ungdom nr 03 2015

28
UNG DOM MEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 3/2015 - 99. ÅRGANG Levande lokalkultur Sommarleiren 2015 Nordlek Kulturalliansen Amatørteatertiltak Treng du pøse?

Upload: noregs-ungdomslag

Post on 23-Jul-2016

223 views

Category:

Documents


4 download

DESCRIPTION

Ungdom er medlemsbladet til Noregs Ungdomslag.

TRANSCRIPT

Page 1: Ungdom nr 03 2015

UNGDOMMEDLEMSBLAD FOR NOREGS UNGDOMSLAG - 3/2015 - 99. ÅRGANG

Levande lokalkultur

Sommarleiren 2015 • Nordlek • Kulturalliansen • Amatørteatertiltak • Treng du pøse?

Page 2: Ungdom nr 03 2015

Denne hausten har naturleg nok handla om valkamp, lovnader og valflesk. Eg håpar de har gjort ein god jobb mot

lokalpolitikarane, og påminna dei om kor viktige ungdomslaga og ungdomshusa er for det lokale kultur- og organisasjonslivet. Det er ein tendens at dei gløymer slikt når dei er i posisjon, og det meste handlar om eldreomsorg og skuletilbod.

Og skulen har vore eit heitt tema i valkampen. Heildagsskule blant anna. Venstresida underbygger argumentasjonen med meir sosial utjamning, betre læring og sikrare leksehjelp. Men korleis påverker heildags-skule ungane si fritid, og kva betyr dette for det breie organisasjonslivet som samfunnet er tufta på?

Fritid er det knapt med, og den er verdfull både for ungar og vaksne. Ettermiddagar og kveldar blir for mange familiar brukt til køyring og aktivitetar. Ungane har det travelt og organisasjonane prøver å få dei med på meir. I debatten om heildagsskulen er det lite snakk om korleis frivillige organisasjonar kan involverast, og bidra i tilbodet.

Søndagsopne butikkar er ei anna sak. Eit ideologisk seminar på høgrefløyen fører til at søndagsope aukar valfridomen og gjer kvardagen, eller i dette tilfellet heilagdagen enklare for folk. Men dette også er utfor-drande for det me har knapt av, nemleg fritid.

Norges Idrettsforbund leverte i sommar eit høyringssvar i saka om endring av hei-lagdagslova, som i praksis opnar for søndags-opne butikkar. Dei er kritisk til forslaget frå regjeringa, og meiner dette utfordrar frivillig arbeid generelt og idretten spesielt. Idretts-aktivitetar er i stor grad innretta mot at ein dag i veka er annleis og meir tilgjengeleg enn dei andre. Men dette gjeld ungdomslaga også. Mange øver, legg framsyningar eller større arrangement til søndagar.

”Frivilligheit er bærebjelken i samfunnet”, sitat kulturministeren. Ho må på bana for å sikre rammevilkåra til frivilligheita. Og då snakkar me ikkje berre om dei økonomiske rammevilkåra, men også forutsetningane for å drive frivillig arbeid, nemleg at det er tid og rom for utøving av aktiviteten.

Redaktør: Guro RedalenAnsvarleg redaktør: Eli UlvestadOpplag: 6000Bladbunad, trykk og annonsebyrå:Flisa Trykkeri ASFramsidefoto: Sommarleiren 2015. Foto: Sindre Vaskinn Hunn

Postadresse og besøksadresse: Øvre Slottsgate 2B, 0157 OsloTelefon: 24 14 11 10Mail: [email protected]

Generalsekretær: Eli Ulvestad Tlf.: 24 14 11 12, [email protected]ådgjevar: Guro RedalenTlf. : 24 14 11 14, [email protected]ådgjevar: Halldis FolkedalTlf.: 24 14 11 15, [email protected]ådgjevar: Åshild Mjelde Nordås Tlf.: 24 14 11 13, [email protected]:Alf Steinar Nekstad, Tlf.: 24 14 11 [email protected]

Kontonummer: 8101 07 00027Organisasjonsnummer: 939 550 550

www.ungdomslag.nofacebook.com/noregsungdomslaginstagram.com/ungdomslag

Stoffrist neste Ungdom3. november

Endre KleivelandLeiar i Noregs Ungdomslag

Tap av fritid

2 UNGDOM 03/2015

Page 3: Ungdom nr 03 2015

Som ei vidareføring av Kulturalliansen sine planar om å vidareføre ulike amatørteater- tiltak på vegne av feltet (sjå eiga sak i Ungdom, om løyvingar til dette arbeidet), ønskte vi også å løfte blikket mot ei nyor-ganisering på feltet – der vi ser breiare enn berre amatørteater.

Før sommaren sendte Kulturalliansen difor ein søknad til Kulturdepartementet om midlar til å kartlegge og utgreie behovet for ein felles nasjonal møteplass for dei frivillige kulturorganisasjonane. Det har i mange år vore eit sakn at kulturorganisasjonane ikkje har ei slik felles overbygging, på same måten som ulike idrettsorganisasjonar har gjennom organiseringa i Norges Idrettsforbund. Situasjonen for Norsk teaterråd, der organi-sasjonen dei siste månadene har mista både legitimitet og oppslutning, forsterka dette saknet.

Kulturminister Thorild Widvey inviterte dei fem organisasjonane på eit møte i slutten av august, der ho med pressa til stade kunn- gjorde at Kulturalliansen har fått 1 millionkroner til dette arbeidet. - Organisasjonane viser evne til sam- handling og dialog på tvers av kunstnarlege interesser, og har eit tydeleg ønske om det beste for heile feltet. Dermed er Kultural-liansen ein naturleg og kompetent aktør til

å ta på seg både kartlegging, og eventuell etablering, av ein paraplyorganisasjon, sa kulturministeren då ho offentleggjorde nyhenda.

Målet til Kulturalliansen er at vi i 2016 kan ha lagt grunnlaget for etablering av ein para-plyorganisasjon for kulturfrivilligheita, som arbeider for å styrke det lokale kulturlivet.

Gjennom løyvinga frå departementet er Kulturalliansen sikra ressursar til å koordi-nere ein god prosess, og til å gjennomføre ei konkret kartlegging og utgreiing om behovet for ein paraplyorganisasjon på kulturfeltet. I tillegg til å sjå korleis paraplyorganisasjonar for andre interesseområde er organisert i Noreg, ønskjer vi også å hauste erfaringar frå dei andre nordiske landa som har etab-lert liknande samarbeidskonstellasjonar på kulturfeltet.

KulturalliansenFÅR 1 MILLION TIL UTGREIINGSARBEID

Noregs Ungdomslag innleidde i vår eit samarbeid med Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt Norge, Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd, for å kunne søkje om statlege midlar til felles amatørteatertiltak, etter at det var sådd uvisse kring Norsk teaterråd si framtid. Organisasjonane samla seg under namnet Kulturalliansen, og føremålet med samarbeidet har frå starten vore å samlast kring felles kulturpolitiske satsingar.TEKST: ELI ULVESTAD

POLITIKK

Følg gjerne arbeidet på

www.kulturalliansen.no

INNHALD4 Sommarleiren

9 Bunadsutstilling

10 Notisar

12 Nordlek

16 Treng du pøse?

17 Minneord

18 Amatørteatertiltak

20 Strilaringen i Polen

21 På danseføter i

sommarnatta

22 Frå idé til suksess

25 Studieforbundet

28 Ljom i Bergen

03/2015 UNGDOM 3

Page 4: Ungdom nr 03 2015

Nok ein sommar er over, og når haustmørkret no så smått byrjar å senke seg, er det fint å sjå tilbake på kjekke sommaraktivitetar.

TEKST: ÅSHILD MJELDE NORDÅS FOTO: SINDRE VASKINN HUNN

SOMMARLEIREN I2015

Bli med neste år!

I 2016 finn

Sommarleiren

stad 27.juni - 3.juli

i Vest-Agder.

4 UNGDOM 03/2015

Page 5: Ungdom nr 03 2015

SOMMARLEIREN

03/2015 UNGDOM 5

Page 6: Ungdom nr 03 2015

SOMMARLEIREN

Ingeborg Hollekim Bringslid spelar opp til dans på torget i Skien. Kevin André Kuntze Theigmann leia kurset Linedance.

6 UNGDOM 03/2015

Page 7: Ungdom nr 03 2015

SOMMARLEIREN

Laurdagen var det fellestur på Telemarkskanalen.

