 Land: Nord-Irland Sjanger: Drama/krig Aldersgrense: 15 år

Ein ung og desorientert britisk soldat blir etter eit opprør i Belfast’s gater forlaten av resten av rekrut-tane under den irske borgarkrigen. Ute av stand til å skilje ven frå fiende, og stadig meir skeptisk til eigne kompisar, må rekrutten overleve natta aleine og finne vegen til sikkerhet gjennom det framande og døyde-lege landskapet. Dette er ein gripande og faktabasert actionthriller.

11

Page 12: Qfilm 2014 magasin

TAGG BILETA DINE FRÅ FESTIVALVEKA MED

#qfilmglede

SINISTER Land: USA Sjanger: Skrekk/thriller Aldersgrense: 15 år

På jakt etter inspirasjon, tar krimforfattaren Ellison med seg familien og flyttar inn i eit nytt hus. Det resten av familien ikkje veit, er at det har skjedd fleire grusome drap på eigendommen. Under innflyttinga oppdagar han ei kasse med gamle videoopptak som viser dei forferdelege hendingane. Medan han grev seg dju-pare inn i saka, dreg han heile familien med seg inn i eit mareritt utan like.

FØR SNØEN FALLER Land: Irak/Kurdistan Sjanger: Drama Aldersgrense: 11 år

Ei utradisjonell forteljing om familie, kjærleik, verdigheit og ære. Siyar er eldstemann i familien, og når systera rømmer frå sitt eige bryllaup, får han ansvar for å finne ho og gjenopprette familiens si ære. Jakta på systera blir ein farleg reise frå aust til vest. I Istanbul møter Siyar den unge jenta Evin. Ho vel å reise ilag med han, uvitande om planane hans.

RAKETTEN Land: Laos Sjanger: Eventyr/familiefilm Aldersgrense: 11 år

Ei hjartevarm og spektakulær forteljing om å overleve i eit utbomba land som går gjennom store forandring-ar. Eventyrfilmspråket og det gnistrande skodespelet, ikkje minst frå barna, har gjort Raketten til ein prislønt festivalfavoritt verda over. Ein film som passar for både born og vaksne.

Page 13: Qfilm 2014 magasin

TAGG BILETA DINE FRÅ FESTIVALVEKA MED

#qfilmglede

FØLG OSS PÅ INSTAGRAM @QFILMFESTIVAL

13

Page 14: Qfilm 2014 magasin
Page 15: Qfilm 2014 magasin

I år fyller Qpris 10 år! Gjer deg klar for glitter, glam, kjole og dress. Dette er krona på verket etter ei flott veke med mykje film og moro.

På programmet blir det visning av dei beste innsendte filmane, god musikk frå lokale talent, dans, mat, drikke, storslått gallastem-ning – og alt er gratis! Ta på deg finstasen og møt opp for å gå den raude løparen i Trivselshagen, samtidig som du kan bli tatt bilete av kveldens fotograf.

I løpet av kvelden blir det delt ut spesiallaga prisar til dei beste fil-mane. Med eit spesielt fokus på at festivalen skal vere av og

for ungdom, har vi vald loka-le elevar frå TIP-lina på Eid Vidaregåande skule til å lage prisane. Om du er heldig får nettopp du med deg ein heim denne kvelden.

Vinnaren av publikumsprisen blir kåra på nrk.no og vinn ein premie sponsa av NRK. Vi i Qfilm syntest det er flott å få vere staden der unge og spirande ungdommar med interesse for film, får vist det dei kan.

Vi gler oss til å denne kvelden der vi skal heidre alle unge filmskapa-rar med ei storslått feiring!

DATO: TORSDAG 20.11TID: 19:00STAD: KULTURSALENQPRIS

ÅRETS KATEGORIAR

Beste fiksjon

Beste dokumentar

Beste etterarbeid

Juniorprisen

Juryprisen

Publikumprisen

15

Page 16: Qfilm 2014 magasin

Takk til