Frå kurset Capoeira. Det er ein afrobrasiliansk blanding mellom kampsport, leik og dans.

Improkappleiken krev sitt av deltakarane.

Klovnekurs med raud nase, men utan bananskal og for store sko.

03/2015 UNGDOM 7

Page 8: Ungdom nr 03 2015

I år gjekk Sommarleiren av stabelen i Menstad mellom Skien og Porsgrunn i Telemark. Der overnatta ungdomane på flatseng på ungdomsskulen, medan me nytta dei ulike bygga i nærområdet til matservering, aktivitetar og kurs. Lokal arrangør var Norskdoms- laget i Porsgrunn.

Leiren starta på ein solfylt dag med jonsokfeiring og grilling utanfor ungdomshuset, improleikar og til sist konsert med Aleksander Walmann Åsgården.

Deretter gjekk det slag i slag med heile 30 ulike kurs fordelt på tre dagar. Det var mellom anna scenekamp, capoeira, telegangar (sjølvsagt), cupcakebaking, spesialeffektsminke, stepping og diverse improteaterkurs.

Om kveldane var det dansing, nattdebatt og teatersport og ikkje minst avslapping med nye (og gamle) vener.

Laurdag var det utflukt i nærområdet med kanaltur med «Telemar-ken» og litt dansing i Porsgrunn og Skien sentrum.. Om kvelden var det festmiddag med påfølgande dans til levande musikk framført av gruppa Sokkelesten, i tillegg til premieutdeling og avtakking av lokal arrangør og årets sommarleirutval.

Sundag morgon var det tid for avskjedar og heimreise, og me er rimeleg sikre på at det er ein heil del av deltakarane i år som allereie har merka seg datoen for sommarleiren neste år: 27. juni - 3. juli i Vest-Agder. Merk deg datoen du òg, få med deg nokre vener, og sleng deg med! Me lovar sol og «det blide sørland» på sitt beste.

Då står det berre att å takke alle involverte for innsatsen og seie velkomen til Vest-Agder neste sommar!

Om du ynskjer å sjå meir av programmet eller fleire bilete frå leiren i år, kan du gå inn på www.sommarleiren.no

Der vil det òg dukke opp informasjon om neste års leir og høve til å kjøpe billettar og melde seg på. Sommarleiren –

Noregs Ungdomslag finn du òg på Facebook, og om du likar sida, får du oppdateringar om neste års leir fortløpande.

SOMMARLEIREN

God haust ogsjåast neste år!

Leirsjef Eirik Michelsen.

8 UNGDOM 03/2015

Page 9: Ungdom nr 03 2015

BUNAD

Utstillinga står på Valdres folkemuseum og er laga i samband med at NBF tidlegare i haust arrangerte eit nordisk draktseminar med tittelen «Folkedrakt og bunad i fortid og samtid – seremoni, form og bruk». Slike ulike symboluttrykk blir belyst i utstillinga.

FRÅ IKON TIL SYMBOLDer det tidlegare var ikoniske gjenstandar som vart synte fram, er det no dei historiske symbola som har fått plass. Dei er eit synleg teikn for noko som er usynleg, og mange av symbola som har levd i vår folketru har både røter langt attende i tid, og språket er ofte universelt.

Ta til dømes den raude fargen. Det gamalnorske ordet for raudt tyder på sanskrit blod. Raudt har både vore kopla til krig, rikdom og makt (tidlegare var det kostbart å framstille raudfarge), fargen blir lett assosiert med kjærleik og lidenskap – og i mange kulturar, også vår, var brurene tidlegare kledde i raudt. Bar ho i tillegg krone, var ho dronning for ein dag.

Nokre av dei mest kjende og tydelegaste symbola er kanskje skilnaden på gift, ugift og brud eller kvardag, helg og høgste høgtid. Andre gonger kan plagga eller gjenstandane ha ornament og symbol som

formidlar noko meir enn berre å vera ein fryd for auga. Ofte har symbolbruken vore knytt til bruk eller ulike skikkar, som til dømes å bruke sylv for å verne folk, fe og avling.

KUNNSKAPSFORMIDLINGDei fleste av oss har i dag mista kunnskapen om dei eldre symbola. Dei høyrer heime i ei tid då guds- og verdsoppfatninga var

annleis, og då menneska sitt forhold til naturen var sterkare og meir avgjerande for deira daglege eksistens. Ved sida av den raude fargen, er dei historiske symbola som blir forklara i utstillinga hanen, fuglen, kvinna, mannshovudet, fabeldyra, hesten, sirkelen, seksbladsrosa, treet, hjartet, krona og krossen – og korleis symbola har vore brukte på forskjellige gjenstandar; som mangletreet, halm-uroa, bogtrea og kristneteppa.

TREDELT UTSTILLINGUtstillinga er tredelt. Fyrste delen tek for seg ulike symbol som blir brukt i folkekunsten. Andre delen gjer greie for omgrepa folkedrakt og bunad, om folkedraktene si rolle i nasjonsbygginga i siste delen av 1800-talet, bunadshistoria og kva rolle bunadene har i dag. Tredje delen viser ulike folkedrakter slik dei var i bruk. Utstillinga syner ulike seremonielle plagg som handakledet og plagg til sorg og til ei seremoniell handling i samband med dåp og inngangsritualet for kvinna etter fødsel. Eit utval drakter frå Hallingdal det siste hundreåret viser skilnader ut frå sivil status, sykne, helg og høgtid.

Utstillinga vil stå på Valdres folkemuseum på Fagernes til 2017/2018.

Folkedraktene våre er ofte fulle av symbolikk, berre ein finn symbola og kan tolke dei. Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) har laga til ei

ny utstilling som viser noko av dette symbolske mangfaldet.

Folkedrakt og bunad

i fortid og samtid

Utstillinga har og eit par særs små dåpshuver.. I 1687 kom det nemleg ei lov som sa at ungar skulle døypast seinast åtte dagar etter fød-

selen. Det førte til at dåpsluvene frå 1700- og delar av 1800-talet er særs småe, fordi

ungane var nyfødde.

TEKST: NORSK INSTITUTT FOR BUNAD OG FOLKEDRAKT/ VALDRES FOLKEMUSEUM

03/2015 UNGDOM 9

Page 10: Ungdom nr 03 2015

SONGLAGET I BUL OSLO SONG INN SKULESTART

Skulesongboka vart første gongen utgjeven av Mads Berg i 1914. I 1940 kom boka på nynorsk òg. Nynorskutgåva hadde tittelen Skulesongbok: med metodisk rettleiing for opplæring i song, av Mads Berg. Sidan er rundt 1 million bøker selt, og ho har vore sentral i songundervisinga til skulen gjennom eit heilt hundreår.

Songlaget i BUL Oslo markerte skulestart med allsong og improvisasjonar frå perm til perm i skulesongboka. Det var Songlaget sin eigen dirigent, Vegar Sandholt, som kåserte og leia allsongen. Med seg hadde han pianist Ulf Nilsen som trakterte tangentane meisterleg.

MARIANNE FIVELSTAD TILDELT HEIDERSPRIS FRÅ STRANDA KOMMUNEDet var ei lang aktivitetsliste utdelar Karianne Stadheim las frå før ho overrekte frivilligprisen til Marianne Fivelstad. Prisen var eit måleri av kunstnaren Ellen Solbakken og i tillegg ein stor blomebukett.

Den unge vinnaren av heidersprisen starta i barneleikarringen i Hellesylt UL, og seinare har ho halde fram med lagsarbeid i leiande posisjonar i Sunnylven. Mest arbeid har ho lagt ned i Hellesylt Ung-domslag som styreleiar og i HUL-teateret der ho stadig har hatt store og små roller i skodespel.

Også i bevaring av Badehuset på Hellesylt har Marianne Fivelstad vore ein pådrivar, både med å restaurere sjølve huset og få reist det nye ti meter høge stupetårnet. Det stod ferdig i juli 2014.

Marianne Fivelstad

GEOCACHING – EI SPENNANDE SKATTEJAKT FOR HEILE FAMILIEN!

Kva er geocaching? Geocaching er ein slags orienteringsleik der ein bruker GPS i staden for kart og kompass. Ein leitar etter «cacher» eller små turboksar som er plassert ut over store delar av verda. Det finst over 2 millionar turboksar som gjerne består av boksar med ei loggbok og små skattar i. Skattane er byteting, slik at dersom du tar noko, skal du leggje tilbake noko anna. De treng ein mobiltelefon med GPS og tilgang til Internett. Ofte er omtalen av staden informativ slik at ein kan lære litt om det området ein leitar i. Så vidt me veit, så er det to ungdomslag som har registrert skattar: Nordsinni Ungdomslag og Norskdomslaget i Porsgrunn (lagde ut under Sommarleiren 2015). Er det fleire som vil inn på skattekartet, så gi beskjed.

Ein database med oversikt over alle cacher i verda finn de på den offisielle Geocaching-nettsida: www.geocaching.com

Her er ”cachen” som vart lagd ut under Sommarleiren.

Seminar og leikfest påKlækken hotellFolkedanslaget Symra held seminar om norsk folkedans fredag 9. og laurdag 10. oktober. Laurdag kveld vert det leikfest for å feire at Symra er 55 år. Sjå heimesida folkedans.com/symra/ for meir informasjon om programmet og påmelding.

Påmeldingsfrist20.september.

MELDDEGPÅ!

10 UNGDOM 03/2015

Page 11: Ungdom nr 03 2015

Storkurs i Rogaland5. – 7. FEBRUAR 2016BUL Stavanger er teknisk arrangør, og kursa vil gå føre seg i Siddisstova. Kursplanar vil bli annonsert når den er klar.

SÅHALDAVHELGA!

ARNHILD SKRE DISPUTERTE OM HULDA GARBORGHulda Garborgs planar og idear for norsk kultur var moderne, opprørske og så utopiske at det er bortimot uråd for oss å forstå i dag. Det er blant konklusjonane i avhandlinga Hulda Garborg. Nasjonal strateg som historikar og forfattar Arnhild Skre disputerterte på ved Universitetet i Oslo tidlegare i september. Forfattaren, dramati-karen og skribenten Hulda Garborg (1862-1934) er blant dei tidlege ”nynorskingane” som har sett mest varige merke etter seg. I åra rundt 1905 tok ho initiativet til bunadsrørsla, skapte folkeviseleiken og var pioneren bak Det Norske Teatret.

Arnhild Skre gav i 2011 ut ein biografi om bunadsinspiratoren, teatergrunnleggjaren, og målforkjemparen frå Hamar og fekk Brageprisen for boka. Biografien er ein del av avhandlinga der eit av funna er kor nær kosmopolitten Hulda Garborg sto utanlandske avantgardmiljø. Ho såg mykje av det norske kulturlivet som ei bakevje og det kulturnasjonale verket hennar er prega av sentraleuropeiske motkulturimpulsar.

SJU NYE UTANDØRS SOMMARBIBLIOTEK

Tunkatten Lurivar har laga sju nye utebibliotek til born på Søre Sunn-møre og i Nordfjord til sommarferien. Prosjektet er eit samarbeid mellom Ivar Aasen-tunet og sju kommunar i regionen i Friluftsåret 2015. Tunkatten Lurivar har i fleire år hatt eit utandørs barnebiblio-tek på Høgetua, ein liten gåtur opp i skogen frå Aasen-tunet, i det området der Ivar Aasen sjølv leika som gutunge. Dette har vore svært populært, og difor utvida Aasen-tunet tilbodet.

Kommunane Herøy, Sande, Ulstein, Hareid, Volda, Hornindal og Stryn sa ja til eit samarbeid om å setje ut ei postkasse med nye nynorske barnebøker på eit lett tilgjengeleg turmål i kommunen. Du finn bøkene i ei fargerik postkasse som er godt merkt med både potemerket til Lurivar og eige skilt. Bøkene er ei gåve frå Ivar Aasen-tunet og forlaga Skald, Cappelen, Mangschou og Det Norske Samlaget.

Herfinnduutebibliotekaframtil12.oktober:Herøy: Barneboktua, på Herøy gard, turvegen. Ulstein: Barnebok-berget, i Trollskogen ved Osberget. Hareid: Barneboktua, ved Rotarystien. Volda: Barnebokskogen, i Lærarskuleskogen. Sande: Barneboktua, Storehornet/Sandviktua, parkering på Drage-skaret Hornindal: Barneboktua, gapahuken ved Hornindal skule. Stryn: Barnebokplassen, Leikeplassen på Visnes

FRÅ VERSAILLES TIL VALDRES – EI DRAKTHISTORISK REISE

I boka Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise, fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellom- alderen og fram til 1860-talet. Karlberg tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikk-ane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta, eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ei folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls? Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde.

03/2015 UNGDOM 11

Page 12: Ungdom nr 03 2015

I sommar vart det arrangert Nordlek i Viborg og 2300 deltakarar frå nær sagt heile verda var samla til fem dagar med dans, musikk, bunad og vind i Danmark. TEKST: HALLDIS FOLKEDAL

NORDLEK i Viborg

12 UNGDOM 03/2015

Page 13: Ungdom nr 03 2015

NORDLEK

Flott flaggborg frå heile Norgen under Nordlek.

EIT STORT FOKUS PÅ BARN OG UNGENytt av året i Viborg var den store satsinga på barn og unge. Under heile stemnet hadde born sin eigen plass der det var kurs i dans og musikk heile dagen, samstundes som ein også kunne leika, måla banner, eta og springa rundt med ballongar. I tillegg var nok høgdepunktet for mange små skumpolka (polka i badeklede og skum altså) eller at borna med framsyninga ”Nordens børn” fekk vera med på avsluttinga av Nordlek-stemnet. I forkant av stemnet vart det også arrangert Nordisk sommarleir med vel 80 ungdomar frå heile Norden.

GODE NORSKE BIDRAGUtan dei mange frivillige bidragsytarane frå Noreg og dei andre landa så ville Nordlek-stemnet aldri gått rundt. NU vil difor retta ein stor takk til dei personane og laga som stiller opp og tek på seg danseinstruksjon, musikkoppdrag, leiing av songkveld og andre arrangement under Nordlek. Det var alt i alt ein god norsk innsats på stemnet. Benjamin Kehlet og Anders Fongen leverte ein variert norsk konsert og under den norske songkvelden vart det sunge så det ljoma. Av dei vel 300 deltakarane frå Noreg stilte vel halvparten opp på nasjonaloppvisinga og fylte dermed opp heile torget i Viborg under framvisinga. I toget ned til samdansane vart det også sunge Nordmannen og andre klassiske NU-songar.

UTFORDRINGAR VIDARE TIL NESTE STEMNENeste stemne er i Falun, Dalarna i Sverige, i 2018. Som du kan sjå av andre bidragsytarar i bladet så har NU utfordringar både med å rekruttera fleire unge og å rekruttera musikarar til stemnet. Så her er det berre å kvessa tankepennen og køyra debatt!

03/2015 UNGDOM 13

Page 14: Ungdom nr 03 2015

FOLKEDANS TEATER

NORDISKE NU-ungdomar?TEKST: TORBJØRN BERGWITZ LAUEN

19. juli 2015 reiste eg heim frå Viborg og mitt sjette Nordleik-stemne. Her fekk eg høve til å danse danske, finske, svenske, norske, islandske, færøyske og ikkje minst grønlandske dansar i nesten ei heil veke. Eg trefte att gamle vener og vart kjend med nye. Heile 2400 menneske frå den russiske grensa i aust til kalde Grønland i vest kom til Viborg, og om lag 300 av desse var frå Noreg. Av desse igjen var vel seks stykk i alderen 14–26, i tillegg til meg sjølv.

Før Nordleik-stemnet i Steinkjer for tre år sidan vart den første Nordiske Sommarleiren halden med ungdomar frå Noreg, Færøyane, Sverige og Finland. Etter mykje press frå dei

norske representantane i Nordleik-organisa-sjonen vart denne suksessen teken opp att i dagane før stemnet i Viborg. 65 ungdomar frå Danmark, Sverige, Finland, Island, Frankrike og Canada koste seg med kurs i dans, musikk og teater, nett som på sommarleiren som me skipar til her heime kvart år. Frå Noreg kom det éin deltakar. Om ein ser bort frå stemnet på Steinkjer, har det nesten ikkje vore norske ungdomar på Nordleik, men flust med ungdomar frå dei andre landa. Til og med Island sende ein god gjeng med ungdomar!Går ein attende til Finland i 2009, var eg den einaste norske ungdomen som var på stemnet som vanleg deltakar. I tillegg var den norske representanten i Barne- og Ungdomsutskottet

i Nordleik med i tillegg til dei norske ung- domane i Sans for Dans. I 2006 i Sverige var me ni norske ungdomar. Ein må heile tolv år attende i tid for å måtte bruke meir enn to hender for å telje dei norske ungdomane som deltok på eit Nordleik-stemne.

Kvifor det har vore slik, skal eg ikkje spekulere i her, men eg veit at om tre år skal det vere Nordleik og Nordisk Sommarleir i Falun i Sverige. Kanskje ein kan halde den norske sommarleiren i dagane rett før og ha felles-buss vidare til Falun? Kanskje han til og med kan verte halden i Østfold eller på Finnskogen slik at det ikkje vert så langt å reise?

14 UNGDOM 03/2015

Page 15: Ungdom nr 03 2015

NORDLEK

Noreg slit med å få med spelemenn på Nord-lek. Steinkjer var eit unntak! Og løysinga er at NU har med ein spelemann. Og så vonar ein at einskildlag har med nokon som kan hjelpe til!

FolkOrg er ikkje medlem av Nordlekorgani-sasjonen, og det er synd. Norge har utruleg mange spelefolk på hardingfele, fele, torader og trekkspill. NU har dessverre ikkje den same kompetansen innanfor feltet folkemusikk. I dei andre landa er dei fleste av organisa-sjonane for folkemusikk også medlemer i Nordlek. Dersom NU og FolkOrg begge var med i Nordlekorganisasjonen, då ville Noreg framstå på ein heilt annan måte enn i dag. Kvifor er ikkje FolkOrg medlem?

Folkemusikk er eit av dei tre felta som Nord-lek satsar på. Noreg har ein representant i komiteen for folkemusikk. Trur vedkommande har ei uoverkommeleg oppgåve slik situasjo-nen er i dag. Korleis kan vi få til eit større engasjement frå norske spelfolk på Nordlek?

Dalarna har ein sterk folkemusikktradisjon. Å reise til Falun i 2018 bør vere interessant for spelemenn og grupper. Planleggjing? Engasjement? Inkludering i dansen?

Einskildlag bør også arbeide for å ha med spelfolk. Det er alt for få NU-lag som har spelgrupper. Kva skuldast dette?

MUSIKK PÅ NORDLEKTEKST: ERIK HAUGROS, LEIAR SYMRA, LEIAR FOLKEDANSLAGET SYMRA

FAKTA:

NORDRING 2016, FINLAND • Kursogkulturutvekslingfor ungdomarmellom18og29årsom drivmedfolkedansogfolkemusikk vertskipa24.–28.mars2016i SipooiFinland.Takontaktmed NU-kontoretomduharlysttilå reise!([email protected])

BARNLEIK 2017, FÆRØYANE• Folkedansstemne for barn opp til 16 år, 6.–9. juli 2017 i Klaksvík på Færøyane.

NORDISK SOMMARLEIR OG NORDLEIK 2018, SVERIGE• Sommarleirforungdomog folkedansstemneforungdomog vaksne.

03/2015 UNGDOM 15

Page 16: Ungdom nr 03 2015

SPRÅK

Trudde du målsaka er ei ikkje-sak i Noregs Ungdomslag? Då har du ikkje vore i Hyen og sett kva Hyen Ungdomslag gjer for å syne fram den lokale dialekta.

I 2014 ville ein gjeng i Hyen Ungdomslag slå eit slag for dialekta i Hyen. Hyen er ei bygd i Gloppen kommune i Nordfjord, og det er soleis nordfjorddialekt det er snakk om. På årsmøtet sette vi ned Dialekt- og nyska-pingsnemnda med åtte medlemar i alderen 16 til 20 år. Nemnda fekk fylgjande mandat: å skape merksemd kring den vene og fagre dialekta i Hyen gjennom å lage tidsriktig og kult tilfang som kan skape god stemning.

So vart altso gjort. Gjennom dei to føregå-ande sumrane har vi lyfta fram dialektord og fjonge uttrykk frå Hyen og omland. Det har vi gjort med å lage jakkemerke, trykke t-skjorter, kjøpe handlenett og designe bursdagskort. Eller go’ jebusse-kort som det heiter heime i fagre Nordfjord. Orda og uttrykka vart fyrst samla inn på den årlege Romjulsfesten ungdomslaget skipar til, der det vart pauseunderhaldning å skrive ned nordfjordske gloser og ordtøke på lappar som

vart samla inn. Sidan har orda kome både frå aldersheim og skule frå folk som hadde gode ord dei ville vi skulle bruke.

Har so Dialekt- og nyskapingsnemnda luk-kast? Det får andre vurdere, men vi i nemnda ser i alle fall nokre resultat av jobben vi har gjort. T-skjortene, korta og resten av effek-tane selde vi med god inntening på Frilufts-helga, den årlege festivalen i Hyen. Der kunne vi glede oss over å sjå små gnassar og tauser (= gutar og jenter) både frå Hyen og Oslo springe rundt med jakkemerke på skjorta. Og mang ein unge var både ”smiten” og ”smita” (=smilande og blid, gjerne litt utspekulert). Slike glimt er kanskje eit teikn på at vi har fått til noko meir glede og vyrdnad for dialekta i området, og gler oss kanskje endå meir enn kapital i kassa.

TRENG DUPØSE?TEKST: FREDRIK HOPE

NU MEISTERINSTRUKTØRI førre Ungdom skreiv me om NU Meister- instruktør som er eit nytt prosjekt der ein tilbyr eit spesialopplegg for deg som vil gå i lære hjå ein erfaren instruktør/pedagog. Dette prosjektet er støtta av Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, noko som gjorde at målgruppa for prosjektet var unge under 26 år.

Jakkemerke for smitne gnassar og tauser (og andre).

Vi andøgar (= uroar oss) enno på mange gode ord og uttrykk som vi ynskjer å bruke til noko kjekt. Vi har i alle fall ikkje tenkt å gje oss. So om du tykkjer språk er viktig og dialekt er kjekt, har vi i Hyen Ungdomslag ei klår oppmoding: Kjøp ei jakkemerkemaskin, og set i gang produksjonen.

MANGE GODE SØKNADER

- Me fekk inn mange gode søknader, så det var ikkje enkelt å velga ut kven som skulle vera med i prosjektet, seier Håvard Ims. Håvard sit i styret i NU og var ein av dei som var med i utvelgingsprosessen. -Tilslutt landa me på to ulike konsept som fekk støt-te,held han fram. -Det eine konseptet har to meisterelevar, Maria Skjeldrum Toppe og Silja Solvang. Dei får fylgja Vegar Vårdal dette året. I det andre konseptet er Jon Bugge Mariussen meisterelev, med Martin Myhr som instruktør. I prosjektet valde ein difor å spreia midlane ut over fleire meister- elevar og det vert spennande å fylgja dei over ein tidsperiode på eitt år.

Page 17: Ungdom nr 03 2015

ANDERS GJERLAND 1963–2015

Natt til 18. mai skjedde det svært tragiske at Anders Gjerland omkom i ei trafikkulykke. Han var på veg frå 17. mai feiring heime i Sunnfjord, til arbeid att i Bergen. Han vart 52 år.

Anders har gjort ein stor innsats for NU. Han var aktiv på alle plan i organisasjon, i fleire tiår. Han var mellom anna leiar i Sogn og Fjordane Ungdomslag i to periodar, i tillegg til at han var leiar i Noregs Ungdomslag i 1996-1997,

Anders var arkitekten bak Huset i bygda, eit prosjekt som jobbar for synlegare og sterkare organisasjonseigde kul-turbygg i Sogn og Fjordane. Prosjektet er breiare enn berre ungdomshus, det rettar seg mot alle organisasjonseigde hus. Dette vidsynet var typisk for Anders, som på ein imponerande måte klarte å sjå det store bilete, og som aktualiserte vår verksemd og våre ungdomshus.

Huset i bygda hadde appell utover eige fylke og både NU sentralt, byråkratar og fylkespolitikarar fatta interessa for prosjektet. Det vart starta eit prosjekt i Hordaland etter mal frå Sogn og Fjordane, og det vert utvida til fleire fylker etter kvart.

Anders var visjonær. Han trekte dei store linjene i debattar om NU. Han var kunnskapsrik, hadde godt oversyn over historia og var trygg på kva NU stod for, og i kva retning NU burde utvikle seg. Sjølv i ein stor organisasjon som hjå oss, hadde Anders kraft til å påverke og endre retning. Å diskutere med Anders var noko for seg sjølv. Han hadde krav til leiinga, utfordra oss på vedtak og meiningar, men var alltid rettvis og prinsipiell i argumentasjonen. Han var ein meister til å skilje sak og person, noko som gjorde at diskusjonane alltid enda med eit smil.

Anders var snill og omsorgsfull, men også prinsippfast og tydeleg. Dette gjorde møtet med Anders spesielt og interessant. I gravferda til Anders peika presten på noko av det same, og oppsummerte Anders som ein mann av fløyel og stål.

Bodskapen om Anders sitt bortfall var ufatteleg trist. Våre tankar gjekk, og går fortsatt, til pårørande og vener av Anders, hans to born, kjæraste og familie.

På vegne av Noregs Ungdomslag

Endre Kleiveland

MINNEORD

03/2015 UNGDOM 17

Page 18: Ungdom nr 03 2015

Norsk teaterråd har tidlegare motteke driftstilskot frå Kultur- departementet, men på statsbudsjettet for 2015 kunne vi lese at budsjettposten som tidlegare har vore øyremerka teaterrådet, var omdefinert til ”felles amatørteatertiltak” for feltet. Departe- mentet valde å lyse ut desse midlane, slik at aktørar kunne søkje om finansiering til felles amatørteatertiltak, på tvers av organisasjonsgrensene.

NU EIN AV TILSKOTSMOTTAKARANENU og dei fire andre utmeldte organisasjonane hadde tett dialog etter at desse midlane vart lyst ut. Det var viktig for oss at departementet skulle få gode søknader om tilskot til dei utlyste midlane, slik at viktige fellestiltak kunne bli vidareført, og ikkje minst for at budsjettposten skal bli vidareført. Av ulike grunnar valde vi fem organisasjonane å dele oss i to søkjarkonstellasjonar, der vi inkluderte andre, tidlegare eksterne samarbeidspartar.

• Frilynt, Norsk Amatørteaterforbund og NU valde å sende ein felles søknad saman med Studieforbundet kultur og tradisjon og Norsk musikkråd, slik at vi saman kunne sørge for å gjennomføre viktige tiltak. Dei to eksterne samarbeidsorganisasjonane vart invitert inn fordi vi trengde kompetansen desse organisasjonane har på opplæring og støtteforvaltning.

• VT og HATS valde å søkje saman med Buskerud teater og Norsk revyfagleg senter.

• Norsk teaterråd sendte og søknad om midlar.

Rett før sommaren fekk vi melding frå departementet om at dei har avgjort å dele den utlyste potten i to, der HATS m.fl. og NU m.fl. fekk kvar sin halvdel av den samla summen på kr 6,8 millionar kroner. Norsk teaterråd fekk samtidig avslag på sin søknad.

FELLES AMATØRTEATERTILTAKHATS-konstellasjonen har fått midlar for å gjennomføre tiltak for fornying av amatørteaterfeltet ved hjelp av seminar, møtestader, dialog og informasjon.

Vår søkjarkonstellasjon har fått midlar til å gjennomføre ulike fellestiltak for feltet. Konkret handlar dette om ei vidareføring og utvikling av NM og junior-NM i teatersport, med NATF og Frilynt som vertskap, utgreiing av ei felles teaterinstruktørutdanning, med Studieforbundet som primus motor, samt evaluering/etablering av driftstøtteordninga for dei nasjonale amatørteaterorganisasjonane, med Norsk musikkråd i førarsetet.

NU si rolle i dette samarbeidet er at vi er tilskotsmottakar, og koordinator for arbeidet organisasjonane i mellom. Dette arbeidet blir vi kompensert for, slik at vi ikkje i praksis får mindre ressursar til det arbeidet vi faktisk skal gjere overfor medlemmer og lokallag.Midlane som vart fordelt mellom dei to søkjarkonstellasjonane er lyst ut med eit treårsperspektiv, og det betyr at vi kan pårekne tilsvarande løyving også i 2016 og 2017. Dette betyr at NU, saman

TEATER

6,8 MILLIONAR KRONER TIL FELLES AMATØRTEATERTILTAK

I første nummeret av Ungdom i år kunne du lese at Noregs Ungdomslag etter fleire tiårs medlemsskap valte å melde seg ut av Norsk teaterråd. Dette var eit

val som også fire andre medlemsorganisasjonar i teaterrådet gjorde. Situasjonen på vårparten var dermed at både Norsk Amatørteaterforbund, Frilynt, Noregs

Ungdomslag, Vestlandske Teatersenter (VT) og Hålogaland Amatørteaterselskap (HATS) stod utanfor organisasjonen. Desse fem organisasjonane har vore dei største

medlemsorganisasjonane i Norsk teaterråd.TEKST: ELI ULVESTAD

18 UNGDOM 03/2015

Page 19: Ungdom nr 03 2015

med dei andre store teaterorganisasjonane får eit ansvar for å gjennomføre viktige tiltak for feltet dei næraste åra, og dette betyr også at vi får arbeide meir med teaterfaget enn vi har gjort siste tida.

NORSK TEATERRÅD LAGT NEDPå årsmøte i Norsk teaterråd 21. august blei det gjort vedtak om å legge ned organisasjonen i si noverande form. Sidan teaterrådet ikkje lengre får driftstilskot, er det vanskeleg å oppretthalde drifta. Årsmøtet har samtidig bede feltet om å legge til rette for ei re- organisering på amatørteaterfeltet, så det er ikkje usannsynleg at amatørteaterorganisasjonane vil organisere seg i eit nytt fellesskap.

NU DRIFTAR DRAMASMange av lokallaga våre har vore i kontakt med teaterrådet fordi det er denne organisasjonen som har drifta Dramas, som er ei teneste for rettleiing og lån av manus, samt søknader om speleløyve. NU var tidlegare ein eigen filial av Dramas, og stod for manusutlån sjølv, medan teaterrådet avklarte rettar til å setje opp dei ulike stykka. NU har sidan før ein gjorde vedtak om å melde seg ut, vore oppteken av at Dramas må sikrast dersom teaterrådet må avvikle. Når dette no vart tilfelle, har NU teke på seg å drifte Dramas ut året, medan avviklingsstyret for teaterrådet finn ei varig løysing på drift av tenesta frå 1. januar. Dette betyr i praksis at NU husar Dramas, og sørger for at hjula blir halden i gang. Kontaktinformasjon til Dramas er som tidlegare.

Sjå www.dramas.no for meir informasjon.

TEATER

KVA SKJER VIDARE?

Det er utvilsamt eit krevjande år i amatørteaterrørsla som ligg bak oss. NU håper no at vi kan løfte blikket og sjå framover, og at dei ulike amatørteaterorganisasjonane kan samlast på ny i eit anna fellesskap (les meir om dette i eigen artikkel).

Vi er svært glad for tilliten vi og dei andre i søkjarkonstella-sjonen vår har fått frå Kulturdepartementet, og opplever at vi er i eit konstruktivt og givande interessefellesskap med dei andre organisasjonane. Vi ser med glede fram til at vi skal løfte fram viktige amatørteatertiltak for heile feltet.

Ikkje minst vil vi saman med dei andre tidlegare Dramas- filialane gå i nær dialog med avviklingsstyret for Norsk teaterråd om ei berekraftig varig organisering av Dramas frå årsskiftet.

Frå venstre: Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag, generalsekretær i Norsk Musikkråd Magnar Bergo, generalsekretæri Norsk Amatørteaterforbund Helen Hansen, kulturminister Thorhild Widvey, generalsekretær i Noregs Ungdomslag Eli Ulvestad, generalsekretær i Frilynt Norge Frode Aleksander Rismyhr og dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Evjen Gangsø.

03/2015 UNGDOM 19

Page 20: Ungdom nr 03 2015

STRILARINGENpå sumarfest i Polen

FOLKEDANS

Dei siste dagane i juni (2015) tok Strilaringen del på ŚwiŚto ŚlŚska – den årlege sumar- festen til den polske profesjonelle danse- gruppa Ślàsk. Programmet vårt starta med ein ”kamp” mellom swing og springar! Ikkje heilt etter ”folkedans-normene” – men mange av dei fleire hundre som var til stades, sette tydelegvis pris på det nye ”elementet” som vart nytta i ei folkedansframsyning!

Sumarfesten gjekk over tre dagar med mange flotte og imponerande innslag på den store utescenen som var rigga midt i ein stor park.

Tekst: Strilaringen

FAKTA:

Strilaringen er ei aktiv dansegruppe lokalisert i Nordhordland like nord for Bergen. Dei dansar gamaldans, tur-dans, bygdedans, songdans og fleire andre dansestilar. Sidan oppstarten har Strilaringen delteke i mange festivalar i ulike land i Europa. Sju gonger har Strilaringen arrangert internasjonal folkedansfestival i Nordhordland og hatt gjestar frå Austerrike, Sverige, Holland, Italia, Latvia, Tyskland, Ungarn, Skottland, Kroatia, Jugoslavia, Litauen, Ukraina, Irland og Polen.

Les meir om turen og andre aktivitetar på heimesida til Strilaringen: www.strilaringen.no

20 UNGDOM 03/2015

Page 21: Ungdom nr 03 2015

Det var Bodø folkedanslag som la si årlege utflukt til Senja. Med seg hadde dei venner frå Fauske og Saltdal. Fredagskvelden var det samling på Finnsnes gaard. Lokale folke- musikarar spela opp til dans og fekk snart følge av likesinna frå Salten.

Bacalaoen frå Silsand forsvann fort frå gry-tene. Så krydde folk ut av lavvoen for å danse stordans på kaia. Møljepresten, Tormod Kark og Kråkevisa vart dansa, medan stadig fleire slutta seg til dansarane, som snodde seg rundt i den flotte kveldssola. Før kvelden var omme, var det igjen dans på plattingen, der det var utveksling av ulike dansar mellom gruppene.

Laurdagskvelden var det leikfest i Vågan. Over 100 feststemte menneske vart møtt av ei stor allspelgruppe, med musikantar

frå Bodø i sør til Lyngen i nord. Då hadde ei gruppe frå BUL Tromsø òg slutta seg til fest-lyden. Så veksla dei ulike gruppene på å spele. Og mellom mat og kaffi var det songdans og turdans. Etter stemmeprakta å dømme var det mange som likte songdansen.

– Det var mest som ein god gammal leikfest, sa Ivar Mikalsen, ein av leiarane i Bodø folkedanslag, som feirar 40 år til neste år og imponerte med alle sine spreke dansarar. Det var ikkje mykje kvile dei unnte seg. Og då mid-nattsola gjekk sin gang mot ein ny dag, var det tid for å seie farvel til gode venner.

Om lag 60 folkedansarar frå Salten var siste helga i mai på besøk hos Gisund leikarring. Medan kveldane vart nytta til spel og dans, var det laurdag rundtur på Nord-Senja, der det vekslar frå roleg landskap på innsida til vill natur på yttersida.TEKST: ODDVAR V. ERIKSEN FOTO: GUNDER GABRIELSEN

FOLKEDANS

På danseføter i sommarnatta

Page 22: Ungdom nr 03 2015

Kva ligg bak ei oppsetjing på ei amatørscene? Er det berre å bestemme seg for eit stykke, bestille manus og du er i gang? Kanskje ein og annan gong kan ein starte rett på øving fordi manuset du har, passar både med kor mange skodespelarar du har, språket, teknisk kapasitet og scenerommet. Mange gongar, dei fleste gongar etter juniorgruppa i UL Fram si erfaring, må det gjerast mykje før det er klart til første øving med dei ivrige og entusiastiske ungdommane.

I UL Fram er me så heldige at me har tre kreative, engasjerte, stae og gjennomføringsflinke mødrer som tek denne store jobben. Dei har alle tre vore med i barnegruppa då dei var barn, dei har spela amatørteater sjølv som vaksne, og ikkje minst har dei eit stort ynske om at dagens unge skal få utfolde seg på scena og få vere ein del av det gode fellesskapet som teateret gir. Difor tek dei på seg dette enorme arbeidet gong på gong på gong. Dei tre mødrene i UL Fram heiter Reidunn Rogne Flem, Linda Nogva Vedeld og Marion Høistad Bergheim. I andre amatørteaterlag har dei andre namn.

DET ER IKKJE BERRE Å STARTE Å ØVE …Det er mykje tankeverksemd og arbeid som er unnagjort før sce-nelyset blir slått på og den første framsyninga av Oliver Twist med juniorgruppa til UL Fram er i gang. Før det har dei tre mødrene, for her er det amatørar i heile linja, som utgjer leiargruppa i barne -og juniorgruppa, vore på inspirasjonstur til både Oslo og London, dei

har studert og vurdert mange teateroppsetjingar og musikalar, og dei har etter lange diskusjonar bestemt seg.

Når dei har funne ut at denne går me for, i år Oliver Twist i musikalform, er neste steg å starte skriving og tilpassing til dei spesielle forholda som råder på eit ungdomshus frå 1959 der scena er 7,5 meter brei, 5 meter djup og berre 3 meter høg. Vanlegvis er det grei nok plass, men når du skal ha inn 40 ungdommar i tillegg til kulisser og rekvisittar, er det trongt. Så det som er tillaga for dei store teaterscenene, må tilpassast. Dei tre «sjefane» har i løpet av vinteren tenkt ut det meste, korleis dei vil løyse det slik at alle ungdommane som vil vere med, får vere med! Dei har sett føre seg korleis kulissene må vere for å få til ei tidsrett og funksjonell scene, korleis dei same kulissene må vere mange scenebilete slik at me kan vere på ulike stadar i London, i dette tilfellet, og dei har allereie skissene klare. Dei veit korleis dei vil ha kostyma, sceneskifta, lyssettinga og alt anna som må til for å få dette til å bli bra.

FORELDRE OG BESTEFORELDRE, ONKLAR OG TANTER, OG KANSKJE EI STORESØSTER …Alle som er med i den store dugnadsgjengen for å få denne og andre teater- og musikal-oppsetjingar opp å stå, er foreldre og bestefor-eldre, tanter og onklar til amatørane på scena. Dette er kvardagen i Amatørteater-Noreg. Men fråværet av profesjonelle er ikkje ei

FRÅ IDÉ TIL SUKSESS

TEATER

2.

3.

TEKST: SIGRUN ROGNE (LEIAR I UL FRAM)

22 UNGDOM 03/2015

Page 23: Ungdom nr 03 2015

hindring, det dreg ikkje ned kvaliteten på det ferdige resultatet, ikkje når mange har vore i dette aktive teatermiljøet lenge og har blitt dyktigare og dyktigare år for år.

Som sagt så får både kostymehjelparane og kulissebyggarane gode instruksar frå dei tre damene med planen og ideane, og sakte, men sikkert kjem scena på plass, steg for steg og kulisse for kulisse. Når målet er klart, er det sjølvsagt lettare for alle andre å kunne trø til og hjelpe. Kulissegjengen har òg opparbeidd seg god og viktig kom-petanse gjennom desse åra, så praktiske kombinasjonar og smarte løysingar kjem fram. Og sjølvsagt tenkjer dei på at alt skal kunne fraktast med til andre scener i området, for UL Fram har dei siste fem åra også vore på ein miniturne på fastlandet. Så ingen delar er større enn at dei går inn i lastebilen!

Same mønsteret er i bruk når det er snakk om kostyme. Dei som handterer symaskin og nål og tråd, blir presentert for nokre idear og forslag til korleis kostyma skal vere, det imponerande resultatet kjem av godt samarbeid og lure løysingar. I Oliver Twist har mange gamle gardiner og sengkle fått nytt liv, i tillegg har det vore mykje omsaum og tråling av Fretex og andre bruktbutikkar. Rekvisittane kjem til mykje etter same lesten; me skulle gjerne hatt ein sinkbalje, har nokon ei lampe som ser om lag slik ut? Slik dukkar det opp ting frå loft og kjellar, stabbur og låve. Her er m.a. Facebook ein effektiv arena for å aktivere alle foreldre, ungdommar og andre interesserte. Og igjen veit dei tre «sjefane» kva dei vil ha, dei vil ha det ferdige scenebiletet så tidsrett og effektfullt som mogeleg. Det å sjå korleis dei proffe teatera og musikalscenene rundt om løyser dei sceniske utfordringane, gir inspirasjon til heimlege løysingar. UL Fram får

1. Reidunn Rogne Flem, Marion Høi-stad og Linda Nogva Vedeld i London på studietur. Det å vinne Sunnmøre Frilynde sin aktivitetspris for 2013 gav pengar i reisekassa.

2. London anno 2014. F.v. Reidunn, Linda og Marion.

3. Dei har ei hand med i det meste. Reidunn Rogne Flem og Linda Nogva Vedeld svingar penselen så kista får rett farge.

4.: Godt samarbeid mellom kulissegjen-gen og «sjefane», her repr. ved Knut Otterlei, Øystein Bergheim, Andreas Flem og Linda Nogva Vedeld.

5. Instruksjon. Ungdommane og Linda.

6. Instruksjon. Ungdommane og Reidunn. Bilete: Reidunn sin telefon.

7. Kulissebygging av erfarne kulisse- byggarar. F.v. Knut Otterlei, Linda Nogva Vedeld, Øystein Bergheim og Andreas Flem.

8. Bestemor Solveig Krogsæter er ei av dei som har jobba mykje med kos-tyma. Her saman med Charlotte V. Johannessen.

TEATER

7.

6.

4.

5.

8.

03/2015 UNGDOM 23

Page 24: Ungdom nr 03 2015

mykje positiv tilbakemelding på kulissene og dei scenetekniske løysingane, det er kjekt!

BRUK AV DIALEKTDei alle fleste norske manus er på bokmål, og er dei på nynorsk, så er det òg eit skriftsspråk som fort blir stivt og litt kunstig i munnen på sunnmørsungdommar. Det å kunne bruke dialekta vår på scena er viktig for teaterarbeidet i ungdomslaget. Når manuset likevel må jobbast med og tilpassast den unge gruppa og vår scene, blir det òg jobba med språket og dialekta. Også songane blir framførte på dialekt. Det er ikkje få seine nattetimar dei tre mødrene har brukt på å forme og smi på orda slik at dei passar talemålet vårt. E-postane går fram og tilbake mellom dei tre der dei i fellesskap får manuset til å bli akkurat slik dei vil ha det. Det er tydeleg at dette arbeidet er bevisstgjerande for ungdommen som står på scena!

DRIVKRAFTA I AMATØRTEATERARBEIDKva er det som gjer at Reidunn, Linda og Marion år etter år maktar å legge ned så mange timar og så mykje energi i dette arbeidet? For innimellom er dei leie, møkleie! Men dei ser korleis ungdommen veks på utfordringane dei får, dei ser at regien dei får på dansen og songen, får ungdommen til å prestere betre og betre, våge meir

og meir og takle større og større utfordringar på scena! Og det gir meistring på alle nivå – nokre på høgt solistnivå, andre som ein av t.d. lommetjuvgjengen. Men for akkurat den ungdommen er stega lange og viktige!

Det er stort for foreldre, besteforeldre, tanter, onklar og naboar å kunne setje seg inn i teatersalen på Framtun eller på Ingebrigt Davik-huset og bli med til det dystre og harde London-miljøet for lenge, lenge sidan, møte Oliver Twist i skikkelsen til ein 12-åring, sjå korleis sorger og gleder blir levandegjort gjennom replikkar, skode-spelarkunst, song og dans. Det varmar og rører alle som ser på, også dei tre mødrene som under framsyninga sit og køyrer lyd, lys og suffli!

Svaret gir seg sjølv når dei ser resultatet av prosessen som alt i alt har tatt nesten eitt år, når publikum står og klappar med tårer på kinn og klump i halsen, og ungdommane er sveitte og slitne, men stolte og lukkelege. Ikkje alle tunge stunder er gløymt med ein gong, men litt ut på kvelden, når ungane og ungdommane dansar i teatersalen til langt uti jonsoknatta, er dei tre drivkreftene jammen i gang med å snakke om kva dei har lyst til å setje opp neste år…

TEATER

10. Frå framføring av musikalen Oliver Twist med juniorgruppa i UL Fram på Framtun 19.06.2015. Petar Milic og Eskil Flem.

12. Frå framføring av musikalen Oliver Twist med juniorgruppa i UL Fram på Framtun 19.06.2015. Knut Aksnes som Oliver, Petar Milic og Ane Flem.

9.

11.

12.10.

9. Frøydis Otterlei, bestemor og ein krumtapp i kostymearbeidet i UL Fram.

11. Frå framføring av musikalen Oliver Twist med juniorgruppa i UL Fram på Framtun 19.06.2015..

Hugs åmelde innkurs!

24 UNGDOM 03/2015

Page 25: Ungdom nr 03 2015

STUDIEFORBUNDET

EIN MILLION PÅ RETT KURSVaksenopplæringsforbundet har sett seg eit høgt mål: Dei ynskjer ein million deltakarar på kurs i studieforbunda innan 2017. Då kampan-jen vart starta i 2012, var talet på deltakarar 500 000. Vegen til ein million kan verke lang, men om vi alle gjer vår del, vil vi sakte, men sikkert klare å doble talet kursdeltakarar, trur vi i Studieforbundet.

Kampanjen skal vere med å motivere og foku-sere på rekruttering til kurs. I mange lag er det dei same som går på kurs kvart halvår, og med kampanjen ”Ein million på rett kurs” håpar vi i Studieforbundet at kultur og tradisjon kan vere med å få nye deltakarar på kurs og nå ut til nye grupper.

Noregs Ungdomslag har dei siste fem åra hatt ein nedgang i talet på deltakarar, derfor håpar vi at kampanjen vil vere med å motivere til eit krafttak. I 2010 hadde Noregs Ungdomslag 607 kurs med 5975 deltakarar, i 2014 var det 555 kurs med 5162 deltakarar. No nærmar det seg start for mange nye kurs i haust, og vi håpar ei bevisstgjering og aktivt arbeid vil gi fleire deltakarar og fleire og betre kurs.

For å motivere til dette arbeidet delte Stu-dieforbundet ut tre prisar på årsmøtet i mai. To lag med fem fleire deltakarar i 2014 enn i 2013 vart trekte ut som prisvinnarar. DIS

Sør-Fosen og Alta Seniordans vann dei to prisane. Det vart òg delt ut ein pris til den av medlemsorganisasjonane som har arbeidd strategisk og målbevisst med å sikre fleire deltakarar, denne prisen gjekk til teateror-ganisasjonen Frilynt Norge.

NY BROSJYRE TIL KURSDELTAKARENMange som går på kurs hos Noregs Ung-domslag, spør seg kanskje ”Kva er Studie-forbundet?” – om dei i det heile får med seg at det finst noko slikt. Vi i Studieforbundet kultur og tradisjon, som Noregs Ungdomslag er medlem av, jobbar for fleire og betre kurs i alle våre medlemsorganisasjonar. Derfor har vi no laga ei lita brosjyre som skal delast ut til kursdeltakarane på dei lokale kursa.- Vi håpar denne brosjyren skal vere med å gjere det tydelegare for deltakarane kva Studieforbundet er, og korleis vi arbeider for at kurset skal få økonomisk støtte, og at denne type opplæring skal vere tilgjengeleg i alle kommunane i landet, forklarer kommu-nikasjonsrådgjevar i Studieforbundet, Sina Bråten Lunde.

Brosjyren er liten og lett for deltakaren å ta med seg. Han er meint å skulle gi stutt informasjon om kva Studieforbundet arbeider med, kvifor studieforbunda finst, og kva som er samanhengen mellom kurset deltakaren deltek på, og Studieforbundet.

Brosjyrane skal sendast ut til utvalde lag i løpet av hausten. Er du kursarrangør og ynskjer å få brosjyrar, så ta kontakt med Studieforbundet på e-post: [email protected].

NY STORDOMSTID FOR VEVENVev er i vinden. NRK skreiv før sommaren at veving har vorte trendy att. Dette merkar vi òg på vevopplærings- kursa vi held. Fleire tek kontakt og ynskjer å gå kursrekka.

- Det er moro å sjå at interessa rundt vev er stor. Vi har hatt dagar fleire kontaktar oss for å få informasjon og melde si interesse for ei ny kursrekke, forklarar studiekonsulent Linda Aaboen.

No vil det bli sett opp ei ny kursrekke i vev våren 2016 fordi interessa har vore så stor. I tillegg er det over heile landet tilbod om kurs i lokale lag. - Vev har hatt fleire stordomstider, og det er mange entusiastar på feltet. Det er moro å sjå at det no kjem nye unge som ynskjer å lære seg faget og utvikle seg, legg Aaboen til.

Vevopplæringa er modulbasert og består av sju modular over tre år. Våren 2016 startar eit nytt løp som passar for alle som er interes-sert i ei fagleg utfordring, eller som ynskjer å jobbe med vev som næring. Vevopplæringa bygger på læreplan for design og handverk i den vidaregåande skulen og vil kunne inngå som ein del av løpet til sveinebrev.

Ynskjer du meir informasjon omvevopplæringa, finn du det på

www.kulturogtradisjon.no.

InformasjonHugs åmelde innkurs!

frå Studieforbundet kultur og tradisjon

03/2015 UNGDOM 25

Page 26: Ungdom nr 03 2015

Når du sikrar verdiar,skapar du verdiar.

Det kan me forsikra.

Knif Trygghet er eit reindyrka forsikringsselskap som er skipa for å verna og tryggja verdiar for detrike organisasjons- og kulturlivet i Noreg.

Difor har me utvikla særskilt gode og tilpassaløysingar for Noregs Ungdomslags verksemd, til dømes forsikring av klubbhus og kulturbygg.

SIKRAR VERDIAR. SKAPAR VERDIAR.

Meir informasjon og gode tilbodfår du på kniftrygghet.no,eller ring 23 68 39 00

Årskonferansen for folkemusikk og folkedans 2015

Program for konferansen: -seminarer -konserter -Rff-prisen til Gunnar Stubseid -fagpublikasjonsprisen -presentasjonsdisk

28.-30. oktober i Trondheim

Oppdatert program kommer på http://www.folkemusikkogfolkedans.no/

Vågåvegen 35, 2680 Vågå61 21 77 50 /[email protected]

• Gjenstander og kontekst: Oppstart 4. nov. Påmelding: 30. sep.• Vevopplæringa: Oppstart våren 2016.• Bunadsopplæringa: Nye moduler starter i høst. • Norsk folkelig dans: Oppstart 24. sep.

Les mer på vår nettside eller ta kontakt om du ønsker mer informasjon.

Studieforbundet kommer gjerne til deres fylkeslagssamling, årsmøte eller andre samlinger og forteller om kursstøtte og vårt arbeid. Ta kontakt om dere ønsker besøk.

Faglig påfyll i høst? Sjekk ut våre kurs!

DEN ORIGINALE BORGERBUNADENSYDD AV LOKALE SPESIALISTER

www.norskflid.no Olav Tryggvasons gate 18 tlf.: 73 83 32 30

Du skynder deg ikke med noe som skal vare i generasjoner. Hver bunad fra oss er sydd og montert for hånd av lokale spesialister. Skapt for å vare i generasjoner.

26 UNGDOM 03/2015

Page 27: Ungdom nr 03 2015

HER

ER

NO

E A

V D

ET V

I HA

R Å

BY

PÅ I

ST!

OG

HER

FIN

NER

DU

RES

TEN

: ww

w.ri

kssc

enen

.no

TOR

17

. SEP

: B

OR

EAS

& M

AA

R D

OB

BEL

T PL

ATE

SLIP

P

TOR

24

. SEP

: FO

LKEL

AR

M 2

01

5 2

4. -

26

. SEP

TEM

BER

FRE

02

. OK

T:

BA

LKA

N B

EAT

PA

RTY

& R

ÄFV

EN (

S)O

NS

21

. OK

T:

HA

LLG

RIM

HA

NSE

RD

: LEA

HK

IT C

OD

A 2

01

5

TOR

29

. OK

T:

RLD

ENS

BA

ND

OSL

O W

OR

LD M

USI

C FE

STIV

AL

SØN

01

. NO

V:

VR

AN

GFR

E 0

6. N

OV

: SP

RIN

G D

U F

ELA

& B

JØR

N S

IGU

RD

GLO

RV

IGEN

D

OB

BEL

T PL

ATE

SLIP

P

FRE

13

. NO

V:

KV

AM

/ H

AM

MER

Ø K

KET

ING

TOR

19

. NO

V:

TOR

E B

RU

VO

LL B

AN

DLØ

R 2

1. N

OV

: O

SLO

KA

PP

LEIK

EN 2

01

5FR

E 0

4. D

ES:

WA

RD

RU

NA

TOR

10

., LØ

R 1

2. O

G S

ØN

13

. DES

:

P

ØB

EL I

PEL

S R

IKSS

CEN

ENS

NYE

JULE

FOR

ESTI

LLIN

G

SCH

OU

S K

ULT

UR

BR

YGG

ERI,

OSL

O

velkommen til follo folkehogskole

HIPHOP

VI TAR KREATIVITET PÅ ALVOR

DANS

MUSIKAL

FILM

BANDVOKAL

PERSONLIG TRENER

FOLLO.FHS.NO

UTDANNING SOM FOLKEMUSIKAR?På Ole Bull Akademiet kan du ta bachelorgrad i utøvande tradisjonsmusikk! Studiet er lagt opp med vekessamlingar på Voss ca. ein gong i månaden, og stor vekt på opplæring i spel eller song hjå tradisjonsberar. Vi har òg tilbod om valfag i hardingfelebygging. Søknadsinformasjon finn du på www.olebull.no. Frist 15. desember.

Studiet er eit samarbeid med Griegakademiet – Institutt for musikk, Universitetet i BergenSpørsmål om studiet: Kontakt Håkon Asheim, [email protected]

ANNONSERE I UNGDOM?

TakontaktmedTone Merete Møllerud,

tlf: 489 53 391 [email protected]

03/2015 UNGDOM 27

Page 28: Ungdom nr 03 2015

Returadresse: Ungdom, Øvre Slottsgate 2B, 0157 Oslo

Helga vil verte prega av dei mangfaldige akti-vitetane som går føre seg i ungdomslaget til vanleg, og alle er velkomne til å feire saman med oss!

JUBILEUM I FLENGI tillegg til tiårsjubileet for samanslåinga er det 50 år sidan BUL Bergen kjøpte Fensal og 100 år sidan BUL Ervingen tok over Gimle. I høve jubilea vert det invitert til konsert og lansering av jubileumshefte på fredags- kvelden. Torgrim Ljones vil så ta oss med gjen-nom historia til bygardane Fensal og Gimle.

KURSGjennom helga vert det fleire kurs i både spel, song, teater og dans som ein kan delta på. Blant anna kjem sjantimann Haakon Vatle og held kurs i sjantisong og historia kring desse arbeidssongane. Den allsidige danse- og spele- mannen Vegar Vårdal vil halde dansekurs, og Judith Vestreim kjem til å ha kvedarkurs for både vaksne og born. Det vert både harding-fele- og flatfelekurs med John Ole Morken, der ukjente slåttar frå Hardanger og pols frå Røros-traktene kjem fram i lyset. Kor e’ tonen inviterer til korkurs for alle som vil prøve å syngje i kor, med instruktør Inger-Lisa Møen. For dei som er intresserte i teater, så vil det verte teaterimpro med sjølvaste Veslemøy Mørkrid frå Det Andre Teatret.

FEST OG DANSDet vert ingen jubileumsfest utan ein skikke-leg festmiddag på laurdagskvelden, etterfylgt av ein god gamaldags leikfest i Storsalen i Gimle. Det vert turdans, songdans og fridans heile kvelden. For dei som vil ta ein pust i bakken frå all dansen, vert det songkafé og buskspel i 2. høgda, der Ungdomsringen vil sørgje for kaker og kaffi.

FOR BORNASundagen vert det kurs for born, der ein kan lære kveding med Judith Vestreim så vel som gamle bergenske «inn-til-veggen»-leikar. Etterpå vert det familiefolkedans i Gimle, der Bergen juniorspelemannslag spelar opp til dans. Det vert sjølvsagt høve til å få seg pølser og kaker, som seg hør og bør når det er bursdag.

Sjå nettsidene til Ljom i Bergen for oppdatert program, omtale av instruktørar og informasjon om billettar og overnatting: www.ljombergen.no

LJOM I BERGEN 16. - 18. OKTOBERDet har gått 10 år sidan BUL Bergen og BUL Ervingen slo seg saman. I høve tiårsjubileet inviterer Bergen ungdomslag Ervingen til ei storslått feiring 16.–18. oktober i Bergen. l